søndag 27. oktober 2019

Eli - filmomtale

Atter ein gang har det vore ny skrekkfilmpremiere på Netflix.
18.10.2019 vart skrekkfilmen Eli slept laus på verda, og var det noko å juble/gråte for?

Eli film poster.jpeg

Handling:
Den hyperallergiske guten Eli (Charlie Shotwell, som eg aldri har høyrt om før) vert tatt med til ein klinikk for å bli frisk.
Foreldra Rose og Paul er sjølvsagt med til klinikken, som faktisk berre har ein pasient, og kun tre ansatte; Ein "lege" og to "pleiarar".

Sjølve sjukehuset er beliggande i ein gamal gotiskinspirert bygning. Kven veit om det ikkje kan være noko skummelt i dette digre bygget?

Eli vert kjent med nabojenta Haley, som etterkvart påstår at det er noko rart i huset. Kanskje noko skummelt og farlig...

Vel, til tross for stadig verre og skumlare visjonar for Eli sitt vedkommande, så går "behandlinga" i regi av lege Horn sin gang.
Eller behandling og behandling. Meir ein slags form for mishandling av barn vil eg påstå, men det er nok slik at med ondt skal det onde fordrivast! Bokstavleg talt.


Ein artig liten tvist på slutten gjer at denne filmen ikkje er heilt ueffen som skrekkfilm. Den første timen går ikkje unna i lynfart akkurat, men nokre småfikse jumpscares, og ein oppbyggande skummel stemning snik seg inn.
Sjølvsagt er det nokre gigantisk plothole som ein kan putte fotballbaner oppi, men hvis ein ikkje er så nøye på det, så funker dette rimeleg greit. Eksempelvis kan ein stusse over at det kun er ein einaste pasient på eit sjukehus som er større enn Storhallen i Sogndal. Vi kan også dra på smilebåndet over at Eli kan snakke med Haley, som står UTANFOR den liksom hermetisk lukka bygninga.

Bagatellar som dette lever vi eigentleg godt med, så sant vi legg att hjerna ei stund.

For Eli er ein brukbar skrekkfilm. Ei kort rolleliste, javel, men småskumle effektar og som sagt ein morsom tvist på slutten hevar dette over den vanlege dusinvara vi får fra Netflix.
Hvis eg skal finne noko denne minner om, så vil det være ein slags krysning av Eksorsisten og Omen, om enn Eli ikkje når opp til dei høgder på langt nær.

Så, om du liker litt om spøkelser, jumpscares og overnaturlege element, så vil nok denne falle i smak.

Høgdepunkt:
Legen og pleiarane får også sin form for "behandling".

Lavmål:
Altså....kva var hensikta med den rampegjengen utanfor motellet tidleg i filmen? Ingen oppfører seg så innihelsike tåpleg mot sjuke barn.


Ein grei og småskummel sak på halvannan time som fortjener ein

Bilderesultat for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar