fredag 3. november 2017

Kvifor ein ikkje vil være så aktiv på FB lenger.

Facebook og andre sosiale media er ein fantastisk ting. Ein kan halde kontakt med idrettslag, turlag, gamle klassekameratar, kollegaer og stort sett kva den enn skulle være.

Alt dette er vel og bra, og unekteleg eit gode.


Men Facebook har ei svært mørk bakside, som ein slags kloakk av det verste oppgulp som tenkast kan.
Og det er årsaka til at eg ikkje brukar "boka" noko særleg lenger. Og mindre vil det nok bli.

Heldigvis har eg ingen i min vennekrets på ca. 475 personar som tilhøyrer dei meir konspiratoriske deler av befolkninga. Eller; Det har vore eit par tilfeller for nokre år sidan, og dei berre kutta eg ut. Livet er for kort til å la seg irritere over bekjente i tåkeheimen.


"Men du kan da berre la være å sjå på slike sider".
Såklart.
Men det er rart med det. Nesten som ein slags forboden frukt så vert ein dregen mot galskapen som skjuler seg på nett. Eller forresten; Den skjuler seg ikkje. Folk lirer av seg alt mogleg ræl på heilt opne profilar, og på opne forum. Og når dei vert konfronterte med dette, så er det piggane ut med ein gang.


Nokre eksempel:

Religiøse fanatikarar, eller skrothøgre som dei gjerne vert kalla. Desse er gjerne med i små miniparti på ytterste høgre fløy, og tek Bibelen bokstavleg. Ja, endatil her i landet fins det personar som trur at jorda er 6000 år gamal og at Syndfloda fant stad på "årntle".
Kristendommen er under angrep. Iallfall hvis vi skal tru diverse konservative kristne her i Norge. Som eit motsvar har vi altså fått ein slags underleg partiflora som Partiet de Kristne, Norges Kristne og andre rarietetar. Desse partia er mikroparti og hadde sjølvsagt ingen sjanse til å komme på Stortinget, og sjansane til kommunal representasjon er også svært liten. Nei, kristendommen er ikkje under angrep. Det er berre det at no trur faktisk ikkje folk flest på gud lenger. Ingen av dei. Gudane altså. Medlemstalet i Den Norske Kyrkja går stadig nedover til tross for ei stadig aukande befolkning, men dette skuldast ikkje eit angrep på kristendommen. Det betyr i langt større grad at fornuft og kritisk tenkning betyr meir.
Eit utslag av kor lite religion betyr kan ein sjå på FB-sida til Sogn og Fjordane Indremisjon. Den har 36 personar som "liker" den sida. Mi amatørside om fjellturar og sykkelturar har 65 personar som "liker". Om ikkje anna er det hyggeleg å sjå at nokre beretningar om ein fjelltur og ein trilletur i ny og ne, fengar meir enn Indremisjonen i heimfylket.

Nå denne veka kunne ein slik kjendispastor fortelje at gud hadde fiksa ein mobiltelefon. Med tanke på at det døyr tusenvis av menneske her i landet av kreft kvart år, så finn eg guds prioriteringar noko underlege. Mobiltelefonar er altså viktigare. Greit å vite.
"Det står i bibelen" er eit argument. Der står det også at du skal drepe naboen din dersom vedkommande jobbar på søndag, at slavar er ok å piske, homoar skal steinast og at flodhesten er det flottaste gud har skapt. Det er også ein historie om ein 500 år gamal mann som fekk med seg sine 100 år gamle søner, bygde ein båt, henta pingvinar og kenguruar for å redde dei ombord i nemnde båt som til slutt stranda på eit over 5000 meter høgt fjell i Tyrkia.
Dette trur folk på. I Norge. I 2017. På Facebook.

Av andre religiøse fantastar har vi sjølvsagt dei som meiner at islam er ein fredleg religion, men hvis du spottar Allah, så bør du halshoggast. Vidare har vi dei som meiner at Israel og jødane kun forsvarer seg og sitt territorium, og at dei aldri har gjort noko gale mot t.d. palestinarane.
Altså... du MÅ ikkje forsvare alt som di tru måtte komme opp med.

Det alle dei religiøse skrullingane har til felles, er at alle meiner dei trur på  den rette guden.


Innvandringsmotstandarar. Det er ok å være kritisk til innvandring, men det må være tufta på eit nokolunde vettugt grunnlag. Påstandar om at Norge snart vert overteken av muslimske ekstremistar er berre for dum. Etter 50 år med innvandring utgjer muslimske trussamfunn knappe 2,5% av befolkninga, så den invasjonen av muslimar har ikkje lukkast i særleg stor grad.
Kombinert med innvandringsmotstand, så ser vi også ei frykt for at muslimar skal begå terror her i landet. Det er ein reell og begrunna frykt, men det vert for tåpleg når det i neste setning kjem "Når skal vi oppleve dette her?".
Vel.... vi HAR opplevd det her....Det som har vore av terroranslag i Norge har imidlertid stort sett vore begått av høgreekstreme. De veit, slike som hevdar at muslimane kjem og skal bombe oss...


Hatet mot Arbeidarpartiet. Av ein eller annan grunn er det eit djupt hat mot Arbeidarpartiet i visse kretsar. AP får skulda for det meste, og i dei verste tilfella så står AP bak sataniske pedofile orgiar. Og det er iallfall heilt på dei reine at AP sjølve stod bak 22.juli. Hvis det verkeleg fant stad noko spesielt 22.juli da. Det er slett ikkje sikkert. Meinar atter andre.
Sukk.
Ja, det er så ille at Norge er eit diktatur som er heilt ulevleg å bu i.
Men klarer desse personane å emigrere? Neppe. Sjølv om det er aldri så ille å bu her.


Antivaksinefolket. Dei er ikkje mange, men dei bråkar noko innihelsike. Folk meiner i fullt alvor at vaksiner er ein del av t.d. Bill Gates sitt program for å redusere befolkninga her på jorda. Vidare er vaksiner kun eit middel for å kontrollere "oss", og det er iallfall heilt sikkert at vaksiner er giftige, og skal spre sjukdom blant befolkning.
Enkel logikk, som at over 90% av landets befolkning følgjer barnevaksinasjonsprogrammet, og at ein stadig ser ein betra levestandard og høgare levealder prellar av som vatn på gåsa. For dersom det var slik at vaksinar verkeleg  var farlege, så burde jo levealderen gå ned? Logic, it works that way.


Alternativ medisin. Jeezz..... dersom sukkerfrø, healing, øyrelys og trommereiser verkeleg hjalp mot noko som helst, burde det ikkje da vore ei mykje større etterspurnad til dette? Rett nok er alternativ behandling ein milliardindustri her i landet, men det er nok heller grunna lettare plager som stort sett går over av seg sjølv likevel.


Barnevernhatet. Barnevernarbeider er det siste yrket eg kunne tenkt meg. Dei får kun kjeft, uansett. Ein særs viktig jobb der ansatte kan bli trakassert på dei mest horrible måtar. Det er rett og rimeleg med ei lupe på dette viktige arbeidet, men vi kan ikkje oppfordre til å skyte barnevernarbeidarane for det, slik vi ser på fleire stygge facebookgrupper der barnevernet er lagt for hat. Ja, forresten: Før dei blir skotne, så skal dei sjølvsagt voldtakast. Gjerne av ein gjeng.


Frimurarane og katolikkane styrer verda. Ja, frimurarane styrer heile landet gjennom eit slags hemmeleg brorskap der dei gjerne tilber satan og har blodige orgiar med småbarn som middag, lett fritert kanskje?
Høyres det sannsynleg ut? Ikkje for oss normale, men dette meiner altså folk er tilfelle.
Og katolikkane da.... "Hora i Roma" er jo paven, og den påstanden kjem gjerne fra det før nemnde skrothøgre. God kristen retorikk der altså. Og paven er Lucifers representant på jorda. Ikkje nok med at dei trur på ein usynleg venn i himmelen, men dei trur også på ein usynleg fiende i lavaen.
Det desse representantane ofte har til felles er at dei er sterke Israelsvenner, og refererer til ei mengde bloggar og utanlandske nettsider av konspiratorisk art. Dei dei ikkje nemner, eller sannsynlegvis ikkje har gidda å sjekke ut nærare, er at desse nettstadene også har ein enda verre fiende enn frimurarar og katolikkar, nemleg dei som eigentleg styrer heile verda; jødane. Ja, for jødane står bak frimurarane og katolikkane.
Yeah, right.


Jorda er flat. Ja, planeten vår er flat, og er eigentleg ei slags stor skive der Antarktis ligg ytterst på kanten. Det fins stadig fleire som trur på dette, bl.a. ein ganske så kjent rappar, og det er da ein innser at eit eller annan har gått aldeles feil i skuletida. Endatil her i Norge er det ein og annan løk som i fullt alvor påstår at jorda er flat. Kva som er på undersida og kva som skjer dersom ein kjem utfor kanten seier dei ikkje noko om.
I same slengen kan ein jo ta med dei som trur at ein stor planet skal treffe jorda ein gang. Denne planeten, gjerne kjent som Nibiru eller Planet X, skulle eigentleg ha truffe jorda opptil fleire ganger, men det er eit stort problem: Planeten fins ikkje. Unnateke i hovudet på ei openbart sinnssjuk dame borti Wisconsin som hevdar at ho har fått ein implanat fra nokre romvesen som forklarer ho alt kva som skal skje. Men dette og fins det altså nordmenn som trur på, og utbasunerer dette til einkvar som gidd å høyre på, og utruleg nok: Det er det.
Nemner også dei som trur at Barack Obama alt har vore på planeten Mars for å etablere hemmelege militærkoloniar der. Og på månen, som forresten er kunstig og inneheld store løyndomar fra aliens, har vi også etablert basar.



Men dråpen som fekk det til å renne over, kom for ikkje så lenge sidan. Ein kjent skribent har fått kreft, og i den samanheng har meiningsmotstandarar godta seg over det.  Og da var begeret fullt.

Dei som syntes det var ok og endatil kosa seg over at vedkommande hadde blitt kreftsjuk, kjem gjerne fra dei ovannemnde gruppene. Det var svært stygt å sjå.


Så derfor Facebook: Dette gidd eg ikkje lenger. Eg beheld profilen min, dog meir skjult enn før, og ei slags side med sykkelturar og fjellturar, men that`s it.

Det var hyggeleg i byrjinga, men det gode forsvant i styggedom etterkvart.
Og nei: Eg lenkar ikkje til desse gruppene og sidene. Det kryr av dei, og det fins altså ingen grenser for kva folk kan lire av seg. Ein treng heller ikkje reise til andre land for å finne galskap, for å sei det slik. Av og til er dei nærare enn ein likar å tru.


Facebook: Takk for meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar