torsdag 21. juli 2016

Topptrimmen 2014 - 2016, Tundredalskyrkja

Denne turen kan oppsummerast slik:   LAAANGT!

Det var på tide med årets første topptrimtur, og den niande i denne runden av Luster Turlag sin treårsplan for å få meir eller mindra veltrimma menneske opp på stader der dei ellers aldri ville ha komme.

Tundredalskyrkja, 1970 m.o.h., er beliggande langt nord i kommunen, som ein grensetopp mot Skjåk i Oppland. Turlaget har tidlegare arrangert fellestur til denne toppen, som utvilsomt er ein av dei aller mest krevjande av alle dei 100 toppane som turlaget har funne.
Fellesturane har, iallfall for to år sidan, gått fra Sota i Skjåk, noko som gjer at det vert ein del kilometer kortare å gå, men nokre meir høgdemeter, og vesentleg brattare. Fra Sota startar ein på ca 750 m.o.h. medan det alternative startpunkt, Fivlemyrane, ligg på ca. 1020. Aberet med å starte fra Sota er ein lang biltur for å komme dit. Ein kan jo alltids overnatte på DNT-hytta der, men sååå nøye er det ikkje med å gå på topptur.

Eg meiner at sidan det er ein topptrim i Luster, så vert det litt malplassert å reise til ein annan kommune, og endatil anna fylke for å gå opp på ein grensetopp. Ved å gå fra Sota, så er ein ikkje innom heimkommunen før ein er komen på toppen. Da blir det ein "Skjåk-topptrim" i mine auge.
Såklart er det langt å køyre til Fivlemyrane også, men med det som startpunkt, så får ein iallfall gjere seg kjent innafor eigne kommuneegrenser, på stader ein neppe kjem til å ferdast så mange ganger ellers.

Vi var 11 stk. som hadde avtalt turen på ein dags varsel, det gjeld å nytte gode værmeldingar.
Kl. 0700 var avreise fra Gaupne, og ca. kl. 0830 var vi komne til parkeringsplassen litt ovanfor dammen på Fivlemyrane, ca. to kilometer forbi Nørdstedalsseter. Vegen inn hit, dvs. fra Bjørk i Fortunsdalen, er eit kapittel for seg. Det er ein god kandidat til "Dangerous roads" på Discovery Channel.

Med eit såpass stort reisefølge, og utvilsomt stort spenn i graden av "sprek", så kunne det kanskje vorte ei utfordring å halde det heile samla?
Nei, det gjekk veldig bra. Vi gikk innover Nørdstedalen i heller roleg tempo, og hadde første pause etter ca. fire km. gange på merka DNT-sti. Da var vi komne til stikrysset mot Ilvatnet og Sota, som går til høgre, men vi skulle mot Fortunsdalsbreen til venstre. Her var det også merka sti, men openbart mindre brukt enn stien mot Sota. Det var ei rekkje mindre elvar som var ei viss utfordring å krysse, men det vart dessverre/heldigvis ingen videoklipp av folk som ramla uti isvatnet. Slike kryssingar gjorde sjølvsagt at det gikk heller sakte ein periode, og ca. seks km. fra bilane, så tok vi ein god matpause. Etter seks kilometers gange var vi framleis ikkje komne opp på meir enn dryge 1200 m.o.h. Vi vart samde om å følge stien ca. ein kilometer til, før vi måtte bryte av og gå i umerka terreng. Det bratta litt til, men ikkje verre enn at alle fint kom seg greit av garde. Det steig jamnt og trutt, og vi kom nå ved sidan av og langt over Fortunsdalsbreen. Det var ein heil del større snøfenner som måtte forserast, bl.a. ei der vi måtte gå på skrå i fleire hundre meter før vi kom bort til det brattaste partiet på heile turen.
Det var også først nå at vi oppdaga kor toppen eigentleg var. Det hadde nemleg vore skodde på toppane, så da vi såg ein fjelltopp på baksida av breen, så trudde vi det var målet. Det var heilt feil. Den toppen vi såg på ganske så lang avstand var Sveinkollen, 1743 m.o.h. men når tåka letta, så oppdaga vi sjølve Tundredalskyrkja, vesentleg lenger bak, og over 200 meter høgare....Hugs forresten at Tundredalskyrkja består av to toppar, og ein skal sjølvsagt på den høgaste, den lengst vekke fra Fivlemyrane.
Det var litt nedtur. Men, det var ingenting å gjere med, og vi tok ein  ny pause før det brattaste partiet. Vi hadde gått over 11 km. og den hardaste biten stod att. Det byrja å merkast, for andre topptrimturer er slik at etter 11 km, så er ein gjerne nedatt komen. Her hadde vi framleis tre-fire km. att før vi i det heile teke var komne opp. Det var forlengst klart at dette ville bli ein svært lang dag.
Det bratte partiet er forøvrig ikkje spesielt bratt eller langt. Det stig ca. 100 høgdemeter på 500 meter, men det er mykje stein, og litt fram og tilbake må påreknast. Det er likevel heller greit å gå, samanlikna med mange av dei andre steinkledde toppane i Breheimen/Jotunheimen.

Været klarna betydleg, og når eg kom opp på bandet mellom dei to markerte toppane som er sjølve Tundredalskyrkja, så var det flott utsyn mot grensetoppen Vestre Holåtind (2039 m.o.h.) samt dei andre Holåtindane, som ligg i Skjåk.

Her oppe, på over 1800 m.o.h. var det stort sett berre stein og grovur å gå på. Det fins ikkje antydning til sti eller merking. Ein må berre gå mot toppen, noko som kan slite litt på viljen, da det er ca. to kilometer bort til sjølve toppen. Det er ei lita høgde først, 1909 m.o.h. og når ein er komen dit, så dukkar den eigentlege toppen fram , ytterlegare nesten ein kilometer borte. Det er litt seigt, men kva er alternativet til å gå bort dit? Snu og gå nedatt til bilen?

Alle kom seg velberga opp, om enn vi vart spreidd ganske mykje dei siste par kilometrane. Det gjorde ingenting, for det var nå fint vær, sol og ikkje verre vind enn at det gikk an å sitte seg litt i le på Skjåk-sida av varden. Det var berre til å få på seg tørre klede, klippe kortet, notere namnet i boka (ikkje meir enn ca. 140 som har vore her enda), og nyte livet....

Det var eit makelaust flott utsyn. Skodda var blåst bort, og mot nord såg vi til Lesja, medan mot sør såg vi fjella i Lærdal. Milevis å sjå altså.
Dei første som var på toppen var der i ein time, og det var heilt problemfritt på ein slik flott dag.
Skal ein først reise på ein slik lang tur, så blir det meiningslaust å ta det i dårleg vær.
Toppen av Tundredalskyrkja ligg på 1970 m.o.h. og det kan sikkert være ganske så hustrig der i regn og skodde.

Ein lang tur venta oss nå nedatt. Diverse måleinstrument vart sjekka, og vi var samde om at det hadde vore ein tur på ca. 13-15 km. for å komme oss opp. Da skulle det neppe mykje hovudrekning til for å forstå at total spasertur i fjellet ville nærme seg 30 km. Etter å ha brukt seks timar opp, og sju og ein halv sidan vi satte oss i bilen, så forstår ein at dette var verkeleg ein tidskrevjande topp å bestige.

Nedatturen er ofte verre enn opp, grunna slitasje på kne, anklar og rygg. Distansen i seg sjølv krev sitt, og ein går ikkje akkurat på asfalt og grus. Rett nok er det fleire kilometer med merka sti, men dei skal nå gåast okkesom.

Vi hadde også matpause på tur nedatt. Såvidt eg kan erindre er det første gang eg har hatt ei skikkeleg matøkt på turen ned fra ein topp.

Slakke bakkar nedatt, og ein høgst uventa faktor melde seg da vi skulle krysse elvane att. Fleire stader hadde elvane vokse såpass i løpet av den varme sommardagen, at vi måtte finne andre krysningspunkt, men det gikk meir eller mindre greit nå også. Måtte hjelpe kvarandre litt, så nå har vi lært betydninga av teamwork.

Dammen på Fivlemyrane kan vi sjå heilt fra toppen av Tundredalskyrkja. I luftlinje er det ca. 12 kilometer, men med snuane hit og dit, så vert det altså noko lenger å gå. Dei siste seks-sju kilometrane ned mot parkeringsplassen, og spesielt etter at vi hadde kryssa siste elv, var noko kjedeleg. Det var ikkje så rart med tanke på at det var 10-12 timar sidan vi hadde gått der sist. Sola byrja å dale, og til sist forsvant ho bak fjella.

Vi ankom parkeringsplassen over 12 og ein halv time etter at vi hadde vore der sist. Strava viste at eg hadde gått nesten 28,5 km, og 1353 høgdemeter. Totaltid 12 timar og 37 minuttar, det er rimeleg heftig til å være ein topptrimtur.

Hvis eg skal konkludere på eit slags vis, så må det være at dette var veldig langt. Ikkje spesielt hardt, bratt eller tungt, berre langt.
Ein går sjølvsagt noko seinare når ein er fleire i lag, men eg syntes vi fungerte godt som eit lite turfølge, og hadde ein veldig fin tur. Ikkje noko stress, eller farlege situasjonar, ikkje noko uhell eller skader, kun nokre skavankar grunna det å gå langt i sti, på fjell og i ur.
Hvis ein velgjer å gå fra Fivlemyrane, må ein være klar over at det tek timesvis, både opp og ned. Eg for min del har ikkje gått så langt sidan eg tok tremila i militæret oppi Trøndelag for ca. 1000 år sidan.
Totalt tok heile turen, fra vi satte oss inn i bilen i Gaupne, og til vi kom att, noko stive og støle det må innrømmast, heile 16 timar. Men litt stiv og støl; Har hatt langt verre gangsperr på turar som har vore under halve distansen, men som har hatt mykje brattare nedfarter.
Tundredalskyrkja fra Fivlemyrane er like mykje ein test på psyken som på beina. Det krev vilje å gå i 10-12 timar, og dersom ein har nokre med seg, så vil det hjelpe. Det å surre åleine her inne i dette landskapet kan fort bli for kjedeleg og einsamt. Finn folk på samme nivå når du skal gå turen, og som sagt; Finvær er eit must. I dårleg vær går ein berre glipp av eit kjempefint utsyn som ein må leite lenge etter å finne. Dessutan går ein lange distansar  på stein og svaberg, dei vert fort glatte, og mobildekning fins ikkje før ein er nedatt på Bjørk omtrent, med unntak av heilt på toppen.

God tur!!

PS: Nokre ord om dyrelivet. Rett nok såg vi korkje hjort, elg eller rein, men ein heil del ryper. Ikkje innbefatta dei  vi hadde med oss, men slike med vinger og fjør.
Vidare såg eg fleire froskar på ein tur enn nokon gong tidlegare. Så dersom ein skal på rype eller froskejakt, så kan ein tur her anbefalast.




Bilder:


Fra ein av dei første pausane på veg opp. Som ein ser var været framleis noko disig på formiddagen. I bakgrunnen ser vi framleis dammen, og det ser kanskje ikkje så langt ut. Men tru meg: Det er adskillig lengre enn det ser ut til.

Fra den Sikkelege Matpausen, på veg opp. Her hadde vi gått over sju km, men var framleis ikkje i nærleiken av å sjå toppen. Derfor tok eg dette bildet som viser kor vi hadde gått sålangt :-)

God merking inn mot Fortunsdalsbreen. Vi tok av eit stykke før brefronten, og syntes eigentleg det var OK. likar ikkje å komme for nær breen utan skikkeleg utstyr.

FOR ein lang dal. Spesielt når ein skal gå....

Toppen i bakgrunn var den vi trudde var Tundredalskyrkja først. Men det var det jo ikkje. Den ligg skjult i skyene til høgre i biletet. Nedtur, sidan det vart så mykje lengre å gå.

Fortunsdalssbreen og Tverradalskyrkja til høgre. Dette er ein anna topptrimtopp, som eg vel neppe aldri kjem opp på.

Her var eg omsider komen på toppen av Tundredalskyrkja, og bildet er teke ned mot der vi gjekk. Det ser kanskje ikkje så bratt ut, og det var det heller ikkje. Men veldig drygt å gå, og som ein ser: Steinete. Ser du folka nede i ura?

Flott utsikt. Dette er ned mot Skjåk og Sota. Vatnet i framgrunnen heiter Sottjønnin iflg. kartet.

Over mot Tverradalskyrkja. Det er ein 2000-meterstopp, og ser bratt ut....

Nede att til parkerinsplassen. Nå var det vorte kveld. Som ein ser kan vi køyre noko forbi dammen, grei veg, berre følg kartet.

Her kan vi faktisk skimte toppen. Den ligg heilt til høgre i dalføret. Den markerte toppen i midten er altså Sveinkollen, og du skal IKKJE dit.

Det vart nokre steg ja....

tirsdag 19. juli 2016

Fortunsdalen på sykkel, iallfall eit stykke.

Lengst inne i kommunen har vi eit av landets villaste dalføre. Dette er ein av dei mange portane til Breheimen og Jotunheimen, men er liksom litt meir anonym enn mange andre slike portar.
Kanskje fordi vegen innover er litt spesiell, og fordi denne vegen ikkje er open for allmenn ferdsel meir enn nokre veker om sommaren?

Fortunsdalen har dermed ikkje så mykje trafikk, og det gjer heile dalføret ypperleg til.... ja nettopp: Sykkelturar. Da er det heller ikkje noko ulempe at det ikkje er så mange folk som bur her. Jo mindre trafikk, jo bedre.

Det er asfaltert veg fram til Bjørk, men vi kan sykle mykje lenger, hvis vi gidd og har utstyr til det.
"Utstyr" betyr anan type sykkel enn landevegsracer, fortrinnsvis terreng eller cross.

I vår har eg hatt to turar innover her, dvs. noko lenger enn til Bjørk, som jo er den normale snuplassen dersom vi er nokre fleire som trillar i lag.
Den første turen tok eg i midten av april, på ein fin og varm vårdag. Var først frammi Mørkridsdalen, så langt som eg i det heile teke kunne komme på to hjul, og det var dessverre ikkje så veldig langt. Berre eit par kilometer forbi Moen, der som asfalten sluttar i det dalføret... Der går det rett over i sti for fotturistar, og ein kan rett og slett ikkje sykle lenger. Dumt.
Det vart litt kort, så eg fant ut at ein tur inn Fortunsdalen passa inn i tidsskjemaet.
Litt bunkring på det lokale S-laget, og så trille det roleg innover. Forbi Bjørk, over brua, og inn på grusvegen. Her har eg køyrt med bil berre eit par ganger tidlegare, så dette med lokalkunnskap er som blåst.
Det er forøvrig høve til å ta av ein grusveg rett før brua også, da havnar ein på vegen opp mot Ormelid og Svensøy. Trur sanneleg eg skal ta meg ein tur dit ein gang også.

Den aktuelle vegen fører som kjent heilt inn til Nørdstedalsseter og vart, såvidt meg bekjent, bygd under anleggsperioden der på 1950-talet. Det er ein makelaus veg til tider, sjølv om det no har vokse opp så mykje skog at dei mest spektakulære utsyna dessverre vert litt gøymt bort.
Fra Bjørk og innover eit par kilometer var det fint å sykle. Denne vegen er nytta dagleg, for her ligg det eit bruk eller to som heiter Øyane iflg. kartet. Er lite kjent her.

Det er først rett etter avkøyringa til desse gardsbruka at vegen får ein vesentleg anna standard, og går over til anleggsveg med mindre bruk og vedlikehald.
Her finn ein også dette skiltet:


Som ein ser er vegen heller uegna for racersykkel, men på cross går det heilt fint, iallfall oppover. Ein må ta det ein smule meir med ro i unnabakken, men det var heilt problemfritt. Når eg var der i april, så var det framleis mykje snø i høgfjellet, og det rant vatn overalt. Forbi skiltet som ein ser over, var det eigentleg berre til å følge godt med på om det skulle komme ras, for da var det nok berre til å sykle som ville helsike derfra. Såg nesten meir på fjellsidene enn på vegen.
Men naturen er eineståande.Smalare og smalare blir det, og medan ein sjølv er nede på ca. 100 m.o.h. så er fjella godt over 1000 meter høgare, nesten rett opp. Ikkje rart det er satt ut advarsel om ras nei.
Eg sykla ikkje så langt opover dalen denne fine vårdagen i april. Årsaka var rett og slett: Tok ikkje sjansen. Dessutan var sikkert vegen stengt av snø ikkje så mykje lenger oppi likevel.

Tok ein kjapp stopp på ein plass som såg så nokolunde rassikker ut, tok nokre bilder og ei cola, og trilla nedatt så fort som eg torde. Traff sjølvsagt ikkje ein einaste bil.


Hit, men ikkje lenger. Og sjølv om det høyres utruleg ut for alle som ikkje er lokalkjende: Vegen fortset lengst inne i dalbotn som vi ser i bakgrunnen.

Eg måtte sjølvsagt ta litt bilder nedover dalen også:

Det ser ikkje så bratt ut på bildet, og det var det da heller ikkje. Gikk heilt fint. Det er betydleg verre lenger innover dalen.



På veg heimatt køyrde eg som vanleg utanfor Gullringtunnellen. Ser ikkje hensikta med å trille igjennom halvannan km. fjell, når ein har ein fiks ferdig bilfri og naturskjønn veg ute i naturen.
Big Deal om ein brukar 20 sekundar ekstra. Denne dagen var det så fint at eg berre MÅTTE stoppe å ta eit bilde her:




Det vart altså til at eg måtte snu ca. fire km. fra Bjørk ved dette høvet, men turen gav meirsmak, og i slutten av mai baud høvet seg att. Nå var vegen adskillig tryggare å køyre, det rant mykje mindre vatn i fjellsidene, og eg traff endatil folk som hadde vedlikehald på vegen, det var veldig bra. Kanskje dei var på oppdrag fra Hydro som jo har store kraftanlegg langt inni fjellheimen?

Turen gikk greit forbi husa på Øyane, og eg trilla enkelt forbi der eg hadde stoppa nokre veker før.
Men så byrja det å bratte til skikkeleg. Lengst inni Øyabotn, der ein ikkje skulle tru at det var mogleg å bygge ein veg i det heile teke, er det einsskilde svært bratte parti, hugsar spesielt den første hårnålssvingen. Her stig det 110 høgdemeter på berre 800 meter sykling, og med landevegsutveksling på crossdoningen, og anleggsveg beståande av grus og pukk, så var det ei skikkeleg utfordring. Men opp kom eg denne gang også. Det er berre snakk om å tåle å lide ein smule. Det er utruleg kva ein kan få seg til å gjere når ein ikkje får betalt for det.
Denne heller brutale stigninga gikk mellom dei fire første hårnålssvingane. Vegen ligg nå høgt oppe i ei bratt fjellside, og på den neste kilometeren steig det ikkje meir enn 90 høgdemeter. Eg var komen heilt opp mot Bakligjelet, med eit aldeles utruleg utsyn nedover mot vegen der eg hadde snirkla meg opp nokre minuttar tidlegare. Juvet her er som i eit eventyr. Ramlar ein utfor kan ein tenke mykje før ein landar, så høgt er det. Den tyngste biten var nå unnagjort, men dessverre hadde eg ikkje tid til å sykle lenger, i det minste trudde eg ikkje det. Angra i etterid, for sjølvsagt kunne eg trilla litt til, men det hadde allereie vore ei ganske tøff økt, 44 km. hadde eg sykla utan stopp, derav dei siste sju på dårlegare og dårlegare grusveg, og dei siste to kilometrane med over 10% stigning i snitt.

Det var berre å bite i det sure eplet; Dvs. snu. Eg hadde komen halvveges til Nørdstedalsseter fra Fortun, og skulle gjerne ha trilla lenger.

Sjølvsagt hadde eg medvind heim att, så da fekk eg tid til ein svipp fram til Ryfossen som rant flaumstor ned fjellsida.
Vi lever i ei naturperle.

Her er brua på Bjørk. Det naturlege vendepunkt for einkvar landevegsssyklist som er på tur innover Fortunsdalen. Men dersom ein snur her, så går ein altså glipp av noko av landets mest spektakulære natur. Det er ikkje lett å skildre kva ein går glipp av, men eg anbefaler på det sterkaste å sykle vidare innover, gjerne heilt til Nørdstedalsseter. 





Måtte berre ta ein liten fotostopp....




Der nede er vegen som ein må komme seg opp. Slitsomt, men verdt det.


Rekkverket kan ikkje seiast å heve naturopplevinga, men det har nok sin misjon på denne staden. Hoi, kor høgt det er ned her!




Hit, men ikkje lenger. Vi ser Bakligjelet, og ja: Vegen fortset oppe til venstre. Hadde neppe blitt bygd i dag.



Og så må eg berre ha med eit bilde av Ryfossen denne dagen. Det ligg inne søknad om utbygging av denne. For naturopplevinga sin del, så får vi håpe elva får renne slik som dette.


Kunne godt ha tenkt meg å sykla heilt inn til Nørdstedalseter, men da må ein opp enda nokre høgdemeter til, da sjølve hytta ligg på over 900 m.o.h. Hadde vore moro å prøve, men nå er det vel litt meir bilar innover, så da må ein ta det enda meir med ro, iallfall nedover.










mandag 18. juli 2016

Kyrkjene i Luster

Ein sykkelvenn kom med forslaget i vår: "Neste gang syklar vi innom alle kyrkjene i kommunen".
Det var under ein av turane rundt fjorden orda falt, og det var jo ein fantastisk god ide.
Så da var det vel berre å trille i veg? Besøke kyrkjene i kommunen kan da ikkje være sååå vanskeleg?
Det er berre eit par små problem: Luster kommune er stor i utstrekning, svært stor.
Totalt snakkar vi om eit areal på over 2700 km2, eller noko større enn Luxembourg, verdas 168. største land....
Rett nok er det meste høgfjell, bre eller fjord, men innimellom dalar og langs med Lustrafjorden er det satt opp ei rekkje gudshus i gamle dagar. Nokre av dei er faktisk veldig gamle også, skal komme attende til det.
Forutan at nokre av kyrkjene er gamle, så er det også ganske mange av dei, iallfall når ein ser på folketalet. Med ca. 5000 innbyggarar og heile 11 kyrkjer, så skulle det være gode høve til å få åndeleg føde. To av kyrkjene er eigd av Fortidsminneforeininga, medan dei øvrige må finne seg i årlege drypp fra kommunebudsjettet. Det har vore diverse oppslag i lokalmedia om tilstanden på nokre av dei gamle kyrkjebygga, og det er jo altfor gale at slike kulturminner skal nærast forfalle og nesten være farlege og opphalde seg i. Hvis eg vinn ein halv milliard i vikinglotto på onsdag fk. så skal eg med glede sponse kvar kyrkje med kvar sin million, og reknar med at kommunen gjer det samme.

(Liten sjanse for begge deler kanskje?)

Eg bestemte meg for at denne turen ville eg prøve å få gjennomført, men skippa kapellet på Veitastrondi, da det jo er eit kapell, og ikkje kyrkje. Dessutan ville det medført ein ekstra svipptur på over seks mil, langs ein veg med anleggsarbeid og greier.

Det var tidleg ein morgon da eg ville prøve på dette prosjektet. Vel, tidleg og tidleg.... klokka var 0915 da eg trilla ut fra garasjen. Tok sikte på ferja fra Solvorn kl. 1100. Ruta var såleis fastlagd, og første kyrkje var den som tilfeldigvis ligg nærast heimen, nemleg gamlekyrkja i Gaupne. Denne er ca. 365 år gamal, og eigd av fortidsminneforeininga. Den er lite i bruk, er vel kun til olsok hvis eg ikkje hugsar feil. Dog er det framleis ei og anna gravferd der, sjølv om seremonien vert helden i nyekyrkja nokre hundre meter derfra.
Vel oppe ved startpunktet nullstilte eg Strava og sykkelcomputeren, samt det obligatoriske bildet.





Neste post, eller kyrkje får eg vel sei, sidan det ikkje eksisterer postkontor lenger, var Joranger Kyrkje. Det er ikkje den kyrkja eg har vore oftast i, men har vel vore der i broderens bryllaup, samt ein dåp ein gang i tida. Denne er også bygd på 1600-talet visstnok, og er ikkje av dei største. Kyrkja ligg oppe på ein liten topp, knappe 200 m.o.h, og vegen opp kan være seig å sykle, spesielt hvis ein tek den som nestsiste, og ikkje som nr. 2 i rekkefølga. For mitt vedkommande var det kun ca. 8,5 km. etter start, så da var det heller enkelt.





No veit ikkje eg om indrebøgdingane er meir kristne enn andre i kommunen, men uansett er det nesten gangavstand til neste kyrkje, på Fet. Knappe tre kilometer er det mellom dei to gudshusa, men Fet er mykje større enn den på Jørungo, og eit par hundre år nyare, fra slutten av 1800-talet. Turen opp til Fet gikk greit, det var framleis ikkje sykla meir enn dryge 11 km. Eg har aldri satt mine bein i Fet kyrkje, og har ikkje noko ekstremt behov for å gjere det heller. Men eit fint kulturbygg er det jo.





Nå var det eit heilt stykke til neste gudshus. Tre kyrkjer besøkt på 11 km. men for å komme til den neste, på Hafslo, måtte det syklast nesten ei heil mil til.  20,5 km. viste computeren da eg stod utanfor Hafslo kyrkje, bygd i det Herrens år 1878.
Dette er ei av dei større kyrkjene i kommunen, kanskje ikkje så rart da det jo er i det mest folkerike soknet. Har aldri vore inne i denne heller, men har sykla forbi desto oftare. Det er eit fint bygg som ligg vakkert til nede ved Hafslovatnet.




Eg hadde grei tid til ferja, men før eg kom til kaien, så måtte eg forbi kommunens største kyrkje, nemleg i Solvorn, ca. sju kilometer fra kyrkja på Hafslo. Dette er den kyrkja med fleste sitteplassar i heile kommunen, noko som er smått ironisk i dag, da Solvorn er ei heller lita bygd. Fint og natursskjønt, javel, men likefullt ingen metropol. Det skal innrømmast at det nok er finaste bygda i kommunen på sommarstid. Om Solvorn kyrkje er smekkfull under preika veit eg ingenting om, men det har i det minste vore nokre populære julekonsertar der, det er da noko. Kyrkja er forøvrig bygd i 1883. 






Ferjekaien neste. Eg hadde sykla i ein time og 25 minuttar og 27 km., og hadde eit kvarter til ferja gikk. Dei verste bakkane var unnagjort, med to markerte bakkar opp til Jørongo og Heggmyrane. Nå var det den bratte kneika opp til Urnes Kyrkje som stod for tur, på andre sida av fjorden. 
Denne gamle kyrkja treng knapt nokon vidare presentasjon, men eg kan jo nemne at den er svært gamal, nøyaktig datering er litt usikkert, men ein gang på 1100-talet er sagt. Det er ei stavkyrkje, ei av dei få attværande vi har her i landet etter reformasjonen og stavkyrkja på Urnes er som kjent også på UNESCOS verdsarvliste. Det er faktisk noko å være stolt av.
Det ein ikkje treng å være stolt av er vegen opp til kyrkja. Den er bratt og smal, og har i sommar vorte noko utvida i svingane, slik at også bussar kan komme seg opp. Det finst tross alt langvegsfarande turistar som ikkje klarar å gå den bratte kilometeren opp. Det stig ca. 100 høgdemeter på den usle kilometeren fra ferjekaia, og når ein har slappa av litt på ferga, så er det eit lite sjokk å bryne seg på ein slik bakke. Men opp kom eg omsider.



Fra Urnes var det langt til neste kyrkje. Heilt inn til Fortun, ca. 35 km dit, men langs ein av mine favorittstrekningar på sykkel. Sørsida av Lustrafjorden (det burde heite "Søraustsida") er lite trafikkert, er smal og sjarmerande, og ikkje minst langt meir kuppert enn ein opplever det i bil. Det er også tre tunnellar, der den lengste er på nesten ein kilometer og den er mørk som natta. Her er det påkrevd med skikkeleg lys. Har trilla igjennom der med dårleg lys eit par ganger, lite morsomt.
Fortun kyrkje vart nådd etter 67 km. og 3 timar og 30 minuttar etter at eg drog heimefra. Også Fortun kyrkje er bygd på siste halvdel av 1800-talet. Har aldri vore inni den heller. 
Som kanskje kjent vart den gamle stavkyrkja i Fortun sendt til Bergen og attreist der som Fantoft Stavkirke, før ein eller annan liksomsatanistkødd fant ut at dette var eit passande bygg å sette fyr på.
Sjølv om eg ikkje trur på korkje gud eller djevel, så er det veldig trist at slike kulturminner går tapt. Det som er att etter den gamle stavkyrkja, er ein gravplass, som er i mildt sagt miserabel forfatning. Var oppom der ein tur også, det var ikkje noko hyggeleg syn. Antaglegvis null vedlikehald, i det minste kunne gravminna stått så nokolunde beint. Trist. Tok ikkje ein gang bilder derfra, da det ikkje ville vore særleg verdig.





Så var det utover fjorden att, til den einaste steinkyrkja "vår". (Som lustring må det være lov å sei "vår") Dale kyrkje er kanskje den mest staslege vi har i kommunen, sjølv om eg jo kun har vore inne i sju av dei 11.... Den eldgamle steinkyrkja er veldig fin, spesielt portalen får mange lovord. Dale kyrkje er heilt tilbake fra 1200-talet, og er såleis den nesteldste i kommunen. Her har eg vore fleire ganger, men aldri før har eg stoppa der etter sykkeltur, ein tur som nå hadde vart i over fire timar og 84 kilometer. Kjøpte bolle på Lustrabui, samt ein cola, for nå måtte det påfyll til. Hadde framleis snuen fram i Jostedalen att.






Etter ei velfortjent matøkt var det berre å trille vidare til neste gudshus, på Nes denne gang, knappe mila lenger ute i fjorden. Kyrkja på Nes er ein av dei som har vore omtala i lokalavisa i vår, og det er jo synd (!) at eit slikt bygg er i så dårleg forfatning. Kyrkja ligg midt i Nesbakken, for oss syklistar er det derfor litt kjipt å svinge nedom berre for å ta eit bilde av denne fint beliggande kyrkja fra 1830-talet, for så å sykle opp att den bratte kneika opp til riksvegen.
Kan ikkje hugse å ha besøkt denne så hyppig heller, men det er iallfall, ved sidan av Joranger kyrkje, den som ligg finast til i heile kommunen.




Eg hadde nå sykla nesten ti mil, mutt åleine, og byrja så smått å merke det i beina. Rett nok hadde eg sykla sakte, da eg hadde distansen i tankane. Innover Gåpnafjorden var det medvind eit stykke, men den snudde sjølvsagt når eg skulle oppover Jostedalen for å besøke kyrkja der. Fint vær og varmt, med ein tildels kraftig motvind byrja for alvor å tære på kreftene. Men det var aldri snakk om å droppe Jostedalskyrkja. Er ein på tur, så er ein på tur. Kyrkja i Jostedalen vart nådd etter ca. 125 km. og over seks timar etter at eg drog fra gamlekyrkja i Gaupne. Opp Jostedalen er det sjølvsagt slakk stigning, noko som var seigt nok i motvinden.
Var eigentleg glad til da eg kunne snu, og tenkte lite på at der har eg vore fleire ganger. Jostedal Kyrkje er nesten like gamal som gamlekyrkja her i Gaupne, men er framleis i "normal" bruk.






Det var berre til å komme seg heim att, til nyekyrkja i heimbygda. Nedover Jostedalen var det medvind, og det gikk veldig greit. Eit godt teikn på at ein omsider tåler distansane i langt større grad enn før.
Siste gudshus vart altså der eg gifta meg i 1999, og der eg også hadde mitt livs tyngste dag i august i fjor.
Gaupne kyrkje er bygd i 1907, og er såleis den nyaste i kommunen.
Det passa bra og avslutte her, i heimbygda, knappe 500 meter fra gamlekyrkja der eg starta denne sykkelturen nesten sju timar før, og knappe 15 mil var nå tilbakelagt.
Ein flott tur hadde det vore, men eg veit ikkje om eg gjer det så mange ganger til. Kanskje skulane i kommunen vert det neste? Men da vil eg få nokon til å køyre meg til Veitastondi først...








'

mandag 4. juli 2016

Sognefjellsrittet 2016

Årets tøffaste sykkeltur er unnagjort. Og den desidert våtaste i samme slengen.
Etter ein fin vår og forsommar har vi blitt belasta med regn dei siste par vekene. Ustabilt vær var det også i høgste grad på årets Sognefjellsritt, nr. 19 i rekka. Minna meir om det forgangne rittet "Dei fire årstider" fra 25 år tilbake.

Medan storebroren, Jotunheimen Rundt i år hadde rekordpåmelding, og deltaking til tross det labre været, så slit Sognefjellsrittet merkeleg nok litt i motbakke. Deltakinga er nå halvert sidan rekordåret i 2011 da det var nesten 300 påmeldt. I år var det 147 påmeldt iflg. turritt.com, og 145 av dei fullførde. I tillegg kjem ein del førehandspåmeldte som ikkje møtte opp. Var det været som skremde?
Det er nesten forunderleg at deltakarantallet har gått jamnt og trutt nedover siste seks år, da dette er ein veldig fin tur som er overkommeleg for mange av oss.


Uansett, eg har vore med kvart år, og bryr meg ikkje om dystre værmeldingar. Det er såklart best med 22 grader og sol, samt medvind heile vegen, men slik er det nå ein gang ikkje mogleg å få til.
Vår lokale sykkelklubb stilte med 12 deltakarar, og det må seiast å være bra. Vi kan sikkert få med enda fleire, og i tillegg kjem andre lokale utan klubbmedlemsskap.

Som vanleg er Yr flittigt besøkt den siste veka før rittdagen. Vi køyrer tross alt fra eit av landets tørraste stader, over den høgste fjellovergangen vi har, og ned att til ein arm av Atlanteren, 20 mil fra havet. Det seier seg sjølv at været kan variere mykje på den 14 mil lange turen.
I år var variasjonen større enn vanleg.
På Lom var det 17-18 grader, litt sol, og ein svak vind som vi fekk i ryggen oppover Bøverdalen.
Startpunktet var i år flytta 100 meter nærare Skjåk, utan at eg brydde meg  om det. Tidtakinga, som eigentleg ikkje betyr så mykje heller, startar nemleg ikkje før ein er godt ute av Lom sentrum.

Dei kjappaste starta eit kvarter før oss vanleg dødlege, så det var altså eit heller moderat felt som la avgarde kl. 1300 på laurdag. Ca. 110 stk, adskillig mindre enn da vi starta nesten 300 samstundes for fem år sidan. Noko godt er det da med mindre deltaking.

Grei fart oppover dalføret, og sidan vi var såpass få, så vart det heller ikkje så heseblesande ut fra start. Feltet deler seg fort likevel, da vi går inn i slake stigningar omtrent med det samme.
Vi kom inn i ei fin pulje, der alle vart meir eller mindre med på å dra. Det er alltid ein eller annan luring som liksom skal snike seg med gratis, men det gikk ikkje. Er lite interessert i å drasse på folk som ikkje vil være med på rulla. Vi er i eit turritt, og da er du med på å jobbe, hvis ikkje så kan du slippe deg bakover i neste pulje.

Dessutan vert det alltid splitting i småkneikene oppover, spesielt ved Elveseter. Denne bakken er litt bratt, og er nokre hundre meter lang, så her deler det seg, utan unntak. Kun ti minuttar etter startar så den første skikkelege bakken, nemleg dei knappe fem kilometrane opp til Jotunheimen Fjellstue. Dette er ein tøffing som kjem etter litt over ein times sykling for mitt vedkommande. Det er ingen hårnålssvingar, berre eit par parti der det flatar ein smule ut, men det stig altså jamnt i knappe fem kilometer. På toppen er ein alt på 1000 m.o.h. men det store aberet er at ein nå skal nedover att, til Bøvertun. Vi tok klokeleg på oss litt klede før nedkøyringa, før det byrja å småregne, og temperaturen sokk som ein stein. Småregnet gjekk over til plask, og det vart skikkeleg kaldt på nedkøyringa mot Bøvertun. Opp mot sjølve Sognefjellet er det ein ny skikkeleg stigning på ca ei mil, og her går det trappevis oppover. Nokre skikkeleg bratte kneikar vert avløyste av små flater, og endatil nokre meter med unnabakke. Nesten irriterande.
Den siste kilometeren opp til Krossbu er litt flatare, og etterpå får vi eit par hårnålssvingar, før dei siste strekkene opp til over 1400 m.o.h. og første matstasjon, Sognefjellshytta.
I år var det guffent vær på fjellet, og det var berre til å ta på seg alt tilgjengleg ein hadde av klede. Det byrja å plaskregne igjen, og det vart ei tøff mil bortover Sognefjellsvegen før ein omsider slepp alle småkneikane heilt nede ved Juvatnet. Fem grader og regn er ikkje varmt akkurat. Herfra og ned til Fortun er det som det susar. Hvis ein tør. Kun eigne begrensingar set ein stoppar for kor fort ein kan køyre nedover her. Vi køyrde forbi lassevis i år også, enda vi tok det heller med ro. Men nå har vi køyrt her før da....Toppfarten min var heller skral i år, 66 km/t i øspøs og vind ned mot Oscarshaug var nok. I fjor bikka eg 82. Det seier litt om føret og tilhøva.
Nede att i Fortun var alle i god behold, og ein liten samling på Skjolden før det gjekk som det osa ut mot det neste avtalte stoppunkt, Uglo, på toppen av Indre Hafslo. Matstasjonen i Luster droppa vi glatt.
Det gikk som det susa utover fjorden, har vel knapt køyrt denne strekka så fort før. Satte ny pers på strekninga Luster-Høyheimsvik iflg. Strava, det var jo bra. Vi var nå seks-sju stk av nokolunde samme kaliber, så da gjekk det fint og jamnt utover.

Men på veg opp Nesbakken skjedde uhellet. Her er det veldig smalt, og ein møtande bil tok litt for lite hensyn. Det enda med uro i gruppa, og min sykkelkamerat rett framfor meg måtte i bakken. Nå var farten heldigvis redusert, vi var i ein motbakke, så det vart kun nokre skrubbsår her og der, samt ein punktert sykkel. Det er vel første gang eg har sykla over eit bakhjul. Det er ei lukke at ingen skada seg meir.
Vi brukte faktisk eit kvarter på å komme til hektene att, og da vi kom opp på Neshøgdi og susa i kollosal fart innover mot Gaupne, så kunne vi sjå uværet over Indre Hafslo. Opp dit skulle vi, det ville bli ein våt affære. På heimstaden stod det masse kjentfolk og heia, det er alltid veldig hyggeleg, og det er faktisk ein av dei få stadene der det er litt folk og lagar liv og røre langs løypa. Forbi her gjekk det ganske radig iallfall til oss å være, vi låg i 37-38 km/t. Men da vi passerte brua over Jostedøla, så var det som å køyre inn i ein vegg. Nå var det brått langt tyngre å sykle i 20 km/t enn i 37. Motvinden var som kuling bort mot Marifjøra, og den ekle tunnellen var ei lette å komme inn i.
Men da vi kom ut av tunnellen att....
Himmelen hadde opna seg fullstendig. Vinden var kuling, og temperaturen datt som ein stein.
Vi fekk på dei siste restane vi hadde av tørre klede. Eg hadde heldigvis regnjakken att, den hadde eg gløymt å ta på meg på Sognefjellet. Oppover Marheimsgjelet gjekk det, i eit aldeles utruleg regnvær. I vind og temperaturar ned mot 12-14 grader... episk.

Opp Indre Hafslo gjekk det ikkje akkurat med lynets fart, og da det plaska like herleg på Uglo, så droppa vi stoppen, og køyrde rett til Sogndal. Ned fra Heggmyrane var regnet som små nålestikk, og det var i det heile tatt veldig godt å komme ned til Barsnesfjorden der regnet gav seg gradvis utover fjorden.

Vi vart dei siste som kom til mål under seks timar, utan at det var så altfor nøye. I sykkeltid brukte vi berre fem timar og 19 minutt, men spesielt den lange ufrivillige pausen i Nesbakken øydela mykje. Dessutan brukte vi godt med tid på klesskifte her og der. Det trur eg var like greit.


Til tross for tidvis eit skikkeleg dårleg vær, så var det morsomt i år også. Sognefjellsrittet er kanskje berre 137 km, men i høve Kvam-Oslo som vi sykla 14 dagar før, så var dette ei heilt anna utfordring. Kvam-Oslo var 280 km, altså dobbelt så langt, men det var som ein tur i parken i samanlikning. Det å sykle Sognefjellsrittet er ein heilt anna type utfordring, noko som også viser seg i tida vi brukte. Nå brukte vi knappe seks timar på 137 km, medan vi brukte ni timar på den doble distansen, og da var ikkje halvparten så slitne.

Sognefjellsrittet er ein tøff, men svært opplevelsesrik tur. Det er kanskje litt kjedeleg oppover Bøverdalen den første timen, men i år var det bedre enn på mange år. Brått hadde vi sykle forbi Elveseter, og moroa var i gang. Det har ikkje alltid vore slik.

Sogn CK har verkeleg fått til eit flott arrangement. Matstasjonane fungerer godt, start og målområdet er velorganiserte, og heile organisasjonen er erfarne og kan sine saker. Hvis vi endeleg skal finne noko å pirke på, så ville eg gjerne hatt på plass att lyskontrollen før start. Det var altfor mange som køyrde utan lys, og vi har seks tunnellar på vegen, tildels lange. Dessutan såg eit par av vaktene i Sogndal ut til å være litt leie da vi kom, da dei var gjerne meir interesserte i mobilen enn i trafikken.
Likevel, dette blir pirk, og Sogn CK får ein sterk femmar på terningen for eit nytt flott arrangement. Været kan dei ikkje gjere noko med, og dessutan har det sin sjarm å sykle i drittvær. Det er ei heilt anna utfordring å trille over fjellet i regn og fem grader, enn i medvind, sol og 20 varme.
På denne utgåva fekk vi regn i fem mil, tildels mykje av sorten også.

Til neste år vert det min 20. gang eg blir med, så sant helsa held. Eg satsar på ein fantastisk jubileumspremie, og at Sogn CK ikkje gløymer det denne gang også, slik som dei gjorde da eg passerte 15 køyrde utgåver. Eller kanskje det var slik at det ikkje var noko 15-års premie???


Bilder:


Luster SK har sprekingar i alle aldrar. Mektig imponert! 



Forfattaren sjølv gjer seg klar. Ein optimistisk tommel i finværet før start.

Vegen oppover Bøverdalen har einskilde smale parti. Denne tyske bubilen tok hensyn til at det var syklistar på vegen. Det er ikkje alltid slik.


Altså... ein har ikkje meir moro enn det ein lagar sjølv..... 


På Sognefjellshytta. For ein gangs skuld smakte ikkje vaflene så jekla godt. Det trur eg er første gang eg har opplevd. Magen var neppe heilt i godlage.

Litt meir vindtette klede før turen bortover Sognefjellsplatået og den to mil lange utforkøyringa til Fortun. 



Fem grader og plaskregn. Sikkert meir behagleg inni bilen ja... Varmeapparat og greier der inni... 


Her er vi komne til Gaupne, men på dette tidspunktet visste vi lite om kor innforjekligt vær vi skulle komme borti berre 500 meter seinare.

"Independence Day: Resurgence" - Filmomtale

Da er det på tide med ein liten synsing om kinofilm igjen. Har sett ein del filmar siste året, men har ikkje hatt ork til å skrive før nå.
Så da passar det bra å ta for seg regissør Robert Emmerich sitt nyaste epos, og oppfølgaren til suksessen fra 1996, Independence Day.

Den første filmen var ein småmorsom sak, der budsjettet antaglegvis var ein brøkdel av det den nyaste hadde å rutte med. Og det er ikkje den minste tvil om at teknisk har mykje forandra seg på 20 år.

Independence-Day-2-poster.jpg

Først litt om "handlinga".
Vi befinn oss i det Herrens år 2016. 20 år er gått sidan "vi" slo tilbake invasjonsforsøket fra nokre skumle aliens. Sidan den gang har "vi" brukt den nyvunne  teknologien til storslagne prosjekt på månen som skal varsle oss mot nye potensielle angrep fra verdsrommet.  Ikkje nok med det, jordbuarane har også oppretta ein varslingssatsjon på ein av månane til Saturn, som vi dessverre ikkje får sett snurten av.
På jorda er det fred og hygge, og all krig og elendigheit er stoppa opp, for i 1996 innsåg vi at den største faren var aliens, og ikkje naboen.
Takka være den nye teknologien er det, i tillegg til ein stor bemanna internasjonal månebase, underlege farkostar på jorda, som openbart er istand til å frakte oss til/fra månen i løpet av minuttar.

Men skulle du ha sett: Ein slags alarm har gått, og på moderplaneten til dei skumle fra 1996, kun nokre galaksar borte, har dei på ny lagt invaderande planar. Nå skal jorda tas, ein gang for alle. Våre naturressursar, i form av jordas flytande kjerne, skal tappast. Det vil medføre at jorda mister sitt magnetfelt, og alt liv vil døy ut.

Så, heilt ubemerka, kjem eit 5000 km. stort romskip til månebasen vår....
og derfra går det stort sett berre verre.

Det dukkart opp fleire kjenningar fra den første saken fra 1996. Heilt i byrjinga ser vi t.d. Bill Pullman i rolla som bortimot rablande, halt og halvgal ekspresident. Vi får også eit hyggeleg gjensyn med Jeff Goldblum som overklok professor, samt Brent Spiner i ein langt større rolle nå enn i 1996, som skrullete geni. Det skrullete geniet, som etter å ha lege i koma i 20 år, brått vaknar opp og spør etter brillene sine før det er gått eit halvt minutt.

Vi får også møte ein del nye fjes, Liam Hemsworth t.d. som eg sist hadde den miserable gleda av å observere i den søvndyssande møkkafilmen Hunger Games, Mockingbird.
Forutan Hemsworth, så dukkar det også opp andre anonyme menneske, som ikkje utmerkar seg i det heile, med eitt unntak i Maika Monroe i rolla som ekspresidentens dotter og Hemsworths hjertekjær.

Vi saknar altså Will Smith, som kravde for stort honorar til at han kunne få bli med i denne filmen. Han har liksom omkomme i ei slags testulykke for nye romskip, og istaden hans har vi fått ein pappfigur som skal være sonen hans. Eit meir tafatt forsøk på oppfølging skal ein leite lenge etter.


Det er teknisk flott, ja storslagent det som skjer på kinolerrettet.
Men absolutt alt anna er hjelpelaust. Dei einaste som kan få så nokolunde ståkarakter i denne meiningslause smørja til (etter dagens kurs) ca 1,4 mrd (!!!) NOK, er Goldblum og Monroe.
Budsjettet er astronomisk. Tapstalla er som Svartedauden ganger 1000. Klisjeane er endelause.
Og ikkje minst: Logikken har hol på storleik med Grand Canyon.

OK, det er 1,4 mrd som ikkje er meint på å redde verda (Heh), men det må gå an å bruke meir enn to hjerneceller for å tenke ut dette manuset.
Filmen varer i over to timar, og det verkar som om alt skal skje i løpet av eit døgn eller kanskje enda mindre. På den tid får vi altså romskip på storleik med månen (uoppdaga sådan, romskipet altså, ikkje månen), som borer seg nesten inn til jordas flytande kjerne, medan våre heltar flyg lett og ledig mellom Afrika, USA, månen og tilbake til USA.

Til tross for to timar med fiffige effektar, og romskip og tekniske finessar nonstop: Det er gudsjammerleg kjedeleg. Om det går bra til slutt? Gjett om. Og gjett om det går bra, sekundar før alt saman skal skjære seg til dei grader, og planeten er øydelagt?
zzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzz..................

Filmen har alt blitt ein stor suksess, og har forlengst, berre to veker etter premieren, spelt inn budsjettet sitt og meir til. Det får ikkje hjelpe. Dette var kjedelig til dei grader, og det verste av alt: Det er laga til ein opning for del tre også. Sidan det tok 20 år på å lage ein oppfølgar denne gang, så er mitt einaste håp at det tek 200 til neste.

Årets mest soleklare hjernedøde film.


Høgdepunkt: (Om mogleg) Jeff Goldblum. Dessverre får han altfor lite plass.
Lavmål: Bill Pullman, som må bruke stokk, er halvgal og generelt svak og skrøpeleg, vert forandra til ein høgst oppegåande statsmann i løpet av eit døgn. Og han slepp endatil å bruke stokk lenger...


Terningkast? Det tekniske fortjener ein toppkarakter, men resten er ræl.
Den skal få ein Bilderesultat for terningkast 2 men da dreg effektane godt opp.