lørdag 25. mars 2017

10 megaskuffande filmar

Det har vore ei interesse å sjå film i årevis. Av og til får ein gode kinoopplevingar, og innimellom får ein dårlege.
Gode filmar er sjølvsagt å foretrekke, men når ein ser dei dårlege så kan ein i det minste få irritere seg over dei i ettertid.

Her er dei ti største nedturane:

Nr.10:
I spit on your grave
USA 1978.
ISpitOnYourGraveposter.jpg
Vi byrjar med subgenren "rape/revenge", ei underklasse av horrorfilmar.
Genren i seg sjølv fortel vel at dette er noko for dei spesielt interesserte, men likevel.... ein SMULE flid burde det da være mogleg å få til.
Dette makkverket vart laga til på eit heller labert budsjett for 40 år sidan, og det synes.
Skodespelarane er elendige, den einaste som framstår så nokolunde vettug er hovedpersonen Jennifer, som vert voldtatt (derav "rape" sant?), for så å hevne seg (derav "revenge" sant?) på gjerningsmennene.
Voldstullingane framstår som mildt sagt undermåls, og så lite truverdige som ein trekroneSEDDEL.
Eg hadde høyrt om denne filmen på førehand, om at den skulle være så fæl og ting og tang, men det vart regelrett dumt i staden.
Hvis det kan være ei trøyst, så er ikkje nyinnspelinga (!!) fra 2010 så mykje meir sannsynleg. Den vart da også ein fiasko, men alikevel er det laga heile fem filmar i denne møkkaserien. Horrorfans vil openbart bedras.


Nr. 9:
Skjønnheten og udyret.
USA 2017.
Ein ganske så ny sak, faktisk berre ei veke sidan den kom ut på kino, men det får ikkje hjelpe. Gudbedre for ein nedtur.
Beauty and the Beast 2017 poster.jpg
Med ei såpass sterk rolleliste, og med effektar i milliardklassen fra sjølvaste Disney, så var forventningane høge:
Nedturen vart derfor brutal da det viste seg å være ein...musikal....
Grøss.
Har aldri sett ein einaste musikal eg likar. Ikkje ein.
Det er ein megateit filmgenre, og det får det ikkje hjelpe at effektane var storslagne, og at Emma Watson spelte hovedrolla.
Nedtur av høgste klasse.


Nr. 8:
The Spirit.
USA 2008
Ein slags krimfilm basert på ein tegneserie, og som forsøkte å cashe inn på suksessen Sin City.
Thespiritposter.jpg
Men medan Sin City var ein god film, om enn litt teit her og der, så var The Spirit berre dum heile vegen. Humoren var som blåst, handlinga var rør, og sjølv om det var basert på ein teikneserie, så skulle ein forvente litt meir handling.
Kanskje var det fordi at Sin City var såpass bra at The Spirit vart så dårleg?
Det er nemleg det samme filmtekniske konseptet. Svart/kitt med farge på eit slips, og ellers der det måtte passe.
Det får ikkje hjelpe.
The Spirit skuffa til dei grader da eg fekk sjå den. Trur eg vart sittane å lese ei bok siste halvtimen, berre for å få tida til å gå.


Nr. 7:
Jonah Hex
USA 2010
Tegneserie som blir filmatisert kan bli bra, som i Sin City og TV-serien The Walking Dead, og det kan bli heilt ræva blues, slik som i tilfellet Jonah Hex.
Jonah Hex with Josh Brolin, Megan Fox, and John Malkovich
Western"helten" Jonah Hex er tøff som tegneseriefigur, bl.a. i bladet Tomahawk fra 1970-talet.
Da figuren omsider vart filmatisert så vart det ein fiasko til dei grader. Josh Broli i tittelrolla ser ut som han hatar å være på filmsettet, John Malkovic er like truverdig som ein snøball i komfyren, og Megan Fox er kun med for å flashe utringinga si. Hjelpe meg for ein skrøpeleg versjon av den tøffe westernhelten. Det einaste som vel kan seiast å være bra er lengda på filmen, usle 81 minuttar, og det var eigentleg for lenge det og, så dårleg som denne var. Nedturen vart brutal grunna den fine originale tegneseriefiguren, og alt blir liksom heilt feil.
Huff. Synd å øydelegge barndommens tegneseriar på denne stygge måten.

Nr. 6:
Hobbitten, Femhærerslaget.
USA/New Zealand 2014
Altså: Dette er ingen dårleg film, men eg hadde forventa så MYKJE bedre, i den siste av Ringenes Herre og Hobbitten serien.
The Hobbit - The Battle of the Five Armies.jpg
Antaglegvis vart ein vel berre bortskjemt etter Ringenes Herre trilogien, samt etter dei to første Hobbitten filmane.
Filmen var i den kinoversjonen vi såg, altfor KORT, berre to timar og 20 minutt. Hadde forventa ein episk heilaften, men det vart faktisk ein ganske drastisk nedtur. Effektane er flotte, men det må dei jo nesten være når det kostar eit par milliardar å lage heile filmen...
Sorry, det vart for mykje av det gode. Rett nok var det flott å sjå i 3D og greier, men det verka som Peter Jackson hadde dårleg tid, han liksom MÅTTE få i gang krigen sin, for å vise kva alle milliardane var gått til. Den beste i filmen er alven Tauriel, medan hennar alvekollega Legolas, i Orlando Bloom si tolkning, ser ELDRE ut enn han var i Ringenes Herre filmane, enda han altså skulle være 60 år yngre...
Nåja. Grei underholdning var det jo, men lysår fra å være i klasse med Return of the king fra nesten 10 år tidlegare.


Nr. 5:
Alien vs. Predator II
USA 2007.
Oj, aliens og predators er kuuule saker. Iallfall kvar for seg. Resultatet er dessverre blitt langt verre når dei skal dele lerret.
Aliens vs Predator Requiem poster.jpg
Og aldri vart resultatet så dårleg som i denne saken fra 2007, ein film som for det meste er så mørk at knapt går an å sjå ein ting av det som skjer. OK, vi har nokre fiffige drap og effektar her og der, men når ein forventar så mykje av BÅDE ein alien og ein predator, så blir nedturen bratt og lang.
Den første i A/P serien fra 2004 var langt bedre, sjølv om heller ikkje den var noko klassikar ala originale Alien fra 1979 eller Predator fra 1987 med Arnold i hovedrolla.
Det er som om meininga har vore å lage ein nifs sci-fi film, men utan å ha gutsen til å være brutal eller grøssande nok. Her er ingen finesse i det heile. Alt handlar om å dunke på rett fram, og alt etter fem minuttar kan ein nesten forutsjå kva som skal skje i dei neste 95.
Det er trist at ein film med så kuuule monster skal bli så kjedeleg.


Nr. 4:
Predator 2
USA 1990.
Litt meir predators.... Originalen fra 1987 er ein  action sci-fi krigsfilm med ein smule humor. Oppfølgaren fra 1990 har ingen av delane.
Predator two.jpg
Den er like spennande som Bæ-bæ lille lam, og humoren er som henta fra eit fjernsynsteater fra 1975.
Eg lurer på kva Danny Glover fekk for å være med i dette makkverket, men hadde eg vore han, så bør det ha vore kraftig godt betalt. For jøss kor mange hakk dårlegare denne var enn originalen. OK, den fra 1987 er ikkje akkurat Oscarmateriale, men er iallfall tørrvittig, har actionscener og eit snev av handling. Oppfølgaren har null og niks. Alt handlar om at predatoren knertar skurkar i eit framtidig Los Angeles, og til slutt får ein skada Danny tatt seg av romvesenet på ein måte som er like sannsynleg som at eg skal bli munk.
Geee.... for noke drit....


Nr.3:
The Exorcist II, The heretic
USA 1977
Originalen fra 1973 er ein skrekkfilmklassikar, og garantert ein av dei aller beste innan genren. Oppfølgaren derimot.... den er så utruleg dårleg at det er ei skam.
Exorcist2poster.jpg
Alt er feil. Til tross for ei anstendig besetning, så vart resultatet så dårleg at det er rekna som ein av dei verste filmar som er laga noko gang. Og det er det ikkje berre eg som seier altså.
Gudane må vite kvifor og korleis dette usedvanleg elendige manuset fant vegen til ein kinosal i det heile tatt. Kanskje det var for å vise at Linda Blair var blitt  vaksen, og langtfra så uskuldig som i den saken fra 1973??
Av ein eller annan grunn dukkar Richard Burton opp også. Kva han gjer som demonjeger er uklart den dag i dag, men det verka som han var med kun for å tjene nokre dollar.
Nedturen vert ekstra stor fordi den originale er ein briljant skrekklassikar som høyrer heime i einkvar møblert heim. The Exorcist II må for all del unngåast.
Grusomt.


Nr.2:
USA 2014
Hunger Games, Mockingbird, part I
Den megapopulære Hunger Games serien har måka inn lassevis med kroner, og gjort Jennifer Lawrence til superstjerne.
MockingjayPart1Poster3.jpg
Det får ikkje hjelpe.
Gudbedre for ein treg film. To timar med null framdrift. Eg hadde forventa eit storslagent actioneventyr og litt dystre saker. Men neida. Her var det ingenting. Kun Jennifer i ettersittande lærdrakt med pil og bue som skyt ned eit slags jagarfly.
Ein skulle tru at ein såpass populær serie hadde noko å by på? Nei. Ingenting. For å dra inn mest mogleg kroner måtte filmselskapet dele opp siste filmen i to, slik at forhåpentlegvis skjedde det meir i neste del. Denne filmen var ein gedigen nedtur, for eg hadde høyrt så mykje bra om Hunger Games-serien. Alt viste seg altså å være feil.
Antaglegvis to av dei kjedeligaste timane i heile mitt kinoliv.


Nr. 1:
Mad Max; Beyond Thunderdome
Australia 1985.
Dei to første filmane i serien om politimannen Max i ei framtidig øydelagt verd var h.h.v. bra og megabra.
Nr. 3, derimot; Lysår fra å være bra. Det var den største nedtur eg har sett på kino.
Mad max beyond thunderdome.jpg
Eg såg Mad Max 2 først, og den er knallbra, den dag i dag. Det er litt spesielt i seg sjølv, men The road warrior er god underholdning 35 år etter at den kom ut.
Beyond Thunderdome derimot.... den er alt som The Road Warrior ikkje er.
100 minuttar ræl fra ørkenstrøk, der ein fillete og langhåra Mel Gibson surrar omkring blant søppel og skrot før han vert sendt inn i ein slags arena for å møte ein tilbakeståande slåsskjempe.
Alle skodespelarane , inklusiv Tina Turner, ser ut til å ha tatt med seg antrekka som leftovers fra ein dårleg heavy metal konsert.
Også her er problemet at forgjengaren var så bra at den øydela eigentleg sjansen for alle oppfølgarar. Den første i serien, laga på skolissebudsjett og med ein forferdeleg filmmusikk, er ein billig og sjarmerande bilactionsak. Artig å sjå ein ung Gibson, det var da noko.
Og nr to i serien var altså ein kanonfilm. Mengder av galmannskøyring, og med eit så nokolunde truverdig plot, fra ei tid da det fantes noko som heitte "kald krig" og "atomtrussel".

Beyond Thunderdome er ein skikkeleg dårleg film. Hvis du ikkje har sett dette mølet fra støvskyene i Australia, så kan du spare deg dei to timane av ditt liv som du aldri får att.















torsdag 23. mars 2017

"Skjønnheten og udyret" - Filmomtale

Til neste gang: Sjekk ut om filmen du skal sjå på kino er ein musikal, også kjent som verdas verste filmsjanger.



Fredag 17.3.2017 hadde nyversjonen av Disney`s "Skjønnheten og Udyret" verdspremiere, og dagen etterpå fikk vi tak i billettar. Rett nok til versjonen i 2D og med norsk tale, men dette kunne vel bli grei underholdning på ein laurdag?

Vel, eg forstod fort tegninga da Hermine fra Harry Potter, ellers kjent som Emma Watson, etter berre nokre sekund byrja å synge. Solosangen utvikla seg til ein allsang med stadig fleire innbyggarar fra den vesle landsbyen der Hermine no hadde busatt seg. Eller, heretter kallar vi Hermine for Belle, som er namnet hennar i denne nyinnspelinga av Disney sin tegnefilmversjon fra 1991.

Filmen er laust basert på den originale forteljinga heilt tilbake fra 1700-talets Frankrike, men det er visstnok funne enda eldre variantar av denne klassiske historia om den vakre ungjenta og den forheksa prinsen.

Plot:
Ein eigenrådig og småarrogant adelsmann har ein stor fest på slottet sitt, der han kan omtrent velgje og vrake i unge og vakre damer. Inn på slottet forvillar det seg ei sliten og forkommen gamal dame. Adelsmannen vil ikkje ta imot denne høgst uinviterte gjesten, og da lyser ho ei forbanning over han. For den gamle dama er forsynemeg ei heks. Ikkje nok med at ho gjer adelsmannen om til eit udyr, iform av forvokste hjørnetenner, ekstra kroppsbehåring og geitebukkhorn, men ho får alle gjestene på slottet til å gløyme kva dei har vore med på. Dessutan vert slottet liggande i ein slags evig vinter, ala Narnia.

Ei tid etterpå (men i neste scene) hoppar vi så over til Hermine/Belle. Ho er ein vitebegjærlig sjel i ein småkjedeleg landsby, med ein far som lagar fine små figurar til å selge i byen. Faren, Kevin Kline i si beste rolle sidan "A fish called Wanda", må til byen, men kjem på villspor i skogen, og havnar i udyrets slott. Derfra tek han ei rose, som var det einaste Belle ville ha til gåve.
Det å naske ei rose vert ikkje sett på med blide auge av udyret, og han sperrar faren inne. Belle, den tapre, reddar han ut, og tek hans plass. Samstundes vert ho dømt til å være i udyrets fangenskap for laaaang tid framover.
I mellomtida har Gaston, ein arrogant offiser og Belle sin langtfra anonyme beilar også meldt sin ankomst, og han vil sjølvsagt hente sin utkåra tilbake fra udyret sitt fangenskap.

Det er vel neppe noko stor overrasking at forteljinga har ein lukkeleg utgang.

I denne nye versjonen, (Skjønnheten og udyret er filmatisert ei rekkje ganger) er det ikkje spart på noko. Effektane er storslagne, filmteknisk er dette ein draum. Skodespelarane er akkurat såpass karikert som dei skal være i ein musikal basert på eit trehundre år gamalt eventyr.
Det er forøvrig gjort eit nummer av eit par figurar vert framstilt homofile, for første gang i Disney si mangeårige filmhistorie. Det er faktisk to menn som dansar i lag, heilt på slutten, i minst to sekundar!!

Big Deal.

Den einaste som liksom ikkje passar heilt inn er utruleg nok hovedpersonen Belle. Av ein eller annan grunn likte eg Emma Watson adskillig bedre i "This is the end", der ho spelte seg sjølv, og sa "fuck".
Watson verkar på ein eller annan uforklarleg måte å være klar for langt større oppgåver enn å være med i eventyr og trollmannsfilmar nå. Men, med tanke på at filmen har kosta over ein milliard å lage, og ein pen slump har vel havna i den unge dama sine lommer, så lever ho sikkert godt med det.

Filmen er storslagen til dei grader, akkurat passe skummel i byrjinga, og har altså ein happy ending.

Men det er ein musikal.

Eg kan ikkje utstå musikalar. Det er ein grusom filmsjanger. Russisk krigsfilm og finsk skrekk framstår som genialt i høve til dette.
Skjønnheten og Udyret er eit megaflott meiningslaust eventyrdrama der effektar fortjener terningkast seks, medan sang og musikk er ein soleklar einar.
Dei to timane filmen varte framstod som det verste eg har sett på kino sidan Hunger Games: Mockinbird , part I,  og eg berre tenkte at nå må vel dette snart ta slutt. Men det gjorde det jo aldri verka det som.

Som sagt, strålande effektar og ditto grusom sang gjorde dette til ein kinotur med høge toppar og (svært) djupe dalar.
Filmen har spela inn lassevis med kroner dei første dagane, vi snakkar om milliardar av kroner her, berre på den første knappe veka. Det blir sikkert ein megasuksess i kroner og øre.

Høgdepunkt:  Hmmm. den var vanskeleg... går for scena der homsane dansar i dei før omtala to sekunda.
Lavmål: Hermine som kjem ut på trappa og byrjar synge altfor tidleg i filmen.

Ei høgst delt filmoppleveing, men hovedinntrkket vert dessverre ein
Bilderesultat for terningkast 2

mandag 13. mars 2017

"Kong: Skull Island" - Filmomtale

Digre aper på stereoidar.
Gorillaen som får den originale King Kong til å sjå ut som ein pusekatt.

Ja, slik kan filmen Kong: Skull Island skildrast med to korte setningar.

Kong Skull Island poster.jpg


Den ganske så nye filmen i serien om digre aper som slenger helikopter og fly rundt omkring, hadde Norgespremiere nå fredag, og BOY! jammen fekk vi tak i billettar!
Ikkje akkurat den mest sannsynlege handlinga, men ein reboot av King Kong serien er grei underholdning på ein fredagskveld.

Plot:
Etter ein kort prolog fra 2. verdskrig, vert vi fort inneforstått med at på ei skjult øy i Sør-Stillehavet er det nokre forunderlege skapningar, forunderlege i betydninga "Store". Med stor S.
Vi vert deretter forflytta til 1973, av ein eller annan grunn, og heldigvis eit par år før den første nyinnspelinga av King Kong med Jessica Lange i hovedrolla. Ein grusom film som for all del må unngåast.
Uansett: Eit par forskarar, spela av ingen ringare enn John Goodman og Corey Hawkins (sist sett flyktande fra zombiar i The Walking Dead) får med seg nokre Vietnamsoldatar til den skjulte øya Skull Island. Under skalkeskjul av å drive geologiske undersøkingar får dei sleppe ned sprengstoff fra helikopter, ispedd tidsriktig 1973-aktig  musikk. Minna om ein kjent scene fra Apokalypse Nå forresten, kanskje det var meininga?
Dei "geologiske undersøkingane" vert snart forhindra av ei monsterape deluxe, og antaglegvis den Svært Store og Sinte Broren til den originale 12-meter høga apa fra 1933 versjonen.

Som vanleg i slike filmar er dei militære ganske så dumme, og skal løyse alt med makt ogt våpen, medan dei sivilie, spesielt dei kvinnelege pasifistane, er heltemodige og smarte.

Det er neppe noko BOMBE at turen over øya går mildt sagt dårleg, og milevis etter planen. Og det er heller ikkje noko BOMBE (som det jo er ein del av i denne filmen) at det befinn seg andre skumlingar på denne avsidesliggande øya. Ikkje berre er det nokre tause innfødde, men også andre forvokste dyr, spesielt ein langbeina edderkopp er god underholdning.

Etter mannefall i mengder, så er kanskje ikkje spenninga så stor om våre smarte heltar og heltinner kjem seg velberga over øya?
Vi kan vel sei så mykje at akkurat dei som ein forvente skulle komme seg over, ja dei klarte det. Inga BOMBE der altså.

Det som kanskje var ei BOMBE var at sjefstulling og Vietnamoberst Packard (Samuel L. Jackson) var så korka som han var i denne filmen. OK, det er eit eventyr og monsterdrama, men ingen er SÅÅÅÅ dumme som denne obersten.
Til gjengjeld gir ein stranda soldat fra WWII, spela av John C. Riley, eit overaskande godt inntrykk. Riley spelar helst elendige roller, men her framstår han jo nesten som eit geni i høve oberst Jackson, eller Packard var det vel.

I andre viktige roller finn vi Tom Hiddleston som engelsk supersoldat i sivil, og pasifist og krigsfotograf Mason Weaver vert trylla fram av Brie Larson. Weaver er passande nok iført ein ettersittande singlet gjennom stort sett heile filmen, og stadfester dermed den gamle myta om at einkvar film er forplikta til å ha med seg eit meir eller mindre barmfagert blikkfang. Kjedeleg.


Men ei grei rolleliste til tross: I Kong: Skull Island er det effektar og digre monster som er hovedrolleinnehavarane. Det ser nesten heilt ekte ut, iallfall fram til nokre slimete dyr kjem opp fra jorda, dei såg ikkje så veeeldig sannsynlege ut akkurat, og spesielt ein langbeina edderkopp er morsom. Apa sjølv er som nevnt på stereoidar i ukjent potens, og er mange ganger større enn Peter Jackson sitt kosedyr fra 2005.

Filmen varer i ein time og femti minuttar, og er grei underholdning ein marskveld. Ikkje noko som eg gidd å sjå mange ganger, men ein heilt grei kinotur som kan anbefalast dersom ein koplar ut hjerna totalt.

Høgdepunkt: Kong som røskar ut innmaten av eit slags slimmonster fra helvete.
Lavmål: OK, eg likar fine damer i ettersittande singlets, men etter å ha sett ca. 100 filmar med akkurat det samme, så er det faktisk litt forutsigbart og kjedeleg. Dessutan: Brukte verkeleg damene BH i 1973???

Alt i alt: Ein grei filmkveld med stor gorilla som fortjener ein



Bilderesultat for terningkast fire