lørdag 5. mai 2018

Metallica, konsertmelding

Alltid gøy å være på konsert, iallfall så lenge det er ein type musikk og artistar ein har ein smule forhold til.
Og det har ein til Metallica, verdas desidert største metallband. Det er tredje gang eg får oppleve dei live, og det er nesten 30 år sidan sist. Jøss.
I si tid eit banebrytande og nyskapande band, sjølve gudfedrene til trashmetall, og alle deira subgenrar.
37 år har dei holdt på, og dei konstant øldrikkande tenåringane, er forlengst blitt mangemillionærar, familiefedre og passert den første halvdelen til 100 år...

2. mai stilte dei opp i Telenor-arena, som ein del av Europaturneen sin. Turneen byrjar å gå mot slutten nå, iallfall iflg. t-skjortene si ryggtavle med dei vanlege stad og dato påtrykt. (Usle 350 spenn for ei slik t-skjorte, gi-bort-pris).

Eg hoppa over oppvarmingsbandet Kvelertak, har ikkje noko spesielt forhold til dei, og kun nokre minuttar forsinka etter det oppsatte skjema, så vart lyset dempa, og den vanlege introen byrja tone ut. Musikken er henta fra "The good, the bad and the ugly", og hvis du ikkje har sett den, så er du berre heilt noldus på film.

Opningsnummer: "Hardwired to self-destruct". Ein rask og kanonbra låt fra deira siste album.
Men noko er galt: Lyden. Ikkje spesielt høgt, og DEFINITIVT ikkje den beste akustikken. Kanskje det blir bedre?
Men nei. Til tross for full innsats av dei fire på den altfor vesle scena; Lyden er og forblir dårleg gjennom heile kvelden.
Vi skal komme tilbake til det seinare.

Det går slag i slag, med forbausande mykje nytt materiale. Ein og annan gammal slager dukkar opp, t.d. ein av mine personlege favorittar "Seek and destroy", men også ei lita overrasking i "Motorbreath".
Litt publikumsfrieri i form av ein tomannsversjon av "Take on me", dei er jo i Norge må vite. Blir vel "The final countdown" i Sverige.
Ein hyllest til Cliff Burton som forlot oss så altfor tidleg, går over i ein aldeles skranglete versjon av "For whom the bell tolls", som vert maltraktert av den elendige lyden. Verkeleg synd.

"One" vert innleia med klipp fra filmen "Johnny got his gun", og er ein av dei klart bedre nummer denne kvelden, med noko forunderleg tromming, det må bemerkast. "Sad, but true" er også veldig bra, og da er vi eigentleg komne så langt at det manglar i grunn berre ein melodi for å gjere min kveld komplett; "Master of puppets". Det er den siste låten før ekstranummer, og er som alltid bra, med unntak av den nå mykje omtala lyden.

Tre ekstranummer vert det til slutt, med "Enter Sandman", som avslutning. To timar og eit kvarter holdt dei middelaldrande herremenn på, og det var felles oppfatning i reisefølgjet at det hadde vore ein triveleg kveld.

Litt om sceneoppsettet: Scena er altså plassert omtrent midt på golvet, i ein sal som er rektangulær. Dette kan umogleg være ideelt, men er det slik, så er det slik. Ein fiffig montasje i taket, beståande av ei rekkje kuber som gjekk opp og ned, med skiftande grafikk og videosnuttar. Neppe heilt billig den der!
Litt pyroteknikk høyrer med til eit metallband sin obligatoriske verktøykasse, og det fekk vi såklart.

Metallica anno 2018 er milevis fra å være nyskapande. Dei er blitt eit svært seriøst og hardtarbeidande band, og kan nå skryte av å ha minst eit par generasjonar av fans. Ikkje verst av det som var ein undergrunnsgenre fra byrjinga av 1980-talet.
Det aller beste med Metallica er at dei tek sine fans på alvor. OK, det er kanskje litt småflaut når Lars Ullrich går omkring og liksomsnakkar med publikum på dei næraste radene, men dei veit utmerka godt at dei aldri hadde vore der dei er i dag utan fansen. Derfor ser det nesten ut som dei meinar det dei seier når det vert snakka om "The Metallica family".

Bandet er knallsterkt musikalsk, dog med eit unntak i ein småvimsete trommeslagar. Hadde han klart å begrense seg ein smule, så hadde dette gått bedre. Han er langt sterkare når han spelar på det enkle.
Hammett var, som dei andre sterkt plaga av den dårlege lyden, medan bassist Trujillo er svært habil. Den store frontmannen er dog Hetfield. Han er sterk på gitaren, og stemma er forbausande bra, faktisk bedre enn forventa.

Så, korleis skal ein oppsummere kvelden?
Metallica verkar ikkje til å merke tidas tann enno. Det er utan tvil eit svært kapabelt metallband som kjem til å holde på nokre år til. Rett nok verkar det litt snålt når Hetfield ropar "We`re so fucked", når vi veit at han er verdt milliardar av kroner. Åleine. Kva bandet sjølv er verdt, må gudane vite, vi snakkar antaglegvis om verdiar oppmot store norske børsnoterte selskap.
Bandet jobbar hardt, tek som nemnt sine fans på alvor, og kan sitt fag. MEN Large Oilrigg må vennlegast snart roe ned ein smule. Det hadde eg satt stoooooor pris på.

Ein kan ikkje reise fra Telenor-arena utan å kommentere lyden ytterlegare.
Det burde vore siste gang at det vart holdt konsert her. Dette er ein idrettsarena, og konferansehall for store firma som har huba-luba fest. Som konsertlokale verkar det å være heilt uegna. Lyden var så dårleg at eit såpass krevande band som Metallica fekk mykje øydelagt av manglande akustikk.
Spektrum er ein vesentleg bedre arena. Mindre, men iallfall klarlagt for musikk. Det kan umogleg ha vore konsertar i tankane til dei som konstruerte Telenor-arena i si tid.

Kva var bra: Arbeidsinnsatsen og stemma til Hetfield.
Kva var dårleg: LYDEN og tromminga til Lars.

Terningkast vert satt etter den grautete lyden, og trommis Ullrich som kvar trekk ned heilskapen ein smule.

Bilderesultat for terningkast 4

Litt bilder: