fredag 2. februar 2018

Sykkelturar 2018, ein biletkavalkade

Hvis ein ikkje er redd for mørket, samt tildels store mengder regn, så er det ei artig lita utfordring å ta terrengsykkelen fatt på hausten. Det er ein fordel å ta med mobilen, for ein er meir utsatt for velt og tekniske problem enn på landevegen.
Bilde fra byrjinga i oktober 2018.

"Vegen" framover i naturreservatet ber preg av attgroing og litt mangel på oppgradering :-)
Denne tysdagen i byrjinga av oktober var det ganske så heftig nedbør, men det skulle bli mykje verre nokre dagar seinare.


På toppen av Hausabakken er det fint utsyn, om enn ein kunne tenkt seg litt siktrydding her og der. Bilde fra oktober 2018. 


Mellom regnværsdagane i oktober, så openbara det seg eit naturfenomen som vi kallar "sol", og da tok vi turen inn til  Ottatunnelen. Der var det vegarbeid, så da kom vi ikkje lenger. Bilde er tatt torsdag 11.10.18.


Berre tre dagar etter føregåande bilde, dvs. søndag 14.oktober var det eit heilt anna vær. Veldig mildt og mykje nedbør førde til flaum både her og der. Jostedøla er regulert, og det trur eg vi skal være veldig glade for på slike dagar. 


Til tross for høg vassføring denne søndagen midt i oktober, så har det vore langt verre før. Litt skader på denne vegstubben må ein likevel rekne med. 


Ein skal være rimeleg gal for å gå over denne brua på slike dagar... 


Ryfossen er eit flott syn når vassmengda er slik som her!

Engadalselva er uregulert. Til alt hell er det gjort flaumdempande tiltak nede på flata siste 20 åra, men heller ikkje dei kunne hindre at turstien var overfløymd denne søndagen. 


Det er neppe mange som er klar over at Mørkateiggrøvene som vi ser oppover i fjellsida, er nokre av landets og dermed også verdas høgaste fossefall. Dessverre er det berre på slike intense regnværsdagar at desse fossane kjem til sin rett.

Nærkontakt med Ryfossen pr. 11.10.18.
Ein tur som medførte to velt på det glatte føret.



Når september kjem, så vert det ofte meir grussykling, gjerne opp Engjadalen. Litt tungt er det jo opp bakkane, men fint når ein er komen dit som ein kan nyte utsikta.


Denne kvelden i byrjinga av september tok eg likegodt turen opp på 540 moh. Kanskje ikkje så høgt, men på 5,8 km. så får ein løyst sveitten likevel. 



Asbjørnsnosi og Hest i horisonten.


Haust er ofte regnvær. Og det var det til gangs nå i år. Ikkje noko unntak denne laurdagskvelden i midten av september.


I slutten av september skulle eg eigentleg berre klippe trimkortet oppi Judassvingen, men det var så gøy at eg tok turen i til brui i samme slengen. Reknar med at det var nedbøren som fenga.


På ein laurdag i slutten av september tok eg snuen opp Hausabakken, men intens hovudverk gjorde at det vart ein sakte og vond tur. Ikkje gøy. 


Ein liten kveldstur høyrer med i byrjinga av oktober. Mørkt var det forlengst vorte, men med gode lykter, så går det greit.


Til Fåbergstølen i august. Møtte to bilar på turen fra Elvekrok-Øystølen-Elvekrok.
Skulle vore slik alltid.

Til Engjadalen i august. Tok turen inn til Mytagrindi.
Kunne vel kome lenger også, men var ikkje i slag.

Ein roleg kveldstur langs fjorden i slutten av august.



Jammen kom vi oss opp til Turtagrø i år også! Ikkje gjekk det spesielt fort denne augustkvelden, og slitsomt var det, men det er likevel mykje bedre enn å ligge på sofaen. 

 I mai var det på tide med ein aldri så liten tur ned fra Marheim og til Marifjøra.
Greit å teste balansen litt

 Til Leirdalen tidleg i juni.

Snøen ligg framleis eit stykke nedover tidleg i juni, men den skulle komme til å få køyrt seg utover sommaren. 

Ein liten kveldstur frammi Jostedalen i slutten av mai. Og sidan været var såpass bra, så måtte eg berre ta eit bilde av Myrhyrna og Vangsen. 

Etter å ha konsumert store mengder konfirmasjonskaker gjorde det seg med ein tur til Heggmyrane i mai. 

Kanskje er det meir naturleg å ta denne turen om hausten. Men kvifor vente?

Til Skjolden og Fortun pr. juni. 

Dette året har ein sykla på nye vegar, noko som alltid er like morsomt. Her rett nedanfor Wittgenstein på Skjolden i juni. 

Fra Fortun og ned forbi Vassbakken og faktisk heilt til den nye hengebrua ovanfor Eidsvatnet kan ein sykle på "andre sida". Så sant ein har ein smule meir tilpassa dekk. 

For oss som likar å trille litt utanfor asfalten dette eit fint alternativ til RV 55. 

Vegen er kanskje ikkje den beste forbi Ryfossen og til naturreservatgrensa. Men det er nå heile vitsen med å sykle der. Veldig god balanse og teknikktrening! 

I juni tok eg turen opp i Leirdalen, og sykla likegodt over dammen ein tur. 

I slutten av juni hadde eg høve til å prøve meg med på Stalheimskleivi. Den var verre enn eg hadde trudd. Var sjeleglad for kvar ein buss som kom nedover, slik at eg fekk ein liten pause. 

I år var Sognefjellsrittet FOR varmt! Følte meg som ein grilla gris i år.  

Tidleg i juli tok eg med meg sykkelen til Årdal ein tur. Hadde dessverre ikkje høve til å reise så langt opp Tindevegen, dessutan var det kokvarme, så eg hadde vel stoppa like oppi uansett. 

Hvis ein berre vil søke litt ro og fred ein kveld, så fins det nesten ingen bedre stad å sykle enn utpå Eikjastrondi ein snue. Hvis vi hadde hatt sjansen til å ta rundturen til Solvorn derfra....

Tidleg i august måtte eg teste dei nye dekka fram mot Hausabakken. Den er for bratt og laus til å komme opp på slike syklar, da må ein ha ein reindyrka terrengsykkel. 

Engjadalsvegen er nesten for lite brukt av oss hobbysyklistar! Tok ein utblåsingstur oppi Hudassvingen i august, og etter ein god pause var det berre til å trille vidare. 

Grussykling er veldig bra! Det er utfordrande og god trening, samt at ein omtrent ikkje møter bilar. Her fra Morki i august. 

Ein av dei meir spektakulære bakkane i kommunen er bomvegen inn til vårstølen i Vigdalen. Her er det rett nok ikkje så langt, men heilt villt bratt eit kortare parti. Rakk eit skuggebilde da eg kom ned att denne julikvelden. 

Hadde med hybriden på ferie, og sykla ein liten snue i Asker og Røyken ein julikveld. Da dukka ein låg måne opp, og kvifor ikkje ta eit bilde av den? 

Ein familietur til Nesalandet i midten av august. 

Til Vetti gard i juli. Utladalen er ein tur ein berre MÅ sykle ein eller annan gang i løpet av livet. 

Ein roleg kveldstur opp Engjadalsvegen i august. 

 Og for å illustrere korleis ting endrar seg: Her fra foten av Vigdalen i byrjinga av april.
Samme sving nøyaktig to månader seinare. Snøen har fått bein å gå på.




23.mars var det på tide med ein snue fram på Alsmo. Framleis var det noko is i vegbana.

12.mars tok eg ein kjapp liten luftetur inn i Luster. Denne marskvelden var så fin og vindstille at ein var berre nødt til å ta nokre bilder inni Råaberget.

Fra Alsmo 23.3.

25.3. vart det ein skumringstur til Haukåsgjelet. Med gode lys er det ingen problem.

Det var ingen vits i å prøve seg opp Vigdalen 25.mars...

27.3. var ein fin dag, sjølv om det låg på mellom 0 og 1 grad litt utpå kvelden da dette bildet vart teke.

Gamlevegen vert no helst nytta som vedplass.

Månen kikka fram over Sørheimsfjedli.

Tenkte å teste vegen utanom Gullringtunnellen, men det var ikkje særleg smart. Kom hit, men ikkje lenger pr. 27.3.2018.








Ikkje heilt vår enda....


8. februar var det sanneleg på tide med ein tur innover fjorden. Rett nok berre til Høyheimsviki, og det var snø og isføre heile vegen, men vegen ligg no der for det.

8.2. tok eg snuen fram på Hagasanden, nesten kun for å lage sykkelspor i nysnøen. 


Mandag 12.2. vart det omsider høve til å sjå dagslyset! Det måtte feirast med ein tur fram på Leirmo.
Det passa også godt med ein stopp her, for å vise snømengdene om ikkje anna.

Det går greit å sykle opp, men ned bakkane på is og snø kan være ei utfordring. Er vorten litt redd etter fallet oppi Engjadalen for eit par år attende.

16.2. var eg nett framme på Hausamoen ein tur. Stoppa ved datalagringsbedrifta, der det var adskillig meir snø enn i fjor. På denne kvelden var det også ganske så kjølig, men det skulle bli verre nokre dagar seinare.

19.2. vart det årets første tur til Luster. Avgarde så snart det var høve, og fekk store deler av turen i dagslys. Det var ganske så kjølig, men meir tørr asfalt enn eg hadde rekna med. Fint og stille var det!

Til Hausamoen 23.2. Lurer på om våren kjem??

Mandag 26.2. rakk eg ein tur innover mot Luster att. Det var adskillig kaldare enn mandagen før, så det vart ikkje lenger enn til Badeplassen. Dette bildet er derimot teke rett nedanfor Luster Grønt på veg innover.

Badeplassen i Luster innbyr ikkje til anna enn isfiske i slutten av februar.
Hadde eit par turar til rundt om i Gåpnabøgdi da Sibirkulda slo inn dagane etterpå, og det var veldig kaldt. Fraus ikkje, men kaldt, det skal eg skrive under på det var. Det er snakk om å kle seg rett.







Ingen grunn til å sitte i sofaen lenger.

Testtur søndag 7.1.2018. Nye bremseklossar og piggdekk på plass.

Onsdag 10.1. Ein liten sjekk fram til dynamittlageret. Fint brøyta så langt, men definivt ikkje lenger.


Herfra er det skispor. For dei som likar slikt. 


28. januar var det like greit å ta årets første tur fram på Leirmo. Snø og regn i lufta, men friskt og godt også.