torsdag 24. november 2016

"Fabeldyr og hvor de er å finne" - Filmomtale

På kino igjen.
Familie og eventyr ispedd litt fantasy, med ei (svært) laus tilknytning til Harry Potter universet.
(Svært) fordi det kun er bittelitte grann som henleiar tankane på megasuksessen om den unge trollmannen med brillene.

Fantastic Beasts and Where to Find Them poster.png


Først litt om handlinga:
Newt Scamander (originalnavn er alltid best) kjem til 1920-talets New York med båt fra Europa. Scamander (Eddie Redmayne, sist sett som Stephen Hawking i The Theory of everything) kjem straks i kontakt med Mary Lou som hevdar at heksar og trollmenn er farlege skapningar, ho skulle vel berre visst, dumma! Mary Lou driv ei slags kyrkje med ein litt underleg ungeflokk, der spesielt den eldste verkar litt utilpass.

For Newt har sjølvsagt trollmannsevner. Og ikkje berre det. Han har også ein plan med turen sin til USA, han er på utkikk etter enda fleire mytiske skapningar enn dei han allereie har plassert i kofferten sin.
Jepp, det er liksom  bakgrunnen for heile sirkuset som snart skal begynne, nemleg kofferten. Denne inneheld nemleg ei mengde fabelskapningar, og når eitt av dei rømmer fra kofferten, så kan ein trygt sei at forviklingane startar.

Gjennom eit New York i 1920-tals stil får vi med på alle anstrengelsane som Scamander må igjennom for å få tak i alle skapningane sine att, og jammen dukkar det opp andre trollmenn og hekser også, kven kunne vel ha gjetta det.
Endatil ein skummel av arten også, samt den obligatoriske halvtomsingen som openbart må være med i einkvar familiefilm fra Hollywood.

Det er Eddie Redmayne som ber filmen, som ein slags nerd med magiske evner. I andre roller finn vi t.d. ein veteran som Jon Voigt, samt ein lovande cameo fra Johnny Depp. Han skal vi visst få sjå adskillig meir til i dei kommande filmane....
Colin Farrell har også ein viktig rolle.

Men kjente namn til tross: Det er alle dei underlege dyra som saman med Scamander er det som betyr noko. Forfattar J.K. Rowling har utvikla Harry Potter-universet adskillig, og alle dei underlege skapningane som er med i denne filmen er imponerande godt påkomme.
Faktisk vert det litt for mykje av det gode. Flotte spesialeffektar, god lyd og 3D, det er så overveldande at ein sluttar å la seg imponere til slutt. Eit spennande plott druknar nesten i effektar, men det er likevel underholdande så det held lenge.

Filmen varer i over to timar, og det er planlagt ialt fem stk. i denne serien også.
Filmselskapet ser vel, som med Harry Potter serien, at her er det mogleg å suge ut ekstra masse cash hvis vi lagar ein film eller to ekstra.
Knytninga til Harry Potter må nemnast litt ekstra.  Den er ikkje så veldig tett akkurat. Det er sagt litt om Hogwart, muggels, samt ein referanse til ei LeMont, og ein Humlesnurr blir såvidt nemnt, men ellers så er det fraværande.
Kanskje det er like greit?


Høgdepunkt: Eit slags nebbdyrliknande vesen er glad i alle slags ting som blingar, smykke, myntar og slikt. Kult laga!
Lavmål: Eg ser ikkje vitsen med å ha med ein "gomp" som fungerer som denne filmens halvtulling. Forutsigbart.


Konklusjon:
"Fabeldyr og hvor de er å finne" duger godt som dryge to timar effektmakeri av høg klasse. Underholdning får ein til dei grader, men det er slett ingen film for dei aller minste, litt for skummel innimellom.

Terningkast:





søndag 13. november 2016

Julegudstjeneste. (Samt bibelsitat.....egna til å skremme, og le)

Ny oppdatering, 17.11.2016:

Det er kanskje ikkje kjent for alle, men i fjor kom det nye anbefalingar vedr. skulegudstjenester.
Utdanningsdirektoratet anbefaler, men krev ikkje, at dei som skal delta i skulegudstjenestene må aktivt melde seg på. Det er i det minste eit steg framover, men i kor stor grad vert det praktisert i Lustraskulane?
Likevel, på denne måten får  iallfall dei som vil, høve til å gå i kyrkja.
Dei som ikkje vil gå, treng ikkje gjere noko.
Desse anbefalingane fra Utdanningsdirektoratet er verdt å merke seg for foreldreråd, rektorar og andre ansatte i skule og kommune.

Det er kanskje ikkje noko kjempebombe at biskopen i Bjørgvin sjølvsagt reagerer negativt på dette.
Han fryktar konkurransen mellom skulane sitt opplegg og kyrkja sitt. Fordi han er redd for at oppslutninga om hans eige produkt skal minke?

Som om det skulle være noko problem.

For eit par år tilbake fekk vi også denne uttalen fra Utdanningsforbundet, lærarane sin organisasjon.
Lærarane er jo stort sett svært oppegåande menneske, og har også anbefalt at skulegudstjenestene vert kutta ut, om enn av ein annan årsak, nemleg dette med stigmatisering av minoritetar.
Vi siterer Dagrunn Eriksen fra KrF som uttalte seg i den samanheng:
"Vi er blitt krampeaktige, usikre og utrygge i møte med troen i dag"

Men det stemmer jo ikkje. For langt dei fleste nordmenn er ikkje gud noko dei trur på i det heile teke. Undersøkingar viser at det religiøse aspektet betyr svært lite for folks julekjensle. Talet besøkande i kyrkja bør være ein god indikasjon.

Så.
Utdanningsdirektoratet anbefaler å kutte ut skulegudstjenester. Dei anbefaler aktiv påmelding.
Utdanningsforbundet vil kutte ut skulegudstjenester.
Elevorganisasjonen vil kutte ut skulegudstjenester.
Og som ikkje det var nok: Barneombudet gjekk også ut for eit par år sidan og anbefalte å kutte ut skulegudstjenester.

Det kan ikkje være så mykje å lure på lengre.

Kan ikkje dei som vil til kyrkje berre gå ein tur da? På ein søndag? På julafta?
MÅ det absolutt skje i skuletida?



Og i den samanheng må det nemnast den særs enkle løysinga på heile lurvelevenet: Når skulen er slutt t.d. 11:30, så kan kyrkja t.d. her i Gaupne, sette i gang kl. 1200.

Men det heile botnar muligens i at besøkstala kanskje vil bli så mykje lågare?  Kanskje ungane har meir interesse av å komme seg heim til datamaskina og TV`en enn å gå i kyrkja?
Kanskje kyrkja omsider innser at vi lever i eit samfunn der religion (heldigvis) betyr svært lite for majoriteten av befolkninga, aller best illustrert gjennom oppslutninga til KrF siste 15-20 åra.

****************************************************


Ny oppdatering, 16.11.2016:

Det var kanskje ikkje så rart at biskopen fekk støtte for sitt syn også, nå fra Norsk Luthersk Misjonssamband, og Indremisjonsforbundet her i fylket.
Dei henviser til Bibelen.

Og PANG! det var snakk om å skyte seg sjølv i foten. For i bibelen står det som tidlegare nemnt masse rart. Og ikkje minst: Masse grusomt.

Nokre (svært) få  "gullkorn":

Om homoar:
3. Mosebok, kap 20, vers 13:
Når en mann har omgang med en annen mann, slik som en har omgang med en kvinne, har de begge gjort en avskyelig handling. De skal dø, det hviler blodskyld på dem.

Det Nye testamentet stadfester dette:
Romarbrevet, kap 1, vers 27:
På samme måte sluttet mennene å ha naturlig samliv med kvinner og brant i begjær etterhverandre. Menn drev utukt med menn, og de måtte selv ta straffen for sin villfarelse. De brydde seg ikke om å kjenne Gud, derfor overga Gud dem til sviktende dømmekraft, så de gjør slikt som ikke sømmer seg. De vet hva Guds lov sier, at de som gjør slikt, fortjener å dø.

Inge spøk å være skeiv i Midtausten for nokre tusen år sidan altså.

Men, som vi skal sjå, det var ikkje alltid like greit å være kvinne heller, og vi byrjar med 5. Mosebok, kap 22, vers 23:
Når en mann treffer en ung pike i byen, en som er jomfru og forlovet med en annen mann, og han har samleie med henne, skal dere føre begge to til byporten og steine dem ihjel, piken fordi hun ikke ropte om hjelp enda hun var i en by, og mannen fordi han krenket en annen manns kvinne.

Mannen skal altså også steinast, ikkje fordi han var ein voldtektsforbrytar, men fordi han har krenka ein annan manns ære. Voldtektsofferet skal steinast okkesom, fordi ho ikkje ropte om hjelp.

Eit par vers før, i samme Mosebok:
Men hvis beskyldningen er sann, hvis det ikke finnes tegn på at piken var jomfru, så skal de føre henne ut foran døren til farens hus, og mennene i byen skal steine henne i hjel.

Så, sex før ekteskapet medfører dødsstraff. Hugs det, alle de ugifte der ute!!


Men vi går over til den lettare tragikomiske delen, først om ustyrlege barn. I våre dagar hadde vel desse borna fått hjelp, men Bibelen har ei enklare løysing:
5. Mosebok, kap. 21, vers 18:
Når en mann har en ustyrlig og trassig sønn, som ikke vil høre på sin far og mor, og ikke adlyder dem selv om de tukter ham, da skal foreldrene ta og føre ham til byporten, til de eldste i byen og si til dem: " Denne sønnen vår er ustyrlig og trassig, og vil ikke høre påd et vi sier. Ødsel og drikkfeldig er han også." Da skal mennene i byen steine ham i hjel.
Og løysinga er: Dødsstraff.

Mange av oss likar svineribbe til jul, men iflg. Jesaja, kap 66, vers 17:
De som spiser svinekjøtt, mus og annen styggedom, skal alle gå til grunn, lyder ordet fra Herren.
Gud seier altså at vi som et gris skal dø. Surkål og medisterpølse er ikkje nemnt.

Bibelen har også noko å sei om sjømat (!!):
3. Mosebok, kap 11, vers 10:
Men alt som finnes i havet og elvene, alt som myldrer i vannet, alt som lever der og ikke har finner og skjell, det skal være en styggedom for dere.
Krabber, reker, kreps og hummer er altså ikkje greit å ete. Står merkverdig nok ingenting om dødsstraff for å delta på rekebord på Klingenberg hotell i 1990.

Samme Mosebok, kap 17, vers 10, omhandlar blodmat:
Når en israelitt eller en av innflytterne som bor i Israel spiser blod, da vil jeg vende meg mot den mannen og utrydde ham av hans folk.
Dødsstraff for å ete blodpølse altså.

3. Mosebok, kap 20, vers 18, det å ha sex "midt i veka":
Den som ligger hos en kvinne når hun har menstruasjon, og har samleie med henne, han har avdekket hennes kilde, og hun har blottet sin blodkilde. De skal begge utryddes av sitt folk.
Atter ein gang dødsstraff for noko som har med sex i ei eller anna form å gjere. Kva er det med Bibelen og sex eigentleg???



Og slik kunne eg har fortsatt, nærast i det uendlige.
Har kutta ut dei meir pornografiske skildringane, på samme vis som eg skippa alle folkemorda, incesten og voldtektene.
Det er nemleg så altfor mykje å ta av.


Vil du le meir av gamle reglar i ei gamal bok, så kan du  sjekke bibelguiden.
Beklager, men altså: Når høgt utdanna folk henviser til at presten i Lærdal ikkje lever i samsvar med Bibelen, så kan knapt dette takast seriøst. Ein ser kor mange andre absurde reglar det er i samme bok, gjerne i samme kapittel, skreve av samme person.

Konklusjonen blir sjølvsagt: Bibelen er grei å ty til når ein finn noko som stemmer med det ein måtte meine sjølv, slik som med ekteskap og homsar. Men den samme Bibelen er da også krystallklar på at dei nemnde homoar skal dø, at sjømat er styggedom og at slaver er greit å ha.

Nemnde eg forresten at Bibelen reknar flodhesten som det fremste Gud har skapt?
Jobs bok, kap. 40, vers 10:
Se flodhesten! Jeg har skapt både den og deg.
den er det fremste gud har skapt
Skaperen gav den så skarpt et sverd.



Kva har Job røyka den dagen han skreiv dette?

Synes foreldreråd, rektorar og kommunen det er ok å sende ungane sine til ei kyrkje som hentar sine tekstar fra denne boka ja? Fordi det er "tradisjon" og "ein del av vår kultur"?

Forresten er kyrkjene sikkert opne på søndagane framover. Hvis det er så viktig å la ungane få smake litt julepreik, så ta dei med da.




**********************************************


Oppdatert 14.11.2016:
Ikkje uventa har toppsjefen i Bjørgvin bispedømme møtt motbør etter å ha blanda seg inn i korleis sine ansatte skal bu og leve. Når ein blandar seg inn i dei ansatte sitt privatliv, så blir det gjerne litt av det, motbør altså.
Og ein må atter ein gang spørre seg: I kva anna organisasjon hadde dette vorte godtatt?
Og kyrkja lurer på kvifor den stadig misser medlemmer?

Her er litt meir historikk.

500 år etter at Kopernikus presenterte sin ide om det heliosentriske verdsbildet, så er ikkje kyrkja komen så veeeldig mykje lenger på alle frontar. Og ein kan jo få eitt forsøk på å gjette kva slags sentral instans som var imot ideen om at jorda gjekk rundt sola, og ikkje motsatt.

*****************************************


Nei, overskrifta til tross; Dette er ikkje noko svovelskriv om at det er fy-fy å ha gudstjeneste i skuletida, liksom for å markere at det snart er juleferie og greier.
Heller ikkje er det eit skriv om at uttrykket "jul" er av hedensk opphav, og mykje eldre enn markeringa av Kristi fødsel.
Eg bryr meg heller ikkje om at den faktiske dagen for Jesu fødsel aldri er klarlagt, og at det ikkje vart bestemt før fleire hundre år seinare at 24. desember var ein passande dag å markere bursdagen hans på.
Det handlar definitivt ikkje om at nokre sinte ateistar vil avkristne landet, slik som partileiar Hareide i Krf utbasunerer. Går det verkeleg så galt på meiningsmålingane for tida??

Folk må få tru på det dei vil. Hvis ein finn glede i å tru på Gud, Allah, Thor, Vishnu, Shiva, Ra, Baal eller nokre andre av dei 3-4000 gudane som har vore opp i gjennom historia; Be my guest.

"Men det er ein tradisjon å gå i kyrkja siste dagen før juleferien".
Nei. Det er ikkje det. I beste fall er det ein tradisjon av heller ny dato. Da eg gikk på Gaupne skule, ein gang på 1970-talet, var det aldri snakk om noko julegudstjeneste. Derimot var det tradisjon på ungdomsskulen, av ein årsak som eg aldri forstod den gang.
Uvanen med å sende skuleungane til kyrkje i skuletida vil eg tru kom på 1980-90 talet ein gang.
Men sidan den gang har det skjedd mykje.

For det første; Noreg er ikkje eit kristent land, slik som nokon yndar å tru. Saman med våre skandinaviske naboar er vi tvert om eit av dei mest sekulære landa i verda. Rett nok står framleis storparten av befolkninga som medlemar i Den Norske Kyrkja, men medlemstalet kryp sakte, men sikkert nedover, til tross for ein stadig aukande befolkning. 

Det som verkeleg er nedslåande er noko heilt anna: Kyrkja sine haldningar i eit moderne og sekulært samfunn. Og visstnok skal det være spesielt konservativt her på Vestlandet.
For har vi ikkje mange ganger høyrt snakk om ei "open og inkluderande folkekyrkje"?
Spesielt når det er snakk om valg.
Men fagre ord er ein ting, det som skjer i praksis er noko heilt anna.

Vi kan ta nokre ferske eksempel her fra fylket:
Nå tidlegare i haust vart det lyst ut stilling etter prest oppi Nordfjord ein stad. I stillingsutlysninga vert det nemnt at opplysningar om samlivstilhøve kan verta innhenta og bli lagt vekt på. M.a.o. er du homo så treng du eigentleg ikkje å søke. Det står ikkje skreve(!) slik, men biskopen seier jo klart og tydleg i intervjuet med NRK at det er greit å være homofil, så lenge ein er åleine.

Einkvar anna toppleiar som hadde komen med eit slikt utsagn hadde sjølvsagt fått fyken på dagen.
Men i trussamfunn er det altså heilt greitt....

Stillingsutlysinga er endatil gjort med lova i hand. Trussamfunn skal sjølvsagt heve seg over lovverket som er ellers i samfunnet.
For ein kan jo tenke seg reaksjonane dersom t.d. Luster kommune hadde lyst ut etter ein ansatt der det kunne bli spurt, og lagt vekt på, kven søkaren hoppa i senga med. Eller kvifor stoppe der: Kva om t.d. eit firma hadde lyst ut etter ansatte der ein ikkje ynskte personar fra Afrika? Det hadde vore rein og skjær rasisme, men vår "opne og inkluderande folkekyrkje" kan altså, i år 2016 søkje etter folk, og la være å ansette ein ellers kvalifisert søkar fordi han er homofil.

Det er ikkje til å tru.

Ein slik annonse vekkjer sjølvsagt reaksjonar.

For som vi alle veit: Den almektige gud, skapar av himmel og jord, og som er der fra æve og til æve, det han VERKELEG bryr seg om er kven du har sex med....
Det vert henvist til at bibelen seier klart i fra om at ekteskapet er forbeholdt ein mann og ei kvinne.
Greit å henvise til nokre tusen år gamle skrifter der det vert omtala folkemord, voldtekter, incest samt mykje anna snadder. Les det gamle testamentet, hvis du ikkje trur meg. Ja, eg har lest bibelen, antaglegvis meir enn dei fleste som kallar seg kristne, men det er ein annan sak.
Forresten: Les denne, om korleis det skal gå med oss som ikkje trur, henta fra "den opne og inkluderande folkekyrkja".
Ein trussel om evig pine i helvete... Vel, kvifor skal eg være redd for det? Når eg ikkje trur på gud, så trur eg da om mogleg enda mindre på djevelen.




Men det var liksom ikkje nok dette. Bjørgvin bispedømme set heller ikkje pris på sine geistlege ansatte lever i sambuarskap.
Og det er da ein tenkjer: WOW.   Lever denne "opne og inkluderande folkekyrkja" verkeleg i år 2016?



Så kjem eg til poenget: Luster kommune vil vel snart sende skuleungar til julegudstjeneste att. I tråd med tradisjonar, og at det er ein del av julefeiringa og greier og greier.
Spørsmålet må da bli, direkte til kommuneleiing og rektorane rundt om i kommunen:
Er det greit å sende skuleborna, i skuletida, til ein instans som nektar å ansette homofile (i parforhold, einslege er visst ok. Forstå det den som kan), og som refsar ein ansatt for å leve slik som tross alt er heilt vanleg nå til dags.
Synes de verkeleg det er skulen si oppgåve å fylle kyrkjene med skuleungar, når kyrkja avslører seg som det stikk motsette av å være "open og inkluderande"? Berre fordi det har vore ein "tradisjon" i 20-30 år?

Eg har ingenting imot gudstjenester, korkje av katolsk, luthersk eller kva guddom det enn skulle være på menyen den dagen. Men eg kan vanskeleg forstå at Luster kommune og rektorane rundt om kan være komfortable med å sende skuleborna, i skuletida, til ei kyrkje som praktiserer ei slik ordning.

Nå er det sikkert mange foreldre som meiner at "ingen har vondt av å gå ein dag i kyrkja".
For det første: Korleis veit du det?
"Ingen har vondt av å gå i kyrkja" er ikkje noko argument i det heile. Det kan faktisk være elevar som er langt fra komfortable med å sitte i ei kyrkje som ikkje synes særleg om homoar. Det kan jo tenkast at det fins homofile elevar som slett ikkje trives i Herrens hus.
Og hvis du absolutt synes det er viktig at skuleungen din MÅ i kyrkja før jul, så føresler eg at du tek med deg ungen din sjølv, og ikkje brukar skulen og tradisjonar som eit argument.


Det kjem garantert til å bli meir bråk om skulegudstjenester i åra framover. Eg gidd ikkje engasjere meg så mykje i dette lenger, men som sagt vil eg be kommune og rektorar tenke litt over kor konservativ kyrkja eigentleg er. Og eg tek opp att: Er det greit å sende skuleelevar avgarde til ein instans som nektar personar med ein spesiell seksuell legning jobb. Ein legning som garantert fleire elevar også har.

Og nei, eg er ingen sint ateist i kveld. Eg synes berre det er trist at vi år 2016 har ei "open og inkluderande folkekyrkje" som er alt anna enn nettopp det. Det er rett og slett trist.

Eg er veldig glad for at eg meldte meg ut av kyrkja for mange år sidan. Det var rett og slett ubehagleg å være med i eit samfunn som diskriminerer personar med ei bestemt seksuell legning, og som ute på bygdene sikkert kan ha hatt det problematisk nok. Midt på 1990-talet var det også enda større motstand mot kvinneleg prestar enn i dag, noko som også var medverkande til at eg meldte meg ut.

Eg forstår altså ikkje problemet kyrkja har med sex. Muligens det botnar i ei bok, skreve for nokre tusen år sidan, av menn  for menn, i ei rasistisk og kvinnefiendtleg tid, i enda større grad enn i dag.


Det som VERKELEG kunne gjort inntrykk var at t.d. eit foreldreråd hadde hatt ballar(HAH!!!), til å sei: "Beklager. Da Bjørgvin Bispedømme dessverre har slike middelalderske haldningar, så kan vi ikkje delta i skulegudstjenesta. Den dagen kyrkja kan akseptere at det verkeleg er rom for alle i Herrens hus, utanom i fine festtalar, så skal vi heller vurdere å komme attende".

For ei endring i kyrkja sine haldningar må komme nedanfra, t.d. fra foreldreråda på skulane. Med dagens toppleiing i bispedømmet vil det iallfall ikkje skje noko liberalisering. Eg har heller ikkje tru på at politisk leiing i kommunane rundt om, og heller ikkje rektorane ynskjer den støyen som kjem hvis dei hadde bestemt at dei skulle droppe julegudstjenestene, jfr. hendinga på Voss siste tida.

Så kan ein jo komme med ei oppfordring til den vanlege menige mann/kvinne som står som medlem i kyrkja: Er det greit å stå som medlem i eit kyrkjesamfunn der toppleiaren presterer å sei at det er ok å være homo, så lenge du er åleine? Kvifor skal ikkje dei skeive få lov til å oppleve lukka ved å ha nokon kjær?

For min del er eg sjeleglad eg ikkje står som medlem i eit religiøst samfunn som ikkje aksepterer at folk hoppar i køya med ein av same kjønn, big deal liksom.



Løysinga på dette med skulegudstjenester er da også latterleg enkel, berre det er vilje til det:
Når skulen er slutt t.d. 1250, så kan dei foreldre og elevar som vil gå til kyrkje. Preika byrjar kl. 1300.

Problemet løyst på ein god og konstruktiv måte.

tirsdag 25. oktober 2016

Minneverdige sykkelturar 2016

Utesesongen går dessverre mot slutten. Ein fin og mild haust kan rett nok forlenge gleda nokre dagar og gjerne veker, men det er inga veg utanom; Vinteren nærmar seg, og det betyr at tohjulingen må settast i opplag nokre månader. Slik i slutten av mars/byrjinga av april startar sykkelsesongen att.
Fem månader i opplag er for lenge, så da vert det å tåle litt ruskevær nå framover, samt hoppe inn i spinningsalen (sukk), når den tid kjem.

Utesykling om hausten er undervurdert. Det kan være mange flotte dagar til langt uti oktober, med føre, vær og temperaturar som er langt bedre enn til uti mai for den del. Det er eit pussig fenomen at hobbysyklistar skal ut så snart ein ser asfaltstriper etter vinteren, men at ein ikkje kan karre seg ut på fine haustdagar.
Typisk.

Vel, året har bydd på tre turar som har vore spesielt minneverdige.


Eg byrjar med nr. tre, Sognefjellsrittet.



Stemningsbilde, tatt av heldiggrisen som satt inne i den varme gode bilen medan vi trilla ute i det kalde regnet..



Vi var ein fin gjeng fra den lokale sykkelklubben, bortimot 10 stk var vi vel, noko som utgjer ein stor andel av dei startande i eit ritt som har fått betydleg færre deltakarar siste fem åra. Det er eit kapittel for seg korleis denne usedvanleg flotte turen har fått lågare deltakartal, men som ei trøst har iallfall storebroren, Jotunheimen Rundt, levert rekorddeltaking i år.
Startområdet var flytta i 2016, samt at det også var lagt opp til eiga rekordpulje. Eit grep som i det minste gjer sjansen for velt adskillig mindre, så det skal arrangøren ha ros for.
Men det som alle snakkar om når ein skal sykle Sognefjellsrittet er.....været.
Og i år var det verkeleg noko å snakke om. Det var å oppleve bortimot alt som fins av vær på desse breddegrader, i løpet av knappe seks timar...
Opphald og mildt på Lom, med solgløtt og greier. Oppe på Bøverkinnhalsen var det såpass kjølig og vind at det var berre å polstre seg med klede. Eit godt grep, for ned att mot Bøvertun regna det heftig, og når ein kjem i 60, så kjennes regndråpane som nåler. Kaldt var det også.
Oppe på Sognefjellet var det fem grader og plaskregn. Utruleg kaldt. Ned Sognefjellet er alltid noko for seg sjølv, men på Skjolden var det såpass mildt og fint at alle ekstraklede fra fjellet kunne leggast vekk. På den måten vart det også lagt vekk ein del kilo, for det er utruleg kor mykje vatn ein må drasse på når kleda er gjennomvåte.
God fart utover fjorden, med Stravarekord fra Luster til Høyheimsvik, før ein velt opp mot Nesbakken satte ein effektiv stopp for vidare kosting i kollosal fart utover fjorden.
Heldigvis ingen alvorleg skadar, men eg synes nå at bilen som tross alt skapte uro i gruppa vår, nok kunne tatt det litt meir med ro. Vi køyrde etter kvarandre på ein smal veg, og tok ikkje særleg plass i vegbana. Faktisk låg vi bortimot på kvitstripa. Det hadde spart oss den lite hyggelege hendinga det er å ramle på sykkel.
Turen fra Gaupne til Sogndal vart prega av eit iskaldt regnvær fra Marifjøra og opp mot Heggmyrane. Låg temperatur, og regn i bøtter, men er ein komen så langt, så får ein finne seg i ei lita skur :-)
Ein fin tur i eit svært varierande vær, det kan vel seiast å være konklusjonen. Iflg. Strava brukte vi fem timar og 19 minuttar, men Strava får ikkje med velt og matpausar, samt det å få av seg våte klede. Snittfart vart 26 km/t, i utgangspunktet akseptabel fart og tid, men vi brukte aaaaltfor lang tid på klesbyte og eting. Velt kan ein aldri gardere seg mot.
Det beste med turen var at vi fullførde saman fire stk fra samme klubb, det er alltid ekstra greit.


Tur nr. to, Kvam - Oslo
I utgangspunktet var eg ein smule skeptisk til å skulle sykle nesten 28 mil, det er ein heil bit.

Landskapet er liksom litt annleis langs Mjøsa enn når vi syklar Sognefjellsrittet...


Det viste seg å være ubegrunna frykt, for dette vart ein fin tur. Omtrent ikkje motbakkar av noko særleg omfang, og god medvind nedover Gudbrandsdalen og Mjøsa. Tek vi med at været vart berre finare og varmare jo nærmare Oslo vi kom, så forstår ein kor heldige vi var.
Ja, forresten: Vi slapp endatil å dra ein meter, iallfall ikkje før vi var komne nesten til fylkesgrensa til Oslo. Bedriftslaget til NRK (av alle) starta i samme pulje, og dei køyrde eit fast opplegg med ca. 15-20 ryttarar som bytte på å dra. Dei ville styre showet, og til tross for at vi tilbaud oss å være med på drajobben, så ville dei styre dette sjølv. Ikkje rart at dette gjekk veldig greit. 28 mil på ca ni timar gav oss ein snittfart på over 30 km/t. Det er ikkje så verst av halvgamle, halvfeite hobbytrimmarar.

Godt vakthold og ein trase som går igjennom tett befolka områder, gjorde sitt til at dette vart ei oppleving for oss som kjem fra meir grisgrendte strøk. Masse folk i tettstadene på Romerike, og god stemning over alt.
Minuset var på Toten, med nokre lokale nellikar som måtte køyre idiot, spesielt ein rutebuss var svært nær å meie ned eit felt på 30 syklistar. Da hadde han vel vore nøgd.
Kombinert med tegnestiftar i vegbana ved eit høve (som vi rett nok unngjekk), så må ein lure på kva slags problem folk har med syklistar. Er det verkeleg verdt å bevisst skade folk gjennom å risikere velt etter punktering? Og det er graverande når ein yrkessjåfør køyrer så idiot som vi opplevde. Eg kan med handa på hjartet sei at eg har aldri opplevd maken til tulling av ein yrkessjåfør, og eg har sykla i 25 år nå, og køyrer også 35000 km. i bil kvart år.
Vel, det negative var berre i ein to-tre mil, men som sagt: Ein må lure på kva som rører seg i skallen på dei aktulle personane. Synes de seriøst at det er morsomt å legge pappstiftar i vegen slik at titals syklistar punkterer? Synes bussjåføren verkeleg det er verdt lønna si å nesten bli bildrapsmann?

Kvam - Oslo var ein veldig fin tur, både sosialt og trimmessig. Turen viste seg å være laaangt lettare enn frykta, og kven veit om vi ikkje må doble distansen ved eit eller anna høve.....


Tur nr. ein.
Ein solotur rundt om i eigen kommune høyres kanskje ikkje så spennande ut? 

Ved nestsiste kyrkje, Jostedalen. Det var eigentleg heilt ok at det var medvind heimatt.



Vel, så feil kan ein ta!
Luster kommune er som kjent stor i utstrekning, og til tross for at det er mange kilometer veg, så er det få sjansar til å køyre ein rundtur, det vert helst fram og tilbake. Med eitt einaste unntak: Ta ferja over Lustrafjorden. I gamle dagar gjekk det ferje til både Kroken og Urnes fra Solvorn, men dei tider er forlengst forbi. Det er også mange år sidan det gjekk ferje Årdal-Solvorn. Sikkert like greit, skjønt der har vi ein alternativ rundtur, om Tindevegen og Årdal. Neste år kanskje?

Men altså. Rundturen.
Det var i slutten av mai, og eit lyst hovud hadde kome med ideen om å sykle forbi alle kyrkjene i Luster. Så, da høvet baud seg, var det berre til å legge i veg. Ein fin morgon starta eg ved Gaupne gamle kyrkje, og fortsatt vidare til Joranger, Fet, Hafslo og Solvorn før ferja til Urnes og UNESCO monumentet der. Utover dagen vart det mildare og finare vær, og sidan eg sykla heilt åleine, så kunne eg bruke akkurat så lang tid eg ville. Stoppe å ta bilder, ete ein bolle, kjøpe ei brus, sjå på kobbe i fjorden, Feigefossen, Ryfossen, fuglar, ekorn som sprang over vegen....
Rett og slett ein fredleg sykkeltur der eg ikkje brydde meg om fart i det heile teke.

Det skal seiast at dei ekstra fem mila fram til Jostedal kyrkje og heim, etter nesten 10 mil var tyngre enn andre turar fra Gaupne, men det handlar berre om å gidde. Eg trilla framover Jostedalen i makeleg tempo, fest bestemt på å klare dette, og kom heim att til siste gudshus, nyekyrkja i Gaupne, over seks timar etter at eg starta ved Gamlekyrkja. Fort hadde det ikkje gått, snittfarten var på usle 24 km/t, inkl ferjeturen, men det var ikkje nøye. Som oppladning til 28 mil ned Gudbrandsdalen ein månad etterpå var det perfekt.
Dessutan hadde eg fått ein test på å sykle forholdsvis langt, og det hadde vore ein makelaust flott tur, i flott natur. Høgdemetrane vart tatt først, dvs. opp til Joranger kyrkje og deretter Heggmyrane, sikkert smart å ta det i den rekkefølga. Opp til Jørongo som nest siste kyrkje før Gaupne, det hadde vore tungt.

Det er for lite slike turar der ein syklar berre for turen sin del. Berre trille avgarde med moderat puls, og bygge uthald. 147 km. vart det, da har eg luka bort dei tre kilometrane over fjorden med ferja.

Sidan eg tok denne turen har fleire andre gjort det samme. Det er kanskje ekstra hyggeleg.
Og så har tanken om å sykle innom alle skulane i kommunen slått meg. Da går vi glipp av Fortun og Jørongo, men får med oss Veitastrondi. Til neste år er det opna enda ein ny tunnell framover der, så kven veit kva vi finn på? Reiseruta må bli slik: Gaupne-Jostedal-Indre Hafslo-Hafslo-Veitastrond-Solvorn-Skjolden-Luster-Gaupne.

Vi kan berre byrje å glede oss, ca. 20 mil blir det. Det skal iallfall være finvær.

onsdag 21. september 2016

Å sykle opp Indre Hafslo

For moro skuld laga vi til eit høgst uoffisielt klubbmeisterskap i år også. I fjor sykla vi opp Engadalsvegen, men det avgrensa bruksområdet ein smule. Dessutan er det ganske bratt, så i år fant vi ei ny rute: Opp gamlevegen på Indre Hafslo.
For den som mot formodning ikkje har sykla opp Indre Hafslo før: Det er verst i starten. Spesielt fra gamle Livdtun skule og opp til ein kjem forbi ungdomshuset. Der flatar det ein smule ut, før det stig heile strekka opp til Lambhaug. Ingen pause med flate parti her, kun jamnt oppover i nesten ein kilometer, ca. 5-6% stigning heile vegen.

Etter at vegen vart lagt om på slutten av 1980-talet er det lite trafikk på denne vegstrekninga. Dessutan er det nedsatt fartsgrense, og dei få bilane som kjem forbi, køyrer stort sett såpass roleg at det ikkje byr på problem.
Vegdekket er kanskje ikkje heilt stovegolv, men med såpass lite bilbruk, så er det meir enn godt nok.


Vi valde å nytte Stravasegmentet "Lambhaug Climb (riktig høgde)" som rute for årets uoffisielle klubbmeisterskap. Segmentet går fra der 60-sona nede på Tangaflata byrjar, og opp til Lambhaug, nærare bestemt til lysstolpen rett før avkøyringane, sjå bilder lenger nede i posten.
Strekninga er 2,7 km. og stig 151 høgdemeter, det gir eit snitt på 6%, og er klassifisert som ein kategori 4 stigning. Så da veit vi kva dei lettaste stigningane er når vi ser på sykkel på TV.

Det å køyre tempo, chrono eller enkeltstart (kjært barn osv.) er beintøft i seg sjølv, men ein bakketempo i tillegg er ekstra ille.

Og det er liksom heile vitsen.

Det å ha ein konkurranse NEDOVER hadde jo vore heilt meningslaust, samt at det hadde medført ein langt større risiko. Det har opp gjennom historia vore arrangert ein og anna tempoetappe nedover, men det er svært sjeldan.

2,7 km. er ikkje langt. 6 prosent er ikkje bratt. 8-12 minuttar er ikkje lenge.
Men desse kombinert kan bli eit sant slit.

Eit temporitt skal ein ganske enkelt køyre så fort som ein klarer. Her går det ikkje an å gøyme seg bak ein rygg, eller bakerst i eit felt eller gruppe.
Her er ein åleine, og det er berre til å køyre full guffe så lenge som ein klarer, med eit mål om å disponere kreftene slik at ein kjem til mål med ei kjensle av at ein har sykla så fort ein kan. Hvis ein kjem til mål og framleis har litt att, så har ein jo misforstått totalt.

Det som er morsomt er å sjå om ein har litt framgang. Med ein smule bevisst trening, og dersom ein tek turen t.d. eit par-tre ganger i veka, så bør ein kunne forvente bedre resultat. Hvis eg brukar meg sjølv som eksempel, så brukte eg 12:56 første gang nå i haust. Sidan den gang har det gått jamnt og trutt nedover, slik at i går brukte eg 11:16, noko som er ca. to minuttar fortare enn den tidlegare persen fra juni.Det viser berre at ved litt trening og repetisjonar i samme bakke, så er det mogleg å forbedre seg.

Pr. nå, (21.9.2016) er det 15 namn på den interne haustlista. Fleire har køyrt to, tre eller gjerne fire ganger, og det har antagleg vore forbetring for dei fleste.
MEN, og det er litt viktig: Ein kan ikkje forvente at alle skal være i toppen. Vi har folk som er langt yngre, sprekare og ikkje minste lettare enn oss oldisar. Dei unge, spreke og lette skal jo sykle mykje fortare.

Heile poenget er at ein skal sykle mot seg sjølv. OK, det er sjølvsagt nokon som har konkurranseinstinktet på plass, men føresetnadane er jo vidt forskjellige med tanke på dei nemnde faktorar. Ein kan ikkje forvente at ein 60-åring på 90 kg. skal køyre like fort som ein blodtrimma 25 åring med usle 60 kg. å drasse på.

Nei, her skal vi konkurrere mot oss sjølve, og det er derfor vi har gitt frist til ut oktober. På den måten kan ein prøve fleire ganger, kanskje forbedre seg, og ein kjem seg litt ut på hausten også. Som vanleg har det dabba kraftig av etter den første helga i juli.....


Så derfor ei oppfordring:
Ta denne testen nå. Jo fleire, jo bedre. Det einaste krav er at ein skal sykle utan å ligge i rygg på ein annan. Rett nok har ein lite nytte av å ligge dragsuget i motbakkane, men det vert liksom mest ryddig på den måten. Ta med deg ein venn eller nabodamene, og ta sykkelturen fra Tang til Lambhaug. Så prøver du att om tre dagar, og så om enda tre dagar. Og gjerne ein gang til i neste veke også, etterfølgt av enda ein tur... Framgangen kjem garantert. Er det farleg å bli sist? Nei. Det er ingenting å være redd for. Som nemnt: Ein skal sykle mot seg sjølv.

Og medan det er sagt: Vi må ha med fleire damer. Pr. i dag (21.9.2016) er det ikkje ei einaste dame/kvinne/jente som har teke turen. De har vel ikkje teke turen inn i spinningsalen enda???


PS: Har planar klare for neste års klubbmeisterskap også....


Her er startpunktet.



Og når vi er komne opp her, så er vi glade over å være i mål.


onsdag 14. september 2016

Idrettsmerket 2016

Det er den tid av året da ein skal prøve om "musklar", ledd og andre forkalka kroppsdelar fungerer så nokolunde.

Trimgruppa i IL Bjørn stiller trofast opp, år etter år, med dei same folka. Det er utruleg at ein finn folk i våre dagar som høgst frivillig stiller opp i så stor grad som desse. Eg er mektig imponert!

Ein anna ting som også imponerer er nokre av deltakarane. Eg er ein rein novise med sju merker nå. I dag hadde vi ein som var i gang med sitt merke nr. 39, og eit par som stilte opp for 42.(!) gang. Det er berre makelaust.
Men det mest utrulege er vedkommande som nå har 52 merker. Rett nok var det andre krav før i tida, og ein kunne ta idrettsmerket kanskje eit par ganger i samme år, men det er unekteleg ein fantastisk prestasjon.

Idrettsmerket består av fire delar. Styrke, fart, spenst og uthald. Innan desse fire hovedgreinene er det ulike øvingar att, t.d. kan ein symje på uthald, sykle på fart eller støte kule på styrke. I tillegg er det diverse spenstøvingar innan høgde og lengde.

I kveld var vi åtte stk, og forrige mandag var det vel nokolunde samme antall. Neste onsdag er siste gang for i år.

Eg fekk ikkje tatt uthald-delen i kveld, har sykla fem mil med litt bakkar før i dag, det får være bra. Dessutan har eg nå ei orsaking for å ta ein ny sykkeltur ein fin haustkveld. Dei andre øvingane gjekk greit. Hoppa lenger enn på fem år, hø-hø.

Det er alltid veldig hyggeleg å være med på dette. Tonen er svært uformell, og deltakarane er rutinerte revar som held seg i bra form ellers i året. Håpar eg vert såpass når eg bikkar 70.


Det som derimot ikkje er bra er fasilitetane. Midt i bygda har vi ei flott grasmatte, og ein gang i tida var det ei brukbar løpebane rundt. DET er mange år sidan nå. I dag er løpebana totalt utan vedlikehald, den gror att, og er i det heile rett og slett elendig. Eg hugsar at eg hadde mange rundar rundt bana med bil og slodde den gang eg hadde born i aktiv alder, men det er ti år sidan nå. Da holdt vi graset borte fra løpebana, men sidan den gang ser det ikkje ut til å være gjort ein døyt, ergo: Løpebana er omtrent så dårleg som ho kan i det heile teke få bli.
Nå er ikkje det så nøye for oss gamle folk sin del, men dersom ein skal ha eit snev av rekruttering, og ikkje minst ei aning av LYST til å springe rundt ei idrettsbane, så må det kunne forventast eit bittelite snev av ettersyn.

Og om eg kan tenke meg å slodde bana igjen? Nei.
Eg hadde mange timar med slodding av både fotballbana (vi hadde grusbane på den tid), og løpebana, men har ingen interesse av å byrje med det att. Eg brukar denne ein dag i året, og når ingen born er med, så vert motivasjonen så som så. Dessutan fekk eg heller aldri dekka ein einaste kilometer med køyring, sjølv om det ikkje var så nøye. Det var kun på frivillig basis, for å holde løpebana i brukbar stand.

Uansett; Friidrettsanlegget er i dag heilt utan reell funksjon. Vi kan ikkje forvente at nokon i det heile teke skal byrje t.d. med lengde, 100 meter eller høgde når vi presenterer eit så dårleg anlegg. Det er heller ein fare for at ein løpar skal skade seg på den usedvanleg ujamne bana. Og dessutan: Kven fant på at ein skulle lage groper som start og målstrek for 60 meteren? Ikkje bra. Antaglegvis var det strekar når dei vart laga for nokre år sidan, men i dag er dei kun til irritasjon som ein kan trå over på.
Planane om å oppgradere friidrettsanlegget er snart 20 år gamle, og det er vel ingenting som tyder på at det skjer noko heller. Det er faktisk litt trist.

Slik ser det iallfall ut i dag:

Grasdekket er svært bra. Ikkje mange fotballbaner i Sogn som er så bra som denne.



Dette skal forestille ei lengdegrop. Sandhaugen som vi hoppa lengde i heime på garden i barndommen var bedre enn denne.



Som ein ser er det tydlege spor etter diverse tohjulingar fra i vår, da bana var våt og telen gjekk ut av bakken. Det betyr at her har det ikkje vore gjort noko, iallfall ikkje i år. Og neppe i fjor heller.



Utfra den gode grasveksten, så er det nok mange år sidan det har vore noko som helst vedlikehald her. Sist eg kan hugse det var nok tilbake i 2006-2007. Da tok vi vekk all grasvekst langs kantane, og brukte ei slags primitiv horv til å ta bort graset i sjølve løpebana. Deretter trilla vi med trommel og slodde. Da var bana ca. 1000 ganger bedre enn i dag. 




Det er kanskje meininga at løpebana skal gro att? Om ikkje anna så får ein iallfall eit større grasareal, men neppe særleg egna til løping.





Tilbake der vi starta, i lengdegropa. Utan dei få gangene i året denne vert nytta av trimgruppa og skulane, så hadde vel denne vore attgrodd forlengst. Litt ny sand hadde kanskje gjort seg også.




onsdag 7. september 2016

Topptrimmen 2014 - 2016, ei oppsummering

Alle dei ti toppane er unnagjort, og det er på tide å komme med ei slags oppsummering. Det har vore lette turar, kronglete turar og lange turar.

Luster turlag har, som vanleg, truffe blink også med denne utgåva av topptrimmen. Dette er eit veldig flott tiltak som får oss vanlege fjellfolk til å komme oss på plassar vi aldri hadde gidda å gå ellers.
Det er det viktigaste.

Dernest er det fint å komme seg til deler av kommunen der vi er lite kjent. Toppane er spreidd godt utover, og utfordringane med å komme seg til dei ulike måla er mildt sagt variabel.
I denne utgåva hadde vi t.d. Spefjell, ein grensetopp mot Sogndal, som eg tok ein september ettermiddag da eg var ferdig på jobb. Det var ein lett tilgjengleg topp i praktfullt og varmt haustvær.
Kontrasten kunne knapt ha vore større da vi var på Steinsdalsnosi i Jotunheimen nå i sommar. Min tur nr. to opp der forresten. Steindalsnosi, på over 2000 m.o.h. gav oss skodde, sterk vind og snø på toppen. Der var det berre om å gjere å klippe kortet, og komme seg ned att fort som f.

Ein annan kontrast var også turen til Tundredalskyrkja, heilt i nord mot Skjåk. Etter å ha gått ei rekkje turar åleine, så var vi da eit heilt følge på 11 personar som brukte over 12 timar gange, samt fire timar køyring på det som antaglegvis er den lengste av alle topptrimturar EVER.

Kva var den finaste turen?
Utsiktsmessig var det Nordre Dyrhaugstind i fjor. Det er enda ein pluss 2000-meters topp, og da eg var der 14. august 2015, på ettermiddagen, så var det eit praktfullt vær. Sol,nesten vindstille,varmt.... dvs. den perfekte Topptur.
Sosialt var Tundredalskyrkja ein flott tur, med eit såpass stort følge, med vidt forskjellig kvalitetar.
Og så fekk vi den fine turen! Langt, nesten 30 km, men ein god tone og hyggeleg selskap gjorde det veldig minneverdig.

Kva vart den verste turen?
Tussen. Utan tvil. Etter ein snørik vinter, og elendig vår og sommar vart det min første topptur i fjor sommar. Det viste seg å være for tidleg på året, sjølv om det var 11. juli og Tussen ligg berre dryge 1200 moh.
Det var ein megatabbe å starte fra Fortun, med bekkar store som elvar, som var umogleg å komme seg over. Det medførte store og særs kronglete omvegar på veg opp, og dei siste metrane for å komme seg opp på platået var berre ei stor ur beståande av digre steinar. Det gjorde at eg torde ikkje gå nedatt samme veg, og måtte ta den vesentleg lengre turen ned til Heltne. Dessutan vart det store kneproblem, har aldri hatt så vondt på ein fjelltur før.
Når vi i tillegg tek med at eg gjekk ein smule feil, mykje snø att i fjellet, samt vatn som rant overalt....
Ja, da har vi den verste topptur eg noken gang har gått. Og når eg tenkjer etter så har eg nå gått 30 toppar, og 14 av dei er gått to ganger, dvs. totalt 45 turar. Det byrjar å ligne noko....

Neste utgåve av topptrimmen er forlengst planlagt. Dersom Luster Turlag held fram på samme måte, med å "snu bunken" fra forrige utgåve, så kan vi forvente oss ti nye toppar spreidd utover kommunen, i høgst varierande utfordringsgrad.
Personleg har eg alt byrja å gruglede meg til Tuftanovi mellom Anestølen i Sogndal og Eldedalen på Veitastrondi, samt til Gravdalstind langt inni Jotunheimen.
Ein ting er iallfall sikkert: Desse to toppane skal takast så fort som råd er.  Det skal ikkje bli noko av å vente til siste sommaren med å ta dei lengste turane igjen, slik som det vart med Eggjene og Tundredalskyrkja i år.

Eg ser også fram til Lioksli over Mjølvergrendi, det må være ein flott utsiktstopp, medan Bjørkanosi i Fortun ser ut til å bli ein tøffing i eit terreng som eg ikkje er så begeistra for; bratt skog.
Av "kortare turar", dvs. ettermiddagsturar, må ein klare å¨ta Solvornsnipa, Rånøyseggi og Tausasva ganske så greit.
Og vi har sjølvsagt ein langtur i vente når vi skal på Kaldrasane... det vert vel opp mot 25 km. gange det og. Nokre timar kjem vi også til å bruke på Leirbotnnosi, langt nord i kommunen, med avreise fra Fagredalen.

Åjo. Det skal bli mange fine turar dei tre neste åra også.

Her er dei, så sant Luster Turlag held seg til tradisjonen med å "snu bunken":

1: Gravdalstind, 2113 moh. Denne ligg langt borti Jotunheimen. Det er ein grensetopp mot Lom, og skal eg tippe, så vil eg tru at det er mogleg å komme seg hit både sommar og vinter, iallfall utfra diverse googlesøk. Startpunkt vil eg tru blir fra anten Leirvassbu eller Sognefjellshytta. Det får tida vise, saman med gode tips fra folk som har vore der før. Langt å gå, og langt å køyre for å komme dit ein skal gå ifra.
2: Tuftanovi, 1643 moh. Beliggande mellom Eldedalen på Veitastrondi og Anestølen i Sogndalsdalen. Eit tips eg fekk var å ta det som ein rundtur, t.d starte på Anestølen og gå ned att i Eldedalen. Fleste høgdemeter fra Strondi, flest steg fra Anestølen.Vert ein skikkeleg godbit, som kan ta oss forbi den einaste tinden i Sogndal kommune, Tverrdalstind. (Grensetopp mot Luster). Vert maaange steg her....
3: Leirbotnnosi, 1615 moh. Langt nord i kommunen. Startpunkt Fagredalen. Ser ut som ein grei og fin tur, men det nærmar seg nok to mil gange her også. Mykje merka sti.
4: Gruvefjellet, 1520 moh. Beliggande på Sørsida, grensetopp mellom Luster og Årdal. Dette er ein topp som vert vesentleg lettare å nå dersom ein går heile turen i Årdal, nærare bestmt fra eit startpunkt på fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø. Noko ala Eggjene nå kanskje, men må være ein del kortare. Historisk interesse, da det jo var gruvedrift her i høgfjella for nokre hundre år sidan. Neppe nokon dans på roser, å være gruvearbeidar altså. Fjellturen ser adskillig lettare ut.
5: Kaldrasane, 1507 moh. Gjer klar til denne utgåvas lengste tur, målt i antal steg. Ein topp beliggande mellom Dalsdalen, Vigdalen og Mørkridsdalen. Sikkert kortast å gå fra Dalsdalen, (Kolstad) men kartet fortel at det ikkje er merka stiar derfra. Fra Mørkridsdalen går også fint, men da får ein alvorleg mange høgdemeter, og ikkje minst ein bratt tur nedatt med støle bein. Vert vel Vigdalen for min del, som blir langt å gå, men det er iallfall mykje merka sti, samt adskillig færre høgdemeter. Laaaangt vert det imidlertid.
6: Liokskli, 1460 moh. Trur dette vert ein fin utsiktstur, der vi kan sjå nedatt Jostedalen, samt over til Fagredalen og Nigardsbreen. Ikkje så langt å gå, men ganske så bratt, med startpunkt fra Mjølvergrendi eller Norheim. Alle andre stader å starte ser ut til være umogleg for vanlege folk.
7: Rånøyeggi, 1359 moh. Endeleg ein topp i nabolaget! Ein biltur opp mot Røneidsstølen, og litt rusling i skogen før vi kjem over tregrensa, og vi bør være der ganske så greit. Tippar flott utsyn nedatt på Veitastrondsvatnet.
8: Bjørkanosi, 1231 moh. Beliggande over Bjørk i Fortunsdalen, og altså IKKJE den Bjørkanosi som dei syng om i Jostedalen. 1231 meter er ikkje høgt, men dette blir ein ulv i sauedrakt. Startpunkt på Bjørk (!) i Fortunsdalen 50 moh, sti (iflg. kartet) opp til nokre stølar, før ein må ta dei siste parhundre høgdemetrane bort til toppunktet. Andre startpunkt synes uaktuelle. Ser svært bratt ut, omtrent heile vegen, men heldigvis ikkje så langt. Synes alt synd på knea mine.
9: Solvornnipa, 1031 moh. Utvilsomt ein av dei greiare toppane å nå, grensar mot Sogndal, men sikkert best å gå fra Solvornsgalden. Da får vi ein del bratte meter å gå, men ikkje så ille som på Bjørkanosi, og i eit lettare og mykje meir brukt turterreng. Sikkert kjempeutsikt nedatt mot Lustrafjorden og Barsnesfjorden!! Typisk ettermiddagstur ein fin sommardag.
10: Tausasva. 928 moh. Kanskje ikkje så høgt, men når ein skal starte ikkje så veldig langt over fjordnivå på Ornes, så vert det straks litt å forsere likevel. (Hvis vi ikkje snik oss til å parkere ved stavkyrkja ein haustdag da) På kartet er det tegna inn ein slags traktorveg, før det går over i ein bratt sti i ca. 500 høgdemeter. Antaglegvis ein fin utsiktstopp, som altfor få har vore på.


Men medan vi ventar på snøen som kjem, samt dei ti neste toppane og tre somrane som vi kan rusle i fine fjell, så kan vi mimre over dei toppane vi HAR vore på!

Her er dei.

Tundredalskyrkja

Steindalsnosi

Eggjene

Nordre Dyrhaugstind

Solsetnosi

Dugurdskulen

Spefjell

Tussen

Fivlenosi

Skoganipa


lørdag 27. august 2016

Sykkelturar 2016, ein bildekavalkade


Til Skjolden i desember.





Fåbergstølen, august




Røneidsberget, november



Langs Jostedalselva, oktober

Nye crossdekk, oktober


Nes, oktober





Langs Jostedalselva, oktober


Inn i solnedgangen på Hafslo, oktober


Engadalen, september

På veg over hengebrua, september

Mot Fanaraaken, oktober

Eidsvatnet, oktober

Gullringen, oktober






Fossøyjølet, september



Krossen, august

Mellom Feivall og Hafslo, august

Røneidsberget, august

Eikjastrondi, august

Eikjastrondi, september

Mot Veitastrondsvatnet, september

Leirmo, september

Fagredalen, september

Marifjøra, september


**************************************************************************


Bjønnstegane, august

Bruheim, april

Engadalen, februar

Feigefossen, juli

Solvornferga, mai

Flahamar mai

Flahamar, mai

V/Fossøyjølet, juli

Fossøyjølet, juli

Kilen, juni

Hausabakken, juli

Krundalen, mai

Leirmo, april

Lundehaugane, juli

Mollandsmarki, august

Engadalen, juli

Mørkridsdalen, mars

Mot Mollandsmarki, april

Sognefjellsvegen, mai

Solvorn, april

Gaupne, januar

Gullringen, mai

Veitastrondi, mai

Hafslo, august

Gaupne, januar

Fortunsdalen, april

Bjønnstegane, august

Feiga, mai

Kvam-Oslo, juni

Sognefjellet, juli

Veitastrondi, mai
Eidsvatnet, mai

Fortunsdalen, mai

Skjolden, mai