mandag 18. september 2017

Topptrimmen 2017 - 2019, Tuftanovi

Da var det gjort.
Antaglegvis den tøffaste og hardaste topptrimtur eg har vore på nokon gang skulle altså bli tur nr. 51, ein middels høg topp mellom Veitastrondi og Anestølen i Sogndal.

Dette er ikkje ein tur der du reiser utrena og med småbarn som skal få ein lett og morsom tur i fjellheimen.
Nei, tvert i mot.

Tuftanovi er som nemnt beliggande mellom Strondi og Sogndalsdalen, og iflg. turlagskortet så skal dette være den tyngste toppen i denne utgåva av topptrimmen. Kortet fortel oss at ein kan starte i Eldedalen på Veitastrondi, men fellesturen som turlaget la opp til i haust skulle starte på Anestølen og deretter gå nedatt på Strondi.

Vi var to stk som la avgarde på ein fin haustdag, laurdag 16.9. Været var strålande flott, og det var jo sjølvsagt derfor vi reiste også. Kunne ikkje la ein slik sjanse gå i fra oss, sjølv om det ikkje akkurat var sommartemperatur da vi parkerte på Anestølen lengst framme i Sogndalsdalen kl. 0900 om morgonen.
Vegen inn hit er forøvrig bompengebelagd med kr. 50,- og pass på å parkere på anvist stad, slik at ikkje alle geitene hoppar omkring på bilen din!! Det er eit eige inngjerda område for bilar, så bruk det.

Fra Anestølen på ca. 450 m.o.h. skal ein gå innover Tverrdalen. Her er det ein mykje brukt sti, men det er nok helst dei lokale firbeinte som går her. Eit og anna raudmerke er det når ein nærmar seg to små vatn etter ca. 3 km. gange og ein kjem på ca. 950 m.o.h.
Stien inn hit er prega av store steinar og er tung å gå, iallfall samanlikna med t.d. stien mot Gravdalstind som vi gjekk tre veker før. Dei tre kilometrane stig ca. 500 høgdemeter og gjer også sitt til at ein får opp pulsen ein smule.

Vi valde å krysse elva rett etter ein stor saltstein som var satt opp, og da vi kom over så vart vi merksame på ei lita bru nærare vatnet. Så, kanhende burde vi ha gått litt lenger inn i dalføret mot vatnet og utløpet derfra, men nå hadde vi kome oss greit over , og på veg opp mot eit bittelite vatn på ca. 1350 m.o.h. Fra dette vesle vatnet renn det ei grov ned i hovedelva, og denne grova er god å ha som utgangspunkt.
Det betydde nye 400 høgdemeter på halvannan kilometer i eit terreng blotta for sti og merking. Det var noko sleipt og vått oppover bratta, og ganske så tungt å gå til tider.
Det vesle vatnet hadde framleis ei stor snøfonn liggande over seg i terrenget, og vi gjekk tildels på knallhard snø forbi eit noko større vatn, før vi måtte ta ei vurdering på kor vi nå skulle gå. Toppen Tverrdalstind dukka opp i det fjerne, og bakom der att såg vi vårt mål for dagen, Tuftanovi.

Sjølv om vi nå alt var kome opp på over 1300 m.o.h. var det slett ikkje noko lett bit som stod att.
Vi valde å gå ned att mot Store Tverrdalsvatnet, på ei stor snøfonn, faktisk rett ved sidan av ein liten botnbre. Herfra vart det skrågåing bort mot eit skar rett ved foten av Tverrdalstind.
Her var det rasfarleg og ingen spøk å gå. Ein må ikkje finne på å begi seg ut på denne ruta utan eit visst treningsgrunnlag, for det er bratt, laust og eit krevjande terreng.
Eg var ganske så glad da vi var komne bort til skaret, for der tok vi ein matbit og såg på den fine utsikta ned att mot dei øvre delane av Yngsdalen. Her er det også eit sjarmerande lite vatn, der det framleis låg att is fra i fjor vinter. Skarvatnet heiter det visst.

Vi måtte vurdere korleis vi skulle komme oss opp på Tverrdalstind herfra, det ville bli ei skikkeleg utfordring. Det var svært bratt, og vi måtte nesten klatre her og der. Eg var på nippet til å gli ned eit svarberg ved eit høve, ikkje så høgt og langt, men likevel ubehagleg nok. Ved same høvet løsna det også ein stor stein bak meg, som min turkollega måtte hoppe unna for å berge seg.

Litt spenning i fjellet altså....


Til alt hell vart det mindre bratt, og vi satsa på å runde Tverrdalstind noko til høgre for toppen, slik at vi skulle slippe å gå alt for mykje nedatt.
Men det gjekk ikkje. Her låg det store snøfenner der vi ikkje såg kanten, og vi tok ikkje sjansen på å gå der. Ergo fekk vi ein tur på toppen av Tverrdalstind også. Dette er forøvrig ein topp som Luster Turlag har nytta i topptrim tidlegare, og som kanskje kjem att om nokre periodar??

Fra Tverrdalstind ser ein bort på Tuftanovi ca. to km. lenger borte. Ein må gå på eit band mellom dei to toppane, og gå nedatt ca. 50 høgdemeter. Mange av desse 50 metrane skal forserast på eit relativt kort stykke, som kan være svært kronglete å ta seg ned. Bruk godt med tid på å finne ei trygg rute! Det er ikkje så høgt, men eit fall på tre meter er høgt nok til å skade seg skikkeleg, for fjell er ikkje mjukt....
Dei siste halvanna kilometrane er i lettare terreng, men den siste biten stig atter ein 30-40 høgdemeter på 500-600 meter.

Eg var regelrett sliten da eg kom på toppen. Vi hadde kome oss opp på fire timar og fem minuttar, inkl. 20 minuttars matpause ved foten av Tverrdalstind, og vi var einige om at dette hadde  vore den desidert tøffaste toppen vi hadde vore på i topptrimmen nokon gong.
Sidan det var så flott vær med sol og vindstille, så tok vi oss god tid med klesskifte og mating av ein røyskatt som spratt omkring oss. Flott utsikt var det, men vi fekk også eit inntrykk av at oppstigninga fra Veitastrond også vil være ein bit å gå. Eg vil anta at terrenget er vesentleg lettare innover Eldedalen enn det vi opplevde, men med ei lengre samanhengande stigning.
Startpunkt Veitastrond vil nok være eit alternativ for den som ikkje likar eit røffare  terreng.

Det var dryge ni kilometer å gå for å komme på toppen fra Anestølen, og no var det nesten berre det verste som stod att: Komme seg ned....
Det er lett å finne fram, og mange stader så er det ikkje meir enn ein plass ein kan gå heller. Det var nesten så eg kvidde meg for å gå ned fra Tverrdalstind att, men nå fant vi ei lettare rute som gjekk mykje greiare enn ruta opp. Deretter bar det bortover i det rasutsatte skråpartiet att, før vi måtte gå opp langs brekantent, og ned den bratte bakken til elva. Nå var all drikke gått med, totalt to flasker a 7 dl. to Red Bull og ein Colaboks. Det skulle bli godt å komme til bilen der det venta cola og Red Bull i kjølebagen....

Sola byrja å dale nå, og det var ein dryg tur nedover Tverrdalen i det heller kronglete terrenget.
Tre timar og 20 minuttar brukte vi nedatt, inklusiv nokre stopp her og der for å kontrollere rutevalg, samt litt bildetaking og drikkepausar.


Tuftanovi er som de sikkert forstår ein ganske så krevande topptur. Spør du meg, så er det nesten på kanten å legge ein topptur her, iallfall når ein skal gå fra Anestølen i dette tøffe landskapet.
Strava viste t.d. at vi gjekk nesten 500 fleire høgdemeter enn da vi var på Gravdalstind, og eg har aldri vore i nærleiken av å gå så mange høgdemeter på ein topptur før, inkl. alle 2000++ toppane i Jotunheimen.
Kanskje skulle vi gått fra Eldedalen? Muligens, men eg synes det kan være kjedeleg å labbe i timevis innover eit dalføre, for så å stige rett opp 1000 meter, derfor valde vi Anestølen som utgangspunkt. Det vart iallfall ikkje kjedeleg!

Anestølen som utgangspunkt for topptrimmarar føreset ein god mengde trening først. Ein må være budd på ei rekkje utfordringar i ruteval både oppover og nedover, og ein skal være klar over rasfarlege parti og at ein kan komme tildels nær ein liten bre som ein absolutt ikkje må forville seg utpå.
Høyres det skummelt ut?
Det er berre så skummelt som ein vil lage det til sjølv. Her oppe i dette krevjande terrenget må ein ikkje ta sjansar med å gå ut på is, eller klatre meir enn det ein trur ein maktar.

Og til tross for ein slitsom tur, så må eg innrømme at det var moro også....

Veldig glad for at eg er ferdig med denne toppen. Det var berre 12 stk som hadde vore der før oss, så her er det mange som har mykje moro og slit i vente.

Dyreliv: Ein røyskatt på toppen, nokre ryper her og der (av typen med fjør), og MENGDER med lemen. Holdt på å tråkke på opptil fleire. Ikkje nok med at turen var strevsom, men det var så mykje lemen at det vart nesten plagsomt. Men litt moro og :-)


Startpunkt, Anestølen. Bildet er rett nok tatt da vi kom nedatt, men vi gjekk altså opp dalføret vi ser på bildet, Tverrdalen heiter det her.

Her er vi ca. to kilometer oppe fra Anestølen, og som ein ser er ikkje terrenget spesielt lett å gå.

Vi ser nedatt mot Tverrdalen. Bildet er teke like ved sidan av det bittevesle vatnet som vi ser på kartet, ca. 1360 m.o.h.

Her er vi komne over dei verste partia på Tverrdalstind, og ser ned Yngsdalen. Vi kan også skimte Skarvatnet under den lange snøfonna. 

Dette bildet er teke fra Tverrdalstind og mot Tuftanovi. Mellom dei to toppane er det ca. to kilometer å gå. Det er heller ikkje til å komme fra at ein vert liten i dette ville landskapet.

Omsider borte på Tuftanovi kunne vi sjå attende på Tverrdalstind, samt Store Tverrdalsvatnet som vi ser i høgre biletkant.

Her ser vi Store Tverrdalsvatn i venstre biletkant. Vi gjekk så nokolunde etter den raude streken for å komme bort til Yngsdalsskaret. Toppen til venstre er Tverrdalstind.

Her i Yngsdalsskaret tok vi ein matbit og planla korleis i all verda vi skulle komme oss opp mot sjølve toppen på Tverrdalstind. Det gjekk nå på eit vis det også, og med god planlegging kom vi lettare ned enn opp. Det må være første gang i historia. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar