søndag 25. august 2019

21. august 2019.

Heilt sidan i vår har eg grua meg til denne dagen.

21. august.

Det er datoen da Kristoffer ikkje ville leve lenger. Saman med bursdagen hans, og andre merkedagar som t.d. julafta og nyttårsafta, så er dette ein veldig vond dag å slite seg igjennom.
Dagen vart først nytta til ein tenketur på sykkel, det gjer alltid godt å slite litt på to hjul. Blir liksom noko lettare til sinns ein periode. Deretter var eg, som vanleg, oppe på grava hans ein tur. Vi la på roser, og prøver ellers å halde det fint og ordentleg der oppe. Det betyr mykje å holde minnestaden hans skikkeleg.

I vår og sommar har det antaglegvis vore verre enn nokon gang. Mørket har senka seg over tankane mine.
Helsa er lysår fra å være slik den burde være, og det er openbart at seinskadene har slått inn.



Det kan hende at einkvan vert småsur av det eg har skreve denne gang, men det betyr ikkje så mykje for meg. At nokon vert sur på meg, er eit mikroskopisk problem samanlikna med det å ha mista eit barn.


I løpet av desse fire åra har eg prøvd å sette meg inn i ulike tema, så som sjølvmordsproblematikken blant unge, samt narkopolitikken som vi fører her i landet.
For meg heng dette sterkt saman, da det var narkotikapolitikken som gjorde at han ikkje ville leve lenger.
Desse fire åra har gitt meg mange nye, og svært gode bekjentskap. Eg skal komme attende til dei litt lenger nede i denne posten.

Først vil eg ta for meg to forskjellige lag/organisasjonar som har skuffa meg djupt, og endatil såra meg veldig.
Den første er Norsk Narkotikapolitiforening, og den andre er eit lokalt politisk parti, som eg skal la forbli unemnt. Det skal forbli unemnt kun fordi denne posten ikkje skal oppfattast som eit slags politisk innspel, no som eg tross alt har sagt meg villig til å stå på ei politisk liste, antaglegvis for første og siste gang. Mi plassering på lista er delvis eit resultat av det andre partiet sin væremåte.

Først litt om Norsk Narkotikapolitiforening. Dette er ein såkalla frivillig og ideell foreining beståande av ansatte i politiet, tollvesen, påtale, fengselsvesen og andre samarbeidspartnarar. Denne frivillige og ideelle organisasjonen har adresse på Politihuset i Oslo, og medlemmane stiller gjerne i uniform både på fritid og i media, eg har faktisk gjort det sjølv.
Dei oppgir å ha ca 3500 medlemmer, men ikkje kor mange av dei som er fra politiet. Eg vil tru at det er langt dei fleste, i.o.m. namnet.
Norsk politi hadde forøvrig i 2017 ca. 8700 politiansatte. Sivilt ansatte kjem i tillegg.
Foreininga uttaler seg gjerne på vegne av heile etaten, noko som jo vert heilt feil, da under halvparten av dei politiansatte her i landet faktisk er medlemmer. Ikkje berre det, det er nå skipa eit motstykke til NNPF, ein rett nok liten foreining enn så lenge, nemleg LEAP Scandinavia, men noko slikt hadde vore utenkeleg da eg jobba i etaten.

Kvifor har så NNPF skuffa meg?
Først ein smule historikk:
Eg var medlem av foreininga fra starttidspunkt og heilt fram til eg slutta i etaten i 2003. Eg trudde fullt og fast på at forbod, straff og "plaging" var medisin for å få bort narkotikaondet. Dette har eg skreve mykje om tidlegare.
Sidan slutten av 1990-talet har eg imidlertid vorte meir skeptisk til at vårt forbodsregime og straffetankegang vil hjelpe. Burde vi ikkje sjå resultat av forbodet snart?

Da så Kristoffer tok livet sitt for fire år sidan, som ein direkte følge av forbodslinja, så forstod eg enda bedre kor destruktiv og farleg narkokrigen eigentleg er. Ingen skulle behøve å miste eit kjært familiemedlem, berre fordi han valgte å ta seg ein hasjblås framfor å bruke det langt farlegare, høgst lovlege og sosialt aksepterte rusmiddelet som vi kan kjøpe på einkvar daglegvarebutikk.
Eg har derfor mang ein gang diskutert narkopolitikk både på Twitter og Facebook. Eller rettare; Eg FIKK diskutere på FB, for brått ein dag var eg blokkert av NNPF. Utan å ha brote ein einaste av retningslinjene som dei hadde for debatt. Eg er ikkje den einaste. Det er haugevis av andre reformistar som har opplevd det samme. Det synes eg er svært skuffande, dvs. at dei ikkje ønskjer kritiske røyster, gjerne fra andre politifolk, inne på sine eigne FB-sider.
Det mest skuffande var da den forrige generalsekretæren deira kom med direkte feilaktige påstandar om  fleire reformorganisasjonar. Direkte løgn vil eg kalle det. Ein skulle ikkje tru at slikt kunne komme fra norske politifolk, men det gjorde det altså. I kampen mot narkotika kan ein generalsekretær i landets leiande forbodsorganisasjon gjere det.
Det som for meg var mest sårande var da han i det samme innlegget meinte at politiet burde kunne straffeforfølge ungdom som brukte narkotika, som "et korrigerende middel".
Vel, dette "korrigerende middelet" var altså årsaka til at Kristoffer ikkje ville leve lenger. Eg gikk inn i debattråden og spurte om eit sjølvmord var ein ok pris å betale for å oppretthalde forbodet, men denne tafatte organisasjonen hadde ikkje ryggrad til å svare, og nokre månader seinare var eg altså blokkert.
Det høyrer med til historia at NNPF ikkje har svart på ein einaste kommentar eller spørsmål eg har stilt til dei, korkje på twitter eller FB.

For å bruke eit forslitt uttrykk, "Der har du ein gjeng".

Men alt er ikkje svart. NNPF er meir kontroversielle enn ein skulle tru innad i etaten også. Fra mine gamle kontaktar i etaten så vert dei nemleg omtala som "mullaer", og vert sett på som bakstreverske og gammaldagse.
Det er altså håp.



Dei andre som har skuffa meg djupt er altså eit lokalt politisk parti. Eg presiserer igjen at dette ikkje er eit politisk innspel, men tvert om ein bloggpost fra ein etterlatt far, som saknar sin nesteldste son meir enn nokon kan forstå. Eg veit at det er valkamp, men nå er det eingang slik at Kristoffer døydde i slutten av august, og det er altså val tre veker etterpå. Tidspunktet er såleis tilfeldig, da denne skrivinga er ein del av terapien eg går igjennom. Eg er ikkje ute etter å sverte eit politisk parti, for det har dei faktisk klart heilt åleine i denne prosessen. Hadde eg ikkje stått på ei politisk liste sjølv, så hadde eg hatt null skruplar med å namngi dette partiet.

Eg har ingen problem med at folk, lag og organisasjonar meiner noko anna enn meg.
Det er heilt naturleg.
Men eg har store problem med at dette namnlause partiet kjem med direkte feilaktige opplysningar, og openbart ikkje har satt seg inn i det pågåande rusreformarbeidet i det heile teke.
Rusreforma er ein av dei største revolusjonane innan justis og helsesektoren på mange tiår, og da skulle ein forvente at eit politisk parti satte seg ein smule inn i realitetane.

Det har dei ikkje gjort.

På Facebook-sidene til dette partiet presterte dei endatil å betegne den vedtekne avkriminaliseringa for "sniklegalisering". OK, de er imot avkriminaliseringa, det skal eg leve med. Men eg kan ikkje akseptere at de blandar begrepa på denne inkompetente måten.
Avkriminalisering og legalisering er to heilt forskjellige ting, og det er ei rekkje forskjellige modellar innanfor kvart begrep. Når de kallar dette for "sniklegalisering", så fortel det meg berre at dei faktisk ikkje veit kva dette går ut på.
Partiet hadde også ei rekkje andre merkverdige formuleringar som, for å sei det forsiktig, ikkje hang på greip. Eg tok utsegna opp med ei rekkje fagpersonar og ekspertar på narkoarbeid her i landet, og eg siterer gjerne; "Du Knut, jeg vet ikke hvor jeg skal begynne, for absolutt alt her er feil".

Reine ord for pengane.

Så starta det ein viss diskusjon i dette innlegget. Kritikken var ganske nådelaus, og kom fra fagmiljø fra store deler av landet.
Så da skulle ein vel tru at lokalpartiet kunne hoste opp dokumentasjon for sine påstandar i form av ein eller annan forskningsrapport, eller i det minste delta i ordskiftet?
Men nei. Dei valde den enklaste og mest ynklege løysinga: Dei sletta tråden.

Igjen, dei sletta tråden.

Eit politisk parti, som nokre månader før hadde etterlyst meir engasjement i debattane på FB-sidene sine, tok altså å sletta den einaste tråden som faktisk HADDE diskusjon.
Årsak til slettinga vart oppgitt å være at dei ikkje ville at narkospørsmålet skulle ta fokus vekk fra "alle dei andre viktige sakene" som dei hadde levert inn til fylkespartiet. Til opplysning så hadde  Luster sitt lokalparti TRE andre saker, av totalt nesten 100 som fylkespartiet skulle handsame.
I tida etterpå kommenterte eg flittig på FB-sidene til lokalpartiet, men det var tydeleg at dette var noko som dei berre ville tie ihjel.
Det var for meg openbart at dei eigentleg ikkje hadde satt seg inn i saka, noko som berre krever eitt google-søk. T.d. kunne dei da fått opp dette.

For å sei det rett ut:
De kan nesten ingenting om norsk narkotikapolitikk utanom det som de har lært "gjennom egenerfaring og egen tilegnet kunnskap" som de så fint formulerte det.
Det betyr at eit lokalt politisk parti fattar sine beslutningar basert på personlege erfaringar, anekdotar og synsing, blanda med utdatert og tilbakevist forskning.
Endatil FN har uttalt at avkriminalisering bør finne stad. Ein rapport fra i sommar kan finnast her.
Men dette lokale partiet tuftar altså sin narkopolitikk på eigne erfaringar og anekdotar, framfor seriøs og årelang forskning.
Hvis anekdotar kan nyttast som bevis for noko som helst, så er min anekdote like mykje/lite verdt: Narkotikapolitikken som de i dette lokalpartiet ynskjer å fortsette med, dvs. fortsatt straff for alle brukarar, spesielt for unge, var årsaka til at min nesteldste son ikkje ville leve lenger.

Ei slik haldning er ikkje berre skuffande, den er svært sårande og ufin. Eg anser det som ei hån mot Kristoffer sitt minne.

Men heller ikkje her er alt håplaust. Fleire medlemmer i partiet har kome til meg og sagt at dei tek avstand fra sitt eige partis haldning i narkotikaspørsmålet.
Dette har vore ei rekkje personar, både nåværande og tidlegare lokalpolitikarar, og personar som står på vallista nå i haust. Desse personane set eg stor pris på.
Merk også at eg ikkje er ute etter å henge ut einskildpersonar her. Det er partiet som institusjon eg er ute etter og saka dei uttalar seg om. Personfokus overlet eg til andre.

Hadde partiet berre sagt at "Hmmm. Eg trur vi må vurdere vårt synspunkt. Ny forskning viser at vi har teke feil", så skulle eg ha meldt meg inn i vedkommande parti på minuttet, gitt dei ei innføring i kva narkopolitikk vi fører her i landet, og kvifor vi må endre den.

Kva skal straff være godt for?
Narkolovgivninga er basert på 1960-talets moral, ikkje  dagens kunnskap. Straff og forbod fører kun til stigmatisering, uthenging og utestenging av unge som kanskje ikkje har det så greit fra før heller. Og i vårt tilfelle var det altså ein svært vellukka ung mann, i full jobb, med mange venner, pengar, ny bil og eit bortimot plettfritt liv som måtte betale prisen for at det er så innihelsike viktig å straffe personar. Som ikkje har gjort noko anna feil enn å ta seg ein hasjblås.

Hasj er ikkje inngangen til "dophelvete." (860000 nordmenn har prøvd hasj.)
Ingen døyr av hasjbruk. (Hasj er ikkje spesielt sunt, men kan vi eigentleg forvente det når vi har overlatt all distribusjon til kyniske kriminelle, som selger dårleg drittdop til våre barn?)
Straff hjelper ikkje. (I såfall burde vi ha utrydda all illegal rusbruk for mange tiår sidan)

Hvis du trur på desse mytene i utheva skrift, så må du seriøst oppdatere deg. Nå.

Våre unge døyr av sjølvmord, det er eit langt større samfunnsproblem enn dopbruk nokon gang har vore eller kjem til å bli.

Det desse to organisasjonane har til felles er at dei blokkerer og sletter kritiske røyster.

Det er ein ynkeleg taktikk.

Det fortel at dei ikkje er interessert i andre sitt syn på saka, og iallfall ikkje å ha ein diskusjon rundt temaet. Det burde være lett, såsant ein har dokumentasjon for sitt syn. Men det har dei ikkje, ergo så slettar og blokkerer dei.
Nemnde eg den tidlegare lensmannen her i fylket som meinte at sidan eg ville endre narkolovgivninga her i landet, så MÅTTE eg være hasjbrukar sjølv? Beklager, når du seier slikt, så er du berre dum. Eg har aldri tatt eit drag hasj, dratt ei einaste kokainstripe, eller satt ei heroinsprøyte.
Dette er ein type sverting eg har sett rimeleg ofte, og den er ufin til dei grader.





Nå vil eg ta for meg dei som har vore til stor hjelp og støtte dei siste fire åra.

For det første: Eg bur på ein fantastisk plass. Eg ville ikkje ha bytta med nokon, når vi ser all den støtte og omtanke som vi har fått. Folk har vore heilt eineståande, og eg kan med handa på hjartet sei at eg er stolt og glad over å bu på ein slik stad.

Dernest har eg verdast beste kollegaer i Gjensidige. Ein sjef som einkvar kan misunne meg, og kollegaer som har vore til stor støtte og hjelp i denne vonde tida. Eg må også nemne mine gamle kollegaer i Tryg og Nordea Liv, som viste stor omtanke i tida etter 21.8.2015, enda eg hadde gått over til eit konkurrerande selskap over eitt år før. Det satte eg veldig høgt. Vennskap trumfar det meste.

Nabolaget og venner må nemnast, dei visste knapt kva bein dei skulle trå på for å kunne hjelpe oss dei nitriste augustdagane i 2015. Det er direkte rørande å tenke attende på nå.

Faktisk er det så mange eg burde takke og nemne, at eg klarer ikkje å hugse alle, men nokre må likevel framhevast.
Gjennom narkodebatten har eg blitt kjent med ei mengde nye, kunnskapsrike og flotte menneske. Eg kunne litt om narkotika fra før, eg har tross alt hatt det som jobb i mange år, og har også teke litt vidareutdanning innanfor temaet.
Likevel har eg lært ufatteleg mykje siste åra. Og det fine er: Jo meir eg lærer, jo meir kor forstår eg kor lite eg eigentleg kan. Rundt om i landet fins det umåtelege mengder med kunnskap, og nokre av dei har eg hatt stor glede av å møte IRL.
Blant anna fikk eg snakke med ein ekte Stortingsrepresentant, og det var vedkommande som tok kontakt med meg, ikkje motsatt. Det satte eg svært høgt.
Av andre lag/organisasjonar må sjølvsagt LEAP Scandinavia trekkast fram. Her finn vi representantar fra politi, Politihøgskulen, påtalemakta m.fl. Kunnskapsnivået har imponert meg til dei grader, det ligg lysår over det eg opplevd som ihuga forbodstilhengar og medlem i NNPF for 25 år sidan.
Foreningen Tryggere Ruspolitikk vil eg også ta med. Her kan vi få lære mykje om dei forskjellige rusmidla, og eg anbefaler alle som les denne bloggposten til å gå inn der, og faktisk.... ja....lære....
Foreningen for Human Narkotikapolitikk har også lært meg mykje om korleis det er å være utestengt og stempla som rusbrukar. Arbeidet som vert gjort derfra har vore av uvurderleg betydning for at vi i det heile teke har fått ein rusreform. Utan dei og FTR så hadde nok vi framleis søkt å straffe folk bort fra rusbruk i mange år enda.
Ein siste "rusrelatert" organisasjon som eg også har kome borti er Normal Norge, som  søkjer å opplyse om cannabis på ein sakleg og faktabasert måte. Også her har eg møtt svært kunnskapsrike personar, for det er nemleg ikkje slik at alle vi som arbeider for endring i rusarbeidet her i landet er nokre levningar fra Woodstock. Heller tvert om vil eg sei.

Forutan desse fins det maaaaange einskildpersonar som har bidrege og lært meg mykje.
You know who you are!


Heilt til slutt må eg trekke fram ein organisasjon som eg gjerne skule sluppe å vite om. Det er LEVE, Landsforeinga for etterlatne ved sjølvmord. 
Her i landet og i  Sogn og Fjordane er vi altfor mange som sit att, etter at ein av våre kjære ikkje ville leve lenger. Det har vore ei enorm lette, hjelp og støtte for meg å treffe andre som faktisk VEIT korleis det er å være etterlatt. Fram til eg traff desse fantastiske menneska i Sogndal, september 2015, så var det som om eg var heilt åleine i verda. Da var resten av familien framleis øydelagd av Kristoffers død, og det var utruleg godt å få møte folk som var akkurat som oss.
Ord kan ikkje skildre kor mykje LEVE har betydd for meg, og eg er dei evig takknemleg for all hjelp eg har fått derfra.
Hvis du skal støtte ein veldedig organisasjon i heile ditt liv, så må det bli desse.


Så; Takk til alle som har lært meg mykje, støtta og hjelpt oss i denne særs triste tida siste fire år.
Det har betydd ALT.