lørdag 6. juli 2019

The autopsy of Jane Doe - filmomtale

Ein grøssar som eg har venta lenge på å få sjå, faktisk eit par år. Omsider var den tilgjengleg på Netflix, og da var det sjanse til å ta ein kikk. Til tross for at eg har hatt DVD`en liggande sidan i fjor eingang...

The Autopsy of Jane Doe.jpeg

"The autopsy of Jane Doe" er Andre Øvredal sin første engelskspråklege film, etter  bl.a. Trolljegeren (ju-huuuu!!). "Trollhunter" er fin å ha på CV`en, men "Jane Doe" er noko heilt anna....
Her er det ikkje mykje humor akkurat.


Handling:
Ei ung dame vert funnen død, delvis nedgravd i ein kjellar. I det same huset har det vore ei rekkje brutale drap, men den unge i kjellaren er ukjent for den lokale sheriffen, så ho vert sendt til det lokale rettsmedisinske laboratoriet/likhuset for obduksjon.
Dette må gjerast i løpet av kvelden og natta av dei to i familiebedrifta, far Tommy og son Austin.
Årsaka til den hastige saken er nettopp at den unge er ukjent.

Vel, dei to går laus på oppdraget med "dødsforakt" (Morsom, ikkje sant?), og finn at her er det verkeleg mange lause og pussige trådar som må nøstast opp i.

Etterkvart som obduksjonen går sin gang, vert dei merksame på at noko rart, uforklarleg og skummelt er i ferd med å skje....


Mesteparten av handlinga pågår i likhusets heller dystre kjellar. Der er det passe mørkt og 70-tals inspirert møblert. Obduksjonen ser forbløffande realistisk ut, men eg lurer på kvifor dei to rettsmedisinarane ikkje brukte munnbind.
Blodet renn, indre organ vert bretta ut og lagt til side. Det eine liket verre enn det andre skjuler seg i likhusets kjølelager, men likevel er det stemninga som er verst.
Huff, for ein guffen film!


Øvredal vart kanskje ikkje millionær på denne 88 minuttar lange grøssaren, men til tross for eit heller lite budsjett, er resultater veldig godt.
Vi treff eigentleg berre to personar (levande iallfall), og kun tre personar til seier noko som helst gjennom heile førestillinga; Sheriffen, betjenten hans og Austin sin kjæraste er dei tre øvrige.

Men vi må også gi stor ros til "Jane Doe", som vert spela av Olwen Kelly. Ho er berre heilt fantastisk dyktig til å spele død. Det høyrer med til historia at ho hadde dreve med yoga, og såleis hadde framifrå kontroll på kropp og pust.
Jepp, det er mengder med scener som viser innvollar og greier, men slikt må vi tåle når filmen tross alt handlar om ein obduksjon.


"The autopsy of Jane Doe" har fått gode kritikkar, heilt fortjent. Dette er ein heller lavmælt liten genistrek av ein grøssarfilm, med basis i moderne vitskap kontra okkulte saker fra tidlegare tider.
Hvis du ikkje alt har sett denne, så bør du ta mot til deg, og bruke knappe halvannan time på ein av dei bedre lågbudsjettsgrøssarane eg har sett på fleire år.


Høgdepunkt: Liket med den samansydde munnen. Oh yeah....

Lavmål: Har lik framleis ringeklokke på stortåa?


Ein soleklar

Bilderesultat for terningkast 5

torsdag 4. juli 2019

Sognefjellsrittet 2019 - rittrapport

"Pinglerittet" som det vert kalla. Usle 137 km.
Og samanlikna med storebror Jotunheimen Rundt er Sognefjellsrittet ein heller grei tur.
Men "Pinglerittet" har også mellom 1700 og 1800 høgdemeter, ikkje 1400 som arrangøren seier. Alle Stravabrukarane eg har sett seier det samme. Og det høyres eigentleg meir rett ut også.

Men nå er det iallfall gjort for i år også.
Min tur nr. 23 over Sognefjellet er unnagjort, ein gang på den heile runden fra Lærdal (Den gang ein var ung og dum) og 22 ganger fra Lom.

Vær: Fin temperatur i underkant av 20 grader og litt sol på Lom, og med varsel om mykje det same på andre sida av fjellet.
På Sognefjellshytta sa yr at det ville være 11-12 grader, og det kan vi tåle.
Alt såg eigentleg veldig fint ut. Med eitt unntak: Motvind. Og den vart ganske kraftig også.

Eit ganske så lite startfelt på Lom denne laurdagen i slutten av juni. Kun 108 la ut fra start, noko som er ein gedigen nedgang fra toppåret 2011 da det var med nesten 300 stk. Ein nedgang på 186 deltakarar ser ikkje bra ut. I år kan ein heller ikkje skulde på dårleg vær, hvis ein ikkje er redd for vind da.

For vinden skulle gjere at omlag alle fekk ei vesentleg dårlegare tid i Sogndal enn ved forrige deltaking.
Oppover Bøverdalen gikk det smått, det var einskilde strekker der vi låg i under 20 km/t.
På omtrent flat veg. I felt.
Bakken opp til Jotunheimen Fjellstue er ein god peikepinn på kor "fort" det går, og der kom vi eit kvarter seinare enn vi har vore på gode utgåver. Vi køyrde så nokolunde samla fire stk, men det skiller seg alltid i ein såpass krevande bakke som dette, den stig jamnt i fire km. Inn mot Bøvertun var det ikkje antydning til at vinden ville løye, heller tvert om.
Det var berre til å karre seg oppover mot Krossbu, og vidare til Sognefjellshytta.
Beina kjendes eigentleg heilt ok ut, men vi vart nok for lenge på denne populære matstasjonen.
Dog, med dei kjende vaflene på menyen, så er det kanhende forståeleg.
Den vesle gruppa vår fortsatte mot nedkøyringa til Fortun, og landskapet på Sognefjellet er langt fra flatt. Den siste bratte kneika opp til utsikten på Herva t.d. er seig nok. Mrk. at  ei mil etter Sognefjellshytta, så er vi framleis på 1400 m.o.h.

Nedfarten forbi Turtagrø var veldig fin i år. Tørr veg, ingen bilar som somla seg nedover i sneglefart, alt var bra. Eigentleg er turen ned fjellet så moro at den er verdt heile startkontingenten.
Arrangøren har fortsatt med ei slags tidtakarfri sone ned fjellet, veldig fint!

Vi stoppa på Nymoen, noko vi sjølvsagt burde gjort i Fortun for å få litt bedre tid, men pytt-pytt.
Motvinden var framleis heftig utover Lustrafjorden, og da vi runda Flahamar, så var det store bølger på fjorden. Tida opp Nesbakken vart ikkje akkurat noko å skryte av på Strava, men fra Nes og inn Gåpnafjorden gikk det i #kollosalfart.
Det passa ganske så bra, for på den vanlege plassen i Gaupne stod heiagjengen, og dei vart sikkert mektig imponert av den #kollosalefarten vi hadde akkurat da. Dessverre gav medvinden seg etter kun fire km. for på Røneidssida var det like tungt att.

Da føringa mi var unnagjort ved utløpet av Røneidstunnelen, så var det berre til å krype opp på Heggmyrane så best ein kunne. Denne åtte km. lange bakken er kanskje ikkje så bratt, men etter 11 mil så merkast det likevel.

Eg vart hengande etter dei andre, men det var ikkje så nøye. Midt i bakken fekk eg ein cola, og det var kanskje bensinen som skulle til. Vel oppe såg eg ikkje snurten av dei andre, så dei var iallfall to minuttar føre meg. Men beina var bra, og det var berre til å gi det eit forsøk.
Eg såg dei att nede ved Barsnesfjorden, og nådde dei nesten att før målstreken i Sogndal. Det såg sikkert ut som om vi sykla saman, men eg var altså etter i 20 km :-)

Tida vart heller dårleg, men eg tør påstå at vinden spela ei stor rolle. Mange av dei andre bruke gjerne ein time lenger enn i fjor, men vi brukte berre 25 minuttar ekstra. Med kortare pause på Sognefjellshytta, og ein smule tankeverksemd på kor vi burde ta pausen etter fjellet, så hadde vi klart nesten samme tid som i fjor. Det hadde vore veldig bra med tanke på vinden.

Det var ein mildt sagt ulik forsamling Lustrasyklistar som kom til mål. Ein av oss fekk tiårsblankett, med ein får femårsmerket neste gang. Enda ein var debuttant, og eg har altså køyrt alle utgåvene.
På Sognefjellsrittet er det plass for alle!


Kva var bra?
Start og målområdet, samt matstasjonen. Reknar med at Luster var bra også, men der stoppa vi ikkje i år heller. Er det eigentleg nokon som gjer det lenger av dei som startar fra Lom?
Været var også ok, med unntak av den ekle vinden.
Turfølget var også prima, som forventa.

Kva var dårleg?
Eg har i årevis sagt at vi burde sykle gamlevegen opp Indre Hafslo. Der slepp vi å irritere så mange billistar, det er litt folk som kan heie på oss, og det er alltid bedre å sykle på mindre vegar.
Dessutan; Hamburgeren vi fekk i mål var ikkje det heilt store. Tek ein kotelett og ei pølse anytime neste år.


Konklusjon: Sogn CK har atter ein gang gjennomført eit godt arrangement. Til neste år er det vel Styrkeprøven som overtek det formelle ansvaret, men eg kjenner dei som solide og seriøse, så det vert sikkert bra det også.

Om eg stiller neste år? Såklart. Må iallfall ha 25 utgåver på plass.

"Skal vi snart starte eller?"

På Sognefjellshytta, mot der vi kom fra.

På Sognefjellshytta. Dit skal vi :-)

Firkløveret i mål.

Syklane på taket att!

Etterkvart som åra går, så vert det nokre koppar...