søndag 27. august 2017

Topptrimmen 2017 - 2019, Gravdalstind

Da har vi vore på jubileumstur. Topptrimtur nr. 50 er vel i hamn, og det vart ein skikkeleg godbit; Gravdalstind i Jotunheimen, ein topp som kryssar den magiske 2000 metersgrensa, toppunkt heilt oppe på 2113 m.o.h.

Så høgt har eg aldri vore før, med unntak av fly og helikopter da...

La det være sagt med ein gang: Det er ein krevande tur. Det er langt å gå, og ein er er mest heile turen på minst 1400 m.o.h. Det betyr at her må ein være førebudd på vær og vind som er heilt annleis enn nede i låglandet. Dernest MÅ det nesten være finvær. Spesielt dei siste to kilometrane opp fra dalføret og til toppunkt er prega av svært mykje ur og stein,og det er nesten uforsvarleg å gå her når det er vått.


Vi var eit følge på fem personar som parkerte ved Sognefjellshytta og la i veg laurdag 26.8.2017. Klokka var da blitt 0900 ein svært flott morgon. Vindstille og 8 grader, samt heilt skyfritt, nærast ein perfekt dag for ein slik tur, og det var jo nettopp derfor vi hadde sett oss denne høge toppen, beliggande på grensa mellom Luster og Lom.

Sognefjellshytta ligg som kjent i Lom kommune, og ein skal herfra følgje den DNT-merka stien mot Skogadalsbøen. Her er det svært mykje folk som går, og det er eit lett og fint terreng. Vi gjekk forbi fleire småvatn, slik som Tussevatnet og Bøvervatnet, som låg blikkstile denne seinsommardagen. Ikkje eit vindpust, kor ofte skjer det på 1400 meter?

Når ein kjem forbi Falkeberget og ser nedover Vetle Utladalen, så går den merka turstien over elva, og fortset på høgre side av dalføret. Når ein skal til Gravdalstind derimot, så må ein forlate den merka stien her, og forsette på skrå i retning Hillerhø. Her er det nokre elvar som skal kryssast, og dei kan by på visse utfordringar. Vi måtte vasse over på veg opp, og vatnet er ikkje akkurat varmt. Men det er grunt, så ein slepp dei verste plagene.

Når ein går bortover her, så kan det være lett å ta ut for mykje høgde, dvs. gå for langt oppe i dalsida.
Eit velmeint tips: Ta sikte på to små vatn som står markert med høgde 1438 på kartet. Ein må rett nok gå litt nedatt for å komme dit, men dersom ein velgjer å gå lenger oppe, så labbar ein i ur og røys i fleire kilometer unødig. Fra vatna på kote 1438 er det eit fint og lett terreng inn mot sjølve fjellet Gravdalstind som reiser seg nærast som ein koloss. Det ser stort og nesten uoverkommeleg ut, men det er ikkje så ille som ein kan få inntrykk av.

Innover mot foten av fjellet er det som sagt veldig fint, før det byrjar gradvis å bratte til, og ikkje minst vert det stadig meir ur og stein å forsere.
Det kan være lett å komme for nær breen ein ser til venstre, men her er det omtrent uråd å komme seg opp. Det beste er å halde ein smule til høgre på ryggen som ein ser mot horisonten. Vær obs på at når ein er komen hit, så har ein nesten ni kilometer i beina, før ein skal opp over 600 høgdemeter fordelt på tre kilometer i ur og stein, samt ei og anna snøfonn. Desse snøfennene kjem meir til nytte når ein skal nedatt.
Vi brukte nesten to timar på desse tre kilometrane. det fortel eigentleg det meste. Det fins ikkje antydning til sti, og ein må i det heile teke bruke noko tid på å finne brukbare stader å ta seg opp. Det er heller ikkje noko merking her oppe i høgfjellet, sjølv om ein hist og her kan oppdage eit og anna spor etter ein topptrimmar. Det er imidlertid langt imellom dei.

Opp mot det noko flatare toppunktet gjekk vi litt til venstre, og kryssa bl.a. ei snøfonn ganske så nær sjølve toppen, Det var greit å forsere denne, og vi slapp unna dei aller brattaste partia som ein kan havne borti dersom ein går for rett mot toppunkt.
Den samanhengande steinrøysa som vi nå hadde gått i sidan foten av fjellet gjorde ingen tegn til å ville gi seg, og heilt fram til turlaget sin boks på 2113 m.o.h. var det framleis ikkje anna enn ur og stein.

Etter godt over fem timars gange var vi omsider på toppen. På turlaget sitt topptrimkort står det "tre-fire timar" for å komme seg opp.
Eg vil svært gjerne sjå den som kjem seg opp hit fra Sognefjellshytta på tre timar. Endatil fire timar vil medføre ein svært rask topptur.
Spør du meg, så burde det stått fire-fem timar på denne krevjande turen, minst.
Eg tør påstå å ha eit visst treningsgrunnlag, men hadde aldri klart dette på under fire timar.

Vel, uansett om ein brukar tre eller seks timar; når vi var på toppen, så var det framleis strålande sol, bortimot vindstille og pene ti grader. Eg vil tru at det er ikkje mange dagar i året ein kan sitte i bar overkropp på over 2100 meter, midt i Jotunheimen og kose seg med mat, drikke og ikkje minst eit eventyrleg utsyn. Ord kan nesten ikkje skildre kor fint det var denne dagen, og vi vart sittande i tre kvarter berre for å nyte dagen, ei storslegen oppleving som eg skal hugse i mange, mange år.

Men ei bittelita åtvaring høyrer med, for på baksida av varden er det rett utover ned i Storutladalen. Dalbotnen er 900 meter lenger nede, så trø ikkje feil her!

Men utsikta da.....

Er det mogleg.....


Få topptrimmarar hadde teke turen hit så langt, sjølv om vi denne dagen var sju stk her oppe.
Før oss, hadde det berre vore 11 stk her, og dei siste hadde vore der for ein månad sidan. Men det er kanskje ikkje så rart når ein tenkjer på den dårlege sommaren som har vore.


Så, etter å ha beundra utsikta, eit bedre måltid, og klesskifte var det på tide å komme seg nedatt. Det er som sagt svært mykje ur og stein, og vi nytta dei snøfennene vi kunne for å komme oss raskt nedover.
Sidan det var tørt og fint, så var det ikkje fare for glatte steinar og greier, og det må være det komplette idioti å gå oppi her i regnvær og tåke. Da skal det være krise!

Vel nede att ved foten av fjellet var det på ny ein matpause. Det hadde nå gått åtte timar sidan vi gjekk fra bilen, og over 15 kilometers gange, og det var framleis eit heilt stykke å gå for å komme tilbake til Sognefjellshytta.
Været var framleis like flott, og vi tok samme ruta heim som da vi kom. Rett nok må ein gå ein og anna slakk motbakke, men i dette lettgåtte terrenget så var det ingen problem.
Problema melde imidlertid da vi skulle forsere  elva som hadde vokse seg litt større i løpet av dagen. Vi hadde vassa over da vi kom, men nå var det altså  meir vassføring. Vi kom oss over på eit slags vis....
Denne elva er beliggande omtrent på fylkesgrena, og med ca. fire km. att til Sognefjellshytta.
Eit tips: Ta med tørre, tjukke sokkar, og vass over med sko i handa, og med sokkane på. Småsteinane kan nemleg være kvasse og ubehaglege å gå på.

Sola gjekk stadig nedover i horisonten, men omsider, etter nesten 11 timar og over 23 kilometer vekke fra bilen var vi tilbake. Rett nok etter fleire pausar og heller roleg gange, men dette er altså ingen leiketur. Tiltross for at vi starta på over 1400 m.o.h. så vart det over 1000 høgdemeter, der brorparten av dei gjekk i grov ur og stein.
Dette er såleis ingen tur for dei som kjem rett fra sofaen.
Ein må ha eit visst grunnlag, og ein kan ikkje vente for lenge utpå hausten før ein legg i veg.  Dei som er flinke på ski kan sikkert ta dette som ein flott skitur i april/mai, men for fotturar, så må ein vente til ein klar og solrik sommardag i august.

Belønninga er som sagt eit aldeles fantastisk utsyn. Det vert FOR mange fjelltoppar å ramse opp som vi såg. Og ikkje gløym: Det å gå her i dårleg vær  er direkte uforsvarleg.


Og nå; Bilder.

Ikkje kvar dag det er slikt vær og så stille i Jotunheimen. Vi ser Fanaråken og Steindalsnosi i bakgrunnen.

Litt lenger inne i fjellheimen og Skagastølstindane dukkar opp til venstre i biletet.

Nokre fjellfolk hadde slege leir på den andre sida av eit vatn, ikkje langt fra Sognefjellshytta.

Her har vi forlengst teke av fra den merka turstien, og har akkurat gått forbi vatna som er merka med høgde 1438. Eg har prøvd å tegne inn ruta sånn nokolunde der vi gjekk. Sjølve toppunktet er der som streken sluttar.

På veg opp den siste kilometeren. Som ein ser er terrenget noko steinete. Vi gjekk opp på dei små fennene på venstre side.

Her er eg komen over den øversten snøfonna og spanderte på meg eit bilete nedover att. 

På toppen. Her er det luftig nedatt!

Men utsikta da....

Mot Smørstabbreen og Smørstabbtindane i Lom.

På veg nedatt. Ein vert liten i slikt landskap.

Vel nede att i dalføret og ved fjellfoten, tok vi ein liten rast på Costa del Jotun.

Det vart nokre steg i dag og...


Pila markerer vatna på høgde 1438. Streken viser ca. rute vi gjekk innover. Bilete er teke litt oppe i sjølve fjellsida.





fredag 25. august 2017

Topptrimmen 2017 - 2019. Tausasva

Tur nr. fem er unnagjort, Tausasva rett ovanfor Urnes.
Det gav uttrykket "small is beautiful" ei ny meining, for dette var ein fin og lett tur, som gav eit flott utsyn over deler av kommunen som ein ellers aldri ville fått sett. Hvis ein ikkje brukar Wiederøe slik innimellom da.

Tausasva er ikkje høgt. Det er faktisk ein av del lågaste beliggande toppane som Luster Turlag har funne fram til nokon gong i den snart 40 år gamle topptrimhistoria.
Usle 928 m.o.h. er posten plassert på, og det betydde at vi ikkje var skikkeleg over tregrensa ein gang. På dei øverste partia var det rett nok litt meir glissen skog, men ein stor kontrast til t.d. Leirbotnnosi der vi byrja å gå fra over 1000 m.o.h.

Sidan den verste ferietrafikken hadde gitt seg i slutten av august, så køyrde vi heilt opp til verdsarvkyrkja på Urnes. Der var det gode plass til å parkere, noko det gjerne ikkje er i juli og tidlegare i august. Derfor er det eit godt tips å vente til litt utpå året før ein tek denne turen. Men ein kan jo sjølvsagt parkere nede ved fylkesvegen og rusle opp til kyrkja....

På klyppekortet så stod det at vi skulle gå på ein traktorveg til venstre for kyrkja, og sanneleg seier eg dykk: Der var traktorvegen på plass!
For å gjere det ekstra enkelt, så er det endatil satt opp eit skilt heilt i starten her også, Nystølen står det der. Og det passar jo bra, for det er mot Nystølen vi skal følgje den før omtala traktorenvegen eit heilt stykke, nesten halvannan kilometer oppover i lia. Eg for min del hadde aldri noko aning om at det skulle være ein såpass god veg oppi her, så hvis ein har god trening på terrengsykkel, så kan ein fint bruke ein slik doning her.

Når ein kjem til eit skilt der det står "Kroken", så skal ein bryte av til høgre. Dernest går ein 30-40 meter til, så kjem ein til eit skilt som det står "Nystølen" på. Og her er det ikkje lenger traktorveg, men ein svært godt opparbeid sti. Her er det forseggjorte murar, og svært god standard til å være ein sti eit stykke utanfor allfarveg. Stien er både brei og jamn og har kun eit mindre parti som kan seiast å være litt bratt. Det er ei strekning på ca. 700 meter der det stig ca. 220 høgdemeter. Deretter flatar det gradvis ut, og skogen vert litt tynnare bevokst.

Når ein kjem til eit stikryss der det står piler til Nystølen, Urnes og Tausasva, så er det neppe noko sensasjon at ein skal følgje pila til Tausasva i denne omgang. På veg opp tok vi av litt før, da vi ikkje var klar over dette stikrysset. Det gjorde at vi kanskje gjekk 100 meter kortare, men det greiaste er nok å gå heilt til ein kjem til skilta.
Derfra er det ein  mindre opparbeida sti i knappe to kilometer i lett varierande og fint terreng. Her er det moltemyrar, gamle furutre og openbart ein heil del hjort. Stadvis må ein gå ned nokre mindre bakkar, men dei er korte og enkle å gå. Pass på at ein følgjer merkinga, som forøvrig ikkje er så oppdatert at det gjer noko. Mange av raudpunkta er sterkt falma, og kan være vanskelege å få auge på. Stien er da heller ikkje alle stader like lett å følgje.

Som nemnt: Etter ca. to km, (knapt nok det) så kjem ein til turlagsboksen. Den er lett å finne, og det er fleire stader med flott utsyn ned mot Urnes, Lustrafjorden, Hafslovatnet og mot dei gamle fjell i Jostedalen. Eg meiner bestemt at vi såg heilt opp til Lodalskåpa på denne flotte og klare seinsommardagen.

Vi brukte ca ein time og 55 minuttar opp. Dette inkluderer eit par drikkepauser, og noko småkonferering med kartet innimellom. Vi gjekk i greit tempo, men utan på langt nær å slite oss ut.
På toppen var det så fint, varmt og vindstille at vi vart sittande i nesten tre kvarter berre for å sjå på den flotte utsikta, samt å ta ein matbit.

Vi hadde god kontroll på ferja, og meinte at det skulle være mogleg å rekke ned att på halvanna time, og som sagt, så gjort. Nesten halvannan time etter at vi gjekk fra toppen, så var vi nede att til bilen.
Heile turen hadde teke fire timar og 8 minuttar, og det inkluderte nesten tre kvarter på toppen, samt fotografering undervegs og ein samtale med nokre engelsktalande turistar som vi møtte på veg nedatt.
Vi gjekk 12.9 km. og 1053 høgdemeter, noko som er godt gjort på ein topp som altså ikkje er meir enn 928 m.o.h. Det fortel oss at det er ein smule lettkupert :-)

Tausasva var ein veldig fin og heller lett tur. Årsaka er den gode traktorvegen og ikkje minst stien som tek deg dei fleste høgdemetrane. Dei to siste kilometrane er som nemnt stort sett småkupert, og greie å gå dei med.

Utsynet må seiast å være overraskane flott til å være såpass lågt over fjordnivået. Det seier oss berre at ein ikkje nødvendigvis må opp på høge toppar for å få belønning i form av utsikt.
Det hadde alt vore ca. 120 topptrimmarar som hadde teke turen, det tyder på at Tausasva er ein lett tilgjengleg og priortert topptur det første året.

Bilder:



Heimatt tok vi ferja, og akkurat ovanfor flaggstanga på dette bildet er toppen!

På tur nedatt måtte vi såklart ta eit bilde av verdsarven. Her ser vi også traktorvegen som ein skal følgje oppover.

Her er nede ved kyrkja, og som ein ser er det satt opp skilt til Nystølen heilt herfra.

Etter eit parhundre meters gange fra kyrkja kjem ein så til denne høge grinda. Det fortel oss at her kan hjorten være plagsom for fruktbøndene, men det einaste vildyr vi såg her, var ein fin hoggorm som vi holdt på å tråkke på. 

Fin traktorveg oppover!

Kven skulle vel tru at det var ein slik god traktorveg oppi her?

Her er vi komne til der vi skal ta av traktorvegen, og over på sti. Pila markerer skiltet på neste bilde.

Nystølen, ja da er ein på rett veg.

Stien skal ein følge heilt til ein kjem hit. Deretter mot Tausasva, naturleg nok.

Ingen problem å finne kassa!

Og her ser vi rett ned att på Urnes, der vi kan skimte kyrka, samt ferja på veg fra Solvorn.

Ein fjellfie høyrer med på ein så fin plass.



mandag 14. august 2017

Topptrimmen 2017 - 2019, Røneidseggi.

Topptur nr. fire i denne bolken er på plass. Ein fin liten fjelltur, nærast i nabolaget denne gang.
Røneidseggi, sør for det meir kjende fjellet Asbjørnsnosi var målet. Toppunkt 1359 m.o.h.

Dette er utan tvil ein av dei lettaste toppturane i denne utgåva. Startpunkt for vår del (eit følge på seks personar) var ved bekkinntaket i Røneidsmarki. Dette ligg oppe på ca. 500 m.o.h. og vegen opp dit er nok mykje nytta av dei som skal til Røneidsstølen ein dryg halvtime spasertur herfra. Stien opp til stølen er iallfall mykje brukt.

Fint og lett terreng må ein vel helst sei at det er oppover, iallfall til ein kjem til ei bru der ein kan gå over til sjølve stølen. Vi valde å ikkje gå over her, men fortsatte opp på ein rygg som fører heilt opp til toppunktet. Sjekk kartet, slik at du ikkje går for langt inn i dalen, for der er det nemleg meir kronglete å gå, med busker, kratt og mange små bekkar som skal forserast. Eit godt tips er derfor å gå der som vi gjekk, dvs. opp mot ryggen så snart som mogleg etter brua. Dette er det einaste partiet som kan seiast å være litt bratt, men det er ingen vanskar med å gå her heller, og dessutan er det eit heller kort parti.

Her er det ingen merka sti, men det er som sagt lett å gå hvis ein ser seg litt føre og tenker seg om før ein rasar avgarde.

Når ein er komen opp den første litt bratte bakken etter skoggrensa, så ser ein lett ein varde eit stykke oppi. Denne kan sjåast på over to kilometers avstand, og er eit veldig greit referansepunkt.
Gå rett mot denne varden, som rett nok ikkje er toppunktet ein skal på, men som sagt er det lett å forholde seg til eit så godt synleg punkt.

Når ein er komen opp til denne store varden (ca. 1260 m.o.h.), så kan ein sjå turlaget sin raude boks ca. 800 meter lenger inne på platået. Det er lett stigning bort dit, og fint å gå.
Boksen er plassert på den minste varden eg har sett på ein topptrimtur, men er likevel lett å sjå, nettopp grunna fargen.

På toppen ser ein nedatt på Veitastrondi, og over til dalføra på vestsida av Veitastrondsvatnet. Når vi var der, så var det ein kald og sur vind, så det var om å gjere å komme seg litt i ly att fortast råd. Fekk derfor ikkje høve til å nyte utsikta i særleg grad.

Vi var nr. 85 - 90 som skreiv oss inn i boka, så her har det altså vore ein heil del topptrimmarar alt.


Røneidseggi er ein av dei greiare toppane eg har vore på. Ikkje på ein einaste plass var det vanskeleg å ta seg fram, og ikkje var det ur, glatte svaberg eller anna fanteri som kan lokke ein topptrimmar ut på farlege tokt...
MEN: Ein må ikkje finne på å gå her i dårleg sikt. Ikkje fordi det er stup og farlege stader, men sidan det er såpass flatt, så har ein ikkje referansar på kor ein er. Ein av oss hadde vore oppe i skodda nokre dagar før, men måtte snu, noko desorientert. Til og med den mest lokalkjende kan tulle seg bort i tåka. Det fine er at Røneidseggi er langt mindre plaga med dårleg sikt og tåke enn den høgare nabotoppen Asbjørnsnosi berre eit par km. derfra. Så sjølv om Asbjørnsnosi ligg i skodde sett nede fra Gaupne, så kan det utmerka godt være klart på Røneidseggi.
Men som sagt: ALDRI på tur i tåke. Da er utbyttet av turen omtrent null.


Ned att gjekk vi bortom Røneidsstølen for ein ekstra matbit og drøfting av framtidige turar.
Må jo planlegge litt!!

Vi brukte to timar og åtte minuttar fra bilen og til toppen, og da gjekk vi ganske så bedagleg.
Usle 12 km. å gå tur/retur.
Totalt vart det da også berre 815 høgdemeter, noko av minste eg har vore borti på over 40 toppturar nå.

Stravaopplysningar her.

Det er kanskje ikkje så lett å sjå på dette bildet, men det skal være ein varde ovanfor den øverste snøflekken til venstre...

Lett og fint terreng oppover.


Her ser vi iallfall varden, og snøen her er den einaste vi gjekk på.

Dette bildet er teke mellom toppunktet og tilbake på den lett synlege varden.

Her var eg komen opp på varden, og hadde passert snøfonna. Vi ser over mot Brunen og Engjadalen.
Som ein ser er det ein markert rygg å gå oppover på. Følg denne!


Fra toppunktet 1359 m.o.h. kan ein sjå ned på Veitastrondi.

Som ein ser er turlaget sin kasse omtrent like stor som varden på 1359 punktet :-)


Lustrafjorden kan ein også sjå fra toppen.

torsdag 10. august 2017

Stortingsvalet 2017

I morgon opnar det seg ein sjanse til å førehandsrøyste.
Like greit å få gjort det med ein gang.

Men først må ein finne ut kva ein skal stemme på.
Når ein ikkje er 100% einig med nokon av alternativa, så må ein vurdere litt med fordelar og ulemper.
Først og fremst må ein sjå på listene fra dei einskilde partia, kanhende er det nokre dugande kandidatar der?

Det er iallfall nok av lister. 14 meir eller mindre seriøse parti har fått skrapa saman nok kandidatar, men berre eit fåtall av desse kan rekne med å ha den minste sjanse til å komme på Tinget dei neste fire år.

Liste nr. 1 er SV. Dei har 10 kandidatar med fin fordeling av kvinner og menn fra heile fylket. Toppkandidaten har eg møtt før, og det var eit nyttig og fint bekjentskap, om enn omstenda var trasige. Eg er milevis fra å være einig med SV i eitt og alt, men dei har ein og anna hjartesak som eg kan sette pris på.
Mogleg at eg vert SV`ar på mine gamle dagar?

Liste nr. 2 er AP. Også her er det 10 kandidatar med 50/50 fordeling kvinner og menn. Det er dei sikkert forplikta til. Industriplassane Høyanger og Årdal har toppkandidatane, som seg hør og bør.
AP har gått høgt ut i media og kritisert dagens regjering for omtrent alt. Derfor tok eg ein kikk på deira alternative statsbudsjett for 2017 som dei snekra ihop i fjor. Det viste seg å være minimale endringar i høve til den blå-blå regjeringa, i kroner og øre var 98,5% identisk(!!!!). Ergo: Dette partiet er lyseblått og meiner nesten det samme som dagens regjering. Men, hovedårsaka til at eg ikkje kan tenke meg å stemme på AP heiter Jonas Gahr Støre. Som utanriksministar var han flink. Som partileiar vert det for ubestemmeleg.
Ikkje aktuelt å bruke denne lista iallfall.

Liste nr. 3 er Rødt.
Før i tida meinte dei at Pol Pot gjorde mykje bra, sjølv om han hadde sine feil.
Og da ser eg eigentlig ikkje vits i å kaste bort meir tid på dette tidlegare sektlignande partiet.

Neste parti ut er SP. Toppkandidaten fra Lærdal kjem sikkert på tinget enda ein periode, for folk har kanskje gløymt at ho har trampa i klaveret adskillige ganger tidlegare. SP har imidlertid landets kulaste partileiar, og eg HADDE stor sans for Ola Borten Moe. Iallfall fram til han klaga på at sekulariseringa av Norge var så ille i det som var valkampens mest latterlege portrettintervju sålangt. Det var forferdeleg å lese. Tiltross for ein fengande partiboss, så er det uaktuelt å stemme på dei så lenge Ola Borten Moe har noko å sei. Pinleg, er vel det beste ein kan sei om han og kulturministarens framstøt i VG nå i sommar.
Men fin liste da, 10 kandidatar, fordelt godt på kjønn, fogderi og alder.

Liste nr. 5 er KrF, og her finn vi omsider ein kandidat fra Luster. Eg hadde gitt ho ei stemme glatt, hvis det ikkje var for at det var feil parti. Eg er ateist, det kunne ikkje falle meg inn i halvsøvne å stemme på noko parti som kan minne om "religion" og "gud". Trur du på Tor, Odin eller Vishnu? Nei, såklart ikkje. Og der ser du kor lett det er å ikkje tru på noko i det heile teke.
Ei fin liste også her, med god fordeling på alle vis. Ung toppkandidat, fødd 1992. Bra.
Men altså: Uaktuelt til dei grader.

Så kjem vi til Høgre. Dei har også ti kandidatar, med seks kvinner og kandidatar fordelt fra heile fylket. Toppkandidaten har gitt eit godt inntrykk, og har ikkje slukt alle dei flott reformane med sluk, søkke og snøre som vi har sett andre fra Høgre har gjort.
Denne lista kunne eg faktisk tenkt meg å nytte, hvis det ikkje var for alle dei unødige reformane som absolutt er så jækla viktige å få på plass.  Har vi det ikkje bra i små kommunar kanskje? Jo. Bedre enn i dei store.  Det er vel det som er problemet.
Ja, og så har dei kulturministaren. Huff.

Nr. sju er noko som kallar seg Liberalistene. Dei har samla ti kandidatar, der heldigvis ingen har snev av sjanse til å komme på Stortinget. Fem av kandidatane er forøvrig fra andre fylke....
No chance in hell.

Så var det dette valets største klovnar sin tur, samanslåinga Alliansen, med sjefsklovn Lysglimt på lista for Sogn og Fjordane. Nederst rett nok, på femte plass.
Dette nystarta partiet har gått ut med høg sigarføring og meiner dei skal klare å bli representert dei neste fire åra. Julenissen fins altså enda.
Denne gjengen er det heilt uaktuelt å stemme på, kanskje spesielt grunna partieigar Lysglimt som synes det er OK at nynazistar støttar partiet hans.
Det seier vel alt.

Regjeringspartiet FRP er neste liste, med ti namn, derav tre kvinner. Denne gang har dei ei dame på topp, det var bra. Her er det nokre gode namn, bl.a. fra Sogndal, men beklager; Det er for mykje rart med FRP totalt sett. Dei har ein god samferdselsminister og eg har ufatteleg nok litt sans for Siv Jensen. Det som trekk ned er Carl I, som nå er forfalt til sur og tverr. Listhaug er flink til det ho driv på med, men eg likte ho bedre som landbruksministar enn det ho lirer av seg nå til dags.

Så har vi enda ei pussig liste. Helsepartiet. Det raraste er likevel at dei ti kandidatane er alle kvinner, og seks av dei kjem fra andre fylker. Ein god ide vert ganske så ettertrykkeleg skusla bort der altså.
Dessutan: Kor er dette partiet i landskapet? Vi har knapt høyrt om dei.
Niks, ikkje noko stemme til eit parti som er totalt anonymt.

Demokratene i Norge er neste liste. Dei har ti kandidatar, og har prestert å få plass til seks personar utanfra fylket. Godt gjort. Eller nei; Det er elendig gjort.
Dei har såklart null sjanse til å komme inn på Stortinget, fra noko som helst slags fylke. Heldigvis.

Partiet De Kristne.....
Jeeezzzz.... Dei har samla saman 10 kandidatar fra kun Nordfjord og Sunnfjord. Det, sogningar, skal de ta som eit kvalitetsstempel.
PDK har like stor sjanse til å komme inn på Stortinget som ein snøball i det berømte helvete. Som desse kandidatane kanskje trur på. Ja, sidan dei antaglegvis trur på gud altså. Da må konklusjonen at dei sikkert trur på djevelen også. Altså... det er ille nok å ha ein liksomvenn i himmelen, om ein ikkje skal ha ein liksomfiende i lavaen.
Klovnegjeng nr. 2.

MDG er neste liste, og her finn vi enda ein person med adresse i Luster. Det er hyggeleg, men av dei 135 kandidatane som er herfra fylket totalt, er det altså berre to fra vår kommune.
Fin fordeling av kjønn, adresse og alder også her, men ikkje aktuelt å stemme på dette partiet som har noko fjernt over seg. Dei vil fase ut vår viktigaste industri, det seier vel alt.
Niks og nei.

Til slutt sit eg att med landets eldste parti, Venstre. Dei slit til dei grader på meiningsmålingane, men lokalt stiller dei sterkt. Toppkandidaten her i fylket har gitt eit godt inntrykk siste fire år, men seriøst: Venstre bør vurdere leiaren sin nå. Det er neppe utan grunn at de slit slik på landsbasis. Ein lokal svale herfra fylket gjer ingen sommar, sjølv om lista ser bra ut. Fleire gode namn som hadde fortjent større oppslutnad.


Så; kva skal ein stemme på?
Det viktige er at ein stemmer på ein eller annan. Det å sitte heime og klage i ettertid vert for dumt.
Demokrati er inga sjølvfølge her i verda, langt dei fleste folk på jord har ikkje slike val som vi har, og vi skal prise oss lukkelege for at vi har det så bra som vi har det.

Til sjuande og sist er det berre minimale forskjellar, som illustrert ved AP sitt alternative Statsbudsjett i fjor haust.  Og dei andre partia i opposisjon, inklusiv støttepartia hadde heller ikkje så store avvik fra dei blå-blå. Miner å hugse at det var SP som hadde størst avvik, på ca. 3% i høve til regjeringa sitt forslag.
Det har også vore snakk om den auka skatten som kjem med AP. For mitt vedkommande så vert det 170,- i månaden, eller det samme som to (billige) øl på byen ein laurdag. Hvis dei (pengane, ikkje ølet) går til noko nyttig, så greit nok.
Og til slutt: Hvis du er livredd for at heile Afrika skal komme til Norge, så kan eg opplyse om at Norges folketal er det same som ein forstad i Lagos, hovedstaden i Nigeria. Det hadde blitt trangt om plassen om Afrika kom hit. Sannsynlegvis har 99% av innbyggarane i denne enorme verdsdelen ikkje verdiga Norge ein tanke.

Ha eit godt val.


onsdag 9. august 2017

Boka mi

13.1.2019:
Nå byrjar det å minke på antal bøker som er att. Dersom det er av interesse, så sender eg gjerne eit eksemplar eller to i slik moderne brevpost. Mail til   knut.roneid@gmail.com   eller kontakt meg på Messenger.
Nå kan du også få tak i boka på Luster Bok på Pyramiden, da det visstnok var fleire som hadde etterspurt ho der. Fram til nå har eg sjølv stått for alt salg og distribusjon.
Eg minner om at eg gir 10% av salgskronene til LEVE Sogn og Fjordane, ein organisasjon, som (dessverre, må eg få lov å sei) står meg nær.

***********************************************


29.11.2018:
Eg må få takke alle dei som møtte opp på Gaupnetunet for to veker sidan.
Eg hadde aldri venta at det skulle komme så mange personar, men desto meir hyggeleg var det.
Skal vi tru vertskapet på Gaupnetunet, så var det berre foredraget til Frank Aarbrot for eit par år sidan som samla like mange. Eg er såpass realist at eg veit at eg aldri vil nå Aarberot til vesletåa eingang, så da må det ha vore noko anna som fanga interessa.
Mottakinga var nesten overveldande for ein enkel sjel, og eg tek gjerne opp att: Eg vil ikkje bytte ut Gåpnabøgdi med ein einaste plass på jord etter å ha opplevd så mykje omtanke og støtte som vi har fått.

I tida etterpå har eg sendt bøker til kjende og ukjende over heile landet. Endatil heilt inn til vår lovgivande forsamling på Løvebakken vart eg bedt om å sende ei bok.
Resultatet vart at eg nokre dagar etterpå vart invitert til å komme på Stortinget ein tur.....
Smått surrealistisk.

Men sidan eg skal til Oslo på Slayer og Anthrax-konsert i neste veke, så passa det bra.
Stortinget, here I come!


For den som lurer, så har eg framleis bøker att. Eg vil ha ein dag eller to med salgsbod på Pyramiden i løpet av førjulstida, men opplaget på 500 eksemplar har heldigvis minka drastisk. Kanskje eg må trykke nokre til??

Dersom du les dette, og gjerne vil ha eit eksemplar, så er eg å finne på Messenger, evt. du kan sende ein mail til     knut.roneid@gmail.com    så ordnar eg eit eksemplar til deg.

Som eg har sagt mange ganger, så er ikkje dette Nobelprismateriale, men det er iallfall mi eiga forteljing, og det er ikkje pakka inn i bomull.


Reaksjonar etterpå?
Haugevis. E-postar. Meldingar. Brev.
Folk som kjem og seier at dei har lært noko, at dei har fått eit anna syn på ting.
Veldig gledeleg er det at personar tilknytta Luster Arbeidarparti, har kome til meg og sagt at dei no tek avstand fra sitt eige lokalparti sitt standpunkt og vedtak i narkotikadebatten. Andre medlemmar har sagt at no forstår dei meir, og at dei har endra oppfatning, dvs. trua på straff som verkemiddel er utdatert og må stoppast.
Det har vore ansatte i helsevesenet som har sagt rett ut at "avkriminalisering er ikkje nok, vi må regulere." Fra ansatte i rusomsorga har eg fått henvendingar om at dei er 100% einige med meg, men det kan dei ikkje sei offentleg. Likeeins har det vore politifolk som har sagt det samme.
Og nei, eg kjem sjølvsagt aldri til å sei kven dei rusansatte og politifolka er eller kor dei jobbar.
Dei skal iallfall vite at eg set særs stor pris på slike gode ord!

Men eg har såklart ikkje høyrt noko fra dei som synes at dette var berre tull og sutring. Det er sikkert nok av dei også, men dei vil vel ikkje øydelegge stemninga.....  :-)

**************************************





24.10.2018:

It is done.

Opplysningar om bokslepp kjem.






************************************************
Oppdatert 13.8.2018:
Ting går ikkje alltid slik ein forventar og håpar, og iallfall ikkje i det tempo som ein trudde i utgangspunktet.

Men nokre steg til er ein da komen: Etter å ha fått avslag fra fleire forlag, både store, små, lokale og nasjonale, så gir eg like godt ut skriveria mine sjølv. Det å få innpass hos eit stort forlag er veldig vanskeleg (mildt sagt). Alle har gitt uttrykk for at det er ei svært sterk historie, men nålauga er så mykje, mykje mindre enn eg kunne ane.
Eg er den første til å innrømme at dette ikkje er Knausgaard eller Nesbø, men det har da heller aldri vore hensikta.

Eg har fått god bistand nå, takka være tips fra folk som har opplevd det samme som vi gjorde for snart tre år sidan.

Også er jo det litt morsomt å gå eit hakk vidare da, "kunstnerisk virksomhet".

Når eg har fått ut denne første nå (Som eg gjerne skulle vore forutan), så har eg faktisk fleire planar.








**********************************************************************



Det er snart gått to år.

August er ikkje nokon morsom månad lenger.


I desse dagar nærmar bokmanuset mitt seg slutten. Det synes å passe bra, for 21. august er ein dato som for alltid vert hugsa, og det har vore eit mål å være ferdig til denne datoen.
På dei to åra som har gått har eg fått eit nytt perspektiv på livet, både på godt og dårleg vis.
Dette har eg prøvd å få ned på papiret, og hvis eg er heldig så får eg eit forlag til å utgi dette.
Hvis ikkje, så skal eg heller gi det ut sjølv.

Skrivinga har vore ein slags form for eigenterapi. Det har vore stunder da eg har måtte slutte å skrive, for det har vorte for tungt, og det har vore stunder det har gått veldig lett.

I boka vil det også komme fram dei mange gode opplevingar vi har hatt, og all den gode støtte vi har fått fra familie, venner og omgjevnader ellers.


MEN, det er også lagt stor vekt på dei mindre hygglege opplevingar vi har hatt, spesielt med det som nå heiter Vest Politidistrikt og ikkje minst Politidirektoratet.
Møtet med desse instansane har vore milevis fra "bra", faktisk heilt elendig, men dei kan ha godt av å sjå korleis "vanlege" menneske oppfattar det å møte byråkratiet på sitt verste.


Så får vi sjå kva som skjer.