mandag 19. juni 2017

Trondheim - Oslo 2017, rittrapport

Da var det også gjort.

Den Store Styrkeprøven, Trondheim - Oslo er gjennomført for første, og mest sannsynlegvis, siste gang.

Styrkeprøven er liksom den ultimate testen for einkvar hobbysyklist, og for mange år sidan sa eg at det var uaktuelt å være med på noko slikt.
Men, ein skal aldri sei aldri viser det seg.

Etter fjorårets Kvam - Oslo, som gjekk såpass greit, så måtte vi ha på plass ei større utfordring.
Og valget vart da altså den heile turen, ca. 540 km. fra bartehovedstaden i Trøndelag, og ned til den nåværande administrative hovedstaden, Oslo.

Årsaka til at eg aldri har gidda ta denne turen før er rett og slett lengda. Sitte på sykkelen i eit døgn høyres ikkje forlokkande ut.

Førebuingar: Vi var tidleg i gang med å førebu turen. Det var i utgangspunktet sju som var interesserte, men av diverse årsaker, så vart vi til slutt fem stk. fra den lokale klubben som vart påmeldt. Kun ein av oss hadde tatt turen før, tilbake på 90-talet ein gang.
Vi var såleis å rekne som noviser på ein slik monsterdistanse, med eitt unntak: Ein av oss har sykla Jotunheimen Rundt siste par åra, medan eg køyrde det samme for 23 år sidan.
Erfaringa fra turritt har vi dog alle, om enn på ritt med adskillig kortare lengde. Bergen-Voss, Sognefjellsrittet og Voss-Geilo er alle fine ritt, men er likevel berre på 14-16 mil, dvs. ikkje stort meir enn opp på Hjerkinn altså.

Trening opp mot Styrkeprøven har vore sykling ca. tre ganger i veka, ca. 200 - 250 km. tilsaman pr. veke sidan mars, derav ein litt lengre tur pr veke på over ti mil. Ispedd litt variasjonstrening med bakkesykling, samt litt fotturar i skog og mark, så skulle grunnlaget være ok.
Statistikken viste ca. 300 mil på sykkelen før start i Trondheim, noko som var greit nok for å oppnå målet, nemleg å gjennomføre. Det var alt som betydde noko. Tida var underordna, men kanskje 20 timar kunne være aktuelt??

Hyppige besøk på yr i dagane på førehand. Mildt sagt. Plotta inn Trondheim, Oppdal, Hjerkinn, Dombås, Otta, Lillehammer, Eidsvoll og Oslo, og alle vart sjekka opptil fleire ganger pr. dag.
Da vi omsider hadde fått meldt oss på, kun eit par dagar før turen skulle finne stad, var det klart at det ville bli litt regn til å begynne med, og sol og medvind nedover Gudbrandsdalen.
Det såg bra ut. Litt regn må vi vel tåle? Og medvind fins det vel ingen syklistar som takkar nei til?

Været skulle vise seg å få stor betydning, og varselet slo ikkje akkurat til....


Vi reiste oppover fredag ettermiddag, og start var kl. 2320 fredagskveld. Såleis lite soving før ein satte seg på tohjulingen.
Det vart ikkje så mykje meir soving resten av helga heller.

Starten går fra Trondheim sentrum, på ein stor open plass med ein statue. Sikkert ein eller anna viktig person som står øverst på sokkelen....
Eit flott startområde, antaglegvis det mest staslege eg har vore på. Dette var ikkje idrettshallen på Voss eller skulen på Lom akkurat.
Små puljer, berre ca. 60 stk i kvar gruppe, veldig bra. I tillegg verka alle til å være på nokolunde samme nivå. Dette såg lovande ut.

Så stod vi der da. Ein sein fredagskveld i Trondheim. I småregnet. Fem stk. som vel knapt visste kva vi skulle gi oss ut på.
Som jo var heile hensikta.

Kl. 2320 la vi i veg. Litt applaus fra nokre tilskodarar, og feltet la i veg i greit tempo ut av Trondheim sentrum. Ikkje mørkt på ein slik midtsommarskveld, men litt skumring var det jo.
Vi vart geleida ut på E6, og det gjekk fint og greit sørover. Låg langt bak i eit felt på ca. 50 ryttarar, og eg trur eg kan sei at vi alle fem hadde det ganske så greit.

Det byrja imidlertid å regne meir og meir. Temperaturen var som ein middels norsk sommar, ca. 12-14 grader, og etterkvart som timane gjekk byrja ein å bli våt, tiltross for skoovertrekk, regnjakke og alt som hørde med. Eg køyrde med polyester langarma underst, og kun ein litt fora regnjakke utanpå. Heile hanskar, samt lårings var også eit must, saman med ei skilue under hjelmen og ein buff i halsen. Antrekket var faktisk akkurat passe, det må være første gang i historia.

Det var ganske så monotont og småkjedeleg sørover mot første matstasjon i Soknedal. Den kom etter dryge seks mil, og utfra profilen etter ein liten stigning. Stasjonen låg i ein bakke, og var ikkje optimalt plassert, men vi fekk påfyll av flasker, samt litt mat og gav oss i veg vidare mot Oppdal. Det var nå på det mørkaste og våtaste og det byrja bli guffent i regnværet. Framleis var det 48 mil til Oslo....

Nye slakke bakkar  mot Oppdalsporten, ca. ei mil før Oppdal sentrum.
Da eg kom dit var eg byrja å bli prega av kulden og det stadige regnet. Absolutt alt var vått, og spesielt beina var nå bortimot lamma av kulde.
Pri. nr. 1 var derfor: Skifte klede. Sokkar av og eg fekk tørke meg godt med den medbrakte handduken som eg hadde i bilen. Eg tok også på nokre fotvarmarar som skulle komme til å hjelpe vidare oppover mot fjellet. Polyesteren var søkkvåt, men eg fekk på nytt Tufte-undertøy, samt ei Tuftetrøye i ull under regnjakka. Som eit ekstra pluss tok eg også på varmeputer på rygg og nakke. Dei skulle eigentleg hjelpe mot smerter, men det var så kaldt at eg tok dei på mest for varmen sin del, sjølv om det etter knappe 11 mil byrja å sette seg i både rygg, skulder og nakke. Det var ganske smart gjort, om eg så må sei det sjølv, for no såg det straks bedre ut. Trudde eg.

I ettertid viste det seg at stellet med tørre og våte klede gjekk utover matinntaket. Eg tok meg altfor dårleg tid til å ete og drikke nok på Oppdal, og det var heile ni mil til neste stasjon på Dombås.

Klokka var blitt 0400, vi satt inne i varmen på Oppdalsporten, og eg hadde heldigvis skifta til tørt FØR eg gjekk inn. Da vart det ikkje så grisekaldt da vi kom ut att i regnet og dei åtte gradene som gradestokken nå viste.
Det hadde vore skikkeleg kaldt, men nå byrja regnet å gi seg, og vi trilla mot Oppdal sentrum og Drivdalen. Nå var vi berre fem stk. Det store feltet på 50 syklistar var som blåst i bitar.
Etter Oppdal vart det omsider opphald i det stadige regnet, over 11 mil i regn vart det totalt. Det kosta nok meir enn eg hadde trudd. Saman med for lite mat og drikke vart det svært tungt oppover mot Hjerkinn. Dette er eigentleg snille bakkar samanlikna med t.d. Måbødalen og Sognefjellet, men det manglande mat og drikkeinntaket gjorde at eg gikk på ein smell. Vart stadig hengande etter, og beina var som bly. Vi hadde altså ikkje komen meir enn 15 mil avgarde, og eg sleit nå alt. Dette såg ikkje bra ut.
Alt snakk om soloppgang og fin natur var som blåst bort. Eg orka knapt sjå på noko anna enn dei neste fem metrane med asfalt framfor. Det å henge på vart eit forferdeleg slit, endatil på flate landevegen. Ein av mine sykkelvenner meinte at eg sikkert var dehydrert, og det hadde han nok heilt rett i. Sidan eg hadde svetta som ein gris opp til Sokndal og Oppdal, så hadde eg vorte sløv i drikke og matinntaket, det var amatørmessig gjort. Det kjendes ut som eg svikta dei andre som stadig måtte vente på meg. Det var skikkeleg nedtur.

Men omsider kom vi oss til Dombås, der bilen og matstasjonen venta. Fekk i meg to cola og ein Red Bull fort som f, samt eit par koppar med næringsrik suppe. Kombinert med ein god pause så gjorde dette underverk.

Nå var det blitt morgon, sola var komen opp men det var framleis berre 15 grader. Vi trilla sørover mot neste stasjon på Kvam, knappe sju mil nedover Gudbrandsdalen.
Det var som ei ny verd. Kroppen fungerte godt att, og det gjekk ganske så radig forbi Sel, Otta og til Kvam. Nå var det ein av dei andre i følget som byrja å slite, med mangel på søvn. Vi var førebudde på at det ville bli tunge periodar på oss alle, så det var såklart heilt greit. Vi hadde tross alt gått langt over eit døgn utan skikkeleg søvn.
Vi brukte knappe to timar på dei 67 kilometrane, og det syntes eg var bra. Utfra tidtakinga så ser det ut som vi har brukt tre timar, men det har ei forklaring: På Dombås var nemleg tidtakinga rett FØR stasjonen, medan på Kvam var tidtakinga rett ETTER. Det vart såleis to lange pausar deri mellom :-).

På Kvam var det nå sommar. Alle klede fra regnet og kulda i Oppdal vart slengt av, og vi kunne innta full sommarbekledning, dvs. kort bukse og kort trøye. Måtte prøve å bygge litt sykkelskille i finværet :-).
Tok berre med eit par lause armar og hadde ei sportstrøye underst. Det skulle også vise seg å være smart.

27 mil stod att, og i fjor hadde jo dette gått som ein leik, men nå skulle den doble distansen byrja å merkast...
Ned mot neste stasjon på Kvitfjelltunet gjekk det også radig, men nå byrja søvnmangelen å gjere seg gjeldande hos meg også. På Øyer måtte eg berre stoppe. Var inne på ein Megabutikk, kjøpte vatn, peanøtter og eit kyllinglår (!). Eg var så trøytt at eg var på nippet til å sovne på sykkelen, så det var nok lurt med ein stopp.

Bakkane forbi Hunderfossen var som ein bulk i fjor, nå var dei som eit fjell. Kan knapt hugse at eg sykla forbi familieparken. Ned mot Jørstadmoen, som eg såvidt registrerte, gjekk det forsåvidt ok, men på nytt vart det lange mil ned mot neste matstasjon på Biri.
Her fekk vi påny litt suppe, og eg la meg inn i eit sanitetstelt. Her fekk eg sove litt, berre ein ti-minuttar, men det var som ny bensin.

Langs første del av Mjøsa køyrde vi på gamlevegen parallellt med E6, men etter Mjøsbrua vart vi geleida utpå RV4. Å steike for ein trafikk. Heldigvis var det brei og god vegskulder, men det gjekk i eit køyr. Ikkje spesielt moro. Gjennom Gjøvik gjekk det greit, og vi byrja på bakkane opp mot Toten.
Desse var også ganske så greie i fjor, men nå: Alpane.

Etter det som verka som massive fjell på Toten, men som ikkje er meir enn slakke stigningar som vi normalt tek glatt på storskiva, så bar det nedover mot neste stasjon i Totenvika.
Eg trur det var her vi fekk fiskesuppe, kanskje ikkje det naturlege valget midt inne i landet, men det gjekk ned det også.
Her kom da også dei veltala ord fra ein av dei andre: "Eg har aldri hatt so ilt i røvi".
Og det var framleis over 10 mil til mål....

Ned mot Minnesund var det tildels mykje dårleg asfalt. Det var ein del deltakarar fra morgonpuljene som nådde oss att, men det var ikkje så nøye. Dei stilte i heilt andre klassar enn oss, iallfall evnemessig.
Det vart fleire og fleire pausar. Diverse seteparti byrja å verke, kaloriforbruket var skyhøgt, og generell slitasje byrja sette sine spor. Nede på neste stasjon, Stensby sykehus, ca. 70 km. før mål var det blitt kveld, og det gjekk berre på automat. Ikkje akkurat kollosal fart lenger.

Det var gudsjammereleg seigt dei siste mila mot Kløfta. Rett og slett kjedeleg. Nokre småkneikar her og der, samt at krampe byrja å plage nokre av oss.
Laurdagskvelden gjekk over til natt. Og 24 timar etter at vi starta i Trondheim var vi framleis på Skedsmo. Sommarvarmen var forlengst borte, og eg var sjeleglad for dei lause armane og den ekstra sportsgensaren som var underst. Spesielt bakken ned mot Kjeller var ganske så kald.

Fra Olavsgård og opp Djupdalen gjekk det heller seint, men opp kom vi da alle, og det var klart for dei siste kilometrane inn til Valhall og målgang. Østre Aker var siste inngangsveg, og her var det satt av eit eige felt til oss syklistar, det var veldig bra. Tidtakinga vart avslutta nokre hundre meter før Valhall, og all biltrafikk var avsperra.

Målområdet var inne i storhallen, noko som må være perfekt for arrangøren, og ikkje minst for oss deltakarar. Vi fekk medalje, utan at det betydde så mykje. Det var prestasjonen og gjennomført distanse som var det viktige.

Oppsummering av turen: Langt. Bakkar som eigentleg er heilt kurante vart mykje tyngre enn forventa. Drivdalen vart blytung grunna dehydreringa, og søvnmangel gjorde utslag ned mot Lillehammer. Forutan desse to periodane så gjekk det eigentleg greit. Lite plager med bein og sete, men desto meir med ein arm, skulder, rygg og nakke. Nå, eit par dagar etterpå, kjennes det eigentleg greit ut. Mine følgesvenner fekk også sine problem undervegs, med mangel på søvn, seteproblem, krampe, rygg, nakke og armar og gud veit kva.
Vi venta på kvarandre, og fekk samme tid i mål, noko som jo var heile vitsen.

Såklart det var slitsomt. Det var ikkje fjella som var utfordringa, slik som i Jotunheimen Rundt. Det var lengda, og mangel på søvn som var verst. Lite søvn natta før. Ikkje søvn i det heile teke på rittnatta, og kun ti minuttar power-nap i eit telt på Biri vert altfor lite. Tek vi også med ei ikkje altfor roleg natt på ein madrass i Valhall, så vert det lite kvalitetssoving siste nettene.

Kva var positivt? Det at vi tok utfordringa og gjennomførde alle saman samla. Det var veldig hyggeleg. Alle trengde hjelp til tider, heldigvis på ulikt tidspunkt.
Eg har høyrt at folk klagar på kjedeleg trase og greier, men den er nå slik som den er. Eg syntes første del var mest miserabel, kanskje på grunn av regnet og kulda. Dovre fekk eg ikkje glede meg over, da eg var så sliten akkurat da. Gudbrandsdalen var fin, heilt ned til Øyer. Fra Kvitfjelltunet og til Oslo var det konstant motvind, det var også veldig tungt, og spela nok ein stor rolle på sluttida. Utan at det betyr ein døyt.
Eg vil også gi ros til ein proff arrangør, dette er heilt klart folk som veit kva dei driv med. Dog: Til den deltakaravgifta så skulle det vel berre mangle.
Ellers var matserveringa på stasjonane høgst brukbar. Ola-pakker er veldig praktisk, og opplegget med forskjellige typar av suppe var kanon. Rabarbrasuppa på Kløfta eller var det Stensby sykehus (?) var genial.

Kva var negativt? Regnværet i starten. Motvinden i 25 mil til slutt.
Dessutan kan ikkje premieringa seiast å være imponerande, sjølv om det ikkje er derfor vi er med.
Og nesten viktigaste av alt: DET MÅ VÆRE COLA PÅ ALLE STASJONAR!!!


Styrkeprøven er heilt klart ein styrkeprøve. Ikkje i form av fjell som skal forserast, men i kraft av å være så langt som det er. 540 km. er ikkje til å spøke med, og det var vesentleg verre enn eg hadde trudd på førehand. Kvam - Oslo i medvind er ein ting. Trondheim - Oslo i tildels regn og motvind var heilt noko anna.
Eg kan heilt sikkert sei at eg har vore meir sliten berre ein einaste gang før, nemleg etter fullført Jotunheimen Rundt i 1994. Det var også ei hending som eg aldri kjem til å ta opp att, kanskje mest fordi eg er programforplikta til å køyre Sognefjellsrittet.

I utgangspunktet kjem eg nok neppe til å ta Styrkeprøven ein gang til.

Men ein skal aldri sei aldri. Fleire ganger.

Ei ekstra stor takk til han som tok imot oss i Trondheim fredag kveld, og ikkje minst til sjåføren vår. Det må ha vore ein tolmodsprøve av dei store.

Eg har få bilder fra turen, men kanskje eg kan få tilsendt nokre av mine sykkelvenner som var med?
Eg er dei ein stor takk skuldig for at dei hjalp meg da eg hadde bruk for det, og håpar at eg kunne bidra med litt innimellom da dei sleit.

Vi brukte totalt over 25 timar fra start til mål. Strava viste knappe 22 timar totalt, noko som inneber at vi har brukt over tre timar på stopp undervegs. Det var nok behov for det....
Snittfart på 25 km/t og toppfart på 60 ned fra Dovre.

Greit å være ferdig med det.

Bordet vårt på Oppdal. Godt og varmt kl. 0400. Ute var det åtte grader og regn. Lurer på kvifor vi gjekk ut att?

Like før start i Trondheim. Klokka er ca. 2310 og pulja før oss gjer seg klar til start.

Vi er komne til Dombås, og regnet hadde til alt hell gitt seg. Klokka er ca. 0815 og det var framleis kjølig og 340 km. att til Oslo.

På Kvam var det full sommar. Sommaruniforma kom på og vi hadde nå att ca. 275 km. Dei skulle bli verre enn eg hadde trudd på førehand.


Som stor fan av "The Walking Dead", er nok dette det nærmaste ein kan komme ein zombieapokalypse. Bildet er tatt på Dovre, ca. kl. 0700 laurdags morgon.

Meir fra Dovre. Tatt like før det føregåande, og er eigentleg berre med for å illustrere landskapet.


Her og er vi på Dovre ein stad. Antaglegvis nærare Dombås utfra landskapet å dømme.

Eg må berre innrømme at eg har inga aning om når og kor dette bildet vart tat. Har kome fram til at det må ha vore ein stad mellom Hunderfossen og Biri, da eg var så stuptrøytt at eg ikkje la merke til meir enn det akkurat mest naudsynte.

Her er vi komne forbi Gjøvik som vi ser i bakgrunnen, og på veg mot bakkane til Toten. 

Dette bildet er tatt når klokka byrja å nærme seg 2200 om kvelden. Eg tippar vi er passert Minnesund og er på veg mot Eidsvoll. 




Dei neste bilda har eg kjøpt fra rittfotografen:



Langs Mjøsa ein stad. Tippar mellom Totenvika og Minnesund, men er neimen ikkje heilt sikker.


Det ser kanskje ut som ein god gamaldags vestlandsfjord, men det er altså vår største innsjø.


Sørover mot Minnesund.


Dovre, tidleg ein laurdag morgon i midten av juni 2017...


Midt på Dovrefjell.


Eg trur dette er teke ned mot Drivdalen. Det betyr at vi kom opp det dalføret vi ser vegen kjem.


Nesten oppe på Hjerkinn hadde eg ein svært dårleg periode, men heldigvis var det reddande englar i nærleiken.


Fra startområdet i Trondheim. Peugeot har vore sponsor i nokre år nå.


Det er vorte laurdag ettermiddag, og formen var adskillig bedre enn på Dovre 10-12 timar tidlegare. Rart korleis det kan snu.


The cycling dead.


Nattestemning på fjellet.


Morgon på Dovre.


Litt meir fra Romerike ein stad.


Det byrja og merkast for nokon og einkvar....


Etter tre-fire mil kom vi til dette skiltet. Da måtte eg nesten le.


Litt reklame.