mandag 17. juli 2017

Sognefjellsrittet 2017, rittrapport

Atter ein tur over Sognefjellet er unnagjort, jubileumstur og greier.
Ser nå fram til den 25. utgåva.

Hovedrittet, Jotunheimen Rundt, opplevde rekordarta interesse og påmelding i år. Dette vart fulltegna i løpet av eit døgn, og det seier vel sitt om interessa for dette nærast ekstreme rittet.
Kunne faktisk ha tenkt meg å prøve meg på heile runden ein gang til att i framtida, men så lenge Sognefjellsrittet eksisterer, så må ein vel fortsette å være med der. Synes eg er forplikta til det.

Sognefjellsrittet hadde også ein liten oppgang i antall påmeldte i høve fjoråret, men 156 påmeldte, og 150 fullførte er likevel berre halvparten av det som var i toppåra for nokre utgåver sidan.
Det burde vore mange fleire lokale hobbysyklistar som tok denne fine turen over fjellet.

Skjønt; fin og fin.... i år vart det alt anna enn ein fin tur, både på den eine og den andre måten...

Værutsiktene fram mot rittdagen var ikkje spesielt lystige.
Som før alle sykkelritt vert yr besøkt mange ganger om dagen fram mot starttidspunktet, og statistikken er nå soleklar: Været pleier ikkje være spesielt bra på  Sognefjellet, iallfall ikkje når ein skal sykle der, denne eine dagen i året. Eksempelvis har tre av dei fire siste utgåvene hatt tildels svært dårleg vær.

Dårleg vær vart det i høgste grad i år også.
Lom, denne knusktørre kommunen langt inne i landet, var både våt og kjølig denne laurdagen i juli.
13-14 grader i  sentrum, og gradvis kaldare opp mot Sognefjellshytta. I tillegg var det meldt regn og ikkje minst tåke på fjellet. Ikkje mykje fint utsyn i vente altså.

Men, ein ekte viking kan ikkje la seg hindre av at morgondoggen klumpar seg litt, og kl. 1300 la eit passande stort felt avgarde fra Lom. Racarane hadde starta eit kvarter før, så det var eit heller moderat felt på ca. 110-120 syklistar som la ut på dei 137 km. til Sogndal.

Det var på sin plass med både skoovertrekk, lårings, lang jakke, lue og lange hanskar. Det seier litt om temperatur og vær.  Det skulle vise seg å være eit godt val å kle seg litt ekstra, for det skulle bli guffent og kjølig oppover Bøverdalen og over Sognefjell. Ikkje ein gang nede i Fortun skulle det vise seg å være spesielt varmt.

For første gang på årevis var det eit snev av medvind, iallfall dei første par kilometrane. Det gjekk ganske så greit oppover dei første mila, sjølv om det var både vått og kjølig. Småregnet på strartstreken klumpa seg meir og meir oppover dalføret, og ein periode var det skikkeleg regnvær. Medvinden varte berre to-tre kilometer, før den på eit mystisk vis snudde. Som vanleg.
Alt vart såleis vått og kaldt, men etter å ha trilla Trondheim - Oslo tre veker før, så vart tanken at det "er berre 10-12 mil til mål" lett å trøste seg med.

Forskjellen på Trondheim - Oslo og Sognefjellsrittet er forutan distansen, mest merkbar i korleis stigningane er. Bakkane til Oppdal og Hjerkinn er snille, slakke bakkar, medan opp til Jotunheimen Fjellstue og ikkje minst opp til Krossbu og Sognefjellshytta har vi langt brattare og brutale stigningar. Men, den store forskjellen er at når vi er komne til Sogndal og mål etter 14 mil, så er vi berre midt på Dovre, og har att 400 km.....

Uansett, stigningane opp til Sognefjellshytta er heftige og bratte, og det vart også i år vatn mellom båtane. Vi var fire stk som køyrde i lag, og beina mine kjendes kanonbra ut. Av alle turar eg har hatt over her, så kan eg med handa på hjartet sei at eg har aldri opplevd så gode bein.
Dessverre kom beina i skuggen av ein heilt utruleg vond rygg. Det vart knasking av både paracet og ibux, men det kan ikkje ha vore stor hjelp i desse medikamenta. Det verka som ville f, og dei første smertene merka eg alt etter 30 minuttar. Da var det ikkje så ille, men det vart berre verre og verre.
Eg trakka opp bakkane til Bøverkinnhalsen og Krossbu så fort eg kunne, berre for å kunne ta ein liten pause på Sognefjellshytta. Da kunne eg stå av sykkelen, strekke på ryggen og komme litt til hektene att.
Antaglegvis for første gang i historia ( og antaglegvis også siste) var eg først av sykkelfølget oppe på Sognefjellshytta. Der var det bedritent vær; regn, tåke og kjølig.
Fikk skifta til tørre klede underst, smurt inn ryggen med tigerbalsam, og dernest litt påfyll av drikke. Som det forøvrig ikkje hadde gått så mykje av i kulda.
Slengte innpå ein RedBull og ein Cola, samt ein sportlunsj og noko oppsop fra ein nøtteblanding. Det fekk holde.

Etter å ha kome litt i orden i ruskeværet på fjellet, så sykla vi vidare mot Herva og nedfarten forbi Turtagrø og til Fortun. I dette været var det inga grunn til å stresse, og i tillegg hadde arrangøren innført nøytralisering av tida ned fra OScarshaug og til Fortun, dette av sikringshensyn. Dette er eit svært bra tiltak av Sogn CK. Fint å få vekk litt fokus på sluttid og heller tenke på at det viktigaste er at alle kjem heilskinna ned. Nedfarten fra Sognefjellet er ikkje å leike med ein regnfull tåkedag i fellesferien.

Bortover Sognefjellet vart været omtrent berre verre og verre. Fire-fem grader, regn og tett tåke gjorde dette til ein av dei meir miserable turane eg har hatt over her nokon gang. Heldigvis var det godt selskap i mine tre sykkelvenner fra Luster SK, og vi køyrde samla bortover fjellet. Det slo meg at Sognefjellet og Dovre er som natt og dag: På Dovre tre veker før hadde vi opphaldsvær og utsikt mot Snøhetta eller kva det nå var. Der var det lange strekker som var bortimot flate, berre ein og annan svært slakk stigning. Slik var det i tre mil på ein tofeltsveg.
På Sognefjellet, som rett nok er berre ei mil, er vegen smal, og langtfra flat. Her er det små bratte stigningar i hopetall bortover høgfjellet, og været gjorde at vi såg omtrent ingenting 100 meter bortanfor oss. Dei gamle fjell i syningom var gøymde i tåke tjukk som graut.

På veg ned mot Juvatnet merka eg at den eine pedalen byrja oppføre seg litt rart, men tenkte at det var sikkert noko krøll med klossen på skoen eller noko slikt. Det var uansett ikkje noko stort problem, for eg hadde andre sko i bilen, og vi hadde avtalt ein stopp på Nymoen for skifte av klede og våte sokkar og sko.

Men så. Rett før den  bratte bakken til Oscarshaug, så datt forsynemeg heile pedalarmen på venstre fot av. Den hang att i sykkelskoen, men den knakk altså tvert av. Til alt hell skjedde dette på ei flate, og ikkje i ein bratt unnabakke, eller medan eg stod å sykla. Det kunne blitt ille.

Dette var verkeleg ein strek i rekninga, men vi fikk stoppa alle fire. Eg tok av pedalarmen, og vi vart einige om å komme oss til Skjolden og prøve å få sendt reservesykkelen min dit. Eg trilla forbi Oscarshaug, og sidan eg var først i det vesle følget vårt, så fekk eg ikkje med meg at dei andre stoppa der. Det viste seg at dei fekk tak i bil som kunne komme innover med sykkelen min, og nede i svingane ovanfor Turtagrø fekk eg ringt til min bedre halvdel og sagt korleis situasjonen var. Ein servicebil fra arrangøren kom også forbi, men mot ein knekt krankarm så måtte også dei gje tapt.

Det vart ein svært spesiell tur ned til Fortun. 1200 høgdemeter med kun ein fot i pedalen, i eit tildels dårleg vær, som rett nok bedra seg nedover. Det gjekk nå bra dette også, på eit slags vis.

I Fortun vart det til å sykle med ein fot (!!) til Skjolden, og nesten ved Vassbakken vart eg nådd att av dei tre andre. Da fekk eg hjelp opp dei små kneikane som var, og etter over to mil med berre ein fot å trakke med, så kunne vi stoppe på Nymoen.

Det passa bra med ein liten pause der. Vi kunne få av oss dei våte og kalde kleda, skifta sokkar og sko, og ikkje lenge etterpå så var reservesykkelen på plass. Det var fantastisk bra service!!

Med ny, eller rettare sagt, gamal, sykkel på plass, så gjekk det utover mot Sogndal. Motvinden var plagsom, men det fins verre ting her i verda, borgarkrigen i Syria t.d.
Det gjeld å sette ting i perspektiv :-)

Grunna motvinden så gjekk det ikkje så radig til Sogndal, og motbakken opp Indre Hafslo vart ein reprise av ryggplagene opp Sognefjellet. Rett og slett dritvondt.
Det var om å gjere å komme seg opp så fort som mogleg, slik at ein skulle slippe smertene denne gang også. På toppen venta vi fire-fem minuttar på dei to siste som hadde fiksa ein sykkel nede på Tangaflati. Det skulle berre mangle av vi ikkje venta, når dei hadde venta på meg inni Fortun.
Vi syklar som ei samla gruppe, ikkje for å komme fortast mogleg til Sogndal.

Motvinden ut mot Heggmyrane og Sogndal gav seg ikkje, men i samla flokk kom vi til mål, etter over seks timar denne gang, men mykje av det skuldast altså tekniske problem. Der tapte vi mykje tid.
Dei siste tre åra har vi opplevd punkteringar, fall, knekt krankarm og lause seter, men vi har alltid kome samla til mål. I gamle dagar, da eg sykla åleine over fjellet, måtte eg fikse slike problem der og da, men nå er vi fleire og kan bistå kvarandre. I år var det eg som fikk problem. For to år sidan var det andre, og i fjor ein tredje person. Heile vitsen med å køyre som ei gruppe er jo å halde saman, uansett. Hvis ikkje, så er ein ikkje mykje til sykkelkamerat akkurat.

Grunna dei tekniske problema var vi i mål som nr. 115 til 119 av dei 150 som fullførde. Ikkje imponerande resultatmessig kanskje, men det er ikkje så nøye.

Eg hadde fullført mitt 20. Sognefjellsritt, fekk colaboks, blomster og ekstra merksemd i målområdet, og såvidt eg kan erindre også ein applaus for ein "fantastisk prestasjon" som speakeren sa. Det var nok å ta litt hardt i. Men eg er fornøgd med å ha fullført alle gangene. Det har vorte nokre uhell her og der, men så lenga ein er i stand til det, så er dette ein fin årleg sykkeltur som kan anbefalast alle og einkvar.

Ein må berre ta det som ein tur.

Til slutt må eg sei takketakk til vår sjåfør som var ny av året, flott levert!
Dernest ein superduper takk til sykkelleveringsavdelinga som vi traff på Skjolden.
Og ikkje minst tusen takk til Sogn CK som atter ein gang leverer eit flott arrangement.
Men først og fremst er eg evig takknemleg for å få lov til sykle i eit så godt selskap. Som under Trondheim-Oslo tre veker før, eit godt selskap betyr alt!!!
Eg stiller til neste år også, så sant helsa tillet det.

Og nå: Bilder.

PS: For fleire bilder fra årets sykkelturar, så er det noko her.
For vår 25 timars tur i juni, klikk her.

Det fins dei som ikkje vaskar sykkelen før ritt. Det er absolutt forfode å stille i ritt med møkkete sykkel. Den skal være nyvaska!!

Før start på Lom. Vi parkerte der som vi pleidde når starten var på Loar Skule. Som ein ser så var ikkje været det beste.

Klare til start!

På Sognefjellshytta. Ikkje rare utsikta til tindar og fjell. Det vart verre jo lenge innpå fjellet vi kom.

Luster SK delegasjonen på kjende trakter i Råaberget.

Og her er vi i mål. Noko som var OK.

Bøvervatnet. Men dette er fake news. Bildet er kun ein propagandaplakat fra målområdet. Realitetane var heilt noko anna.

Slik ser ein knekt krankarm ut. 


Oppdatert med nokre nye bilder pr. 7.8.2017:
Fekk dei tilsendt av min utmerka sykkelkollega Vidar Brendstuen.

Optimistiske før start.

Klargjering av klede og syklar tek alltid meir tid enn ein trur.


Flott på fjellet i år....
Trur dette er på Oscarshaug.



Medan eg trilla nedover Sognefjellet i langtfra kollosal fart, så ordna desse hyggeleg karane med sjåfør til reservesykkelen min :-)


Dette er rett etter at sykkelen havarerte. Stemninga var litt laber akkurat da.

Vel nede på Skjolden, så tok vi eit overblikk på skadeomfanget.

I mål. For 20. gang.
Skikkeleg blid og fornøgd etter turen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar