onsdag 21. september 2016

Å sykle opp Indre Hafslo

For moro skuld laga vi til eit høgst uoffisielt klubbmeisterskap i år også. I fjor sykla vi opp Engadalsvegen, men det avgrensa bruksområdet ein smule. Dessutan er det ganske bratt, så i år fant vi ei ny rute: Opp gamlevegen på Indre Hafslo.
For den som mot formodning ikkje har sykla opp Indre Hafslo før: Det er verst i starten. Spesielt fra gamle Livdtun skule og opp til ein kjem forbi ungdomshuset. Der flatar det ein smule ut, før det stig heile strekka opp til Lambhaug. Ingen pause med flate parti her, kun jamnt oppover i nesten ein kilometer, ca. 5-6% stigning heile vegen.

Etter at vegen vart lagt om på slutten av 1980-talet er det lite trafikk på denne vegstrekninga. Dessutan er det nedsatt fartsgrense, og dei få bilane som kjem forbi, køyrer stort sett såpass roleg at det ikkje byr på problem.
Vegdekket er kanskje ikkje heilt stovegolv, men med såpass lite bilbruk, så er det meir enn godt nok.


Vi valde å nytte Stravasegmentet "Lambhaug Climb (riktig høgde)" som rute for årets uoffisielle klubbmeisterskap. Segmentet går fra der 60-sona nede på Tangaflata byrjar, og opp til Lambhaug, nærare bestemt til lysstolpen rett før avkøyringane, sjå bilder lenger nede i posten.
Strekninga er 2,7 km. og stig 151 høgdemeter, det gir eit snitt på 6%, og er klassifisert som ein kategori 4 stigning. Så da veit vi kva dei lettaste stigningane er når vi ser på sykkel på TV.

Det å køyre tempo, chrono eller enkeltstart (kjært barn osv.) er beintøft i seg sjølv, men ein bakketempo i tillegg er ekstra ille.

Og det er liksom heile vitsen.

Det å ha ein konkurranse NEDOVER hadde jo vore heilt meningslaust, samt at det hadde medført ein langt større risiko. Det har opp gjennom historia vore arrangert ein og anna tempoetappe nedover, men det er svært sjeldan.

2,7 km. er ikkje langt. 6 prosent er ikkje bratt. 8-12 minuttar er ikkje lenge.
Men desse kombinert kan bli eit sant slit.

Eit temporitt skal ein ganske enkelt køyre så fort som ein klarer. Her går det ikkje an å gøyme seg bak ein rygg, eller bakerst i eit felt eller gruppe.
Her er ein åleine, og det er berre til å køyre full guffe så lenge som ein klarer, med eit mål om å disponere kreftene slik at ein kjem til mål med ei kjensle av at ein har sykla så fort ein kan. Hvis ein kjem til mål og framleis har litt att, så har ein jo misforstått totalt.

Det som er morsomt er å sjå om ein har litt framgang. Med ein smule bevisst trening, og dersom ein tek turen t.d. eit par-tre ganger i veka, så bør ein kunne forvente bedre resultat. Hvis eg brukar meg sjølv som eksempel, så brukte eg 12:56 første gang nå i haust. Sidan den gang har det gått jamnt og trutt nedover, slik at i går brukte eg 11:16, noko som er ca. to minuttar fortare enn den tidlegare persen fra juni.Det viser berre at ved litt trening og repetisjonar i samme bakke, så er det mogleg å forbedre seg.

Pr. nå, (21.9.2016) er det 15 namn på den interne haustlista. Fleire har køyrt to, tre eller gjerne fire ganger, og det har antagleg vore forbetring for dei fleste.
MEN, og det er litt viktig: Ein kan ikkje forvente at alle skal være i toppen. Vi har folk som er langt yngre, sprekare og ikkje minste lettare enn oss oldisar. Dei unge, spreke og lette skal jo sykle mykje fortare.

Heile poenget er at ein skal sykle mot seg sjølv. OK, det er sjølvsagt nokon som har konkurranseinstinktet på plass, men føresetnadane er jo vidt forskjellige med tanke på dei nemnde faktorar. Ein kan ikkje forvente at ein 60-åring på 90 kg. skal køyre like fort som ein blodtrimma 25 åring med usle 60 kg. å drasse på.

Nei, her skal vi konkurrere mot oss sjølve, og det er derfor vi har gitt frist til ut oktober. På den måten kan ein prøve fleire ganger, kanskje forbedre seg, og ein kjem seg litt ut på hausten også. Som vanleg har det dabba kraftig av etter den første helga i juli.....


Så derfor ei oppfordring:
Ta denne testen nå. Jo fleire, jo bedre. Det einaste krav er at ein skal sykle utan å ligge i rygg på ein annan. Rett nok har ein lite nytte av å ligge dragsuget i motbakkane, men det vert liksom mest ryddig på den måten. Ta med deg ein venn eller nabodamene, og ta sykkelturen fra Tang til Lambhaug. Så prøver du att om tre dagar, og så om enda tre dagar. Og gjerne ein gang til i neste veke også, etterfølgt av enda ein tur... Framgangen kjem garantert. Er det farleg å bli sist? Nei. Det er ingenting å være redd for. Som nemnt: Ein skal sykle mot seg sjølv.

Og medan det er sagt: Vi må ha med fleire damer. Pr. i dag (21.9.2016) er det ikkje ei einaste dame/kvinne/jente som har teke turen. De har vel ikkje teke turen inn i spinningsalen enda???


PS: Har planar klare for neste års klubbmeisterskap også....


Her er startpunktet.



Og når vi er komne opp her, så er vi glade over å være i mål.


onsdag 14. september 2016

Idrettsmerket 2016

Det er den tid av året da ein skal prøve om "musklar", ledd og andre forkalka kroppsdelar fungerer så nokolunde.

Trimgruppa i IL Bjørn stiller trofast opp, år etter år, med dei same folka. Det er utruleg at ein finn folk i våre dagar som høgst frivillig stiller opp i så stor grad som desse. Eg er mektig imponert!

Ein anna ting som også imponerer er nokre av deltakarane. Eg er ein rein novise med sju merker nå. I dag hadde vi ein som var i gang med sitt merke nr. 39, og eit par som stilte opp for 42.(!) gang. Det er berre makelaust.
Men det mest utrulege er vedkommande som nå har 52 merker. Rett nok var det andre krav før i tida, og ein kunne ta idrettsmerket kanskje eit par ganger i samme år, men det er unekteleg ein fantastisk prestasjon.

Idrettsmerket består av fire delar. Styrke, fart, spenst og uthald. Innan desse fire hovedgreinene er det ulike øvingar att, t.d. kan ein symje på uthald, sykle på fart eller støte kule på styrke. I tillegg er det diverse spenstøvingar innan høgde og lengde.

I kveld var vi åtte stk, og forrige mandag var det vel nokolunde samme antall. Neste onsdag er siste gang for i år.

Eg fekk ikkje tatt uthald-delen i kveld, har sykla fem mil med litt bakkar før i dag, det får være bra. Dessutan har eg nå ei orsaking for å ta ein ny sykkeltur ein fin haustkveld. Dei andre øvingane gjekk greit. Hoppa lenger enn på fem år, hø-hø.

Det er alltid veldig hyggeleg å være med på dette. Tonen er svært uformell, og deltakarane er rutinerte revar som held seg i bra form ellers i året. Håpar eg vert såpass når eg bikkar 70.


Det som derimot ikkje er bra er fasilitetane. Midt i bygda har vi ei flott grasmatte, og ein gang i tida var det ei brukbar løpebane rundt. DET er mange år sidan nå. I dag er løpebana totalt utan vedlikehald, den gror att, og er i det heile rett og slett elendig. Eg hugsar at eg hadde mange rundar rundt bana med bil og slodde den gang eg hadde born i aktiv alder, men det er ti år sidan nå. Da holdt vi graset borte fra løpebana, men sidan den gang ser det ikkje ut til å være gjort ein døyt, ergo: Løpebana er omtrent så dårleg som ho kan i det heile teke få bli.
Nå er ikkje det så nøye for oss gamle folk sin del, men dersom ein skal ha eit snev av rekruttering, og ikkje minst ei aning av LYST til å springe rundt ei idrettsbane, så må det kunne forventast eit bittelite snev av ettersyn.

Og om eg kan tenke meg å slodde bana igjen? Nei.
Eg hadde mange timar med slodding av både fotballbana (vi hadde grusbane på den tid), og løpebana, men har ingen interesse av å byrje med det att. Eg brukar denne ein dag i året, og når ingen born er med, så vert motivasjonen så som så. Dessutan fekk eg heller aldri dekka ein einaste kilometer med køyring, sjølv om det ikkje var så nøye. Det var kun på frivillig basis, for å holde løpebana i brukbar stand.

Uansett; Friidrettsanlegget er i dag heilt utan reell funksjon. Vi kan ikkje forvente at nokon i det heile teke skal byrje t.d. med lengde, 100 meter eller høgde når vi presenterer eit så dårleg anlegg. Det er heller ein fare for at ein løpar skal skade seg på den usedvanleg ujamne bana. Og dessutan: Kven fant på at ein skulle lage groper som start og målstrek for 60 meteren? Ikkje bra. Antaglegvis var det strekar når dei vart laga for nokre år sidan, men i dag er dei kun til irritasjon som ein kan trå over på.
Planane om å oppgradere friidrettsanlegget er snart 20 år gamle, og det er vel ingenting som tyder på at det skjer noko heller. Det er faktisk litt trist.

Slik ser det iallfall ut i dag:

Grasdekket er svært bra. Ikkje mange fotballbaner i Sogn som er så bra som denne.



Dette skal forestille ei lengdegrop. Sandhaugen som vi hoppa lengde i heime på garden i barndommen var bedre enn denne.



Som ein ser er det tydlege spor etter diverse tohjulingar fra i vår, da bana var våt og telen gjekk ut av bakken. Det betyr at her har det ikkje vore gjort noko, iallfall ikkje i år. Og neppe i fjor heller.



Utfra den gode grasveksten, så er det nok mange år sidan det har vore noko som helst vedlikehald her. Sist eg kan hugse det var nok tilbake i 2006-2007. Da tok vi vekk all grasvekst langs kantane, og brukte ei slags primitiv horv til å ta bort graset i sjølve løpebana. Deretter trilla vi med trommel og slodde. Da var bana ca. 1000 ganger bedre enn i dag. 




Det er kanskje meininga at løpebana skal gro att? Om ikkje anna så får ein iallfall eit større grasareal, men neppe særleg egna til løping.





Tilbake der vi starta, i lengdegropa. Utan dei få gangene i året denne vert nytta av trimgruppa og skulane, så hadde vel denne vore attgrodd forlengst. Litt ny sand hadde kanskje gjort seg også.




onsdag 7. september 2016

Topptrimmen 2014 - 2016, ei oppsummering

Alle dei ti toppane er unnagjort, og det er på tide å komme med ei slags oppsummering. Det har vore lette turar, kronglete turar og lange turar.

Luster turlag har, som vanleg, truffe blink også med denne utgåva av topptrimmen. Dette er eit veldig flott tiltak som får oss vanlege fjellfolk til å komme oss på plassar vi aldri hadde gidda å gå ellers.
Det er det viktigaste.

Dernest er det fint å komme seg til deler av kommunen der vi er lite kjent. Toppane er spreidd godt utover, og utfordringane med å komme seg til dei ulike måla er mildt sagt variabel.
I denne utgåva hadde vi t.d. Spefjell, ein grensetopp mot Sogndal, som eg tok ein september ettermiddag da eg var ferdig på jobb. Det var ein lett tilgjengleg topp i praktfullt og varmt haustvær.
Kontrasten kunne knapt ha vore større da vi var på Steinsdalsnosi i Jotunheimen nå i sommar. Min tur nr. to opp der forresten. Steindalsnosi, på over 2000 m.o.h. gav oss skodde, sterk vind og snø på toppen. Der var det berre om å gjere å klippe kortet, og komme seg ned att fort som f.

Ein annan kontrast var også turen til Tundredalskyrkja, heilt i nord mot Skjåk. Etter å ha gått ei rekkje turar åleine, så var vi da eit heilt følge på 11 personar som brukte over 12 timar gange, samt fire timar køyring på det som antaglegvis er den lengste av alle topptrimturar EVER.

Kva var den finaste turen?
Utsiktsmessig var det Nordre Dyrhaugstind i fjor. Det er enda ein pluss 2000-meters topp, og da eg var der 14. august 2015, på ettermiddagen, så var det eit praktfullt vær. Sol,nesten vindstille,varmt.... dvs. den perfekte Topptur.
Sosialt var Tundredalskyrkja ein flott tur, med eit såpass stort følge, med vidt forskjellig kvalitetar.
Og så fekk vi den fine turen! Langt, nesten 30 km, men ein god tone og hyggeleg selskap gjorde det veldig minneverdig.

Kva vart den verste turen?
Tussen. Utan tvil. Etter ein snørik vinter, og elendig vår og sommar vart det min første topptur i fjor sommar. Det viste seg å være for tidleg på året, sjølv om det var 11. juli og Tussen ligg berre dryge 1200 moh.
Det var ein megatabbe å starte fra Fortun, med bekkar store som elvar, som var umogleg å komme seg over. Det medførte store og særs kronglete omvegar på veg opp, og dei siste metrane for å komme seg opp på platået var berre ei stor ur beståande av digre steinar. Det gjorde at eg torde ikkje gå nedatt samme veg, og måtte ta den vesentleg lengre turen ned til Heltne. Dessutan vart det store kneproblem, har aldri hatt så vondt på ein fjelltur før.
Når vi i tillegg tek med at eg gjekk ein smule feil, mykje snø att i fjellet, samt vatn som rant overalt....
Ja, da har vi den verste topptur eg noken gang har gått. Og når eg tenkjer etter så har eg nå gått 30 toppar, og 14 av dei er gått to ganger, dvs. totalt 45 turar. Det byrjar å ligne noko....

Neste utgåve av topptrimmen er forlengst planlagt. Dersom Luster Turlag held fram på samme måte, med å "snu bunken" fra forrige utgåve, så kan vi forvente oss ti nye toppar spreidd utover kommunen, i høgst varierande utfordringsgrad.
Personleg har eg alt byrja å gruglede meg til Tuftanovi mellom Anestølen i Sogndal og Eldedalen på Veitastrondi, samt til Gravdalstind langt inni Jotunheimen.
Ein ting er iallfall sikkert: Desse to toppane skal takast så fort som råd er.  Det skal ikkje bli noko av å vente til siste sommaren med å ta dei lengste turane igjen, slik som det vart med Eggjene og Tundredalskyrkja i år.

Eg ser også fram til Lioksli over Mjølvergrendi, det må være ein flott utsiktstopp, medan Bjørkanosi i Fortun ser ut til å bli ein tøffing i eit terreng som eg ikkje er så begeistra for; bratt skog.
Av "kortare turar", dvs. ettermiddagsturar, må ein klare å¨ta Solvornsnipa, Rånøyseggi og Tausasva ganske så greit.
Og vi har sjølvsagt ein langtur i vente når vi skal på Kaldrasane... det vert vel opp mot 25 km. gange det og. Nokre timar kjem vi også til å bruke på Leirbotnnosi, langt nord i kommunen, med avreise fra Fagredalen.

Åjo. Det skal bli mange fine turar dei tre neste åra også.

Her er dei, så sant Luster Turlag held seg til tradisjonen med å "snu bunken":

1: Gravdalstind, 2113 moh. Denne ligg langt borti Jotunheimen. Det er ein grensetopp mot Lom, og skal eg tippe, så vil eg tru at det er mogleg å komme seg hit både sommar og vinter, iallfall utfra diverse googlesøk. Startpunkt vil eg tru blir fra anten Leirvassbu eller Sognefjellshytta. Det får tida vise, saman med gode tips fra folk som har vore der før. Langt å gå, og langt å køyre for å komme dit ein skal gå ifra.
2: Tuftanovi, 1643 moh. Beliggande mellom Eldedalen på Veitastrondi og Anestølen i Sogndalsdalen. Eit tips eg fekk var å ta det som ein rundtur, t.d starte på Anestølen og gå ned att i Eldedalen. Fleste høgdemeter fra Strondi, flest steg fra Anestølen.Vert ein skikkeleg godbit, som kan ta oss forbi den einaste tinden i Sogndal kommune, Tverrdalstind. (Grensetopp mot Luster). Vert maaange steg her....
3: Leirbotnnosi, 1615 moh. Langt nord i kommunen. Startpunkt Fagredalen. Ser ut som ein grei og fin tur, men det nærmar seg nok to mil gange her også. Mykje merka sti.
4: Gruvefjellet, 1520 moh. Beliggande på Sørsida, grensetopp mellom Luster og Årdal. Dette er ein topp som vert vesentleg lettare å nå dersom ein går heile turen i Årdal, nærare bestmt fra eit startpunkt på fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø. Noko ala Eggjene nå kanskje, men må være ein del kortare. Historisk interesse, da det jo var gruvedrift her i høgfjella for nokre hundre år sidan. Neppe nokon dans på roser, å være gruvearbeidar altså. Fjellturen ser adskillig lettare ut.
5: Kaldrasane, 1507 moh. Gjer klar til denne utgåvas lengste tur, målt i antal steg. Ein topp beliggande mellom Dalsdalen, Vigdalen og Mørkridsdalen. Sikkert kortast å gå fra Dalsdalen, (Kolstad) men kartet fortel at det ikkje er merka stiar derfra. Fra Mørkridsdalen går også fint, men da får ein alvorleg mange høgdemeter, og ikkje minst ein bratt tur nedatt med støle bein. Vert vel Vigdalen for min del, som blir langt å gå, men det er iallfall mykje merka sti, samt adskillig færre høgdemeter. Laaaangt vert det imidlertid.
6: Liokskli, 1460 moh. Trur dette vert ein fin utsiktstur, der vi kan sjå nedatt Jostedalen, samt over til Fagredalen og Nigardsbreen. Ikkje så langt å gå, men ganske så bratt, med startpunkt fra Mjølvergrendi eller Norheim. Alle andre stader å starte ser ut til være umogleg for vanlege folk.
7: Rånøyeggi, 1359 moh. Endeleg ein topp i nabolaget! Ein biltur opp mot Røneidsstølen, og litt rusling i skogen før vi kjem over tregrensa, og vi bør være der ganske så greit. Tippar flott utsyn nedatt på Veitastrondsvatnet.
8: Bjørkanosi, 1231 moh. Beliggande over Bjørk i Fortunsdalen, og altså IKKJE den Bjørkanosi som dei syng om i Jostedalen. 1231 meter er ikkje høgt, men dette blir ein ulv i sauedrakt. Startpunkt på Bjørk (!) i Fortunsdalen 50 moh, sti (iflg. kartet) opp til nokre stølar, før ein må ta dei siste parhundre høgdemetrane bort til toppunktet. Andre startpunkt synes uaktuelle. Ser svært bratt ut, omtrent heile vegen, men heldigvis ikkje så langt. Synes alt synd på knea mine.
9: Solvornnipa, 1031 moh. Utvilsomt ein av dei greiare toppane å nå, grensar mot Sogndal, men sikkert best å gå fra Solvornsgalden. Da får vi ein del bratte meter å gå, men ikkje så ille som på Bjørkanosi, og i eit lettare og mykje meir brukt turterreng. Sikkert kjempeutsikt nedatt mot Lustrafjorden og Barsnesfjorden!! Typisk ettermiddagstur ein fin sommardag.
10: Tausasva. 928 moh. Kanskje ikkje så høgt, men når ein skal starte ikkje så veldig langt over fjordnivå på Ornes, så vert det straks litt å forsere likevel. (Hvis vi ikkje snik oss til å parkere ved stavkyrkja ein haustdag da) På kartet er det tegna inn ein slags traktorveg, før det går over i ein bratt sti i ca. 500 høgdemeter. Antaglegvis ein fin utsiktstopp, som altfor få har vore på.


Men medan vi ventar på snøen som kjem, samt dei ti neste toppane og tre somrane som vi kan rusle i fine fjell, så kan vi mimre over dei toppane vi HAR vore på!

Her er dei.

Tundredalskyrkja

Steindalsnosi

Eggjene

Nordre Dyrhaugstind

Solsetnosi

Dugurdskulen

Spefjell

Tussen

Fivlenosi

Skoganipa