fredag 29. desember 2017

"Selvmordsrisikoen redusert med en firedel på en generasjon"

Dette var overskrifta på ei melding som Folkehelseinstituttet sendte ut 13.12.2017.

Det kan hende at dette høyres veldig oppløftande ut, men dersom ein ser litt nærare på statistikken, så ser det adskillig meir dystert ut.

Ja, det er rett at sjølvmordsraten sidan 1990 har gått ned. Såvidt eg kan lese statistikken, så var det på slutten av 1980-talet at det var verst, dvs. under jappetida, med dertilhøyrande konkursar, og anna elendigheit.

Det er såklart vel og bra at raten har gått ned sidan den gang, men Folkehelseinstituttet nemner ikkje andre viktige deler ved statisikken som kan være verdt å ta med seg. Rett nok nemner dei at det har vore ein viss auke i antall sjølvmord i 2015 og 2016, men det er visstnok innafor svingningane som ein kan forvente.

La oss gå litt inn i materien:

Fra 1996-2016 har det vore ialt 11445 sjølvmord her i landet. M.a.o. eit antal nesten på nivå med Florø kommune her i Sogn og Fjordane.

For samanlikninga sin del, så har eg også sett på antal dødsfall etter alkohol, narkotika og i trafikken i samme tidsrom.

Antal døde i trafikken er 4635. Antal døde etter narkotikabruk er 5760, medan alkohol kjem dårlegast ut, med 8241 dødsfall i åra 1996-2016. Det er likevel over 3000 FÆRRE enn antal personar som tok sitt eige liv i  same periode....

Eg har også sett på dette med alder på dei avdøde. For alkohol og narkotikarelaterte dødsfall, så er det dessverre ikkje alder tilgjengleg, men for trafikkdødsfall er det.

Tala viser at i perioden 1996-2016 så var det 466 personar i alderen 0-29 som døydde i trafikken.

I samme periode var det 2661 i same aldersgruppe som begikk sjølvmord.


Folkehelseinstituttet sin eigen statistikk er lett tilgjengleg på nett fra åra 1996 og framover.

Eg har sett på antall sjølvmord i denne perioden i to tiårsbolkar, fra 1996 t.o.m. 2006 (11 kalendarår), samt fra 2007 t.o.m. 2016 (10 kalenderår).

I åra 1996-2006 var det i snitt 534 sjølvmord kvart år, medan det i perioden 2016-2016 var i snitt 556 sjølvmord årleg. I sistnemnde periode er tre av dei verste åra også inne blant dei fire siste åra.

Sidan det dystre året 2011 med 601 sjølvmord (kanskje ikkje så overraskande at akkurat 2011 hadde eit såpass stort antall), så  er trenden at fleire og fleire personar tek sitt eige liv. Berre sidan 2012 har antalet auka med 91 personar i året.

Som ein ser: Sjølvmordsstastikken er ikkje så  oppløftande som Folkehelseinstituttet kanskje vil gje inntrykk av. Dei har rett nok teke utgangspunkt i toppåra rett før 1990, men trenden siste 20 åra er klar som dagen: Antal sjølvmord viser ingen tegn til å gå ned, tvert om , og sidan befolkninga stadig aukar, så får vi også fleire som velgjer denne triste måten å avslutte livet på.

Eg synes faktisk overskrifta til Folkehelseinstituttet er ein smule provoserande, spesielt for oss som har opplevd sjølvmord på (altfor) nært hald.

Innspelet fra LEVE (Landsforeininga for etterlatte ved sjølvmord) var såleis heilt på sin plass. 


Eg vil såklart ikkje sette trafikkdød, sjølvmord, alkohol og narkodødsfall opp mot kvarandre, men med tanke på at sjølvmord er eit så stort og omfattande samfunnsproblem, så er det forunderleg at det ikkje er meir fokus på dette.

Hvis vi ser på t.d. trafikkdødsfall, så var det i 1996-2006 i snitt 297 dødsfall kvart år.

Det er derfor svært gledeleg at antal trafikkdrepne no stadig går nedover, til tross for ein vesentleg større trafikk. Heilt sidan 2010 har det no vore under 200 drepne, og dei siste to åra  h.h.v. 123 (2015) og 134 (2016) trafikkdødsfall. 2017 ligg an til å bli enda bedre.

Kva hadde Statens Vegvesen gjort dersom antall trafikkdøde hadde auka med 100 personar i samme periode? Dei reelle tall er 224 trafikkdøde i 2007 og 134 i 2016.

Eller eit anna tankespel: Kva hadde t.d. norsk politi sagt dersom antal narkotikadødsfall hadde auka med 130 døde? Dei reelle tall er 278 narkodødsfall i 2007 og 282 i 2016.

Det statistikken ikkje fortel noko om er kor mange trafikkulukker som i realiteten er sjølvmord. Som avdekka i diverse riksmedia for nokre år sidan, så kan mørketala her være meir ubehaglege enn ein trur.

Det er ellers å bemerke at denne posten  ikkje er meint som eit angrep på dagens trafikkpolitikk, narko eller ruspolitikk. Dette med norsk narkotikapolitikk har eg teke for meg tidlegare.


Uansett: Innspelet fra LEVE var ein god og rett reaksjon på ein artikkel fra Folkehelseinstituttet som var ein smule nedslåande å lese. Hadde eg ikkje visst bedre, så skulle ein nesten tru at dei ikkje hadde lest sin eigen statistikk.

onsdag 29. november 2017

"Lustrabakkar 2018"

Som nemnt på samankomsten i Luster SK fredag 17.11. så lagar vi til ei morotevling for neste år. Dei siste tre åra har vi hatt "uoffisielle klubbmeisterskap", som har vore å klatre opp ulike bakkar fortast mogleg.

Dette utvidar vi til neste år, men det er fortsatt mest ein konkurranse mot oss sjølve, for å teste kva ein er god for. Vi er ulike på så mange måtar, så det kan aldri bli heilt rettvist uansett.

Måleutstyr: Strava, og dei segment som er lagt inn der.
(Nei, eg har ikkje laga ti segment spesialdesigna for meg sjølv. Faktisk har eg berre laga eitt av dei)
Og hugs: Hvis det ikkje er på Strava, så har det ikkje skjedd.


Det er derfor plukka ut ti forskjellige bakkar rundt om i kommunen. Dei ti er kjende og "kjære" bakkar som antaglegvis alle av oss har sykla opp på eit eller annan tidspunkt.
Bakkane er delt inn i fire ulike kategoriar, akkurat slik som i "ordentlege" sykkelritt, og så har vi lokalt preg på dei heile.

"Konkurransen" hvis vi kan kalle det så, varer fram til 1.9.2018. Da tek eg føre meg alle bakkane, og legg inn deltakarar og poeng etter sjølvkomponert skala. Meir om denne nederst i posten.
Det er kun medlemmer i Luster SK som vert med i sjølve "tevlinga".

Vi byrjar med dei to "lettaste" bakkane, dei er plassert i kategori 4:
Nr. 10 er antaglegvis kommunens mest brukte bakke, nemleg det som heiter Neshøgdi climb.
Bakken er 1,5 km. lang, stig 61 høgdemeter og har eit snitt på 3%. Brattaste parti (som er svært kort) kjem opp i 6,7%
Rekorden er satt heilt tilbake i 2012 og lyder på 2:38.




Nr. 9 er også ein kjent, liten bakke for mange av oss, og den einaste som går delvis på grus.
Stigninga er ca. 850 meter lang, og dei 650 siste er altså på grus, men dette er ein strekning som eg har sykla på racer fleire ganger. Burde ikkje by på problem å ta seg opp hit med smale dekk. Ned att må ein nok ta det litt med ro....
Som nemnt: Ca. 850 meter lang, og det stig 87 høgdemeter, dvs. eit snitt på dryge 10%, og det er brattast rett etter start, der vi kjem opp i 13%.
Rekorden er fra hausten 2014 og er på 3:13





Da går vi opp eit hakk, og tek føre oss tre litt tyngre bakkar.

Nr. 8 er Lambhaug climb (riktig høgde) som det står på Strava, også ei mykje brukt stigning i kommunen.
Det er fra Tangaflati og opp til Lambhaug, ei strekning på 2,7 km. der vi skal opp 151 høgdemeter. Snittstigning er på 6%, brattast i byrjinga opp til gamleskulen der vi skal opp i 9%, iflg. Strava.
Bestetid er fra våren 2016 og er på 7:10



Nr. 7 er ein bakke som nok alle i dei ytre deler av kommunen kjenner til, nemleg "Gamleveg Hafslo climb". Dette er som namnet seier gamlevegen på Hafslo, og bakken startar like etter Hans Nes Bygg AS, og varer til vi er ferdige med dei bratte partia oppe på Heggmyrane. Distanse er målt til 1,5 km. og 119 høgdemeter som gir eit snitt på heller pene 8%. Men som vi alle veit: Siste kneika opp til mål, der er det adskillig brattare, heilt opp i 16 og 18% på det verste. Trøsta får være at det ikkje er så langt.
Rekorden er fra sommaren 2014 og er på 4:16



Nr. 6 og siste bakke i kategori 3, er ein litt anonym sak, som mange burde ha sykla mykje oftare.
Det er Dalsdalen climb, 1,4 km. og 137 høgdemeter, som da gir eit snitt på knappe 10%.
Start er like ved Lerisbui i Luster, og mål er der som det går ned att innover mot sjølve Dalsdalen. Avkøyringa til Åsen er på venstre side.
Bakken er litt i trappetrinn og har parti på over 12%.
Rekorden er fra sommaren 2015 og er på 4:53.





Neste nivå, kategori 2:

Nr. 5 er ein velkjend bakke, nemleg Marifjøra - Heggmyrane om gamlevegen på Indre Hafslo. Da vil bakke nr. 8 være ein naturleg del av denne, så da får kvar einskild velje korleis ein vil gjere det.
Bakken er 8,9 km. lang, og stig 341 meter, eit snitt på 4%. Brattast er som på nr. 8, altså eit lite stykke på 9%.
Mrk. at vi ikkje er heilt oppe før vi er komne til avkøyringa til hyttene!
Rekorden er fra nå i sommar, og er på 20:28.



Nr. 4 er opp til samme punkt, men fra motsatt side, nærare bestemt fra Solvorn. Bakken heiter er "Solvorn-Heggmyrane", og den har eg laga sjølv. Det er litt kortare, 6,8 km. men da vi også her skal opp ca. 340 høgdemeter, så vert snittet litt høgare, nemleg 5%.  Stigninga byrjar heilt nede på kainivå, og følgjer hovedvegen til Galden og fylkesvegen til Heggmyrane, altså ingen avstikkarar på gamle vegar her.
Rekorden er fra nå i sommar, 17:06 er tida.



Nr. 3 er ein godbit, og ein bakke som er vorten meir populær siste åra, Col d` Leirdalen (bompengekryss).
Det er kanskje ikkje så langt som dei to andre i same kategori, men adskillig brattare.
Berre 2,7 km. men  284 høgdemeter gir eit snitt på dryge 10%. Brattast den første snaue kilometeren, der det ligg jamnt på 12-14%
Bestetid er satt hausten 2016 og er på 11:07





Da er det berre det beste att :-)

Nr. 2 er Mount Vigdalen. Det er ein lite brukt bakke, men den er svært moro å trille opp, og ikkje minst ned att. Bakken er 5,5 km. og vi skal opp 599 høgdemeter.
Dette gir ein snittprosent på anstendige 11. Bakken byrjar rett etter brua over Jostedøla. Så skal vi heilt inn på Vårstølen i Vigdalen, noko som betyr at vi må inn på bomvegen etter snuplassen. "Jammen, er det ikkje bratt der da?" Jepp, heilt opp i 28% på det verste, noko som gjer at fleire antaglegvis må gå den brattaste biten. Mrk. at det no er fast dekke heile vegen inn.
Rekorden er satt i august 2014 og er på 28:52.



Nr. 1 er sjølve kongebakken vår, ein stigning som alle kjenner; Fortun-Turtagrø.
8,7 km. 724 høgdemeter. Snitt 8%. Brattast heilt på slutten der vi kjem opp i nesten 12%.
Alle kjenner denne stigninga, så noko nærare presentasjon er ikkje naudsynt, men rekorden opp er altså fra sommaren 2016 og er på 31:27. Rekordinnehavar står det litt om her.




Så da er det berre å ynskje lukke til!



Poengskala:

Bakke kategori 4:
Nr.1:10 poeng.
Nr. 2: 9
Nr.3: 8
Nr.4: 7
Nr.5: 6
Nr.6: 5
Nr.7: 4
Nr.8: 3
Nr.9: 2
Nr.10: 1
Alle som fullfører får eitt poeng, berre så det er nemnt.

Bakke kategori 3:
Nr. 1: 25
Nr. 2: 20
Nr. 3: 15
Nr. 4: 10
Nr. 5: 9
Nr. 6: 8
Nr.7: 7
Nr. 8: 6
Nr. 9: 5
Nr.10: 4
Nr.11: 3
Nr. 12: 2
Nr. 13: 1
Alle som fullfører får 1 poeng.

Bakke kategori 2:
Nr. 1: 50
Nr. 2: 40
Nr. 3: 30
Nr. 4: 25
Nr. 5: 20
Nr. 6: 15
Nr. 7: 10
Nr. 8: 9
Nr. 9: 8
Nr.10: 7
Nr.11: 6
Nr.12: 5
Nr.13: 4
Nr.14: 3
Nr.15: 2
Nr.16: 1
Alle som fullfører får 1 poeng.

Bakke kategori 1:
Nr. 1: 100
Nr. 2: 90
Nr. 3: 80
Nr. 4: 70
Nr. 5: 60
Nr. 6: 50
Nr. 7: 40
Nr. 8: 30
Nr. 9: 25
Nr.10:20
Nr. 11:15
Nr. 12:10
Nr. 13: 9
Nr. 14: 8
Nr. 15: 7
Nr. 16: 6
Nr. 17: 5
Nr. 18: 4
Nr. 19: 3
Nr. 20: 2
Nr. 21: 1
Alle som fullfører får 1 poeng..

tirsdag 28. november 2017

Norsk narkotikapolitikk, og dei fatale konsekvensar det fekk for oss.

Oppdatert mandag 15.6.2020:

Mangt og mykje har skjedd sidan denne posten vart oppdatert sist, og eg har vore heldig siste halvåret, og møtt mange flotte menneske.
Eg har skreve meir om dei tidlegare.

Nå har det gått noko tid sidan rusreformutvalet la fram si utredning, faktisk eit halvt år. Sidan den gang har ikkje debatten akkurat stilna, heller tvert om. Den kokar meir enn nokon gang, og ei rekke forunderlege innspel har kome, og eg tenkte å sjå på nokre av dei raraste, samt å fortelje litt om korleis debatten føregår, sett fra min ståstad.

Det er, dessverre, svært mykje å ta tak i, og eg har ikkje kapasitet til å ta føre meg alt.
Eg vil byrje med politimeisteren i Vestland, som i byrjinga av mai hadde eit innlegg på plass i ei rekkje lokalaviser her på Vestlandet.
Eit heilt berettiga, og endatil velmeint tips til Vestland politidistrikt etter å ha lest dette: Bruk nokre kroner på ein kommunikasjonsrådgjevar.
Innlegget til Politimeister Songstad er kanskje det mest usammenhengande, forvirrande og sjølvmotseiande innspel i debatten på mange år. Det er faktisk ikkje råd å forstå kva han meiner, og han ønsker å innføre eit nytt begrep i norsk straffepleie, nemleg ei øvre aldersgrense på 18 år. I praksis; Dei som er over 18 år kan sleppe straff, medan dei under fortjener straff.
Forvirra?
Eg sit her med innlegget framfor meg, og eg siterer: "Vi mener likevel at forslaget om avkriminalisering kun bør omfatte de tyngste brukerne, og iallfall ikke ungdom under 18 år"

????????

Vidare: "Oppfølging skal være frivillig, og helt uten konsekvenser......ovenfor dem som nekter. Nei, vi mener ikke at ungdom som bruker narkotika bør straffes. Tvert imot. De skal få hjelp. Men den bør ikke være frivillig".

Første del av utsagnet er enten heilt feil, eller blank løgn. Manglande oppfølging FÅR konsekvensar, men dei vert sivilrettslege, ikkje strafferettslege. 
Politimeisteren i Vestland seier tidlegare i innlegget at han har lest heile utredninga. Men da har vi ein øverste leiar for politiet på Vestlandet som ikkje har forstått innhaldet i utredninga evt. at han er ein løgnar. 
Det får være opp til kvar einskild å bedømme kva han er.
For ordens skuld; Eg trur han ikkje har forstått utredninga.

Og så presterer han altså å sei at "ungdom ikke bør straffes", 13 linjer etter at han har sagt at avkriminalisering ikkje bør gjelde ungdom under 18 år. 19-åringen kan altså røyke i fred, med 17-åringen skal vi straffe, før han så seier at sistnemnde skal få hjelp, ikkje straffe, men hjelpa skal ikkje være frivillig. I norsk helsevesen skal det svært mykje til før vi bruker tvang. Politimeisteren tøyer dette begrepet laaaaaaaangt.

Igjen: Ein korrekturlesning av debattens mest forvirrande og usammanhengande innlegg hadde vore ein god ide.
Men overraskar det meg?
Nei, dette er politiet i Bergen og Vestland, distriktet som sender 14 politifolk og narkohunder for å leite etter hasj (som dei ikkje finn) etter eit mildt sagt kontroversielt besøk på Flora vidaregåande skule, samstundes som det samme politidistriktet henlegg 90% av alle overgrepssaker, verst i landet. 
Det same distriktet som brukte fire veker på å trykke "videresend" på ein e-post eg sende til dei desember 2017. Ingenting forbausar meg med dugløysa på leiarnivået i Vestland politidistrikt lenger.



La oss nå sjå på eit par andre innspel, og i det høvet passar det bra å nevne rariteten "Foreldreoppropet mot narkotika" som såg dagens lys i byrjinga av mai 2020. Utad ser dette ut som eit tilforlatleg og ryddig opplegg, men det viste seg snart at dette var lysår fra å være det som det gav seg ut for å være. 
"Foreldreoppropet" er ikkje noko slikt i det heile tatt, men ein slags krampetrekning for å framleis få høve til å straffe dei som velgjer å bruke eit anna rusmiddel enn alkohol. Ikkje overraskande er det Norsk Narkotikapolitiforening og IOGT som står bak. NNPF har forlengst blokkert meg fra å kommentere på FB-sidene deira, og det tok neimen ikkje lang tid før eg var blokkert fra dette oppropet sine sider også, faktisk berre nokre minuttar etter at eg (for første gang) svarde styreleiaren i NNPF direkte.
Han påstod nemleg at "legaliseringsbevegelsen ikke eier skam", noko eg fant svært sårande og provoserande all den tid eg mista min nesteldste sønn som ein direkte følge av forbudspolitikken som han går i bresjen for.
Kva gjorde så dette ryggradslause "Foreldreoppropet"? Jo, som forbudsfolk flest, når dei vert konfrontert med dei mørke sidene av sin eigen politikk; Dei blokkerer og sletter. Styreleiaren i NNPF tok så og redigerte innlegget sitt til å omfatte "DELER av legaliseringsbevegelsen", for han meinte jo ikkje meg så klart, men tok likevel å sletta og blokkerte meg.

I ein anna tråd på det samme "Oppropet", så etterspurde eg dokumentasjon på deira påstand om at norske ungdommer bruker minst narkotika i Europa. Dei kom så med den fem år gamle, og svært svake undersøkinga fra ESPAD. Svak, fordi svarprosenten er tildels svært låg, og såleis ikkje er særleg mykje verdt. I tillegg er det altså kome fleire undersøkingar i ettertid som viser andre resultat. Og som prikken over "I-en": ESPAD-undersøkinga dei viste til fortalde oss at Norge slett ikkje er den beste i klassen, vi er på fjerde plas. Legg der til at vi er på andreplass på både tobakk og alkohol, lovlege men strengt regulerte varer, enn vi er med narkobruk blant unge. Det burde såleis være opplagt kva som fungerer best.
Men vips, så var eg altså blokkert.

Sidan eg sjølvsagt har ein reserveprofil til bruk for nettopp dei blokkeringskåte, så har eg fått med meg alt som har skjedd av aktivitet på "Oppropet" sine sider.
Nokre pussige videoar er verdt nokre ord, ikkje minst Oslo-entusiast og rettferdsmann nr. 1, Jan Bøhler. Eg holdt faktisk ut å sjå heile videoen hans, og konkluderer med at han neppe har lest eller forstått ein døyt av utredninga sitt innhald. Han er endatil frimodig nok til å konkludere med at "denne reformen, den må vi stoppe". Han vil altså fortsette å straffe brukarane, og kjem i tillegg med dei same absurde og feilaktige påstandane som politimeister Songstad gjorde: Bl.a. det at dei ikkje lenger skal reagerast mot folk som vert påtruffen med narkotika på seg. Det er kjedeleg å repetere seg sjølv, men dette er altså anten feil, eller løgn. Politiet skal framleis beslaglegge all narkotika dei kjem over, og alt av salg, produksjon og innførsel vil framleis bli straffa som før. Det er kun bruken og oppbevaring av nark til eige bruk som skal overførast til sivilrettslege virkemiddel.

Ein anna luring på dette "oppropet" sine sider meinte i sin video at dette var ein egoistisk reform, som kun var der for at vi "liberalister skulle få bruke narkotika straffefritt selv".
Altså, hvis det er kronargumentet ditt, da er du berre dum.
Vedkommande måtte vedgå at dette ikkje var spesielt smart sagt, og IOGT beklaga også på eit slags vis. Da eg spurde IOGT sin administrator om dei ikkje burde slette heile videoen, slik som dei hadde gjort med ei rekkje andre innlegg, eksempelvis mine, så fikk eg aldri svar.

Den største løgna eg har sett kom likevel fra ein AP-politikar i Midtnorge. Han hadde nemleg vore på eit "Vekkelsesmøte" i regi av NNPF nokre dagar før, og da hadde han fått vite, at dersom det vart slik som rusreformutvalget foreslo, så var det nå fritt fram å køyre i narkorus. Det hadde han nemleg fått vite av NNPF, så da var det GARANTERT sant.
Det nekter eg faktisk å tru at NNPF har sagt, og eg trur heller at vi berre har (enda ein) lokalpolitikar som ikkje har forstått bæret av kva reforma innebær.
Køyring i ruspåverka tilstand er, har vore og vil forhåpentlegvis forbli, like tabu i framtida som det har vore. Hadde det stått til meg, så hadde vi innført samme regelverk på småbåtar, men det vart visst ikkje noko av det, ein par øl er liksom greit i båten det....
Paradoksalt nok imot stemmene til FRP, som har sagt at vi må få røyke, drikke og spise rødt kjøtt, og altså drikke øl i båten. Men ikkje røyk hasj da! DET er fy.


Eit anna stadig gjentakande argument er at "med auka tilgjenge så aukar bruken". Men dette var ikkje innafor utvalget sitt mandat. Vi synes framleis det er smart å la kriminelle selge dyr og dårleg dop til våre barn, døgnet rundt, og nå byrjar altså erfaringane fra Canada å melde seg. Dei viser, akkurat som intensjonen var, at cannabisbruken blant unge (under aldersgrensa for å kjøpe lovleg) har blitt kraftig redusert. Totalbruken har langtfra eksplodert som ein påstod i ein debatt eg var nå i vinter, den har auka med 1,8%, og altså kraftig reduksjon blant unge. At voksne tar seg ein lovleg hasjblås framfor det langt farlegare rusmiddelet "alkohol" skal vi berre være glade for.
Årets sjølvmål kom fra NNPF i Trondheim som rett ut sa at når folk brukte narkotika, så drakk de mindre ute på byen. 
Som om det er eit problem. Ja, dei kriminelle håver inn ekstra kroner, men det er nå slik vi vil ha det.



Det synes å være brei semje om at dei tyngste brukarane skal få hjelp, og ikkje bli bøtlagt lenger. 
Men eg har enda ikkje fått vite kor grensa skal gå, mellom problematisk og uproblematisk rusbruk. 
Så, her er eit forslag; Sjå til Portugal. Så lenge rusbruken ikkje påfører andre problem, så treng vi faktisk ikkje bry oss. Og dei som i såfall bør bry seg, er definitivt ikkje politiet, men helsevesenet. 

Debatten kjem sikkert fortsatt til å koke framover, men uansett er det framgang å spore. Slike debattar hadde aldri eksistert for 20 år sidan, men no har vi altså sjansen til å gjere eit historisk første steg mot ein human og kunnskapsbasert narkotikapolitikk.










Oppdatering, 3.3.2020

Det har gått mange månader sidan forrige oppdatering av denne posten, og svært mykje har skjedd sidan den gang.

Dei siste par månaders hendingar fortjener nokre ord, men dette kan bli ein litt meir omfattande sak, så fram til da:


VI
hadde rett. DE tok feil.




Den gamle posten er arkivert og kan finnast her.

fredag 3. november 2017

Kvifor ein ikkje vil være så aktiv på FB lenger.

Facebook og andre sosiale media er ein fantastisk ting. Ein kan halde kontakt med idrettslag, turlag, gamle klassekameratar, kollegaer og stort sett kva den enn skulle være.

Alt dette er vel og bra, og unekteleg eit gode.


Men Facebook har ei svært mørk bakside, som ein slags kloakk av det verste oppgulp som tenkast kan.
Og det er årsaka til at eg ikkje brukar "boka" noko særleg lenger. Og mindre vil det nok bli.

Heldigvis har eg ingen i min vennekrets på ca. 475 personar som tilhøyrer dei meir konspiratoriske deler av befolkninga. Eller; Det har vore eit par tilfeller for nokre år sidan, og dei berre kutta eg ut. Livet er for kort til å la seg irritere over bekjente i tåkeheimen.


"Men du kan da berre la være å sjå på slike sider".
Såklart.
Men det er rart med det. Nesten som ein slags forboden frukt så vert ein dregen mot galskapen som skjuler seg på nett. Eller forresten; Den skjuler seg ikkje. Folk lirer av seg alt mogleg ræl på heilt opne profilar, og på opne forum. Og når dei vert konfronterte med dette, så er det piggane ut med ein gang.


Nokre eksempel:

Religiøse fanatikarar, eller skrothøgre som dei gjerne vert kalla. Desse er gjerne med i små miniparti på ytterste høgre fløy, og tek Bibelen bokstavleg. Ja, endatil her i landet fins det personar som trur at jorda er 6000 år gamal og at Syndfloda fant stad på "årntle".
Kristendommen er under angrep. Iallfall hvis vi skal tru diverse konservative kristne her i Norge. Som eit motsvar har vi altså fått ein slags underleg partiflora som Partiet de Kristne, Norges Kristne og andre rarietetar. Desse partia er mikroparti og hadde sjølvsagt ingen sjanse til å komme på Stortinget, og sjansane til kommunal representasjon er også svært liten. Nei, kristendommen er ikkje under angrep. Det er berre det at no trur faktisk ikkje folk flest på gud lenger. Ingen av dei. Gudane altså. Medlemstalet i Den Norske Kyrkja går stadig nedover til tross for ei stadig aukande befolkning, men dette skuldast ikkje eit angrep på kristendommen. Det betyr i langt større grad at fornuft og kritisk tenkning betyr meir.
Eit utslag av kor lite religion betyr kan ein sjå på FB-sida til Sogn og Fjordane Indremisjon. Den har 36 personar som "liker" den sida. Mi amatørside om fjellturar og sykkelturar har 65 personar som "liker". Om ikkje anna er det hyggeleg å sjå at nokre beretningar om ein fjelltur og ein trilletur i ny og ne, fengar meir enn Indremisjonen i heimfylket.

Nå denne veka kunne ein slik kjendispastor fortelje at gud hadde fiksa ein mobiltelefon. Med tanke på at det døyr tusenvis av menneske her i landet av kreft kvart år, så finn eg guds prioriteringar noko underlege. Mobiltelefonar er altså viktigare. Greit å vite.
"Det står i bibelen" er eit argument. Der står det også at du skal drepe naboen din dersom vedkommande jobbar på søndag, at slavar er ok å piske, homoar skal steinast og at flodhesten er det flottaste gud har skapt. Det er også ein historie om ein 500 år gamal mann som fekk med seg sine 100 år gamle søner, bygde ein båt, henta pingvinar og kenguruar for å redde dei ombord i nemnde båt som til slutt stranda på eit over 5000 meter høgt fjell i Tyrkia.
Dette trur folk på. I Norge. I 2017. På Facebook.

Av andre religiøse fantastar har vi sjølvsagt dei som meiner at islam er ein fredleg religion, men hvis du spottar Allah, så bør du halshoggast. Vidare har vi dei som meiner at Israel og jødane kun forsvarer seg og sitt territorium, og at dei aldri har gjort noko gale mot t.d. palestinarane.
Altså... du MÅ ikkje forsvare alt som di tru måtte komme opp med.

Det alle dei religiøse skrullingane har til felles, er at alle meiner dei trur på  den rette guden.


Innvandringsmotstandarar. Det er ok å være kritisk til innvandring, men det må være tufta på eit nokolunde vettugt grunnlag. Påstandar om at Norge snart vert overteken av muslimske ekstremistar er berre for dum. Etter 50 år med innvandring utgjer muslimske trussamfunn knappe 2,5% av befolkninga, så den invasjonen av muslimar har ikkje lukkast i særleg stor grad.
Kombinert med innvandringsmotstand, så ser vi også ei frykt for at muslimar skal begå terror her i landet. Det er ein reell og begrunna frykt, men det vert for tåpleg når det i neste setning kjem "Når skal vi oppleve dette her?".
Vel.... vi HAR opplevd det her....Det som har vore av terroranslag i Norge har imidlertid stort sett vore begått av høgreekstreme. De veit, slike som hevdar at muslimane kjem og skal bombe oss...


Hatet mot Arbeidarpartiet. Av ein eller annan grunn er det eit djupt hat mot Arbeidarpartiet i visse kretsar. AP får skulda for det meste, og i dei verste tilfella så står AP bak sataniske pedofile orgiar. Og det er iallfall heilt på dei reine at AP sjølve stod bak 22.juli. Hvis det verkeleg fant stad noko spesielt 22.juli da. Det er slett ikkje sikkert. Meinar atter andre.
Sukk.
Ja, det er så ille at Norge er eit diktatur som er heilt ulevleg å bu i.
Men klarer desse personane å emigrere? Neppe. Sjølv om det er aldri så ille å bu her.


Antivaksinefolket. Dei er ikkje mange, men dei bråkar noko innihelsike. Folk meiner i fullt alvor at vaksiner er ein del av t.d. Bill Gates sitt program for å redusere befolkninga her på jorda. Vidare er vaksiner kun eit middel for å kontrollere "oss", og det er iallfall heilt sikkert at vaksiner er giftige, og skal spre sjukdom blant befolkning.
Enkel logikk, som at over 90% av landets befolkning følgjer barnevaksinasjonsprogrammet, og at ein stadig ser ein betra levestandard og høgare levealder prellar av som vatn på gåsa. For dersom det var slik at vaksinar verkeleg  var farlege, så burde jo levealderen gå ned? Logic, it works that way.


Alternativ medisin. Jeezz..... dersom sukkerfrø, healing, øyrelys og trommereiser verkeleg hjalp mot noko som helst, burde det ikkje da vore ei mykje større etterspurnad til dette? Rett nok er alternativ behandling ein milliardindustri her i landet, men det er nok heller grunna lettare plager som stort sett går over av seg sjølv likevel.


Barnevernhatet. Barnevernarbeider er det siste yrket eg kunne tenkt meg. Dei får kun kjeft, uansett. Ein særs viktig jobb der ansatte kan bli trakassert på dei mest horrible måtar. Det er rett og rimeleg med ei lupe på dette viktige arbeidet, men vi kan ikkje oppfordre til å skyte barnevernarbeidarane for det, slik vi ser på fleire stygge facebookgrupper der barnevernet er lagt for hat. Ja, forresten: Før dei blir skotne, så skal dei sjølvsagt voldtakast. Gjerne av ein gjeng.


Frimurarane og katolikkane styrer verda. Ja, frimurarane styrer heile landet gjennom eit slags hemmeleg brorskap der dei gjerne tilber satan og har blodige orgiar med småbarn som middag, lett fritert kanskje?
Høyres det sannsynleg ut? Ikkje for oss normale, men dette meiner altså folk er tilfelle.
Og katolikkane da.... "Hora i Roma" er jo paven, og den påstanden kjem gjerne fra det før nemnde skrothøgre. God kristen retorikk der altså. Og paven er Lucifers representant på jorda. Ikkje nok med at dei trur på ein usynleg venn i himmelen, men dei trur også på ein usynleg fiende i lavaen.
Det desse representantane ofte har til felles er at dei er sterke Israelsvenner, og refererer til ei mengde bloggar og utanlandske nettsider av konspiratorisk art. Dei dei ikkje nemner, eller sannsynlegvis ikkje har gidda å sjekke ut nærare, er at desse nettstadene også har ein enda verre fiende enn frimurarar og katolikkar, nemleg dei som eigentleg styrer heile verda; jødane. Ja, for jødane står bak frimurarane og katolikkane.
Yeah, right.


Jorda er flat. Ja, planeten vår er flat, og er eigentleg ei slags stor skive der Antarktis ligg ytterst på kanten. Det fins stadig fleire som trur på dette, bl.a. ein ganske så kjent rappar, og det er da ein innser at eit eller annan har gått aldeles feil i skuletida. Endatil her i Norge er det ein og annan løk som i fullt alvor påstår at jorda er flat. Kva som er på undersida og kva som skjer dersom ein kjem utfor kanten seier dei ikkje noko om.
I same slengen kan ein jo ta med dei som trur at ein stor planet skal treffe jorda ein gang. Denne planeten, gjerne kjent som Nibiru eller Planet X, skulle eigentleg ha truffe jorda opptil fleire ganger, men det er eit stort problem: Planeten fins ikkje. Unnateke i hovudet på ei openbart sinnssjuk dame borti Wisconsin som hevdar at ho har fått ein implanat fra nokre romvesen som forklarer ho alt kva som skal skje. Men dette og fins det altså nordmenn som trur på, og utbasunerer dette til einkvar som gidd å høyre på, og utruleg nok: Det er det.
Nemner også dei som trur at Barack Obama alt har vore på planeten Mars for å etablere hemmelege militærkoloniar der. Og på månen, som forresten er kunstig og inneheld store løyndomar fra aliens, har vi også etablert basar.



Men dråpen som fekk det til å renne over, kom for ikkje så lenge sidan. Ein kjent skribent har fått kreft, og i den samanheng har meiningsmotstandarar godta seg over det.  Og da var begeret fullt.

Dei som syntes det var ok og endatil kosa seg over at vedkommande hadde blitt kreftsjuk, kjem gjerne fra dei ovannemnde gruppene. Det var svært stygt å sjå.


Så derfor Facebook: Dette gidd eg ikkje lenger. Eg beheld profilen min, dog meir skjult enn før, og ei slags side med sykkelturar og fjellturar, men that`s it.

Det var hyggeleg i byrjinga, men det gode forsvant i styggedom etterkvart.
Og nei: Eg lenkar ikkje til desse gruppene og sidene. Det kryr av dei, og det fins altså ingen grenser for kva folk kan lire av seg. Ein treng heller ikkje reise til andre land for å finne galskap, for å sei det slik. Av og til er dei nærare enn ein likar å tru.


Facebook: Takk for meg.

mandag 9. oktober 2017

"Blade Runner 2049" - filmomtale.

Hollywood har alltid hatt ein nostalgifaktor, og eit glimrande døme på det var nyinnspelinga av "It" nå i haust.
Etter ein månad på kino har "It" drege inn milliardar av kroner, og kven veit om ikkje gårsdagens kinobesøk også kan tjene nokre kroner?

Blade Runner 2049 logo.png

Blade Runner 2049 er oppfølgaren til Blade Runner fra 1982 (!), som i sin tur var lausleg basert på boka "Do Androids dream of electric sheep?" fra 1968.
Eg såg originalen alt i 1985, og som så mange andre vart eg sterkt fascinert av den spesielle filmen om Blade Runner Deckard og hans jakt på "replikantar".
Originalen fra 1982 har satt handlinga i Los Angeles i 2019, dvs. om berre to år, og vi kan trygt slå fast at dei framtidsvisjonane har bomma tildels stygt, men det tek ikkje bort det faktum at Blade Runner var ein banebrytande og storslagen sci-fi film.

I mange år har vi såleis venta på ein verdig oppfølgar, og det skulle altså gå heile 35 år. Mykje har skjedd filmteknisk sidan 1982, og det ser ein godt. Eg såg originalen her forrige kveld som oppvarming, og sjølv om det framleis er ein god og flott laga film, så har teknikken gått framover.

Plot:
Vi treffer ein ny Blade Runner, i Ryan Goslings figur i året 2049. Los Angeles er framleis like dystert og regnfullt som i 1982 versjonen, men nå får vi også besøke litt andre deler av USA. Der er det øde og dystert, med eit fraflytta Las Vegas som høgdepunkt.
Gosling har i filmens første halvdel ikkje noko navn, kun ein kode som byrjar på "K", men vert etterkvart kalla "Joe".
"Joe" er også ein replikant, dvs. ein slags menneskelignande skapning som jaktar på tidlegare generasjonars replikantar. Eller: Er han ein replikant likevel? Kanskje han er ein.... bastard? ein krysning mellom menneske og replikant?
"Joe" vert sendt avgarde for å løyse intrikate problem og møter mange slags underlege personar på sin veg. Bl.a. er ein Jesuslignande skapar i Jared Leto sin tolkning og ein slavedrivar i form av Lennie James, sist sett i favorittserien "The Walking Dead".
I den siste timen dukkar også Harrison Ford opp og gjentek si rolle som Deckard fra 1982. Det var verkeleg eit hyggeleg gjensyn, sjølv om han ikkje er nokon ungdom lenger. (Han er fødd i 1942).

Andre viktige personar(?) er ein slags hjelpar i form av ei dataanimert ung dame som hushjelp og nyttig bistand for "K" eller "Joe". Vi har også ei litt striks sjefsdame, samt ei drapsmaskin i ung, vakker kvinneskikkelse som  Leto  sender på jakt.

Det er storslege til dei grader. Eit mesterverk i sci-fi effektar, lys og lyd og you name it.
Men filmen vert kanskje litt lang og for nokon av oss,  monoton til tider? Det rasar ikkje akkurat avgarde i lysfart. Det er heller lite snakk og ikkje så veldig med replikkar i dei over 160 minuttane som filmen varer. Det betyr at filmskaparane har satsa på stemning og effektar som er der i fullt monn.

Vi kan i det minste slå fast at det er ein verdig oppfølgar til ein av dei viktigaste og beste Sci-fi filmar som er laga, og som garantert kjem til å bli ein suksess. Det er veldig greit å sjå 1982-filmen på førehand, og da får ein heller sjå mellom fingrane at ikkje alle spådommar gjekk slik dei trudde den gang. Les: Telefonkioskar (what?), aviser, flygande bilar og sigarettrøyking....
Om verda vil sjå slik ut i 2049 tvilar eg vel noko på, men som filmkulissar duger det iallfall. Håpar eg lever i 32 år til så eg får sjå...

Blade Runner 2049 vert anbefalt alle som på ein eller annan måte likar sci-fi, og har sett originalen først. Men ein kan fint sjå denne utan å ha eit forhold til den første filmen også. Storslegne filmar duger jo alltid.



Høgdepunkt:  Leto som gal og genial Jesusetterligning med skapartrang ala gud.

Lavmål: Beklager, men Lennie James duger bedre som zombieslaktar på TV enn som barneslavedrivar.


Terningkast:

Bilderesultat for terningkast 5

søndag 1. oktober 2017

"Askeladden - I dovregubbens hall" Filmomtale

Det er lite som kan slå ihjel tida så godt som ein god kinofilm, og i det høvet har vi teke turen til den splitter nye norske storfilmen, "Askeladden - I Dovregubbens hall."

Bilderesultat for askeladden i dovregubbens hall


Norske eventyr og mytologi har fått eit oppsving siste åra gjennom fleire gode filmar, så som Thale og Trolljegeren. Desse to har vore berekna på eit meir vaksent publikum, og laga på eit heller mindre budsjett. Spesielt gjeld dette hulderfilmen Thale, som til tross for minimale budsjettkroner var sjåverdig.
Det var såleis berre å vente på at det skulle komme noko meir storslagent, og kva passar vel da bedre enn å snekre i hope nokre av våre mest kjende eventyrfigurar, så som Per, Pål, Espen Askeladd og ikkje minst; sjølvaste Dovregubben?

"Plot":
Prinsessa i "landet" fyller snart 18 år, og innan den tid må ho være gift, hvis ikkje så kjem Dovregubben og tek ho med seg inn i fjellet. Den noko eigenrådige 18-åringen nektar å gifte seg med kongens utkåra, den danske prins Fredrik, og rømmer natta før bryllupsdagen. Undervegs treffer ho tilfeldigvis ein ung mann som heiter Espen, som på si side er på veg heim til gardsbruket sitt der dei meir flittige brørne Per og Pål hjelper far så godt dei kan.
Espen, som ikkje verkar som den skarpaste kniven i skuffen, presterer å sette fyr på huset deira, og vert nærast forvist.
Saman med brørne må han så på leit etter prinsessa, som kongen no har utlova klekkeleg belønning for å redde fra Dovregubben.
Undervegs til Dovregubbens hall møter dei tre brørne både huldrer og nøkken, samt stadige konfrontasjonar med den usympatiske danske prinsen.

Om det går bra til slutt?

Gjett om.

Ei teknisk flott framsyning, med inspirasjon fra fleire folkeeventyr og skapningar fra norsk mytologi  pakka inn i delvis moderne språkdrakt.
Det er rett nok einskilde logiske bristar og manglar her og der. Bl.a. kunne det vore meir "æksjen", men nå er dette retta mot familiepublikummet, og for mange halshoggingar høyrer såleis kanskje meir heime i Asbjørnsen og Moe sine nedskrivne eventyr enn på lerrettet.
Det er ellers heilt openbart at nokre av scenane ikkje høyrer heime i norsk landskap, og at nokre hus her og der verkar til å være mistenkeleg inspirert av sør-europeisk byggeskikk.
Det eg likevel stussa mest på var at Espen, som vi vel alltid har trudd har vore den minste i søskenflokken, nå verka til å være like gamal, og faktisk både større og sterkare enn dei eldre brørne.

Denne filmen er såleis ei samansausing fra ei rekkje norske folkeeventyr, og skal visstnok være den første i ein trilogi, alt etter kor suksessfylt denne blir.

Grei underholdning på ein fredagskveld, om enn det ikkje går inn i historia som det største eventyrepos eg har sett. Kan anbefalast dersom ein ikkje har ein skrekkfilm ala "It" å gå på.

Høgdepunkt: Huldrene. Hulder er kult.

Lavmål: At Espen Askeladd er like gamal og større og sterkare enn storebrødrene sine.


Terningkast:


Relatert bilde



mandag 25. september 2017

Sykkel VM i Bergen, bilder.

Årets største happening på sportsfronten er over, og vi nytta høvet til å ta litt bilder på laurdag og søndag siste helga som meisterskapet pågjekk.

Fredagskvelden måtte vi bortom å inspisere området ved mål/start.

Det er kanskje ikkje så lett å sjå på bildet, men det sit ein vakt mellom dei to bygga. Neppe verdas mest spennande jobb.

Scenen på Torgalmenningen fredag kveld.

Da var det vorte laurdag formiddag, og vi tok turen ut for å sjå på junior herrer sin fellesstart.

Sykkel er litt spesielt i.o.m. at ein kan komme ganske så tett innpå...

Her kjem utbrotet, like etter passering av mål.

Nederland, Storbritania, Canada, Estland og Ukraina var representert.

Hovedfeltet. Det er heilt nifst kor fort dei syklar!

At det går bra....

Det er ein fordel å ha konsentrasjonen på topp.

Danskane hadde eit godt meisterskap!

Eit stort felt på nesten 200 syklistar.

Omsider så tok det da slutt. Men det tok langt kortare tid å sjå dei passere forbi.

Og sjølvsagt måtte vi få ein velt akkurat der vi stod. Ein ryttar fra Slovenia fekk problem.

Det var berre til å komme seg vidare.

Vi fekk flytta oss litt nærare målstreken til neste runde.

Og her kjem den danske vinnar solo over målstreken som nybakt verdsmeistar!

Innimellom alle syklistane og tilreisande fans, så hadde denne dama tatt med seg det glade bodskap. Ho stod her lenge med denne misjonerande plakaten, like ved målseglet. Utan at ho fekk den store responsen akkurat.

Da er vi komne over til damer elite, laurdag ettermiddag.

Damesykling er av ein merkeleg grunn ein idrett som ikkje trekker så veldig mykje publikum. Derfor var det sikkert eit fint unntak å få oppleve tusenvis av tilskodarar i finværet i Bergen.

Logistikken med å få alt på plass er eit kapittel for seg.

Eg fikk tatt ein flagfie med det bretonske flagget tilfeldigvis i bakgrunnen.

Fremre deler av feltet.

Tettpakka, og god fart på dei over 15 mila som skulle tilbakeleggast.

Også her må konsentrasjonen være på topp.

Nederland dominerte denne øvinga, som forventa.

Deltakarar fra heile verda.

Vi nærmar oss bakre deler av feltet.

Dei bakerste når det attstod ca. 4 rundar.

Verdsmeistar Chantal Blaak på storskjerm.

Det er vorte søndag, og vi kom oss omsider opp i Laksebakken. Der var det sinnsvakt mykje folk, men likevel berre ein forsmak på det som skulle vente oss nede i sentrum seinare på dagen. 

TV-brotet gjekk tidleg, innholdande ryttarar fra gjerne litt mindre sykkelnasjonar.

Og så kom feltet...

Tsjekkia i tet. Køyrde dei eigentleg for Sagan??

Belgisk hjelperyttar, Julien Vermonte, heilt fremst. Den einaste på det belgiske laget som ikkje var utpeikt som favoritt eller outsider til å vinne.

Det tsjekkiske laget hadde med seks mann.

Like bak Tsjekkia kom ein stor norsk delegasjon. For tredje gang hadde vi høve til å stille med full kvote, dvs. ni syklistar.

Det er ingen spøk å være hjelperyttar, men forhåpentlegvis er dei tider forbi da vi berre kunne stille med to og tre mann.

Stake Laengen og Jensen gjorde ein stor jobb!

Amund Grøndahl Jansen, her fremst i bildet, imponerte stort!

Det polske laget hadde også seks mann til start.

Ei lita luke ned til dei to siste norske ved dette høvet.

Det sterke australske laget hadde ein av favorittane med i form av Matthews.

Og der er han da også! Ser rett på kamera!

Det spanske laget var heller anonyme, med unntak av de la Cruz som var i eit godt brot på slutten.

Italia hadde også ein favoritt i Trentin.

Britane hadde også full kvote.

Eit fellesstartfelt i VM er veldig stort!

Slovakia, New Zealand, Ukraina

Ser du nokre kjentfolk her?

Colombia er ein svært sterk sykkelnasjon, og hadde bl.a. med Henao som vi ser nærast kamera.

Franrike hadde ikkje med ein seig spurtar denne gang. Heller ikkje Tyskland var spesielt sterke.

køyr på!

Men tek det aldri slutt da...?

Verdsmeistar Sagan var høfleg nok til å kikke inn i kamera.

Sebastian Langeveld fra det sterke nederlandske laget.

Nairo Quintana nærast kamera.

Danmark imponerte!



Dei bakre deler av feltet...


Og der kom sistemann.


Masse tilskodarar i sommarvarmen (!)



Vi var også forbi nede i sentrum, men der var det så stappa med folk at det var omtrent ikkje mogleg å bevege seg.

Feltet dundrar forbi.

Vi enda opp i Byparken, der det var om mogleg enda meir folk enn på Torgalmenningen. Der var det til alt hell satt opp ein storskjerm, og det var vel difor det var så masse folk der...


Folkehav.

Eg har inga aning om kor mykje folk det var i Byparken denne søndags ettermiddagen, men det var adskillige tusen. 

Kåring av verdsmeistar Sagan!

Så får han køyre i regnbogetrøya enda eit år. Men til neste år skal dei over 5000 høgdemeter i ei rute designa for klatrarane. Og da må han vel melde pass. Eller??