Oppdatert 12.9.2019:
Ja, da har det gått nokre dagar sidan valet, og det er
no klart kven som skal styre kommunen dei neste fire åra.
Luster er som alltid ein stabil kommune, og det i grunn berre små endringar. AP tapte ein, og H vant ein, det vart resultatet. SP har framleis reint fleirtal, om enn dei fekk noko mindre oppslutning enn for fire år sidan. Tilbakegangen var uansett ikkje stor nok til å endre mandatfordelinga for deira del.
Partifordelinga kjenner alle lustringar nå til, derfor skal vi nå sjå litt på kor dei nye representantane kjem ifra, samt alder og kjønn Dette er jo minst like interessant som kva parti dei kjem fra :-)
Det nye kommunestyret består av 16 menn og ni kvinner.
Fire grender fekk kvar sin representant. Dette var Luster, Veitastrond, Ornes og Marifjøra. Alder på representantane er h.h.v. 41 år, 29 år, 46 år og 35 år.
Skjolden fekk inn tre stk. Desse har ein snittalder på 49 år.
Jostedalen, som kan seiast å ha gjort eit godt val, fekk inn fire stk, med ein snittalder på 46 år.
Hafslo, kommunens største krets, fekk inn seks personar. Dei har ein snittalder på 46 år.
Til sist det bygdelaget som fekk inn flest, Gaupne. Dei fekk inn åtte, og må sei seg nøgde med det vil eg tru. Snittalder er 43 år.
AP har ein "ung" flokk i det nye kommunestyret for sine tre menn og tre kvinner. Snittalderen er berre 40 år. Framtida bør være lovande der i gården altså!
SP er ikkje langt unna i snittalder på sine åtte menn og fem kvinner. 38 år må også her seiast å være heller ungt.
Krf fekk inn ein kvinnleg representant, på 41 år.
H fekk tre menn, med snittalder 48 år.
Så over til dei meir røynde i den lokale partifloraen:
V fekk inn ein mann, 66 år.
Til sist FRP, som også fekk inn ein mann, 78 år gamal.
Totalt kan vi vel sei at det er eit variert og godt kommunestyre som vart valgt inn, med hensyn til alder og bygdefordeling. Saknar kanskje nokon fra Fortun og ein til fra Luster og Indre Hafslo, gjerne på bekostning av Jostedal og Gaupne, men det får vi ikkje gjort noko med før i 2023.
Vi skulle også ha ønska at eitt parti ikkje sat med reint fleirtal i kommunestyret. I lengda er ikkje det alltid like sunt, slik som vi har sett i Årdal, men til alt hell er vi milevis fra å få slike tilstandar her i kommunen.
Eg trur dette er godt kommunestyre, med flinke folk. Så får vi sjå kor mykje valløfta er verdt da....når økonomien og prioriteringane set begrensningar.
Vi kan jo nemne fagre ord om vegen Nes-Fortun, skulekretsane, samt min personlege favoritt fra valet i 2011; bru og veg mellom Espe og Gjerde i Jostedal. Det sistnemnde ville ALLE parti ha på plass den gang for åtte år sidan, så da skjer det vel noko nå.
*********************************************************
Det er alltid av ein smule interesse å gå igjennom dei forskjellige
listeframlegga til kommunevalet.
I år er det berre seks parti som stiller liste i kommunen, borte fra tidlegare val er både SV og PDK.
Det er tilsaman 150 kandidatar, fordelt på 61 kvinner og ikkje overraskande kanskje; 89 menn.
Dei to største partia (AP og SP), også sett i eit litt meir historisk perspektiv, har flest kandidatar, nemleg 31.
H stiller med 27 namn, KRF med 25, V har 24, medan FRP denne gang har berre 12 personar som vi kan stemme på.
Eg har lagt inn 11 bygdelag. Dette er Hafslo, Veitastrond, Solvorn, Indre Hafslo/Marifjøra, Gaupne, Jostedal, Nes/Høyheimsvik, Luster, Skjolden, Fortun og Sørsida.
Litt meir detaljert om kvart einskild parti:
KRF stiller med 12 kvinner og 13 menn. Snittalder er 56 år, og dei to første på lista er begge kvinner.
Kor er dei 25 heimehøyrande i kommunen?
Hafslo, Gaupne og Nes/Høyheimsvik har flest kandidatar med fem kvar. Verdt å legge merke til er at den heller vesle bygda Fortun har med fire personar på lista til KRF, men den same bygda er samstundes heilt fraværande på alle andre lister. Og like artig: Nabobygda Skjolden har ikkje med ein einaste person på lista til KRF, det same gjeld forøvrig Jostedalen.
Dei seks siste kandidatane på KRF-lista er fordelt på Luster, Indre Hafslo, Solvorn og Veitastrondi.
Ordførarkandidaten fra Hafslo.
SP har hatt reint fleirtal siste fire åra, og stiller med ei fyldig liste også denne gang. Dei har 31 namn på lista si, og har med folk fra heile kommunen, med unntak av Fortun. SP er det partiet som har spreidd kandidatane sine på flest bygder.
Kjønnsfordeling er 15 kvinner og 16 menn. Snittalder er 43 år, og såleis yngst av alle dei seks listene.
Kandidatane er fordelt med sju namn fra Hafslo, medan Skjolden og Jostedalen har fire kvar. Ellers er namna jamnt spreidd rundt om i kommunen.
Ordførarkandidaten er fra Hafslo.
AP stiller også med 31 kandidatar, ordførarkandidat er kvinne, busatt Skjolden.
Snittalder er 47 år, 15 kvinner og 16 menn.
Det er kandidatar fra mange bygdelag, men likevel adskillig færre enn SP. AP manglar kandidatar fra Indre Hafslo, Fortun, Nes/Høyheimsvik og Sørsida.
Det er fleste namn fra Gaupne, heile 11 i talet, med Hafslo som nr. to med åtte namn. Skjoldingane har fått med fem personar, og dei sju siste er fordelt på Jostedal, Luster og Solvorn.
FRP har ei snedig liste, som nemnt berre 12 namn. Fire kvinner og åtte menn. Snittalder er 57 år, men den hadde vore over 60 hvis dei ikkje hadde tatt med ein kandidat fødd i 1997.
Ordførarkandidaten er også her busatt med adresse Hafslo, men det er Skjolden som er FRP sitt tyngdepunkt i Luster da dei har heile seks av 12 kandidatar. Dei seks siste er fordelt på Hafslo, Gaupne og Luster. Dvs. FRP har ingen fra Fortun, Strondi, Solvorn, Sørsida, Jostedal, Indre Hafslo eller Nes/Høyheimsvik.
V har 24 namn på lista, og ja; eg er med på den. For første gang er eg altså med på ei politisk liste. Utan ambisjonar whatsoever.
Det er 11 kvinner og 13 menn, snittalder er 57 år. Det er med kandidatar fra heile kommunen, med unntak av Fortun og Veitastrondi. V har sin hovedtyngde på Hafslo med seks av dei 24 namna, derav også ordførarkandidaten. Jostedalen har nestflest med fem namn, og ellers er namna fordelt så nokolunde jamnt utover i kommunen.
H stiller med 27 namn, snittalder er 49 år. Her er kjønnsfordelinga noko skeivare enn hos dei andre, da det kun er fem kvinner og følgeleg 22 menn.
Bygdefordelinga er også verdt å legge merke til, da heile 13 av kandidatane er fra Gaupne. Dei har ellers fem fra Hafslo, og fordeling litt utover, men som vanleg er Fortun ikkje med. Det same gjeld også Solvorn, Sørsida og Veitastrond.
Ordførarkandidat er ikkje overraskande fra Gaupne.
Det er altså tilsaman 150 personar på dei forskjellige politiske listene.
Kvar kjem dei fra? Det er slikt som kan bety ein del i eit kommuneval.
Dei to største bygdelaga, Hafslo og Gaupne har naturleg nok desidert flest folk med. Hafslo med 34 og Gaupne med 36. Det betyr at desse to bygdene har nær halvparten av dei 150 kandidatane, men det er eigentleg naturleg, da dei også representerer omlag halvparten av antal innbyggarar i kommunen.
Begge desse bygdene har folk med på alle partilistene, noko også Luster har. Luster har derimot berre 11 namn tilsaman, men har altså personar på alle partilister.
Kontrasten til dette er Fortun, som berre har kandidatar på KRF-lista.
Sørsida har fem kandidatar totalt på to lister. Veitastrond har også fem kandidatar, fordelt på tre lister.
Politikk må engasjere ein smule på Skjolden, som til tross for å være eit heller lite bygdelag, har med heile 17 kandidatar, derav ein ordførarkandidat. Skjoldingane har kandidatar på alle listene med det tidlegare nemnde unntaket i KRF-lista.
Kretsane Solvorn, Jostedal, Indre Hafslo og Høyheimsvik/Nes har alle personar med på fire lister. Jostedølene har flest av desse, med 15 kandidatar. Dei har ikkje folk på FRP og KRF lista. Indrebøgdingane har ikkje kandidatar på AP eller FRP-lista, det same gjeld også Høyheimsvik/Nes.
Solvorn har ikkje folk med på FRP og H listene.
Indre Hafslo og Solvorn har seks kandidatar kvar, medan Høyheimsvik/Nes har 11 personar på sine fire lister.
Til slutt ei oppsummering av ordførarkandidatane: Det er sjølvsagt seks av dei også, to kvinner og fire menn. Fire av dei er busatt på Hafslo, ein i Gaupne og ei på Skjolden.
Med forbehold om feil og eg er open for korrigeringar. Legg i såfall att ein kommentar,, så skal eg rette opp.