lørdag 18. juli 2015

Ein tur på Børesteinen.

Børesteinen ovanfor Luster er vorte eit populært mål for mange hobbytrimmarar.
Det er ikkje rart.
Flott utsikt og akkurat passe langt.
Langt og bratt nok til å bli heit hvis ein vil, kort og lett nok til å ta det som ein familietur.
Iflg. Strava så var heile turen på ei dryg mil.

Vi brukte ein fin sommardag til å ta turen opp. For min del var det andre gangen eg var der ettersom eg gikk forbi der i høve topptrimturen til Kinnfokfjellet for nokre år sidan.
Børesteinen ligg ca. 1000 m.o.h.  og hvis du ikkje alt har vore der, så bør turen takast så snart som mogleg.
Det er sannsynlegvis få stader som har ei slik utsikt etter så kort tur.

Enjoy!!
(Turen altså)

Midtveges mellom Berge og Børestein finn vi merkeleg nok eit nesten flatt parti. Her var det ein støl i si tid, Ferestad. I dag er det kun att ei hytte av heller ny dato.




Ein kan ikkje fri seg fra tanken om kor tungt livet må ha vore i gamle dagar når dei satte opp hus på denne måten.


Steingjerda på Ferestad har neppe kome av seg sjølv...

Her er vi nesten komne opp, og det ligg framleis ei lita snøfonn att.

Ein fin liten foss kjem vi for forbi nesten på toppen.


Mykje grov og gamal skog.

Litt eventyrstemning:
"Det var en gang...."

På toppen, og vi ser inn mot Dalsdalen.

Grønn fjord, m/båt. Det passa jo bra.


Velkjende fjell i horisonten.

Storslagent utsyn mot Molden, og vi kan sjå heilt til fjellet Bleia ovanfor Frønningen i Lærdal.

søndag 12. juli 2015

Topptrimmen 2014 - 2016, Tussen.

Da var omsider topptrimsesongen i gang!

Ein vinter med masse snø, samt ein kjølig vår og sein sommar har medført sein sesongstart, så da var det berre å prøve på den lågaste av dei toppar som står att, nemleg Tussen, eit fjell beliggande over Fortun.
Toppen ligg på 1232 m.o.h. så det høyres jo ikkje så veldig avansert ut å labbe opp her.
Når ein i tillegg kan starte fraYttri i Fortun, ca. 100 m.o.h. så kunne ein tru at dette var som ein tur ala Molden.

Så feil kan ein kan.

Medan Molden er ein heller lett topp som endatil mindreårige kan komme seg opp på ein grei måte, så var Tussen noko heilt anna. Dette var definitivt inga rute for ungar.
Det var bratt, kronglete og det var berre opp....


Litt meir detaljert om startpunkt:
Eg valde å starte fra Yttri, da dette er ganske så mykje kortare enn å gå fra Heltne i Skjolden.
Det er på Luster kommune sitt fine kart, tegna inn ein raudmerka sti fra Yttri og opp til ein støl som heiter Lønningane, denne ligg  i underkant av 700 m.o.h.
Det å finne stien opp var litt krøkkete.
Heldigvis hadde eg lese litt på Topptrimmen si FB-gruppe, og eg fekk nyttige opplysningar der.
Vi skal nemleg starte rett ovanfor den einaste ferista som er på denne vegen, og der går det ein umerka sti ovanfor eit fraflytta hus. Etter nokre titals meter står det eit skilt med "Lønningane" på, og da er ein på rett veg. Men kvar er raudmerkinga??? Den er verre å finne, så eg tråkla litt fram og tilbake, før eg såg at her hadde det gått folk før. Eg rusla litt oppover, og etter ca. 100 meter, så kom eg inn på stien. Det var ein tydeleg sti oppover, men merkinga var gamal og ikkje vedlikehaldt. Grunna mykje snø i fjellet, så rann det og ein del vatn her, iallfall i dei nedre delane avstien. Det bratta gradvis til, og stien gjekk stadig nærare ei lita elv. Dette er sikkert berre ein bekk på seinsommaren, men no var det faktisk trøblete å komme over. Det medførte at eg måtte gå på feil side langt oppover, i eit skikkeleg dårleg terreng, bratt og mykje tilvokst med småskog, lite gøy. Omsider kom eg over elva, og kom bort til kraftlinja. Her såg eg det øverste selet på Lønningane, og såg opp mot siste bratte parti. Iflg. FB-innlegget skulle det være mogleg å gå langs kraftlinja, så da gjorde eg det, men dei siste parhundre metrane var veldig bratte, og prega av grov ur og særs lite gåvennleg. Eit skikkeleg tungt terreng var det. Eg var sjeleglad for å komme velberga opp på slette fjellet. Det å gå ned att her ville være med fare for liv og helse, og eg måtte vurdere andre ruter. Ned att samme ruta var iallfall heilt uaktuelt.

Eg gjekk under kraftlinja, og mot sjølve toppen ca. to kilometer bortover. Her var det lett å gå, men det er svinhøgt utover nedatt mot Fortun. Gikk derfor litt inpå....
Men fin utsikt da!!
Det ein skal være obs på her, er ei rekkje sprekker i fjellet, og det er på flate marka. Nokre av dei er små, medan andre er store, gjerne svært store, dei kjem ein kanskje borti dersom ein kjem fra Rebni. Fjellet her må være ustabilt, og det vil ikkje forbause meg om det ein gang i framtida kjem til å gå eit kjemperas her. Reknar med at fjellet er overvåka.
Som sagt: Vær obs på sprekkene når du går bortover, nokre av dei er så djupe at du ser ikkje botnen, og hamnar du nedi her, så er det finito.

Det var ein heil del snø att, endatil her nede på mellom 1000 og 1100 m.o.h. Rett nok i fenner, men sidan eg aldri tek sjansar når eg går solotur, så måtte eg ta ein og annan snue for å være på den trygge sida. Hadde lite lyst til å ramle gjennom ei fonn.....

Det var lett å finne toppen. Varden er plassert heilt utpå kanten, og når ein kjem via Rebni er kontrasten enorm. Fra nesten flat slette, og rett ned att mot Fortun. Her er det verkeleg høgt ned!!

Flott utsikt mot kjente fjell i Jotunheimen, sjølv om vi berre er dryge 1200 m.o.h.

Det var mildt og fint denne dagen, og bortimot vindstille. Eg henta posen med bok og tang, og fekk notert namn og klypt i kortet. Satte meg litt innpå, da avgrunnen på andre sida er nesten uhyggeleg stor.... Hoi, kor høgt det var!!
Eg var nr. 95 i boka totalt, og nr. 4 i år.


Men aberet no: Kvar skulle eg gå ned att?
Eg bestemte meg for å få tak i hjelp, dvs. sjåfør fra Heltne, og dermed gå den antaglegvis langt tryggare ruta ned att i Skjolden.
Det å gamble med å gå nedatt der eg kom fra var som nevnt uaktuelt.

Eg avtalte med sjåfør, men såg at eg også kunne gått forbi eit vatn som heiter Skurvenosvatnet, og ned att på stølane Smolo og Bruhaugstølen. Iflg. kartet var det sti herfra og ned til Yttri, men dette ville bli eit par kilometer lengre enn å gå ned att på Heltne.

Det måtte bli Rebni og Heltne.
Men før den tid måtte eg ned til ein gamal fjellstøl som heiter Myrasete. Derfra var det sti ned til enda ein støl, Skori, ca. 850 m.o.h.
Stien fra Myrasete og til Skori var også eit kapittel for seg sjølv, for også her var det veldig langt ned nokre stader, men var det i det minste greit å gå.
Snøsmeltinga hadde gjort ein bekk om til lita elv også, og det hadde danna seg ein foss over stien som eg måtte gå igjennom. Det var ikkje spesielt trivleg, for nedanfor stien, naturleg nok glatt av vatnet, så var det påny rett utover....langt....
Heldigvis var det greit å gå.

Nede på Skori var problemet å finne stien ned til Rebnisli, enda ein støl, antaglegvis ein vårstøl fra gammalt av for bruka Skori og Rebni for alt eg veit. Her kom eg tilfeldigvis over ny raudmerka sti, gamal og heller ikkje her vedlikehaldt. Dessverre gjekk stien i ein heilt anna retning, så etter ein konferanse med kartet, så snudde eg, og etter litt leiting fant eg endeleg stien ned til Rebnisli.

No var knea byrje å verke noko infernalsk, og verre og verre vart det. Nedanfor Rebnisli var det faktisk ein slags ATV-veg ned til det no fraflytta bruket Rebni. Der var eg på skuletur i tredjeklassen. Derfra og ned til Heltne var det greit å gå. Hvis det berre ikkje hadde vore for knea som no verka som ville helsike. Av og til gjekk eg baklengs nedover, berre for å unngå kor vondt det var.
Det gjekk såleis veldig seint ned fra Rebnisli og til Heltne. Det var tre svært vonde kilometer.....

Omsider kom eg nå ned i vegen, og vart henta av sjåføren. Han køyrde meg inn att på Yttri der bilen stod like trygt.

Konklusjon: Ein skikkeleg vond og tung tur. Knea verka som F dei siste fire km, det positive får være at det er kun i unnabakke....

Turen opp gjekk forsåvidt OK, men det å gå fra Yttri var ein dum ide. Kortare, javel, men snøsmeltinga gjorde at eg måtte ta omvegar da elva var for stor til å krysse der eg skulle. Det å komme seg opp fra Lønningane og opp på sjølve platået var krevjande. Du må for all del ikkje gå med ungar her, og du skal ha litt trening for i det heile tatt å komme deg opp. Det å gå ned att her er for dei fjellvande og godt trena. Mine bein er ikkje bygd for noko slikt, og sidan det var så krøkkete å gå, så tok eg altså ikkje sjansen grunna fare for fall og skade. Eg gjekk jo åleine.

Fra Heltne og opp må være det beste, evt. via den andre ruta som eg har skissert. Men det veit eg jo ikkje sikkert, gikk jo ikkje der. Dog såg eg store deler av ruta fra toppen, og det kunne nok vore eit alternativ.

Eg skal uansett ikkje oppatt her, flott utsikt til tross.
Eg vil også anbefale å vente nokre veker til før ein tek turen til Tussen. Det er framleis ein heil del snø i fjellet, og kven veit kva som skjuler seg under?? Eg gjekk fleire omvegar, berre for å unngå moglege farlege parti.


Litt data:

Heile turen var 16,2 km. Det var 1246 høgdemeter.
Turen tok seks timar og 13 minuttar. Det inkluderer fotopausar, laaang pause på toppen, og tråkling for å finne stiar fram og tilbake.
"Moving time"var  4 timar og 50 minuttar, så da seier det seg sjølv at det har blitt mykje stopp undervegs....
Fra Yttri og opp var det ca. 6,5 km. noko som betyr at det var nesten ei mil nedatt til Heltne. Dette er inklusiv dei snuane ekstra eg måtte ta, samt at eg gjekk feil nede ved Skori. Dette ser ein på kartutsnittet nedanfor.


 Her er Stravaspora. Opp fra Fortun, ned i Skjolden.
 Eg byrja å gå herfra.
 Her står skiltet, men herfra og i 100 meter vidare fant eg ikkje merking i det heile, før tilfeldigvis stien dukka opp att...
 Det var kjentfolk i skogen også....
Mykje grov og gamal skog oppover fra Yttri.
 Eg hadde ikkje gått så veldig langt før det var fint utsyn til Skagastølstindane.
 Som ein ser var det litt kroglete å gå til tider. Mykje skog som låg velta.
 Her var eg endeleg komen opp på platået. Eg kom opp ca. 100 meter bortanfor masta, og terrenget nedanfor er som ein ser, ikkje av det lettaste. Og tru meg, det er brattare enn det ser ut.
 Ah.... Sognefjellsvegen... der vi sykla forrige laurdag....
 Varden på toppen. Vi er her inne i eit landskapsvernområde, jfr. det vesle skiltet framfor. Ellers ser det fint og flatt ut her, men på andre sida av varden er det fuglane som herskar...
 Nedatt i Fortun, det er toppunktet vi ser eit utsnitt av.
 Høgt ja....
 Her får ein inntrykk av kor rett utover det er.
 Utover Lustrafjorden, og i framgrunnen ser vi der eg gjekk fra kraftlinja og bort til toppen.
 Her var eg komen ned att på den øverste stølen.
 Fra stien ned mot Skori, stølen altså.
 Her er den omtala fossen, og såleis må ein ikkje være redd vatn. Kanskje like greit å vente nokre veker?
 Rebnisli.



Fra Rebni, og ned mot Skjolden.

torsdag 9. juli 2015

"Få sogningar seier ja til likekjønna vigsel" (Samt litt om medlemsregisteret til kyrkja.)

Oppdatert 11.8.2015:
Litt på sida av det opphavelege tema, men nå går det mot kyrkjeval.
I det høvet vert det sendt ut valgkort, og det har kome for ein dag at ei rekkje personar står som medlemar i kyrkja utan at det har ynskje om det. Det er personar som har meldt seg ut, opp til fleire ganger. Personar som aldri har meldt seg inn, aldri har vore døypt, konfirmert eller gifte i kyrkja står også som medlemar.


Altså... kva er dette for slags forbaska rot?

Og det er ikkje første gangen heller. Slike historiar dukkar opp med jamne mellomrom, og kvar gang vert det lova bot og bedring, opprydding og greier og greier.
Og likevel klarar kyrkja å kløne det til.

Det er berre ei løysing på problemet:
Slett heile registeret, og så kan dei som vil få melde seg inn etterpå.

Aberet da, fra kyrkja si side vel og merke, er at dei da risikerer eit drastisk fall i medlemstalet, med ditto manglande innflytelse her i samfunnet.
Noko som hadde vore til det bedre.


Ellers går homokampen sin gang i kyrkja. Ikkje noko nytt der altså.
Det er nesten underholdande å sjå.
Mange motstandarar henviser til "den gode boka", og føyer til: "Kyrkja er open for alle, men ekteskapet er for ei kvinne og ein mann".

Les den setninga ein gang til.

Ta den tid som trengs.



Dobbeltmoralen formeleg LYSER. Når ekteskapet og rettane det inneber er forbeholdt ei kvinne og ein mann, så ER jo ikkje kyrkja open for alle.

Gudbedre, hadde eg så nær sagt. Eller Odinbedre for del del.


*********************************************************



Det var oppslaget i lokalavisa her ein dag.

Vent, vent, vent.... eg må sjekke kalendaren min....


Jo, der står årstallet "2015".

Men utfra oppslaget i lokalavisa, så lever dei fleste av kandidatane til Bergen Bispedømmeråd i året "1815". Eller var det enda lenger tilbake i tid?
Ein av våre lokalpolitikarar har tatt opp denne saka på si private FB-side, og skal ha ros for engasjementet. Veldig bra at slike middelalderhaldningar vert kjent.

Det er visstnok av betydning for mange religiøse at ekteskapet skal være forbeholdt ein mann og ei kvinne. Iallfall skal vi tru kandidatane sine personlege skjema som er lagt ut her.
Kun eit fåtall av kandidatane opnar for at kyrkja (omsider) skal opne heilt for vigsling av homofile og lesbiske.


Det er nokre få som har ballar til å sei at dei no finn tida moden for å akseptere slik vigsel, men langt dei fleste meiner at Bibelen ikkje tillet noko slikt.
Bibelen er skreve for eit par tusen år sidan, og verda har heldigvis gått framover sidan den gang, men i år 2015 meiner altså det ein skulle tru var normalt oppegåande menneske at vi skal forholde oss til det som denne 2000 år gamle boka seier. (Forhåpentlegvis er det ingen av kandidatane som trur at jorda vart skapt på sju dagar. Kreasjonistar er mildt sagt pussige folk som nektar å innsjå realitetar).
Ein konsekvens av det bør i det minste bli at ein følgjer Bibelen ellers også, og ikkje berre plukkar ut dei deler som ein sjølv finn passande. Det fins eit uttrykk for dette, "cherrypicking".
Dvs. ein plukkar ut dei deler som passar med det syn ein tilfeldigvis har fra før, og overser glatt det som ikkje passar.

Eg har lest litt i den heilage boka, (Nå er det mange heilage bøker rundt om i verda, men i dette tilfellet er det snakk om Bibelen. Alle bøkene har det til felles at dei gjerne er fleire hundre eller tusen år gamle, og alle meiner dei er den einaste rette) og spesielt gamle testamentet er "artig lesning".
No tilfeldigvis slo eg opp, og landa på på Josva, kapittel 8, og eg siterer vers 24-27:

"Då israelittane hadde drepe alle Ai-buane som hadde sett etter dei ut i øydemarka, og fiendane var falne for sverd alle som ein, då vende israelittane tilbake til Ai, og hogg ned dei som var der. Den dagen fall det i alt tolv tusen, både menn og kvinner, alle som budde i Ai. Josva tok ikkje til seg handa som han rette ut spydet med , før han hadde bannstøytt alle Ai-buane. Berre feet og det hærfanget som israelittane tok i byen eigna dei til seg, etter det påbodet Herren hadde gjeve Josva."

Det vi har her er altså ikkje noko anna enn ein massakre og plyndring av ein by, alt i Herrens namn.
I våre dagar hadde dette kvalifisert til eit folkemord.

Dette står i samme bok som mange av våre bispedømmerådkandidatar (grusomt ord) brukar til å forsvare sitt "nei" til homofil vigsel. Inkonsekvensen er (orsak uttrykket) himmelropande. Kanskje dei forsvarer denne massakren også?? Neppe. Dei plukkar nemleg ut det som er behagleg for deira syn, altså "cherrypicking".


I motsetnad til lokalpolitikaren er eg ikkje spesielt glad i kyrkja vår. Det er ein stad eg må gå når det er gravferd, og ellers prøver eg å ha så lite som mogleg med kyrkja å gjere. Eg kjenner eit par prestar, det er så, og det er veldig hyggelege menneske som eg unner alt godt.
Eg er heller ikkje vaksen opp i kyrkja, og var medlem kun fra eg var 15 år  (konfirmasjonen) og til eg melde meg ut som vaksen nokre år seinare.
Hovedårsaka til at eg melde meg ut var nettopp den openbare diskrimineringa som Den Norske Kyrkja kan, med lova i hand (!!!) utøve. Prestar kan henvise til reservasjonsrett og nekte å vigsle tidlegare skilde personar som vil prøve til att. Dei kan også nekte å nekte å gi homofile akkurat dei same rettane som alle andre par, fordi dei henviser til 2000 år gamle setningar i ei bok som lovpriser massakrar og tortur.


Det er ikkje til å begripe.

Og dette skal liksom være ei "open og inkluderande folkekyrkje" som Trond Giske ein gang sa.
Det er lysår fra å være noko slikt.
Det er ikkje mykje opent og inkluderande å nekte nokon å gifte seg, fordi ein tilfeldigvis er homo eller lesbisk. Ikkje nok med det, i kyrkja kan ein også nekte å ansette folk fordi dei er homo eller lesbisk. Som einaste arbeidsgivar i landet kan religiøse samfunn nekte å ansatte kvalifiserte personar fordi søkaren føretrekk samme kjønn å dele seng med.


Ein positiv sak er det imidlertid når eg les dei forskjellige kandidatane si haldning til dette: Nokre av dei som seier nei, meiner at ein bør vudere heile vigselsretten til kyrkja. Det er da noko.



mandag 6. juli 2015

Sognefjellrittet 2015

Da var det unnagjort for i år, den årlege turen over Sognefjellet. Koppen er satt til nedstøving på hylla, grillmaten i Sogndal er fortært, og beina er OK igjen.

Medan storebroren, Jotunheimen Rundt, opplevde rekordpåmelding i år, så trur eg det var litt færre fra Lom. For nokre år sidan var vi nesten 300 påmeldte, men nå verkar det til å ha stabilisert seg på i overkant av 200. Det er for så vidt greit nok.

Vi er sjeldan så opptatt av været som i dagane fram mot start. I år var vi heldige. Eit aldeles utruleg flott vær på Lom. Sol, antydning til medvind innimellom, og høg solkremfaktor. Det har ikkje alltid vore slik.

Som vanleg hadde Sogn CK, dvs. arrangøren, fått laga til eit fint startområde på Loar Skule. Her er det greit å ha base på alle vis. Vi fekk henta startnr. og diverse andre opplysningar som var putta oppi ein C4 konvolutt.
Deretter den tradisjonelle turen til Bakeriet på Lom. Ein eplejuice og ein kanel-i-svingen er god oppladning til å sykle 14 mil.
Oppvarminga vart nokre kilometer oppover mot Skjåk, og vi var meir eller mindre klare til årets tur over fjellet.
I år hadde arrangøren laga til ei "racerpulje" som starta eit kvarter før oss vanlege dødlege. Det var ein god ide, for da fekk vi eit mindre startfelt. Det er alltid ein fordel, store startfelt lagar gjerne ekstra mykje krøll i byrjinga.
Masterkøyring ut av Lom-sentrum, og sidan vi var fem stk som hadde avtala å sykle samla, iallfall fram til Marifjøra, så fann vi kvarandre og ei pulje som hadde OK fart.
Sognefjellsrittet går rett inn i ein liten bakke fra start, ikkje lang eller bratt, men nok til at ein får pulsen opp mot maks etter ein kilometer. Deretter roar det seg alltid, heldigvis.
Vi la oss bak i ei heller stor pulje, og det gjekk veldig greit oppover. Pulsen var gått ned fra 160 til meir humane 145, så nå var livet bra. Sola skein, elva brusa flaumstor og idyllen var fullkomen, ja, dette skulle bli ein fin dag.
Og ein fin dag var det. Iallfall til vi skulle krysse elva ved Flåklypa. Da fekk ein i følget ei eike som rauk, og ein annan punkterte så det small. Vel, det var berre til å stoppe. Kun ni kilometer hadde vi køyrt, og medan vi stod der å skifta slange, så kom avtaglegvis heile startfeltet fra Lom forbi. Det vart sjølvsagt litt trøbbel med å få på att hjulet, men etter 10-12 minuttar var vi klare att. Til alt hell kom ein bil fra arrangørstaben forbi, og der fekk vi låne skikkeleg pumpe slik at slangen vart fyllt på anstendig vis.
10-12 minuttar i vasken der altså, men det er slikt som skjer. Dessutan er det greit å være fleire i lag. Eg har punktert sjølv på Sognefjellsrittet og stått att mutt åleine, det er mildt sagt fortærande. Greit å kunne hjelpe kvarandre ein smule.
Vi nådde att mange av dei som hadde køyrt forbi oss, det var eit godt tegn, og vi kom oss greit opp bakken ved Galdesand og Elveseter. No var det ikkje så mykje medvind, heller litt trekk imot her og der. Det er absolutt ingenting å gjere med det.

Den første skikkelege utfordringa på Sognefjellsrittet er stigninga opp til Jotunheimen Fjellstue. Denne er på ca. 4,5 km. og stig ca. 340 høgdemeter. Strava opererer med 5,1 km. men utfra kartet er starten da litt ute på sletta før bakken byrjar. Vi kjem inn i denne bakken etter knappe tre mil, og eg såg på klokka at vi no låg ca. 10 minuttar etter fjoråret.
Bakken er seig nok, i år tok det 29 minuttar, men dette varierer litt fra år til år med tanke på vind og vær. Vi vart splitta, men samla oss att inn mot Bøvertun. Her var det framleis fint vær og ikkje minst ganske så varmt. Tross alt er vi på nesten 1000 m.o.h. og det er ikkje kvardagskost med 15-20 varmegrader her oppe.

Neste utfordring er bakkane opp mot Krossbu. Iflg. Strava er dette ein bakke på ca. 5,6 km. og det stig ca. 540 høgdemeter. Bakken byrjar noko før, men det er ein skikkeleg knekkar, spesielt med tanke på at ein har den forrige bakken i beina berre nokre kilometer før.... Stigninga opp til Sognefjellshytta byrjar etter 43 km. Det er kneikar som er ganske så bratte, og her er kvar syklist overlatt til seg sjølv. Det er tungt opp til nokre hundre meter nedanfor Krossbu, der det brattar til att  opp mot Fantesteinane. Her har vi heldigvis nokre hårnålssvingar som hjelper til ein smule. Framleis var det mildt og fint i været, men mykje snø. Har aldri sett så mykje snø før på dei turane eg har sykla over her. I fjor t.d. var det omtrent snøfritt, men da var det jo eit infernalsk vær. Heller sol og mykje snø slik som i år.
På Sognefjellshytta samla vi oss alle fem, og det vart ein god pause. Mat fikk vi også, og påfyll av drykk. Vi var einige om at det var inga vits i å stoppe i Luster, været var fint, og med to fulle drikkeflasker og noko gel på ryggen så var det greit nok.

Det er sikkert nokre debutantar og folk som ikkje er kjende på Sognefjellet som har fått seg ei overrasking. Det går nemleg ikkje nedover fra Sognefjellshytta. Vi er oppe på eit høgfjellsplatå og syklar sju kilometer bort på Herva som også ligg på 1400 m.o.h før vi får ein skikkeleg utforkøyring. Men heller ikkje her er det slutt. Vi må heilt ned forbi Juvatnet etter 62 km. før dei små kneikane omsider tek slutt. Men derfra og ned er utfor heilt til Fortun....
Og her kan det gå unna for den som tør. I motsetnad til i fjor var det i år strålande vær, og det var berre å sleppe seg laus. Godt med Røde Kors postar nedover, og striper med nylagd asfalt her og der, men også parti med skumle humpar og holer. Ein skal være obs på denne nedfarten som varer meir eller mindre samanhengande i 15-16 kilometer.

På samme måte som vi vart splitta oppover, vart vi også delt nedover, men vi venta på kvarandre, og i Fortun hadde vi to timar og fire minuttar til å komme under sekstimersgrensa. Det kunne gå med greit vær og god køyring.
Utover Lustrafjorden gjekk det ganske så greit, og vi fekk også grønt lys på vegarbeidet i Høyheimsvik. Dette såg jo heilt banan ut, lysregulering på ny veg....
I Nesbakken vart vi splitta på ny, for vi byrja no å nærme oss fem timars sykling, og da skal det svi litt. Nesten på toppen av bakken var det kjentfolk og heiagjeng, og det samme var det i Gaupne. Det er alltid like hyggeleg.
Vi trilla roleg mot Gaupne i håp om at vi skulle samlast att, men det skulle vise seg at det vart vi ikkje. Vi gjekk derfor inn i tunnellen i Røneidsberget berre tre stk, og bakken byrjar som kjent med ein gang vi er ute av tunnellen, og her er det åtte km. samanhengande stigning. Rett nok ikkje så bratt, men seigt nok etter 11-12 mil....
Opp Marheimsgjelet var det på stålet, men vi kom oss opp, og gjorde oss klare til den siste store utfordringa, opp Indre Hafslo. Denne bakken er ca. fire km. og stig ca. 220 meter. Det er eigentleg ikkje så mykje å frykte, hvis det ikkje var for dei mila som sat i beina....
Bakken tek ca. eit kvarter, og om ikkje beina er tunge nok, så er det iallfall garantert at ryggen slit. Det er såleis eit kvarter som tek laaaaaang tid.......

På toppen av Indre Hafslo stod det nokre englar med Red Bull. Det var himmelsk godt. Varmen og bakken gjorde at sveitten silte, så den boksen med Raud Okse er antaglegvis det beste eg har smakt.
Eg la ikkje så mykje merke til kven som stod der, men er evig takksam for drikken eg fekk.

Ein ny kort pause på eit minutt eller to, før vi la i veg utover mot Heggmyrane. Dette var frykteleg seigt, men eg fekk no klort meg med dei andre på eit vis, og så gjekk det i god fart ned mot Stolpen. No kom motvinden, men vi trakka på så godt vi kunne i håp om å klare sekstimarsgrensa. Ned Årøyane nådde vi att ein fra samme klubb. Han hadde dratt heile feltet da vi punkterte i Bøverdalen 12 mil tidlegare, men nå var vi altså samla att.
Utover Barsnesfjorden var det litt motvind, men vi var fem stk som trakka det vesle vi kunne. Forbi Statoil og utpå FV 5 er alltid godt å komme (da veit vi at vi snart er framme), og vi gav på litt ekstra mot rundkøyringa. Da kom antydningar til krampe i høgre lår, det var ikkje særs godt for å sei det slik....
Forbi Reppabygget, og inn til mål.... HERREFRED kor godt. Været var like herleg, og vi kom samla fem stk til mål. Vi mangla ein, som dessverre måtte bryte på Indre Hafslo. Det var ein nedtur av dimensjonar, men helsa må gå føre alt. SÅ viktig er det ikke å komme til mål.

Vi klarte ikkje målet om å komme under seks timar. 6 timar og tre minuttar, det var nesten irriterande der og da, men i ettertid er det ikkje så nøye. Vi driv ikkje med dette for å sykle fort. I år var naturopplevinga verdt heile turen. Det er ikkje kvart år ein kan stå i kort-kort på Sognefjellet. Kontrasten til fjoråret var himmelropande.


Så vidt eg kan bedømme var det eit nytt flott arrangement fra Sogn CK. Over 700 førehandspåmeldte til dei to ritta må være bra, sjølv om vi alltid får nokre DNS og DNF.
For min del var det tur nr. 18, og det nærmar seg neste delmål på 20 fullførte. Så lenge helsa er så nokonlunde, så kan ein  være med. Det er ikkje så spennande å trille opp Bøverdalen akkurat, og det er slitsomt å komme seg opp på fjellet.
Gevinsten er å komme seg ned til Fortun, nedfarten er kjempeartig i seg sjølv, satte ny rekord i år :-)
Vidare er det eit høgdepunkt å sykle forbi Gaupne der det alltid er kjentfolk på plass med oppmuntrande tilrop og heia-heia.

Så til slutt er det alltid like godt å runde Statoil i Sogndal og trille den siste kilometeren til mål. Det er berre ubeskrivleg godt. Vi syklar kanskje ikkje så fort, men det får så være. Naturopplevinga er det viktigaste, saman med det sosiale som må seiast å være vellukka også denne gangen.
Etter godværet i år, så satsar vi på drittvær til neste sommar, utfordringa blir liksom noko heilt anna da....Det har sin sjarm å sykle i dårleg vær, for det er enda bedre å komme til mål.....

Vi fekk oss ein ny kopp, grillmat og så bar dei heimatt til dusj og avslapning. Ein flott dag over Sognefjell var vel til ende.

Litt statistikk:
Fra Strava er det følgande opplysningar:
Total distanse er 137 km.
Snittfart 23,7 km/t
Toppfart 84,2 km/t
"Moving time" 5 timar og 48 minuttar.

Fra computeren er det desse opplysningane:
Distanse er 133 km.
Snittfart 23,2 km/t
Toppfart 71 km/t
Tid 5 timar og 43 minuttar.

Fra pulsmålaren er det desse opplysningane:
Snittpuls 144 BPM
Makspuls 168 BPM.
Kcalforbruk 4195

Eg må også ta med litt fra den lokale klubben. Hvis eg ikkje har rekna heilt feil, så hadde vi fire stk. med på Jotunheimen Rundt. Alle fire kom velberga til Sogndal, ein sterk prestasjon! Bl.a. nr. 8 totalt i dameklasse, eg er imponert.
Når det gjeld lillebroren, dvs. fra Lom, så hadde vi med ei i dameklassen, og ho vart forsynemeg nr. 2. Føresler at du tek heile runden neste år, det kjem til å gå som smurt.
Vi stilte med 13 i herreklassa, og der kom vi altså til mål 12 stk. Eg synes vi kan være stolte av oss sjølve.


Til slutt ein stor takk til arrangøren, som hadde bestilt sol og finvær, det set vi pris på. Den eine matstasjonen vi stoppa på var iallfall upåklageleg, nesten som forventa. Etter å ha vore med i turritt i nokre år nå, så vert ein nesten bortskjemt når ein får være med her.

Lukke til med neste års arrangement!

Bilder:

Vi pleier gjerne å ta ein stopp på Krossbu når vi reiser over.  Da kom tilfeldigvis desse to tøffingane forbi. Dei fullførte heile runden, mildt sagt imponerande!

Som ein ser er det ikkje nokon leik å komme seg opp her etter 33 mil på to hjul.

Før start på Lom er det viktig å forevige slike augneblikk...

Noko minuttar før start, og vi har tid til ein selfie eller to.

Punktering etter berre ni km. Det er kjedeleg, men det fins verre katastrofer her i verda.

Her er vi på ca. 950 m.o.h. og vi ser inn mot Bøvertun.

Ein fantastisk flott dag!

Oppe på Sognefjellshytta, bunkring av mat og drikke. 

Eg tek med eit par bilder for å dokumentere det flotte været over Sognefjellet denne dagen. Når det regnar neste år, så kan vi tenke tilbake på årets utgåve.

Vi ser Fanaraaken i bakgrunnen til venstre, og Steindalsnosi til høgre. Begge er toppar på pluss 2000 m.o.h. og utsikta derfra er veldig fin. Hvis ein ikkje syklar over fjellet, så kan ein jo ta ein spasertur opp på desse toppane.

Her er vi komne ned på 1300 m.o.h og vi ser dei gamle fjell i Syningom.... Som ein også ser er det mykje snø langs Juvatnet som ligg rett nedanfor vegen i bakgrunnen.

Mål.