tirsdag 10. september 2019

It, chapter II - filmomtale

Da var dei siste to års mest etterlengta oppfølgar på plass. Kinopremiere sist fredag, men eg måtte vente heilt til søndag før eg fekk "gleda".
ItChapterTwoTeaser.jpg
Den første delen om skrekklovnen Pennywise vart ein storsuksess, og ein oppfølgar MÅTTE berre komme. Nesten tre timar lang, og kritikkane har ikkje vore så gode som forrige gang, men likevel; dette var eit "hyggeleg" gjensyn.
Og berre så det er sagt: Mini-TV serien fra 1990 framstår heilt hjelpelaus etter at vi nå har sett Stephen Kings mursteinsroman så godt framstilt som her.

Handling:
Vi er kome til 2016, 27 år etter at venneflokken "The losers" sendte verdas verste klovn ned i kloakken. Mystiske ting er i ferd med å skje i den vesle byen Derry igjen, først illustrert ved eit grotesk overfall og mishandling av eit homofilt par.
Dernest rømmer venneflokkens nemesis, Henry Bowers fra galehuset han har vore innlagt på i årevis.
Den einaste av venneflokken som vart att i Derry, Mike, ringer til alle sine venner som har lova å komme attende til byen ifall It skulle dukke opp.
Etter ein mildt sagt forstyrrande middag, så vil nokre av dei reise vekk att fort som f, men tilfella vil sjølvsagt at alle vert værande.
Dei får alle sine konfrontasjonar med It, og tilbakeblikk fra barndommen. Ikkje rart dei flytta derfra forresten.

Til slutt får Mike innvia dei andre i eit slags rituale, vi får bli bedre kjent med It sitt opphav, og korleis dei skal bekjempe dette monsteret som lever av byens frykt.


Er det spennande og nifst, slik som ein skrekkfilm skal være?
Såklart er det nokre fiffige BØ!-scener her og der. Det er ein vellaga og god film, antaglegvis berekna på eit langt større publikum enn den vanlege skrekkfantast. Den er skummel nok til at vi hoppar litt i stolane, men samtidig snill nok til å kunne bli ein storsuksess. "Folk flest" er nemleg ikkje så overvettes begeistra for rein horror.
Kva er så bra i It. Chapter II?
Bill Skarsgård som Pennywise er dritskummel. Rett nok henvender han seg i denne filmen meir til voksne enn til born, men attendeblikka er så mange og gode at vi forstår kvifor dei vaksne utgåvene av venneflokken reagerer som dei gjer.
James McAvoy, sist sett som faun i "Narnia" og godtruande lege i "The last king of Scotland", er også god som Bill, saman med sine venner Bev (Jessica Chastein), Richie (Bill Hader) og Eddie (James Ransome). Dei siste vennene vert litt meir anonyme og gir ikkje så mykje inntrykk. Det gjer heller ikkje Henry, Beverly sin far og dei andre mislukka vaksne fra forrige film.

Uansett; Dette er ein god skrekkfilm som mange fleire enn horrorfansen vil sette pris på. Den er kanskje ikkje så god som den første, men vil du slå i hjel tre timar på kino, så er dette eit godt alternativ. Og berre så det er sagt; Filmen kjennes ikkje på langt nær så lang ut.

Høgdepunkt:
At venneflokken vert kvitt Henry.

Lavmål:
Vi skulla hatt meir av Bevery sin voldlige ektemann, Tom, som har ei mykje meir sentral rolle i boka.

Eg syntes It, chapter II var veldig god, og gir ein
Bilderesultat for terningkast 5