fredag 25. august 2017

Topptrimmen 2017 - 2019. Tausasva

Tur nr. fem er unnagjort, Tausasva rett ovanfor Urnes.
Det gav uttrykket "small is beautiful" ei ny meining, for dette var ein fin og lett tur, som gav eit flott utsyn over deler av kommunen som ein ellers aldri ville fått sett. Hvis ein ikkje brukar Wiederøe slik innimellom da.

Tausasva er ikkje høgt. Det er faktisk ein av del lågaste beliggande toppane som Luster Turlag har funne fram til nokon gong i den snart 40 år gamle topptrimhistoria.
Usle 928 m.o.h. er posten plassert på, og det betydde at vi ikkje var skikkeleg over tregrensa ein gang. På dei øverste partia var det rett nok litt meir glissen skog, men ein stor kontrast til t.d. Leirbotnnosi der vi byrja å gå fra over 1000 m.o.h.

Sidan den verste ferietrafikken hadde gitt seg i slutten av august, så køyrde vi heilt opp til verdsarvkyrkja på Urnes. Der var det gode plass til å parkere, noko det gjerne ikkje er i juli og tidlegare i august. Derfor er det eit godt tips å vente til litt utpå året før ein tek denne turen. Men ein kan jo sjølvsagt parkere nede ved fylkesvegen og rusle opp til kyrkja....

På klyppekortet så stod det at vi skulle gå på ein traktorveg til venstre for kyrkja, og sanneleg seier eg dykk: Der var traktorvegen på plass!
For å gjere det ekstra enkelt, så er det endatil satt opp eit skilt heilt i starten her også, Nystølen står det der. Og det passar jo bra, for det er mot Nystølen vi skal følgje den før omtala traktorenvegen eit heilt stykke, nesten halvannan kilometer oppover i lia. Eg for min del hadde aldri noko aning om at det skulle være ein såpass god veg oppi her, så hvis ein har god trening på terrengsykkel, så kan ein fint bruke ein slik doning her.

Når ein kjem til eit skilt der det står "Kroken", så skal ein bryte av til høgre. Dernest går ein 30-40 meter til, så kjem ein til eit skilt som det står "Nystølen" på. Og her er det ikkje lenger traktorveg, men ein svært godt opparbeid sti. Her er det forseggjorte murar, og svært god standard til å være ein sti eit stykke utanfor allfarveg. Stien er både brei og jamn og har kun eit mindre parti som kan seiast å være litt bratt. Det er ei strekning på ca. 700 meter der det stig ca. 220 høgdemeter. Deretter flatar det gradvis ut, og skogen vert litt tynnare bevokst.

Når ein kjem til eit stikryss der det står piler til Nystølen, Urnes og Tausasva, så er det neppe noko sensasjon at ein skal følgje pila til Tausasva i denne omgang. På veg opp tok vi av litt før, da vi ikkje var klar over dette stikrysset. Det gjorde at vi kanskje gjekk 100 meter kortare, men det greiaste er nok å gå heilt til ein kjem til skilta.
Derfra er det ein  mindre opparbeida sti i knappe to kilometer i lett varierande og fint terreng. Her er det moltemyrar, gamle furutre og openbart ein heil del hjort. Stadvis må ein gå ned nokre mindre bakkar, men dei er korte og enkle å gå. Pass på at ein følgjer merkinga, som forøvrig ikkje er så oppdatert at det gjer noko. Mange av raudpunkta er sterkt falma, og kan være vanskelege å få auge på. Stien er da heller ikkje alle stader like lett å følgje.

Som nemnt: Etter ca. to km, (knapt nok det) så kjem ein til turlagsboksen. Den er lett å finne, og det er fleire stader med flott utsyn ned mot Urnes, Lustrafjorden, Hafslovatnet og mot dei gamle fjell i Jostedalen. Eg meiner bestemt at vi såg heilt opp til Lodalskåpa på denne flotte og klare seinsommardagen.

Vi brukte ca ein time og 55 minuttar opp. Dette inkluderer eit par drikkepauser, og noko småkonferering med kartet innimellom. Vi gjekk i greit tempo, men utan på langt nær å slite oss ut.
På toppen var det så fint, varmt og vindstille at vi vart sittande i nesten tre kvarter berre for å sjå på den flotte utsikta, samt å ta ein matbit.

Vi hadde god kontroll på ferja, og meinte at det skulle være mogleg å rekke ned att på halvanna time, og som sagt, så gjort. Nesten halvannan time etter at vi gjekk fra toppen, så var vi nede att til bilen.
Heile turen hadde teke fire timar og 8 minuttar, og det inkluderte nesten tre kvarter på toppen, samt fotografering undervegs og ein samtale med nokre engelsktalande turistar som vi møtte på veg nedatt.
Vi gjekk 12.9 km. og 1053 høgdemeter, noko som er godt gjort på ein topp som altså ikkje er meir enn 928 m.o.h. Det fortel oss at det er ein smule lettkupert :-)

Tausasva var ein veldig fin og heller lett tur. Årsaka er den gode traktorvegen og ikkje minst stien som tek deg dei fleste høgdemetrane. Dei to siste kilometrane er som nemnt stort sett småkupert, og greie å gå dei med.

Utsynet må seiast å være overraskane flott til å være såpass lågt over fjordnivået. Det seier oss berre at ein ikkje nødvendigvis må opp på høge toppar for å få belønning i form av utsikt.
Det hadde alt vore ca. 120 topptrimmarar som hadde teke turen, det tyder på at Tausasva er ein lett tilgjengleg og priortert topptur det første året.

Bilder:



Heimatt tok vi ferja, og akkurat ovanfor flaggstanga på dette bildet er toppen!

På tur nedatt måtte vi såklart ta eit bilde av verdsarven. Her ser vi også traktorvegen som ein skal følgje oppover.

Her er nede ved kyrkja, og som ein ser er det satt opp skilt til Nystølen heilt herfra.

Etter eit parhundre meters gange fra kyrkja kjem ein så til denne høge grinda. Det fortel oss at her kan hjorten være plagsom for fruktbøndene, men det einaste vildyr vi såg her, var ein fin hoggorm som vi holdt på å tråkke på. 

Fin traktorveg oppover!

Kven skulle vel tru at det var ein slik god traktorveg oppi her?

Her er vi komne til der vi skal ta av traktorvegen, og over på sti. Pila markerer skiltet på neste bilde.

Nystølen, ja da er ein på rett veg.

Stien skal ein følge heilt til ein kjem hit. Deretter mot Tausasva, naturleg nok.

Ingen problem å finne kassa!

Og her ser vi rett ned att på Urnes, der vi kan skimte kyrka, samt ferja på veg fra Solvorn.

Ein fjellfie høyrer med på ein så fin plass.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar