lørdag 12. januar 2019

Filmar som alle må sjå

Eg likar å sjå film. Ikkje alt mulig ræl, men gode filmar er topp tidtrøyte.
Dei litt eldre filmane som er på lista har tålt tidas tann, og nokre av dei er ganske nye.


Etterkvart som åra har gått, så har ein sett masse. Veldig masse....
Og veldig mykje er bra, nokre har vore dårlege, og nokre ytterst få stiller i klasse "WOW".
Og fra sistnemnde kategori kjem desse:
(Ingen grunn til å frykte manglar, det kjem fleire. Så snart eg har tid...)

"2001: A space odessy" USA/UK 1968
A painted image of a space station suspended in space, in the background the Earth is visible. Above the image appears "An epic drama of adventure and exploration" in blue block letters against a white background. Below the image in a black band, the title "2001: a space odyssey" appears in yellow block letters.
Stanley Kubrick meisterverk, eit aldeles fantastisk science-fiction drama på 140 minuttar, der det er lite snakk, men desto meir banebrytande filmeffektar og spenning.
Hvis du likar sci/fi og ikkje har sett denne, så har du gått glipp av den kanskje beste av dei alle.




"A clockwork Orange", USA/UK 1971
A Clockwork Orange (1971).png






















Vi fortset likegodt med ein annan Kubrick-film. Det er faktisk tilfeldig, men viser vel berre at kvalitet er ikkje alle forunt.
Ein noko dyster framtid ventar oss i denne filmen over 136 minuttar, prega av ein ung megavoldleg tulling som likar voldtekt, ultravold og Beethoven...
Ikkje noko for kven som helst.


"Annihilation" USA/UK 2018
Five women, all armed, in a forested area
Av og til, altfor sjeldan kjem det filmar som er så fantastik gode. Denne sci-fi/grøssaren fra i fjor er antaglegvis noko av det beste innan genren på årevis. 115 minuttar rein fascinasjon.
Og så Natalie Portman da.


"Stalingrad" Tyskland, 1993.
Stalingrad film.jpg
Krigsfilmar fra WWII er best når dei er tyske. Og dette er kanskje den aller beste krigsfilm eg har sett, saman med eit par andre som kjem lenger nede i posten... 134 minuttar død og fordervelse fra det tyske felttoget i Stalingrad. Happy ending? Neppe.


"28 days later" UK 2002.
28 days later.jpg
Zombiefilmar er kult. Men dette er ikkje om zombiar, men om infiserte. Big deal. Dritskummel britisk post-apokalyptisk film på knappe to timar som fekk ein brukbar oppfølgar nokre år seinare.


"Watchmen", USA 2009
A rainy New York City. Six people, five men and one woman, stand there, all but one: a masked man in hat and trench coat, staring at the viewer, a muscular, nude and glowing blue man, a blonde man in a spandex armor, a man in an armor with a cape and wearing a helmet resembling an owl, a woman in a yellow and black latex suit, and a mustached man in a leather vest who smokes a cigar and holds a shotgun. Text at the top of the image includes "From the visionary director of 300". Text at the bottom of the poster reveals the title, production credits, and release date.
Tegneserien som ikkje kunne la seg bli filmatisert. Men så vart den det, og resultatet vart kanonbra! OK, den er ikkje så bra som tegneserien, men det var ikkje å forvente. Sjekk ut begge deler! Og ja, det er Negan fra The Walking Dead som er med. Eller skodespelaren da.



"Panserkrysseren Potemkin" Russland 1925.
Vintage Potemkin.jpg
Ok, det er ein snart 100 år gamal stumfilm. Og den varer berre i 75 minuttar. Og det er rein propaganda, iallfall sett i ettertid.  Men denne filmen innheld ein av filmhistorias mest kjende scenar, og det å styre alle dei statistane og dei slagscenene er uansett ein imponerande jobb.


"Der Untergang" Tyskland, 2004.
Der Untergang Downfall poster.png
Er dette den beste skodespelarprestasjon nokon gong? Bruno Ganz hausta fortjent ros fra heile verda for si tolkning som diktator-Hitler i sine siste dagar. Meir eit drama enn ein krigsfilm kanskje, men med nok elendigheit i Berlin for det. To og ein halv time episk krigsdrama.


"It" USA 2017
A child in a yellow raincoat standing still with a red balloon above him
Langtfra alle Stephen King bøker blir til gode filmar, dei færraste faktisk. Men denne skrekksaken på godt over to timar er eit svært hederleg unntak. Ein av dei beste skrekkfilmar på maaaaange år.
Ventar berre på del II nå, og den kjem til hausten.


"Apocalypse Now" USA 1979
Apocalypse Now poster.jpg
Den beste Vietnamfilm EVER! Gitt ut i fleire versjonar, men ta med den med dei franske plantasjeeigarane og Playboymodellane. Basert på ei bok fra det mørkaste Kongo fra 1899, og plassert inn i krigsmarerittet i Indokina. 153 minuttar "jaw-dropping".


"Blade Runner" USA/Hong Kong 1982
Collage of a man holding a gun, a woman holding a cigarette, and a futuristic city-scape.

Opphaveleg ingen storsuksess, lausleg basert på ei bok fra 1968, men har i åra etterpå vorte hylla som eit slags krim/sci-fi drama av toppklasse. To timar og utgitt i ei rekkje versjonar. Fekk omsider sin etterlengta oppfølgar i 2017. PS: Handlinga føregår i 2019, og det er grunn god nok til å sjå den.

"The Third Man" UK 1949
ThirdManUSPoster.jpg
Det fins filmar som er banebrytande, og kan skape ein heil genre åleine. Dette er ein slik. Med handling fra eit desillusjonert Wien like etter 2. verdskrig, satte denne filmen ein heilt ny standard for teknikk, lyssetting og ja... stort sett alt. Nemnde eg musikken? Nei. Musikken. Temamelodien.
108 minuttar som einkvar filmgeek garantert har sett.


"The good, the bad and the ugly" Italia, 1966
Good the bad and the ugly poster.jpg
Westernfilmar har aldri vore så bra som denne. OK, den er spelt inn i Italia og Spania, men resultatet vart uansett eit nesten tretimars episk drama med handling fra slutten av den amerikanske borgarkrigen. Vi følgjer dei tre tittelkarakterane gjennom filmens mange storslagne scenar, og lurer til sist på om "den gode" var så god likevel.


"The wild bunch" USA 1969
The Wild Bunch.JPG
Med handling fra 1913 er kanskje ikkje dette ein "ekte" western, meir ei skildring av nokre tilårskomne bandittar som ikkje heng heilt med i utviklinga. I si tid ein megavoldleg sak, gjerne i sakte kino, som var regissør Peckinpah sitt varemerke. Nesten to og ein halv time, først sett på kino i Ungdomshuset i Gaupne...jøss...


"The Godfather" USA 1972, og "The Godfather II" USA 1974
"The Godfather" written on a black background in stylized white lettering, above it a hand holds puppet stringsGodfather part ii.jpg

Desse må takast med i eitt. Tilsaman dryge seks timar med mafiadrama fra mester Coppola, og med skodespelarar i ultraklassen. Har du ikkje gidda å sjå desse seier du? Da er du ikkje filminteressert, og bør holde deg til "Home and away".






lørdag 5. januar 2019

Film og TV, julehelga 2018

Kva har vi gjort på i jule og nyårshelga? Forutan dei vanlege matmengdene ein han stappa i seg.
Såklart, cyclocross på streaming, det er jo obligatorisk for einkvar vintersportsinteressert, men forutan det:

Ein ny skummel TV-serie, og nokre filmar av ymse kvalitet.

Vi byrjar med det beste, TV-serien "The haunting of Hill House".
Høyres tittelen kjent ut? Ja, og det er fordi den er filmatisert to ganger tidlegare. Først i 1963, ein sjarmerande liten svart/kvitt sak, og deretter i 1999. Sistenemnde var mildt sagt grusom, og må aldri sjåast att. Hjelpe meg for ein dårleg film!
TV-serien derimot, da snakkar vi.
The Haunting of Hill House.jpg

Normalt er eg ingen stor fan av spøkelsesfilmar og seriar, føretrekk zombiar, men gjer eit unntak for denne. For dette var bra!
Det er Netflix som har rettane til serien, som vart lagt ut nå i haust. Den består av ti delar, og vekslar mellom "da" som er 1992, og "nå" som er 2017. Vi treffer dei same folka i begge periodar, ein familie som flyttar inn i eit stort hus for å renovere det og deretter cashe inn gode kroner. Familien, som består av to vaksne og fem born, deriblant eit tvillingpar, skal etterkvart få langt større utfordringar enn lekkasjar og mugg i kjellaren å stri med.

Serien er heller stillferdig, men er prega av ein slags underfundig og skummel stemning som ein liksom ikkje klarer å sette fingeren på. Og ja, det er ein og anna BØ!-scene, men det er langt mellom dei, og serien lever ikkje på slike scenar åleine.

Det er laaaaangt mellom kvar gang eg nærast "bingewatchar" ein heil serie, men dette blir vel det næraste eg kjem. Såg alle ti episodane på fire-kveldar. Eller rettare; Netter.
Dette er ingen serie for dei lettskremde, for stemninga er ganske så creepy til tider, og dei som har engstlege born i heimen, kan godt sette på foreldrekontrollen.
Som sagt er det lenge mellom dei gangene ein hoppar i sofaen, men når dei først dukkar opp, så skal eg love at da kneggar ein godt etterpå. Serien var mykje meir ein gåsehudserie, skikkeleg bra på det viset!
No får vi berre håpe på at serieskaparane ikkje skal mjølke kroner for alt det er verdt, og at ein evt. sesong to ikkje vert eit hastverksarbeid. Så bra var nemleg dei ti episodane, at den fortjener kun det beste til å følge opp. Kanskje berre la serien bli slik som den er? Utan oppfølgarsesong?

Antaglegvis fjorårets beste TV-serie!
Klart terningkast
Bilderesultat for terningkast 5



Jula og nyårets mest omtala film er Bird Box.
Bird Box (film).png
Eg hadde lest omtalane, og sidan eg alltid har ein viss sans for litt påkosta dommedagsfilmar, så kvifor ikkje? Gode kritikkar hadde filmen fått også, så eg kasta meg over denne, dagen etter premieren på Netflix.
Sandra Bullock spelar hovedrolla som den gravide, og etterkvart også småbarnsmor, Malorie. Som i den før nemnde TV-serien, så er det også her nokre sprang mellom "Før" og "Nå". Sidan opninga i filmen er slik som den er, så VEIT vi iallfall ganske så tidleg kven som skal overleve fra "Før"....
Vel, Malorie, som sagt spelt av den nå 53 år gamle Bullock, ventar som nevnt barn. På sjukehuset følgjer ho og søstra med på nyhendesendingar fra Russland, der det openbart går ein sjølvmordsepidemi. Og skulle du ha sett, jammen kjem epidemien til deira by også! Det skjer ganske så fort, og Malorie må søke tilflukt i ein villa saman med diverse andre personar.
Det viser seg så at "eit eller anna" får alle som ser "eit eller anna" til å ta livet sitt. Kva dette "eit eller anna" eigentleg er, får vi aldri heilt vite. Synd, kunne godt ha tenkt meg litt meir hint om det.
Men dagar og veker går, månadane kjem og livet i villaen vert litt anstrengt etterkvart.
Nokre personar viser seg også å være immune mot dette "eit eller anna", eller kanskje dei vert kontrollert??? Desse personane skal etterkvart lage mykje bryderi, og Malorie må rømme, noko som ikkje er så lett, når ein må gå med bind for augene heile tida. Så ja, det er herfra den småtullete "Bird-box challenge" stammar fra.

Er det ein god film? Tja, slett ikkje ille. Opninga minna meg om The Happening fra nokre år tilbake, men Bird Box vert litt for tam synes eg. Det er grei underholdning ein førjulskveld, men ikkje noko som eg gidd sjå fleire ganger.
Nokre plot er berre litt for dumme, og eg klarer ikkje heilt kjøpe det at Bullock skal spele gravid og småbarnsmor.
Den første halvtimen er best, så går det eigentleg litt for lenge mellom høgdepunkta. Som sagt grei tidtrøyte.
Den skal få ein svak
Bilderesultat for terningkast 4





Meir postapokalyptisk drama!
Ikkje udefinerbare vesen nå, men derimot våre gamle favorittar, zombiar, eller rettare, ein slags etterlikning i form av infiserte. Antaglegvis left-overs fra knallfilmen "28 days later".
"The girl with all the gifts" er ikkje ein ny film. Den kom i 2016, men eg har ikkje fått somla meg til å sjå den før på 2. juledag.
The Girl with All the Gifts poster.jpg
Vi befinn oss i England, og nasjonen består stort sett av infiserte, gale kannibalar. Mange av scenane i filmen minna meg mykje om den nemnde "28 days later" og den litt svakare oppfølgaren "28 weeks later".
Vi har springande infiserte som angrip alt som rører på seg, vi har militære som skyt heller enn å tenke, og vi har nokre få som klarer seg gjennom alle vanskane som måtte dukke opp. Tvisten er sjølvsagt at vi har ei ungjente som hovedperson, ei jente som kan løyse alle problema, i form av vaksine. Dvs. jenta må bli ein del av vaksina, og det vil ikkje den snille læraren hennar gå med på slik utan vidare...
Det er såleis duka for mengder av infiserte, ein heil del skyting, og nokre tilfeller av "puh, det gikk bra nå også". Iallfall går det bra fram til så og så langt.
Filmen er på sitt beste i byrjinga. Etterkvart som verda gikk meir og meir til helsike, så vart det ikkje så spennande lenger, og plotet med ein gjeng bastardliknande born, var i beste fall "uheldig".
Filmen har fått ganske så gode kritikkar, men eg syntes ikkje dette var så all verda å rope hurra for, men holdt da ut i 110  minutt.
Ein litt småkjedeleg postapokalyptisk sak som ikkje fortjener meir enn
Bilderesultat for terningkast 3








Da er det klart for siste film, og det var den britisk/amerikanske saken "Apostle" fra 2018.
Netflix slapp den laus nå i oktober, og filmen har fått gode kritikkar. Den vert skildra som ein "horror-film", noko som KAN være bra, men som oftast ikkje.
Apostle poster.jpg
Vi skal tilbake i tid, nærare bestemt til ei litt avsidesliggande øy utanfor Wales i 1905.
Vi vert kjend med Thomas Richardson, som reiser ut til øya saman med andre kristne som ikkje lenger kjenner seg velkomne på fastlandet. Thomas, derimot, skal ut for å finne si kidnappa søster, som det sektliknande samfunnet tok med seg for å finansiere landbruksdrifta si. På den heller karrige øya, er det nemleg ganske så frodig, men det har sin pris....
Øysamfunnet vert styrt av tre fromme menn, men Thomas finn straks ut at noko ikkje stemmer. Kven skulle vel ha gjetta det?
Vår helt har sine indre demonar å stri med, men får også meir handfaste problem etterkvart. Ei slags fruktbarheitsgudinne viser seg å sørge for god jord, men kva treng ho for å få det til å spire og gro slik montru? Det skulle vel ikkje være..... blod....?
Som i dei to tidlegare filmane, så er det den første delen som er klart best. Faktisk har dette alle element i seg til å bli ein guffen sak, men så skilr det over i det reint parodisk groteske.
Sorry, det vert for blodig, det vert for usannsynleg, det vert berre ...dumt... og ikkje skummelt lenger.
Toppen vert nådd i ei aldeles grusom og langvarig drapsscene på slutten, som er så urealistisk at eg byrja å gjespe. Beklager, eg har sett mykje bedre drap på film før, med mykje mindre blod.
Det som altså byrja som ein litt skummel sak, med stort potensiale, druknar altså i urealistisk blod og gørr. Dette er ikkje skummelt, dette er ikkje morsomt. Det er altså berre kjedeleg.
Så, hvis du likar filmar med skumle sekter, meiningslaus tortur og drap, så kan det kanskje falle i smak. For meg vart det berre ein orgie i vold på slutten, og det har eg sett bedre mange ganger før.
Denne fortjener ikkje meir enn
Bilderesultat for terningkast 2



The Babadook.
Sidan eg ikkje rakk all omtalen forrige natt, så får eg føye til denne i kveld.
The-Babadook-Poster.jpg
Den australske filmen Babadook er nokre år gamal nå, laga heilt tilbake i 2014, men først nå fekk eg altså tid til å sjå denne lågbudsjettssaken.
Litt om handlinga i denne såkalla psykiske skrekkfilmen: Amelia er ei ganske så utslitt åleinemor, som slit med ein livredd son, og dertil søvnlause netter.
Ein dag får sonen tak i ei underleg bok om skapningen Babadook. Han er ein slags overnaturleg skummel figur, med lange negler og flosshatt. Heldigvis er han kun ein figur i boka. Eller; er han eigentleg det??
Kaaaaanskje det er slik at han faktisk dukkar opp? Dersom vi trur nok på alt det skumle i boka?
Kan han dukke opp dersom vi les boka også?
Ingen overraskelsar her altså, men stemninga i filmen er litt småekkel likevel, sjølv om det vert litt for mykje tullball innimellom.
Hovedrolleinnehavar Amelia, spelt av Essie Smith, gjer ein god jobb som utslitt mor, men forutan sonen i huset er det heller intetsigande figurar som er med. Alle andre framstår som pappfigurar som du nesten ynskjer skal bli utsatt for "The Babadook".
OK, det er minibudsjett, og det synes, vi får ta det i betraktning.

Mesteparten av filmen føregår inne i åleinemora sitt altfor store og ikkje akkurat nyoppussa hus. Eikvar åleinemor ville vel solgt denne digre rønna og skaffa seg eit moderne husvære i ei blokk eller noko, men det hadde kanskje ikkje medført like skumle kjellarar og loft. Noko må ein jo ha som gjer filmen skummel også!
Kritikkane har vore veldig gode, og med tanke på kronene som var til disp, så har regissøren gjort ein ok jobb.
Dette blir ikkje nokon klassikar innan skrekkgenren, men duger såvidt til kveldskos.

Den fortjener ein
Bilderesultat for terningkast 3