lørdag 23. mars 2019

The Dirt - Filmomtale

The Dirt er filmatiseringa av den mykje omtala, og veldig populære biografien om glamrockbandet Motley Crue. Ei oppvisning i dekadent rockestjerneliv på 1980-talet.
The Dirt Movie Poster.jpg
The Dirt vart gitt ut på Netflix nå i mars, og er eit must for alle som var unge på 1980-talet, og spesielt dei av oss som likte hardrock.
Eg var aldri noko fan av dette bandet, heller tvert om. Glamrockband var nesten det verste som fantes, med sine sminka jenteliknande bandmedlemmer, masse puddelhår, og meir popete melodiar. Spør du meg, så har Motley Crue laga kun ein bra melodi, Kickstart My heart, fra 1989.
Dei var lysår fra å befinne seg i samme divisjon som mine progrockfavorittar i Rush og Saga, og altfor jålete og direkte ekle til å samanliknast med mine datidige trashbandheltar i Metallica, Anthrax, Slayer og Exodus.

Men attende til filmen.

Handling: Året er 1981. Det er fest i eit husvære der hardrockbandet Motley Crue held til. Dop, alkohol og damer kryr det av, bl.a. i ein heilt hysterisk "squirt"-scene. Vi forstår at dette bandet ikkje akkurat lever på den smale sti, for å sei det forsiktig.

Tilbake i tid ti år.
Vi vert først kjent med den kommande bassisten Nikki Sixx, som etter ein miserabel barndom dreg heimefra og bl.a. skiftar vekk det opphavelege navnet Frank Feranna. Sixx var som kjent mykje av hjerna i bandet, og vi får sjå korleis han møter dei andre i bandet etterkvart.
Trommis Tommy Lee kjem i motsetnad til Sixx fra ein ryddig heim, der han bl.a. dreg på bandøving iført veslesøstra si leopardmønstra bukse.
Med seg får dei ein ti år eldre herremann av den meir fåmælte typen med skrøpleg helse og stort vodkaforbruk, Mick Mars på gitar, og da manglar berre ein mann, vokalist Vince Neil.
Neil viser seg å være ein dameforbrukar av dei sjeldne, og feier over stort sett det som måtte befinne seg i nærleiken av type "ho-kjønn".
Bandet opparbeider seg snart eit rykte som energisk villmannsband, som ikkje går av vegen for å klaske til ufine publikumarar med gitaren, eller å sparke dei med cowboystøvlane. Dei får kontrakt med eit plateselskap, og legg ut på den eine slitsomme turneen etter den andre.
Ein minneverdig scene er fra da dei er ute på vegen med ein steingal Ozzy Osbourne. Eg kjente til ein del av desse historiane fra før, så det kom ikkje som noko sjokk at Ozzy sniffa maur og tok seg ein enkel dram....
Filmen rasar avgarde med stadig meir fyll og dop. Livet er i "the fast lane" til dei grader, og det kan sjølvsagt ikkje gå bra i lengda. Kokain og heroin i BØTTER, øl og sprit i BASSENG, damer overalt, som er med på alt. Det er ingen spesielt god kombinasjon med omtrent null hjerne og lettvinte haldingar til livet generelt.
Til slutt må det gå til helsike, og det er eit guds under at alle desse fire rockarane overlevde 1980-talet og faktisk hadde sin avskjedskonsert for berre fire år sidan. (Ja, dei har sjølvsagt gjort comeback etterpå).

Ok, musikken til Motley Crue skal du få ha i fred for min del, men som sagt er dette ei fin mimrestund for oss som vokste opp på den tida.
Det er kanskje ikkje den beste musikkbiografiske film som er laga, men det var for meg svært underholdande, om enn dei historiske fakta er litt fram og tilbake.
Det vi iallfall innser, er at unge menn som brått blir rockestjerner, nok har sine utfordringar.

Filmen har ikkje fått dei beste kritikkane, men det er eit hyggeleg nostalgisk tilbakeblikk på ei tid som vi heldigvis/dessverre aldri får oppleve fleire ganger.

Høgdepunkt:
Den tidlege "Squirt"-scena. Eg lo. Høgt. Åleine.
Lavmål:
Sangen "Shout at the devil" er dessverre med. Møkkasang.

Eg likte denne ganske godt, og anbefaler den gjerne til dei som var unge i tida 1980-1989.

Bilderesultat for terningkast 4

fredag 22. mars 2019

They shall not grow old - filmomtale

Siste års mest omtala dokumentarfilm er nå sett. Peter Jackson (ja DEN Peter Jackson. Han med Ringar og Hobbitar) vart i 2015 beden om å lage ein dokumentarfilm fra 1. verdskrig, da det som kjent er 100 år sidan den første store krigen.
Han fekk tilgang på hundrevis med timar av film og lydopptak med overlevande veteranar, og resultatet? VOW!!!
They Shall Not Grow Old.jpg

Vi har alltid sett gamle filmopptak i svart/kvitt, utan lyd og med stakkato ganglag.
Jackson og staben hans satte såleis i gang eit svært omfattande restaureringsarbeid både på lyd og bilde.
Dei gamle svart/kvitt-filmane er fargelagde, lyd er lagt på, med tale, skot, eksplosjonar, skrik og alt som høyrer til ein krig.

Filmen byrjar med dei originale svart/kvitt opptaka i ei lita ruta på lerretet. Derfra veks bildet sakte gradvis utover, til heile kinolerretet er fullt. Og ja: Vi kan sjå dette i 3D.... :-)
Det er ingen tekst, all tale skjer ved at krigsveteranane fortel kort om sine hendingar, fra rekrutteringa og opplæringa og fram til dei vert sendt ut på slagmarka i Belgia ein stad.
Ingen av dei som fortel har namnet sitt med, og alt føregår nærast på namnlause plassar også.

Poenget er openlyst: Dette er ei forteljing om krigen sett fra korleis vanlege soldatar hadde det, i marerittet på Vestfronten. Vi har alle høyrt om generalane og statsleiarane som "vant" eller "tapte" det og det slaget, eller den og den krigen.
Etter å ha sett denne filmen, så forstår ein kor meiningslaust det er å snakke om vinnarar og taparar.

Livet i skyttargravene i Belgia og Frankrike må ha vore hinsides det vi kan forstå.
Fra å gå heime i England, gjerne som heilt vanleg ungdom, vart dei så rekruttert til den britiske hæren. Oppdraget: Stoppe den tyske keisaren! (Han var forøvrig søskenbarnet til den britiske kongen, men familiebånd spelar mindre rolle i ein krig)
Første verdskrig vart utkjempa med gamle taktikkar, så som bruk av bajonett, skyttargravar, stormangrep på linje. Men våpna som vart nytta, var dei første moderne masseøydeleggingsvåpen: Kraftig artilleri, maskingevær, flyangrep, stridsvogner og ikkje minst; Stridsgass.
Med gammal taktikk, og moderne våpen, så er det ikkje anna å forvente at tapstala skulle bli enorme.

Kynismen til statsleirane og generalane må ha vore utan grenser. Her vart unge menn, gjerne i tenåra, brukt som, ja nettopp; Kanonmat. I eit sønderbomba og trøysteslaus gjørmehav, der spanskesykja etterkvart spreidde seg som den velkjende elden i tørt gras, levde altså ungdommar fra det britiske samveldet i årevis.

Eg kan knapt tenke meg korleis dette kan ha vore.

Filmen skildrar utan eit snev av sentimalitet alle dei døde, korleis dei vart sønderbomba, korleis medsoldatane skaut sine hardt såra venner, berre for at dei skulle sleppe å lide lenger.

Det geniale i filmen skjer etter dei første 20 minuttane. Da går dei gamle svart/kvitt opptaka over til fargar. Med god og rett lyd. Med normalt ganglag. Overgangen mellom svart/kvitt og farge skjer akkurat når soldatane kjem til frontlinja, og motsatt på slutten. Da krigen omsider er over, så går filmen attende til svart/kvitt.


They Shall not grow old er med rette hylla som eit meisterverk.
Skal du sjå berre ein einaste dokumentarfilm i heile ditt liv, så må det bli denne.

Ang. film; Sålangt er dette årets mest soleklare terningkast

Bilderesultat for terningkast 6

torsdag 14. mars 2019

After Life, TV-serie. Omtale.

Eg hadde vel aldri trudd eg skulle sjå ein TV-serie som nærast er ein biografi. Om ein sjølv.
Iallfall er svært mykje attkjennande i denne Netflix-serien over seks delar som kom ut 8.3.2019.

Bilderesultat for after life

Ricky Gervais vart eg først kjent med i rolla som verdas verste sjef i "The Office" for ein del år attende. Ein av dei første verklege tulledokumentarane, og som har fått ei rekkje avleggarar rundt om i verda.
Sidan den gang har han vore vertskap for diverse prisutdelingar, laga nye komiseriar, og gjort seg bemerka som profilert dyreaktivist og ateist.

Han er med rette rekna som ein av dei beste britiske komikarane dei siste tiåra.

Men aldri har han laga noko så bra som "After Life".

Gervais spelar hovedrolla som enkemannen Tony i denne svarte komiserien, som han også har skreve manus til og produsert.

Handling:
Tony sit att som enkemann på ca. 45-50 år etter at kona hans døydde av kreft. Dei var barnlause, men levde eit svært godt liv isaman. Når kona så døyr, så fell Tony inn i ein djup og alvorleg depresjon, med sjølvmordstankar og generelt mørkt syn på livet.
Hans einaste gode venn er hunden som han gav til kona i gåve nokre år før ho døydde, og ellers får han dagane til å gå på ymse vis. Bl.a. har han ein slags jobb i ei lokalavis, der han må slite seg gjennom den eine meiningslause utereportasjen etter den andre. Sjefen i avisa er også hans svoger, kona sin attlevande lillebror.
Dei andre ansatte i redaksjonen er bl.a. den nyansatte Sandy, som Tony skal lære opp i journalistikk, og ikkje minst fotografen Lenny som er med ute på dei absurde oppdraga.
Av andre viktige personar i serien kan vi også nemne annonsesjefen Kath, heroinbrukaren Julian, prostituerte Daphne, pleiaren Emma og ei eldre enke som Tony treff på kyrkjegarden, Anne.

Tony er ein vandrande katastrofe med sitt konstant dårlege humør, bitande replikkar og fornærmingar til alt og alle. Alt han vil er eigentleg å døy, men det kan han ikkje fordi han må mate hunden. Saknet etter kona er enormt, og i ei rekkje tilbakeblikk får vi sjå kor mykje ho betydde for han.

Heile serien, som kun har ein feil; Den er altfor kort, pågår i løpet av nokre sommardagar i ein typisk engelsk småby. Episodane er på 27-30 minuttar, og det er ein av svært få seriar som eg har sett i stort sett eitt jafs, "The haunting of Hill house" er den andre.

Kvifor er denne serien så god?
Ja, den er ustyrtleg morsom og beksvart i all sin sorg og nedturar. Tony er som vi har forstått ikkje noko dydsmønster, og gjer og seier haugevis med ting som einkvar annan person ville holdt seg lysår unna.
Skodespelarane er fantastiske. Hadde eg ikkje visst bedre, så hadde eg trudd dette var ekte.

Og det er heile styrken ved serien.

Eg VEIT korleis Tony har det. Rett nok har eg klart å holde meg unna sjølvmedisinering i form av heftig drikking, hasj og heroinrøyking, men mykje av det andre er lett gjenkjenneleg:
Det meiningslause av å sitte att utan ein djupt sakna person, dystre tankar, det å gløyme ALT, konsentrasjonsvanskar, søvnproblem, ønsket om at andre skulle få kjenne ein smule på kor innihelsike ille livet er og you name it.
Dette er slikt som ein person med depresjon kjenner seg att i. Og det er det som gjer denne serien til den geniale saken som den er.

Det å kjenne seg igjen. Det å FØLE korleis Tony har det, og VITE det samstundes.




Høgdepunkt: Oi, det er mange. Men det å ta med ein  djupt deprimert person på Stand-up er kanskje ikkje noko god ide?
Lavmål: Ingen.

Årets desidert beste TV-serie så langt. Eit sant meisterverk om korleis det er å være deprimert.



Bilderesultat for terningkast 6

mandag 4. mars 2019

Hold the dark - filmomtale

Amerikansk thriller fra Alaska, midt i eit landskap som henta fra "Ødemarkens menn".
Er dette vel anvende minuttar å bruke på ei fredagsnatt?
Hold the Dark.jpeg
Thrillerfilmar fra litt meir uvande miljø, dvs. borte fra storbyar som New York og Los Angeles kan være svært underholdande, så sant dei har ein smule originalitet å by på.
Det har denne saken fra 2018, gitt ut på Netflix i fjor haust.

Plot:
Vi befinn oss i eit vinterleg Alaska, nokre veker før jul i 2004. Dagane er korte, nettene kalde og folk som har valgt å busette seg utanfor delstatshovedstaden Anchorage glir inn i ein slags guffen mørketidsdepresjon.
Til dette dystre landskapet kjem forfattar, forskar og ved eitt tilfelle også ulvejeger, Mr. Core. Han vert beden om å komme da ei heimeværande soldatkone har mista sonen sin til ein ulveflokk. I tunge tider kan nemleg ulvar angripe menneske, og ho synes ikkje lokalbefolkninga kan hjelpe ho tilstrekkeleg. Det er også to andre born som skal være tatt av ulvane siste åra.
Dessutan må ho ha noko å vise fram til ektemannen Vernon (Aleksander Skarsgård) som er drapsmaskin i Irak.
Men mystiske ting byrjar å skje. Soldatkona forsvinn, og så kjem Vernon heim. Og han er ikkje til å spøke med. Alliert med ein venn og far til ein av dei andre ungane som er borte, så byrjar eit til tider  brutalt blodbad.

Det går ikkje i ekspressfart i denne dryge to timar lange saken. Innimellom er det omtrent null som skjer. Det er mørkt og dystert, og vi får møte fleire personar i filmen som ikkje verkar til å være der for anna del enn å bli... ja.... likvidert.
Men dette er ingen dårleg film, til tross for at det går tregt til tider. Det er heller ikkje noko meisterverk innan thrillergenren, men heilt grei tidtrøyte ein sein kveld.
Rett nok er det nokre openbare logiske manglar her og der, og politiet i denne avsidesliggande delen av Alaska, kan ikkje seiast å være høgkompetent akkurat.
Det får vi heller leve med. Vi lever også godt med at filmen ikkje er spelt inn i Alaska, men i Canada.

Filmen er som sagt treg, men den er også brutal. Her er ikkje eit liv mykje verdt, og eg mista ganske kjapt tellinga på døde personar, inklusiv nokre korte scenar fra Irak.
Hovedpersonen, Mr. Core, (Jeffrey Wright), seier ikkje så mykje, men utfra det han opplever i Alaska; Kven kan klandre han?

Høgdepunkt:  Psykopat Skarsgård har iallfall ein smule rettferdssans, noko han viser ettertrykkeleg i Irak.
Lavmål: Politiet i avsidesliggande deler av Alaska har openbart null trening i korleis ein skal pågripe farlege personar.


Konklusjon: Lavmælt, nesten treg, men godkjent thriller fra kald ødemark som er heilt grei å bruke ein kveld på. Den har fått rimeleg gode kritikkar, fortjent nok.

Bilderesultat for terningkast 4