fredag 21. september 2018

Topptrimmen 2017 - 2019, oppsummering

Det er rett nok eitt år for tidleg, men har ein gjort seg ferdig, ja så er ein ferdig.

Ein fin sommar i 2017 der vi rakk sju toppar på to månader, vart avløyst av ein enda finare sommar i 2018, og da var det eigentleg inga grunn til å utsette turane lenger.
Faktisk var det vel heller slik at sommaren 2018 vart så fin at det var nesten FOR varmt til å slite seg opp på dei toppane som stod att.
Eksempelvis kan eg dra fram turen vi hadde til Gruvefjell nå i juli.
Da var det kokvarme, og med dette, så følgjer stort væsketap.
Da smakar det sjølvsagt med nokre slurkar kaldt og godt fjellvatn?
Men vatnet som rant i elvar og bekkar denne julidagen var ikkje kaldt og godt. Det var meir lunka, og egna til å bade i, framfor å drikke.

Det er likevel ikkje grunn til å klage. Kan aldri sutre over varme og fint vær, når vi veit kor mørk og kald ein vinter kan bli.


Kva vart den finaste turen?
Det må ha vore den lange turen til Gravdalstind. Godt over ti timar var vi borte fra bilen på dei dryge 24 km. vi måtte gå denne laurdagen i slutten av august 2017.
Men det var ein makelaus flott tur.
Med start på Sognefjellshytta, og så var det berre å følge den mykje brukte, lette og fine stien mot Utladalen og Skogadalsbøen. Iallfall eit stykke.
Nesten ni kilometer måtte vi gå før det byrja å bratte til, fra ca. 1400 moh, og opp til toppen 700 høgdemeter lenger oppe. Litt slitsomt var det jo, mykje ur og stein var det også, men var det verdt det?
Jepp. Vi sat i bar overkropp på over 2100 moh. Utan ei sky på himmelen. Knapt eit vindpust.Gradestokken viste 19 varmegrader.
Med eit utsyn som ein skal leite lenge etter for å oppleve.
Ein heil time sat vi der og gjorde ingenting. Utanom å sjå oss omkring....

Og dette er heile hensikta med å reise på slike turar: Finvær er eit must!

To veker før hadde vi hatt ein tur i litt meir ustabilt vær. Det var til Røneidseggi. Vi fekk ikkje regn, men det var kjølig på toppen, og kald vind.
Men nå er Røneidseggi en heller kort og grei tur. Aberet der er at skodde kan komme omtrent ut av ingenting i dette området.

Men har vi nemnt den flottaste turen, så må vi også nemne den "verste". Det var turen til Lioksli no i haust. Sjølve toppunktet var upåklagleg. Fin utsikt til tre dalføre og Lodalskåpa i bakgrunnen til tross: Sjølve turen kan ikkje seiast å være så fin. Ruta vi gjekk var lite beferda, det var bratt, rasfarleg og småkronglete eit stykke. Når ein så nemner at knea også likte lite den bratte nedattstigninga, så forstår ein kvifor denne toppen hamnar nederst på lista.
Det dårlege treningsgrunnlaget og bratte nedatturen medførte også svært stive bein i fem-seks dagar etterpå.


Men det er eigentleg inga grunn til å klage over å være tidleg ferdig med "oppdraget".
10 nye toppar ventar på oss! Og eg har såklart sjekka kva toppar som står på menyen fra sommaren 2020 og eit par år framover.

Nr. 1:
Nipa. Fra både stoveglas og kjøkenglas ser eg opp på Nipa. Eit fjell som til tross for at det berre er 867 moh, ligg så strategisk til at det hindrar oss for mange timar ekstra sol....
Dette er ein svært fin og lett tur, passar garantert for både stor og små. Sidan det går veg nesten til toppen, for å overdrive litt, så trur eg dette blir sykkel heimefra, for så å gå den siste stubben opp.
Garantert flott utsikt!

Nr. 2:
Bolstadnosi. Flott utsyn er det sikkert fra Bolstadnosi også, 923 moh. Har inga aning om kor ein skal starte fra, men om Rebni kanskje??

Nr. 3: Sippelhaugsnosi. Dette er nabotoppen til Surnasetnosi som vi har vore på før. Iallfall skal vi gå opp Krokadalen og følgje samme sti opp til stølen Sippelhaug. 1251 moh. er toppunktet, og høyres ikkje så ille ut, men her startar vi 50 moh. så det vert nokre høgdemeter likevel.

Nr. 4: Grånosi. Luster Turlag har plassert nokre toppar i nabolaget denne gangen! Det er mange fjell som heiter Grånosi, men dette er den som ligg Stordalen og Heggdalsvatnet på 1346 moh. Opp hit kan vi gå både fra Engjadalen og Røssesete. Sistnemnde kun hvis ein tør å køyre på den mildt sagt shabby vegen opp til Harastølen og vidare oppover.

Nr. 5: Kattøyra på 1411 moh. ligg ovanfor Dalsdalen eller Vigdalen, alt etter kor ein velgjer å starte fra. Trur det vert Vigdalen for min del, for da kan eg gå om stølen Drivande, ein plass eg aldri har vore.

Nr. 6: Grøndalseggi. Jammen ser eg denne fra kjøkenet også! Mellom Asbjørnsnosi og Hest ligg denne vesle piggen på 1423 moh. Kjem til å gå fra Leirdalen, og det ser ut som ein overkommeleg tur!

Nr. 7: Skurvenosi. Dette er også eit namn på fleire fjelltoppar i kommunen, og dette er garantert ein av dei tyngre toppane i denne bolken. Vi skal opp på 1450 moh, og startar heile nede i Mørkridsdalen. Må takast så fort som råd er!

Nr. 8: Liastølsbreakulen. Oppi Jostedalen, og no byrjar det å bli høgre toppar... Opp på 1678 moh. og eg kan tenke meg at startpunkt vert fra Gardshaugen og derfra opp til Sperlestølen og inn mot Vassdalen. Men det er berre noko eg trur altså. Kanskje ein skal gå fra Bakkedalen? Må høyre med lokalkjende før ein legg i veg. Sikkert storslage utsyn til Tunsbargdalsbreen.

Nr. 9: Greineggi. Kor er det spør du? Vi skal laaangt nord i kommunen, for dette er grensetopp til Skjåk, og på sørsida av Sprongdalen. Startpunkt vil eg tru vert fra Viva på vegen til Styggevatnet.
Toppen ligg på 1849 moh. men hvis vi startar på Viva, så vert det ikkje så ille.

Nr. 10: Nordlege Skagastølstind. Berre namnet inngir jo respekt! Såvidt meg bekjent ein av dei aller høgaste toppane som topptrimmen nokon gang har brukt, heile 2167 moh. Med startpunkt på Turtagrø, som synes naturleg, vert dette antaglegvis det lengste turen i denne bolken. Denne ser eg fram til! Ikkje sjølve turen kanskje, for det er visst berre stein og det er ganske så bratt, men utsynet herfra må være kanon.


Men fram til vi kan ta fatt på desse toppane, så får vi mimre litt om dei vi HAR vore på.

Fra Solvornnipa kunne vi sjå ned att i Barsnesfjorden fra ein uvand vinkel.

Den første toppen vart Leirbotnnosi. 

Til Kaldrasane var ein lang og fin tur.

Røneidseggi var kort og fort, mykje grunna det smågufne været på toppen.

Gruvefjell kan oppsummerast i eitt ord: VARMT!!


Lioksli. Fint når vi kom opp....Sjølve turen derimot: Not so much.

Bjørkanosi. Det som kunne blitt ille, vart veldig bra!

Gravdalstind. 2100 moh, 19 grader og vindstille...

Tausasva. Kort, og flott!

Tuftanovi. Har aldri vore så sliten etter ein topptrim før. Eller seinare.


søndag 2. september 2018

Topptrimmen 2017 - 2019, Bjørkanosi

Da var det gjort. Eitt år før skjema.
Dei ti toppane som Luster Turlag plukka ut for 30 år sidan, og som nå var komen til rullering, er alle "bestegne".

Den siste vart langtfra den verste, og det var Bjørkanosi i Fortunsdalen som stod på menyen denne laurdagen i september.

Turlaget har oppgitt Bjørk som startstad for denne turen, nærare bestemt fra skytebana.
Vi hadde imidlertid forhøyrt oss med lokalkjende folk, som ikkje anbefalte dette som utgangspunkt. Og sidan vi alltid høyrer på lokalkjende, så fekk vi med oss guide og starta fra Yttri seks km. lenger nede i dalen.
Årsaka er at det fra Bjørk og oppover er svært bratt, og heller ikkje verdas beste sti, for å sei det forsiktig. Skal kome litt attende til det.

Vel, turen starta altså kl. 0858 fra Yttri, og vi følgde stien mot Lønningane. Her er det også litt bratt innimellom, men stien er god, og lett å gå. Eg hadde gått deler av denne da eg var på Tussen for tre år sidan. Den gang var den vesle bekken ei stor elv, slik at eg fekk ein veldig kronglete tur.
Denne gang gjekk det mykje lettare, samt at vi følgde stien til venstre opp mot Tussen, og ikkje gjekk etter kraftlinja, slik som ein luring anbefalte.
Hint: IKKJE gå etter kraftlinja!!!

Oppe ved Myresetevatnet tok vi oss ein god pause. Vi hadde nå gått i knappe seks kilometer, og var komen godt over 1000 moh. Dessverre var forma elendig. Ei forkjøling gjorde motbakkane svært tunge. Burde nok ha holdt meg heime med herr Ibux og fru Paracet.
Men nå var det verste over. Herfra gjekk vi i nærast ope slette landskap inn mot Bjørkanosi, og det var ein svært flott tur. Nye og kjende fjell dukka opp, og vi fekk også sjå kor spektakulær fjelltoppen Tussen eigentleg er. Dette fjellet er overvåka av NVE grunna rasfare, men eg har lest utdrag av rapportane og dei fortel oss at det er eit stabilt fjellparti. Men steinsprang går det sikkert støtt og stadig, som det sikkert også gjer under Bjørkanosi, samt mange av dei andre fjella i dette ville dalføret.
Etter 11.5 km. kom vi til Smolsvatnet, og nå var det kun ein bitteliten stigning opp til toppturposten på 1231 moh.
Der oppe var det, kanskje ikkje så overraskande, sterk og kald vind. Det var berre å klyppe kortet, skrive namnet sitt i boka og komme seg ned i lunare terreng.
Vi hadde på førehand vorte einige om å gå nedatt til Bjørk, slik at vi fekk ein rundtur. Det er svært sjeldan det er høve til det, men på denne måten fekk vi også gå den anbefalte ruta.

Vi tok ein ny matpause før den siste bratte nedstigninga. Denne tok vi i nærleiken av stølen Smole på ca. 950 moh. Flott utsikt var det ned i dalføret, men dette såg ut til å verte ein vrien tur.

Og det vart det.

La oss ta det først som sist: Vil du ha ein kort, svært bratt og kronglete tur; Da skal du gå fra Bjørk.
Vil du ha ein betydleg lenger, men samstundes mykje finare og meir behagleg tur; Da skal du gå fra Yttri.
Mi anbefaling: Gå fra Yttri. Det var ca 100 ganger bedre. Bruk gjerne mine Stravaspor, dersom det kan hjelpe.
Kvifor meiner eg det? Fra skytebana og opp til Smole, dvs. der som den verste bratta sluttar, så skal da da opp/ned ca. 900 høgdemeter. På 2,8 km. Dette er veldig bratt.
Turen vert fra Bjørk berre 9 km. tilsaman, medan fra Yttri vert turen 24 km. Men det får våge seg. Eg hadde gått til Bjørkanosi fra Yttri ti av ti gonger til hvis eg måtte velge.
Stien fra Bjørk var, spesielt i øverste del, mykje prega av ras. Det betyr at den var øydelagd mange stader, og svært kronglete å gå. Den desidert verste biten eg har gått i ein topptrim på det eg kan hugse.

Som bonus får du eit betydleg finare utsyn over Breheimen og Jotunheimen dersom ein går om Tussen.

Men dette får kvar einskild finne ut av sjølv. Vil du gå fra Bjørk, så gjerne for meg.


Med dette er altså Topptrimmen i boks for denne versjonen også. Kva i all verda skal ein finne på til neste år?
Har iallfall plotta inn dei ti neste på kartet, dersom Luster Turlag fortset trenden med å "snu bunken", slik som dei har gjort fram til no.
54 toppturar det vorte opp igjennom åra. 40 forskjellige toppar er "erobra". Framleis 60 att....

Bilder fra turen til Bjørkanosi, pr. 1.9.2018.

På veg opp til Lønningane så kjem ein under denne "anonyme" kraftlinja fra byrjinga av 1970-talet. Noko seier meg at uttrykket "monstermaster" ikkje vart teke hensyn til da.

Stølslivet på Lønningane er, som på mest alle andre stølar, forlengst ein saga blott. Men fin utsikt mot kjende fjell i Jotunheimen vert ein aldri lei.

Her byrjar vi å nærme oss slettepartiet på baksida av Tussen. Herfra og bort til Bjørkanosi var det veldig fint å gå. Kan anbefalast!

Tussen er eit svært underleg fjell. Høgfjellssletta går rett over i eit parhundre meter fritt fall. Det går kanskje ikkje så godt fram av dette bildet, men det er store sprekker overalt i fjellet.
Dessutan; Sjekk varden på toppen!

Ca. 100 høgdemeter nedanfor Bjørkanosi finn ein dette fine vannspegelet. I bakgrunnen ser vi Tussen, 1230 moh.

Og her var vi omsider på 1231 moh! Det tok oss fire timar og tre kvarter fra Yttri, inkl. matpausen og mengder av fotografering. Men det var verdt det. Verkeleg ein flott tur!

Toppen er lett å finne, til tross for at det ikkje er noko stor varde som markere den.

Her var vi byrja å gå ned mot Smole. Til venstre på bildet ser vi ein snipp av Bjørkanosi, men toppunktet er over ein km. fra kanten, så det er ikkje noko fare i så måte.

Nytta matpausen på Smole til å ta dette bildet. Herfra og ned i dalbotnen er det ca. 900 høgdemeter.


Stravaspor m/høgdeprofil og km.splittid.

Antal steg