torsdag 23. mai 2019

Fem beste og fem verste coverlåtar

Coverlåtar kan være bra. Gjerne veeeeldig bra også, faktisk mykje bedre enn originalen.
Men dei kan også være grusomme. Endatil mykje verre enn originalen, og hvis den er dårleg fra før....
Da snakkar vi søppel.
Og det verste: Hvis originalen er kanon, og coverlåten er......burp....


Vi tek det hygglege først, nemleg dei fem beste coverlåtane. Eg kunne sjølvsagt ha laga ei liste lang som eit vondt år, men her er iallfall fem svært gode låtar, som altså alle har det til felles at dei er tildels MYKJE bedre enn originalen.


Nr. 5:
Metallica, Whisky in the jar.
Dette er visstnok ein eldre irsk folkesang, men eg vart først kjent med den i versjonen til The Dubliners ein gang på 1970-talet.
Den er covra fleire ganger, bl.a. av Thin Lizzy, men det er Metallica sin blytunge og svært fengande versjon fra 1998 som er den klart beste.
Det er ikkje The Dubliners versjon som er dårleg, neida. Det er berre det at Metallica, som slett ikkje er kjent for sine coverlåtar, er sååååå mykje bedre.
Også videoen da.

Nr. 4:
Red Hot Chilli Peppers, Higher Ground.
Stevie Wonder har laga masse bra musikk, men denne saken som han gav ut i 1973 er kanskje ikkje prikken over "i-en" for hans vedkommande.
Ein fin funky låt, javel, men da funk-punk gutta i RHCP hadde ein ledig augeblink fra doptåka dei befant seg i på store deler av 80-talet kom med sin versjon i 1989, ja da snakkar vi.
Dette er ikkje berre funk, det er tungrock også, med musikarar i superklassen, og ein forbløffande opplagd vokalist. Han har ikkje vore det ved alle høve dei siste 30 åra.
Ein kanonlåt. Så enkelt.
Her er videoen.

Nr. 3:
No Doubt, It`s my life.
Talk Talk var eit litt rart og i mine auge anonymt band midt på 1980-talet ein gang. Dei laga intetsigande musikk som omtrent hugsar i dag, med eitt unntak; It`s my life.
Men Talk Talk kan takke No Doubt for at deira intetsigande låt fra 1984 istaden er ein drivande og knallgod rockelåt med ein av dei beste musikkvideoane som er laga.
OK, No Doubt har Gwen Stephani, og ho åleine utstrålar ca. ein supernova meir karisma enn heile Talk Talk gjorde tilsaman. I alle år.
Så, fra å være ein tam anonym låt som ingen hugsar, så fekk vi alstå ein av dei beste coverlåtar nokonsinne.
Videoen? Den er her. Som låten altså, knall.

Nr. 2:
Santana, Black Magic Woman
Originalt ein Fleetwood Mac låt fra 1968, og den er forsåvidt grei nok. Problemet er berre at Fleetwood Mac laga så mykje bedre musikk nokre år seinare, slik at denne eigentleg er best hugsa for coverversjonen som kom i 1970, nemleg med Santana.
Som vi kan forvente fra den kanten er det med litt latinamerikanske tonar, og ikkje minst; ein av dei viktigaste gitaristane dei siste 50 åra.
Carlos Santana var berre 23 år gamal i 1970, og sjølvsagt ikkje den megastjerne som han skulle bli nokre tiår seinare da han slapp Smooth laus på verda.
Black Magic Woman er altså lysår fra å være Fleetwood Mac sin beste melodi, men eg tør påstå at den er ein av Santana sine aller beste, og det vart da også ein mykje større hit i deira versjon.
Denne fins i forskjellige versjonar ute på det kjende nettet, men for å hedre Peter Green fra Fleetwood Mac ein smule, så tek vi fram denne.
Og er det Gregg Rolie på keyboard og sang vi har her?

Nr. 1:
Joe Cocker, With a little help from my friends.
The Fab Four laga tonnevis med klassikarar. Det er så mange at vi skal være sjeleglad for at ikkje så mange av dei er covra av diverse meir eller mindre mislukka artistar.
Men så, har vi unntaket.
With a little help from my frinds kom ut på meisterverket Sgt. Peppers i 1967, men som vi alle veit, så er det ikkje denne låten vi kjenner best fra dette albumet.
Beatles-versjonen er sjølvsagt ikkje dårleg, men i høve til den beste coverlåt som er laga, så er den divisjonar unna.
For: I 1968 laga Joe Cocker ein langt meir rocka versjon. Ein kanonlåt på over fem minuttar.
Dog, dette var berre ein forsmak på det han skulle levere året etter, på Woodstock-festivalen. Det kan godt være at Cocker sjølv ikkje erindra så mykje av sangen som han leverte den dagen, men heldigvis har vi film og lyd som kan bevitne at Joe Cocker, i 1969 laga den beste coverversjon nokon gang.
Nesten åtte minuttar.
Har du ikkje sett eller høyrt denne sangen seier du?
Da har du antagleg null peiling på musikk, og burde avslutte lesinga av denne posten for lenge sidan.
Skamme seg.



Verste:

Så over til det meir underholdande, nemleg dei fem verste. Det fins så innihelsike mange dårlege coverlåtar av sangar som fortjener så mykje bedre enn å bli øydelagt av talentlause artistar.
Eg har funne fem låtar, kunne ha tatt maaaaange fleire, der både original og coverartist må seiast å være rimeleg kjent.

Nr. 5:
Miley Cyrus, Smells like teen spirit.
Nirvana sitt opus, gjennombrot og høgdepunkt fra 1991 er ein melodi som heilt åleine klarte å starte ein heilt eigen, om enn kortliva, genre innan den hardare delen av rock. Grungerock vart aldri det heilt store her i huset, med unntak av Soundgarden, som var adskillig meir metal-orientert enn t.d. Nirvana var.
Uansett, Smells like teen spirit er ein veldig bra sang. Den er, med rette vil eg sei, eit slags symbol på den tapte generasjonen av unge som vaks opp utan særlege framtidsutsikter den gang på byrjinga av 1990-talet. Det hjalp dei neppe at låtskrivar, gitarist og vokalist Cobain likegodt tok sitt eige liv berre eit par år etterpå.
Stig så fram, ein av dei siste 10 års mest populære artistar, Miley Cyrus. Ein artist som eg må innrømme er bedre å synge enn sitt rykte. Ja, ho er faktisk ein svært habil sangar. Derfor kan eg ikkje forstå kvifor ho måtte totalt øydelegge denne grungeklassikaren på nokre konsertar for nokre år sidan. Eg har eit sterkt håp om at ho aldri har gitt ut denne på plate, cd, LP eller kassett. Eller ok, Spotify da.
Eg har slitt meg igjennom ein konsertversjon, det var nok.
Hvis du vil få hjerna di til å blø, så kan du sjå Miley øydelegge Nirvana her

Nr. 4:
Guns`n`Roses, Live and let die.
Etter at Paul McCartney hadde lagt Beatlesskuta i opplag, så fortsatte han å trylle fram gode melodiar nokre år til. Og den beste han laga var Live and let Die, som jo er musikken til James Bond-filmen av samme navn fra 1973.
Dette vart ein stor hit, og er ein svært bra melodi. Etter mi meining den klart beste Bond-melodi nokon gang.
Nokre tiår seinare er originalen framleis svært høyrbar, noko vi ikkje kan sei om versjonen til
Guns `n`Roses fra 1991. Den er minst like dårleg i dag, som den gang for 28 år sidan.
Radbrekking kallar vi slikt.
Hadde Axl Rose verkleg så dårleg fantasi at han klarte ikkje å fylle opp Use Your Illusion albuma sine med eige materiale?
Dette er verkeleg dårleg. Fytti helsike så elendig det er. Til alt hell er det ein kort låt.

Nr. 3:
Megadeth, These Boots
Året er 1966. Nancy Sinatra er mest kjent for å være dotter til Frank. Da får ho høve til å synge inn ein melodi som skal gjere ho kjent i fleire tiår etterpå.
These Boots vart ein stor hit den gang for over 50 år sidan, og sjølv om Nancy aldri vart så kjent som sin far, så var denne sangen eit godt forsøk. Svært godt vil eg sei.
Sangen er covra ei rekkje ganger i åra som har gått etterpå.
Spol fram til 1985, og metalbandet Megadeth finn ut at dei som vanleg skal ha ein coverlåt på det nye albumet sitt. Dessverre valde dei These Boots, og klarte å øydelegge ALT det som Nancy hadde brukt 19 år på.
Ein aldeles grusom versjon av klassikaren fra 1966. Den er gjort om til kjapp-kjapp metal, med omskriving av tekstlinjer og alt er generelt berre heilt dass.
Bandeigar Mustaine burde aldri fått lov til å gi ut musikk att etter ei slik slakting.
Klarer du å holde ut eit par minuttar radbrekking av Nancy Sinatra sin største hit?
Vel, du kan prøve her. Lukke til, det trengs.

Nr. 2:
Guns `n` Roses, Knockin` on heaven`s door
Dette er definitivt ikkje mitt favorittband, men alikevel. Ikkje nok med at dei klarte å maltraktere Live and Let Die, neida. Dei skulle ta enda ein låt fra 1973, av Nobelprisvinnar Bob Dylan, filleriste denne til dei grader, og håpe at det kom noko bra ut av det.
Hint: Det gjorde det ikkje.
GnR var bra på deira album fra 1987, Appetite for destruction, men da stormannsgalskapen slo ut i full blomst hos Axl Rose, så vart alt berre søppel.
Og aldri laga GnR noko verre enn da dei tok Dylan sin filmmusikk og satte sitt langtfra perfekte særpreg på denne flotte låten.
Axl Rose kan ikkje synge. Bandet høyres ut som dei hatar å være i samme rom som vokalisten (noko dei sikkert gjorde også), og sjeldan har vi vel høyrt ein sang bli mishandla på denne måten.
Stakkars Bob.
Det er så eg håper han aldri har høyrt denne elendige coverversjonen av sin eigen klassikar.
Men i fall han skulle snike seg inn her å lese; Velbekomme.

Nr. 1:
Madonna, American Pie
Det verste til slutt. Ingenting er verre enn denne totalt meiningslause versjonen av Don McLean sitt epos fra 1971.
Madonna, the queen of pop, forvandla denne stolte klassikaren på over åtte minutt, til ein elektrodance på halve lengda, der ABSOLUTT ALT er feil.
INGENTING er bra på Madonna sin versjon.
Der McLean laga eit ekte meisterverk om "the day the music died", så dansar Madonna omkring framfor eit amerikansk flagg med catchy dance-rytmar, iført ein meiningslaus tiara.
Ord kan ikkje skildre kor dårleg denne versjonen er.
McLean laga ein fantastisk låt den gang for snart 50 år sidan, som altså vår tids mest kjende kvinnlege artist totalt øydelegg.
Madonna har laga masse bra musikk, om enn det er ein del år sidan. Innimellom har ho også laga søppel, ala sin sex-periode for snart 30 år sidan. Det var like erotisk som ein slipestein.
Men aldri, ALDRI, laga Madonna noko verre enn da ho tok American Pie under sine vengjer, og drukna den i kloakk.
Du har kanskje ikkje høyrt Madonna sin versjon? Heldiggrisen.


lørdag 18. mai 2019

"Dead to me" TV-serie, sesong 1. Omtale

Ny serie som  vart sett i nesten eit strekk her forrige veke. Dvs. seks episodar på ein kveld/natt, og dei fire siste neste dag. (OK, natt da)
Title screen for Netflix's Dead to Me.png

"Dead to me" kom ut på Netflix nå i byrjinga av mai. Det er første sesong, i det som har spiren i seg til iallfall ein sesong til.
Ti episodar på ca. 30 minuttar kvar, og spørsmålet er så; Var dette bra?

Ja.

Veldig bra. Ikkje fullt så godt laga som "After Life", men likevel ein god serie om kva sorg og depresjon kan føre med seg. Også i "Dead to Me" er det svart humor, om enn ikkje i slike mengder som i "After Life".

Handling:
Vi vert kjent med enka Jen, som mista sin ektemann i ei trafikkulukke nokre månader før. Jen, forøvrig gnistrande spela av Christina Applegate, lir naturleg nok av eit stort sakn, men etterkvart skal vi sjå at her ligg det meir bak.
På eit treff for sørgande, treff Jen "tilfeldigvis" Judy (Linda Cardellini), som påstår at ho har mista både mann og barn.
Dei to vert etterkvart gode venner, og dei har meir til felles enn det Jen kunne ane etter det første møtet.
Dagane til dei to snirklar seg vidare, med stadig nye avsløringar om fortida til dei begge, og det viser seg at den slett ikkje er like lystleg. Livet ER nemleg ikkje berre å danse på roser.

Utover i serien vert vi stadig kjende med nye meir eller mindre viktige personar. Den desidert viktigaste er Judys tidlegare trulova, Steve, ein velståande forretningsmann. Eller; er han eigentleg det?

Spørsmåla og intrigane tårnar seg opp utover i serien, men vi mister aldri oversikta. Det heile er fletta saman ganske så finurleg, og alt kjem for ein dag. På eit vis.

Styrken ved serien er at vi verkeleg får kjenne på intense sorganfall, (Dei ser veldig kjent ut) skodespelarane er i ultraklassen, og innimellom er det også ganske så morsomt, det nitriste tema til tross.
Applegate er som nevnt heilt fantastisk i rolla som velståande eigendomsmeklar, tobarnsmor, samt sørgande enke.
Vi får føye til at ho også har vore med som såkalla "executive producer".


"Dead to me" går inn i rekka av gode seriar som Netflix har gitt oss det siste halvåret, så som nemnde "After Life", og grøssarserien fra desember, "The haunting of Hill house".  (Har du ikkje sett desse seier du? Fy!!!)
Dei ser ut til å klare serieformatet i større grad enn einskildståande filmar.


Høgdepunkt: Christina Applegate. Aldri har ho vore så bra som her.

Lavmål: Sorggruppa framstår i overkant parodiske. Men kanskje det er slik sorggrupper er for alle andre enn dei som er i gruppa? Litt rar?

Uansett, ein knallgod serie, som har fått fine kritikkar, og som ein absolutt kan bruke nokre timar på.

Eg gir ein knallsterk
Bilderesultat for terningkast fire
Var frista til å gi ein femmar, men skal ikkje ødsle med dei gode karakterane heller.

fredag 10. mai 2019

Om "service" og "kundebehandling" i Vest Politidistrikt og Politidirektoratet....

Det er på tide å sette ein slags sluttstrek.

Derfor er det også på tide å skrive litt om dei erfaringar eg har gjort meg om Vest Politidistrikt og Politidirektoratet, heretter kun kalla POD.

For å sei det SVÆRT forsiktig; Dei er ikkje spesielt gode.

Dette skal ikkje være enda ein post om norsk narkotikapolitikk.
Eg KUNNE ha skreve om Norsk Narkotikapoliti Forening, som har blokkert meg fra å kommentere fra FB-sidene deira, enda eg aldri har brote ein einaste av kommentarreglane deira.
Eg KUNNE ha skreve om Forbundet Mot Rusgift som presterte å samanlikne narkomane med pedofile.
Eg KUNNE ha skreve om Framstegspartiet og deira katastrofale rekke med uduglege justisministrar. (Nr. sju i talet er alt godt i gang med å trakke i salaten)
Eg KUNNE ha skreve om Luster AP, som vil behalde ein narkotikapolitikk anno 1975. Da ein av landets leiande rusforskarar såg kva dei skreiv i fjor vår så sa vedkommande til meg; "Du, jeg vet ikke hvor jeg skal begynne, fordi absolutt alt her er feil".
Eg KUNNE har skreve om straffenivået her i landet, og om kvifor vi gjerne ilegg strengare straffar til hasjsmuglarar enn draps og voldteksforbrytarar.
Eg KUNNE ha skreve om at alkohol er det farlegaste rusmiddel vi har, men som vi kan kjøpe lovleg på einkvar daglegvarebutikk.
Eg KUNNE ha skreve om at narkotikabruken stadig aukar, til tross for, eller rettare, på grunn av, forbodet.
Eg KUNNE ha skreve om at forbodet har ført Norge opp på Europatoppen i narkodødsfall.
Eg KUNNE ha skreve om Oljefondet som har investert fleire hundre millionar i canadiske cannabisprodusentar.


Men eg skal la være.

Eg skal derimot skrive om dei høgst personlege oppleveingar vi har hatt dei siste fire åra, med Vest Politidistrikt og politidirektoratet.
Ord kan ikkje skildre kva eg meiner om desse instansane, og om dugløysa vi har opplevd derfra.

La oss difor skru tida attende til våren 2015.

Det er ikkje noko stor løyndom at eg har to stk i familien som hadde prøvd hasj. Eg skulle gjerne ha sett det ugjort, ikkje fordi det fører folk i fortapinga, slik som vi vart fortalt i 1980, men kun fordi det kan medføre straff.
Narkobruk er som kjent straffbart, så sant det ikkje er utskreve av lege da.
Eg skal ikkje gå nærare inn på kor overmoden legemiddellova er for revidering, og til alt hell; Det skjer.

Vel, lønner det seg å være ærleg?
Det har eg trudd i alle år. Dersom ein har gjort noko dumt, og enda verre, straffbart, så må ein stå til rette for det. Ta det som ein mann!
For du veit, det å være ærleg varer jo lengst. Eller?

Her kjem så eit tips: Dersom du vert utsatt for mistanke om straffbar handling, så treng du ikkje sei noko som helst til politiet. Du KAN snakke usant utan å risikere straff, men det greiaste er å sei:
"Eg ynskjer ikkje å forklare meg".
Vi valde å tru på systemet den våren i 2015. Hvis det er ein ting eg verkleg angrar på her i livet, så er det oppfordringa om å "sei det som det er". Hadde vi hatt vett til å holde kjeft, så kunne vi vore fulltalige enda.
For: Den straffbare handlinga og medfølgande reaksjonen var kun basert på at vi var ærlege. Ikkje berre det, han som ikkje lenger er med oss sa seg endatil villig til å ta på seg skulda for dei andre involverte også.

Men, med tru på at systemet og "ærlegdom varer lengst", så vart alt vedgått.

Ein straffereaksjon var såleis på sin plass.
Førelegg for hasjrøyking ni ganger i løpet av 20 månader, og sju ganger i løpet av seks månader.

Det vart ikkje røykt meir, for å sei det slik. Men det er av ein heilt annan grunn; Døden.

Siste hasjblås var i mars 2015. Forelegg vedtatt, med ei vekes overholdt frist, i mai 2015.
Etter at forelegget vart vedteke, kom så brevet om at førarkortet kunne bli inndrege grunna hyppig rusbruk. Trafikkfaren var visst stor. Vi var framleis ikkje kome lenger enn mai 2015, og dei involverte hadde aldri satt seg bak eit ratt i rusa tilstand.

Juni kom og gikk, og da vi kom litt uti juli, så lurte vi på om det skjedde noko på retts og påtaleforvaltninga i Florø. Jo, vi tok eit par telefonar opp dit. Eg hugsar bl.a. at eg snakka med ei småfnisande dame, som eg til alt hell ikkje veit kven er. Ho sa at dei skulle prøve å få til ei avgjerd innan ei veke.
Det klarde dei sjølvsagt ikkje.
Imellomtida var den gamle bilen gått fyken, og han måtte ha seg ein ny. Den vart kjøpt, lån i banken var ordna. Bilen vart henta på mandag, tysdag gjekk turen til Sverige på ferietur. Heimkomst onsdag, og torsdag kom så vedtaket om inndragning av førarkort.
Vi var kome til 1.8.2015.

"Grunna trafikkfaren og dykkar hyppige omgang med rus, vert det vedteke at førarkortet skal inndragast for eitt år. Vedtaket er endeleg, og kan ikkje førast inn for domstolen. Klage må framsettast innan ei veke til Politidirektoratet."

Vi overholdt fristen på ei veke, med god margin.
Brevet, via post (!), vart sendt om det som da heitte Sogn og Fjordane politidistrikt i Florø. Det er til alt hell nedlagt nå i ettertid, og i det høvet siterer eg gjerne ein politileiar herfra fylket: "Ja det kan umogleg bli verre å bli styrt fra Bergen enn Florø".
Men det kunne det, noko vi skal komme attende til seinare.

Svarbrev fra Florø kom ganske så kjapt. Vi måtte pårekne ei sakshandsamingstid på tre-fire månader på klagen.
Dette vart, bokstavleg talt, spikaren i kista.
Førarkorta vart inndrege 1.8.2015.

21.8.2015 tok Kristoffer sitt eige liv.

I avskjedsbrevet sitt kjem han med ei oppfordring til politiet, om at dei ikkje skal ta førarkortet fra nokon som berre har røykt hasj. Han hadde aldri køyrt i rusa tilstand, og fant det blodig urettvist at han skulle bli frateken førarkortet, utan at hans trafikkale ferdigheiter nokon gang vart vurdert.
Trafikkfaren hadde altså vore så "stor", at det tok fem månader fra siste hasjblås, til at førarkortet faktisk vart inndrege. Det betyr at ein må være usedvanleg dum for å tru at dette har noko med tryggleik i trafikken å gjere. Det er tvert om narkotikapolitikk, kamuflert som trafikksikringstiltak. Hadde det vore ein akutt fare i trafikken, så hadde dei sjølvsagt tatt lappen der og da, i mars/april, istaden for å la det gå til august.

28.8.2015 må vi arrangere Kristoffer si gravferd, nøyaktig ei veke etter at eg fant han død.
Ein totalt surrealistisk dag. Det også.

1.9.2015 kom det så eit brev fra Politidirektoratet, der det stod at dei opprettholdt vedtaket om inndragning. Det tok altså ikkje tre-fire månader å få svar, men det hjalp jo lite, guten hadde alt vore død i over ei veke...
Samme dag fekk vi også purring fra Statens Innkrevingssentral på innbetaling av forelegget som Kristoffer ikkje hadde betalt.
Begge skriva var datert 28.8.2015, dvs. samme dag som vi hadde gravferda hans.
Statens Innkrevingssentral og Politidirektoratet presterer altså å sende avslaget på søknaden hans, samt purring på forelegg, ei veke etter at han var død.

Noko seier meg at det er forbetringspotensiale når det gjeld kommunikasjonen mellom dei nemnde instansar.
Å sei at eg vart trist er feil. Eg vart regelrett forbanna over at det var mogleg å sende ut noko slikt, altså datert ei veke etter at han var død.

Litt uti september fekk eg også vite at politiet fatta sine beslutningar kun på Kristoffer sine tilståingar. Blod og urinprøvar viste nemleg ikkje nok spor av cannabis til at førarkortet kunne inndragast, så da vart vedtaket om førarkortinndragning gjort kun på at han hadde vore ærleg.
Igjen: Ikkje vær sannferdig hvis du skal i avhøyr som mistenkt/sikta. Berre la være å forklare deg.

Eg las også obduksjonsrapporten. Heller ikkje der var det spor av rusmiddel.


Men dette skulle berre bli starten.

Utover hausten 2015 var eg stadig i kontakt med politiet, gjerne i form av den nye, moderne kommunikasjonsmåten "brev". Eg stilte ei rekkje spørsmål, men fekk eigentleg aldri noko svar. Det siste brevet eg fekk fra Florø, signert ein politiadvokat som eg fra før visste var ubrukleg i jobben, var å ansjå som ein hån mot oss, og ikkje minst, Kristoffer sitt minne. Eg har tatt vare på all kommunikasjon vi hadde denne hausten, og vert sint berre eg tenker på dette brevet spesielt.
Etter dette siste brevet, så forstod eg at service og kundehandsaming på Retts og Påtaleeininga i Florø antagleg var å rekne som framandord der i gården. Det tok gjerne vekesvis før eg fekk svar. Etter deira syn var ei sakshandsamingstid på to-tre månader heilt ok i slike saker.

Det er det jo ikkje.


Utover hausten 2015, og vinter/vår 2016 måtte eg bruke ein del tid på å overbevise forsikringsselskapet Tryg om vi hadde krav på ein mindre utbetaling derfra på Kristoffer sin barneforsikring. Det tok lenger tid enn eg satte pris på, bl.a. FEM purringar fra Finansklagenemnda måtte til.
Men til slutt, etter 11 månader fekk eg medhold fra Tryg. I motsetnad til Vest Politidistrikt og POD, så var dei nemleg innstilte på å finne ei konstruktiv løysing, og forstod nok litt av den situasjonen vi var hamna i.


Livet fortsatte sin nitriste gang utover hausten 2016, og fram mot nyåret 2017. Rett før jul 2016 ville vi byrje prosessen med å få att førarkortet til den attlevande storebroren.
Kva måtte til for at det skulle gå i orden?
Jo, ein søknad (pr. papir og "brev"), og så måtte det til ein ny førarprøve. "Slik var lova", var beskjeden eg fekk, rett før jul i 2016.

23. desember kom eg over denne artikkelen i BT. Sidan den ligg bak betalingsmur, så skal eg kort referere: Den handlar om bonde og hasjaktivist Bjørn Dahl i Hordaland. Han var nemleg også blitt fratatt førarkortet, kun basert på rusbruk, og aldri ruskøyring.
Men Dahl hadde gått til sivilt søksmål. Og vant.
Politiet hadde ikkje høve til å frata han førarkortet, kun basert på bruk. Det måtte nemleg ei sjølvstendig vurdering av førarens "skikkethet i trafikken" til også. Og det hadde sjølvsagt Vest Politidistrikt aldri gjort. Dei hadde berre tatt blåkopi av alle dei andre tilsvarande sakene. Nå hadde Sivilombudsmannen tatt tak i dei, og i ein mellombels uttale derfra var kritikken ganske så kvass.

Men, vi hadde jo fått klar beskjed om at det ikkje var høve til å prøve saka for domstolen.
Og Sivilombudsmannen var det heller ingen som hadde nemnt for oss.


Eg sende ein skarp e-post til min kontaktperson i politiet om kva slags opplegg dette var, og kva dei nå ville gjere med førarkortet til eldstebroren.
Dette sendte eg 28.12.2016, altså på Kristoffer sin bursdag. Som ein vil forstå; jula 2016 var ikkje særleg morsom. Den heller. Jula er aldri morsom nå lenger.
I slutten av januar fekk eg svar: "Grunnet stor saksmengde  og sykdom i direktoratet hadde det beklagligvis tatt noe tid. Etter en helhetsvurdering" skulle eldstebroren nå få førarkortet tilbake. Bortevekk var kravet om ny førarprøve. Det var ein klar indikasjon på at dei hadde gjort og opplyst feil til meg månaden før.
Det er verdt å merke seg at i skrivet eg fekk fra POD, så stod det at e-posten som eg sendte 28.12.2016, ikkje vart vidaresendt POD før over fire veker seinare.
Det er så ein ikkje trur sine eigne auge, men hos retts og påtale i Florø bruker dei altså fire veker på å trykke  "videresend" på mailsystemet sitt.

Men, vi var framleis langtfra i mål. For korleis ville dei handsame den feilaktige og dårlege servicen som vi hadde vore vitne til så langt?
Svar: Ved å bruke enda lenger tid, og yte enda dårlegare service.

Eg gav Vest Politidistrikt og POD stadig nye fristar utover våren 2017. Dei klarte aldri å overhalde nokon av dei.
Men så, kun etter tre-fire månader, så fekk eg ein e-post (!) fra ein eller annan sakshandsamar i POD. Svaret var komplett umogleg å forstå for alle andre enn juristar. Tung departemental språkføring, med henvisning til lover, avsagte dommar og gud veit kva.
Dei tok sjølvsagt null ansvar for det som hadde skjedd, men måtte vedgå at klageadgangen burde ha kome fram, både i form av Sivilt søksmål, og klage til Sivilombudsmannen. I vedtaket fra august 2015 stod det nemleg det stikk motsatte: "Vedtaket kan ikke påklagest eller føres inn for domsstolen". Men det var akkurat det Bjørn Dahl hadde gjort. Og vunne fram med.

Utpå sommaren 2017 kom så Sivilombudsmannens endlege konklusjon. Den var eigentleg knusande, og POD ville "ta den på det største alvor". "Alvoret" bestod i å heretter opplyse om klageadgangen, men det var ikkje aktuelt å endre praksis.

For her er vi ved det avgjerande punkt: Ikkje ein gang eit sjølvmord kan få POD til å endre sin praksis med å inndra førarkort fra personar som aldri har køyrt bil, men kun røyka hasj nokre få ganger i løpet av eit år eller to.
"Vi kan ikkje ha dophuer i trafikken"! Nei, det kan vi ikkje. Men det var det heller aldri snakk om.
Her var det haugevis av saker (Sivilombudsmannen tok for seg over 100), og dei var omlag identiske. Førarkort inndrege kun basert på hasjbruk, og ordlyden i vedtaka var omlag identisk, utan ei einaste sjølvstendig vurdering av "skikkethet som bilfører". Ikkje ei einaste vurdering.
Som vi ser: Dette er norsk narkotikapolitkk, og har null med trafikksikring å gjere. I såfall burde politiet ta førarkortet fra alle som drikk øl, vin og sprit nokre ganger i året. Men det gjer dei ikkje.


Livet gjekk vidare, og eg måtte kontakte en advokat til å bistå meg vidare.
Gjennom Finansforbundet har vi ein grei avtale med eit advokatfirma i Oslo, og eg fekk snarleg respons derfra.
Etter ei vurdering derfra, så sendte vi inn eit formelt erstatningskrav i slutten av august 2018.

I slutten av januar 2019 måtte eg purre. Det same gjentok seg i slutten av februar og mars. Den siste beskjeden var at "POD satsa på å sende svaret i slutten av veka".
Det klarte dei sjølvsagt ikkje. Det tok enda ein månad, før dei sjølvsagt avslo alt.
Det tok NI månader før POD klarte å svare. Les igjen: Ni månader.

Svara var på seks sider. På ny i byråkratisk og juridisk språkdrakt som kun ein jurist kan forstå.

Og brått ein kveld nå i byrjinga av mai 2019 gjekk det opp for meg: Vest Politidistrikt og Politidirektoratet har faktisk ikkje forstått ein døyt av kva dette gjeld.
Dei vil berre fortsette praksisen med å ta fra ungdom førarkortet etter bruk av hasj, til tross for at vedkommande ungdom  aldri har vore i nærleiken av ein bil. Til tross for at ei rekkje domsavseiingar  gir dei det glatte lag, og at POD gang på gang har tapt i retten. Til tross for Sivilombudsmannens uttale og sterke kritikk.
Og ikkje minst; Til tross for at ein svært oppegåande ungdom tok sitt eige liv som ein følge av denne praksisen. Det verste av alt: Vi er ikkje dei einaste som har opplevd dette.

Det kan ikkje bety anna enn at eit sjølvmord i ny og ne, er ein akseptabel pris å betale for å fortsette denne diskimineringa av unge som tross alt ikkje har gjort noko anna enn å bruke eit rusmiddel som er mindre farleg enn vårt høgst sosialt aksepterte og lovlege, nemleg alkohol.


For å gjenta meg sjølv: Det fins ikkje ord. Korleis kan dei namn og ansiktslause byråkratar og juristar i Vest Politidistrikt og POD leve med at deira praksis faktisk tek liv?
Eg skal svare sjølv: Fordi dei kan. Og fordi dei slepp å stå til ansvar. Ansvaret vert nemleg pulverisert i eit system beståande av duglause byråkratar som brukar månader og år på å svare på ALLE henvendingar.

Har eg noko godt å sei om retts og påtaleeininga i Florø/Bergen og byråkratane i POD?
Nei.
Det einaste måtte være at dei næraste, altså i Florø, befinn seg i ein liten kystby som eg aldri besøker. Da slepp eg til alt hell å treffe dei på gata. Da trur eg at eg hadde blitt fysisk dårleg i form av kvalme. Ja, faktisk.

Politileiaren i Sogn og Fjordane er den einaste eg føler har tatt oss på alvor.
Lokale tjenestemenn/kvinner likeså.
Men desse vettuge personane er fanga i eit slags system som ikkje verdset den sunne fornuft.
Eg er altså så innihelsike glad for at eg ikkje lenger arbeider i dette systemet.

Og hvis det er nokon som lurer på om det er Politireforma som er årsaka til den stadig minkande tillit norsk politi må slite med?
Det er det ikkje.
Det er den overordna styringa som er problemet, eksempelvis hos dei regionale leiargruppene.
Bl.a. i  Bergen, men først og fremst lir norsk politi av å bli styrt av eit komplett ubrukleg direktorat, som ikkje er anna en sjølve manifestasjonen på Wesensteens klassikar fra 1969.  Eit offentleg organ som bruker ni månader på å svare ein etterlatt familie er etter mitt syn ikkje anna enn, ja...ubrukeleg.

Så eg avsluttar den vidare saksgangen nå.
Ikkje fordi eg ikkje trur eg kunne vunne fram i eit sivilt søksmål. Men fordi POD er så trege og ineffektive at eg rett og slett ikkje orkar meir. Dei har trenert dette så lenge, at det har gått på helsa laus. Om ein nokon gang kjem ut att i fullt arbeid, det får berre tida vise.
Og eg sit att med eit bestemt inntrykk av at treneringa har vorte gjort heilt bevisst, evt. så stadfester den innmari trege saksgangen berre at dei er ja....ubruklege.


Service og kundehandsaming er framandord i denne samanheng. Eg kan med handa på hjartet sei at det inntrykket vi sit att med, nå snart fire år etter, er at retts og påtale i Florø/Bergen, og POD, eigentleg aldri brydde seg noko særleg. Dei fekk tatt eit førarkort i sin kamp mot narkotika (under dekke av å kalle det "trafikksikringsarbeid"), og at ein ungdom så tok livet sitt som ein følge av det, ja det var eigentleg ikkje så nøye.

For hadde dei brydd seg, så hadde dei sjølvsagt kutta ut praksisen med å inndra førarkort kun basert på bruk, og ikkje ruskøyring.


Men prisen, den er det oss som etterlatne som har betalt.