onsdag 29. november 2017

"Lustrabakkar 2018"

Som nemnt på samankomsten i Luster SK fredag 17.11. så lagar vi til ei morotevling for neste år. Dei siste tre åra har vi hatt "uoffisielle klubbmeisterskap", som har vore å klatre opp ulike bakkar fortast mogleg.

Dette utvidar vi til neste år, men det er fortsatt mest ein konkurranse mot oss sjølve, for å teste kva ein er god for. Vi er ulike på så mange måtar, så det kan aldri bli heilt rettvist uansett.

Måleutstyr: Strava, og dei segment som er lagt inn der.
(Nei, eg har ikkje laga ti segment spesialdesigna for meg sjølv. Faktisk har eg berre laga eitt av dei)
Og hugs: Hvis det ikkje er på Strava, så har det ikkje skjedd.


Det er derfor plukka ut ti forskjellige bakkar rundt om i kommunen. Dei ti er kjende og "kjære" bakkar som antaglegvis alle av oss har sykla opp på eit eller annan tidspunkt.
Bakkane er delt inn i fire ulike kategoriar, akkurat slik som i "ordentlege" sykkelritt, og så har vi lokalt preg på dei heile.

"Konkurransen" hvis vi kan kalle det så, varer fram til 1.9.2018. Da tek eg føre meg alle bakkane, og legg inn deltakarar og poeng etter sjølvkomponert skala. Meir om denne nederst i posten.
Det er kun medlemmer i Luster SK som vert med i sjølve "tevlinga".

Vi byrjar med dei to "lettaste" bakkane, dei er plassert i kategori 4:
Nr. 10 er antaglegvis kommunens mest brukte bakke, nemleg det som heiter Neshøgdi climb.
Bakken er 1,5 km. lang, stig 61 høgdemeter og har eit snitt på 3%. Brattaste parti (som er svært kort) kjem opp i 6,7%
Rekorden er satt heilt tilbake i 2012 og lyder på 2:38.




Nr. 9 er også ein kjent, liten bakke for mange av oss, og den einaste som går delvis på grus.
Stigninga er ca. 850 meter lang, og dei 650 siste er altså på grus, men dette er ein strekning som eg har sykla på racer fleire ganger. Burde ikkje by på problem å ta seg opp hit med smale dekk. Ned att må ein nok ta det litt med ro....
Som nemnt: Ca. 850 meter lang, og det stig 87 høgdemeter, dvs. eit snitt på dryge 10%, og det er brattast rett etter start, der vi kjem opp i 13%.
Rekorden er fra hausten 2014 og er på 3:13





Da går vi opp eit hakk, og tek føre oss tre litt tyngre bakkar.

Nr. 8 er Lambhaug climb (riktig høgde) som det står på Strava, også ei mykje brukt stigning i kommunen.
Det er fra Tangaflati og opp til Lambhaug, ei strekning på 2,7 km. der vi skal opp 151 høgdemeter. Snittstigning er på 6%, brattast i byrjinga opp til gamleskulen der vi skal opp i 9%, iflg. Strava.
Bestetid er fra våren 2016 og er på 7:10



Nr. 7 er ein bakke som nok alle i dei ytre deler av kommunen kjenner til, nemleg "Gamleveg Hafslo climb". Dette er som namnet seier gamlevegen på Hafslo, og bakken startar like etter Hans Nes Bygg AS, og varer til vi er ferdige med dei bratte partia oppe på Heggmyrane. Distanse er målt til 1,5 km. og 119 høgdemeter som gir eit snitt på heller pene 8%. Men som vi alle veit: Siste kneika opp til mål, der er det adskillig brattare, heilt opp i 16 og 18% på det verste. Trøsta får være at det ikkje er så langt.
Rekorden er fra sommaren 2014 og er på 4:16



Nr. 6 og siste bakke i kategori 3, er ein litt anonym sak, som mange burde ha sykla mykje oftare.
Det er Dalsdalen climb, 1,4 km. og 137 høgdemeter, som da gir eit snitt på knappe 10%.
Start er like ved Lerisbui i Luster, og mål er der som det går ned att innover mot sjølve Dalsdalen. Avkøyringa til Åsen er på venstre side.
Bakken er litt i trappetrinn og har parti på over 12%.
Rekorden er fra sommaren 2015 og er på 4:53.





Neste nivå, kategori 2:

Nr. 5 er ein velkjend bakke, nemleg Marifjøra - Heggmyrane om gamlevegen på Indre Hafslo. Da vil bakke nr. 8 være ein naturleg del av denne, så da får kvar einskild velje korleis ein vil gjere det.
Bakken er 8,9 km. lang, og stig 341 meter, eit snitt på 4%. Brattast er som på nr. 8, altså eit lite stykke på 9%.
Mrk. at vi ikkje er heilt oppe før vi er komne til avkøyringa til hyttene!
Rekorden er fra nå i sommar, og er på 20:28.



Nr. 4 er opp til samme punkt, men fra motsatt side, nærare bestemt fra Solvorn. Bakken heiter er "Solvorn-Heggmyrane", og den har eg laga sjølv. Det er litt kortare, 6,8 km. men da vi også her skal opp ca. 340 høgdemeter, så vert snittet litt høgare, nemleg 5%.  Stigninga byrjar heilt nede på kainivå, og følgjer hovedvegen til Galden og fylkesvegen til Heggmyrane, altså ingen avstikkarar på gamle vegar her.
Rekorden er fra nå i sommar, 17:06 er tida.



Nr. 3 er ein godbit, og ein bakke som er vorten meir populær siste åra, Col d` Leirdalen (bompengekryss).
Det er kanskje ikkje så langt som dei to andre i same kategori, men adskillig brattare.
Berre 2,7 km. men  284 høgdemeter gir eit snitt på dryge 10%. Brattast den første snaue kilometeren, der det ligg jamnt på 12-14%
Bestetid er satt hausten 2016 og er på 11:07





Da er det berre det beste att :-)

Nr. 2 er Mount Vigdalen. Det er ein lite brukt bakke, men den er svært moro å trille opp, og ikkje minst ned att. Bakken er 5,5 km. og vi skal opp 599 høgdemeter.
Dette gir ein snittprosent på anstendige 11. Bakken byrjar rett etter brua over Jostedøla. Så skal vi heilt inn på Vårstølen i Vigdalen, noko som betyr at vi må inn på bomvegen etter snuplassen. "Jammen, er det ikkje bratt der da?" Jepp, heilt opp i 28% på det verste, noko som gjer at fleire antaglegvis må gå den brattaste biten. Mrk. at det no er fast dekke heile vegen inn.
Rekorden er satt i august 2014 og er på 28:52.



Nr. 1 er sjølve kongebakken vår, ein stigning som alle kjenner; Fortun-Turtagrø.
8,7 km. 724 høgdemeter. Snitt 8%. Brattast heilt på slutten der vi kjem opp i nesten 12%.
Alle kjenner denne stigninga, så noko nærare presentasjon er ikkje naudsynt, men rekorden opp er altså fra sommaren 2016 og er på 31:27. Rekordinnehavar står det litt om her.




Så da er det berre å ynskje lukke til!



Poengskala:

Bakke kategori 4:
Nr.1:10 poeng.
Nr. 2: 9
Nr.3: 8
Nr.4: 7
Nr.5: 6
Nr.6: 5
Nr.7: 4
Nr.8: 3
Nr.9: 2
Nr.10: 1
Alle som fullfører får eitt poeng, berre så det er nemnt.

Bakke kategori 3:
Nr. 1: 25
Nr. 2: 20
Nr. 3: 15
Nr. 4: 10
Nr. 5: 9
Nr. 6: 8
Nr.7: 7
Nr. 8: 6
Nr. 9: 5
Nr.10: 4
Nr.11: 3
Nr. 12: 2
Nr. 13: 1
Alle som fullfører får 1 poeng.

Bakke kategori 2:
Nr. 1: 50
Nr. 2: 40
Nr. 3: 30
Nr. 4: 25
Nr. 5: 20
Nr. 6: 15
Nr. 7: 10
Nr. 8: 9
Nr. 9: 8
Nr.10: 7
Nr.11: 6
Nr.12: 5
Nr.13: 4
Nr.14: 3
Nr.15: 2
Nr.16: 1
Alle som fullfører får 1 poeng.

Bakke kategori 1:
Nr. 1: 100
Nr. 2: 90
Nr. 3: 80
Nr. 4: 70
Nr. 5: 60
Nr. 6: 50
Nr. 7: 40
Nr. 8: 30
Nr. 9: 25
Nr.10:20
Nr. 11:15
Nr. 12:10
Nr. 13: 9
Nr. 14: 8
Nr. 15: 7
Nr. 16: 6
Nr. 17: 5
Nr. 18: 4
Nr. 19: 3
Nr. 20: 2
Nr. 21: 1
Alle som fullfører får 1 poeng..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar