lørdag 4. februar 2017

Takk!

Oppdatert 16.3.2017:

Sidan avisoppslaga er det mange som har vore i kontakt med meg for å vite kva som skjer vidare. Dette fordi det antaglegvis er mange som er i ein liknande situasjon, dvs. at ein har blitt fratatt førarkortet kun basert på rusbruk, og ikkje etter ruskøyring.

Dette er veldig interessant, spesielt sidan det er hundrevis av personar som har opplevd det samme som vi gjorde, om enn ikkje konsekvensane vart så fatale.

Det kan være interessant å vite at Borgarting Lagmannsrett i fjor sommar slo fast at ein slik praksis er feiltolkning av lova. Ikkje nok med det; Sivilombodsmannen har konkludert med det samme, i ein førebels uttale. Sistnemnde har da også, på eige initiativ, nå bedt om ytterlegare utgreiing fra POD ang. denne praksisen. Dette kom for ein dag rett før jul, og POD fekk da ein svarfrist fram til 1.3.2017 med å svare Sivilombudsmannen.

I skrivande stund er det ikkje kjent om dei idet heile teke har svart, og eg må sei eg ser verkeleg fram til den endelege uttalen fra Sivilombudsmannen. Utfra den førebelse uttalen, så vil eg tru at den endar med ein knusande kommentar av politiet og POD sin praksis.

POD meiner at det må skiljast mellom ulovlege og lovlege rusmiddel, men det er altså feil, iflg. Borgarting Lagmannsrett og Sivilombudsmannen, iallfall så langt.
POD sin praksis med å ta fra førarkortet til ein som røyker hasj på fredag, men utan å køyre bil før på mandag er feiltolkning av lova.
Vegtrafikklova skiljer ikkje mellom lovlege og ulovlege rusmiddel, det vesentlege er om ein har køyrt i fylla.

Konklusjonen av detsom politi og POD meiner, må i praksis bli at den som drikk ein kasse øl i helgane (og det er vi vel fleire som har gjort ein gang i tida...), også må fratakast førarkortet?
Nei. Heldigvis.
Det synes ikkje rett å inndra førarkortet kun fordi ein kan komme til å køyre i fylla. Sjølv om førarkortinndragning ikkje er straff, men rein forvaltning, så må dette være feil. Ingen kan straffast for noko ein tross alt ikkje har gjort. Det vil i såfall bli forhåndsdømming, eit heilt feil prinsipp. Ein kan kanskje sei at dette ikkje er straff men forvaltning? Beklager, den går ikkje. Det er berre begrepsforvirring.


Det er også mange som har spurt kva eg meiner om politiet og POD etter denne saka.

For å sei det slik: Sjølv om eg hadde mitt daglege arbeid der i (for) mange år...
det er veldig greit å slippe.
Greit nok at det lokalt var hyggelege folk å jobbe med, men administrasjonen og leiinga som POD no presterer å legge for dagen er rett og slett ikkje god nok.
Norsk politi vert leia av eit direktorat som har esa ut til 270 byråkratar, derav mange overflødige etter den siste politreforma. Da dei mista jobben sin ute i distriktet, så vart dei istaden plassert i POD.

Skikkeleg effektivisering der altså.

Og til tross for alle ansatte, og effektivisering og alt snakk om "robust" og kva det enn måtte være: POD klarer altså ikkje å svare på enkle mailar som eg sender. Svarfrister som eg har satt vert glatt ignorert. Dei set sjølv ei vekes svarfrist, men har sjølv brukt tre månader på å svare på ein mail, tiltross for eit antall purringar. (Nei, dei har ikkje svart enda, tiltross for at eg sende den første 28.12.2016)

For å være ærleg: Eg er rysta over den oppfølginga vi har sett fra POD si side. Den har vore totalt fraværande. Ingen av dei 270 ansatte evnar openbart å ta ansvar, eller nedverdigar seg til å svare ein vanleg borgar.

Det er regelrett trist å sjå at norsk politi vert styrt på ein slik måte.

Men kva som skjer framover?
Mykje står og fell på Sivilombodsmannen sin uttale. Hvis den blir så knusande som eg trur den kan bli, så kan POD og Staten forvente seg erstatningskrav i hopetall fra heile landet. Det skal være meg ein sann glede å være med på dette. I årevis har politi og POD altså inndrege førarkortet fra folk utan anna grunnlag at dei KAN komme til å køyre rusa. Ein praksis som jo er slege fast er uriktig tolkning av lova. Og ikkje nok med det: Til tross for dommen i Borgarting lagmannsrett, så har politi og POD fortsatt samme praksis, som om ingenting hadde skjedd. Dei tek altså ikkje omsyn til rettskraftige dommar. Dette er svært graverande.


Og til sjuande og sist: Denne feiltolkninga var den direkte årsaka til at Kristoffer tok livet sitt. Hvis politi, POD og stat trur at dette vert gløymt, til tross for all den trenering vi no ser, så tek dei skammeleg feil. Eg er på langt nær ferdig.


**********************************************

Oppdatert igjen: 9.2.2017
Pågangen fra ukjente har faktisk ikkje avtatt. vi får meldingar, telefonar og brev(!) fra totalt ukjent personar over det ganske land, det er veldig hyggeleg.

Har også fått støtte i form av sambygdingar inne på Aftenposten sitt kommentarfelt på FB, der det har koka mest. Det har vore til utruleg hjelp og glede.
Igjen: De veit kven de er.


Innimellom alle gode ord er det ein og annan kødd.
T.d. ho frisøren på Årnes som meinte eg var ein masete og sutrete mann da eg gikk inn på innlegget som ho hadde delt. Ho hadde ikkje lest artikkelen da.....
Ho sletta innlegget sitt.

Likedan han som la ut eit latterfjes, som om det var morsomt med ein død 18-åring.

Og  så har vi løken som klagde på  sippeungen som står i avisa og griner med faren sin.
Han sletta innlegget sitt også.


Har tatt skjermdump av alle, og kanskje dei får det slengt i trynet ein gang?

Det hadde NESTEN vore til pass, men vi har bedre dannelse enn som så.


Til slutt vil eg også ta med siste utvikling på rettsfronten i slike saker. POD og politiet er atter ein gang dømt for at deira praksis er feilaktig lovtolkning. Dei tok faktisk ikkje hensyn til dommen fra Borgarting Lagsmannsrett, og fatta nytt uriktig vedtak.
Det seier ganske mykje om kompetansen i POD. Eller rettare sagt; Mangel på kompetanse.

Lenke her, bak mur, men grei å ta med seg på eit prøveabbonnement kanskje?




*****************************************



Oppdatert:
Tysdag 7.2. vart saka så kjent i BT sine samarbeidspartnarar Aftenposten, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen. Da var vi brått blitt riksmediestoff, ein svært uvant posisjon. Saka skal også takast opp med Justisministaren, (Betalingsmur)og BT sin leiarartikkel her ein dag var svært oppløftande.

På desse to dagane som har gått etterpå, så har eg fått ei rekkje helsingar fra totalt ukjende, og i dag kom det endatil eit håndskreve brev til oss.
Alle helsingane har vore eintydig positive, og gjerne fra personar med liknande opplevingar.

Det som ikkje har vore positivt er Aftenposten sitt kommentarfelt i saka som dei la ut på Facebook.
Det er forbløffande mange hjernedøde personar her i landet. Dei uttaler seg i hytt og pine, utan å ha lest artikkelen, og spekulerer i ufine og usanne påstandar om "psykisk helse", "grining i media", "krangling" og " ut i media for å oppnå sympati".
Eg har, så langt råd er, gått i rette med samtlige som har kasta fram feilaktige påstandar, men det har vorte ein stri jobb etterkvart. Hundrevis av innlegg er ikkje alltid lett å følge med på, dessutan har ein jobb og privatliv utanom også.

Men majoriteten har vore positive.
Og når eg får hjelp og gode meldingar fra folk eg kjenner, så set eg umåtelig pris på det, mykje meir enn de anar.

De veit kven de er.


**************************************


Etter dagens oppslag i BT har eg fått ei rekkje helsingar og ikkje minst kommentarar inne på BT sine FB-sider og på sjølve artikkelen.

Nesten alle som ein har vore eintydig positive, og dei som har ytra seg ein smule negativt har ikkje lest artikkelen. Etter å ha gitt ei lita innføring i kva saka handlar om, så har langt dei fleste fått eit meir nyansert syn på kva det eigentleg er vi har vore ute etter.



Vi hadde aldri noko ynskje om å bli ein slags aviskjendisar, snarare tvert i mot, men det å jobbe inn mot Sogn og Fjordane Politidistrikt og ikkje minst; Politidirektoratet, (POD) har vore som ein dag i Kafkas "Prosessen".  Vi var heller aldri ute etter "sympati" eller "krangle" som ein meinte kunne være hensikta med å gå ut offentleg.
Vedkommande hadde ikkje lese artikkelen.

Eg vil ikkje gå meir detaljert inn i kva som nå vil skje, men konstaterer at vi kom eit steg vidare denne veka. Mykje av vidare framdrift er nå avhengig av den responsen vi får fra POD.


Eg må rette ei spesiell takk til journalisten i BT, Christian Nicolaisen, samt fotograf  Rune Sævig.
Det var deira artikkel fra før jul  (bak betalingsmur) som satte dette i gang.
Sidan den gang har eg funne fleire slike historiar, (betalingsmur) og har lest dommen fra Borgarting lagmannsrett og Sivilombudsmannens uttale om politiet og POD sin feiltolkning av regelverket.


Eg har ellers ei rekkje andre kritiske merknader til saksgangen, både i det tidlegare Sogn og Fjordane politidistrikt og særskilt i POD.
Desse vil eg forhåpentlegvis få høve til å gi meir detaljerte opplysningar om i det som eg håpar å få utgitt som ei bok ein gang i framtida. Sidan denne nitriste hendinga ramma oss seinsommaren 2015, har eg skreve ned mine opplevingar, og håpet er å få gitt ut dette i bokform ein eller annan gang.
Eit eige kapittel er der avsatt til møtet med politiet generelt og det tidlegare Sogn og Fjordane Politidistrikt spesielt.

Så, atter ein gang: Mange takk for alle gode ord og helsingar som vi har fått etter at Kristoffer døydde. De skal vite at det betyr uendeleg mykje.