torsdag 21. februar 2019

Velvet Buzzsaw, filmomtale

Ikkje kvar dag ein kjem over ein satirisk horrorfilm fra kunstmiljøet i det øvre inntektsnivået....
Kan ein slik bakgrunn i det heile teke være noko å satse på?

Velvet Buzzsaw (2019 poster).png

Velvet Buzzsaw vart lansert på Netflix 1. februar, og omsider fekk eg somla meg til å ta ein kikk.
Grei rolleliste som inkluderer Jake Gyllenhaal (Han vert aldri så bra som i "Donnie Darko" likevel), John Malkovich og Rene Russo.

Plot: Kunstkritikar Morf (Gyllenhaal) skriv saftige anmeldingar av diverse utstillingar i det øvre prissjikt i Miami Beach. Han er dyktig, men også frykta, avdi hans anmeldingar kan bety vinn eller forsvinn i dette forunderlege og svært sjølvsentrerte miljøet. ALT handlar om pengar og status.
Morf er ultrahomofil, men finn det likevel ok å hoppe i bingen med ein kvinneleg assistent fra eit slikt kunstgalleri. Eigaren av galleriet, Rhodora, (Rene Russo) er tidlegare rockemusikar i bandet Velvet Buzzsaw, med ein passande tatovering på skulderen....
Assistenten hennar, Josephina, kjem så over ein død mann i blokka ho bur, og finn at han var kunstnar. Han etterlet seg ingen arvingar, men ein katt og mengder med mildt sagt oppsiktsvekkande kunst.
Josephina vil imponere sjefen sin, og tek med seg kunsten til den døde for å vise ho dette.
Ikkje lenge etterpå byrjar ting og skje....
Kunstnaren var nemleg ikkje heilt  A4 for å sei det forsiktig, kanskje slik som kunstnarar flest.

Velvet Buzzsaw er noko så uvant som ein høgst brukbar grøssar fra Netflix. Mykje av det som kjem fra straumekjempa er heller middelmådig, men dette var bedre saker. Ikkje noko meisterverk, men likevel lysår bedre enn den vanlege dusinvara som kjem derfra.

Jake Gyllenhaal er som alltid bra og går fra å være skikkeleg usympatisk "dirt-bag" til å bli den einaste som du faktisk ynskjer skal overleve. Det øvrige persongalleriet består stort sett av bedritne pappfigurar som ein nesten håpar skal bli knerta på eit eller anna vis.

Filmen har fått heller gode kritikkar fra t.d. Rotten Tomatoes, og er absolutt verdt eit besøk.
Det er av dei bedre 113 minuttar eg har spandert på Netflix siste året.

Høgdepunkt: Apekattar. Du forstår det når du ser dei.
Lavmål: At Morf går fra superhomo til hetro sexmaskin i løpet av fem minuttar.
Men det er kanskje slik det er i sjølvopptatte statusmiljø? Man tager det man haver?


Grei underholdning!

Bilderesultat for terningkast 4

The Meg, filmomtale

B-filmar kan være hysterisk morsomme. Eller dei kan være irriterande. Berre fordi det er skrikande manglar av eit eller anna slag.
Kva er så "The Meg"?

The Meg 2018 film cover.png

Vi har hatt t.d. Piranha og Sharknado, begge må seiast å være B-filmar, utan at det treng å være eit minus på underholdningsverdien.
I fjor haust kom så "The Meg", som er ein høgbudsjetts B-film.
Dette er påkosta effektmakeri av brukbar kvalitet, men samstundes er logikken fraværande og hola i det såkalla "plotet" er så himmelropande enorme at ein kan plassere t.d. ein utdødd monsterhai i dei.

"Plot" (Ja, gåsauga er heilt bevisst):
På botn av Marianegropa i Stillehavet (Verdas djupaste havdjup på nesten 11000 meter) vert det oppdaga at botn kan trengast igjennom, og at det under der befinn seg eit heilt særeige økosystem. Botn på verdas største havdjup var altså ikkje botn likevel, men ei slags sørpe.
Ein privateigd plattform ute i Stillehavet sender ut nokre ubåtar for å undersøke dette nyoppdaga systemet, omtrent som det skulle være ein liten hyttetur langs sjøen.
Ikkje overraskande skjuler det seg noko stort og skummelt nede i djupet. Kven skulle vel ha gjetta at dette var den utdøydde haiarten Megalodon? Ein skrekkfisk på 25 meter, som rett nok var ein ekte skapning for eit par millionar år sidan, men som forlengst er anteken utdøydd. Dette monsteret har altså overlevd på over 11000 meters djup, og nå har det blitt hol i  sørpa som skil den fra resten av verdshava.
Skulle du ha sett; Monsterhaien dukkar opp, rett attmed plattforma, og set kursen nokre tusen kilometer mot fastlands-Kina for å gafle i seg nokre badegjester.
La oss håpe at våre heltar klarer å stoppe haien før den kjem fram....


Absolutt ALT er feil i denne filmen. Alt fra helikopterturar som er fleire tusen kilometer, og som tek kun minuttar å flyge, til ubåtar som utan besvær tek seg ned på dei enorme havdjupa, utan å ense trykket som er på slike stader.
At haien klarer å symje 3000 km på ein dag eller to er heller ikkje å bry seg noko om.

Som vi ser; Her er ikkje truverde satt i høgsetet. Derav genren B-film.
Dette er rein underholdning.

I rolla som tøffing finn vi Jason Statham som Jonas. Eksubåtkaptein med indre demonar og stor sans for øl. Forutan han dukkar Rainn Wilson fra den amerikanske versjonen av "The Office" opp som steinrik plattformeigar, samt ei rekkje meir eller helst; mindre, truverdige personar i enda mindre sannsynlege roller.
ALT er som sagt heilt blåst her. Det er ikkje snev av tankeverksemd, men underholdningsverdien er OK. Dette fordi det er ein påkosta sak, og som har dratt inn enorme pengesummar. Eg ventar eigentleg berre på del to, "The Megs"

Total hjernedød underholdning, javel, men hvis vi koplar ut alt som heiter vett og forstand, så er det ein viss glede i å sjå på 113 minuttar megalodon.

Høgdepunkt: Når haien brått dukkar opp utanfor glassvindauga i den nedsenka plattformen.
Lavmål: At den same haien har tålt reisa fra 11000 meter og opp til overflata utan tilsynelatande besvær i det heile teke.

Relatert bilde

søndag 3. februar 2019

Sykkelturar 2019, ein biletkavalkade


NYTT ÅR, NYE SYKKELTURAR:





JANUAR


3. januar var det på tide å ta seg ein liten tur ut i finværet.

5. januar var framleis ikkje piggdekka komne på, så da måtte eg snu frammi grustaket. Tok ikkje sjansen på å reise lenger på glatta.

Div. tunnelarbeid set sine begrensningar, så vi får håpe at dei klarer å få til ei meir effektiv framdrift utover våren. Ikkje minst slik at vi kan få sykle utanfor tunnelen igjen. Men rakk ein tur til Marifjøra 5. januar.

12.januar var piggdekka omsider komne på, 
og kva er vel da meir naturleg enn å ta ein tur inn på Nes?



FEBRUAR

9. februar rakk eg ein liten hostetur innpå Nes. Framleis snø og litt glatt.


15.2. rakk eg ein liten ettermiddagstur inn til Markstein. Lyst her, men ganske mørkt når eg var komen heim 50 minuttar seinare. Greit å ha godt lys!



Søndag 17.2.2 vart det omsider ein tur inn i Luster. Nå var vegen tørr og isfri heile distansen, 
og det er eigentleg like greit.

Ein stille og roleg søndag i februar....

20. februar gjorde vinteren eit lite comeback, men litt snø og vind kan ikkje stoppe ein onsdagstrim.




MARS

3.3. tok eg ein kjapp liten kveldstur oppi Røslebakkane og Judassvingen. 
Fra denne vinkelen ser det nesten ut som ein bur i ein liten by.


17.3. var det på tide å teste crossdoningen framover Jostedalen ein liten snue. Våren er rett nok på veg, men ikkje heilt sommar enda.


I fjor var det to meter brøytekant på denne tid. Adskillig mindre snø pr. midten av mars 2019.


Også på Ormbergstøl var det mykje mindre snø enn året før. 


Av og til føretek ein turar som er heilt impulsive. Dette var ein slik. Opp i Engjadalen ein kveldstur 28.3.

Med sommartida verka det som finværet kom også. 31.3. vart det ein fin liten tur i like fint vær. 



APRIL


 2. april vart det tid til ein kjapp liten tur langs #thefjord. Nytta høvet til nokre fotostopp og avstikkarar her og der.


På Solstrand var det dessverre inga sol denne dagen, tvert om ganske vindfullt og kjølig. 


5.4. rakk eg årets første solskinnstur bort på Sørsida ein liten bit. Vindstille og sol. Alle dagar burde vore slik som dette.  



Kor mange toppar på over 2000 meter kan vi eigentleg sjå fra fjordnivå? Neppe så mange, men Fanaråken som vi ser lengst vekke på dette bildet fra 2.4. er ein av dei få.


Mandag 8.4. tok eg grussykkelen med på litt morosykling ein kveldstime. Og kvifor ikkje reise ned i nabolaget for å sjå på vårstemninga? 



Fram til dynamittlageret pr. 8.4. 2019 var det fin og fast grusveg, men vidare framover ser det heller problematisk ut for to hjul.