Etter ein månad på kino har "It" drege inn milliardar av kroner, og kven veit om ikkje gårsdagens kinobesøk også kan tjene nokre kroner?

Blade Runner 2049 er oppfølgaren til Blade Runner fra 1982 (!), som i sin tur var lausleg basert på boka "Do Androids dream of electric sheep?" fra 1968.
Eg såg originalen alt i 1985, og som så mange andre vart eg sterkt fascinert av den spesielle filmen om Blade Runner Deckard og hans jakt på "replikantar".
Originalen fra 1982 har satt handlinga i Los Angeles i 2019, dvs. om berre to år, og vi kan trygt slå fast at dei framtidsvisjonane har bomma tildels stygt, men det tek ikkje bort det faktum at Blade Runner var ein banebrytande og storslagen sci-fi film.
I mange år har vi såleis venta på ein verdig oppfølgar, og det skulle altså gå heile 35 år. Mykje har skjedd filmteknisk sidan 1982, og det ser ein godt. Eg såg originalen her forrige kveld som oppvarming, og sjølv om det framleis er ein god og flott laga film, så har teknikken gått framover.
Plot:
Vi treffer ein ny Blade Runner, i Ryan Goslings figur i året 2049. Los Angeles er framleis like dystert og regnfullt som i 1982 versjonen, men nå får vi også besøke litt andre deler av USA. Der er det øde og dystert, med eit fraflytta Las Vegas som høgdepunkt.
Gosling har i filmens første halvdel ikkje noko navn, kun ein kode som byrjar på "K", men vert etterkvart kalla "Joe".
"Joe" er også ein replikant, dvs. ein slags menneskelignande skapning som jaktar på tidlegare generasjonars replikantar. Eller: Er han ein replikant likevel? Kanskje han er ein.... bastard? ein krysning mellom menneske og replikant?
"Joe" vert sendt avgarde for å løyse intrikate problem og møter mange slags underlege personar på sin veg. Bl.a. er ein Jesuslignande skapar i Jared Leto sin tolkning og ein slavedrivar i form av Lennie James, sist sett i favorittserien "The Walking Dead".
I den siste timen dukkar også Harrison Ford opp og gjentek si rolle som Deckard fra 1982. Det var verkeleg eit hyggeleg gjensyn, sjølv om han ikkje er nokon ungdom lenger. (Han er fødd i 1942).
Andre viktige personar(?) er ein slags hjelpar i form av ei dataanimert ung dame som hushjelp og nyttig bistand for "K" eller "Joe". Vi har også ei litt striks sjefsdame, samt ei drapsmaskin i ung, vakker kvinneskikkelse som Leto sender på jakt.
Det er storslege til dei grader. Eit mesterverk i sci-fi effektar, lys og lyd og you name it.
Men filmen vert kanskje litt lang og for nokon av oss, monoton til tider? Det rasar ikkje akkurat avgarde i lysfart. Det er heller lite snakk og ikkje så veldig med replikkar i dei over 160 minuttane som filmen varer. Det betyr at filmskaparane har satsa på stemning og effektar som er der i fullt monn.
Vi kan i det minste slå fast at det er ein verdig oppfølgar til ein av dei viktigaste og beste Sci-fi filmar som er laga, og som garantert kjem til å bli ein suksess. Det er veldig greit å sjå 1982-filmen på førehand, og da får ein heller sjå mellom fingrane at ikkje alle spådommar gjekk slik dei trudde den gang. Les: Telefonkioskar (what?), aviser, flygande bilar og sigarettrøyking....
Om verda vil sjå slik ut i 2049 tvilar eg vel noko på, men som filmkulissar duger det iallfall. Håpar eg lever i 32 år til så eg får sjå...
Blade Runner 2049 vert anbefalt alle som på ein eller annan måte likar sci-fi, og har sett originalen først. Men ein kan fint sjå denne utan å ha eit forhold til den første filmen også. Storslegne filmar duger jo alltid.
Høgdepunkt: Leto som gal og genial Jesusetterligning med skapartrang ala gud.
Lavmål: Beklager, men Lennie James duger bedre som zombieslaktar på TV enn som barneslavedrivar.
Terningkast: