lørdag 6. oktober 2018

Lustrabakkar 2019

Lustrabakkar 2018 er avslutta. Premiar er utdelt, og vinteren kjem dessverre imot oss dette året også.

Difor er det viktig å finne noko som kan halde livsgleda oppe, og det gjer vi ved å tilby ein gamal kjenning, og fem nye bakkar som alle Lustrasyklistar kan prøve seg på til neste år.

Nr. 1:
Den gamle kjenningen er Neshøgdi, og den kjenner alle veldig godt. Det er den mest besøkte stigninga i heile kommunen. Nærare 1500 personar har "bestege" denne bakken. Bakke av klasse 4.



Nr. 2:
Røslebakkane climb. Kun 12 personar har teke denne kilometerlange turen opp Røslebakkane. På desse tusen metrane stig det 79 høgdemeter. Snittstigning er 8%. Rekorden er fra 2014 og er på 3:26.
Ikkje så lang altså, men sikkert mogleg å få opp pulsen for det. Stigninga startar heilt nede i krysset Gardavegen/Røslebakkane. Bakken har havna i klasse 4.


Nr. 3:
Lambhaug-Høgi. 1,8 km. lang, 135 høgdemeter. Det gir 7% i snitt, men som vi alle veit, så er det her eit område som har unnabakke, noko som gjer at det vert adskillig brattare på slutten.
Ca. halvparten av distansen er på grus. Kvar einskild får velge kva type doning som skal nyttast.
Kun 18 personar har tatt denne turen, og rekorden er på 6:04 og er fra 2018.
Bakken er plassert i klasse 3 på min private skala.




Nr. 4:
Opheim Climb. Vi held oss på Indrebøgdi. 2,9 km. lang, 236 høgdemeter. Snittstigning på 8%. Rekorden er på 11:45, og er satt i fjor. Dette er enda ein nesten gløymt bakke, da berre 14 personar har teke turen. Denne er plassert i klasse 2 på skalaen min.



Nr. 5:
Harastølen. Nå som det skal bli hotell og greier der oppe, så kan vi vise litt solidaritet ved å ta denne turen på 5 km. og 497 høgdemeter. Det betyr knappe 10% i snittstigning.
Vegen er tildels svært skral, men oppover skal det gå greit med landevegssykkel. Nedatt: Pass på!
71 personar har teke utfordringa opp til Harastølen, rekorden er på 21:09 og vart satt i 2015.
I utgangspunktet er dette ein bakke som er litt for lett til å havne i verste kategori, men sidan vegdekket er så ymse, så plasserer vi den der likevel. Hugs å starte fra rett plass!
Plassert i klasse 1.



Nr. 6:
Vanndalsvegen. Vi har spart det beste til sist. Vanndalsvegen er klassifisert som HC-stigning av Strava, men for å gjere det litt lettare for meg, så får denne og Harastølen same klasse.
Den er 8,8 km. og stig 827 høgdemeter. Det gir eit snitt på 9%. Asfalten er grov og ikkje av ny dato. Kun 14 personar er registrert med Stravatid opp her, og rekorden er på 39:35, og vart satt i sommar.
Årets mest suverene klasse 1 bakke. 



"Konkurransen" startar 1.1. og sluttar 1.10.2019. Oppdateringar som for "Lustrabakkar 2018".
Og hugs: Er det ikkje på Strava, så har det ikkje skjedd.

Lukke til!