mandag 2. juli 2018

Sognefjellsrittet 2018, rittrapport

Det er vorte mandag. To dagar er gått sidan det 21. Sognefjellsrittet var fullført.
Veslebroren til det adskillig meir krevjande og prestisjefylte Jotunheimen Rundt opplevde i år ein betydleg oppgang i antal deltakarar, noko som er svært hyggeleg.
Rett nok vart storebroren sine 600 deltakarplassar fylt opp på fem minuttar, medan Sognefjellsrittet sikkert har plass til fleire framleis.

Etter eit par år med skikkeleg dårleg vær, var det heller ein intens varme som skulle bli plagsom denne gang. Som syklist finn ein ALLTID noko å klage på, og i år altså; Varmen. Er det ikkje det eine så er det noko anna.

Vi var ikkje så mange fra den lokale klubben til start på Lom i år, såvidt eg veit var vi berre fire stk, deriblant ein debutant, noko som er ekstra hyggeleg. Fleire av ultratøffingane i klubben hadde nemleg funne ut at det passa bedre å slite seg igjennom heile distansen fra Lærdal, og jammen kom nesten alle til mål også. Eg er imponert!

Vel, attende til Sognefjellsrittet.
Grunna den heller heftige varmen, så vart det til å starte i kort-kort. Tok med ei skilue og lause armar, da det erfaringsmessig alltid er kjølig på fjellet. Dessutan var det viktig med nok drikke, så to 0,7 l flaske sportsdrikk vart også tatt med. Nokre pakker sportsgel på baklomma, og litt mat fra Bakeriet på Lom fikk holde som drivstoff.

Racerpulja vart sendt avgarde eit kvarter før oss vanlege, og kl 1300 var det så vår tur. Fikk veldig lite oppvarming dette året, kanskje det var ein medverkande årsak til problema som skulle dukke opp seinare på dagen?
Den nye rittleiaren sende oss avgarde nøyaktig kl. 1300, og ein fin og solrik tur låg framfor oss. Sykkelen var i tipptopp stand, hadde testa doningen opp Stalheimskleiva eit par dagar før, og den verka veldig klar.
Sm alltid vert det splittar i feltet utfra Lom. Det er ganske så stor nivåforskjell på deltakarane, så det er berre slik det skal være. Men etter nokre kilometer finn ein seg alltids ei pulje som ein kan sitte med i. Det gjekk oppover Bøverdalen i fint driv. Trur faktisk vi endatil hadde litt medvind, noko som skjer berre kvart tiande år på denne strekninga.
Antaglegvis gjekk det litt for fort oppover, og varmen plagde meg berre meir og meir. Kontrasten til vintersyklinga i fire-fem minus var himmelropande. Det var som ein lengta tilbake til fjoråret med regn og 15 grader.
I første motbakke etter berre eit par mil, dvs. fra Galdesand og oppover langs juvet der, så vart eg etter. Det var svært skuffande, all den tid da treningsgrunnlaget var eigentleg brukbart, og tempoet var akkurat passe. Beina var brukbare, men varmen var regelrett plagsom. Her var det ikkje snakk om svettedråpar, nei her rant det i små elvar nedover.
Det vart til å padle seg vidare oppover dalføret på eiga hand.
Stadig kom det ein og annan syklist og køyrde forbi meg, så da fant eg glatt ut at "Du får heller sjå litt på naturen og ta det som ein varm tur".

Så da vart det slik.

Nede ved bakken opp Bøverkinnhalsen var det berre til å trille avgarde. Denne dryge fire kilometer lange bakken er like seig kvart år, men i kokvarmen vart det enda verre. Først da eg byrja nærme meg toppen av bakken gikk det bedre. Da vart det brått kjøligare, og ein svalande vind slo inn. Det var berre heilt herleg.

Nedover mot Bøvervatnet var det framleis godt og varmt, og eg var framleis like åleine som eg hadde vore nå ei stund. Men nå byrja eg merkeleg nok å ta att andre. Det var ikkje til å tru, men når den verste heten byrja å gi seg, så fungerte kroppen langt bedre att. Oppover mot Krossbu gjekk det eigenteleg fint, iallfall heilt til eg skulle ta meg ein sportsgel. Da var den openbart utgått på dato, for det som var inni var lysår fra å minne om gel. Meir ein slags tørr leverpostei. Så det var den maten. Fekk heldigvis ein gel fra ein kar som eg traff på ei utkøyrsel da eg skulle kaste gelane i eit bosspann. Det var startnr. 1101, så ei stor takk til vedkommande!

Vel, det var berre til å karre seg vidare oppover mot Krossbu og Sognefjellshytta. Ein liten stopp i ein sving for å sjå litt på utsikta hadde eg også høve til. Sidan eg var åleine, så kunne eg jo gjere akkurat som eg ville!
Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å stoppe så lenge på fjellet, men den plagsomme varmen hadde gjort at væskeinntaket hadde vorte formidabelt, og det måtte påfyll til. Ei flaske med vatn, og ei med sportsdrikk fekk holde.

På med lause armar, og skilua under hjelmen, og så var det til å komme seg vidare bortover Sognefjellsplatået. Dei små kneikane er alltid like seige, og på den siste før utsiktspunktet 1400 m.o.h. så kom jammen krampa for første gang. Etter usle 55 km. Rett nok har eg fått krampe på Sognefjellsrittet før, men det har vore opp Nesbakken, eller Indre Hafslo, ikkje midt på Sognefjellet.
Det vart til å strekke ut litt, faktisk gå av sykkelen, rusle nokre meter før ein trilla vidare nedover.

Sykkelen, med nye 37 mm. grusdekk og skivebremsar, fungerte veldig bra nedover Sognefjellet. Ein liten skrens rett før ein sving ovanfor Optun var alt. Eg tok det ganske med ro nedover, da eg veit at vegen er av så ymse kvalitet.
Nesten nede i Fortun traff eg att mine to sykkelkollegaer som eg hadde mista i første motbakken eit par timar før. Det hadde vorte ei punktering, så da stoppa eg berre nede i Fortun og venta eit par minuttar på dei der.
Her nede, i bakaromntemperatur, var det berre til å få av seg alt som kunne minne om ekstra klede, og da vi var samla att, så gjekk det ganske så greit utover Lustrafjorden. På toppen av Nesbakken tok vi ein drikkepause, da væsketapet framleis var stort. Dette gjorde susen, og nå var det berre gjennom Gåpnabøgdi og opp Indre Hafslo som stod att.

Eg kom ikkje langt opp i Marheimsgjelet før eg vart etter, enda ein gang. Enda ei punktering i det tremannstore følget heilt nede på Tangaflati, og da vart det stykkevis og delt oppover. Påny kom krampa sigande, og med plagsomme fluger i tropevarmen vart det til å strekke ut, rusle litt og karre seg opp på Uglo, der den tradisjonelle Red Bullboksen venta. Det var himmelsk godt.
Beina var eigentleg ikkje så hakkande ille, men den stadige krampa vart berre verre og verre.
Da eg kom ned til Barsnesfjorden, ca. seks kilometer før mål, så beit det til i begge lår, og begge legger. Eg tenkte, at det går ikkje an å stoppe her, så med krampe i begge beina, så kom eg meg nå utover til den nye fine brua, og svinga inn til Sogndal sentrum. Dette er alltid like behagleg.

I målområdet var det ganske så roleg, da langt dei fleste sikkert var komne i mål forlengst.

Eg fekk ein colaboks rett etter målstreken, og tømde den ned kjapt. Ei kjapp hovudrekning fant ut at det hadde gått med minst fire liter drikke på turen, ein tur som til tross for det fine været vart veldig anstrengande.
OK, siste månaden har det vorte noko for dårleg med trening, men totalt sett skulle  det vore ok.
I fjor og året før gjekk det langt bedre, med omlag samme grunnlag, og da hadde vi regn, skodde og langt lågare temperaturar.
Men dette med varmen er noko som er vorte veldig plagsomt med åra. T.d. måtte eg snu på veg opp Leirdalen før i sommar, da det bikka 35 grader, og eg kjende meg som ein heilgrilla gris. Når det vert så varmt at ein plagast med pusten, og sveitten renn ned i augene, så er dette verre enn å fryse ein smule.
Takke meg til regn anyday på Sognefjellet framfor denne varmen ein gang til.

Men, men. Kom i det minste til mål, og er sikkert dum nok til å melde meg på til neste år også. Og det er kanskje fælt å sei det, men regnar det og er 15 grader på Lom da, så skal eg juble.

Ei stor takk til arrangøren, sykkelkollegaer og alle andre som gjer at dette er ein med på år etter år.
Det er ein tøff tur, sjølv om det ikkje er meir enn knappe 14 mil.

Racerpulja kl. 1245 legg ut fra start.

Ein startselfie høyrer med!

 Luster SK delegasjonen med start kl. 1300 er klare til avgang.

Det har ikkje alltid vore slikt vær når vi har vore over her...