mandag 24. juli 2017

Topptrimmen 2017 - 2019, Solvornsnipa

Fredag 21.7.2017 var det tid for Solvornsnipa, ein svært sentralt beliggande topp i kommunen, mykje besøkt både fra Luster og Sogndal.

Solvornsnipa ligg mellom Solvorn (!!), Hafslo og Sogndal, nærare bestemt Barsnesfjorden.
Såvidt eg har forstått, så er dette ein ynda besøkt topp for både Hafslobygdingar og Sogndøler, og det er ikkje rart. Det er ein overkommeleg tur for dei fleste av oss, og det er kort reisetid for å komme dit. Bur du på Hafslo eller i Solvorn, så kan du jo omtrent gå fra ditt eige hus og heilt opp.

Toppen ligg på 1031 m.o.h. og kan på sett og vis være den mindre attraktive veslebroren til Molden, som er enda meir besøkt.

Men Solvornsnipa er absolutt verdt eit besøk, det er fint utsyn når ein først får labba seg gjennom skogen.

Vi valde startpunkt på Solvornsgalden, rett på motsatt side av YX, der er det nemleg satt opp skilt og merka turveg.
Og ein ting er iallfall sikkert: Ein bedre merka topptur enn dette skal du nok leite lenge etter. Her er det merka med raude prikkar med passande avstand, samt satt opp skilt oppover i fjellsida. Det var veldig nyttig for oss som ikkje er lokalkjende.

Sidan dette er ein topp med fleire moglege startpunkt, så er det også fleire stikryss som ein må tenke seg litt om før ein bestemmer seg for kva rute ein skal ta.
Som sagt gjekk vi fra Galden, og opp mot Øvrebøstølen.  Det var skilta til Fjellstølen og Nonhaugen, som er nabotoppen til Solvornsnipa.
På kartet er er det da også merka inn sti heilt nede fra Galden, og så kan ein velgje om ein vil gå via Setålen, eller som vi gjorde, litt på kryss og tvers opp mot Nonhaugen.

Det er greit å vite at ein IKKJE skal gå om toppunktet på Nonhaugen dersom ein skal til Solvornsnipa. Nonhaugen er merka med eigen sti på kartet, og den treng ein ikkje bruke tid på nå.
Nonhaugen og Solvornsnipa har altså felles sti ganske så lenge, men ein må ta av denne for å komme til Nonhaugen.

Når ein er komen til det som vert kalla Fjellstølen, så møter ein også att stien som går via Setålen, og ikkje minst den som går heilt ned att til Solvorn.
Fra Fjellstølen er det framleis godt merka heilt til toppen av Solvornnipa.
På veg dit ser ein fine stølar som sogndølene har nytta i gamle dagar, og ikkje minst får ein sjå Sogndal og Barsnesfjorden fra ein heilt ny og uvant vinkel.
Mellom Fjellstølen og toppunktet er det eit lite parti som er ganske så bratt, men det var såpass kort at det burde ikkje by på noko problem.

Toppen er svært lett å finne, sidan den har så mykje besøk. Det er ingen varde, men eit trigpunkt, og boksen er festa på denne.

På toppen var det litt trekk og kjølig, så vi fant oss ein lun stad for klesskifte og matbit. Deretter bar det nedatt mot Fjellstølen.
Vi traff fleire andre som var på topptur også, sjølv om det ikkje var det finaste været akkurat. Nede på Fjellstølen fant vi ut at vi skulle gå ned stien til Solvorn og ta av mot Galden på stølen Setålen.

Det var ikkje noko sjakktrekk.

Rett nok er dette ein merka sti, både på kart og i terreng, men den verka ikkje til å være spesielt mykje brukt, og det var ikkje spesielt attraktivt å gå der. Stien vi tok opp om Nonhaugen var bedre å gå, sjølv om det kjendes som vi gjekk fram og tilbake på åsryggen.

Kanskje kunne det beste startpunkt vore i Solvorn?
Her skal ein i såfall starte i den øverste hårnålssvingen iflg. lokalkjende.

Uansett kor småkronglete det var fra Setålen og tilbake til Galden, så kom vi nå oss fram, men eg kan ikkje anbefale denne ruta, korkje på opp eller nedtur. Om Nonhaugen var langt bedre.



Totalt vart dette ein tur på knappe 15 km. Det er sikkert mogleg å gå kortare dersom ein velgjer å gå direkte fra Solvorn og opp. Det vil bli ein del brattare, så da får ein velgje om det er best med lengde eller med stigning.
Totalt brukte vi ca 5 timar og 40 minuttar. Det inkluderer alle stopp og pausar, og eit ikkje spesielt gange.
Totale høgdemeter vart 984, og nokre av desse vart litt seige, dvs. dei fra Setålen og mot Galden i det før omtala krøkkete terrenget.

Solvornnipa er kanskje ikkje den lengste og verste av dei ti toppane som skal gåast i denne utgåva av topptrimmen, men ein må ha eit snev av trening før ein legg avgarde. T.d. er Molden fra Krossen er ein mykje lettare tur. Dog: Dersom det er ein topptur som kan gjerast på ein ettermiddag, så kan denne være aktuell.
Det er svært god merking, og det verka som om dette har vore den desidert mest besøkte Topptrimposten så langt. Det var nemleg 168 personar som hadde skreve seg inn i boka før vi kom, og eg kan nesten garantere at det er det ingen av dei andre toppane som har klart.




I skogen ovanfor Galden er det satt opp skilt som viser kor ein skal gå. Det er ganske så nyttig.
Dette bildet er teke i stikrysset der ein kan ta av til Nonhaugen. Men når ein skal til Solvornsnipa, så skal ein fortsette til Fjellstølen.


Oppe på Fjellstølen så skal ein være heller sløv for ikkje å finne kor ein skal gå.


Mykje god merking!


Og der ser vi toppen!


Mot Barsnesfjorden og Sogndal.


Her var vi komne nedatt mot Fjellstølen, og vi ser ned i Solvorn og over mot Molden.


Kanskje Setålen er ein gamal husmannsplass? Iallfall stod der, forutan ein del sel og hytter av nyare dato, også dette eldre huset. Setålen er også eit stikryss, der ein kan velgje mellom å opp til Fjellstølen, ned til Solvorn, eller som vi gjorde, bortover til Galden.


Skiltskogen på Setålen er svært informativ :-)


Fin utsikt fra ein nedlagt vårstøl.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar