fredag 29. desember 2017

"Selvmordsrisikoen redusert med en firedel på en generasjon"

Dette var overskrifta på ei melding som Folkehelseinstituttet sendte ut 13.12.2017.

Det kan hende at dette høyres veldig oppløftande ut, men dersom ein ser litt nærare på statistikken, så ser det adskillig meir dystert ut.

Ja, det er rett at sjølvmordsraten sidan 1990 har gått ned. Såvidt eg kan lese statistikken, så var det på slutten av 1980-talet at det var verst, dvs. under jappetida, med dertilhøyrande konkursar, og anna elendigheit.

Det er såklart vel og bra at raten har gått ned sidan den gang, men Folkehelseinstituttet nemner ikkje andre viktige deler ved statisikken som kan være verdt å ta med seg. Rett nok nemner dei at det har vore ein viss auke i antall sjølvmord i 2015 og 2016, men det er visstnok innafor svingningane som ein kan forvente.

La oss gå litt inn i materien:

Fra 1996-2016 har det vore ialt 11445 sjølvmord her i landet. M.a.o. eit antal nesten på nivå med Florø kommune her i Sogn og Fjordane.

For samanlikninga sin del, så har eg også sett på antal dødsfall etter alkohol, narkotika og i trafikken i samme tidsrom.

Antal døde i trafikken er 4635. Antal døde etter narkotikabruk er 5760, medan alkohol kjem dårlegast ut, med 8241 dødsfall i åra 1996-2016. Det er likevel over 3000 FÆRRE enn antal personar som tok sitt eige liv i  same periode....

Eg har også sett på dette med alder på dei avdøde. For alkohol og narkotikarelaterte dødsfall, så er det dessverre ikkje alder tilgjengleg, men for trafikkdødsfall er det.

Tala viser at i perioden 1996-2016 så var det 466 personar i alderen 0-29 som døydde i trafikken.

I samme periode var det 2661 i same aldersgruppe som begikk sjølvmord.


Folkehelseinstituttet sin eigen statistikk er lett tilgjengleg på nett fra åra 1996 og framover.

Eg har sett på antall sjølvmord i denne perioden i to tiårsbolkar, fra 1996 t.o.m. 2006 (11 kalendarår), samt fra 2007 t.o.m. 2016 (10 kalenderår).

I åra 1996-2006 var det i snitt 534 sjølvmord kvart år, medan det i perioden 2016-2016 var i snitt 556 sjølvmord årleg. I sistnemnde periode er tre av dei verste åra også inne blant dei fire siste åra.

Sidan det dystre året 2011 med 601 sjølvmord (kanskje ikkje så overraskande at akkurat 2011 hadde eit såpass stort antall), så  er trenden at fleire og fleire personar tek sitt eige liv. Berre sidan 2012 har antalet auka med 91 personar i året.

Som ein ser: Sjølvmordsstastikken er ikkje så  oppløftande som Folkehelseinstituttet kanskje vil gje inntrykk av. Dei har rett nok teke utgangspunkt i toppåra rett før 1990, men trenden siste 20 åra er klar som dagen: Antal sjølvmord viser ingen tegn til å gå ned, tvert om , og sidan befolkninga stadig aukar, så får vi også fleire som velgjer denne triste måten å avslutte livet på.

Eg synes faktisk overskrifta til Folkehelseinstituttet er ein smule provoserande, spesielt for oss som har opplevd sjølvmord på (altfor) nært hald.

Innspelet fra LEVE (Landsforeininga for etterlatte ved sjølvmord) var såleis heilt på sin plass. 


Eg vil såklart ikkje sette trafikkdød, sjølvmord, alkohol og narkodødsfall opp mot kvarandre, men med tanke på at sjølvmord er eit så stort og omfattande samfunnsproblem, så er det forunderleg at det ikkje er meir fokus på dette.

Hvis vi ser på t.d. trafikkdødsfall, så var det i 1996-2006 i snitt 297 dødsfall kvart år.

Det er derfor svært gledeleg at antal trafikkdrepne no stadig går nedover, til tross for ein vesentleg større trafikk. Heilt sidan 2010 har det no vore under 200 drepne, og dei siste to åra  h.h.v. 123 (2015) og 134 (2016) trafikkdødsfall. 2017 ligg an til å bli enda bedre.

Kva hadde Statens Vegvesen gjort dersom antall trafikkdøde hadde auka med 100 personar i samme periode? Dei reelle tall er 224 trafikkdøde i 2007 og 134 i 2016.

Eller eit anna tankespel: Kva hadde t.d. norsk politi sagt dersom antal narkotikadødsfall hadde auka med 130 døde? Dei reelle tall er 278 narkodødsfall i 2007 og 282 i 2016.

Det statistikken ikkje fortel noko om er kor mange trafikkulukker som i realiteten er sjølvmord. Som avdekka i diverse riksmedia for nokre år sidan, så kan mørketala her være meir ubehaglege enn ein trur.

Det er ellers å bemerke at denne posten  ikkje er meint som eit angrep på dagens trafikkpolitikk, narko eller ruspolitikk. Dette med norsk narkotikapolitikk har eg teke for meg tidlegare.


Uansett: Innspelet fra LEVE var ein god og rett reaksjon på ein artikkel fra Folkehelseinstituttet som var ein smule nedslåande å lese. Hadde eg ikkje visst bedre, så skulle ein nesten tru at dei ikkje hadde lest sin eigen statistikk.