lørdag 6. oktober 2018

Lustrabakkar 2019

Lustrabakkar 2018 er avslutta. Premiar er utdelt, og vinteren kjem dessverre imot oss dette året også.

Difor er det viktig å finne noko som kan halde livsgleda oppe, og det gjer vi ved å tilby ein gamal kjenning, og fem nye bakkar som alle Lustrasyklistar kan prøve seg på til neste år.

Nr. 1:
Den gamle kjenningen er Neshøgdi, og den kjenner alle veldig godt. Det er den mest besøkte stigninga i heile kommunen. Nærare 1500 personar har "bestege" denne bakken. Bakke av klasse 4.



Nr. 2:
Røslebakkane climb. Kun 12 personar har teke denne kilometerlange turen opp Røslebakkane. På desse tusen metrane stig det 79 høgdemeter. Snittstigning er 8%. Rekorden er fra 2014 og er på 3:26.
Ikkje så lang altså, men sikkert mogleg å få opp pulsen for det. Stigninga startar heilt nede i krysset Gardavegen/Røslebakkane. Bakken har havna i klasse 4.


Nr. 3:
Lambhaug-Høgi. 1,8 km. lang, 135 høgdemeter. Det gir 7% i snitt, men som vi alle veit, så er det her eit område som har unnabakke, noko som gjer at det vert adskillig brattare på slutten.
Ca. halvparten av distansen er på grus. Kvar einskild får velge kva type doning som skal nyttast.
Kun 18 personar har tatt denne turen, og rekorden er på 6:04 og er fra 2018.
Bakken er plassert i klasse 3 på min private skala.




Nr. 4:
Opheim Climb. Vi held oss på Indrebøgdi. 2,9 km. lang, 236 høgdemeter. Snittstigning på 8%. Rekorden er på 11:45, og er satt i fjor. Dette er enda ein nesten gløymt bakke, da berre 14 personar har teke turen. Denne er plassert i klasse 2 på skalaen min.



Nr. 5:
Harastølen. Nå som det skal bli hotell og greier der oppe, så kan vi vise litt solidaritet ved å ta denne turen på 5 km. og 497 høgdemeter. Det betyr knappe 10% i snittstigning.
Vegen er tildels svært skral, men oppover skal det gå greit med landevegssykkel. Nedatt: Pass på!
71 personar har teke utfordringa opp til Harastølen, rekorden er på 21:09 og vart satt i 2015.
I utgangspunktet er dette ein bakke som er litt for lett til å havne i verste kategori, men sidan vegdekket er så ymse, så plasserer vi den der likevel. Hugs å starte fra rett plass!
Plassert i klasse 1.



Nr. 6:
Vanndalsvegen. Vi har spart det beste til sist. Vanndalsvegen er klassifisert som HC-stigning av Strava, men for å gjere det litt lettare for meg, så får denne og Harastølen same klasse.
Den er 8,8 km. og stig 827 høgdemeter. Det gir eit snitt på 9%. Asfalten er grov og ikkje av ny dato. Kun 14 personar er registrert med Stravatid opp her, og rekorden er på 39:35, og vart satt i sommar.
Årets mest suverene klasse 1 bakke. 



"Konkurransen" startar 1.1. og sluttar 1.10.2019. Oppdateringar som for "Lustrabakkar 2018".
Og hugs: Er det ikkje på Strava, så har det ikkje skjedd.

Lukke til!






fredag 21. september 2018

Topptrimmen 2017 - 2019, oppsummering

Det er rett nok eitt år for tidleg, men har ein gjort seg ferdig, ja så er ein ferdig.

Ein fin sommar i 2017 der vi rakk sju toppar på to månader, vart avløyst av ein enda finare sommar i 2018, og da var det eigentleg inga grunn til å utsette turane lenger.
Faktisk var det vel heller slik at sommaren 2018 vart så fin at det var nesten FOR varmt til å slite seg opp på dei toppane som stod att.
Eksempelvis kan eg dra fram turen vi hadde til Gruvefjell nå i juli.
Da var det kokvarme, og med dette, så følgjer stort væsketap.
Da smakar det sjølvsagt med nokre slurkar kaldt og godt fjellvatn?
Men vatnet som rant i elvar og bekkar denne julidagen var ikkje kaldt og godt. Det var meir lunka, og egna til å bade i, framfor å drikke.

Det er likevel ikkje grunn til å klage. Kan aldri sutre over varme og fint vær, når vi veit kor mørk og kald ein vinter kan bli.


Kva vart den finaste turen?
Det må ha vore den lange turen til Gravdalstind. Godt over ti timar var vi borte fra bilen på dei dryge 24 km. vi måtte gå denne laurdagen i slutten av august 2017.
Men det var ein makelaus flott tur.
Med start på Sognefjellshytta, og så var det berre å følge den mykje brukte, lette og fine stien mot Utladalen og Skogadalsbøen. Iallfall eit stykke.
Nesten ni kilometer måtte vi gå før det byrja å bratte til, fra ca. 1400 moh, og opp til toppen 700 høgdemeter lenger oppe. Litt slitsomt var det jo, mykje ur og stein var det også, men var det verdt det?
Jepp. Vi sat i bar overkropp på over 2100 moh. Utan ei sky på himmelen. Knapt eit vindpust.Gradestokken viste 19 varmegrader.
Med eit utsyn som ein skal leite lenge etter for å oppleve.
Ein heil time sat vi der og gjorde ingenting. Utanom å sjå oss omkring....

Og dette er heile hensikta med å reise på slike turar: Finvær er eit must!

To veker før hadde vi hatt ein tur i litt meir ustabilt vær. Det var til Røneidseggi. Vi fekk ikkje regn, men det var kjølig på toppen, og kald vind.
Men nå er Røneidseggi en heller kort og grei tur. Aberet der er at skodde kan komme omtrent ut av ingenting i dette området.

Men har vi nemnt den flottaste turen, så må vi også nemne den "verste". Det var turen til Lioksli no i haust. Sjølve toppunktet var upåklagleg. Fin utsikt til tre dalføre og Lodalskåpa i bakgrunnen til tross: Sjølve turen kan ikkje seiast å være så fin. Ruta vi gjekk var lite beferda, det var bratt, rasfarleg og småkronglete eit stykke. Når ein så nemner at knea også likte lite den bratte nedattstigninga, så forstår ein kvifor denne toppen hamnar nederst på lista.
Det dårlege treningsgrunnlaget og bratte nedatturen medførte også svært stive bein i fem-seks dagar etterpå.


Men det er eigentleg inga grunn til å klage over å være tidleg ferdig med "oppdraget".
10 nye toppar ventar på oss! Og eg har såklart sjekka kva toppar som står på menyen fra sommaren 2020 og eit par år framover.

Nr. 1:
Nipa. Fra både stoveglas og kjøkenglas ser eg opp på Nipa. Eit fjell som til tross for at det berre er 867 moh, ligg så strategisk til at det hindrar oss for mange timar ekstra sol....
Dette er ein svært fin og lett tur, passar garantert for både stor og små. Sidan det går veg nesten til toppen, for å overdrive litt, så trur eg dette blir sykkel heimefra, for så å gå den siste stubben opp.
Garantert flott utsikt!

Nr. 2:
Bolstadnosi. Flott utsyn er det sikkert fra Bolstadnosi også, 923 moh. Har inga aning om kor ein skal starte fra, men om Rebni kanskje??

Nr. 3: Sippelhaugsnosi. Dette er nabotoppen til Surnasetnosi som vi har vore på før. Iallfall skal vi gå opp Krokadalen og følgje samme sti opp til stølen Sippelhaug. 1251 moh. er toppunktet, og høyres ikkje så ille ut, men her startar vi 50 moh. så det vert nokre høgdemeter likevel.

Nr. 4: Grånosi. Luster Turlag har plassert nokre toppar i nabolaget denne gangen! Det er mange fjell som heiter Grånosi, men dette er den som ligg Stordalen og Heggdalsvatnet på 1346 moh. Opp hit kan vi gå både fra Engjadalen og Røssesete. Sistnemnde kun hvis ein tør å køyre på den mildt sagt shabby vegen opp til Harastølen og vidare oppover.

Nr. 5: Kattøyra på 1411 moh. ligg ovanfor Dalsdalen eller Vigdalen, alt etter kor ein velgjer å starte fra. Trur det vert Vigdalen for min del, for da kan eg gå om stølen Drivande, ein plass eg aldri har vore.

Nr. 6: Grøndalseggi. Jammen ser eg denne fra kjøkenet også! Mellom Asbjørnsnosi og Hest ligg denne vesle piggen på 1423 moh. Kjem til å gå fra Leirdalen, og det ser ut som ein overkommeleg tur!

Nr. 7: Skurvenosi. Dette er også eit namn på fleire fjelltoppar i kommunen, og dette er garantert ein av dei tyngre toppane i denne bolken. Vi skal opp på 1450 moh, og startar heile nede i Mørkridsdalen. Må takast så fort som råd er!

Nr. 8: Liastølsbreakulen. Oppi Jostedalen, og no byrjar det å bli høgre toppar... Opp på 1678 moh. og eg kan tenke meg at startpunkt vert fra Gardshaugen og derfra opp til Sperlestølen og inn mot Vassdalen. Men det er berre noko eg trur altså. Kanskje ein skal gå fra Bakkedalen? Må høyre med lokalkjende før ein legg i veg. Sikkert storslage utsyn til Tunsbargdalsbreen.

Nr. 9: Greineggi. Kor er det spør du? Vi skal laaangt nord i kommunen, for dette er grensetopp til Skjåk, og på sørsida av Sprongdalen. Startpunkt vil eg tru vert fra Viva på vegen til Styggevatnet.
Toppen ligg på 1849 moh. men hvis vi startar på Viva, så vert det ikkje så ille.

Nr. 10: Nordlege Skagastølstind. Berre namnet inngir jo respekt! Såvidt meg bekjent ein av dei aller høgaste toppane som topptrimmen nokon gang har brukt, heile 2167 moh. Med startpunkt på Turtagrø, som synes naturleg, vert dette antaglegvis det lengste turen i denne bolken. Denne ser eg fram til! Ikkje sjølve turen kanskje, for det er visst berre stein og det er ganske så bratt, men utsynet herfra må være kanon.


Men fram til vi kan ta fatt på desse toppane, så får vi mimre litt om dei vi HAR vore på.

Fra Solvornnipa kunne vi sjå ned att i Barsnesfjorden fra ein uvand vinkel.

Den første toppen vart Leirbotnnosi. 

Til Kaldrasane var ein lang og fin tur.

Røneidseggi var kort og fort, mykje grunna det smågufne været på toppen.

Gruvefjell kan oppsummerast i eitt ord: VARMT!!


Lioksli. Fint når vi kom opp....Sjølve turen derimot: Not so much.

Bjørkanosi. Det som kunne blitt ille, vart veldig bra!

Gravdalstind. 2100 moh, 19 grader og vindstille...

Tausasva. Kort, og flott!

Tuftanovi. Har aldri vore så sliten etter ein topptrim før. Eller seinare.


søndag 2. september 2018

Topptrimmen 2017 - 2019, Bjørkanosi

Da var det gjort. Eitt år før skjema.
Dei ti toppane som Luster Turlag plukka ut for 30 år sidan, og som nå var komen til rullering, er alle "bestegne".

Den siste vart langtfra den verste, og det var Bjørkanosi i Fortunsdalen som stod på menyen denne laurdagen i september.

Turlaget har oppgitt Bjørk som startstad for denne turen, nærare bestemt fra skytebana.
Vi hadde imidlertid forhøyrt oss med lokalkjende folk, som ikkje anbefalte dette som utgangspunkt. Og sidan vi alltid høyrer på lokalkjende, så fekk vi med oss guide og starta fra Yttri seks km. lenger nede i dalen.
Årsaka er at det fra Bjørk og oppover er svært bratt, og heller ikkje verdas beste sti, for å sei det forsiktig. Skal kome litt attende til det.

Vel, turen starta altså kl. 0858 fra Yttri, og vi følgde stien mot Lønningane. Her er det også litt bratt innimellom, men stien er god, og lett å gå. Eg hadde gått deler av denne da eg var på Tussen for tre år sidan. Den gang var den vesle bekken ei stor elv, slik at eg fekk ein veldig kronglete tur.
Denne gang gjekk det mykje lettare, samt at vi følgde stien til venstre opp mot Tussen, og ikkje gjekk etter kraftlinja, slik som ein luring anbefalte.
Hint: IKKJE gå etter kraftlinja!!!

Oppe ved Myresetevatnet tok vi oss ein god pause. Vi hadde nå gått i knappe seks kilometer, og var komen godt over 1000 moh. Dessverre var forma elendig. Ei forkjøling gjorde motbakkane svært tunge. Burde nok ha holdt meg heime med herr Ibux og fru Paracet.
Men nå var det verste over. Herfra gjekk vi i nærast ope slette landskap inn mot Bjørkanosi, og det var ein svært flott tur. Nye og kjende fjell dukka opp, og vi fekk også sjå kor spektakulær fjelltoppen Tussen eigentleg er. Dette fjellet er overvåka av NVE grunna rasfare, men eg har lest utdrag av rapportane og dei fortel oss at det er eit stabilt fjellparti. Men steinsprang går det sikkert støtt og stadig, som det sikkert også gjer under Bjørkanosi, samt mange av dei andre fjella i dette ville dalføret.
Etter 11.5 km. kom vi til Smolsvatnet, og nå var det kun ein bitteliten stigning opp til toppturposten på 1231 moh.
Der oppe var det, kanskje ikkje så overraskande, sterk og kald vind. Det var berre å klyppe kortet, skrive namnet sitt i boka og komme seg ned i lunare terreng.
Vi hadde på førehand vorte einige om å gå nedatt til Bjørk, slik at vi fekk ein rundtur. Det er svært sjeldan det er høve til det, men på denne måten fekk vi også gå den anbefalte ruta.

Vi tok ein ny matpause før den siste bratte nedstigninga. Denne tok vi i nærleiken av stølen Smole på ca. 950 moh. Flott utsikt var det ned i dalføret, men dette såg ut til å verte ein vrien tur.

Og det vart det.

La oss ta det først som sist: Vil du ha ein kort, svært bratt og kronglete tur; Da skal du gå fra Bjørk.
Vil du ha ein betydleg lenger, men samstundes mykje finare og meir behagleg tur; Da skal du gå fra Yttri.
Mi anbefaling: Gå fra Yttri. Det var ca 100 ganger bedre. Bruk gjerne mine Stravaspor, dersom det kan hjelpe.
Kvifor meiner eg det? Fra skytebana og opp til Smole, dvs. der som den verste bratta sluttar, så skal da da opp/ned ca. 900 høgdemeter. På 2,8 km. Dette er veldig bratt.
Turen vert fra Bjørk berre 9 km. tilsaman, medan fra Yttri vert turen 24 km. Men det får våge seg. Eg hadde gått til Bjørkanosi fra Yttri ti av ti gonger til hvis eg måtte velge.
Stien fra Bjørk var, spesielt i øverste del, mykje prega av ras. Det betyr at den var øydelagd mange stader, og svært kronglete å gå. Den desidert verste biten eg har gått i ein topptrim på det eg kan hugse.

Som bonus får du eit betydleg finare utsyn over Breheimen og Jotunheimen dersom ein går om Tussen.

Men dette får kvar einskild finne ut av sjølv. Vil du gå fra Bjørk, så gjerne for meg.


Med dette er altså Topptrimmen i boks for denne versjonen også. Kva i all verda skal ein finne på til neste år?
Har iallfall plotta inn dei ti neste på kartet, dersom Luster Turlag fortset trenden med å "snu bunken", slik som dei har gjort fram til no.
54 toppturar det vorte opp igjennom åra. 40 forskjellige toppar er "erobra". Framleis 60 att....

Bilder fra turen til Bjørkanosi, pr. 1.9.2018.

På veg opp til Lønningane så kjem ein under denne "anonyme" kraftlinja fra byrjinga av 1970-talet. Noko seier meg at uttrykket "monstermaster" ikkje vart teke hensyn til da.

Stølslivet på Lønningane er, som på mest alle andre stølar, forlengst ein saga blott. Men fin utsikt mot kjende fjell i Jotunheimen vert ein aldri lei.

Her byrjar vi å nærme oss slettepartiet på baksida av Tussen. Herfra og bort til Bjørkanosi var det veldig fint å gå. Kan anbefalast!

Tussen er eit svært underleg fjell. Høgfjellssletta går rett over i eit parhundre meter fritt fall. Det går kanskje ikkje så godt fram av dette bildet, men det er store sprekker overalt i fjellet.
Dessutan; Sjekk varden på toppen!

Ca. 100 høgdemeter nedanfor Bjørkanosi finn ein dette fine vannspegelet. I bakgrunnen ser vi Tussen, 1230 moh.

Og her var vi omsider på 1231 moh! Det tok oss fire timar og tre kvarter fra Yttri, inkl. matpausen og mengder av fotografering. Men det var verdt det. Verkeleg ein flott tur!

Toppen er lett å finne, til tross for at det ikkje er noko stor varde som markere den.

Her var vi byrja å gå ned mot Smole. Til venstre på bildet ser vi ein snipp av Bjørkanosi, men toppunktet er over ein km. fra kanten, så det er ikkje noko fare i så måte.

Nytta matpausen på Smole til å ta dette bildet. Herfra og ned i dalbotnen er det ca. 900 høgdemeter.


Stravaspor m/høgdeprofil og km.splittid.

Antal steg

mandag 27. august 2018

"De utrolige 2", filmomtale

Heile 14 år etter suksessen med "De utrolige" har Pixar fått somla seg til å komme med ein oppfølgar.

Gudane må vite kva årsaka til det særs lange oppholdet mellom filmane må være, for mange av dei som var i målgruppa i 2004, må i dag være etablerte familiefolk.
Kanskje Pixar har venta til publikumet fra 2004 fekk sine eigne barn?

The Incredibles 2.jpg

Uansett; Den som ventar på noko godt, ventar framleis ikkje forgjeves som det heiter.
Sjølv om det er gått 14 år, så er familien med dei fantastiske superkreftene på samme stad og tid som den gang. Film nr. 2 tek opp tråden nøyaktig der den første slutta, dvs. der som "Undergraveren" dukka opp.

Kampen mot denne superskurken meir eller mindre raserer store deler av byen, og atter ein gang vert superheltar utsatt for kritikk og skal i.o.m. denne hendinga verte forbodne.
Superheltar har imidlertid sine tilhengarar, og ein svært rik mann driv lobbyverksemd for å få sine store heltar lovlege att. Med seg har han ei flink, men også litt mystisk syster, og snart byrjar rare ting å skje.
"Vår" familie er installert i rikmannens villa (ein av dei), og det er konemor i familien, Elastica, som må i aksjon mot diverse superskurkar og mildt sagt enorme utfordringar.
Heime i villaen steller far etter beste evne, med ei gretten dotter i gryande pubertet og dertilhøyrande problem, ein villbass av ein lynspringande son, og ikkje minst: Ein baby som avslører å inneha sterke superkrefter.

Forviklingar oppstår, det vert introdusert ei mengde nye superheltar og det vert action av høg klasse.
Om det går bra til slutt?
Såklart! Dette er ein familiefilm, sjølv om Elastica på eit eller anna forunderleg vis er vorten meir barmfager enn i film nr. 1.

"De Utrolige 2" er vorten ein kjempesuksess, og har tjent inn milliardbeløp på dei få månadane den har vore på lerretet. Det er ikkje rart. Det er morsomt, spennande og går unna i rasande fart i nesten to timar nonstop.
Kanskje ein kan synes at originalen er best og mest sjarmerande, men dette er ein svært god oppfølgar som passar for heile familien.
Eg likar gode animasjonsfilmar, og dette er ein slik. Mange av superkreftene kjenner ein att fra barndommens teikneseriar, og har unektleg sin sjarme.

Høgdepunkt: Når den vesle tassen, Jack-Jack, for alvor byrjar å vise superkreftene sine. Underholdande ohoi!!
Nedtur: Eit par "nå-skal-vi-prate-litt-seriøst-her" sekvensar kunne med fordel vore noko kortare.

Alt-i-alt:
Ein veldig bra oppfølgar, og hvis du berre skal sjå ein animasjonsfilm dette året, så har vi her ein god kandidat.
Terningkast


Relatert bilde



Topptrimmen 2017 - 2019, Lioksli

Topptur nr. ni er unnagjort, Lioksli frammi Jostedalen, 1460 moh. vart "bestegen" søndag 26.8.2018.

Dette er ein topp eg hadde grua meg til ein smule. Det er ikkje noko særleg beferda topp, og det betyr at merking og stiar ofte er fraværande. Dessutan har ein sjekk på kartet avslørt at det antagleg er ganske bratt, og eg går heller langt enn bratt. Når gåtreninga har vore omtrent ikkje-eksisterande sidan i fjor, så var det med ein viss skepsis ein la avgarde.

Luster Turlag har oppgitt Norheim som passande startpunkt for denne toppturen.
Vi hadde imidlertid høyrt så mykje rart om dette startpunket fra lokalkjende at vi droppa det. Det var omtrent ikkje måte på kor kronglete og uframkommeleg det skulle være fra Norheim og oppover, så vi valde istaden å køyre oppi Mjølværsgardane, og starte fra Kleivi.
Her var det rett nok veldig bratt og tungt, og det var omtrent ikkje antydning til sti.
Det var hengt opp litt merking her og der, samt at vi fant nokre kvite malingsflekkar som fortalde at vi var på rett veg. Men det er svært lite beferda her, så ein må bruke litt tid på å finne vegen.
Ein annan ting er at "stien" (som da ikkje er noko sti) går i eit område der det går mykje steinsprang, slik at heller ikkje denne traseen er ideell, for å sei det mildt.

Vi hadde som sagt snakka med kjentfolk, og fått eit tips om å sjå etter ein kvit prikk heilt oppi fjellveggen. Denne såg vi laaangt nedanfra, og til høgre for denne prikken kom vi oss heller greit opp. Dette er forøvrig den omtrent einaste plassen det går an å komme seg opp mot "speigelen" som ein ser heilt nedanfra i klarvær.

Denne "speigelen" er grei å ha som utgangspunkt dersom ein startar fra Kleivi. Den ser ein som sagt heilt nedanfra, og det er minst like bratt opp dit som det ser ut. På 2,1 km. steig det nesten 700 høgdemeter iflg. Strava, så dette er ikkje ein bakke å leike med. 

Da vi kom opp til denne første speigelen, så tok vi ein liten matpause, før den siste etappen opp til toppunktet, ytterlegare ca 350 høgdemeter til lenger oppe. No skifta vi retning fra nesten rett nord, til å dreie gradvis mot vest. Her er det ein slags fjellrygg ein kan gå på, ca. 1,2 km. vart det fra den første "Speigelen", men i.o.m. at vi var komne over tregrensa, og kunne gå mykje meir på tørre svaberg, så var det lettare å gå. Her var det også litt stitråkk innimellom, slik at det var nokolunde greit å komme seg opp.

Toppunktet og posten er veldig lett å finne. Når ein kjem nedanfra så ser vi enda ein slik "speigel" oppi fjellet. Denne ser vi eit eit parhundre meter fra toppen, og posten er plassert der.
Lioksli er ein ganske så frittståande topp, med dalføre på tre sider. Det er berre mot nord at vi ser inn mot breeen, og vi fekk eit fint utsyn til alle kantar. Til å være såpass låg topp, så var det eit fint utsyn mot både Fåbergstølen, Fåberg og Fagredalen, og ikkje minst nedatt mot Gjerde.
Mot nord fekk vi også fint utsyn til Lodalskåpa.
Omlag 90 personar hadde skreve seg inn i boka, så her har langtfra alle topptrimmarar vore oppe enda.

Grunna det noko kjølige seinsommarværet, så brukte vi ikkje altfor lang tid på toppen, men vi rakk i det minste å ta nokre bilder i alle himmelretningar, før vi gjekk nedatt til speigel nr. 1 for ein seriøs matpause nr. 2. :-)

Vi traff andre topptrimmarar på veg ned dit, ei hyggeleg dame som hadde gått fra Norheim. Ho klaga, antaglegvis heilt berettiga, over at det hadde vore veldig kronglete å gå derfra. Inga merking, inga rydding og veldig vanskeleg å ta seg fram.
Da hadde vi vore heldigare, sjølv om det nok er den mest kronglete toppen eg har gått i denne utgåva av topptrimmen. Det seier litt om korleis det er å gå fra Norheim.

Nedatt fra "speigel nr.1", så gjekk det forsåvidt ok, men her har vi altså rasfaren å være obs på. Merkinga, hvis vi kan kalle det så, går i eit område der det går steinsprang rimeleg ofte verkar det som. Masse ny rasstein nedover bakkane her, samt at all større vegetasjon er fraværande. Fjellet ovanfor er openbart av typen som slepper stein støtt og stadig, og dersom spranget går, så har ein kun sekundar på å komme seg vekk.

Konklusjon: Dersom ein skal gå trygt, så må ein gå kronglevegen fra Norheim. Skal ein gå "lett" , hvis ein kan kalle det så, så går ein fra Kleivi. Hugs for all del å halde utkikk i dette oversiktlege, men rasfarlege orådet!
For meg er det nå unnagjort, og til tross for eit fint utsyn, så skal eg aldri opp her igjen.
Dette var ikkje ein ideell toppturpost.

Lioksli er ein av det kortare turane i denne topptrimbolken. Kun 8,3 km. vart heile turen, og av dei var 1200 meter på grusveg.
Men det gjer ikkje Lioksli til ein lett tur.
Sju km. i ulendt og vanskeleg terreng og ca. 1050 høgdemeter både opp og ned og omtrent alt av dette skjer utanfor sti. Vi brukte fem timar og 54 minuttar på heile turen, inklusiv ein god matpause på veg nedatt.

Det fins sikkert dei som kan ta denne turen på ski, men for oss var dette heilt uaktuelt. Hadde kanskje kome opp på eit slags vis, men ned? Aldri i livet.

Tips: Dersom du går fra Kleivi, så ta sikte på den eine "speigelen" ein ser, og sjå som sagt etter ein kvit prikk oppi fjellveggen på veg opp dit. Dette er rett nok kvit mose/lav, men du ser den laaaaangt nedanfrå. Når ein er komen opp mot denne prikken, så tek ein til høgre, gjennom buskaset, og ein er komen forbi det verste.
Ein pause på speigelen er så vel fortjent.

God tur!

Innimellom kom det nokre skoddedottar forbi utsikta :-) 



Det er sikkert ikkje så lett å sjå den omtala kvite prikken på dette bildet, men ein skal gå opp i det bevokste partiet midt på bildet. Svaberga må ein for all del unngå! Heilt i bakgrunnen ser vi den første "speigelen" mot horisonten. Den er eit greit mål å ha for første del av turen. 


Pila til venstre markerer kor den kvite prikken er. Pila til høgre markerer "speigel nr 1".
NB: Sjekk terrenget! Rasfare!! Det er brattare enn det ser ut på bildet.


Topptrimposten er veldig lett å finne. I bakgrunnen ser vi øverste deler av Nigardsbreen. 


Dette bildet er teke noko nedanfor sjølve toppunktet, faktisk nede v/"speigel" nr 1.  Vi ser nedover Jostedalen, med bl.a. Bresenteret omlag midt i bildet. Vi ser også ned dei bratte bakkane som vi måtte forsere.

Der ser vi toppen! Når du er komen så langt at du ser denne "speigel nr. 2", så veit du at der er vi framme! 

Nåja. Vakker er nok ikkje det første vi tenkjer på når vi ser denne installasjonen på 1460 m.o.h. 

Dette bildet er teke fra den første "speigelen" ca. 1100 m.o.h. Vi ser over til Fagredalen og Fåberg. 

Flott utsyn nordaustover mot Fåbergstølen og Øystølen. 

Fra toppen på Lioksli så kom vi eigentleg ganske så nær Lodalskåpa. Iallfall såg det slik ut.


Stravaspor m/høgdeprofil og splittider

Antal steg.



fredag 13. juli 2018

Topptrimmen 2017 - 2019, Gruvefjell

Sesongstart for topptrimmen, ju-huuuu!
Har berre tre toppar att, som eg tek sikte på å få unnagjort i sommar. Problemet blir vel da: Kva i all verda skal eg finne på sommaren 2019?
Sykle?
Problemet løyst!!

Gruvefjell beliggande i området mellom Årdal og Luster var første mål for sesongen, ein topp som eg fant passe i.o.m. at eg ikkje har gått ein einaste fjelltur, eller fottur for den saks skuld, sidan i vinter ein gang. Har prioritert syklinga i vår, og det skulle vise seg at kombinasjonen sykkeltrening og så på fjelltur skulle bli litt meir slitsom enn først rekna med.

Gruvefjell er ikkje noko markert topp akkurat i dette bølgande landskapet mellom Fardalen i Årdal og Lustrafjorden. Vi skal heilt opp på 1520 m.o.h. men var av det dovne slaget, og køyrde heilt inn til Stokkesete på Tindevegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal. Her kunne vi starte på over 700 m.o.h.
Eg ser at andre har starta lenger oppe på Tindevegen, og det får være opp til kvar einskild turgjengar. Luster Turlag har anbefalt Stokkesete, så da gjorde vi det. Hvis ein er i verkeleg god form, og gidd, så kan ein jo alltids starte fra Feiga også, men det vert ein svært lang tur.

Vi var fem personar som gjekk i følge på ein fin ettermiddag. Med lange lyse sommarkveldar, såg vi ikkje behovet for å dra avgarde så altfor tidleg, og eg har da heller ikkje ferie enda. Ettermiddagsturar er da også alltid å føretrekke!
Vegen inn mot Stokkesete er ikkje meir enn nokre titalsmeter før ein må stoppe, men det står skilt til Gruvefjell, og det er sti forbi ei hytte, og vidare inn dalføret Stokkedalen. Vil tru at det er mange topptrimmarar som har gått her.
Men etter berre tre kvarters gange, så var eg omtrent kokt i varmen. Måtte ta ein liten matbit før blodsukkeret vart for lågt. Da hadde vi akkurat kryssa ei lita elv, den første av ganske mange denne dagen. Her var vi komen over tregrensa, og fant fine moltemyrar. Har aldri sett så mykje molter før, men det var sjølvsagt altfor tidleg å plukke dei. Hvis eg gidd,  noko eg garantert ikkje gjer, så burde eg ta ein tur forbi att her i september for ei molteøkt.

No var spørsmålet: Kor i all verda skal vi gå?
Her var det ikkje snev av merking eller spor, så vi fant ein fjellrygg vi tok sikte på, og kom oss opp i terrenget. Med to kart, tracking og GPS så burde det gå greit å finne toppen. Eller?
Nei. Det vart litt verre enn vi antok på førehand. Dette landskapet er som sagt bølgande, med mange høgdedrag som ser omtrent like ut. I tillegg er det mengder med små vatn, som også kan forvekslast, så vi fant ikkje noko post på den første toppen vi kom på. Og det var den toppen, som alle meinte var den rette, både vi med kart, og dei med GPS og tracking.
Så mykje for det altså.


Men, det fins verre problem enn å ikkje finne turlagsposten på den første toppen, så vi vandra 1,8 km. bort på det som GARANTERT var den rette.
Og det var det faktisk. Sidan det var så fint vær, og ganske så greit å gå, så gjorde det ikkje så mykje at vi hadde bomma ein smule.
Rett nok viste Stravaen min at vi hadde gått 6,7 km. da vi fant det rette toppunktet, medan skiltet nede ved Stokkesete hadde sagt 5,5 km. Pytt, 1200 ekstra meter får vi tåle.
Iflg. Turlagskortet så skulle vi også kunne sjå spor etter gruvedrifta her på 1700-talet, men da må ein nok nedover på Krokasida i Luster. Og det ville vi ikkje. Så gruvene fekk være i fred for oss.

Medan vi var på toppen, så kom det ein årdøl springande opp. Han var nok av det meir spreke slaget enn oss, og gav oss ei innføring i kor vi skulle gå for å komme oss lettare nedatt.
Vi skal alltid ta slike tips til etterretning, men nå var dette eit heller snilt terreng, så det skulle nå gå bra uansett.
Vi gjekk derfor meir rett ned enn vi hadde gått opp, noko som vart litt krøkkete ned mot det som heiter Grøndalen. Her var det litt rasfarleg i ei ur, så da valde vi det sikre og tok ein liten omveg. Det trur eg var smart, for da vi såg den aktuelle ura på meir avstand og fra ein annan vinkel, så såg det nesten halvfarleg ut. Dette er lengst inne i Grøndalen, og kan ikkje anbefalst å gå, korkje opp eller ned.
Men utanom dette noko problematiske området på nokre hundre meter, så gjekk det heile ganske greit.

Eg burde imidlertid ha gått inn dei nesten nye skoa mine litt meir, og derfor var det bra at compeeden var med.
Kilometrane i unnabakke var heller ikkje spesielt godt for det venstre kneet, som nå får si lønn etter 40 år med fotballsparking. Den siste kilometeren i unnabakke var faktisk plagsom grunna kneet.

Gruvefjell er ein middels krevjande topp i denne runden av Topptrimmen. Strava viser at vi gjekk noko over 12 kilometer totalt, og 919 høgdemeter. Eg ser at fra andre startpunkt på Tindevegen har folk gått i 16 kilometer og 810 høgdemeter. Så kva ein vil velge, får nesten bli opp til dei. Toppen finn ein nok uansett, men som sagt er dette landskapet ikkje det aller greiaste å finne fram i. Det må på det sterkaste frarådast å gå her i dårleg sikt utan GPS eller tracking.
Da vi gjekk her, var det nesten for varmt til tider. Ikkje ein gang vatnet i fjellbekkane kunne seiast å være godt og kaldt, var jo nesten lunke vatn!
Grunna den vesle omvegen vi tok på veg opp, så brukte vi nesten tre timar til topps. Det inkluderte ein god matpause, og mange småstopp for å finne vegen og å konferere med kart og GPS.
Ein god og solid pause i det fine været på toppen høyrde også med, kvifor skal ein stresse ned att på ein slik flott dag?
Vi brukte totalt fem timar og 40 minutt på heile turen, og det var med alle stopp. Vi gjekk heller ikkje spesielt fort, da fjellformen er laber etter ein heil vår utan å gå ein meter omtrent.

Gruvefjell kan ein ta på ein ettermiddag, iallfall nå som kveldane er så lange, men om ein månad ville eg nok starta før på dagen.
Ein grei start på sesongen kan vi kort og greit oppsummere det som.
Stravaspor kan du finne her.



Det vert fort nokre steg på ein slik tur. 


Spor og høgdeprofil.


Bilde fra toppen, vi ser innover i landet mot Årdal og Vang.

På veg ned att fekk vi fin utsikt til Austabotntindane.

Dette er vatnet lengst inne i Grøndalen. Det å gå på motsatt side var veldig greit å sleppe.

Eg måtte såklart ha eit bilde av gamle fjell i syningom medan eg var på toppen også.

Nede att i Grøndalen er det nokre sjarmerande vatn, som er adskilt av denne markerte morena.

Her er vi nesten nede mot Stokkesete att, og vi ser kraftlinja og Tindevegen opp fra Fardalen.


mandag 2. juli 2018

Sognefjellsrittet 2018, rittrapport

Det er vorte mandag. To dagar er gått sidan det 21. Sognefjellsrittet var fullført.
Veslebroren til det adskillig meir krevjande og prestisjefylte Jotunheimen Rundt opplevde i år ein betydleg oppgang i antal deltakarar, noko som er svært hyggeleg.
Rett nok vart storebroren sine 600 deltakarplassar fylt opp på fem minuttar, medan Sognefjellsrittet sikkert har plass til fleire framleis.

Etter eit par år med skikkeleg dårleg vær, var det heller ein intens varme som skulle bli plagsom denne gang. Som syklist finn ein ALLTID noko å klage på, og i år altså; Varmen. Er det ikkje det eine så er det noko anna.

Vi var ikkje så mange fra den lokale klubben til start på Lom i år, såvidt eg veit var vi berre fire stk, deriblant ein debutant, noko som er ekstra hyggeleg. Fleire av ultratøffingane i klubben hadde nemleg funne ut at det passa bedre å slite seg igjennom heile distansen fra Lærdal, og jammen kom nesten alle til mål også. Eg er imponert!

Vel, attende til Sognefjellsrittet.
Grunna den heller heftige varmen, så vart det til å starte i kort-kort. Tok med ei skilue og lause armar, da det erfaringsmessig alltid er kjølig på fjellet. Dessutan var det viktig med nok drikke, så to 0,7 l flaske sportsdrikk vart også tatt med. Nokre pakker sportsgel på baklomma, og litt mat fra Bakeriet på Lom fikk holde som drivstoff.

Racerpulja vart sendt avgarde eit kvarter før oss vanlege, og kl 1300 var det så vår tur. Fikk veldig lite oppvarming dette året, kanskje det var ein medverkande årsak til problema som skulle dukke opp seinare på dagen?
Den nye rittleiaren sende oss avgarde nøyaktig kl. 1300, og ein fin og solrik tur låg framfor oss. Sykkelen var i tipptopp stand, hadde testa doningen opp Stalheimskleiva eit par dagar før, og den verka veldig klar.
Sm alltid vert det splittar i feltet utfra Lom. Det er ganske så stor nivåforskjell på deltakarane, så det er berre slik det skal være. Men etter nokre kilometer finn ein seg alltids ei pulje som ein kan sitte med i. Det gjekk oppover Bøverdalen i fint driv. Trur faktisk vi endatil hadde litt medvind, noko som skjer berre kvart tiande år på denne strekninga.
Antaglegvis gjekk det litt for fort oppover, og varmen plagde meg berre meir og meir. Kontrasten til vintersyklinga i fire-fem minus var himmelropande. Det var som ein lengta tilbake til fjoråret med regn og 15 grader.
I første motbakke etter berre eit par mil, dvs. fra Galdesand og oppover langs juvet der, så vart eg etter. Det var svært skuffande, all den tid da treningsgrunnlaget var eigentleg brukbart, og tempoet var akkurat passe. Beina var brukbare, men varmen var regelrett plagsom. Her var det ikkje snakk om svettedråpar, nei her rant det i små elvar nedover.
Det vart til å padle seg vidare oppover dalføret på eiga hand.
Stadig kom det ein og annan syklist og køyrde forbi meg, så da fant eg glatt ut at "Du får heller sjå litt på naturen og ta det som ein varm tur".

Så da vart det slik.

Nede ved bakken opp Bøverkinnhalsen var det berre til å trille avgarde. Denne dryge fire kilometer lange bakken er like seig kvart år, men i kokvarmen vart det enda verre. Først da eg byrja nærme meg toppen av bakken gikk det bedre. Da vart det brått kjøligare, og ein svalande vind slo inn. Det var berre heilt herleg.

Nedover mot Bøvervatnet var det framleis godt og varmt, og eg var framleis like åleine som eg hadde vore nå ei stund. Men nå byrja eg merkeleg nok å ta att andre. Det var ikkje til å tru, men når den verste heten byrja å gi seg, så fungerte kroppen langt bedre att. Oppover mot Krossbu gjekk det eigenteleg fint, iallfall heilt til eg skulle ta meg ein sportsgel. Da var den openbart utgått på dato, for det som var inni var lysår fra å minne om gel. Meir ein slags tørr leverpostei. Så det var den maten. Fekk heldigvis ein gel fra ein kar som eg traff på ei utkøyrsel da eg skulle kaste gelane i eit bosspann. Det var startnr. 1101, så ei stor takk til vedkommande!

Vel, det var berre til å karre seg vidare oppover mot Krossbu og Sognefjellshytta. Ein liten stopp i ein sving for å sjå litt på utsikta hadde eg også høve til. Sidan eg var åleine, så kunne eg jo gjere akkurat som eg ville!
Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å stoppe så lenge på fjellet, men den plagsomme varmen hadde gjort at væskeinntaket hadde vorte formidabelt, og det måtte påfyll til. Ei flaske med vatn, og ei med sportsdrikk fekk holde.

På med lause armar, og skilua under hjelmen, og så var det til å komme seg vidare bortover Sognefjellsplatået. Dei små kneikane er alltid like seige, og på den siste før utsiktspunktet 1400 m.o.h. så kom jammen krampa for første gang. Etter usle 55 km. Rett nok har eg fått krampe på Sognefjellsrittet før, men det har vore opp Nesbakken, eller Indre Hafslo, ikkje midt på Sognefjellet.
Det vart til å strekke ut litt, faktisk gå av sykkelen, rusle nokre meter før ein trilla vidare nedover.

Sykkelen, med nye 37 mm. grusdekk og skivebremsar, fungerte veldig bra nedover Sognefjellet. Ein liten skrens rett før ein sving ovanfor Optun var alt. Eg tok det ganske med ro nedover, da eg veit at vegen er av så ymse kvalitet.
Nesten nede i Fortun traff eg att mine to sykkelkollegaer som eg hadde mista i første motbakken eit par timar før. Det hadde vorte ei punktering, så da stoppa eg berre nede i Fortun og venta eit par minuttar på dei der.
Her nede, i bakaromntemperatur, var det berre til å få av seg alt som kunne minne om ekstra klede, og da vi var samla att, så gjekk det ganske så greit utover Lustrafjorden. På toppen av Nesbakken tok vi ein drikkepause, da væsketapet framleis var stort. Dette gjorde susen, og nå var det berre gjennom Gåpnabøgdi og opp Indre Hafslo som stod att.

Eg kom ikkje langt opp i Marheimsgjelet før eg vart etter, enda ein gang. Enda ei punktering i det tremannstore følget heilt nede på Tangaflati, og da vart det stykkevis og delt oppover. Påny kom krampa sigande, og med plagsomme fluger i tropevarmen vart det til å strekke ut, rusle litt og karre seg opp på Uglo, der den tradisjonelle Red Bullboksen venta. Det var himmelsk godt.
Beina var eigentleg ikkje så hakkande ille, men den stadige krampa vart berre verre og verre.
Da eg kom ned til Barsnesfjorden, ca. seks kilometer før mål, så beit det til i begge lår, og begge legger. Eg tenkte, at det går ikkje an å stoppe her, så med krampe i begge beina, så kom eg meg nå utover til den nye fine brua, og svinga inn til Sogndal sentrum. Dette er alltid like behagleg.

I målområdet var det ganske så roleg, da langt dei fleste sikkert var komne i mål forlengst.

Eg fekk ein colaboks rett etter målstreken, og tømde den ned kjapt. Ei kjapp hovudrekning fant ut at det hadde gått med minst fire liter drikke på turen, ein tur som til tross for det fine været vart veldig anstrengande.
OK, siste månaden har det vorte noko for dårleg med trening, men totalt sett skulle  det vore ok.
I fjor og året før gjekk det langt bedre, med omlag samme grunnlag, og da hadde vi regn, skodde og langt lågare temperaturar.
Men dette med varmen er noko som er vorte veldig plagsomt med åra. T.d. måtte eg snu på veg opp Leirdalen før i sommar, da det bikka 35 grader, og eg kjende meg som ein heilgrilla gris. Når det vert så varmt at ein plagast med pusten, og sveitten renn ned i augene, så er dette verre enn å fryse ein smule.
Takke meg til regn anyday på Sognefjellet framfor denne varmen ein gang til.

Men, men. Kom i det minste til mål, og er sikkert dum nok til å melde meg på til neste år også. Og det er kanskje fælt å sei det, men regnar det og er 15 grader på Lom da, så skal eg juble.

Ei stor takk til arrangøren, sykkelkollegaer og alle andre som gjer at dette er ein med på år etter år.
Det er ein tøff tur, sjølv om det ikkje er meir enn knappe 14 mil.

Racerpulja kl. 1245 legg ut fra start.

Ein startselfie høyrer med!

 Luster SK delegasjonen med start kl. 1300 er klare til avgang.

Det har ikkje alltid vore slikt vær når vi har vore over her...