fredag 6. januar 2017

"Interstellar" _ Filmomtale

Omsider.
Over to år etter at eg opphaveleg skulle sjå storfilmen Interstellar på kino, så har eg fått somla meg til å sjå dette science-fiction dramaet fra 2014.

A ringed spacecraft near a wormhole, here depicted as a massive reflective sphere.


Når vi skulle sjå denne på kino i Oslo hausten 2014, så var det utsolgt. Istaden havna vi på "Hunger Games, the Mockingbird", ein av mine verste kino-opplevingar nokon gang.
Kontrasten til Interstellar kunne vel knapt ha vore større, for det viser seg at vi gjekk verkeleg glipp av noko den kvelden.

Litt om plotet:
I ei ikkje altfor fjern framtid er jorda på samanbrotets rand, grunna biologisk endring. Alle planter og matvekster blir herja av ein slags mugg som øydelegg gradvis meir, år for år. Det einaste som er noko særleg å dyrke er mais, men også for denne hardføre matplanta byrjar dagane å minke. Enorme støvstormar kveler ei stadig minkande befolkning på planeten, og det er berre snakk om tid før vi døyr ut.
For å prøve å berge dei kommande slekter, må vi finne ein annan planet å bu på. Og til alt hell har det dukka opp nokre brukbare alternativ. Det er berre eitt aber: Det er svært vanskeleg å komme dit...
Filmens hovedperson, den tidlegare piloten og nåværande maisdyrkar Cooper, vert kontakta for å høyre om han kan bistå til å berge oss som art. Han må "berre" få eit mannskap til Saturn, gjennom eit ormehol, og så finne att nokre tidlegare ekspedisjoner som vart sendt avgarde før.
Ikkje det lettaste oppdraget altså.
Med seg på turen får han fagleg bistand fra tre medpassasjerar, samt eit par robotar.
Ei anna historie i filmen er det som skjer på jorda medan astronautane er på tur. Det er av stor betydning, ikkje minst når det nærmar seg slutten, av både film og levevilkår.

Utan å røpe altfor mykje (sjølv om alle nå har sett denne filmen) så kan ein vel sei at det vert ein tøff tur, og spesielt dette med tid spelar vesentleg inn. Teorien med at tid vert oppfatta forskjellig i ulike deler av universet gir oss eit par artige utslag. T.d. på den planeten der kvar time utgjer sju år på jorda....

Filmen tør eg påstå er litt meir intelligent laga enn den "vanlege" sci-fi saken som det går 13 på dusinet av. Produsentane fikk med seg vitskapsfolk til å rådgi ein smule i høve manuset, og sjølv om det sikkert er eit og anna hol i logikken her, så framstår det heile likevel såpass truverdig at dette kan vi svelge.
Filmen har da også fått godord fra vitskapsmiljø for at den framstår truverdig, men som sagt; Nokre feil og filmatiske grep er det sjølvsagt. Ville t.d. ikkje skyer av is ha blitt påverka av tyngdekrafta??

Men einskilde slike blemmer til tross, dette er eit sant sci-fi meisterverk. Med ei samla speletid på over to og ein halv time, så skulle ein kanskje tru at det vart langtekkeleg og kjedeleg, men nei.
Filmen vekslar mellom dei dramatiske handlingane som romfararane opplever, samt dei stadig verre leveforholda på jorda. Vi kan faktisk tru at det etterkvart vert uleveleg på planeten, og at den einaste utvegen er å reise til ein anna planet.

Vi har ei sterk rolleliste her.
Matthew McConaughey som Cooper er "vår helt", med sterk bistand fra Anne Hathaway som dr. Brand. I sentrale biroller finn vi ikkje mindre enn tre versjonar av Cooper si dotter Murph, og alle etterlet eit godt inntrykk.
Dessutan finn vi eit par veteranar i John Litgow og Michael Caine i viktige biroller, samt Matt Damon, Topher Grace og Casey Affleck som også dukkar opp.

Interstellar er ein ny storfilm fra regissør Christopher Nolan, mannen bak rebooten av Batmanfilmane og Inception.
Budsjettet var skyhøgt, men det lever sikkert filmselskapet Paramount godt med, all den tid da inntektene var enda bedre. Etter at alle marknadsutgifter var trekt fra, så sat dei att med eit pent overskot på nesten 50 mill USD, det er slett ikkje verst. Totalt skal filmen ha dratt inn ca. 670 mill USD, og var med det den tiande mest innbringande filmen i 2014. Som eit apropos kan ein jo nevne at Interstellar toppa besøkslistene i USA i eit par veker, før den vart utkonkurrert av ingen andre enn.... Hunger Games; The Mockingbird.  Wow.

Eg er ingen superfan av sci-fi filmar, men når dei er laga så bra som dette, så gjer vi eit unntak. Filmmatisk er dette storslagent og det framstår så nokolunde truverdig for ein lekmann. Såklart kan ein og annan vitskapsmann finne noko å kritisere, men for oss vanleg dødlege er dette kanonbra.
Eg finn i det heile svært lite å kritisere, og dersom du ikkje allereie har sett denne storfilmen på blu-ray eller DVD, så er det berre til å laupe og kjaupe.


Høgdepunkt: Kjempebølgene på den første planeten. ju-huuu!!
Lavmål: Cooper dyttar ned nokre bøker fra framtida til Murph sitt rom. Ikkje spesielt sannsynleg det der.

Men ein bitteliten detalj til tross; dette er eit sant meisterverk innan genren. Ein god stol, surround-anlegget på full guffe og litt snadder på bordet, så har du ei god stund i vente.

Eit must.

Ein knallsterk

Bilderesultat for terningkast fem