fredag 22. juni 2018

100 rockelåtar du må høyre før du dør

Lister er alltid skøy.

Etter å ha laga liste med 60 album du må høyre før du går i grava, er det på tide med ein oppfølgar, nemleg 100 rockelåtar som einkvar rockefan må høyre.
Det er snakk om personlege favorittar, og rangert etter min smak. Dvs dette er ingen fasit, kun ei oppfatning av kva som er bra musikk innan det vi kallar "rock". Noko kan kallast prog-rock, andre er rein heavy metal, noko trash, psykedelisk rock og you name it.

Kriteriar:

Ikkje meir enn tre låtar fra ein og samme artist, og maks to låtar fra eitt og samme album. Det skulle vise seg å bli langt verre å plukke ut enn eg hadde rekna med på førehand. Kunne sikkert glatt ha funne tusen låtar....


Here we go....

Nr. 100:
MC5, Kick out the jams.
Langt føre si tid kom denne drivande låten ut, heilt tilbake i 1969. Den vart først gitt ut som ein singel på berre to og eit halvt minutt, men det er den lange versjonen som bl.a. kan finnast her, som er verdt å bruke tid på. Og gamle rockelåtar har ein tendens til å ta litt tid... for den beste versjonen går over åtte minutt.
MC5, fra USA, var eit kortliva fenomen, og det byrjar alvorleg å minke på originalmedlemane. Dei er usanett rekna som eit svært innflytelsesrikt band fra den korte tida dei holdt på, for alt i 1972 pakka dei saman. Både punk og metal er openbart inspirert av desse pionerane, som antaglegvis var for tidleg ute til å bli ein skikkeleg kommersiell suksess.


Nr. 99:
Sepultura, Propaganda.
Trash metal fra Brasil er ikkje vanleg på norsk radio, men av og til kjem det slike godbitar ut av eteren. Og denne låten fallt i smak umiddelbart den gang eg høyrde den for første gang for fem-seks år sidan. Normalt har eg ikkje så stor sans for Sepultura, men akkurat denne er det mogleg å gjere eit unntak for.
Propaganda kom ut på albumet Chaos A.D i 1993, og er nok eit av bandets meir populære plater.
Melodien byrjar litt rotete i manges øyre, men mot slutten går det over i ein blytung sak, som einkvar metalfan må sette pris på. Du kan finne heile melodien på youtube, såklart, og den er verdt å bruke tre og eit halvt minutt på.

Nr. 98:
Riot, Road Racin`
Dette amerikanske bandet som vart starta i 1974, og som på ein eller anna måte held det gåande framleis, kom i 1979 ut med deira einaste høyrbare låt, Road Racin`
Dette var i si tid rekna som ein melodi med litt fart i, og kan muligens ha inspirert eit og anna speedmetal-band utpå 1980-talet.
Road Racin`høyrde eg første gang på eit live-album, fra Monsters of Rock festivalen på Donington i 1980. Den er bedre i studioversjon, og varer ca. fire og eit halvt minutt. Låten kom ut på albumet Narita, og hvis vi verkeleg skal finne ein stor feil med Riot, så må det være den underlege figuren som dei brukte som ein slags maskott. Ein slags sumobrytar med selhovud? Kanskje meint å være tøff, men ser heilt latterleg ut. Road Racin`derimot, fins ikkje latterleg. Det er ein god og fengande bil-låt som kan høyrast her.

Nr. 97:
Motorhead, Ace of Spades
Eg har eigentleg aldri likt Motorhead noko særleg, men denne saken må være med på ei topp-100 liste. Dessutan er Motorhead eit viktig band innan genren, og fortjener å nemnast, uansett kva vi måtte meine om dei.
Motorhead var ein trio da denne vart gitt ut, og det er ein primitiv sak, endatil den gang den vart gitt på albumet ved samme namn i 1980. Ein kort låt, berre knappe tre minuttar, og det inkluderer ein bassintro, og ein skranglete gitarsolo. Men energien og sjarmen er der, og heilt klart ein inspirasjon for mange band som kom seinare i tiåret.
Du finn ein video her.

Nr. 96:
Iron Maiden, The number of the beast
På akkurat samme måte som med Motorhead: Aldri ein stor fan av Maiden heller. Dei to første albuma var i mine auge berre hjelpelause. Primitiv heavy metal, som liksom skulle være det nye hippe den gang på slutten av 1970-talet og byrjinga av 1980-talet.
Det endra seg da dei kvitta seg med vokalist DiAnno, og fekk inn Bruce Dickinson fra Samson (var det vel). Og sjølv om Dickinson ikkje er min favorittvokalist på noko vis, så må eg innrømme at hans debutalbum med Maiden, The number of the beast, og da spesielt tittelsporet, er verdt å ta med seg.
Knappe fem minuttar lang, utgitt i 1982, og framleis høyrbar, 36 år seinare. Maiden har aldri gitt ut noko så bra, korkje før eller etter.

Nr. 95:
Yes, Owner of a lonely heart.
Yes, eit av dei få attlevande dinosaurbanda fra prog-rockens gullalder på 1970-talet gjorde i 1983 comeback med det som skulle bli deira mestselgande album nokon gang, ikkje minst takka være denne flotte melodien. Bortevekk var dei lengre, nesten uforståelige sakene fra tidlege år, erstatta med ein svært fengande og lydmessig suveren hit på knappe fire og eit halvt minutt. Saman med ein litt dyster video, vart dette  eit topp-hit, faktisk Yes sin einaste som  nr. 1 på hitlistene.
Det er ikkje rart. 35 år etterpå er dette framleis ein melodi som skal og må spelast høgt. Rett nok litt keyboardmishandling inni her, men det var vel som forventa. Vi snakkar trass alt om Yes.

Nr. 94:
ZZ Top, Gimme all your lovin`
1983 må ha vore eit godt år på så mange vis, for samme år som Yes gjorde comeback, så fekk Texasbandet ZZ Top ein megasuksess med albumet Eliminator. Bandet hadde holdt på i fleire år på dette tidspunkt, men ikkje fått dei store salgstala. Det endra det drastisk med denne storsuksessen, og kanskje spesielt takka bransjens nye våpen, musikkvideoar. ZZ Top, med småmorsomme, litt forseggjorte videosnuttar gjorde braksuksess med Gimme all your lovin, samt fleire andre fra samme album.
Dersom ein ikkje trampar takten etter denne melodien, så forstår eg ingenting. Den er fengande som få, lett å hugse, rett og slett ein låt på fire minutt som ein vert i godt humør av!
Vi kan hygge og mimre  her.

Nr. 93:
Clawfinger, The truth
Norsk/svenske rap-metal band som gir ut høyrbar musikk er ikkje daglegdags, men i 1993 kom albumet Deaf dumb blind med Clawfinger ut. Bandet vart snart kjend for sine politiske og aggressive tekstar, kombinert med ein slags eigendommeleg miks av metalgitarar og raprytmar.
Stort sett er rap søppel, men i denne kombinasjonen vart det forbausande bra. Førstelåten, Nigger, vart anklaga for å være rasistisk, men Clawfinger er det stikk motsatte. Dei kritiserte høgresida, religiøse bedrevitarar og andre såkalla "samfunnsstøtter".
The truth, ein hard, men også fengande låt på dryge fire minuttar vart ikkje spelt på MTV før nattestid, og da i sensurert versjon. Dei sa jo "motherfucker" må vite!
Kor ille det er med litt banning kan du vurdere her.

Nr. 92:
Manfred Mann, Mighty Quinn
Fra rap-metal i 1993 skal vi laaaangt tilbake i tid, til 1968 og Manfred Mann og deira hit og evergreen fra den tid, Mighty Quinn. Opphaveleg skreve nærast som ein visesang av Bob Dylan, vart den utgitt av Manfred Mann i ein langt meir rocka versjon. Etter mitt syn ein av dei første ordentlige rockelåtar med litt futt og kraft, men samstundes ein svært fin låt.
På knappe tre minuttar får vi servert noko som på dei neste 50 år nærast er vorte ein klassikar. Melodien vert framleis spelt rundt om i verda, og er utgitt i fleire versjonar, men aldri så bra som med Manfred Mann i 1968. Og forrresten: Slik såg dei unge rockarane ut for 50 år sidan

Nr. 91:
Sex Pistols, Anarchy in the UK.
I 1976/1977 var tungrock prega av dinosaurband som avholdt to stadionkonsertar i året og sjølvhøgtidlege musikarar som gjerne ville vise kor flinke dei var å håndtere instrumenta sine.
Som ei motvekt til flinkis-kulturen dukka Sex pistols opp. Desse var lysår fra å være dyktige musikarar, og skreiv ikkje melodiar om draumar, planetar kjærleik og fantasidyr i edens hage.
Nei, her var det provoserande oppførsel, både i framferd, klesdrakt og ikkje minst i musikk og tekstar.
Anarchy in the UK er bandets første singel fra hausten 1976, og traff som ein knyttneve i datidas Storbrtitania. Kombinert med "skandaløse" intervju, og nedsettande tekstar om dronninga og styresettet i landet fekk dei enorm merksemd.
Albumet vart ein enorm suksess, ikkje minst takka være denne singelen på knappe fire minutt, og oppfølgaren God save the queen.
Eit must!

Nr. 90:
Voivod, Silver Machine
Dei innvidde veit såklart at dette er ein coverlåt, originalt innspela av "space-rock"-bandet Hawkwind i 1972.
Canadiske Voivod gjorde sin overraskande gode versjon så seint som i 2016. "Overraskande" fordi Voivod ikkje kan seiast å være lett fordøyeleg musikk. I byrjinga av karriera, tilbake på midten av 80-talet, laga dei helst støy, men etterkvart som åra har gått, har dei utvikla seg til eit prog/trash-metal band av god kvalitet.
Og denne coverlåta på fire og eit halv minutt er ein av dei absolutt beste av arten! Kven skulle vel tru det fra eit band som gav ut eit heilt album med kun infernalsk dreping av instrument på sitt debutalbum? Hvis det er av interesse å sjå ein mildt sagt rar musikkvideo, så kan du sjå originalen fra 1972 her.

Nr. 89:
No Doubt, It`s my life
Enda ein coverlåt faktisk! Det var ikkje eingang planlagt, men nå er det blitt slik.
Originalt gitt ut av engelske Talk Talk i 1984, etter mi meining ein litt tam popmelodi, iallfall samanlikna med amerikanske No Doubt sin versjon fra 2003. Det er nemleg ein drivande god rockelåt, og musikkvideoen som følgde med er morsom og forseggjort den dag i dag.
Over knappe fire minuttar får vi altså ein veldig bra coverlåt som overgår originalen mange ganger.
Dessutan er jo Gwen Stefani med, og ho er ikkje berre ein brukbar sangar, men i denne videoen også ein god skodespelar. Nesten rart vi ikkje har sett ho på TV og i film.
No Doubt sin versjon ser du her, og hvis du gidd å kaste bort fire minuttar av ditt liv som du aldri får tilbake, så er Talk Talk sin versjon her.

Nr. 88:
Pink Floyd, Shine on you crazy diamond
Beklager, Pink Floyd er eit av dei mange banda som er oppskrytt. Ikkje dårleg, men ikkje så fantastiske som blodfansen skal ha det til.  Men det er uansett eit viktig og banebrytande dinosaurband som framleis held det gåande på eit slags meir og meir patetisk vis. Det er på tide å gi seg nå.
Men i 1975, på albumet Wish you were here, kom Pink Floyd ut med eit av sine meisterverk, ein konseptlåt på i alt 26 minuttar. Det kom rett nok ein singelversjon på knappe fire minutt, men skal ein verkeleg få med seg heile saken, så bør ein sette av dei 26 minuttane totalt.
Pink Floyd var som best fram til The Wall. Det som er laga etterpå hoppar eg glatt over.

Nr. 87:
Blue Oyster Cult, Dominance and submission
Eit tips: Søk på sangtittelen på Wiki...
Blue Oyster Cult er eit av mine favorittband fra ungdommen, eit slags småmystisk halvokkult band med merklege symbol og gjerne tre-fire gitarar når dei spela konsert.
I 1974 kom dei med sitt tredje album, Secret Treaties, og derfra kom dei med ein litt spesiell låt, Dominance and Submission. Studioversjonen er smårar, men det er live-versjonen fra 1982 på Extra Terrestrial Live som eg høyrde først.
BOC er enda eit av dei mange banda som aldri vart så store som dei fortjente. Den litt mystiske imagen, lange platetitlar og komplekse tekstar var nok årsaka til at dei ikkje vart superstjerner.
Men det er eit hardtarbeidande rockeband, som i motsetning til Pink Floyd ikkje har gått heilt i hundane, og har gode konsertar den dag i dag.
Her er uansett ein smakebit på dei dryge fem minuttane med Dominance And Submission.

Nr. 86:
Lynyrd Skynyrd, Sweet home Alabama
"Souhern Rock"-band, står det på Wiki om Skynyrd. Og det har dei jo heilt rett i. Eit band som i årevis syntes det var stor stas å bruke Sørstatsflagget som scenebakgrunn, som om det skulle være stor stas å vise fram eit flag som dei fleste av oss forbind med borgarkrig og rasisme.
Dei om det.
Sweet Home Alabama er ikkje berre ein hyllest til staten Alabama og sørstatane, skreve av folk som kom fra Florida og California, det er også eit svar til kritiske merknader fra rockekollega Neil Young.
Det er nå likevel ein fengande melodi fra 1974 over knappe fem minuttar som utvilsomt er bandets signaturmelodi, saman med Free bird. Hvsi ein ikkje kjenner rykket i godfoten n år ein høyrer denne... ja da må det være noko galt fatt.
Så, da får vi heller tåle litt tvilsomme hyllestar til sørstatane?

Nr. 85:
Pearl Jam, Once
Må vel ha med litt grunge også, sjølv om det vel aldri var heilt øverst på den personlege favorittlista. Ein og annan bra låt, javel, men sjeldan over eit heilt album.
Men det fins unntak, og i 1991 kom Pearl Jams debutalbum, Ten,ut. Langt bedre enn noko av det som Nirvana nokon gang klarde å få til, og opningskuttet, Once, blir det første bidraget på denne lista.
Once går over knappe fire minuttar og ein veldig bra låt fra eit av dei få banda innan genren som framleis held koken, sjølv om dei jo aldri kjem til å bli så bra som dei var i 1991, og saman med Nirvana, Alice in Chains og Soundgarden var forfriskande innslag innan hard-rocken. At grungen var eit heller akutt fenomen får stå si prøve. Once kan høyrast her.

Nr. 84:
Rammstein, Ich Will.
Da må vi over på litt tysk industri-metall.
Saman med Kraftwerk er dei antaglegvis dei einaste tyske band eg gidd å bruke tid på no til dags, har vokst ifra Scorpions og Helloween nå
Høyrde Ich Will for første gang på VH1 for mange år sidan, og nå i Spotify sin tidsalder så kan vi berre hanke inn all den krem-musikken vi vil.
Ich Will kom ut i 1997, og er fra bandets andre album. Kuriosa; Det er også det einaste av bandets album som har oppnådd platina-salg i USA, ikkje verst for eit band som held seg til morsmålet nesten heile tida!
Med sangen følgde det også ein litt spesiell video som det ofte er med dette bandet. Den kan du sjå her. Eit noko kontroversielt band til tider, men fantastisk bra musikk!

Nr. 83:
Led Zeppelin, Stairway to heaven
Antaglegvis ein av rockens mest oppskrytte låtar. Det er såklart ein veldig fin sang, men ikkje såååå utruleg bra som mange skal ha det til.
Skreve i 1971 og utgitt på bandets "IV" album. I åra som har gåttt er dette ein av dei mest kjende rockelåtar som er laga, og som sagt, det er ein veldig flott sang.
Over åtte minuttar varer sangen, og det er ein av desse som "alle" har høyrt, derfor treng ein ikkje skrive så mykje om den heller.
Ein megaflott versjon kan ein finne her, med Ann og Nancy Wilson fra Heart som hovedattraksjonar på ein hyllestkveld til Led Zeppelin for nokre år sidan.

Nr. 82:
Motorpsycho, Sheer Profoundity
Da eg meir eller tilfeldigvis kom over albumet Demon Box i 1993, så var det nesten ikkje mogleg å tru at eit norsk band kunne lage noko så bra. Drivande psykedelisk prog-rock fra det som etter  mi meining er eit av landets beste band gjennom alle tider. Sheer Profoundity går over dryge tre og eit halvt minutt, og er altså henta fra Demon Box, noko såpass uvant som eit norsk dobbelt-album. Rett nok kunne dei godt ha kutta ut mykje av det og laga eit prima album på halve tida, istaden for mykje som ikkje kan kallast anna enn støy.
Våren 1993 var det vel, var eg også så heldig at eg fekk oppleve dei live på Lægreid i Sogndal. På den tid var Lægreidskjellaren ein fin og intim konsertarena, om enn brannfaren kunne være så ymse til tider....
Vel, vel... Det gjekk nå bra det og. På eit vis.
Sheer Profoundity kan du nyte her.

Nr.81:
Dum Dum Boys, Metallic Hvit
Vi held oss innanlands, og framleis i Trøndelag.
Den største eksportvara fra bartehovedstaden sidan Trønderfår og RBK må være Dum Dum Boys. I motsetnad til Motorpsycho held Dum Dum seg til norske tekstar, om enn dei brukar ei forståeleg dialekt :-)
Metallic Hvit er tolka til å være ein slags hyllest til amfetamin, og eg kunne ikkje brydd meg mindre. Det er ein knakande god norsk rockelåt fra 1993 og albumet Pstereo. Rett nok varer den berre i noko over tre minuttar, men da er det jo berre til å la seg rive med på den høvesvis korte tida da!
PS: Kvifor kjem alle dei beste norske banda fra Trøndelag?
Metallic Hvit høyrer du her.

Nr. 80:
The Who/Elton John, Pinball Wizard
Så må vi ta med noko fra ein såkalla "rockeopera".
Pinball Wizard vart skreven alt tilbake i 1969, men det er versjonen som The Who gjer saman med Elton John i filmen Tommy fra 1975 som er den beste.
Her er kassegitaren bytta ut med piano, og er i det heile teke ein langt meir rocka enn saken fra 1969.
Sjølve filmen Tommy er mildt sagt sær, sett med våre dagars auge, men på 1970-talet, med alt som fantes av dop og huba-luba, så fekk den ein rimeleg grei mottaking. At Tommy, som vert spela av The Who vokalist Roger Daltrey, er døv, blind og stum og likevel blir "Pinball-champ", er vel som det skal være.
Pinball Wizard har vorte spelt på The Who sine konsertar sikkert hundrevis av ganger, men det er altså filmversjonen fra 1975 som er den beste etter mi meining. Og det er jo den som er den rette. Eit klipp fra filmen kan du finne her.

Nr. 79:
Exodus, A lesson in violence
Den første melodien eg høyrde med San Fransico-bandet Exodus var denne, A lesson in violence fra albumet Bonded by blood fra 1984. Det tok rett nok mange månader før albumet kom ut i butikkane, faktisk ikkje før utpå våren 1985, nesten ni månader etter innspelinga var ferdig, men det er ei anna historie.
Eg høyrde denne kjapp-kjapp låten på albumet Speed Kills, ei samlealbum for diverse speed og trashmetal band, på ei tid da dette framleis var ein undergrunnsgenre. Saman med Metallicas Fight fire with fire, var vel A lesson in violence det einaste sporet som fra albumet som var verdt å høyre på. Masse dårleg trash og speed metal på den tid, ohoi!
Bonded by blood var også det einaste albumet der Paul Baloff var med som vokalist, og om han ikkje kan seiast å være noko stor vokalist, og det er ein skranglete produksjon, så er dette likevel ein milepæl innan trash-metal Heile albumet vart relansert i nyspela versjon i 2008 under tittelen Let there be blood.
Og melodien kan du høyre her, knappe fire minutt tek det. Enjoy!

Nr. 78:
Flotsam & Jetsam, Hammerhead
Vi held oss til trashmetal, og denne gang skal vi Phoenix og bandet som er mest kjent for bassisten som slutta, Jason Newsted. Han gjekk som alle veit til Metallica like etter at deira debutalbum, Doomday for the deceiver, kom ut i 1986. Der hadde han vore ein stor bidragsytar gjennom låtskriving, noko han jo aldri  vart i Metallica.
Hammerhead er opningskuttet på albumet, går over seks minuttar, og teksten er...skal vi sei.... noko pubertal....
Men det er ein kjapp melodi, med taktskifte, fine sologitarar, og ein bass som vi kan høyre. Til å være eit album innspelt på skolissebudsjett og på berre to veker er lydkvaliteten forbausande bra, endatil over 30 år seinare.
Flotsam and Jetsam vart aldri spesielt store, men held det framleis gåande som eit slags prog-trashband. Hammerhead kan du høyre her. 

Nr. 77:
Suicidal Tendencies, Pledge your allegiance
Crossoverbandet Suicidal Tendencies hadde si aller beste periode fra 1987 til 1990, og i 1988 kom albumet How will I laugh tomorrow, when I can`t even smile today (lange platetitlar, velkommen!)
Fra denne plata tek eg med Pledge Your Allegiance, ein slags endeleg stadfesting på at ST ikkje lenger var eit punkband, men i langt større grad eit trashmetalband. På tidlegare album hadde det skrangla avgarde i kjent punkstil, men her var det andre bollar. Langt meir metal, mykje mindre punk, noko dei sjølvsagt fekk kritikk for fra punkarane. Men dei fekk i det minste eit nytt publikum!
Pledge your allegiance går over fire og eit halvt minutt, og eigentleg er heile albumet eit must for einkvar metal/crossoverfan. Hvis du skal skaffe deg berre eit slikt album, så må det bli dette.
Pledge your allegiance kan du høyre her.

Nr. 76:
Metallica, For whom the bell tolls
Verdas største metallband må såklart være med på ei slik liste, og problemet vert da: Kva låtar skal eg ta med, jfr. kriteria om maks tre melodiar totalt og maks to fra samme album???
Vel, det handlar om å prioritere, og den første eg landa på var denne, henta fra Ride the Lightning, deira store album fra 1984.
Dette var første melodi eg høyrde med Metallica, og den falt fort i smak kan ein vel trygt sei.
Dryge fem minuttar, og eit fast innslag på hundrevis og sikkert tusenvis av konsertar sidan den kom ut. Hvis du ikkje har høyrt denne tunge saken før, så er det ein god versjon på videosamlinga "Cliff `em all", og den kan du sjå her.
Ellers artig å sjå at dei i dag veletablerte herremenn var unge, langhåra og drakk øl på scena  ein gang i tida.

Nr. 75:
Pantera, Heresy
Pantera har muligens ei småtragisk historie, med dødsfall, dopmisbruk og anna elendigheit, men musikken deira kan ingen ta fra dei.
Heresy er fra albumet Cowboys from hell, aargang 1990, går over knappe fem minuttar, og har eit aldeles fantastisk blytungt mellomspel som einkvar tungrockgitarist kan lære av. Dessverre vart bandet stadig prega av interne kranglar og det toppa seg til dei grader da gitarist Dimebag Darrell vart skoten på scena av ein sinnsforvirra fan. Tragisk nok døydde nyleg hans bror, som var trommeslagar i Pantera, så ein slags samling av bandet kan vi nok sjå langt etter.
Pantera leverte fleire gode album fra ca. 1990 og nokre år framover, men cowboys from hell og oppfølgaren, Vulgar display of power er dei to desidert beste.
Heresy kan ein oppleve her.

Nr. 74:
Bad Religion, 21st. century digital boy
Vi må ha med litt "ateistmusikk" også, og kva er vel da bedre enn det opphavlege punkbandet Bad Religion sin "hit" fra 1990, 21.st century digital boy?
Bandleiar Greg Graffin er kanskje ikkje det ein forbind med punkar i våre dagar; Han er nå 54 år gamal, er utdanna innan antropologi og geologi, samt at han underviser på UCLA når han ikkje spelar med punkbandet sitt da.
21.st... varer i knappe tre minutt, så dette er meir punkprega enn metal, men det er likedan ein ein fengane låt, og ganske sikkert bandets desidert mest populære.
Dei har også eit sterkt engasjement mot religion, noko som gjer det verdt å ta med berre av den grunn.
Eit live-opptak av låten kan ein finne her.

Nr. 73:
Black Sabbath, Paranoid
Eg vågar påstanden om at dersom vi ikkje hadde hatt Black Sabbath, så hadde vi ikkje hatt metal i dag. Eit banebrytande band, til inspirasjon for mengder av artistar og band i tiåra etterpå, tatt rett ut fra industrisamfunnet i Birmingham.
I 1970 kom bandets andre album ut, med Paranoid som tittel, og det som kanskje er deira mest populære melodi nokon gong.
Knappe tre minuttar lang, primitiv og enkel, men kanskje den første melodi som kan kallast metal, lenge før det eksisterte som genre.
Black Sabbath var motstykket til flinkisane i Deep Purple, og dei langt meir poserande Led Zeppelin. Eg likar Sabbath best, og Paranoid er definitivt ein av årsakene til det.
Ein slags musikkvideo kan ein finne her.

Nr. 72:
AC/DC, Whole lotta Rosie
Om Sabbath var banebrytande og til inspirasjon, så kan ein vel trygt sei det samme om australske AC/DC.
Deira album fra 1977, Let There be rock, er etter mi meining deira beste. På den tid var dei framleis unge og nokolunde friske og raske, om enn vokalist Bon Scott tok ein dram i ny og ned.
Whole lotta Rosie skal angivleg være ei historie om hans opplevingar med ei dame av den heller omfangsrike sorten. Om det er sant eller ei, er nå forsåvidt utan betydning. Det var nå eit tema som ofte vart nytta innan rocketekstar på den tid, og som nå er flytta over til den heslige rap-genren. Til info: Rap er ikkje musikk.
AC/DC er musikk. Og dei var som sagt aldri så bra som på dette albumet. Trist det gjekk som det gjorde med Bon Scott, han døydde som kjent berre eit par etterpå.
Ein liveversjon kan ein finne her.

Nr. 71:
Sex Pistols, God save the Queen
Første band med to låtar på lista!
Det går ikkje an å utelukke denne. På eikvar liste over melodiar som BETYR noko skal denne være med. Da denne kom ut for over 40 år sidan skapte God save the queen mildt sagt oppstuss. Bandet vart bannlyst omtrent over heile England, noko som jo berre gjorde dei enda meir populære i landet. Rett nok var Sex Pistols eit kortliva og sært fenomen, men det var kanskje det viktigaste bandet som kom fra dei britiske øyane på slutten av 1970-talet.
Så er det da også eit pluss at dei openbart ikkje har sans for monarkiet. Det er fleire som kan betakke seg for denne antikvariske styresforma, spesielt når monarkiet berre er der av gamal vane, utan reell betydning....
God save the queen kan fordøyast her. 

Nr. 70:
Exodus, Metal command
Enda ein låt fra trashmetalens barndom i form av Exodus. Ikkje nok med at dei fekk plass nr. 79 på lista mi, men fra samme album tek eg også med deira hyllest til fansen, Metal Command.
OK, i dag er teksten mildt sagt lattervekkande, men energien og viljen er der i fullt monn. Ein må da også hugse på at desse sangane ikkje vart laga for å være Nobelprisvinnande materiale, men laga for eit publikum beståande av stort sett unge menn og gutar midt på 1980-talet.
"Fists are in the air, banging everywhere. We`ve come to fight for metal tonight, bangers take your stand"
Jada.
Som tidlegare nemnt er ikkje lydproduksjonen satt i høgsetet på dette albumet, og dersom ein vil, så kan ein høyre denne og resten av albumet på nyutgjevinga Let there be blood fra 2008. Men den manglar den skranglete sjarmen da.
Her er 2008 versjonen, sidan eg la ut A lesson in violence fra 1985 lenger oppe i denne posten :-)

Nr. 69:
Saga, It`s time
Eit av mine desiderte favorittband fra ungdommen var canadiske Saga, som eg også fekk gleda av å oppleve live i 2006 på Rockefeller. Ein verkeleg fin mimrekveld var det! Nå har bandet gått i opplag, og dei hadde sin siste konsert i februar 2018.
Men It`s time er verdt å bruke dryge fire minuttar av livet på. Henta fra deira andre album, heilt tilbake i 1979, med ein lyd som var lysår før si tid. It`s time er opningskuttet, og eigentleg kunne eg hatt med bortimot heile albumet på mi topp 100 favorittliste, men det var desse kriteria da...
Saga var eit heiltproft progrockband, som av ein eller annan grunn vart spesielt store i Tyskland, men dessverre aldri fullt så store som dei burde ha vore ellers i verda. Eminente musikarar, smektande låtar, fantastisk lydkvalitet...ja eigentleg alt som tilseier kvalitet. Kanskje dei rett og slett vart for utilgjenglege til tider? Dette er musikk ein må lytte til, og som krev konsentrasjon.
Eit fantastisk band, som no altså har lagt inn årane. Sagaen har teke slutt.
It`s time kan nytast her. 

Nr. 68:
Def Leppard, Let it go
Før britiske Def Leppard laga hyperkomersiell stadionrock og vart mangemillionærar, så var dei eit hardtarbeidande rockeband med middels suksess.
Ein forsmak på kjempesuksessen skulle vi få i 1981 da Let it go på knappe fem minuttar kom ut på albumet High`n dry.
Dette er antagleg ein av dei beste låtane fra den såkalla NWOBHM-tida, og det var da også eit av mine første bekjentskap med bandet. Da eg høyrde dei att nokre år seinare, på Pyromania og i sær Hysteria, så lurde på om det var samme bandet. Da var dei openbart tilpassa den enorme amerikanske marknaden. Det solgte i bøtter, men dei var altså langt meir rocka og etter mi meining langt bedre på High`n dry.
Let it go er ein fengane og tøff rockelåt fra eit band som har opplevd kollosal suksess, men også tunge nedturar. Dei lever den dag i dag, og har til salt på maten ved å spele megahits fra 1980-talet.
Let it go i 1981 versjon kan ein finne her.

Nr. 67:
Alice in chains, Dam that river
Leppard er ikkje det einaste bandet som har opplevd tunge stunder. Det gjeld også Alice in Chains, kanskje det tyngste av alle banda som kom i høve grungebølgja på byrjinga av 1990-talet. Alice in Chains, ja dei kom fra Seattle,var bedre enn 98% av dei andre banda fra samme by, og dei var aldri så bra som på deira andre album fra hausten 1992.
Det nesten timelange albumet har ei rekkje flotte sangar, men da eg ikkje kan ta med altfor mange, så må ein prioritere. Eg har landa på Dam that River, ein sang som berre har ein feil; den varer ikkje meir enn i tre minuttar.
Det er ein tung sak, med rå gitarar, og ein fungerande vokalist. Dessverre døydde han som kjent nokre år seinare, og med han forsvant definitiv min sans for dei også.
Grungebølga var eit kortliva fenomen, og Dam that River er eigentleg milevis fra det vi forbind med dei meir sære sakene fra Nirvana og Cobain. Vi har her eit drivande album, med steinharde metallåtar, ikkje noko dill-dall!
Dam That River skal spelast på høgt volum.

Nr. 66:
Pulp, Common people
Da skal vi over fra det sære grungefenomenet, til det også noko spesielle mijøet som også hadde si korte glanstid på 1990-talet, "brit-pop".
Men Common People er ikkje ein pop-låt. Det er ein fengande rockelåt på knappe seks minuttar fra eit band som var bedre enn Oasis, til tross for mindre popularitet og færre hits. Kvalitet vant ikkje alltid den gang heller.
Melodien byrjar kanskje litt roleg og forsiktig, men bygger seg opp, og dei siste minuttane går så det susar.
Det er også med ein småmorsom video, rett nok tilpassa radioversjonen på fire minuttar, men den er verdt å ta med seg uansett.
"You wanna sleep with common people like me?"

Nr. 65:
Blur, Song 2
Den aller beste låten fra "brit-pop" miljøet er denne. Det fins dei som hevdar at Oasis var mykje bedre, saman med Pulp, The Verve og kva dei nå heitte alle saman.
Song 2 er ein kanonbra rockelåt fra ein periode da deira konkurrentar stadig prøvde å lage meir og meir pompøse melodiar som strakte seg over fleire minuttar.
Song 2 er ein så kort og enkel rockelåt at det første eg tenkte på når eg høyrde denne var: "Jøss, det var ein bra punk låt".
Blur var aldri noko punkband, og Song2 er deira meisterverk. Dei har ingen andre melodiar som er i nærleiken av å være så bra. Det er imidlertid berre lengda på sangen som er problemet, Berre litt over to minuttar. Nesten trist at den er så kort.
Dei to minuttane kan du oppleve her.

Nr. 64:
The Who, Who are you
I 1978 var dei tidlegare villmenn fra The Who byrja å roe seg ein smule, og berre tre veker etter utgjevinga av deira åttande album, Who are You, opplevde dei at trommis Keith Moon døydde etter eit mildt sagt heftig liv. Bandet stod på randa til å bli avslutta, men fekk karra seg vidare på ymse vis. Fra dette albumet kom dei imidlertid med ein knallåt i form av tittelkuttet. På plata er versjonen over seks minuttar lang, men den kom også ut i kortare og meir "lyttarvennlege" versjonar.
Det er likevel den lengste versjonen som er best, nær sagt som vanleg.
The Who held det gåande enda på eit meir og meir patetisk vis. Kvifor kunne dei ikkje gitt seg før? I det minste da bass-meister Entwistle pakka saman for nokre år tilbake?
Da er det godt å ha gamle storlåtar å sjå attende på, fra eit band som er langt viktigare enn mange trur, og som har hatt nokre av dei dyktigaste musikarane innan eit og same band nokon gang.
Who are You kan ein oppleve her, i kortversjon

Nr. 63:
Motorpsycho, Nothing to say
Heim til gamle furet værbitt att, og til Trøndelag att. Enda ein låt fra Demon Box må med, og da vert det ein meir lettfordøyeleg sak enn det resten av albumet har å by på.
Litt over fem minuttar varer Nothing to say, som forøvrig er ledsaga av ein video med bandet i 1970-tals inspirert antrekk. At dei liksom skal bedrive laurdagsunderholdning på datidas einaste TV-kanal er jo litt ekstra morsomt. NRK viste aldri noko så bra på 1970-talet.
Motorpsycho er eit dyktig band. Det er synd at dei ikkje er vorte så store som dei hadde fortjent, både her i landet og andre stader.
OK, eg kjøper at musikken nok kan være litt tung å fordøye som bakgrunnsmusikk, og neppe har appell utover dei spesielt intereserte. Da er det synd at folk ikkje veit bedre, Motorpsycho hadde fortjent det. Dei er så bra at ein skulle ikkje tru dei var norske som ein sa til meg ein gang.
Den småpussige videoen med 70-tals preg kan sjåast her. 

Nr. 62:
Led Zeppelin, Rock and roll
Led Zeppelin laga gjerne komplekse sangar og album, men innimellom laga dei rett fram og ikkje minste veldig bra rock. Og aldri leverte dei varene som på deira navnlause fjerde album fra 1971 i form av sangen Rock and Roll. For dette er ein klassikar som alle rockeband garantert har høyrt ein eller annan gang. Jimmy Page i fri dressur, og med John Paul Jones og kanskje den ultimate trommeslager i John Bonham som bakteppe. Og så Robert Plant da.
Har vi eigentleg sett og høyrt ein meir ekte rockelåt enn på akkurat desse knappe fire minuttane?
Det kan være, men eg trur vi skal leite lenge. VEEEEldig lenge....
Ikkje noko fjas på denne låten, og den kan høyrast i ein høgst brukbar live-versjon fra 1973 her.

Nr. 61:
Slayer, Angel of death
Til vinteren legg amerikanske Slayer ut på det som visstnok skal være deira siste turne. Dei gamle speed/trash heltane har holdt det gåande sidan 1981, og byrjar å merke eit hardt liv, beståande av tallause konsertar og tusenvis av kilometer med reising. Dei legg turen hit til landet også, men eg trur det vart rimeleg fort utseld. Deira store gjennombrotsalbum kom heilt attende i 1986, i form av deira tredje album Reign in blood.  Det er eit kort album, på under halvtimen, men med heile ti kutt, derav dette, som var opningssporet. Den varer i nesten fem minuttar, og er slett inga hyllest til Josef Mengele og nazistane, slik som dei vart skulda for i årevis etterpå. Slayer har tvert om vore veldig tydlege på det stikk motsatte.
Sangen vekslar mellom fort-fort, og eit litt seinare og tyngre mellomparti, og så kan vi spekulere på korleis det er mogleg å holde trommene i gang på eit slikt vis. Men Dave Lombardo er kanskje den beste trash/speedtrommis vi har sett. Og høyrt.
Ein liveversjon fra 2004 kan høyrast her. Og berre så det er sagt: Her går det unna!

Nr. 60:
Slipknot, Psychosocial
Eg måtte bli godt vaksen før eg oppdaga Slipknot fra Iowa, USA, og den første melodien i så måte vart Psychosocial fra albumet All hope is gone, deira fjerde plate fra 2008.
Slipknot må være det næraste eit band kjem ein skrekkfilm. Grufulle masker som kan skremme dei tøffaste blant oss, og nokre aldeles grufulle videoar har gjort bandet nærast berykta i visse kretsar.
Dette skumle imaget er sjølvsagt godt planlagt, og er ikkje på noko tilfeldig. Vi har hatt "skumle" band tidlegare også, men da har det ofte kun blitt image, og ingen musikk å falle attende på så som med Kiss og Alice Cooper. Slipknot er av nokre karakterisert som nu-metal, men dette er noko meir. Det er steinhard prog-rock med trashelement, samt at dei også kan roe ned innimellom, og ikkje minst så har dei ein vokalist med eit vidt spekter i stemma.
Psychosocial går over knappe fem minuttar, og ein musikkvideo/skrekksnutt kan vi finne her.

Nr. 59:
Meat Loaf, Bat out of hell.
I 1977 kom artisten kjend som Meat Loaf ut med eit album som skulle bli eit av dei mest solgte i historia. Eit album som det rett nok står med Meat Loaf som artist, men som eigentleg er eit Jim Steinman album, da det var han som skreiv nesten alt, og var med på produksjon og musikken.
Uansett korleis vi snur og vender på det; Heile albumet er rekna som ein klassikar innan rock, og tittelmelodien må være med på ei slik liste. Det er opningskuttet, varer nesten 10 minuttar og innehel tekstar lange som uår, svulstige drama og nærast evetyraktige skildringar om korleis hjartet flyg ut av kroppen, som ein flaggermus fra helvete...
Dette er den desidert beste sangen på plata, sjølv om mange av kutta i dag er rekna som klassikarar innan ein slags teatralsk rock. Her er det lag på lag med musikk. Tonnevis med gitarar, trommer, piano og vokal. Akkurat passe pompøst før det blir komisk.
Ein litt forkorta versjon kan ein sjå og ikkje minst høyre her.

Nr. 58:
Red Hot Chilli Peppers, By the way
Da må vi omsider få plass til litt funk-rock! RHCP har nå holdt i maaange år, og dei første gangene eg høyrde dei, så falt dei ikkje heilt i smak. Den store overbevisninga kom i 1991, da dei kom med noko så uvant som eit dobbelt studioalbum, Blood Sugar Sex Magic.
Men By The Way kom nokre år seinare, i 2002, fra albumet med same namn.
Red Hot Chilli Peppers har eigentleg veldig mange bra låtar eg kunne tatt med på denne lista, men med dei før omtala strenge kriteria, så må ein prioritere. Kanskje det kjem fleire seinare??
Litt over tre og eit halvt minutt varer heile gleda, med ein forsiktig intro, før heile bandet kjem inn med funky bass, og rett og slett god stemning! Dette er ein av dei sangane som gjer meg i godt humør, berre fordi den er så bra.
Videoversjonen kan du sjå og høyre her. 

Nr. 57:
Faith No More, Epic
Vi held oss innanfor ein slags udefinerbar funk/metal genre, og da er det uråd å komme utanom Faith No More og deira store gjennombrotsalbum, The real Thing fra 1990. Fra dette albumet kom det også ein singel, Epic, som framleis er ein av bandets desidert beste og mest populære låtar.
På denne tid hadde bandet kvitta seg med sin forrige vokalist, Chuck Mosley, ein mildt sagt original karakter som gjerne stilte opp i høgst spesielle antrekk og ikkje minst humør. Inn kom Mike Patton, som på den tid berre var 21 år gamal, og gav bandet eit høgst etterlengta løft.
Epic er ein tung metallåt, ispedd funk og pianotonar.
Den vart også mykje kjend grunna ein noko kontroversiell avslutning på musikkvideoen. Der ser vi ein fisk på land som hoppar omkring, og bandet vart kritisert for å la eit levande vesen døy, berre fordi den skulle passe inn i videoen.
Om dette er sant eller ei, veit eg ingenting om, men det er nå ein svært habil låt fra funkmetalens øverste hylle. Forresten har Faith no More aldri vore så bra etterpå.
Videoen og sangen kan du diskuterer her. 

Nr. 56:
Joe Satriani, MC Driver
Gitarlærar Satriani fant omsider ut at han kanskje skulle byrje å gi ut album sjølv også, og ikkje berre lære ungdommar til å bli framifrå gitaristar. Han var passert 30 år da han byrja platekarriera si, og slo igjennom med sine reine instrumentalalbum på slutten av 1980-talet.
I 1992 gav han ut det som skulle bli det mest suksessfulle albumet hans, The extremist, og fra den plata tek eg med instrumentalen Motorcycle Driver på knappe fem minuttar.
Som med dei fleste av Satrianis melodiar er det her gitarspeling av ei anna verd, og det er i tillegg ein tung og stødig låt.
Vi brukar den ofte som intervalltrening på spinningtimane om vinteren, noko som jo er eit pluss.
Hvis ein har sans for gitarspeling deluxe, så treng ein ikkje gå lenger enn hit.
Eg hadde gleda av å oppleve Satriani live på Rockefeller i 1990. Når det siste ekstranummeret kom, så kokte det rimeleg bra i den fulle salen...

Nr. 55:
Tubes, White punks on dope
Det fins ville band overalt. Det fins heilville band også.
Så har vi The Tubes. Eit amerikansk showband med nokre av dei mest avsindige sceneshow innan rock nokon gang. Show som var så dyre og påkosta med lassevis av statistar til kveldens forestilling, at bandet ikkje tjente pengar i det heile teke.
Heilt tilbake i 1975 kom dei med sitt debutalbum, og på den plata finn vi det som skulle bli deira merkevare, deira epos, nemleg White Punks on dope. Mange trudde at denne handla om punkrocken, men det stemmer jo ikkje, punkrock kom nemleg ikkje før året etterpå.
Nei, dette er ein slags satirelåt om dei rike og vellukka, som også har sine svin på skogen. På originalen går sangen over knappa sju minuttar, men i live-versjon er den til tider vesentleg lengre.
Når bandet tok denne på sine mildt sagt oppsiktsvekkande konsertar, var det gjerne som aller siste ekstranummer, og med vokalist Fee Waybill på dei mest lattervekkande platåsko verda har sett.
Men imagen som eit heilvilt band til tross, dette er også ein svært god og treffsikker rockelåt, med ein fengande sang og vekslande tempo.
Ein sprø video kan nytast her. Enjoy!

Nr. 54:
De Lillos, Kokken Tor
Kokken Tor er utan tvil "Vestkantrockernes" beste låt. Dette er ein mykje tyngre og bedre melodi enn alt det andre De Lillos nokon gang har laga. Den vart gitt som ein del av deira veldig gode album fra 1993, Neste sommer.
De Lillos har for all del laga masse bra musikk, men Neste Sommer var ein adskillig meir gitarbasert og rocka versjon av bandet enn det vi hadde høyrt tidlegare.
Veldig bra! Og med Kokken Tor, på over seks minuttar, som høgdepunkt.
Tekstane til bandet er eit kapittel for seg. Eg likar spesielt godt denne fra nettopp Kokken Tor: "Jeg mislikte sterkt hans engasjement". Det er berre heilt fantastisk bra.
Eg har dessverre aldri fått høyrt De Lillos live, men kven veit om det ikkje byr seg eit høve ein gang?
Fram til da får vi nøye oss med videoutgåvene av bandet, bl.a.  denne her.

Nr. 53:
UFO, Doctor Doctor
Engelske UFO er enda eit slikt band som aldri vart så store som dei hadde fortjent. Det til tross for einskilde låtar som eigentleg er hits, men som publikum ikkje greip fatt i der og da.
Deira låt fra 1974, Doctor Doctor, gjorde seg t.d. ikkje bemerka på singellistene i det heile teke da den kom ut, og det var først fem år seinare, i høve utgjevinga av deira knallgode live-album, Strangers in the night, at den omsider fekk litt merksemd.
Dette er ein låt som er langt bedre i liveversjonen fra 1979, enn som studiosak fra 1974.
Live er dette ein tøff hardrocklåt på fire minuttar. Som studioversjon har du eigentleg gløymt heile greia etter to minuttar.
Det var da også live-versjonen som gjorde denne sangen populærm og den vert spelt fast på UFo sine konsertar den dag i dag. Yes, dei held det faktisk gåande, og tjener til livets brød, ved bl.a. spela det som var ein middels rockelåt fra 1974. Rart korleis ting kan endre seg.
Ein langhåra versjon fra tida før den var ein hit kan du sjå og høyre her.

Nr. 52:
Soundgarden, Rusty Cage
Soundgarden var alltid mitt favorittband fra den korte perioden grungerock var det store. Årsaka var at dei var adskillig meir rocka og ikkje fullt så sjølvdestruktive som Alice in Chains og Nirvana. Noko som kanskje høyres smått ironisk ut, all den tid da Soundgardens frontmann Chris Cornell tok sitt eige liv i fjor.
Rusty Cage er fra deira tredje album, Badmotorfinger utgitt i 1991, og vart umiddelbart ein hit for bandet.  Det er opningskuttet på plata, går i nesten fire og eit halvt minutt, og er både blytung og kjapp, om enn ikkje nødvendigvis samstundes.
Når eg høyrer denne låten att no, 27 år etter at eg kjøpte plata, så er det framleis ein kanonbra tungrocklåt med dyktige musikarar, i eit band med svært høg kvalitet.
Det var trist det gjekk som gjorde.
Rusty Cage kan sjåast og høyrast her.

Nr. 51:
Pearl Jam, Alive
Vi held oss til Seattle og grunge. Og vi er framleis i året 1991. Nå må vi ta med Pearl Jams beste låt, fra deira debutalbum Ten.
Det er, sikkert ikkje noko bombe, Alive. Det er altså deira beste melodi, går over fem og eit halvt minutt, og skal eigentleg være obligatorisk i einkvar møblert heim.
Dette var også bandets første singel fra debutplata deira, eit veldig godt val!
Rett nok er dette ein underfundig låt, men svartare tekstar enn ein kanskje legg merke til ved første høyring, men det er likevel ein sterk låt. Ein av dei beste som vart utgitt med bakgrunn i grunge og Seattlefenomenet, så kortliva det enn var.
Ein svært god versjon av låten finn du her.

Nr. 50:
Pink Floyd, One of these days
Ja, det var kanskje ei lita overrasking. Kvifor ikkje nokon av dei langt meir lettfordøyelege sakene til dinosaurbandet? Fra lengre utpå 1970 og 1980 talet?
Men dette er den beste låten som Pink Floyd har laga, fra det litt meir ukjende albumet deira Meddle.
Utgitt i 1971, altså før Dark Side of the Moon, og på knappe seks minuttar, er dette ei oppvisning i tidleg progrock med element av datidas psykedelisk rock.
I 1971 hadde bandet kvitta seg med den mildt sagt ustabile Syd Barrett, og kunne no lage musikk, og ikkje berre snåle lydar som ein antaglegvis måtte være stein for å ha eit utbytte av.
One of these days er nesten ein instrumental. Det vert rett nok sagt (ikkje sunge) eit par setningar, men det er alt. "One of these days I`m gonna cut you into little pieces".
Låten er også å finne i ein knallbra versjon fra deira noget spesielle livealbum fra eit folketomt Pompeii.
Den versjonen kan du sjå og høyre her.

Nr. 49:
Dum Dum Boys, Bulldetektor
Ohoi, litt meir trønderrock, men heldigvis også nå utan dialekta. Dum Dum Boys og deira opningskutt fra 1992-albumet Transit må med. Tre og eit halvt minutt går låten Bulldetektor, og dette er ein ekte rockelåt fra øverste hylle, iallfall i norsk målestokk.
Dum Dum Boys var i dei første åra på 1990-talet eit knallbra band, men det må dessverre innrømmast at det er leeenge sidan dei kom med noko bra nå.
Da er det godt å ha deira gode album som Splitter Pine, Pstereo og Transit å falle tilbake på. Det er musikk som held seg den dag i dag, og som er noko av det aller beste som er utgitt innan norsk rock nokon gang, og omtrent 100 ganger bedre enn deira forgjenar Wannskrækk. Dei var ikkje mykje å skryte av.
Dum Dum Boys anno 1992 derimot, fortjener all den skryt dei kan få, og låta Bulldetektor er regelrett knall.
Den kan finnast i live-versjon her. 

Nr. 48:
Free, Wishing well.
Ah, the voice... Paul Rodgers...
Free, enda eit av desse banda som aldri vart så store som dei skulle ha vore. Men i 1973 kom dei med deira sjette og siste album før bandet gjekk i oppløysing. Da fekk dei også ein av deira litt større hits, nemleg Wishing Well, som er opningskuttet på albumet Heartbraker.
Free viser på denne låten at dei var eit tungrockband like gode som nokon av deira samtidige, men mangelen på kommersiell suksess gjorde at bandet gav opp ikkje så lenge etter.
Vokalist Rodgers, kanskje ein av dei aller beste tungrocksangarane på den tid, var med å starta Bad Company, eit snillare band med langt større suksess enn Free nokon gang hadde hatt.
Det kan være verdt å nevne at Paul Rodgers også har hatt nokre opptrednar med Queen etter at Freddy Mercury døydde, og at den godaste Freddy visstnok var ein stor beundrar av Rodgers. Det seier vel eigentleg sitt.
Wishing Well fekk forøvrig ein aldeles håplaus musikkvideo ein gang utpå 1980-talet, og den er så dårleg at den MÅ du sjå.

Nr. 47:
Smashing Pumpkins, Tarantula
Smashing Pumpkins og deira frontfigur Billy Corgan er definitivt ikkje min kopp te til vanleg. Men ingen regel utan unntak, og unntaket kom ut i 2007 på deira sjuande album Zeitgeist.
Dette er på sett og vis eit comeback, da bandet og Corgan hadde sine utfordringar på byrjinga av 2000-talet.
Comebackmelodien Tarantula skulle så vise seg å bli den beste som dette ikkje spesielt enkle bandet nokon gang har gitt ut.
Ein veldig bra og fengande tung rockelåt med innslag av boogierytmar, og ein feit gitarsolo. Dessutan har eg stor sans for tromminga. Oh, så bra!!!
Ein litt sær video, kva ellers, kan ein sjå her.

Nr. 46:
AC/DC, Back in black
1980. Dei australske rockarane har mista sin eine frontmann i vokalist Bon Scott, og var i seriøs fare for å gi seg. Dei trengde ein ny vokalist, og fant han i Brian Johnson.
Så fekk dei med seg Mutt Lange som produsent, og resten er, som dei seier, historie. Eit av rockens største, beste og viktigaste album nokon gang, for ikkje å snakke om: Ein kanonsuksess, med salstall i atmosfæren. Eit av verdas mest solgte album, ikkje minst takka være tittelkuttet på noko over fire minuttar.
Her får vi også høyre kor eminent rytmegitarist bandet hadde i Malcolm Young. Rett nok hadde han alltid ei litt anonym rolle, men det drivet og den rytmen som er i denne låten står ikkje tilbake for noko.
Problemet var eigentleg å finne plasseringa til denne svært suksessfylte låten, da eg byrjar å få det litt vanskeleg med plassane etterkvart. Men ein stad må den jo være, og slik til opplysning så har eg aldri vore noko kjempestor AC/DC-fan, og iallfall ikkje nå som dei har ein nisse som vokalist.
Ein av rockens mest kjende gitarriff kan høyrast her.

Nr. 45:
Deep Purple, Child in time
Vi fortset med enda ein rockklassikar, denne gang fra Deep Purple og deira store gjennombrotsalbum In rock fra 1970. Til dette albumet hadde bandet kvitta seg med ein vokalist og ein bassist, og dei nye, Gillan og Glover, løfta bandet ca 100 hakk.
In rock er eit stort album, eit av dei største innan tungrocken.  Den aller beste fra dette albumet er Child in Time, som går over 10 minuttar, nærast ein slags progrocklight altså.
Deep Purple vart ikkje noko progrockband, men denne låten er nok det næraste dei kom. Den har eigentleg alt. Problemet var å finne kor i helsike på lista eg skulle plassere den.
Deep Purple held det gåande framleis, som så mange andre gamle rockeband på eit stadig meir ufrivillig lattervekkande vis. Dei nådde sin topp i 1970, med denne fantastisk flotte sangen, og kunne eigentleg gitt seg da, for dei laga aldri noko så bra att.
Ein liveversjon finn vi her. 

Nr. 44:
Pantera, Cowboys from hell
Det er kanskje rart å tenke på at Pantera starta som eit glamrockband. Iallfall er det rart når ein høyrer denne svært tunge metallåten fra 1990.
Dette var den første singelen fra seira fjerde album, ein radikal endring fra deira tidlegare saker, for dette er ein blytung sak, med tonn av gitarar og ein snerrande vokalist.
Dryge fire minuttar varer denne, og det er ein ekte metallåt som var noko heilt anna enn glam og grunge som gjerne var så populært på den tid.
Som eg har nevnt tidlegare fekk bandet ein trist lagnad og gjekk i oppløysing da gitaristen deira vart skoten, og da hans trommande bror døydde nå i vår, så var det iallfall sikkert at Pantera aldri kom til å gjere comeback.
Så høyrer det da også med til historia at vokalist Anselmo neppe var den enklaste å ha med å gjere heller.
Cowboys from hell er ein skikkeleg metallåt som høyrer heime i eitkvart møblert hus, og den kan høyrast og sjåast her.

Nr. 43:
Stormtroopers of death, Speak english or die
Du har ikkje høyrt vill musikk før du har høyrt satirebandet Stormtroopers of death, eller S.O.D.
Beståande av bandmedlemar fra Anthrax, Nuclear Assault og ein venn som "vokalist", så vart albumet Speak english or die snekra i hop på ei veke. Tekstane er milevis fra å være politisk korrekte, men det var da også meininga. For dette var aldri meint å skulle takast seriøst. Dette var eit satireband som miksa hardcore og metal til ei ekstrem blanding av tull og beinhard musikk.
Tittelkuttet må sjølvsagt være med her, ein av dei lengste kutta på heile albumet, til tross for at den går over berre knappe to og eit halvt minutt.
Heile albumet varer i knappe halvtimen, og på den halvtimen har bandet klart å putta inn 21 melodiar. Da seier det seg sjølv at her er det mykje rart.
Vel, bandet hadde stor moro av å gi ut tull og vås, og sjølvsagt ekstra gøy når folk dei seriøst. Albumet har utruleg nok solgt over ein million eksemplar, ikkje verst av eit tulleband.
Tittelmelodien kan du høyre her.

Nr. 42:
Anthrax, I am the law
I 1987 kom Anthrax sitt tredje album ut, Among the living, og fra den plata har eg henta ut bandets hyllest til teikneseriefiguren Judge Dredd. Knappe seks minuttar varer denne, fra eit album som er bandets desidert beste. I likskap med deira samtidige venner og konkurentar i Metallica, gjekk Anthrax på denne tid litt vekk fra stadig raskare og kjappare låtar. Rett nok går det unna på denne plata også innimellom, men meldodiane er langt meir komplekse enn mange av det datidas trashband ellers laga.
Among the living er som sagt bandets desidert høgdepunkt, ein milepæl innan trashmetal. Eg hadde den store gleda av å oppleve bandet live på deira opningskonsert på Europaturneen i september 1987. Dei satte eit fullstappa Rockefeller i fyr og flamme, og eg kan enda hugse det intense volumet som gjorde at eg gjekk med pipelyd i øyrene eit par dagar etterpå.
Det var ein fantastisk konsert, kanskje den beste eg har vore på nokon gang.
I am the law kan høyrast her. Faktisk i eit konsertopptak fra 1987, fra USA-turneen rett nok, og ikkje Rockefeller.

Nr. 41:
Faith No More, We care a lot
Første gang utgitt i 1985, fra bandets første album med same navn. Seinare er sangen utgitt i fleire versjonar, bl.a. med nyvokalist Mike Patton nokre år seinare.
Men det er versjonen  fra 1985 som er den beste. Ein tøff metallåt med rapinnslag, ein av dei første av typen som går over dryge fire minuttar.
Det er bandets originalvokalist som syng her, ein pussig figur som liknar svært lite på alle fordommar ein måtte ha om rockesangarar. Han stilte gjerne opp i rastafletter og fargerike kostymer, noko som ikkje kan seiast å være vanleg metalantrekk på siste halvdel av 1980-talet.
We care a lot er framleis ein av bandets mest populære sangar, til tross for at vokalist Mosley forsvant ut av bandet like etter at den vart gitt ut. Mosley døydde av ein overdose heroin i 2017, men vi kan framleis og heldigvis gjennoppleve denne stilige crossoverlåten den dag i dag. 

Nr 40:
Flotsam & Jetsam, Doomsday for the deceiver
Tilbake til 1986 og Flotsam & Jetsam. Som eg nemnde før, så har dei vorte mest kjende for å være bandet til ein bassist som var med på ei einaste plate, nemleg denne.
Tittelsporet på deira debutalbum må nesten være med på ei slik liste, for til å være laga på svært lite budsjett, og med stramme tidskrav, så er dette albumet eit reint meisterverk. Tittelkuttet går over heile ni minuttar, men det må seiast at her er det ein lang intro med både kassegitar og elgitar. Det i seg sjølv var neppe heilt vanleg blant trashmetalbanda midt på 1980-talet.
Det er ein lang og veldig bra melodi, med sterke prestasjonar fra eit band som lever sitt noko anonyme liv den dag i dag. Framleis spelar dei sine gamle og beste låtar på konsertar, til glede for gamle fans, samt ein og annan ny som er komen til dei siste 30 åra.
Dryge ni minuttar proginspirert trashmetal kan du høyre her. 

Nr. 39:
Rainbow, Stargazer
Vi held oss til litt lengre låtar, og dreg tilbake til 1976, og Rainbow sin beste låt nokon gang, Stargazer fra deira godt mottekne album Rising.
Rising er eit langt bedre album enn deira forgjengar, og dei kom da heller aldri med noko så bra i ettertid. Årsak: Dio slutta etter deira neste album, Long Live rock`n roll.
Men vi skal ikkje dvele ved Dio i denne omgang.
Stargazer er sjølve høgdepunktet på albumet, ein svært pålessa melodi på nesten åtte og eit halv minutt, og ein av berre to sangar på side to på den originale LP-utgjevinga.
Melodien startar med ein trommeintro av Cozy Powell, og derfra berre aukar det i intensitet. Det er ein ekte tungrock klassikar, med tonnevis av musikk, og dette vart visstnok spelt inn på berre ein eller to takningar. Heile innspelingstida varde berre fire veker, noko som høyres heilt usannsynleg ut, når vi tek for oss den gode lyden og kvaliteten generelt. Hvis det er tilfelle at det tok under ein månad å lage dette eventyralbumet, så betyr det at vi har med svært dyktige folk å gjere. Og det har vi jo.
Stargazer kan høyrast her, rett nok ein heimemiksa video, men melodien er jo storslagen likevel.

Nr. 38:
Manic Street Preachers, If you tolerate this, tour children will be next
Ofte er det slik at når eit band mister den leiande figuren sin, så ramlar resten av bandet i kjellaren. Kanskje dei forfell og blir til ein parodisk sak, eller dei kan gjere som britiske Manic Street Preachers etter at deira låtskrivar forsvant i 1995: Bli mykje bedre.
Det vart først og fremst vist gjennom deira flotte singel fra deira femte album i 1998, If you tolerate this, your children will be next.
Ein stillfaren, nesten melankolsk rockelåt som likevel er intens og skal spelast på høgt volum. Eit nærast vemodig stemningsleie følgjer heile sangen, som går over knappe fem minuttar.
Ein av 1990-talets aller beste rockelåtar, det er forbausande få av dei når eg tenker meg om, men denne står som eit fyrtårn.
Sangen vart også ledsaga med ein forunderleg video, kanskje ikkje så rart når ein tenker på sangens noko svarte tema.
Den kan du sjå her. 

Nr. 37:
Primus, Wynonas big brown beaver
Vel, det fins andre gode låtar fra 1990-talet også, og denne er så langt fra melankolien som det vel er mogleg å komme.
Primus, eit tulleband, som består av ein fantastisk dyktig trio, kom i 1995 ut med denne låten fra deira småskrudde album Tales from the punckbowl.
Med slike sang og album titlar forstår ein at her er det ikkje alt som skal takast seriøst.
Men Wynonas big brown beaver er ein knallåt. Funk-punk rock er vel beste skildringa av denne låten som går over knappe fire og eit halvt minutt.
Låten vart også marknadsført med ein aldeles hysterisk video. Hvis ein ikkje ler av denne, så har ein ikkje sans for humor i det heile teke.
Og berre så det er sagt: Vi snakkar om musikarar i ultraklassen her.
Sangen kan høyrast og ikkje minst sjåast her.

Nr. 36:
Blue Oyster Cult, Black blade
Gullåret 1980 fortset med høgdepunktet fra Blue Oyster Cult. Fra deira sjuande album Cultosaurus Erectus kom dei nemleg med ein skikkeleg godbit, Black Blade.
Som så ofte før fra dette bandet er det ein sang som er litt "mystisk" og "skummel". Dette dystre særpreget gjorde at bandet aldri vart  nokon kjempstor ehitfabrikk, men dei har ein svært lojal fanbase den dag i dag.
Black Blade går over seks og eit halvt minutt, vekslar i tempo, og er heile albumet er da også prega av langt bedre lyd enn alle deira føregåande album. Det høyres nesten proft ut!
Som sagt ein litt dyster sak, som neppe er så oppløftande å høyre på for dei med altfor dårleg tru på framtida.
Eg har såklart høyrt mange ganger på denne, og nå kan du utforske litt BOC her.

Nr. 35:
The Ting Tings, That`s not my name
 Det er ikkje ofte ein duo(!) utan backingband(!!) krabbar oppover hitlistene, men det klarte britiske Ting Tings i 2008. That`s not my name er duoens tredje singel fra deira debutalbum We started nothing, og er den suverent beste låten dei har laga.
Den er forøvrig laga i fleire versjonar, og det er den lengste som er best. Den går over fem minuttar, er perfekt som avslutning på ei lang spinningøkt og skal spelast på høgste oppnåelege volum.
The Ting Tings er ikkje akkurat ein rockduo, men denne låten er så prega av genren likevel at den må med på ei slik liste. Den byrjar roleg, har eit fengande refreng, før det rpar ned att, og på den lengst versjonen så bygger det seg berre meir og meir opp.
Ein fantastisk god avslutning!
Her er ein versjon, dette er den korte videoen, men den kan også finnast i fengande liveutgåver. Ikkje verst av ein duo.

Nr. 34:
AC/DC, Go down
Tilbake til 1977 og AC/DC. Vi må ha med opningskuttet på deira album Let There be rock, Go Down. Fem og eit halvt minutt med god gamal småskranglete boogierock fra det beste som er kome fra Australia.
Det er vel lite tvil om kva denne sangen eigentleg handlar om, iallfall når ein høyrer oppbygginga av låten, og teksten som Bon Scott etterkvart hyler ut.
Vi skal ikkje gå så veldig i detaljar her, men berre fastslå at dette er etter mi meining bandets beste melodi nokon gang, og det er inga liten prestasjon, når ein ser på kor lenge og kor mykje AC/DC har gitt ut. Let There be Rock var deira fjerde album, og sidan den gang har dei kome med mengder av musikk og haugevis med album
Likevel: Her var dei på sitt beste.
Go down kan høyrast her. Den fins også i liveutgåve med Brian Johnson som vokalist, men den viser eg ikkje fram. Denne må ha Bon Scott som sangar.

Nr. 33:
Slayer, Raining blood
Trashmetal igjen, fra eit av dei verkeleg store innan genren, og fra eit album og band som er omtalt før. Slayer legg snart ut på sin avskjedsturne, visstnok, da skal dei ta snuen om Oslo, og det kjem nok garantert denne til å stå på menyen.
Raining blood er fra bandets tredje album Reign in blood, utgitt i 1986.
Fire minuttar og 14 sekundar varer denne klassikaren innan trashmetal, og det i eit aldeles infernalsk tempo, men og med saktare parti.
Dette er ikkje ein sang du spelar på første date, for å sei det slik. Den som skal tåle Slayer på sitt beste bør ha ei høg toleransegrense for det som er steinhard kjapp-kjapp metal.
Albumet er rekna som eit av dei beste og viktigaste trashmetalalbum nokon gong, og er ein mal som mange andre band har prøvd å nå opp til.
Det er det ikkje mange som har klart.
Ein live-versjon på talk-showet til Jimmy Fallon kan du finne her. 

Nr. 32:
Soundgarden, Spoonman
1994. Soundgarden, utan tvil det beste som kom fra Seattle, kjem med det som skulle bli deira billett inn til meir kommersiell sukses, og det var denne låten som skulle bane veg.
Spoonman er fra bandets fjerde album, Superunknown, varer i dryge fire minuttar, og er skreve av frontmann Chris Cornell.
Han tok som kjent sitt eige liv i fjor vår, eit stort tap for musikken var det!
Spoonman er ikkje berre ein kompleks låt med mengder av lydar og instrument, den er også veldig fengande.
Alle band burde eigentleg lage noko så bra ein eller annan gang i løpet av karriera, men det er ikkje mange forunt å ha eit slikt låtskrivartalent heller da.
Saman med melodien kom det også ut ein video, og den kan du sjå her.

Nr. 31:
The Godz, Gotta keep a running
Dette er det næraste eg kjem eit one-hit-wonder på denne lista.
The Godz, fra Ohoi, kom i 1978 ut med eit svært bra album, i det minste hadde det nokre veldig bra låtar, deriblant det som skulle bli deira eigen bittevesle hit, Gotta keep a running.
Plata, med samme namn som bandet var deira debutalbum, og inneheld altså denne hyllesten til rockefansen, om at "all of us, you and I are rock`n roll junkies"
Sangen går over nesten sju og eit halvt minutt, og er utruleg fengande. Dette er rett fram rock`roll på enkelt og fengande vis. Ikkje noko dill med fantasy og ladies her.
The Godz are rock`roll machines.
Dessverre vart det med dette eine albumet som hadde ein viss kvalitet.
Dei kom med ei plate eit år eller to seinare som var hysterisk elendig. Medan det første albumet var tungt og godt, var det neste antaglegvis den dårlegaste oppfølgar nokongang.
Sidan har eg aldri høyrt om dei.
Men gotta keep a runnin lever enda. 

Nr. 30:
Anthrax, Among the living
Vi skal ta enda ein låt fra Anthrax sitt beste album. Tittelmelodien fra deira 1987-album må være med på lista mi. Dette er også opningskuttet på albumet, går over dryge fem minuttar, og handlar om Randall Flagg.
Aldri høyrt om han seier du? Randall Flagg er hovedskurken i ei bok av Stephen King, The Stand, som det også er laga ein mini TV-serie av. Det er da også ein av dei bedre filmatiseringane av Kings bøker, så denne kan være verdt å bruke noko tid på.
Sameleis er det også med Anthrax sitt tredje album som denne melodien befinn seg på. Dessutan må ein ha litt god tid, for heile albumet er på nesten 50 minuttar.
Men dette er eit sterkt album, og hvis vi kan kalle noko ein klassikar innan trashmetal, så må dette være noko av det næraste vi kjem.
Som eg skreiv tidlegare, så hadde eg gleda av å oppleve Anthrax live i 1987, og kven veit om tek ikkje vert ein tur til Spektrum att i desember, når dei kjem hit saman med Slayer på sistnemndes avskjedsturne?
Ein liveversjon fra 1987 kan sjåast her.

Nr. 29:
Black Sabbath, Sabbath Bloody Sabbath
Folk kan skryte av Zeppelin og Purple så mykje dei vil og orkar, men det viktigaste tungrockband nokon gang må være Black Sabbath. Musikken er tildels like dyster som industristrøket i Birmingham der dei kom fra, og dei har vore ein inspirasjon for omtrent alt som fins av litt tyngre rock i fire tiår.
Eit av bandets høgdepunkt kom på deira femte album, Sabbath Bloody Sabbath i 1973, og det er tittelsporet vi snakkar om.
Eit av tungrockens mest kjende, og beste gitarriff, samt ein bedre lydproduksjon enn hos forgjengarane, gjer dette til ein av Black Sabbath sine absolutte toppar, i ei lang og svært varierande karriere.
Sangen går over nesten seks minuttar, og introen er rekna som "the riff that saved Black Sabbath". Vidare har vi eit mellomparti, "dreams turn to nightmare, heaven turns to hell", med Ozzy i fri dressur, og datidas beste og tyngste riff.
Denne låten er sterkt undervurdert, og burde være med på eikvar liste som tek for seg kjende tungrockmelodiar.
Ein kortversjon kan finnast her.

Nr. 28:
UFO, Only you can rock me
Vi må ha litt meir UFO, og sjølvsagt må deira mest kjende låt være med på lista mi.
Only you can rock me kom ut på albumet Obsession i 1978 og går over dryge 4 minuttar.
Dette er sjølve signaturlåten for bandet, og vart også gitt på singel, noko som kanskje høyres veldig rart ut for dagens unge :-) Ein singel var altså ei lita vinylplate med ein sang på kvar side. Slik, da veit de det.
Det er likevel deira liveversjon av sangen som gjorde mest inntrykk for min del.
Strangers in the night er fra bandets konsertar i Chicago hausten 1978, og gitt som dobbel LP i 1979. Her har det fengande gitarriffet på det beste, fra ein tilsynelatande nokolunde edru Michael Schenker. Mannen viser på dette livealbumet kva slag eminent gitarist han var på den tid, og hadde han vore litt mindre tørst, så kunne dette sikkert vorte mykje bedre enn det vart. Med han altså.
For det skal godt gjerast å finne noko særleg bedre live-album enn Strangers in the night. Det fins muligens eit par som kjem opp på samme nivå, men det er langt imellom dei. Status Quo live, Queen Live Killers, Uriah Heep live....
Som vi ser, det er godt selskap, og når Only you can rock me er den beste låten på eit av dei beste live-album som er laga, så forstår vi kor bra dette er.
Ja, og så Phil Mogg da.
Her er ein versjon av melodien. 

Nr. 27:
Steve Earle, Copperhead road
Steve Earle står oppført som countryartist, men denne låten fra 1988 er også ein ekte rockeslager.
Rett nok er det eit countrypreg over melodien, men det er også ein hardtslåande låt, med kanontrommer, gode vokalprestasjonar og generelt er det ein drivande  god countryrockklassikar.
Temaet for sangen er lysår fra mine interesser nå til dags, da det handlar om ein løk som lagar heimebrent i tredje generasjon.
Det er vel helst ein slags redneck det er snakk om, dvs. ein slags halvrasist fra Sørstatane, som også har lært ein eller to fra "Charlie", dvs. Vietcong under sine periodar  som soldat i Vietnamkrigen.
Hovedpersonen i sangen har planar om å sette opp feller ifall nokon skulle komme å stoppe heimebrenninga hans, noko som heller ikkje høyres spesielt smart ut.
Men, sjølv om vi har å gjere med ein tulling i sangen, så er dette ein kanonlåt. Første gang høyrt på eit slags videoprogram om countrymusikk på NRK i 1989 var det vel, og da var det eigentleg gjort.
Ein roleg intro som bygger seg gradvis opp før det eksploderer med dei før nemnde kanontrommene.
Steike, det er ein tøff overgang!
Steve Earle har aldri laga noko som er i nærleiken av å være så bra, korkje før eller seinare som det han gjorde med denne låten på sitt tredje album. Fire og eit halvt minutt countryrock som antaglegvis er det beste innan genren EVER.
Videoen er her. 

Nr. 26:
Metallica, Whiplash
Vi skal heilt attende til 1983 for å finne Metallicas beste album, Kill `em all. Eit ungdommeleg forfriskande innslag i datidas tungrock.
Metallica er som kjent i full vigør den dag i dag, og er utan tvil verdas største metalband.
Men i 1983 var Metallica eit pionerband innan ein undergrunnsgenre som såvidt var byrje bevege seg, noko som seinare skulle bli kjent som trashmetal.
Låten Whiplash var visstnok ein av dei siste som var skreve til Kill `em all, men det betyr ikkje at den er dårleg.
Dette er ein kjapp-kjapp låt på litt over fire minuttar, med berre eit par taktskifter, lite til Metallica å være på seinare album!
Whiplash er framleis spelt på bandets konsertar, og er utan tvil eit av bandets evergreens, ein låt som held seg forbausande godt, 35 år etter at den vart ut.
Den er også gitt ut med andre band, og Motorhead fekk faktisk ein Grammy for sin versjon, og det er ei forbausande bra utgåve!
Du har eigentleg ikkje peiling på metal hvis du ikkje likar denne snerrande trashsaken fra verdas største metalgjeng.
Ein liveversjon fra i fjor kan finnast her, med Lars Ulrich som faktisk held takten nesten heile sangen!
Jøss.

Nr. 25:
Slipknot, Duality
Opningslinja fortel det meste: " I push my fingers into my eyes..."
Og så er vi i gang.
Skrekkbandet fra Iowa gav i 2004 ut denne fantastiske metallåten på albumet Vol 3., kanskje ikkje overraskande bandets tredje plate.
Det fine med Slipknot er at dei ser kanskje veldig nifse ut på scena og i videoar, men i intervju så framstår dei uvanleg reflekterte og oppvakte. Såvidt eg kan bedømme, så er dette eit av dei meit intelligente metalband som er der ute. Kanskje har eg feil, men det lever eg godt med.
Som så mange andre låtar er også denne gitt ut i fleire versjonar, ein kort for radiospeling, og ein lengre til sjølve plata, h.h.v. på tre og eit halvt minutt, og fire og eit halvt minutt.
Uansett kva versjon ein føretrekk, så er dette ein hardtslåande metalsang, med stilige gitarriff, kanontrommer og såklart vokalist Taylor si varierte stemme.
Det går heller ikkje an å komme utanom videoen som vart laga til denne sangen: Bandet inviterte fans til å være med å innspelinga, som skulle føregå i eit gamalt hus i heimbyen. Det kom mange fleire enn forventa, og resultatet vart ein heilvill sak, der det faktisk var akutt fare for at huset skulle kollapse under innspelinga. Huset, som forøvrig skulle rivast likevel, vart totalt ramponert, og eigarane fekk nokre kroner i erstatning. Greit nok, da bygget skulle jamnast med jorda likevel.
Videoen kan du sjå her.

Nr. 24:
Avenged Sevenfold, This means war
For dei som meiner at Metallica ikkje er heavy nok, så har vi ein kopi i amerikanske Avenged Sevenfold som i 2014 kom med denne metalhymna. Kritisert for å være ein kopi av Metallicas Sad but True, og ja, den har kanskje ein og anna likskap, men er bedre. Ikkje minst fordi vi slepp å høyre på Lars Ulrich på trommer.
Yes, eg innrømmer gjerne at første gang eg høyrde denne, så var den første tanken at; "Jøss, ny Metallica-låt eller?" Men så kom det litt lenger ut i melodien, og da høyrde eg at dette var noko anna.
Det er ikkje rart at Metallica har inspirert andre band, og når det er gjort såpass bra som her, så lever eg godt med det.
Avenged Sevenfold er kanskje ein litt meir melodiøs Metallicakopi, men det er eit eller anna med denne sangen spesielt som gjev den eit slags ekstra piff. Kanskje det er gode vokalprestasjonar?
Kanskje bedre tromming? Kul gitarsolo? Det fengande refrenget?
Det er såklart ein kombinasjon som gjer at dei dryge seks minuttane gjerne skulle vart litt lenger.
Vi får ta det vi får.
Ei konsertutgåve av låten finn ein her. 

Nr. 23:
Liquido, Narcotic
Dette er eit ekte one-hit wonder.
Tyske Liquido kom i 1996 ut med ein fengande poprocklåt i form av Narcotic, ein låt som er så bra at dei aldri klarde å følge den opp.
Bandet er i dag forlengst oppløyst, grunna manglande suksess etter dette som vart ein internasjonal hit, og som vart kåra til den nestbeste rockelåt på ein tysk radiokanal for nokre år attende. (På førsteplass: Stairway to heaven).
Det vart også laga ein video, antaglegvis på eit heller sparsommeleg budsjett, med dei fire medlemmane i passande nerdeantrekk.
Vokalisten introduserer låten med noko som minner om eit slags lite leikeorgel, før resten av bandet kjem med for full "musikk" etterpå.
At videoen liksom skal føregå inne i ein slags bakgård, med meir eller mindre interesserte bebuarar er nå så sin sak, låten er berre heilt utruleg bra og ein blir ganske enkelt i godt humør av denne.
Kort oppsummert: Ein kjempebra melodi som passar bra dersom ein er litt nedfor ein dag. Høyr på denne, og humøret vil garantert stige mange hakk.
Nerdevideoen kan ein bivåne her. 

Nr. 22:
Status Quo, Rain
Mitt favorittband fra den tidlege ungdom må omsider med på lista, og da tek eg først med ein fra deira beste studioalbum, låten Rain. Den er med på deira niande album, Blue for you, fra 1976, varer i fire og eit halvt minutt, og er den beste og tyngste boogierocklåt som dei har gitt ut.
Status Quo vert alltid sagt å køyre på dei samme tre grepa, og spele dei same låtane om igjen og om igjen.
På Blue for you viser dei laaaangt større variasjon. Her er det boogierock, javel, men det er også lette fengande melodiar som Ease your mind, baladar ala tittelsporet, samt ein skikkeleg meir hardtslåande sak, som eg skal komme attende til....
Rain er framleis ein av bandets mest populære låtar, over 40 år etter at den vart gitt ut. Og hugs at dette bandet har gitt ut hits i 50 år, og har fleire sangar på hitlistene i England enn noko anna rockeband. Rain er såleis ein ekte kvalitetslåt! Det er da heller ikkje den lettaste og snillaste melodien dei har laga, for denne er ein eit hakk tyngre og hardare enn mykje av dei bandet ellers har gitt ut.
Men ellers er det ein lett gjennkjennleg Status Quo-melodi. Ingen som høyrer denne kan være i tvil om kven som spelar.
Ein versjon av Rain kan du sjå og høyre her.

Nr. 21:
The Who, Wont get fooled again
Året er 1971, og ungdommane i The Who er vortne vaksne, og kjem med det som skal bli deira beste låt nokon gang, og som i tillegg skal bli hugsa som ein veldedigheitskonsert sitt desiderte høgdepunkt 30 år seinare.
Dei viste det sikkert ikkje da, for snart 50 år sidan, at Wont get fooled again skulle holde seg så bra. Men det viser seg altså: Kvalitet går ikkje ut på dato.
Låten kom opphaveleg ut på bandets femte album, Who`s next, og kom ut i to versjonar, ein for singel på tre og eit halvt minutt, og den er forsåvidt ok, men det er den lengste versjonen som er berre heilt konge. Åtte og eit halvt minutt tilsaman, og tenk at låtskrivar Pete Townsend da var berre 26 år gamal da han komponerte denne....
Litt attende til den omtala konserten.
The Who vart som så mange andre svært kjende artistar invitert til "The Concert for New York" etter terrorangrepa 11. september.
Det var haugevis med gode og kjende artistar i Madison Square Garden denne kvelden, men i ettertid er det stort sett slik at alle reknar The Who og deira framføring av Wont get fooled again som det klare høgdepunktet.
Eg må sei meg einig. Denne kvelden var det mange svisker og mimring på høgt nivå, men musikalsk var det ingen som matcha The Who og deira den gang 30 år gamle hit.
Vi får ein lang versjon denne kvelden, på nesten 10 minuttar, med den innlagde "nå roar vi ned ein smule, før vi eksploderer att".
Dessutan har vi her eit usedvanleg sterkt band. Pete Townsend er gitargud i dressjakke, Daltry svingar mikrofonen og brølar "Yeeeeaaaaahhhhhhh", vi har ein trommeslagar som fyller skoa til Keith Moon, og til slutt: John Entwistle. Har verda sett ein bedre rockebassist? Eg tvilar.
Det vi ikkje visste da, var at dette skulle bli Entwistles siste konsert, da han døydde nokre månader seinare, berre 57 år gamal.
Eg har funne konserten fra New York, men den ligg ikkje på YouTube. Derimot på Daily Motion, dra fram til 4,35 og du er i gang..
Men hvis du føretrekk ein eldre versjon, så er det ein skikkeleg godbit her.

Nr. 20:
Rush, Spirit of radio
Vi er i gang med dei 20 siste, og det blir verre og verre. Kva låtar skal eg nå velge?
Alle som er att er berre sååååå bra. Har nesten ikkje hjarte til å velge nå, men det må gjerast.
Og dermed kjem Rush med sitt første bidrag.
Året er enda ein gang 1980, og i januar kom den canadiske trioen med sitt sjuande album, Permanent waves.
Herfra har eg tatt med opningskuttet Spirit Of Radio, ein fem minuttar lang sak, som også vart gitt ut på singel.
Dette er framleis eit av bandets meir populære låtar, og eg hadde gleda av å høyre denne som opningsnummer under bandets konsert i Spektrum i 2006. Den er fin som studiosak, men enda bedre live!
Spirit of radio er den dag i dag Rush sin mest solgte singel på dei britishe hitlistene, til tross for at deira beste album skulle komme litt seinare utpå 1980-talet.
Permanent waves høyrer heime i einkvar progrocksamling, og Spirit of radio er ein utruleg flott låt, som er avansert og fengande samstundes.
Ein nyare live-versjon kan du finne her. 
Det er også ei stadfesting på kor dyktige musikarar dette bandet er. "How can three guys make such a sound?" som Kirk Hammet sa det.

Nr. 19:
Rammstein, Du hast
Tyske Rammstein leverer stadig sin særeigne form for industrimetal, og deira beste bidrag kom i 1997 i form av Du hast.
Den kom ut på deira andre album, og er, som med nesten alle andre Rammsteinlåtar, utelukkande på tysk.
Kanskje det har avgrensa den kommersielle suksessen i t.d. Storbrittania og USA ein smule, men for oss som har solid tysk-bakgrunn i form av fire år på ungdoms og vidaregåande (ironi), så lever vi godt med tysk sang.
Rammstein har gjerne litt sære og skumle videoar til sine melodiar, og denne er ikkje noko unntak.
Men skummel til tross, Rammstein kan også ha ein slags underfundig humor, slik som deira landsmenn i Kraftwerk.
Du hast som går over knappe fire minuttar, er brukt på eit uttall konsertar da det er vorte ein signaturmelodi for bandet dei siste 20 åra.
Har dessverre ikkje hatt gleda av å oppleve Rammstein live enda, men om dei skulle ta turen til Koengen eller Spektrum i nær framtid, så er det vel berre til å bestille billett.
Du hast kan ein sjå og høyre på tuben enn så lenge. 

Nr. 18:
Judas Priest, Grinder
Da skal vi enda ein gang til året 1980. Judas Preist fortjener ein låt til på lista mi, og det er den med den kuuuulaste gitarintro som dei nokon gang har laga.
Grinder kom ut på bandets desidert beste album, British Steel, og går over knappe fire minuttar.
Dette er eit ekte metal-epos.
Kanskje den første ekte metalintroen, da Smoke on the water ikkje er metal.
Judas Priest er på sitt sjette album i 1980. Dei har forlengst gått vekk fra det meir glamrockbaserte dill-dallet dei hadde nokre år før, og reindyrkar sin metalstil i svart skinn og naglar til det fulle.
Vi forstod det kanskje ikkje da, men nå, nesten 40 år seinare, er det vel openbart for alle og einkvar at Rob Halford spelte på det andre laget. I 1980 hadde nok mange blitt sjokkerte, men nå til dags er dette heilt greit. Heldigvis.
Grinder er ein tung og fantastisk god heavy metal låt. Her er det ikkje noko jåleri i form av keyboard, kordamer og blåseinstrument. Nei, to gitarar, vokal, bass og trommer. Dvs. akkurat det som høyrer til einkvar metalsak med respekt for seg sjølv.
Denne klassikaren kan vi få med oss her.

Nr. 17:
Saga, You`re not alone
Canadiske Saga har kanskje lagt opp nå i vår, men heldigvis kan vi høyre på musikken deira for evig og alltid.
Året var 1979 da dei kom ut med You`re not alone på deira andre album Images at Twilight.
Dette er definitivt ei av dei plater eg har spelt mest i heile mitt liv. Nesten 40 år har gått, men denne plata er berre så bra på alle måtar, at den held seg godt og står som ein påle enda.
Eit svært dyktig band som på desse knappe fem og eit halvt minutt viser alle sine ferdigheiter på instrument og vokal.
Det er også ein populær låt blant publikum, da det er lagt opp til litt allsang midt inni, og sangen vart spelt på bandets konsertar heilt fram til dei da gav seg nå i vår.
Etter å ha vore stor fan av bandet i mange år, er det nesten litt rart å sjå at det står "Saga WAS a canadian rock band".
I fortid. Det betyr vel berre at ein byrjar å bli gamal sjølv også.
Vi får bruke tida fram til pensjonsalderen med å hygge oss med nokre av bandets høgdepunkt fra vår ungdom, bl.a. You`re not alone.
Sangen kan høyrast og sjåast her, i live-versjon fra 1981. 

Nr. 16:
Slipknot, The devil in I
Som eg har nevnt tidlegare, så måtte eg bli godt vaksen før eg oppdaga Slipknot. Bandet var litt for ekstreme syntes eg før i tida, men dersom ein tek seg litt tid til å sette seg ned og verkeleg lytte på dette bandet, så opnar det seg ei slags heilt ny verd.
Dette er ikkje støy. Det er tvert om eit til tider svært melodiøst band, men dei varierer mykje, mykje meir enn mange av sine kollegaer fra ekstremmetal.
The devil in I kom ut på bandets femte album fra 2014. passande nok med tittelen "5: The Grey chapter".
Det er ein svært varierert låt på alle måtar. Vokalist Corey Taylo viser heile registeret, og det er ikkje lite! Her går det i sørgmodig roleg sang, og over til nærast brøling.
Og gitarriffa da....herrefred kor bra dei er!
Det er forøvrig ikkje mogleg å snakke om denne låten utan å nemne den mildt sagt groteske musikkvideoen som følgde med.
Den viser alle bandets medlemmar, samt deira to nye på den tid, som alle døyr på ein eller annan brutal måte i form av sjølvmord.
Ein sprenger av seg hovudet, ein vert angrepen av hundar, ein av ramnar, ein set fyr på seg sjølv før han heng seg....
Ein dyster sak altså, og det var vel også meininga fra dette tildels dystre bandet.
The devil in I er ikkje ein låt for sarte sjeler, korkje å sjå eller høyre, men hvis du har mage til det, så ligg den på youtube klar til bruk.

Nr.15:
Joe Satriani, Surfin with the alien
The one, the only.... real guitar god.
Joe Satriani gav i 1987 ut sitt andre album, Surfin with the alien, ein slags hyllest til teikneseriefiguren ved same namn. Eg må ha med tittelsporet på denne lista, og kan jo og nemne at eg leste om The Silver Surfer som kjempa mot The Fantastic Four i teikneseriebladet Atlantic for 40 år sidan. Da heitte han Sølvsurferen, og samme person, eller vesen, gav altså inspirasjon tild enne oppvsininga i gitarspeling i 1987.
Instrulmentalen som går over knappe fire og eit halvt minutt fekk eg den store gleda av å oppleve live på Satrianis konsert på Rockefeller sommaren 1990. Dette var ekstranummeret hans, og det er inga overdriving å sei at det regelrett kokte i salen da denne vart dregen i gang.
Definitivt ein av mine favorittinstrumentalar nokon gang, og såvidt eg har denne vorte spelt på mannens konsertar fram til i våre dagar.
Joe Satriani er etterkvart vorten ein eldre herremann også han. Han vart faktisk 62 år i går, 15.7.
men likar framleis å spele på gitaren sin. Elles sine.
Det er ikkje snakk om ein gitar der i huset...
Surfin with the alien skal spelast på full guffe. Fram til du har fått laste den ned på Spotify eller andre liknande måtar å spele musikk på, så kan du høyre og sjå ein nyare liveversjon her.

Nr. 14:
Audioslave, Show me how to live
Det som kanskje er min favorittvokalist gjennom alle tider, Chris Cornell, forlot oss i fjor, men før den tid gav han ut mengder med herleg musikk. Soundgarden har eg allereie nemnt og hatt med på lista, men i 2003 kom eit av hans nye prosjekt Audioslave, ut med denne kraftfulle rockelåten på dryge fire og eit halv minutt.
Eg vil gjerne sjå den rockefan som ikkje likar denne sangen. Det er vel så enkelt at hvis du seier du likar rock og metal, men ikkje denne låten her, så er det noko galt fatt.
Her snakkar vi driv! Eit fengande refreng, rolege vers, kul gitarsolo.....
Og ikkje minst ein video som ein hugsar: Bandet er på veg over dei amerikanske motorvegane ute i ein ørken ein eller annan plass, og sakl stoppast av  lokale sheriffar.
Det viser seg å ikkje bli så lett, for vokalist Chris Cornell kan ikkje berre synge, han er visst veldig flink å køyre bil også.... :-)
Det er veldig trist at det gjekk som det gjekk med Chris Cornell. Ei fantastisk flott stemme, mengder med god musikk, og suksess i årevis var ikkje nok for mannen som sleit med depresjonar i årevis, og 18. mai 2017 tok han sitt eige liv, berre 52 år gamal.
Men om Cornell er død, så lever til alt hell musikken han var med på vidare, bl.a. i form av denne flotte melodien. Den kan vi sjå og høyre her. 

Nr. 13:
Queen, Now I`m here
Dette er muligens eit overraskande val, men denne versjonen er så bra at den skal/burde i det minste være med på eikvar toppliste som omfattar musikk.
Vi snakkar nemleg om Now I`m here fra Queen sitt doble konsertalbum fra 1979, Live Killers.
Now I`m here er i studioversjon kanskje ikkje noko særskild bra låt, sjølv om Queen aldri var mitt favorittband.
Men det fins unntak, og unntaket kom da i 1979, i form av ein nesten ni minuttar lang live-versjon av Now I`m here.
Vi veit korleis dette skal gå da Freddy Mercury seier "You and I gonna sing. OK?"
Opphaveleg gitt ut på bandets tredje album fra 1975, så vart den i live-versjon ein vinnar på alle vis.
Det er utan tvil at Mercury er den beste frontmann som har vore innan rocken, og her får han utfolde seg i all sin prakt.
Han får med publikum som eg aldri har høyrt nokon annan, ikkje før, og ikkje seinare. Og for å sei det slik: Eg har høyrt ein del live-album.
Live Killers fekk ganske hard medfart hos kritikarane da den kom ut for snart 40 år sidan, men i ettertid har mange måtte revurdere sitt syn på albumet. Det er på mange måtar ein dokumentasjon på kor bra Queen kunne være på scenen, ikkje minst takka være deira frontmann. Som så mange andre innan musikken forlot han oss altfor tidleg.
Ein tidleg live-versjon kan du finne her. 

Nr. 12:
Metallica, Seek and destroy
Metallica har spelt mange konsertar, og på dei konsertane har dei gjerne spelt sine gamle schlagers. Seek and destroy fra bandets debutalbum Kill `em all fra 1983 er bandets nestspelte låt visstnok, kun Master of puppets er spelt fleire ganger.
Knappe sju minuttar går denne sangen, som har null til felles med Seek and destroy med Raven sin versjon fra samme år. Sjølv om dei to banda drog på turne saman etter at Raven gav ut All for one i 1983. Turnenavn? Kill `em all for one....
Vel, Seek and destroy er som vi forstår ein svært populær sang for alle Metallicafans. Der kan vi få litt allsang, noko som er alltid poppis på konsertar, men det er studioversjonen som er best.
Ikkje så kjapp-kjapp som andre av låtane på Kill `em all, men hard nok for det, og med raspande saggitarlyd. Først fra ein, så fra begge.
Eit mellomspel i høgare tempo, før det roar seg ned att, og som eit ekstra pluss så prøver ikkje trommeslagar Ulrich seg på altfor mykje sprell.
Ein livesak fra 1989 kan vi finne her.

Nr. 11:
Red Hot Chilli Peppers, Blood Sugar Sex Magik
Hausten 1991 kom RHCP ut med sitt klart beste album, iallfall fram til da. Dette er deira femte album, ein verkeleg omfattande sak som går over knappe 74 minuttar.
Fra dette albumet MÅ eg berre ha med tittelsporet, ein fire og eit halvt minutt lang sak, som eigentleg spenner over alt som bandet er: Eit slags funk metal band med store variasjonar innanfor ein og samme låt.
Tunge trommer, funky gitarar, sterke vokalar, bassgang i toppklassen...
Denne sangen har alt. Den burde eigentleg ha vore mykje lenger, for å finne ein feil.
RHCP har hatt sine problem internt opp gjennom åra, og etter at dette albumet tok bandet opp til stjernehimmelen, så fekk gitarist John Frusciante nok. Han tok med seg gitarane og problema sine og forsvant ut av bandet. Faktisk ville han forlate bandet rett før ein konsert i Japan, men vart overtalt til å ta iallfall denne eine konserten.
Som kjent kom han tilbake i bandet nokre år seinare, før han enda ein gang takk for seg i 2009.
RHCP lever den dag i dag, med ny gitarist, det har vore mange av dei, men har eit underleg rykte på seg for å levere uinspirerte konsertar innimellom.
Sidan eg aldri har sett dei live, så kan ikkje dette stadfestast fra mi side, men kjem dei til Norge ein gang, så er dette eit band som står høgt på lista for å oppleve.
Da håpar eg veldig at deira tittellåt fra Blood Sugar Sex Magic er med på menyen.
Ein live-versjon fra 1994 kan vi finne her. 

Nr. 10:
The Cure, Lullaby
Dette er vel den einaste The Cure sang eg har sans for, men den er til gjengjeld heilt utruleg bra.
Utgitt i 1989 og i ei rekkje versjonar, der den "radiovenlege" på dryge fire minuttar er ein av dei bedre.
Dette er kanskje ein meir tilbakelent og rolegare sang enn alle dei andre på lista mi, men sidan denne er så bra, så må den med.
Det går heller ikkje an å kommentere sangen, utan å nemne musikkvideoen.
Det er som ein skrekkfilm i kortversjon, der vokalist Robert Smith, som jo også er den drivande krafta i heile bandet, spelar både ein mann som ikkje få sove, samt ein slags edderkoppliknande person oppe i hjørnet.
Sangen er tolka til å omhandle alt fra det å ikkje få sove, depresjon, rusavhengigheit, mareritt, barnemisbruk og you name it.
Resten av bandet dukkar opp innimellom, ikledd ein slags form for gamle uniformar, med masse støv og spindelvev over både seg sjølve og instrumenta. Og etterkvart som sangen går sin gang, og Smith ikkje får sove (eller; Får han det? Kanskje han drøymer?), så kjem den onde edderkoppen fram, som til slutt et heile vokalisten levande. Eller: Er det det som skjer?
Ein genial video til ein fantastisk sang. Videoen vart kåra til den beste musikkvideoen i Storbritania i 1990, heilt fortjent.
Lullaby vart bandets mest suksessfulle singel i England, og hjalp også til med at albumet den var på, Disintegration, vart bandets mest solgte på dei britiske øyane, og framleis er det.
I tillegg kom ein av platas andre singlar også høgt opp på Billboardlista i USA, men akkurat den sangen må finne seg i å stille i skuggen av Lullaby.
Vi finn såklart denne eineståande flotte videoen på YouTube, og den kan nytast her. 

Nr. 9:
Rush, The Trees
Problemet med Rush til denne lista var dette å prøve å begrense seg. Kva i all verda skal eg ta med, når dei har laga sååååå mykje bra?
Vi hoppar enda nokre år attende i tid, heilt til 1978 og Rush sitt sjette album, Hemispheres. Herfra må eg ta med bandets epos om skogen....
Tekstguru Neil Peart vart nokre år seinare spurt om kva som var meininga med denne sangen, var det ein slags historisk sak om ein revolusjon, ein parallell til oss menneske...?
Næh, han fekk eit innfall om å lage ein tekst der trea i skogen oppførde seg som menneske, ein ide han fant i ein tegneserie.
Men musikken er knall. Dette er i bandets desidert beste periode, dvs. fra 1976-1982, der meisterverka kom som perler på den velkjende snora.
Eg burde som sagt hatt med alle låtar som dei gav ut på denne tid, men da mine sjølvlagde kriteriar ikkje tillet det, så vert det beinhard prioritering.
The Trees vart også gitt ut som singel i ein versjon på snaue fem minuttar, og på dei fem minuttane, så har vi heile historia til Rush i eit nøtteskal.
Litt klassisk gitar, forsiktig sang som innleiing, før heile bandet kjem inn med fynd og klem.
Tromming, bass, gitar..... alt med dette bandet er i ein særklasse blant rockeband generelt og progrock spesielt. Dei har ikkje sin like innan musikk.
Her er The Trees i ei tidsrett utgåve fra slutten av 1970-talet.

Nr. 8:
Procol Harum, A Whiter shade of pale
Vi skal enda lenger attende i tid, til 1960-talet, og til debutsingelen til britiske Procol Harum, A whiter shade of pale fra 1967.
På fire minuttar klarde dette bandet, med denne låten, og lage noko som svært, svært få band har klart å matche i dei over 50 åra som har gått sidan.
Dette er ein ekte rock-klassikar. Mange ganger kåra til å være blant dei beste rock-låtar i historia, og det er som det skal være.
Ein nesten sørgmodig tone, med keyboard, markerte trommer..... og ikkje minst; Stemma til vokalist Gary Brooker.
Eg har nesten ikkje ord for kor bra denne moderne klassikaren er. Og istaden for å messe om dette vidare, så er det eigentleg berre å finne den på YouTube.

Nr. 7:
Black Sabbath, Heaven and hell
Når Ozzy forlot det etterkvart noko avdanka bandet, så var det mange som trudde at Black Sabbath var ferdige for alltid.
Eg var ein av dei, sjølv om eg berre var eit liten tass på den tid.
Lite visste vel korkje forståsegpåarane eller eg at bandet skulle få eit gedigent løft med deira neste album, dvs. det første utan Ozzy.
Heaven and hell fra 1980 med deira nye vokalist Ronni James Dio vart nemleg ein stor suksess og eit av deira mest populære og beste nokon gong.
Bortevekk er det nærast primitive preget fra deira tidlege album, og dei mildt sagt likegyldige albuma Technical Ecstasy og Never Say Die.
Med Heaven and hell har vi eit sterkt band, eit band som er langt bedre musikalsk enn vi hadde fått inntrykk av i ti år tidlegare. Og ikkje minst: Ronnie James Dio.
Med Ozzy Osbourne hadde Sabbath kanskje hatt ein gal mann på scena, men han var aldri ein vokalist og frontmann som Dio var det. Muligens var det fordi Ozzy var meir eller mindre konstant dopa og full i åra før han fekk fyken?
I Dio hadde Sabbath nå ein av tidenes beste tungrockvokalistar, og med eit stemmespekter som passa langt bedre til dei meir komplekse låtane vi finn på Heaven and Hell.
Det er tittelsporet her som er høgdepunktet. Ein sjuminuttars sak som vi eigentleg kan dele inn i to; Ein roleg tung del, før vi får eit markert taktskifte.
Diverre varte ikkje det gode samarbeidet mellom Dio og dei gamle bandmedlemane Iommi og Butler så veldig lenge, og alt etter berre eitt studioalbum til, samt den doble liven deira, så var det slutt.
Sabbath gjekk påny inn i ein slags dvale, og har vel ikkje komen ut av den enda.
Men vi kan minnast Black Sabbath sitt høgdepunkt fra 1980 med denne videosnutten.

Nr. 6:
Uriah Heep, Gypsy
Originalt utgitt på bandets debutalbum fra 1970, Very `eavy... very `umble i ein versjon på dryge seks og eit halv minutt. Sangen vart også utgitt som singel samme år.
Men det er live-versjonen fra deira smått legendariske album fra 1973 som skal være med på lista mi. Det er nemleg lov å ta med dei versjonane som eg vil :-)
Sangen er her vorten nesten dobbelt så lang, sjølv om det inkluderer litt ekstra tromming og keyboard her og der.
Gypsy anno 1973 i live-versjon er ein blytung sak, og da det er mange gode låtar fra eit av dei beste live-album som er laga, så var også her problemet: Kva skal eg velge?
Eg landa på Gypsy, men andre tenker kanskje July Morning, Sunrise, Easy Livin....
Eit av mine favorittalbum gjennom alle tider og denne knallbra versjonen av ein nå 48 år gamal låt  måtte med.
Ken Hensley er gud (sjølv om eg ikkje trur på slike skapningar) på keyboard. Bok, Thain og Kerslake er i storform...og så: David Byron. Såg tungrocken nokon gang ein bedre vokalist enn det han var i 1973?
Da skal vi leite lenge.
Hadde han berre ikkje vore så glad i dop og drykk, så kunne jo dette vore ei ekte solskinnshistorie. Men som dei fleste rockarar på den tid så var kombinasjonen "omtrent fri tilgang" og "null hjerne", med på å gi han ei tidleg grav.
Gypsy var bandets høgdepunkt, og eg har faktisk funne ein live-versjon av heller ny dato som er verdt å bruke litt tid på.
Hvsi ein føretrekk ein lenger sak, så kan ein sjekke ut her, i studioversjon, fra 1970, eller live-utgåva fra 1973 her.

Nr. 5:
Status Quo, Mystery Song
På deira niande album fra 1976 kom, i tillegg til Rain, også denne knappe sju minuttar lange saken ut. Mystery Song vart også gitt ut som singel, og mange har sikkert høyrt ein kortare versjon på berre fire minuttar.
Det var Mystery Song som gjorde at eg fekk forståinga for at Status Quo var noko langt meir enn eit boogie-rock band med tre grep og sangar på tre minutt og 23 sekund.
Mystery Song har i original-utgåva ein svært roleg intro, med nærast litt tralling i noko som høyres ut til å være i naborommet. Så aukar det på, og til slutt nærast eksploderer der i ein moderne rock-klassikar. Vokal, bass og gitar er som alltid samstemte og i godt slag på denne sangen, men her er det trommene som eg likar best. Og det var ikkje spesielt vanleg med Status Quo, som jo var og er eit sterkt gitarbasert band.
Men her, på Status Quo sitt studiohøgdepunkt gjennom alle tider, så har vi også energisk og knallbra tromming fra John Coghlan.
Albumet Blue for you vart det siste som bandet produserte sjølv på nokre år, og dei forsvant over i ei meir poppete utgåve, spesielt på Rockin`all over the world eit par år seinare.
Blue for you og spesielt Mystery Song er lysår fra å være noko popkliss. Dette er ein berre utruleg god rockelåt, som med eit islett av prog altså er Status Quo sitt beste studiobidrag nokon gang.
Vi kan finne dei i ein forkorta live-versjon på youtube, t.d. her.

Nr. 4:
Saga, Careful where you step.
Det siste av mine tre favorittband fra ungdommen får plassen utanfor pallen. Beklager, nokon må bli nr. fire også.
Vi skal til 1980 for gudane veit kva gang, og bandets tredje album, Silent Knight.
Avslutningssporet er Careful Where you step, og da drøssevis med Sagalåtar alt er uteletne grunne mine sjølvsalga kriteriar, så vart det denne som vart ståande att.
Careful where you step er sjølve høgdepunktet fra ein periode på fem år da Saga var på sitt aller, aller beste. Dei skulle holde det gåande med nokre gode saker eit par år framover i form av Worlds apart og Heads or Tales, men så byrja det å dale drastisk.
Wildest dreams fra 1987 vart mitt siste CD-kjøp med bandet, da har eg dei åtte første, inkl. liven In Transit.
Silent Knight er eit veldig, VELDIG bra album. Smektande synthar, hissge gitarar, trommer i ultraklassen, og sist men ikkje minst: Michael Sadler på vokal. Ein ekte frontmann for eit band som bestod av klassemusikarar over heile linja.
Lydkvaliteten på Silent Knight er bedre enn dei fleste band klarar i dag, dei musikalske prestasjonane får dagens listetoppar til å høyres ut som kløner.
Eg kan eigentleg ikkje komme på noko dårleg med denne plata og sangen, med eitt mogleg unntak:
Careful where you step skulle ha vart lenger enn dei dryge fire minuttane som den tross alt gjer.
Ein live-versjon fra 1981 kan ein finne her.

Nr. 3:
Camel, Lady Fantasy
I 1974 vart Magne Myrmo den siste verdsmeister på treski, og så lenge sidan er det faktisk denne progrocksaken i ultraklassen vart utgitt.
Britiske Camel, med drag av jazzrock innimellom progrockpreget dei er kjent for, kom ut med deira andre album, Mirage. I dag hadde det vel vorte ramaskrik om det hadde vorte utgitt ei plate med eit slikt cover, da det minner VEEELDIG mykje om sigarettmerket Camel og innpakninga deira. "Sigarettar" er slike nikotinpinnar innpakka i tynt papir som ein satte fyr på, og deretter hadde den andre enden i munnen. Vi kalla altså denne giftpinnen for sigarett, og den er nå heldigvis nesten utrydda.
Anyway: Camel hadde da med ein låt oppdelt i fleire deler, om vi kan kalle det så, som dei tilsaman kalla Lady Fantasy på albumet Mirage. Sangen varer i over 12 minutt, men kunne gjerne vart lenger for min del.
Det er ein svært variert melodi. Her er det rolege parti med litt fløytespel, litt intens orgelspeling, harde gitarsoloar, før vi avsluttar på samme måte som melodien starta, nærast melakolsk gitarspeling.
Lady Fantasy er eit sant meisterverk innan musikk fra dei siste50 år. Den MÅ høyrast, og eg tek gjerne oppatt påstanden om at hvis du ikkje likar denne melodien, så har du ganske enkelt ikkje greie på musikk.
Ein liveversjon er å finne her.

Nr. 2:
Rush, The camera eye
Februar 1981. Verdas beste trio kjem med sitt høgdepunkt i karriera, og det seier ikkje så reint lite.
I åra 1976 - 1981 gav Rush ut ei perlerad med album. Fra 2112 til dei toppa heile driden med Moving Pictures, til dags dato deira største salssuksess og mest kritikarroste album.
Moving Pictures er bandets åttande album, består av sju kremlåtar, der den lengste av dei, The camera eye får være med på lista mi.
The Camera Eye går over nesten 11 minuttar, består av to deler, og eg hadde sikkert tålt det bra om sangen var 22 minuttar lang også.
Melodi er, som vanleg, skreve av Lee/Lifeson, medan trommis i superklassen, Neil Peart, har teke seg av teksten.
Og det O Store spørsmålet blir: Har det nokon gong vorte utgitt noko så bra som dette? Nei. Iallfall ikkje på studioalbum
Folk kan sei kva dei vil om all slags musikk. Det er eit faktum at bedre enn dette kan det ikkje bli.
Det er ikkje noko diskusjonstema. Slik er det berre.
Sidan denne låten er så bra, så er problemet å forfatte seg kort.
Studioversjon kan ein høyre her.
Liveversjon kan ein sjå, og høyre her.

Nr. 1:
Status Quo, Forty-five hundred times
Denne låten vart opphaveleg gitt ut på albumet Hello! fra 1973, går over dryge ti minuttar og er ein kanonlåt allereie her.
Men det er live-versjonen, fra bandets første konsertalbum i 1977 som verkeleg set spor.
Rett nok har Francis Rossi vore svært negativ til denne plata, men hans mangeårige partnet, Rick Parfitt var slett ikkje einig i det. Han meinte det var eit svært godt album.
Eg seier meg einig med Parfitt her.
Livealbumet i seg sjølv er halvannan time (!) med kvalitet fra A til Å. Fra introen som går over til Juniors Wailing, til avslutningssporet, ein 14 minuttar lang coverversjon av The Doors sin Roadhouse Blues er dette boogierock i ein langt tyngre og hardare versjon enn nokon gang før, og nokon gang etter.
Siste spor på den opphavlege side to, dette er jo eit dobbeltalbum med fire platesider på vinyl, har berre to kutt. Det er sju minuttar med Little Lady/Most of the time før vi får nr 1 på lista mi, ein nesten 17 minuttar lang versjon av Forty-fine hundred times. På desse 17 minuttane har vi eigetleg alt som trengs for å gjere ei musikalsk oppleving fullkomen.
Eg treng ikkje sei så mykje meir.
Du kan oppleve dei 17 minuttane fra albumet her i originalversjon.
Hvis du synes det blir lenge, så er det ein smule kortare live-sak her, fra 1984, med vesentleg dårlegare lyd, men det dug nå det og.


Sånn. Da var det gjort. Det har teke eit år å få det på plass.
Den som er ueing i denne lista er sjølvsagt velkomen til å sette opp si eiga, istaden for å klage på at den og den skulle vore med.