onsdag 22. juni 2016

"Halve Styrkeprøven". Rittrapport.

Over 10 månader er gått, og ein er omsider istand til å skrive litt att.


Og kva er vel meir naturleg enn å skrive om sommarens første store sykkelhappening, nyvinninga "Halve Styrkeprøven", nærare bestemt fra Kvam til Oslo.

Styrkeprøven feirar 50 år i år, og har for lengst vorte delt opp i ei rekkje kortare arrangement, med Lillehammer-Oslo som det desidert største. I år var det 3000 deltakarar derfra, ganske så imponerande antall! I tillegg kjem startpunkt fra Gjøvik (nedgang i antall startande, samt fra Eidsvoll, som vert meir ein familietur.
Det har også vore eit par utgåver med start fra Dombås, men det har ikkje vorte noko suksess.
Men altså; etter å ha køyrt diverse turritt i over 20 år var nå turen omsider kome til det største og mest kjende av dei alle, Styrkeprøven. (Ja, eg veit vi køyrde kun halve biten, men bagatellar, bagatellar....)

Nytt av året var altså den halve distansen fra Trondheim, nærare bestemt fra Kvam i Gudbrandsdalen. Sidan det er halve distansen, så vert dette altså ca. 270 km. Det skulle vise seg å bli 277,5 km for å være nøyaktig, men det er detaljar.

Det var påmeldt ca. 100 stk fra Kvam, ikkje det største feltet m.a.o. og dei fleste av dei att forsvant i den første pulja med start kl. 0800. Neste pulje, med oss fem fra Luster SK, samt ca. 15 mann fra NRK sitt bedriftsidrettslag, starta kl. 0815.
Ca. 13 varme, skya, og ein ganske så bra medvind nedover Gudbrandsdalen var det som venta. Været betyr som kjent mykje når ein syklar, så dette såg lovande ut.

Traseen fra Kvam må seiast å være særs snill. Vi startar på knappe 300 m.o.h. og allereie etter eit par mil kjem vi på løypas høgaste punkt, ca. 320 m.o.h. Sidan løypa gjekk på sjølve E6 dei første mila, så var det heller ikkje bakkar å snakke om. For å være ærleg så gjekk det ganske så radig dei første mila.
NRK hadde tydlegvis bestemt seg for å køyre samla, og styre heile gruppa, som dog ikkje bestod av meir enn ca 30 mann (ingen kvinner). Vi tilbaud oss å være med på drahjelpa, men dei ville styre dette sjølv, så da var det vel berre å legge seg bak.
Nede mot Øyer vart vi geleida utanfor E6, da det jo er mykje ny veg her. Til neste år vert det enda bedre, med tanke på det gedigne veganlegget som da vil stå ferdig.
Ved Hunderfossen vart vi styrt over på motsatt side av dalføret, og passerte dermed fornøyelsesparken og vegmuseet, utan stopp denne gang.
Traseen fortsatte forbi Jørstadmoen, og nedover langs Mjøsa på vegen parallelt med E6. Lite trafikk altså.
Det var først etter Mjøsbrua at vi måtte ut att på E6, og det var også på Biristrand at første matstasjon vart besøkt. Da hadde vi køyrt i 115 km, for den først matstasjonen ved Kvitfjell etter berre 44 km. kom rett og slett for tidleg. Merkleg nok var det ikkje matstasjon på Lillehammer, men det hadde vel noko med trasevalet utfra Lillehammer å gjere vil eg tru.

Det var forøvrig også før Gjøvik at vi for første gang opplevde ein idiot i trafikken. Ein eller annan lokal dust på veg til Harryland som måtte ruse litt i Opal`n sin og hytte litt med neven ut glaset. Litt etter var det ein gjøk til som kom ubehagleg nær NRK-gjengen, enda det var god plass.
Opp mot Toten var det skissert å være ein litt brutal stigning, men det var peanuts eigentleg. Det gjekk såpass sakte at heile gruppa var med utan problem.
Neste matstasjon var på Totenvika etter ca. 17 mil. Her var det vegarbeid, og litt humpete veg med grusparti her og der. Med crossdoningen min så var det problemfritt.
Det var også innsnevring eit par hundre meter her, med dårleg veg og grusdekke. Og det var her, at ein eller annan kødd i rutebuss (!!!) kom i mot oss. Som yrkessjåfør skulle ein forvente ein smule vett og forstand, men dette var skummelt. Ikkje antydning til nedbremsing, ikkje eit snev av å ta hensyn til 30 syklistar i eit ritt som har gått i 50 år. Det var på håret at idioten ikkje vart massedrapsmann.

Det var også i samme området at det litt seinare på dagen vart kasta ut masse tegnestiftar i vegbana. 50 syklistar punkterte, men heldigvis ingen som vart skada som følge av velt e.l.
Alle dei kjedelige episodane skjedde altså på ein distanse på totalt fem-seks mil før og etter Gjøvik. Tilfeldig? Neppe.

Vegen langs Mjøsa ned mot Minnesund var heller lite trafikkert, og vi hadde nå køyrt i 20 mil. Det var enda ein matpause, og eg var mest gira på å køyre distansen til Oslo utan stopp, men vi vart einige om å slå oss saman med NRK-gjengen i fall dei skulle stoppe på den aller siste stasjonen på Kløfta, dryge tre mil før mål.
Nå var vi verkeleg byrje å komme inn i dei tettbygde strøka på Romerike, og gjennom tettstadene der. Felta var nå byrja å smelte saman, da vi nådde att startande fra både Gjøvik og Eidsvoll. Til tider kunne det være felt på over 100 syklistar.

Ei lita nedkøyring til Kjeller, og opp mot Olavsgård, før vi atter ein gang skulle ut på E6, og opp Djupdalen. Litt artig å være tilbake i dette området der eg jobba for over 20 år sidan, og som eg ein gang var godt kjent i. Mykje hadde forandra seg sidan den gang. Fra Olavsgård var det satt av kollektivfelt og eit vanleg felt til oss syklistar, såleis god plass. NRK-gjengen, som framleis køyrde like solidarisk med ein mann eller to som byrja å få litt problem, lot oss slippe forbi, og vi la i veg dei knappe tre kilometrane oppover mot fylkesgrensa til Oslo, og avkøyringa til Østre Aker veg. Etter 26 mil var den heller enkle bakken seig nok, sjølv om det tok godt under ti minuttar. Det var likevel den einaste litt seige biten på heile turen. Inn mot Valhall arena var vi nå berre fem, og vi køyrde på det vesle vi kunne. Artig å ligge i over 40 km/t på ein avsperra motorveg!!
Inn i tunnellen på Valle, og vi passerte tidtakaranlegget. Deretter avsperra og inngjerda veg inn til målområdet i Valhall arena.
Der var det fullt liv, med masse folk som seg hør og bør i eit arrangement med over 5000 deltakarar. TV2 hadde sending, og vi vart intervjua på direkten, det var jo litt morsomt.
Eg fekk stoppa Stravaen, og såg at vi hadde komen oss i mål på under ni timar, og med over 30 km/t i snitt, det var vi veldig nøgde med. Med pausar og slikt vart det totalt ni timar og 15 minuttar, og plassering sånn ca. 52-55 av dei knappe 100 som fullførde. Vi hadde kun ambisjonar om å fullføre gjerne under 10 timar, så tida var uviktig.

Vi fekk tak i bagar, og dusj og obligatorisk øl venta. Begge dei sistenemnde smakte godt.
Vi hadde sykla nesten 28 mil utan ei einaste punktering eller uhell, sjølv om det hadde vore nære på fleire ganger. Pri nr. ein er alltid å unngå uhell.


Kva var bra?
Nesten alt vil eg sei. Eg har høyrt mykje negativt om Styrkeprøven tidlegare, kjedeleg trase, dårleg mat, hensynslause trafikkanter, sløve vakter, lite tiltalande målområde... you name it.
Alt dette vart gjort til skamme. Traseen var lettkøyrd, og milevis fra å være så tung som t.d. det 16 mil lange Voss-Geilo eller vestlandets storritt Bergen-Voss. Endatil 14 mil lange Sognefjellsrittet er vesentleg tyngre enn Kvam-Oslo, og Jotunheimen Rundt er ikkje ein gang samanliknbart.
Det gikk litt opp og ned, med snille motbakkar, og like snille utforkøyringar. Litt vett må ein jo bruke, men det må ein uansett kva ritt ein er med i. Matstasjonane overraska storlegen positivt. Gode skiver i form av Olapakker, eit godt tips til andre arrangørar. Veldig bra!
Det viktigaste av alt er likevel eit oppegåande vaktsystem, og det syntes eg var bra og velfungerande, kanskje spesielt i tettstadene på Romerike. Da vi køyrde 100 mann i rundkøyringane på Råholt og det satt folk i hagane og heia på oss, ja da følte eg meg nesten som ein ekte syklist. Det var kun før og etter Gjøvik at folk ikkje heia på oss.....
Målområdet var svært velfungerande. Valhall arena må være som skapt til dette. I fjor var mål på Ekeberg, og det vart slakta til dei grader. Slik som det er nå, så var det kanonbra.
Eg registrerer også at politiet får så hatten passar av einskilde. Det er neppe utan grunn, og ein kan undre på om Oslo politidistrikt helst hadde sett at heile Styrkeprøven vart nedlagt. Hadde det stått til meg så hadde vi avslutta på Lillestrøm, og ikkje involvert Oslopolitiet i det heile. Dessverre går ikkje det an.

Kva var dårleg? Fem mil i Harryland på Biri og Toten. Den einaste strekninga der vi opplevde uheldige episodar med bilar og buss (!!), samt at ein eller annen tulling strør (på nytt) tegnestiftar i vegen. Det er nemleg ikkje første gang det skjer på dei kantar av landet. Folk må ha for lite å finne på på Toten.
Premieringa må seiast å være av det symbolske slaget. Ein medalje, som eg har lagt til nedstøving på premiehylla. Eg meiner at til den påmeldingsavgifta, så burde i det minste ei deltakar T-skjorte være mogleg å få til.

Vil eg være med fleire ganger?
Svært gjerne. Eit godt arrangement, langt bedre enn eg hadde frykta på førehand. Eg har jo alltid sagt at eg skal aldri køyre Trondheim-Oslo, men ein kan aldri vite.... Stemninga i gruppa var iallfall slik at vi burde vurdere ei tøffare utfordring ved neste høve.

Terningkast: Ein sterk femmar. Den sparsomme premieringa øydelegg seksaren.


Til slutt ei ekstra takk til NRK som drassa på oss i 26 mil av eiga fri vilje. Eg har betalt min TV-lisens med glede, men det er ekstra gøy når den kan gå til noko så nyttig som dette.


Bilder: (Ingen tatt i fart, tok ikkje sjansen)

Eit beskjedent startfelt på Kvam gjer seg klar til 28 mil i medvind mot Oslo. NRK sitt bedriftsidrettslag var innstilt på dra heile vegen. Bra for oss.


4/5 av Luster SK klar for ein dag på sykkelen.


Biristrand, 115 km. unnagjort, NRK er på ny klare til å dra lasset.


Totenvika, 17 mil er køyrt.


Og TV2 intervjua vår "talsmann" på direkten....




Valhall arena er som skapt for eit slikt føremål!! Veldig bra målområde!






























Idrett og alkohol høyrer definitivt saman, spesielt etter 28 mil på to hjul.