tirsdag 25. oktober 2016

Minneverdige sykkelturar 2016

Utesesongen går dessverre mot slutten. Ein fin og mild haust kan rett nok forlenge gleda nokre dagar og gjerne veker, men det er inga veg utanom; Vinteren nærmar seg, og det betyr at tohjulingen må settast i opplag nokre månader. Slik i slutten av mars/byrjinga av april startar sykkelsesongen att.
Fem månader i opplag er for lenge, så da vert det å tåle litt ruskevær nå framover, samt hoppe inn i spinningsalen (sukk), når den tid kjem.

Utesykling om hausten er undervurdert. Det kan være mange flotte dagar til langt uti oktober, med føre, vær og temperaturar som er langt bedre enn til uti mai for den del. Det er eit pussig fenomen at hobbysyklistar skal ut så snart ein ser asfaltstriper etter vinteren, men at ein ikkje kan karre seg ut på fine haustdagar.
Typisk.

Vel, året har bydd på tre turar som har vore spesielt minneverdige.


Eg byrjar med nr. tre, Sognefjellsrittet.



Stemningsbilde, tatt av heldiggrisen som satt inne i den varme gode bilen medan vi trilla ute i det kalde regnet..



Vi var ein fin gjeng fra den lokale sykkelklubben, bortimot 10 stk var vi vel, noko som utgjer ein stor andel av dei startande i eit ritt som har fått betydleg færre deltakarar siste fem åra. Det er eit kapittel for seg korleis denne usedvanleg flotte turen har fått lågare deltakartal, men som ei trøst har iallfall storebroren, Jotunheimen Rundt, levert rekorddeltaking i år.
Startområdet var flytta i 2016, samt at det også var lagt opp til eiga rekordpulje. Eit grep som i det minste gjer sjansen for velt adskillig mindre, så det skal arrangøren ha ros for.
Men det som alle snakkar om når ein skal sykle Sognefjellsrittet er.....været.
Og i år var det verkeleg noko å snakke om. Det var å oppleve bortimot alt som fins av vær på desse breddegrader, i løpet av knappe seks timar...
Opphald og mildt på Lom, med solgløtt og greier. Oppe på Bøverkinnhalsen var det såpass kjølig og vind at det var berre å polstre seg med klede. Eit godt grep, for ned att mot Bøvertun regna det heftig, og når ein kjem i 60, så kjennes regndråpane som nåler. Kaldt var det også.
Oppe på Sognefjellet var det fem grader og plaskregn. Utruleg kaldt. Ned Sognefjellet er alltid noko for seg sjølv, men på Skjolden var det såpass mildt og fint at alle ekstraklede fra fjellet kunne leggast vekk. På den måten vart det også lagt vekk ein del kilo, for det er utruleg kor mykje vatn ein må drasse på når kleda er gjennomvåte.
God fart utover fjorden, med Stravarekord fra Luster til Høyheimsvik, før ein velt opp mot Nesbakken satte ein effektiv stopp for vidare kosting i kollosal fart utover fjorden.
Heldigvis ingen alvorleg skadar, men eg synes nå at bilen som tross alt skapte uro i gruppa vår, nok kunne tatt det litt meir med ro. Vi køyrde etter kvarandre på ein smal veg, og tok ikkje særleg plass i vegbana. Faktisk låg vi bortimot på kvitstripa. Det hadde spart oss den lite hyggelege hendinga det er å ramle på sykkel.
Turen fra Gaupne til Sogndal vart prega av eit iskaldt regnvær fra Marifjøra og opp mot Heggmyrane. Låg temperatur, og regn i bøtter, men er ein komen så langt, så får ein finne seg i ei lita skur :-)
Ein fin tur i eit svært varierande vær, det kan vel seiast å være konklusjonen. Iflg. Strava brukte vi fem timar og 19 minuttar, men Strava får ikkje med velt og matpausar, samt det å få av seg våte klede. Snittfart vart 26 km/t, i utgangspunktet akseptabel fart og tid, men vi brukte aaaaltfor lang tid på klesbyte og eting. Velt kan ein aldri gardere seg mot.
Det beste med turen var at vi fullførde saman fire stk fra samme klubb, det er alltid ekstra greit.


Tur nr. to, Kvam - Oslo
I utgangspunktet var eg ein smule skeptisk til å skulle sykle nesten 28 mil, det er ein heil bit.

Landskapet er liksom litt annleis langs Mjøsa enn når vi syklar Sognefjellsrittet...


Det viste seg å være ubegrunna frykt, for dette vart ein fin tur. Omtrent ikkje motbakkar av noko særleg omfang, og god medvind nedover Gudbrandsdalen og Mjøsa. Tek vi med at været vart berre finare og varmare jo nærmare Oslo vi kom, så forstår ein kor heldige vi var.
Ja, forresten: Vi slapp endatil å dra ein meter, iallfall ikkje før vi var komne nesten til fylkesgrensa til Oslo. Bedriftslaget til NRK (av alle) starta i samme pulje, og dei køyrde eit fast opplegg med ca. 15-20 ryttarar som bytte på å dra. Dei ville styre showet, og til tross for at vi tilbaud oss å være med på drajobben, så ville dei styre dette sjølv. Ikkje rart at dette gjekk veldig greit. 28 mil på ca ni timar gav oss ein snittfart på over 30 km/t. Det er ikkje så verst av halvgamle, halvfeite hobbytrimmarar.

Godt vakthold og ein trase som går igjennom tett befolka områder, gjorde sitt til at dette vart ei oppleving for oss som kjem fra meir grisgrendte strøk. Masse folk i tettstadene på Romerike, og god stemning over alt.
Minuset var på Toten, med nokre lokale nellikar som måtte køyre idiot, spesielt ein rutebuss var svært nær å meie ned eit felt på 30 syklistar. Da hadde han vel vore nøgd.
Kombinert med tegnestiftar i vegbana ved eit høve (som vi rett nok unngjekk), så må ein lure på kva slags problem folk har med syklistar. Er det verkeleg verdt å bevisst skade folk gjennom å risikere velt etter punktering? Og det er graverande når ein yrkessjåfør køyrer så idiot som vi opplevde. Eg kan med handa på hjartet sei at eg har aldri opplevd maken til tulling av ein yrkessjåfør, og eg har sykla i 25 år nå, og køyrer også 35000 km. i bil kvart år.
Vel, det negative var berre i ein to-tre mil, men som sagt: Ein må lure på kva som rører seg i skallen på dei aktulle personane. Synes de seriøst at det er morsomt å legge pappstiftar i vegen slik at titals syklistar punkterer? Synes bussjåføren verkeleg det er verdt lønna si å nesten bli bildrapsmann?

Kvam - Oslo var ein veldig fin tur, både sosialt og trimmessig. Turen viste seg å være laaangt lettare enn frykta, og kven veit om vi ikkje må doble distansen ved eit eller anna høve.....


Tur nr. ein.
Ein solotur rundt om i eigen kommune høyres kanskje ikkje så spennande ut? 

Ved nestsiste kyrkje, Jostedalen. Det var eigentleg heilt ok at det var medvind heimatt.



Vel, så feil kan ein ta!
Luster kommune er som kjent stor i utstrekning, og til tross for at det er mange kilometer veg, så er det få sjansar til å køyre ein rundtur, det vert helst fram og tilbake. Med eitt einaste unntak: Ta ferja over Lustrafjorden. I gamle dagar gjekk det ferje til både Kroken og Urnes fra Solvorn, men dei tider er forlengst forbi. Det er også mange år sidan det gjekk ferje Årdal-Solvorn. Sikkert like greit, skjønt der har vi ein alternativ rundtur, om Tindevegen og Årdal. Neste år kanskje?

Men altså. Rundturen.
Det var i slutten av mai, og eit lyst hovud hadde kome med ideen om å sykle forbi alle kyrkjene i Luster. Så, da høvet baud seg, var det berre til å legge i veg. Ein fin morgon starta eg ved Gaupne gamle kyrkje, og fortsatt vidare til Joranger, Fet, Hafslo og Solvorn før ferja til Urnes og UNESCO monumentet der. Utover dagen vart det mildare og finare vær, og sidan eg sykla heilt åleine, så kunne eg bruke akkurat så lang tid eg ville. Stoppe å ta bilder, ete ein bolle, kjøpe ei brus, sjå på kobbe i fjorden, Feigefossen, Ryfossen, fuglar, ekorn som sprang over vegen....
Rett og slett ein fredleg sykkeltur der eg ikkje brydde meg om fart i det heile teke.

Det skal seiast at dei ekstra fem mila fram til Jostedal kyrkje og heim, etter nesten 10 mil var tyngre enn andre turar fra Gaupne, men det handlar berre om å gidde. Eg trilla framover Jostedalen i makeleg tempo, fest bestemt på å klare dette, og kom heim att til siste gudshus, nyekyrkja i Gaupne, over seks timar etter at eg starta ved Gamlekyrkja. Fort hadde det ikkje gått, snittfarten var på usle 24 km/t, inkl ferjeturen, men det var ikkje nøye. Som oppladning til 28 mil ned Gudbrandsdalen ein månad etterpå var det perfekt.
Dessutan hadde eg fått ein test på å sykle forholdsvis langt, og det hadde vore ein makelaust flott tur, i flott natur. Høgdemetrane vart tatt først, dvs. opp til Joranger kyrkje og deretter Heggmyrane, sikkert smart å ta det i den rekkefølga. Opp til Jørongo som nest siste kyrkje før Gaupne, det hadde vore tungt.

Det er for lite slike turar der ein syklar berre for turen sin del. Berre trille avgarde med moderat puls, og bygge uthald. 147 km. vart det, da har eg luka bort dei tre kilometrane over fjorden med ferja.

Sidan eg tok denne turen har fleire andre gjort det samme. Det er kanskje ekstra hyggeleg.
Og så har tanken om å sykle innom alle skulane i kommunen slått meg. Da går vi glipp av Fortun og Jørongo, men får med oss Veitastrondi. Til neste år er det opna enda ein ny tunnell framover der, så kven veit kva vi finn på? Reiseruta må bli slik: Gaupne-Jostedal-Indre Hafslo-Hafslo-Veitastrond-Solvorn-Skjolden-Luster-Gaupne.

Vi kan berre byrje å glede oss, ca. 20 mil blir det. Det skal iallfall være finvær.