mandag 6. februar 2017

Sykkelturar 2017, ein bildekavalkade

Mandag 24.10. var det på tide med ein liten tur oppi Engjadalen. Der var det kome litt snø, og været kan ikkje seiast å være varmt og tørt.

Stoppa under ei stor furu for klesskifte. Kaldt å trille dei fem kilometrane ned att i gjennomsvett tøy. Lurer på kvifor det ser så skuffande lite bratt ut på bildet?

Nedover ser det også fint og greit ut, noko som jo alle lokalkjende veit er berre tull. Her er det opp mot 15% stigning.


Med nye dekk i regnværet fram til naturreservatet ein laurdagskveld. Mørkt var det og, pr. 21.10.

Ikkje dumt med godt lys når det er slik "veg".

Ein selfie pr. 21.10.



Ein snue oppi Engjadalen m/innlagt stopp på "Ordførarsete" pr. 16.10.

Mange år sidan eg sykla her, men det var ikkje vorte mindre bratt for det, heller tvert om.

Det var vått og tildels utfordrande å komme seg fram på Navarsete, men det gjekk da på eit vis.
Og om ikkje anna så var moro heim att. 18 minuttar etter at dette bildet var tatt, så var eg heime i tunet mitt att. Fortare ned enn opp altså :-)




Ein kveldstur til Eikjastrondi pr. 4.10.2017

Utanfor Røneidstunnellen hadde det ramla ned nokre steinar i vegbana, som eg tok meg bryet med å flytte pr. 4.10.

7.10. fekk eg eit innfall om at det kanskje gjekk an å sykle til Berge. Det viste seg å bli ein ganske så tung tur når ein er i dårleg haustform. 

Børesteinen i bakgrunnen.

På veg heim att fra Luster, så måtte eg berre nedom Luster Grønt å sjå på den fine fjorden og nyte hausten ein smule.

10.10. tok eg den årlege sjølvpinarturen opp på Brunen. Opp hit er det kanhende berre seks kilometer, men med pene 11% stigning i snitt. Vart sliten...

Sjølv om det kun var hybriden, så trilla eg innover skogsvegen eit stykke. Kom borti nysnø, og hadde eigentleg ikkje dekk til å trille vidare. Måtte dermed snu litt for tidleg, knappe 700 m.o.h.

Måtte ta ein fjellfie denne haustdagen.




Forbi Ryfossen på knastedekk pr. 21.9.

Testtur opp til Joranger kyrkje pr. 26.9. med Luster SK.

Ved Nigardsbrevatnet 29.9.

På Øy 29.9. Vi ser Lodalskåpa lengst borte.

Denne litt pussige tunnellen er ei oppleving i seg sjølv når ein skal sykle til Fåbergstølen og vidare mot Styggevatnet. Foto pr. 29.9.

Knapt noko kan måle seg med ein liten familietur på to hjul. Her nedover langs Jostedalselva pr. 1.10.

Ein fin og roleg vegstrekning, omtrent utan trafikk.

På grensa til naturreservatet pr. 21.9.



2.september var det på tide med ein liten kveldstur innover fjorden.


Ved Flahamar 2.9.

7.9. hadde eg med meg sykkelen til Årdal, og tok turen fram til Vetti. På veg fram dit, så kjem ein bl.a. forbi Avdalsfossen.

Det er eit vilt og spennande landskap, og ein fin tur å sykle innover her. Stoppa fleire ganger for å ta litt bilder her og der.

På Hjelle finn vi Hjellefossen.

 Når eg først var i Årdal, så tok eg ein liten tur oppover eit par av svingane til Fardal. Hadde ingen planar om å ta heile turen til Turtagrø, det får bli ein annan gang.
10.september tok eg turen rundt om på Indre Hafslo. Dette bildet er teke på vegen mot Røyteholet og Saupsete. Da var det også greit med nye knastedekk.

Masse sauer som ville med på ein saufie pr. 10.9.

Etter ein hard fjelltur i helga, så måtte eg løyse opp beina litt med ein roleg tur rundt om i bøgdi. Tok snarvegen ned her pr. 18.9.


Langs Engjadalselva 19.8. Litt humpete her og der.

Innover mot Lustrafjorden pr. 19.8.

Ei lita utblåsning opp til Evigheitssvingen pr. 20.8.

Det er knapt noko som er så fint som ein kveldstur til Eikjastrondi. Dette er datert 31.8.



Hausten er crosstid, og dette er veldig moro! Her før nedattkøyring til Marifjøra 11.august.

Ein tur forbi dynamittlageret og Ryfossen pr. 9.8. 

Hit, men ikkje lenger. Iallfall ikkje med denne type sykkel.

Og så må vi heimatt....



3.8. var det slutt på nesten fire veker sykkelferie, og kva er vel da meir naturleg enn å ta seg ein tur ut i 13 grader og litt regn? Hybridtur oppi Engjadalen.

Prøvde ein tur oppover Vassvodladn denne torsdagskvelden i byrjinga av august, men utvekslinga på hybriden var ikkje lett nok oppover her. Snudde ved grinda. Her må ein også ha knastedekk.




14.6. Cruisebåt på Skjolden, og det måtte eg såklart ha eit bilde av.

Forbi Øyane i Fortunsdalen, pr. 14.6.2017. Rasfaren er ikkje blitt mindre sidan i fjor.

24.6. var vi til Nigardsbreen ein tur. Det var lite som minna om midtsommar denne dagen, iallfall værmessig.

28.6. tok eg meg ein solotur til Veitastrondi, liksom for å ta turen. Det vart ei svært positiv overrasking. Nylagd asfalt i 15 km.

Det er fint på Strondi på ein slik sommarkveld.

Da eg var komen ned att til Hafslo byrja sola å sige ned i horisonten, og kvifor ikkje ta nokre skuggebilder??

4.7. drog vi tre stk fram att på Strondi. Heilt klart ein av årets flottaste turar, nesten 10 mil vart det til slutt.

Det burde gå an å sykle heilt fram på Tungestølen. Det får bli seinare ein gang.




Kveldstur til Jostedalen 6.juni. Skulle eigentleg berre til kyrkja, men fekk lyst på litt karbohydratar på veg framover.


Til Harastølen for første gang på tohjul. Ein bakke på 5,2 km. som ikkje var så fæl som frykta, vel og merke hvis ein ser bort fra den tildels skrale vegbana. Opp var forsåvidt OK, men nedatt må ein ta det piano.
Fredag 1.6.2017

Hovedbygget er i dag i ein elendig forfatning. Trist å sjå den statslege bygninga forfalle slik.


Ein tur framover Jostedalen, laurdag 2.6. Kveldstur, og med eit høve til å ta eit bilde av Ryfossen i samme slengen.


Det er kanskje ikkje så lett å sjå på bildet, men ein kunne bestille omvisning på Harastølen....
Samt at området var kameraovervåka. Yeah.



Ein tur til Mørkridsdalen pr. 30.5.2017

På Hodnevollen, Mørkridsdalen, 30.5. Lenger enn dette kjem ein ikkje med sykkel.

Rundt Fjorden, med innlagt pitstop på Skjolden 27.5.

Litt morosykling mandag 29.5.



Oppi første svingen i den altfor bratte og tunge vegen til Vigdalen, pr. 8.5.2017

Rundt fjorden, den motsatte og langt tyngre vegen, pr. 13.mai.

Ein snue fram på Gjerde  pr. 15.5.

17.mai. Ein tur til Skjolden etter all maten.

Årets første til Breen. 20.5.

Ingenting er som litt grussykling når ein er i dårleg humør. Da blir ein fort litt bedre :-)
Indre Hafslo 22.5. Ser du hjorten i bakgrunnen?

Ein solotur frammi. Den nyoppussa brua i Fossøygjelet er fin å ta med seg.
25.5.

Til Jostedal kyrkje 25.5.
Altså.... den der aluminiumsboksen kunne dei faktisk ha plassert på utsida av kyrkjegardsmuren, hvis det var mogleg. Lite pent.




Årets første #thefjord pr. 6.5. med ein ekstrasnue fram på Bjørk.

Fortunsdalen, 6.5. Til alt hell var svingen dosert her, da farten var, ikkje uventa kanskje, kollosal.

#thefjord 6.5. På ferja. Ein av dei flottaste sykkelturar som tenkast kan.




Pitstop på Gjerde 3.5.

På Bergset 3.5.


Utanfor Gullringtunnellen 1.5.

Vassbakken, 1.5.

Oppi Engjadalen 30.4. Sola har akkurat gått ned bak Asbjørnsnosi.

Fortun, 29.4. Fint vær, men ein smule gylling i Fortunsdalen satte spor.

Her går det fint an å trille. Marheim 27.4.

Marheim, 27.4.

Solnedgang i Sørheimsfjedli, 25.4.

Langs #thefjord 25.4.

Til Skjolden 22.4. Snøkavar og kald vind langs fjorden. Var faktisk varmare i desember.


Til Bjørk 13.4. Ein av svært få turar der vi har opplevd motvind både innover og utover fjorden. Totalt fem mil i tildels slitsom motvind.

Ein kveldstur til Eikjastrondi 9.4. Fin vårkveld. Innover Lustrafjorden.

9.4., utover Lustrafjorden :-)

15.4. Ein morotur på grus, traktorveg, sti og asfalt. Her nedanfor Hausabakken. Reknar med at jaktsesongen er litt tidleg enda?

Låg att ein og annan snøflekk framover, men fine køyretilhøve.

Til Mørkridsdalen 17.4. Ein pitstop i Skjolden sentrum.

8.4.2017. Opheim heiter det vel her. Har aldri vore her før. Fast dekke heilt hit, totalt nesten seks km. samanhengande stigning. Ein fin og altfor lite brukt motbakke rett i nabolaget. Fra gamleskulen og heilt opp til Sjåflat er det 3,6 km. og 285 høgdemeter. Der er dei siste trehundre metrane på grus.

Sjåflat 8.4.2017. Tunge bakkar opp hit. Her kan ein køyre rundt og nedatt på Høgi. Når vegen er snøfri vel og merke.

Tok ein snue fram forbi dynamittlageret i dag også. Kom 100 meter lenger enn forrige søndag.
Bilde tatt 8.4.2017.



Årets første til Fossøyadn. 29.3.2017

Inn Gåpnafjorden 29.3.2017.

Ein liten ettermiddagssnue opp til kassa i Judassvingen, 2.4.2017.

Forbi Fossøyadn, 1.4.2017.

Ryfossen 1.4.2017.



Ein liten luftetur mandag 20.3. Litt regn og vind.

Til Ormbergstølen 22.3. Kjølig. Nede i halvannan grad på det minste.

Med målsetning om årets første tur opp Engjadalen fredag 24.3. Dessverre var det is i vegen rett ovanfor der dette bildet vart tatt, så da stoppa eg likegodt her.

Litt pedalterror laurdag 25.3. Årets første tur til Skjolden gjekk, ikkje overraskande, i kollosal fart. 

Ein fanastisk flott vårkveld på Sørheim, mandag 27.3. Skulle eigentleg berre til Skjolden, men det vart over åtte mil til slutt.





Fram forbi Fonndøla i byrjinga av mars 2017, liksom for å teste hybriden.



Til Leirmo ein regnfull, mørk og kjølig søndagskveld i midten av mars.

Årets første tur forbi Neshøgdi, her utsikt ut Lustrafjorden pr. 4.3.2017

Framleis is på fjorden, ikkje uvanleg det i byrjinga av mars.


 Årets første tur opp til Brui, i joggesko, utan sykkelbukse og hjelm. Glatt var det og :-) Skulle eigentleg gå ein tur, men fant ut at var meir skøy å trille.
16.2.2017

Årets første tur fram Gåpnahagadn gjekk føre seg utan piggdekk, på ein "veg" beståande av svært blaut grus og is. Gikk nå bra på eit slags vis det og.
20.2.2017. 


Forbi tverrslaget, men utan piggdekk tok eg ikkje sjansen på å reise særleg lenger.
20.2.2017




Litt tåkesykling til Nes 22.1.2017

Ved Røneidstunnelen 22.1.2017

På Nes igjen, 29.1.2017. Litt mindre tåke denne gang.