fredag 12. juni 2015

60 album du må høyre før du døyr.

Alle lagar lister.
Om eit eller anna.

I min ungdom var eg lidenskapleg musikkinteressert, nå til dags er det adskillig meir avslappa.


Eg har plukka ut 60 album som alle MÅ høyre, ein eller annan gang.
I kveld: Fra plass 60 til 51.

Here goes.....

Nr. 60:
Roger Waters, Radio K.A.O.S.



Eit intetsigande cover?
Kanskje det.
Men musikken som er på dette albumet fra 1987 er overraskande lett og ledig i tonen, og ca. 100 ganger bedre enn makkverket "The Final Cut" som Waters gav ut som sitt siste album med Pink Floyd.
Plata kom ut i 1987, på ei tid da vi framleis hadde noko som heitte "Kald Krig", og ein stor, nifs fiende som heitte "Sovjet".
Albumet er som ein arbeidsdag hos plateprataren Jim, som får Billy på tråden. Samtalen dei to imellom handlar om Bomba, Thatcher og livets meir nedslåande sider generelt.
Musikken, som kan plasserast i båsen "lettare progrock", er som sagt meir lystig og "nynnbar" enn noko av det det Pink Floyd presterte, faktisk på grensa til kommersielt til tider. Det gjeld spesielt opningskuttet "Radio Waves", som også gjorde det brukbart som singel.
Einkvar Pink Floydfan har antagleg denne i hylla også, og hvis ikkje så er det sikkert mogleg å streame eller kjøpe på nett.

Nr. 59:
Judas Priest, Killing Machine.

Denne plata var mitt første møte med heavymetal kongane. To gitarar, bass, trommer. Ja, og Rob Halford på vokal. Ikkje noko orgel eller synth fjas her.
Den første låten eg kan hugse med Judas Priest var fra nettopp denne plata, allsangen "Take on the World". I dag høyres denne kanskje noko corny og kitch ut, iallfall er teksten det. Men i 1979, da eg høyrde denne for første gang, så var dette noko nytt og spennande. Endeleg eit band som liksom henvendte seg til oss....
Eit anna høgdepunkt er "Evening Star", både denne og Take on the world vart også utgitt på singel.
I dag, 37 år etter at denne plata vart utgitt hausten 1978, er det framleis eit solid metalalbum fra tida da TNWOBHM hadde sin gullalder. Judas Priest skulle komme med sitt absolutte høgdepunkt nokre år seinare, men Killing Machine duger også.

Nr. 58:
Shamen, Boss Drum

Shamen var eit skotsk elektro/dance/psycho band som hadde suksess på byrjinga av 1990-talet, og i 1992 kom deira beste bidrag ut, nemleg Boss Drum.
Normalt er eg ingen stor fan av dancemusikk, men dette albumet, som forøvrig varer nesten 65 minuttar, har nokre melodiar som er svært fengande, og svært passande på spinningøkter om vinteren....
Opningslåta, Boss Drum, dreg det heile i gang, og deretter følgjer hitlåtar som "Ebeneezer Goode" og "Phorever People".
I ettertid kan ein sjå spor av visse psykedeliske innslag og rusmiddel på denne plata, men i 1992, så høyrde vi faktisk på musikken fordi han var fengande og fin.
Plata er høyrbar den dag i dag, hvis ein gidd å sette på CD`ar som varer over timen da....

Nr. 57:
Saga, Worlds apart.

Canadiske Saga var eit av mine absolutte favorittband i mange år, og i 2006 hadde eg gleda av å endeleg oppleve dei live. Det var på Rockefeller i Oslo, ein fin mimreaften var det.
Worlds apart er eit solid progrock album fra 1981. Det er ikkje Sagas beste, men langt fra det dårlegaste heller, faktisk er dette albumet fra bandets beste periode. Platas høgdepunkt er avslutningssporet, No stranger på ca. sju minuttar. Worlds apart er Sagas mestselgande album, og er kritikarrost, men som nevnt: Eg  likar andre Sagaalbum ENDA bedre.
Saga vart kanskje aldri så store som dei burde være, men ein del av platene deira er solide den dag i dag. Bandet eksisterer enda, og besøkte Oslo att nå i vår.

Nr. 56:
Exodus, Bonded by blood.

Ah, endeleg litt trashmetal, og kva er da bedre enn å starte med eit av dei mest innflytelsesrike album innan genren nokon gong?
San Fransisco-bandet Exodus kom i 1985 ut med denne klassikaren innan "søppelmetal". Det går fort, det skranglar noko innihelsike, og produksjonen på albumet er så som så.
Men energien er der. til dei grader.
Mitt første møte med Exodus var på eit samlealbum med diverse Speedmetallåtar, dvs. låtar som går fort-fort. Samlealbumet bestod av fleire kjende og (for det meste) ukjende band, der dei spelte raske låtar. Albumets tittel, speed kills, peiker vel og på ein form for rus...
Exodus sitt bidrag den gang var "A lesson in violence", og den er sjølvsagt med på "Bonded by Blood". Andre høgdepunkt er "Metal Command" og tittelsporet.
Albumet har heller dårleg lyd, og vokalist Paul Baloff kan ikkje seiast å være (rettare sagt var, han døydde i 2002) noko stjernevokalist. Det er energien, gitarane og tempoet som er essensen her. Tekstane? Ikkje spør...
Men som trashalbum er dette ein ekte klassikar.

Nr. 55:
Camel, Nude

I 1981 kom det britiske progrockbandet Camel ut med eit album om ein japansk krigar...
Det var konseptalbumet Nude, som baserer seg lausleg på historia om ein japansk soldat som kom ut av jungelen 30 år etter at krigen var slutt.
Camel hadde hatt ein lojal fanbase i mange år, men sleit med heller låge salgstall. Derfor hadde dei gått vekk fra den meir jazzrockinspirerte trenden, og over til det meir kommersielle preget. Dei ville vel tjene nokre kroner dei og...
Resultatet vart dette albumet, samt forgjengaren "I can see your house from here".
Eg likar Nude best, og spesielt opningskuttet, City Life, er nydeleg endatil i dag, 34 år seinare.
Nude er som nevnt eit konseptalbum, med den japanske soldaten som hovedfigur. Flott stemningsfull musikk, som ein gjerne kan slappe av til. Lyden skal sjølvsagt skruast godt opp.

Nr. 54:
Barclay James Harvest, Turn of the tide.
Bilderesultat for turn of the tide barclay james harvest
Dette er kanskje ikkje dei mest eineståande BJH albumet, men eg likte det iallfall godt, den gang det kom ut i 1981.
Dette britiske progrockbandet hadde vore litt meir rocka på sine tidlegare album, men Turn of the tide var nesten melankolsk. God lyd, lassevis med synth og ikkje minst det som kan seiast å være ein liten hit, melodien Life is for living.
Etter mi meining er Turn of the tide ein smule undervurdert. Eg fekk tak i heile albumet på Spotify her ein dag, og musikken duger enda, 34 år etter at den kom ut. Eg hadde denne på noko som heitte "kassett", men i dag er sjølvsagt heile greia på telefonen.
Eit fint album, dersom ein vil komme i det tankefulle hjørnet, britisk progrock av det melankolske slaget altså.

Nr. 53:
Supertramp, Breakfast in America.

Hitfabrikken Supertramp kom ut med dette albumet i 1979, openbart berekna på den amerikanske marknaden. Endatil innspela i Los Angeles. Britiske Supertramp såg vel at det var sjanse til lettjente kroner?
Albumet innheld nokre av Supertramps mest kjende låtar, The Logical Song, The long way home, samt tittelsporte såklart.
Dette albumet selde i bøtter og spann, og gjekk til topps på ei rekkje lister rundt om i verda. Men ikkje i USA. Der nådde dei femteplassen på Billboard.
Breakfast in America er lettare å fordøye enn bandets tidlegare album, og det var vel difor dei selde så godt også.
Eit must dersom ein liker enkel grei poprock fra slutten av 1970-talet.

Nr. 52:
Joe Satriani, Surfin with the Alien.

Gitargud Joe Satrianis beste og mest suksessfulle album fra 1987, med cover av "The Silversurfer" fra tegneserien om Dei Fantastiske Fire.
Likar ein gitar, så må ein ha denne i samlinga. Det er eit instrumentalalbum over 10 spor og 37 minuttar.
Det er tittelkuttet som er høgdepunktet. Dette er ein drivande god gitarlåt, og det var jo dette albumet som gav Satriani den annerkjenning han fortjente som gitarist. Han hadde tidlegare levd eit heller anonymt liv som gitarlærar og studiomusikar, men dette albumet fekk han ut i rampelyset.
I 1990 var han på Rockefeller og leverte ein svært minneverdig konsert som eg var så heldig å få oppleve. Salen var stappfull, og det kokte da ekstranummeret "Surfin with the Alien" vart dregen i gang... Wow.....
Det var den gang det.

Nr. 51:
Black Sabbath, Sabotage

Sabbath er kanskje mest kjent for sine litt tidlegare album, men eg har stor sans for deira sjette album, Sabotage, fra 1975.
Her går dei meir vekk fra dei litt enklare skrangemelodiane fra deira tidlegare album, og dei dreg inn meir prog, bl.a. i form av synthesizer!!!
På Sabotage har vi låtar på 8-9 minuttar, noko ganske anna enn t.d. hiten Paranoid.
Sabbath var alltid litt mystiske og "skumle", og vart sjølvsagt skulda for å være satanistar og det som verre var. Vokalist Ozzy var sikkert ikkje såpass edru at han brydde seg om det, og gitarist Iommi har i biografien sin gitt uttrykk for eit heller kristent livssyn. Så mykje for satan der i gården altså.
Sabotage vart kanskje aldri noko salssuksess, men det er eit undervurdert album fra eit av rockens viktigaste og mest innflytelsesrike band. Dersom du skal ha berre eitt Sabbathalbum, så kan dette trygt anskaffast.

***********************************
Vi fortset med album fra nr. 50 og til 41.

Nr. 50:
Rainbow, Rising

Richie Blackmore og Ronnie James Dio borgar for kvalitet, og dei var aldri så bra som på dette albumet fra 1976. Med Cozy Powell på kanontrommer så er dette det beste resultatet etter at Deep Purple pakka saman med si klassiske besetning nokre år før. Sjølve albumet er ikkje på meir enn ca. 33 minuttar, men det er berre seks melodiar totalt, og side to har berre to....
Sjølve høgdepunktet er sang nr. 1 på side 2 (Vi snakkar LP-format her altså), nemleg Stargazer på ca. åtte og eit halvt minutt. Lassevis med lyd, og endatil GOD lyd, nesten 40 år etter.
Rising er rekna som ein tungrockklassikar, og solgte brukbart til å være eit album fra denne genren. I England kom albumet heilt opp på 6. plass, det må være bra.
Nemnde eg coveret?
Eit kunstverk i seg sjølv.
Dessverre vart nedturen fort og brutal etterpå. Dio slutta i Rainbow ikkje så lenge etter, og Blackmore spelar i dag ein slags folkemusikkversjon av sine gamle Purplemelodiar. I noko som liknar alvekostyme....
Men denne klassikaren står som ein påle enda.

Nr. 49:
Slayer, South of Heaven.

Slayer er eitt av "dei fire store"trashmetal banda, og i 1988 kom dei med dette flotte albumet.
Eller, det er musikken som utmerkar seg, coveret er grusomt.
I motsetnad til deira forrige album er det roa ned ein smule tempomessig, men Slayer viser at dei er både dyktige musikarar og dyktige låtskrivarar. Trommis Dave Lombardo er rekna som ein av dei aller beste innan trash, og gitarsamspelet mellom King og Hanneman er i klasse med Downing/Tipton.
Høgdepunktet er tittelsporet. Knappe fem minuttar, og såleis milevis lengre enn det dei hadde laga på sine tidlegare album. Lyden er også langt bedre.
Slayer er ikkje akkurat store fans av religion, og har klart å provosere amerikanske kristne i årevis. Det åleine er jo grunn god nok til å sette pris på eit av dei største trashbanda.

Nr. 48:
Dire Straits, Love over gold.

Vi må roe ned ein smule, og det gjer vi med Dire Straits sitt beste album. OK, Brothers in arms er kanskje bandets storselgar, men dette er deira klart beste album, først og fremst gjennom to knall låtar, nemleg Telegraph Road (Over 14 minuttar) og Private Investigations (knappe sju minuttar)
Heile albumet er på 41 minuttar, og består av berre fem sangar.
Da dette albumet kom ut i 1982 var det ingen umiddelbar storselgar, men med litt drahjelp fra Brothers in arms, så har også Love over gold solgt i millionar, noko som er heilt fortjent. Det er som sagt Dire Straits aller beste album, feit lyd, lange melodiar som ein må LYTTE til, aller helst på høgt volum i ein bil med godt anlegg.
Oh yeah....

Nr. 47:
Iron Maiden, The number of the beast.

Det var dei som trudde at Iron Maiden skulle tape seg da vokalist Paul DiÀnno forlot skuta etter to relativt suksessfylte opningsalbum.
Lite visste vi vel da at Iron Maiden skulle bli eit av dei aller største heavy metal banda på kloden. Og det var dette albumet, fra 1982, som var det første steget på veg til kjempesuksessen.
Den nye vokalisten, Bruce Dickinson som kom fra Samson, heva kvaliteten mange hakk, og gav Maiden eit særpreg som DiÀnno aldri klarde.
Høgdepunktet på The number of the beast er tittelkuttet og det som nærast vart ein hit, Run to the hills.
Grunna coveret og den litt liksomsatanistiske gjennomgangstonen, så vart albumet og bandet , som forventa kanskje, mykje kritisert i USA. Det hjalp lite, heller tvert om, og dette albumet er ein av dei viktigaste innan metal. Det er forresten det einaste Maiden album eg har, har aldri vore nokon stor fan av dei, med dette unntaket da...

Nr. 46:
Nirvana, Nevermind.
A nude steven buck infant swimming in blue tinted water toward a dollar bill which is attached to a string.
Før Kurt Cobain endte sine dagar, var han hjerna bak dette grunge mesterverket. Kanskje er det eit oppskrytt album, javel, men suksessen er neppe tilfeldig. Over 30 millionar solgte eksemplar, og Smells like teen spirit var ein megahit da albumet kom ut hausten 1991.
Det fins bedre grungeplater enn dette, men den nemnde hiten er ikkje det einaste sterke sporet på denne nesten 50 minuttar lange saken.
Og dette VAR og ER eit banebrytane album. På ei tid da tungrocken var forfalt til nærast eit lavmål, så gav Nirvana dei eit hardt tiltrengt spark bak, og opna for lassevis, men aldri så suksessfulle band fra Seattle.
Her var det enkel og energisk musikk, milevis fra den polerte gladrocken til Bon Jovi, Europe og alt det andre søppelet fra slutten av 80-talet. Grøss.

Nr. 45:
Suicidal Tendencies, How will I laugh tomorrow when I can`t even smile today.

Dette er iallfall den lengste platetittel så langt.
Men det er og eit svært solid album fra Los Angeles baserte Suicidal Tendencies.
På sine tidlegare album hadde bandet vore meir eit punkband, men her nærma dei seg i langt større grad metalfansen også. Og på ein eller annan forunderleg måte klarte dei faktisk å få fans i begge leirar. Det er ein stor prestasjon, da punk og metal ikkje alltid har vore på talefot. Vi snakkar såleis om eit skikkeleg crossoveralbum her.
Dette albumet kom ut hausten 1988, og varer i ca. 50 minuttar, fordelt på 10 spor i LP-versjon.
Det er spesielt side ein som er svært solid. I dag, 27 år etterpå, er dette ein av det beste platesidene innan den meir tunge musikken, og det er vanskeleg å finne eit desidert høgdepunkt. Hvis eg MÅ velge går eg for Pledge your allegiance på ca. fire og eit halvt minutt.
Bandet eksisterer enda, men har gjennomgått ei rekkje utskiftingar, det er berre bandsjef og vokalist som har vore det stabile punktet.

Nr. 44:
Meat Loaf, Dead Ringer

Kun fire år etter Bat out of hell kom Meaf Loaf ut med denne saken, som sjølvsagt gjekk til topps på Billboardlista.
Vi snakkar 1981 her, og comebackalbumet til ein av dei største salgssuksessar nokon gong. Og sjølv om Dead Ringer er eit comeback, så er det greie 41 minuttar fra ei av dei meir særprega stemmene i rocken.
Tekstar lange som uår til tross samt massiv overlesing av lyd; Dette er eit fjellstøtt album. Opningskuttet køyrer det heile i gang med ein MC-intro (såklart ein referanse til Bat out of hell), og vi er i gang. Kun tre spor på side 1 (LP-format), der alle ligg på pluss/minus sju minuttar.
Side 2 er på fem spor, men det eine er kun ein under-minuttet intro til tittellåta, som også kom ut på singel. Cher gjer ein gjesteopptreden her.
Kritikarane var ikkje så snille med Dead Ringer, men ein må sjå på dette nærast som eit teater i plateformat. Og det er vel det einaste teaterstykket som er verdt å bruke tid på.
Eit must.

Nr. 43:
Pantera, Cowboys from hell

Ju-huuu!
Panteras beste seier mange. Bandet med den tragiske historia rakk bl.a. dette tungrockmeisterverket i 1990.
Her går det i hundre fra opningssporet, og gitarlyden er noko av den feitaste EVER.
Mine favorittkutt er Heresy, samt tittellåten. Og berre så det er sagt: Dette skal spelast HØGT.
Heile albumet varer i nesten ein time, og det er lite rom for pause her, hvis ein da ikkje reknar med Cemetary Gates som "ballade".
Dessverre forsvant vokalist Phil Anselmo ut i tungt stoffmisbruk utover på 1990-talet, og sterke konflikter i bandet øydela mykje. Da gitarist Dimebag Darrell så vart drepen av ein sinnsforvirra fan i 2004, så vart alle håp om samling øydelagd, og vi sit att med nokre gode album, derav dette var det beste.
Som nevnt: Skal spelast HØGT.

Nr. 42:
Anthrax, Spreading the disease.

Ein ny milepæl innan trashmetal, og ein forsmak på kva som skulle komme fra New York bandet Anthrax.
Dette er Anthrax sitt andre album, og det første med den nye vokalisten, som var med å heve kvaliteten mange hakk. Det var eitt av dei aller første trashalbum eg kjøpte, i LP-format, ein gang i 1986 må det ha vore. Plata kom ut i 1985.
Her er det full guffe, tonnevis med gitar, og til tider eit avsindig tempo. Det å spele trash/speed er ikkje for dei utrena, høyr på avslutningsnummeret Gung-Ho.
Ni kutt fordelt på knappe tre kvarter, og utan svake punkt. Eit lysår bedre enn debutalbumet.
Vokalist Belladonna heva bandet mykje, men kan likevel ikkje skjule den heller svake lyden som pregar heile albumet. Så kan ein jo sei at det var litt av sjarmen.
Uansett er dette ein verkeleg trashmetalklassikar, som einkvar rockefan bør ha MINST på både LP og CD.
For nokon blir det kanskje i tyngste og kjappaste laget. Da anbefaler vi...øh... Flamingokvintetten....

Nr. 41:
Rush, 2112

Kva skal ein sei om canadiske Rush som ikkje er sagt?
Eitt av mine desidert favorittband, og som eg har hatt gleda av å oppleve live to ganger.
Eg kunne forsåvidt hatt nesten alle mine fire-fem utplukka Rushalbum inne blant topp-10, men det blir for dumt. Derfor plasserer eg deira "gjennombrotsalbum" fra 1976 på denne plassen, må jo begynne ein stad.
I 1976 hadde vi noko som heitte "disco" og noko som snart skulle bli "punk". Vi hadde og dinosaurband som spelte på stadion.
Og så kom Rush med dette konseptalbumet, om ei heller dyster framtid i år 2112. Noko heilt anna.
Heile side 1 består av ein melodi, tittelkuttet, fordelt på sju "suitar".
Albumet vart ein stor suksess, men bandet vart skulda for å være høgreekstreme i ettertid, noko dei har teke avstand fra mange ganger.
2112 er ein ekte progrockklassikar, kritikarrost, og er eit av bandets mest solgte. Hvis du skal ha ei innføring i Rush, kvifor ikkje begynne med dette verket?

*************************************
Nå fra plass 40-31.

Nr. 40:
Uriah Heep, Look at yourself.

Vi skal enda lenger tilbake, heilt til 1971, da dette sterke albumet fra Uriah Heep kom ut.
Ein slags versjon av bandet held det gåande den dag i dag, men dei var milevis bedre for 44 år sidan.
Look at yourself har sju spor fordelt på ca. 41 minuttar, og den eine av dei spora, July Morning, er på over 10.
Dette er og det beste sporet på albumet, og ein av mine favorittlåtar med dette bandet, som aldri vart heilt så store som dei burde ha vore.
Ellers er tittelsporet verdt å ta med seg, det er kutt nr. 1.
Det var organist Ken Hensley som var hjerna i bandet, og han står bak det aller meste av melodiane på denne plata også. Han har med seg vokalist Byron på nokre kutt, men ellers er det altså han åleine.
Albumet vert rekna som eitt av Heeps aller beste, men det er framleis nokre hakk opp til deira toppalbum som kom eit par år seinare...
Ja, og så coveret da.... Ein spegel. Det heiter jo "Look at yourself".
Genialt. Akkurat som musikken.

Nr. 39:
Soundgarden, Badmotorfinger.

Soundgarden var utvilsomt det beste som kom ut av Seattle og grungen fra dei første åra på nittitalet.
Nirvana solgte sikkert meir album, men musikken til Soundgarden var langt bedre. Tyngre, meir og bedre lyd, bedre vokalist, dyktigare musikarar.... ja ALT var bedre med Soundgarden.
Badmotorfinger er fra 1991, og varer nesten 58 minuttar. Det er 12 spor, og opningskuttet Rusty cage er verdt å ta med seg: Ein rask og god rockelåt av det tyngre slaget.
Det kom fire singlar fra plata, bl.a. ein som skapte litt oppstyr, nemleg Jesus Christ Pose.
Du kan knapt nevne Jesus i USA før ein eller annan gjøk må opne gapet å klage på blasfemi og spotting.
Ellers er dette eit solid album fra eit viktig band. I motsetning til Nirvana hadde dei meir enn eitt album som er høyrbare også.
Ja, og så vart vokalist Cornell med i Audioslave. Show me how to live.....

Nr. 38:
Red Hot Chilli Peppers, Blood sugar sex magic.

Bandets definitive gjennombrot. Dei hadde rett nok opparbeida ein lojal fankrets med sine tidlegare album, men det var dette albumet fra 1991 som gjorde RHCP til megastjerner. Over 13 millionar solgte eksemplar av eit album som varer i godt over 70 minutt. Det er slett ikkje verst av eit band som gjennom åra har hatt nok av tunge stunder.
Albumet gav dei også ein kjempehit i Under the bridge, ein balladelignande sak som slo svært godt an utanfor det tidlegare funkrockpublikumet dei hadde fra før.
Ein annan hit vart Give it away, men det er likevel tittelkuttet som er det desidert beste sporet. Ein gnsitrande god og røff funkrocklåt som kun RHCP kan lage det.
Forøvrig er det totalt 17 spor på plata, som ein trygt kan ta med på biltur, det er jo berre der vi har tid til å høyre på musikk.

Nr. 37:
Blue Oyster Cult, On your feet or on your knees.

Det er på tide med eit livealbum, og da hoppar vi rett på BOC og deira doble livealbum fra 1975.
Dette er bandets høgste plassering på Billboard, dei nådde opp på 22. plass.
Da dette albumet kom i LP-format, så er det fire platesider, tre sangar på kvar side. Total speletid er over 78 minuttar. Bandets tre første album er representerte med tre låtar kvar, og så har dei supplert med to coverlåtar og ein gitarleik. Den eine coverlåten er forøvrig Born to be wild, her i ein adskillig råare versjon enn Steppenwolf nokon gang klarte å få til.
BOC var alltid eit litt rart band. Ein trofast fanskare, men aldri spesielt store salgstall. Eit slags halvokkult image og dystre tekstar om undergang, død og forderving var vel medverkande til det. I dag er dette kanskje ein smule latterleg, men på 70-talet klarte dette å vekke ein viss provokasjon.
On your feet osv.... er likevel eit sterkt og solid livealbum fra eit band som hadde fortjent mykje meir.

Nr. 36:
Status Quo, On the level

Vi held oss i 1975, og hoppar til det som er eitt av mine to favorittband fra gamle dagar, nemleg Status Quo.
On the level har ti spor fordelt på ca. 37 minuttar, så her går det i enkle grep, kanskje ikkje så uventa.
På dette albumet finn vi også bandets einaste nr. 1 singel, nemleg hiten Down Down. Denne sangen er på nesten 5 minuttar og 30 sekund, så noko seier meg at det må ha vore ein forkorta versjon som vart spelt mykje...Introen og avslutninga går jo i vanleg Quo-spor.
I 1975 var Quo på toppen av si karriere salgsmessig, og også albumet gjekk rett til topps i England. Kanskje kom bandet med bedre album både før og etter, men dette er eit fengande gitarbasert rockealbum, der dei også sparkar liv i ein gamal Chuck Berry låt.
Skal du berre ha eit einaste Status Quo album, så er denne 40 år gamle saken ein god stad å byrje. Det var deira åttande studioalbum, og skulle noko seinare bli følgd opp av eit enda bedre studioalbum, samt eit dobbelt livealbum som vi kjem tilbake til....

Nr. 35:
Santana, Zebop!

I dag er Santana mest kjent for hiten Smooth, men lenge før den tid, nærare bestemt i 1981, kom dei ut med dette flotte albumet. 12 spor, 47 minuttar med latinsk gitarrock. Det lyser Santana lang veg alt fra opningskuttet, som er ein cover av Cat Stevens "Changes". Gnistrande gitarspel fra Carlos Santana, og dei stadige rytmeinstrumenta som er Santana sine kjennetegn.
Albumet gav dei også ein hit, faktisk ein av dei største før albumet med Smooth, i form av låten "Winning".
Alt i alt eit høyrbart og passe kommers album fra ein legendarisk gitarist og bandet hans. OK, Smooth vart eit megahit, men spør du meg så var Zebop! Santana sitt høgdepunkt.

Nr. 34:
Camel, Mirage

Her har vi ein ekte progrockklassikar.
Camel er eit britisk prograckband som heldt koken enda, og eg har alt hatt dei med i form av albumet Nude på 55. plass.
Mirage innheld bandets største verk, nemleg Lady Fantasy på over 12 minuttar.
Heile albumet er på ca. 37 minuttar, og ein av dei andre melodiane er på over ni. Det gir 16 minuttar att til dei siste tre låtane på albumet.
Lady Fantasy er i seg sjølv så bra den glatt hadde vore med på mi eventuelle topp 100 singelliste, blant dei fire-fem beste. Ein fantastisk låt.
Mirage var bandets andre album, og vart gitt ut heilt tilbake i 1974. For progrockfans er dette eit must, og eg vil påstå at bandet her nesten bikkar over til jazzrock til tider, utan at det treng å være noko galt med det. Dyktige musikarar som meistrar dette!
Hvis du ikkje gidd å høyre på heile albumet, så MÅ du iallfall streame Lady Fantasy. Hvis du ikkje likar denne låten, så har du faktisk ikkje greie på musikk.

Nr. 33:
Metallica, Master of puppets.
Cemetery field of white crosses tethered to strings, manipulated by a pair of hands in a blood-red sky
Bandets storselgande album fra 1986, med åtte spor fordelt på knappe 55 minuttar. Dette er ein ekte trashklassikar. Det først trashalbum til å oppnå platinasalg, og ikkje nok med det: seksdobbelt platinasalg i USA og Canada endatil.
Albumet er adskillig meir forseggjort og velprodusert enn forgjengarane og skal spelast HØGT. VELDIG høgt.
Dessverre vart dette det siste albumet til bassist Cliff Burton som så tragisk døydde i ei bussulukke i Sverige samme vinter.
Om ikkje anna så medførte det iallfall at vi reiste tre stk herfra til Gøteborg på konsert med Metallica i februar 1987, den første konserten med Jason Newsted trur eg faktisk det var.
Høgdepunkt?
Næ. Tittelsporet kanskje.
Men på dette albumet viser Metallica også at dei kan spele noko som minner om rolege tonar, nemleg instrumentalen Orion.  Kanskje det er mitt favorittspor? Ikkje godt å sei, det er eit album utan svake punkt, og ei plate som einkvar ekte rockefan har på både LP og CD.

Nr. 32:
Rush, Hemispheres

Ingen band er som Rush, og dette albumet fra 1978 er fra deira beste periode. Ein periode som toppa seg med eit album som vi skal komme tilbake til seinare.
Dette er også eit slags konseptalbum ala 2112, med berre fire melodiar, der heile førstesida er ein einaste melodi, oppdelt i suitar. Skreve med romartal....
Side to har ein av bandets beste låtar nokon gang, og det seier ikkje så reint lite; The Trees, eit sant meisterverk innan hardrock/progrock.
Ja, og så må det nevnast at La Villa Strangiato er med. Det er siste sporet på side 2, litt over ni minuttar instrumental...oh yeah....
"All lyrics by Peart" "All music by Lee/Lifeson". Ja med unntak av La Villa.... der Peart også er med som komponist.
Herrefred kor bra dette bandet var på denne tid!
Coveret?
Ingen band kan lage cover som Rush.

Nr. 31:
Meat Loaf, Bat out of hell.
Futuristic motorcycle rider; the motorcycle has jet exhaust. A bat-like figure on the tower of a building.
Oppskrytt?
Kanskje det.
Teatralsk møl?
Gjett om.
Men også fengande og episk?
Jepp, det og.
Ei av historias mestselgande album kom ut i 1977, og sjølv om det står at artisten var Meat Loaf, så er dette eit Jim Steinman album. Det var berre det at han kunne ikkje synge på langtnær så bra som fleskeloffen. Dermed: Suksessen var eit faktum.
Tekstar som er banale til dei grader, musikken er pålessa i bøtter, men alikevel: Dette er fengande teatralsk rock på sitt beste.
Høgdepunktet for min del er tittelsporet, men ellers er det vel slik at dette albumet har ingen svake sider. 46 minuttar, sju spor utan svake punkt, det er bra gjort.
Og det er vel eitt av svært få album som har fått oppfølgaralbum med samme navn....
Nemnde eg tekstlinja "And the last thing I see is my heart still beating, still beating, breaking out of my body and fly away like a bat out of hell."
Lyrikk på høgt nivå der altså.



***********************************

Da er vi komne inn på topp-30 lista.

Nr. 30:
Slayer, Reign in blood
An image of the album cover featuring a demonic creature being carried on a chair by four people on each side. These people are carrying it over a sea of blood where several heads of corpses are floating. In the top left corner of the album is Slayer's logo while in the bottom right corner is the album title "Reign in Blood".
Mitt første møte med amerikanske Slayer var dette albumet, kritikarrost og ein rimeleg bra salgssuksess for det som den gang var eit heller ukjent speed/trashmetalband.
10 spor fordelt på berre 28 minuttar, og der to av spora er på nesten fem kvar... Det fortel om kjappe, men også svært intense låtar.
Albumet kom ut hausten 1986.
Sjølv om dette er eit høgt verdsatt album blant tungrockfans og musikkjournalistar, er det også ei mykje omdiskutert plate. Årsaka finn vi i det groteske coveret, samt makabre tekstar og liksom satanistisk image. Slayer var og er imidlertid aldri noko blackmetal band.
Det var spesielt opningskutter, knappe fem minuttar lange Angel of Death som skapte kontroversar. Sangen handla om Josef Mengele, "dødsengelen" fra Auschwitz. Nokre feiltolka teksten kapitalt, og skulda bandet for å være nazistar og det som verre er. Kva no enn det måtte være. Bandet har mange ganger tatt avstand fra alle slike sympatiar, men det er ikkje lett å kvitte seg med gale fordommar.
Reign in blood er eit av trash/speedmetalens viktigaste album, heilt der oppe med Among The Living og Ride the Lightning. Dei albuma skal vi komme tilbake til snart.

Nr. 29:
Supertramp, Even in the quitest moments

1977. Disco og punk. Imellom desse kontrastane lever progrocken sitt eige liv, upåverka av kortliva motefenomen.
Supertramp kjem med deira beste album dette året, sju spor fordelt på 43 minuttar, og som seg hør og bør har dei minst eitt spor som bikkar ti  minuttar. Dette er Fools Overture.
Men høgdepunkta er den fengande Give a little bit, og ikkje minst det beste sporet av dei alle: From now on.
Eit flott album som etter mitt syn er bandets beste. Kanskje hadde Supertramp plater som solgte meir, og med fleire hitlåtar, men dei var aldri så bra som dei var her. From now on er seks minuttar og 20 sekundar nytelse.

Nr. 28:
Pink Floyd, The Wall

Roger Waters halvbiografiske verk fra seinhaustes 1979. Eit konseptalbum om artisten Pink om hans bakgrunn og liv.
Totalt 26 kutt fordelt på heile 81 minuttar, det var såleis eit dobbelt album når det vart gitt ut.
Albumet gav Pink Floyd noko såpass uvanleg som ein hitlåt i form av Another brick in the wall, ein sang som for øvrig er i tre versjonar på plata. Det er versjon nr. 2 som vi høyrer på P4 innimellom.
Albumet tek som nemnt for seg ein fiktiv artist, Pink, men det er openbart at her er det mykje sjølvbiografi fra låtskrivar Waters si side. Til dels svært personleg også.
Filmen førte også til ein klassikar av ein film i 1982, med Bob Geldof i hovedrolla i den replikklause filmen. Men musikken i filmen følgjer albumet omtrent, så dersom du ikkje gidd å høyre på 81 minuttar Pink Floyd, så kan du heller kose deg med denne litt dystre filmen. Hugs å sette volumet høgt på fra byrjinga av filmen, ryddehjelpa på hotellet skal nemleg opne døra, og da MÅ ein ha masse lyd.
Albumet har solgt uhorveleg mengder, og er antagleg å finne i dei aller fleste platehyller blant rockefans som har levd nokre år.

Nr. 27:
Uriah Heep, High and mighty

I 1976 kom Heep med dette albumet, som slett ikkje vart noko suksess, korkje blant kritikarane eller fansen. Men det var ein av dei første kassetane eg kjøpte, så eg har gode minner fra denne.
Albumet har for det første eit stilig cover, og melodiane er adskillig meir letthøyrte enn mykje av det Heep hadde kome med før.
Bandet vart imidlertid skulda for å bli for kommersielle, og den ordinære fansen likte såklart ikkje dette. Når albumet heller ikkje slo an blant det meir ålemene publikum, så vart ikkje det mykje å skryte av.
Eg derimot, likte spesielt opningkuttet, One way or another, samt siste melodien på side ein, Midnight.
Totalt 10 spor fordelt på 38 minuttar, så alt her ser vi at det er eit stilbrot fra den meir progrockstilen dei hadde køyrt tidlegare. På 1970-tallet skulle jo alle band i denne genren ha minst ein melodi pr. plate på over 10 minuttar. Den lengste her er den nemnde Midnight på 5:40.
For dei som kun likte Heep fram til 1973, så er ikkje dette noko album å trakte etter, men for dei av oss som likte den meir lyttarvennlege versjonen av bandet: Det lever vi godt med. Dette vart for øvrig bandets siste album med vokalist David Byron. Han var nå så djupt nede i flaska at resten av bandet mått kvitte seg med han. Han døydde av alkoholmisbruk i 1985, berre 38 år.

Nr. 26:
Rush, Permanent Waves

Ein god start på 1980-talet.
1. januar 1980 kom dette albumet fra dei canadiske progrockguruane ut. Her var det ikkje snakk om å gi ut album til julesalget....
38 minuttar, seks låtar. Den lengste er på dryge 9 minuttar, men det er opningskuttet Spirit of radio som ein  verkeleg hugsar. Denne låten i seg sjølv er så bra at den flytter heile albumet mange hakk oppover på favorittlista. Det var da også eit høgdepunkt som Rush hadde på konserten i Spektrum i 2006. Det vil være eit understatement å sei at stemninga gjekk i taket.
Korleis tre mann kan lage ein slik massiv og intens lyd er ei gåte, men dette er svært dyktige folk.
Som vanleg er musikken i hovedak laga av bassist/vokalist Lee og gitarist Lifeson. Trommis Peart har tatt seg av teksten, som vanleg i eit slags fantasyinspirert univers.
Kor mange andre band har ein trommis som skriv tekstane til bandet?
Fantastisk musikk fra Rush og deira beste "is still to come"....

Nr. 25:
Suicidal Tendencies, Lights... camera... Revolution!

Enda eit album fra crossoverbandet Suicidal Tendencies. Etter å ha leika med punk/crossover i nokre år, så tok dei med dette albumet enda eit steg mot å være eit reint metalband av den hardare sorten.
Denne plata kom ut i 1990, består av 10 spor fordelt på ca. 42 minuttar.
Til denne plata fekkd ei også laga ein fiffig video, sjølv om den ser unekteleg amatøraktig ut i dag. Dette var til låten Send me Your Money, som omhandlar alle dei mildt sagt ekle TV-predikantane i USA. Andre godbitar er You can`t bring me Down og Og`n breakdown.Ja, og så har dei den beste tittel på ein sang nokon gong: Disco`s Out, Murder`s In.  Jada.
Denne plata er definitivt fra bandets beste periode. Nokre år etter pakka dei saman, men gjorde comeback nokre ganger(!), før dei fant ut at dei kunne holde det gåande på gamle hits. Dei eksisterer den dag i dag, men det revolusjonære aspektet er nok tona ned ein del.
Bassist på dette albumet var forresten Robert Trujillo, i dag er han såklart mest kjent som bassist i verdas største metalband, Metallica.

Nr. 24:
Flotsam and Jetsam, Doomsday for the deceiver

Medan vi er inne på dette med Metallica og bassistar....
Doomsday.... er det einaste albumet til Flotsam and Jetsam der Jason Newsted er med.
Newsted gjekk som kjent til Metallica i 1987, men han rakk iallfall å bidra stekt til dette solide albumet fra 1986, eit av svært få album som fekk seks K`ar i hardrockbladet Kerrang!!
Iflg. Wiki vart denne plata innspelt på skolissebudsjett, og på berre to veker. Det er omtrent like lang tid som Lars Ulrich brukar på å sette opp trommesettet sitt.
Dette er eit av dei metalalbum som går an å høyre på utan å bli litt flau i dag. Det er ein heller dyster sak over 10 spor og 55 minuttar.
Sangane handlar gjerne om øksedrap og Hitler, men opningskuttet, Hammerhead, handlar om noko heilt anna.... Eg siterer: "Hammerhead baby tonight". Det er nok.
Ein av melodiane som vart kritisert var Der Fuhrer (ja, det er den om Hitler). Bandet vart skulda for nazisympatiar, og som vanleg hadde desse kritikarane neppe høyrt på teksten, men kun lest tittelen på sangen.
Til tross for dårleg tid og lite kroner, så vart resultatet veldig bra. Eit metalalbum som vart kjent grunna bassisten som slutta. Hadde han ikkje gjort det, så hadde antagleg dette forblitt eit undergrunnsalbum.

Nr. 23:
AC/DC, Let there be rock

Eg har aldri vore ein stor AC/DC fan, men føler at dette albumet må med, til tross for at det er Back in Black som jo er bandets storselgar opp gjennom åra.
Let there be rock kom ut i 1977, og på den tid var Bon Scott framleis frisk og rask, om enn neppe edru. Han døydde som kjent av tung drikking nokre år seinare.
Den godaste Bon er iallfall hjartleg tilstades på dette sterke rockealbumet på 40 minuttar og 8 melodiar.
Dette er ikkje metal. Dette er god gamal rock som får opp humøret på dårlege dagar. Den som ikkje let seg fenge av desse gode låtane har nok ikkje sansen for musikk i det heile tatt.
Høgdepunkta er mange, men hvis ein MÅ plukke ut eit eller to, så går eg for tittellåten, som også framskaffa ein mildt sagt hysterisk video.
Sjekk youtube med Bon Scott som pastor, og resten av bandet i korguttantrekk.
Ein annan melodi som må nemnast er også avslutningssporet, Whole lotta Rosie. Denne skal visstnok være basert på Scotts oppleving med ei dame av det heller omfangsrike slaget.
Det er ikkje alle melodiar som tek sikte på å redde verda.

Nr. 22:
Faith No More, The real Thing

Bandets tredje album fra 1989 er deira klart beste. Ny vokalist i form av Mike Patton. Han avløyste den mildt sagt eksentriske Chuck Mosley, og var i tillegg ein bedre sangar.
Sterke låtar, totalt 11 i alt, og ei samla spelelengde på over 55 minuttar.
Her er det også med ein coverlåt, bandets tolking av Black Sabbaths War Pigs.
Men Sabbath til tross, det er andre låtar som er bedre. Først og fremst tittelsporet, samt opningskuttet From out of nowhere. Ja, og så MÅ eg nevne sporet Epic.
Faith No More vart som nemnt aldri så bra att som på dette albumet, og bandet eksisterer i beste velgåande nå til dags også. Nokre utskiftingar i bandet har det vore, men med unntak av den pussige gitaristen, så består bandet av dei samme medlemmane i dag som den gang.
Korleis skal ein skildre musikken til dette bandet?
Det er ein salig blanding av musikkartar. Ein slags heavymetal/funk er nok det best dekkande. Det er dyktige folk i bandet, og som nevnt sterke låtar. Forutand ette albumet produserte Faith No More eit og anna gullkorn ellers også, kanskje spesielt We care a lot fra 1986. Dvs. med den noget spesielle Mosley....
Men ein svale osv. Det er The Real Thing som står att som Faith No More sitt meisterverk.

Nr. 21:
Shania Twain, Come on Over

Country? Hestepop? Lassojazz?
Kanskje det, men når det er så bra og fengande som på dette multimillionselgande albumet fra 1997, så lever vi godt med det. Over 40 millionar solgte eksemplar, og sjølv om Shania Twain hadde hatt suksess i countrymusikken før, så var det dette albumet som sendte ho til stjernehimmelen internasjonalt. 1990-talets mestselgande album, og det album i historia som har solgt mest av ein kvinneleg artist.
Det er ikkje tilfeldig.
Albumet er produsert av Robert Lange, mannen bak t.d. Def Leppard, og det er 16 spor på totalt 60 minuttar. Lyden er himmelsk, melodiane er fengande til tusen, og Shania er faktisk ein habil vokalist.
Kvar skal ein finne høgdepunkt her? Det kryr jo av dei?
To megahitar MÅ nevnast: Man! I feel like a woman, følgd av ein video som ein hugsar når ein har sett dei ein einaste gang. Det er ein parodi på Robert Palmers Addicted to Love, og er faktisk ganske morsom.
Eg nemner også That don`t impress me much. Der vert det også nemnt ein skodespelar hvis eg ikkje hugsar feil, men videoen består av Shania ute i ørkenen i leoparddrakt med hattekofferetn sin.
Uforgløymeleg.
Dette må være det perfekte crossoveralbum. Det traff både country og popfans, og det er spesielt godt illustrert i albumets siste kutt, Rock this Country.
Tittelen på dette kuttet seier igrunn alt.

Nr. 20:
Pearl Jam, Ten

Fjerne fra den velpolerte Shania Twain finn vi neste artist, Pearl Jam og deira storsuksess fra 1991, Ten.
Millionselgande album som surfa på Nirvana og grungebølga som var på den tid.
Det var likevel ikkje noko umiddelbar suksess, det var først hausten 1992 og over mot 1993 at salget verkeleg fekk fart på seg.
Grunge var eit kortliva fenomen, men det var sjeldan så vellykka som på dette albumet. Pearl Jam skaut gullfuglen med sine 11 spor og totalt 53 minuttar speletid. Dei vart aldri så bra som dette att, og på mange måtar vart dei eit offer for eigen suksess.
Det kom også ut tre singlar herfra, og det er Alive som er det beste. Den dag i dag er dette ein god partylåt som vi gjerne høyrer på.
Kva skjedde med Pearl Jam etterpå?
Næh. Det er i mine auge fint lite. Spør du meg, så var vokalist Eddie Vedder faktisk best på Temple of The Dog sitt album forutan om på Alive. Og det albumet kom også ut i 1991....
Alive er eit flott album som er ein god innfallsport til det litt rare grungefenomenet.
Det er kun Soundgarden som har eit album som kan måle seg med denne klassikaren og storselgaren innan genren.

Nr. 19:
Metallica, Ride the Lightning
Metallica - Ride the Lightning cover.jpg
Mitt første møte med fort-fort metal, i form av opningskuttet på denne dryge 47 minuttar metalklassikaren fra 1984. Det byrjar så koseleg, med akustisk gitar og greier, før det eksploderer i det som på den tid var eit infernalsk tempo. Fight fire With fire heiter opninga, og det var eit hyggeleg møte.
Deretter vart det enda bedre.
I form av tung-tung gitar, denne gang med låten For whom the bell tolls. Antaglegvis den første melodien med den no så velkjente gromme og tunge gitarlyden som vi etterkvart kjenner så godt.
For whom the bell tolls vart ganske så kjapt, og er framleis, ein av Metallica sine beste kjente og ikkje minst mest spelte låtar.
Totalt har denne klassikaren innan trashmetal åtte spor, og forutan dei to nemnde, så må det også takast med Creeping Death, det beste eksemplaret av "Egyptrock", som min gode venn kalla det.
Ride the Lightning har solgt jamnt og trutt i alle åra etter at den kom ut, og iflg. Wiki passerte salstala seks millionar i 2012, det er ikkje verst for eit band som på den tid bestod av drikkeglade folk i byrjinga av 20-åra.
Det er noko med dette albumet som Metallica liksom manglar i dag: Det er ikkje så himla avansert, og det skal ikkje være taktskifte fem ganger i kvar melodi. Men-men: Bandet bryr seg vel neppe så mykje om det, for ein ting skal dei ha: Dei har gjort det dei sjølv vil, populært eller ei.

Nr. 18:
S.O.D. Speak English or Die
Speakenglish.jpg
Det som må kunne kallast eit parodiband, S.O.D. (Det står for Stormtroopers of Death) kom i 1985 ut med eit crossoveralbum av ei anna verd. Kritikarrost, og i ettertid reknas som eit svært inflytelsesrikt album for både trashmetal og hardcore punk.
Bandet bestod av medlemmer fra Anthrax og Nuclear Assault, samt ein venn av medlemmane som vokalist. Heile greia vart innspelt i løpet av ei veke, og var basert på overskotsmateriale fra Anthraxalbumet Spreading the disease.
Bandet laga ein figur, Sargent D, gitaristen tegna sersjanten som ein sigarrøykande halvdauing, og tullet var i gang. Haugevis med mildt sagt ukorrekte tekstar som var meint å provosere, og som folk beit på som det sang. Men dette er satire. Og sidan folk beit på, så må det seiast å være vellukka.
Det er heile 21 spor på plata, fordelt på under halvtimen. Ein av dei kortaste er "The Ballad of Jimi Hendrix", som varer i fem sekundar. Teksten på desse fem sekundane? "You`re dead".
Nei, dette er altså eit tullealbum fra eit tulleband. Rett nok med ein alvorleg undertone, men ingenting fra denne kanten var meint å skulle takast seriøst.
Musikken er blytung, og det går til tider avsindig fort. Gitarsoloar? Næ. Det er ein skranglete sak, og den er det trommeslagaren som står bak...
Dette parodialbumet er høgt verdsatt av fansen, og har av ein eller annan merkeleg grunn solgt til platina i USA, dvs. ein million eksemplar. Det er unektleg ein stor prestasjon av eit tulleband.
Dei må ha hatt det inderleg artig under innspelinga, og enda meir lo dei antaglegvis når dei tjente kroner på vaset sitt også.

Nr. 17:
Kraftwerk, Tour de France Soundtracks.
Kraftwerk Tour De France Soundtracks album cover.png
Kontrasten fra S.O.D til dei tyske elektronikaguruane kunne vel knapt blitt større.
17 år etter deira forrige album, Electric cafe, fekk dei altså somla seg til å utgi eit nytt album.
Denne kom i samband med sykkelrittets 100 årsjubileum i 2003, og inneheld bl.a. ein oppdatert versjon av deira vesle "hit" fra 1983, som pussig nok heiter..... Tour de France....
Heile albumet består av sykkelrelaterte tema, Kraftwerk er nemleg lidenskaplege sykkelentusiastar.
Spor 1: Prologue, Spor 2: Tour de france etape 1, Spor 3: Tour de france etape 2....
Og slik fortsett det.
Totalt 12 spor fordelt på 56 minuttar, innspelt på bandets eige studio, Kling Klang i Dusseldorf.
Denne plata kom kun i ein versjon, i motsetnad til Kraftwerks tidlegare plater som gjerne kom i både engelsk og tysk versjon.
På denne plata går det i engelsk, tysk og fransk, men det er eigentleg minimalt med sangtekstar da, det må tilføyast.
Som ein følge av dette comebacket la bandet ut på ein lang turne til stor jubel for fansen.
Eg var så heldig å få oppleve dei live i Grieghallen i 2006, ein svært spesiell konsert: Fire middelaldrande herremenn i dress stod der med kvar sin PC i to og ein halv time og som serverte fortryllande musikk. Omsider snakka bandleiar Ralf Hutter til sitt publikum, og dei første orda var: "Gute nacht, auf wiedersehn". Og så var konserten slutt.
Definitivt den særaste konsert eg har vore på, men ein fullstappa Grieghall jubla høgt.
Om Kraftwerk har kome med noko nytt sidan 2003? Eit livealbum basert på turneen etter denne plata, det er alt. Dei legg med jamne mellomrom ut på nye turnear, og besøker da gjerne litt meir pussige plassar.
Musikken på Tour de France soundtracks var eit kraftfullt(!) comeback for eitt av dei viktigaste banda innan elektronika nokongong.. Det er musikk som er langt lettare å fordøye enn ein skulle tru.

Nr. 16:
Deep Purple, In Rock

Hvis vi endeleg skal snakke om klassiske album, så må det være dette.
Vi skal tilbake i tid, heilt til 1970 da denne plata kom ut, og det var den første som bandet kom ut med i den kjente "Mark II" besetninga.
Sju spor, 43 minuttar, og det desiderte høgdepunktet er ein av Purples mest kjende låtar, og etter mi meining også den klart beste, nemleg Child in Time. Over ti minuttar varer denne, og det er verkeleg ein episk sang, kanskje ein av dei aller beste innan tungrock nokongang.
In Rock har hyggelege salgstall til å være ein heller spesiell musikkgenre, og har solgt til gull i mange land.
Purple var (i dag er dei ein ufrivillig parodi) eit superband, med særs dyktige musikarar, og med denne besetninga laga dei nokon verkeleg gode plater.
Dessverre vart bandet øydelagt av interne kranglar, og nokre år etter forsvant vokalist Gillan og bassist Glover. Enda noko seinare forsvant gitarist Blackmore, og bandet gjekk i dvale ikkje lenge etterpå.
Purple gjorde comeback i 1986 (var det vel) med eit heilt greit comebackalbum samt ein suksessfylt turne der dei bl.a. besøkte Valle Hovin. Den konserten fekki eg med meg, og Purple var på ny eit superband.
Dessverre varte det ikkje mange åra før dei på ny vart øydelagd av intern krangling og Blackmore sine sære sider. Da motoren i bandet, Jon Lord, døydde i 2012 så var i grunn det heile forbi.
Bandet held framleis på, men dei er ein skugge av seg sjølv, og lever på gamle minner, bl.a. fra In Rock som 45 år seinare kan seiast å være deira høgdepunkt i ein laaang karriere.

Nr. 15:
Saga, Silent Knight
Saga silent knight.jpg
Det canadiske bandet sitt tredje album fra 1980 fortjener sanneleg ein plass høgt oppe på lista mi. Dette var eit av mine favorittalbum i gamle dagar, og eg har spelt det utallige ganger. Det er eit av Sagas desiderte høgdepunkt, med ein av deira flottaste melodiar, Careful where you step, som den beste av alle dei gode låtane på dette albumet.
Åtte spor, 37 minuttar, men i motsetnad til andre progrockband fra den tid, så har dei ikkje ein eller to låtar på 8-10 minuttars lengde.
Det fungerer greit nok likevel når det er så god lyd og er så bra som dette.
Eg har nevnt det før, men Saga vart aldri så store som dei skulle ha vore. Denne plata solgte til gull i Canada, og det var det.
Det er eit hektisk turneliv som har gjort Saga til populære blant progrockfansen, kombinert med sterke album som dette.
35 år etter at Silent Knight kom ut, kan eg framleis sette på dette i bilen, sette det på full guffe og spele luftorgel på rattet. Luftinstrument er gjerne det beste for oss som ikkje kan spele noko på "årntle."
Eg har eit Sagaalbum til på lur, men dette var som sagt eit av mine yndlingsband for 20-30 år sidan, og eg er sjeleglad for at eg fekk augene opp for denne canadiske gjengen. Alle burde ha minst ei Sagaplate i hylla, og kvifor ikkje gå for Silent Knight??

Nr. 14:
Black Sabbath, Heaven and hell
Black Sabbath Heaven and Hell.jpg
Etter at Sabbath måtte kvitte seg med ein stadig meir dopa og forfylla Ozzy, så var det kanskje dei som trudde at bandet ville svinne hen. Resultatet vart det motsatte. Dei henta inn Ronnie James Dio som ny vokalist, og vips! så fekk dei ein storselgar av eit album.
Heaven and Hell kom ut i 1980 og består av åtte spor fordelt på knappe 40 minuttar.
Det er eit vesentleg meir velprodusert album enn Sabbath sine skranglete første album. Dio gav bandet ein meir melodiøs og tyngre sound. Han var kanskje ikkje rablande gal som Ozzy, men vokalmessig var han nok langt bedre.
Bandet køyrer det heile i gang ganske så intenst med Neon Knights, før side 1 (LP-format) vert avslutta med ein av bandets beste melodiar EVER, nemleg tittelkuttet.
Sangen Heaven and hell varer i knappe sju minuttar, opnar roleg før det midtvegs skjer eit taktskifte og vi atter går over i avslutning med akuistisk gitar. Ein verkeleg flott melodi er det.
Heaven and Hell er eit knallsterkt tungrockalbum den dag i dag. Etterkvart som åra har gått har denne plata solgt til platina i USA og gull i England. Det er faktisk det tredje mest solgte album til Black Sabbath, berre slått av Paranoid og Masters of Reality.
Coveret i seg sjølv er også ein klassikar. Dei mytologiske skapningane "englar" er malt som nokre av den heller sløve sorten, dei sit nemleg og røyker og spelar kort. Kanskje ikkje det vi forbind med "heaven".
Eit flott album er det på alle måtar, og etter denne plata har det forresten berre gått nedover med Sabbath.

Nr. 13:
Status Quo, Blue for You
BlueForYou StatusQuo.jpg
Quo sitt beste studioalbum? Ja, det vil eg nok hevde.
Ni låtar på 37 minuttar, inklusiv ein av deira beste gjennom alle tider, nemleg Rain, og dei har også med ein av mine desiderte favorittlåtar, Mystery Song på knappe sju minuttar.
Plata kom ut våren 1976, og vart min introduksjon til dette lengelevande boogierockbandet som framleis held det gåande, over 50 år etter at dei starta.
Blue for you vart det første Quo album eg anskaffa og eg trur sanneleg det var den andre kassetten eg kjøpte totalt, sikkert via ein eller annan postordreklubb. Det er mange år sidan nå....
Som så mange andre av Quo sine plater fra denne tida, så solgte også dette ganske så bra, og det gjekk heilt til topps på dei engelske salgslistene.
Blue for you består av meir variert musikk fra Quo enn ein kanskje er vant med. Vi har gode drivande rockelåtar som Rain og Is there a better way. Vi har noko som hellar meir mot prog, ala Mystery Song, og vi har meir avslappa blueslåtar som tittelsporet.
Dette er heilt klart eit høgdepunkt i Quo si karriere. Kanskje hadde dei album som solgte meir i åra etterpå, men saman med sine forgjengarar i Piledriver, Hello og Quo er dette fra bandets desidert beste periode. Det skulle toppe seg ikkje så lenge etterpå...
Dessverre la Quo om stilen sin fra og med neste album, Rockin all over the world. Dei gjekk over fra å være eit drivande godt rockband, til ein meir poppete sak, dog med visse unntak, det skal føyast til.
Blue for you er Status Quo sitt beste studioalbum. Punktum.

Nr. 12:
Soundgarden, Superunknown.
Superunknown.jpg
Ah. Mitt favorittband fra Seattle, med deira høgdepunkt fra 1994.
15 låtar, over 70 minuttar spelelengde, og med nokre av bandets suverent beste og mest kjente låtar, og med noko som faktisk kan minne om hits, nemleg Black hole Sun og Spoonman.
Plata vart ein suksess, både kritikarane og fansen likte dette, og plata har solgt i ca. ni millionar eksemplar iflg. Wiki, derav 3,8 mill i USA.
Superunknown vart Soundgarden sitt gjennombrot utanfor den lojale fanbasen.
Dessverre vart nedturen litt brutal for bandet, og dei gav ut berre eit album til, i 1996, før interne kranglar splitta bandet, og dei kom ikkje ut med nytt materiale på 16 år.
Bandet er no friske og raske, og leverte nytt kritikarrost album i 2012, som attpåtil fekk gode salgstall. Det er alltid hyggeleg med gode comeback.
Men comeback til tross: Det var Superunknown som var og er bandets beste album.
Plata er det beste som kom fra Seattle og det kortliva grungefenomenet. Alt i 1994 var Soundgarden adskillig meir straumlinja enn skrammelet som ellers kom dumpande inn derfra.

Nr. 11:
Anthrax, Among the Living
AnthraxAmongTheLiving.jpg
Vi nærmar oss topp 10, og rett utanfor der finn vi eitt av dei beste trashmetalalbum EVER, nemleg Among The Living fra New Yorkbandet Anthrax. Utgitt 1987, under denne musikkstilens gullalder.
Ni kutt, over 50 minuttar, og knallsterke låtar på eit album som vert rekna som det kanskje aller beste innan trash/speedmetal.
Melodiane er inspirert av vidt forskjellige ting som opptok bandet på den tid, skrekkfilmar, tegneseriar og dei ekle glam og happymetal banda som var trashens motpol innan tungrockfamilien. Eg kan hugse kor intenst vi mislikte Bon Jovi, Europe og kva dei no heitte alle desse møkkabanda som solgte i millionar med den glatte rockemusikken sin.
Anthrax anno 1987 var langt fra glatt og polert. Dette var bandet på høgda av si karriere, og det var tungt som bly, og til tider også i eit rasande tempo. Lyden på Among the living er også betydleg bedre enn på forgjengaren Spreading the disease.
Plata vart etterfølgd av ein suksessrik turne, med start i Oslo av alle stader. Eg hadde den store gleda av å være på Rockefeller den kvelden, med Testament som oppvarmingsband forresten om nokon hugsar dei.
Det var ein knallkonsert i eit stappfullt lokale. Hadde brannvesenet kontrollert det, så hadde det vorte stengt på minuttet. 1200 menneske inne i Rockefeller, og stemninga var mildt sagt ekstatisk.
Fekk ikkje att skikkeleg hørsel på nokre dagar, volumet var nemleg heilt avsindig.
Among the living er eit svært høyrbart album innan trash/speedmetal. Det er ikkje for sarte sjeler.

*********************************
Det er klart for topp 10.

UFO, Strangers in the night
UFOStrangersInTheNightAlbumCover.jpg
Eit dobbelt livealbum fra 1979, i originalutgåve på ca 69 minuttar, fordelt på 13 spor.
Dette er eit mykje verdsatt album fra den tid da tungrock var tungrock og ikkje smilande fjes med puddelhår.
Strangers in the night er ofte  rekna som eit av dei beste rockalbum, og dermed passar det godt å få med denne på mi private topp-10 liste.
Eg høyrde denne første gang ca. 1980-1981 skal eg tippe, og oppdaga såleis også ein ny gitarist (Michael Schenker) og vokalist (Phil Mogg), som eg ikkje hadde vore borti før.
Det var ei svært positiv oppleving.
Albumet er innspela under bandets USA-turne hausten 1978, og alt fra innleiinga er vi godt i gang:
"Hello Chicago! Would you please welcome from England; U.F.O!"
Deretter er vi i gang med gitarrock i form av Natural Thing.
Sidan dette opphaveleg var ein dobbel-LP, så var det naturleg nok også fire platesider, og det er side ein som er best. Eller: Aller best er det rettaste å sei.
Årsaka til at ein kan sei "aller best" er forutan opningssporet, også bandets to "hits"; Only you can rock me, og Doctor Doctor som også er på side 1.
Men dette er ei plate utan svake sider. Bandet er samkøyrt, og endatil gitarist Schenker høyres forbausande edru ut. Han forlot bandet rett etterpå, og sleit i mange år med store drikkeproblem. Men det er ei anna historie.
Andre minneverdige spor er t.d. Rock bottom på ca. 11 minuttar, samt avslutningskuttet Shoot shoot.

Forutan gitarlyden, så er det vokalist Mogg som ber denne plata. Han var på denne tid ein svært habil vokalist, og saman med bandet (det er foreteke ei rekke utskiftingar opp gjennom åra) held han faktisk på enda. Mogg er etterkvart blitt 67 år, og kunne sikkert slappa av ein smule, men han likar vel det han held på med.
Han er ein av dei få gamle rockestjerner eg ikkje har sett på Youtube i nyare opptak. Det er fordi at nedturen ofte blir så brutal, spesielt når ein tenker på kor bra han og UFO var for 35-40 år sidan. Det verkar ofte litt patetisk å sjå gamle opprørske rockarar som pensjonistar.... I Phil Mogg sitt tilfelle vil eg hugse han som den flotte sangaren han var den gang eg fekk høyre dette supre livealbumet fra 1979.
Litt om coveret: Det var Hipgnosis som designa dette. Framsida viser skrikande folk, openbart sterkt forstørra. Inni ser vi bandet i liknande positur, også her sterkt forstørra. Det kan være ein ide å sjå på coveret på nokre meters avstand...
Vel, Strangers in the night er ein sann liveklassikar fra eit band som aldri vart så store som dei kunne ha blitt. Nokre mindre hitar og brukbart platesalg til tross.

Nr. 9:
Uriah Heep, Live
UriahHeep-Live.jpg
Vi held oss til gamle doble livealbum fra 1970-talet, og nå skal vi enda lengre tilbake i tid, faktisk til 1973.
71 minuttar av noko av den beste progrock/tungrock som er samla på fire platesider.
Innspelt på ein einaste konsert i januar 1973, og vi får bandet så bra som dei aldri har vore før, og definitivt ikkje etterpå.
12 spor er det gitt plass til, og på side to og tre er det berre to på kvar side. Dette fordi side to har July Morning som strekker seg over 11 minuttar, og på side tre har vi Gypsy som varer over 13.
Og berre desse to melodiane burde være nok til å få musikkappetitten i sving.

Albumet startar passande nok med låten Sunrise. Her er det orgel, falsettkor og heile pakken. David Byron er i storslag, og høyres edru ut, iallfall så godt det lot seg gjere.
Ellers må det nevnast at Gary Thain er med til dei grader på bass. Han var unekteleg ein stor bassist, men havna som kjent på dopkøyret og vandra heden nokre få år seinare. Ein trist lagnad som han altså delte med Byron som drakk seg i hel utpå 80-talet ein gang.
Til tross for dop og drykk leverte Heep gode album på sine første år, og dette live-albumet var berre det sjette dei gav ut. Etter mi meining er desse live-versjonane alle som ein enda bedre enn det dei presterte i studio, og det gjeld vel spesielt avslutningskuttet, ein rockemedley med kjende rock`n`roll låtar fra 50-talet. Aldri har vel desse gamle schlagers fått køyrt seg slik som i denne medleyen.

Favorittkutt? Forutan dei to nemnde lange sakene, så må det takast med ein av bandets mindre hitar, nemleg Easy Livin`. Det er siste låt på side ein, og kjem rett etter Traveller in time. Easy Livin` var den einaste låten som gav Heep ein slags hit i USA, men det er framleis ein publikumsfavoritt og på denne plata ein svært fengande låt. Dessverre varer den berre i ca. to og eit halv minutt, det er sjølvsagt altfor lite.

Uriah Heep Live er kanskje ikkje det mest lettfordøyelege albumet, men for den som har eit visst forhold til prog/tungrock fra denne genrens gullalder er dette albumet eit absolutt must. Heep er enda eit av desse banda som skulle og burde ha blitt mykje større enn det dei vart. Omfattande dop og drikkeproblem øydela nok mykje meir enn dei var klar over den gang.
Kva er det dei seier: "If you can remember it, you weren`t really there".
Det vil forbause meg mykje om Byron, Thain og dei andre i bandet erindrar så mykje av innspelinga denne januarkvelden i 1973....
Men dette er altså eit kanonalbum på over 71 minuttar, som alle prog/tungrockfans har minst eit eksemplar av.
Coveret? Næ. Stort enklare enn dette skal det vel godt gjerast å få det til. Det var liksom trenden på den tid. Enkelt. Musikken var det som skulle gjere jobben, og i dette tilfellet lukkast det 100%

Nr. 8:
Queen, Live Killers
Queen Live Killers.png
Vi er inne i ein stim med klassiske doble livealbum, og det neste ut er Queen og deira konsertalbum fra hausten 1979. Queen var kanskje ikkje noko tungrockband, meir eit hardrockband med teatralske evner og klassiske element. Ja, og så hadde dei Freddy Mercury. Antaglegvis den største og beste showman innan rock nokon gong. Live Aid anyone???

Totalt 22 spor fordelt på heile 90 minuttar, og der Brighton Rock er den lengste på over 12 minuttar.
Høgdepunktet på albumet er Now I`m here, på godt over 8 minuttar. Det er eit høgdepunkt fordi vi her får sjå kva eminent frontmann Mercury var, og korleis han leier konsertsalen i ein aldeles fantastisk allsang. Til dags dato har eg aldri opplevd ein mann styre sitt publikum på ein slik måte. Fantastisk, rett og slett.
Til å være eit band med berre fire medlemmar, og med piano berre slik innimellom, så er det imponerande mykje lyd bandet får ut. Men det er klart; Dette er eit vokalband i langt større grad enn t.d. UFO og Heep var det. Med ein sangar på dette nivået, så treng ein kanskje ikkje lassevis med instrument og musikarar på scena.
Now I`m here er som sagt høgdepunktet her. Det var den første sangen eg høyrde omtrent med Queen, og eg forstod at eg hadde gått glipp av noko stort. Rett nok hadde eg vel høyrt Bohemian Rhapsody, men det var meir teater (eller rettare sagt: Ei natt på operaen..), enn rock.
På dette livealbumet viser Queen at dei var mykje meir enn eit band som laga pussige studioalbum. For eg syntes aldri at Queen leverte gode og jamne nok studioalbum. Dei hadde nokre gode låtar på kvart album, og slik vart det til at eg den dag i dag sit som eigar av deira to første greatest hits, samt dette livealbumet. Alle studioalbum ellers har eg prøvd å fordøye, men det blir for smalt og sært til tider.

Live Killers var derimot aldri smalt og sært, sjølv om dei køyrer på med ein maratonversjon av Brighton Rock, og lassevis av gitarsoloar på akkurat den melodien.

Queen held det forsåvidt gåande enda, men etter at Mercury døydde av aids, så fekk dei jo ein alvorleg knekk. Det heiter seg at ingen er uerstatlege, men i dette tilfellet var det feil. Det har vore fleire vokalistar innom, nærmast som gjestevokalistar, men det er jo ingen som kan fylle slike sko.
Den som kom nærmast var av alle, George Michael. Under minnekonserten til Mercury gjorde han ein veldig god versjon av Somebody to love. Kven skulle vel tru det når vi høyrer søppelet han gav ut med Wham! og som soloartist.
Forutan Mercury har også bassist John Deacon gått i opplag. Han er forlengst ute av aktiv speling i bandet, men vert sagt å ha ein finger med i det administrative. Det var sikkert like greit at han gav seg når han ikkje var så interessert i rampelyset lenger. Det var fleire som burde gjort det.

Nr. 7:
Pink Floyd, Dark Side of the Moon
A prism refracting white light into a rainbow on a black background
Pink Floyds åttande album, og deira klart mest kjente, The Wall til tross.
Utgitt 1. mars 1973, 10 kutt på 43 minutt.
Dette er ein av dei mest solgte album nokon gong, og er eit banebrytande verk innan progrock. Eg tør påstå at denne plata har alle personar som har levd ei stund, (dvs. ca. 50 år....) eit eller anna forhold til. Iallfall har ein sikkert høyrt det som kanskje er bandets mest kjende melodi, nemleg Money. Ja, forresten: Du veit at teksten fra denne er med i filmen The Wall? Den onde læraren som les opp eit dikt som eleven Pink har skreve? Desse verselinjene er altså fra Money.

Men The Dark Side of The Moon er mykje meir enn denne hiten. Det er for det første eit godt steg vekk fra den meir psykedeliske rocken som bandet hadde befatta seg med tidlegare, ikkje minst under tidlegare bandleiar Syd Barrett. På denne plata var han endeleg ute, og dei resterande medlemmane fekk litt friare tøyler.
Både side 1 og 2 går i eitt. Det er ikkje noko vanleg pause mellom melodiane, dei glir gjerne rett over i den neste, og omhandlar diverse tema som opptok bandet på denne tid.
Introen på plata er spesiell. Ein må nesten sjekke at alt er som det skal være, men så vert det meir og meir lyd, før det går over i ein fin sang, Breathe.
Side ein kan også by på klokker (m/ringing) på melodien Time. Denne melodien kan godt spelast høgt. I eit stille og mørkt rom. Det er også ein av dei lengste på plata, med over sju minuttars speletid.
Money, som er opningskutt på side to, varer også i over seks minuttar, og den går over i Us and Them som varer i nesten åtte.
Til å være ei plate som nå er over 42 år gamal, er lyden fantastisk. Rett nok ber det preg av datidas bruk av instrument, men det låter reint og klart den dag i dag.

The Dark side of The Moon var ikkje nokon umiddelbar salgssuksess, men i åra etterpå har plata solgt jamnt og trutt til stadig nye generasjonar av fans, og pr. 2015 er det berre Michael Jacksons Thriller som visstnok skal ha solgt meir. Dog: Slike salgstall er vanskeleg å stadfeste 100%, men uansett snakkar vi her om eit album som har solgt i uhorveleg mengder, og det med god grunn.
Iflg. Wiki skal det være eitt av berre åtte album som har solgt i meir enn 40 mill. eksemplar.
Så. Hvis du er ein av dei som ikkje har The Dark side of The Moon i hylla, så har du eigentleg berre ein ting å gjere: Gå å kjøp denne på CD, LP eller kva det enn måtte være. Det er eit album som er obligatorisk i einkvart møblert heim.
Faktisk er coveret så bra at det åleine er grunn god nok til å kjøpe det. Eit klassisk album med eit klassisk cover.

Nr. 6:
Judas Priest, British Steel














I 1980 er England styrt av Thatcher, det er så som så i dei industrialiserte delane av landet og som ein slags reaksjon får vi dette albumet, ein Heavy Metal klassikar utan like: British Steel.
Judas Priest sitt meisterverk innan genren. Ingen andre Heavy metal album kan måle seg med dette.
Det er rå og tung gitarlyd, nærmast som eit sagblad. Det er stødig bass og trommer, som rett nok er i bakgrunnen. Og så har vi ein av rockens mest særeigne stemmer; Rob Halford, som aldri har vore så bra som på dette albumet.
Ni spor på originalutgåva fordelt på dryge 36 minuttar. Her snakkar vi altså ikkje som 10-12 minuttar lange eventyrforteljingar  om dragar eller turar til andre planetar.
Nei. Kuttet Breaking the Law seier eigentleg alt. "There I was completly wasting, out of work and done. All inside it`s so frustrating as I drift from town to town".
Akkurat denne sangen vart ein smule kontroversiell, da det etter moralistane sitt syn var å oppfordre til lovbrot. I Thatchers England var det nok mange som meinte det samme som Priest på den tida....
Men det er andre sterke kutt på denne plata også.
Living after Midnight til dømes, ein heller glad låt, som byrjar med refrenget pussig nok. Ein publikumsfavoritt i alle år etterpå.

Men den beste på plata er The Grinder. Knappe fire minuttar med den kuuulaste gitarintro fra denne tid. Dette er ein skikkeleg "sagbladlåt". Hissige gitarar er så....... :-)

Halford er som nevnt ein særprega vokalist, men ein kan ikkje nevne Priest utan å ta med gitaristane. Og på British Steel verka dei meir samkøyrte enn tidlegare. Og seinare for den saks skuld.
Spør du meg er dette noko av det beste gitarsamspel innan tungrock. Vi har neppe sett det så mykje bedre nokon gong.
Etter British Steel så vart Priest meir og meir parodiske. rett nok leverte dei eit par brukbare album, Screaming for venegeance fra 1982 er bandets bestselgande, men tida gjekk i fra dei. Lita evne og vilje til fornying gjorde at fanskaren skrumpa inn. Dessutan fekk vi nye band som slo an. Metallica og Nirvana t.d. Da var det kanskje ikkje så kult å vasse omkring i lærbukser lenger.
I dag lever bandet på eit slags vis, rett nok med litt anna besetning, og dei spelar framleis sine beste låtar fra 1980, det er jo helst dei fansen vil høyre.

Nr. 5:
Sky, Sky 2


Fantasien kjente ingen grenser for dette bandet og deira val ang. albumnavn. Det første heitte Sky, dette andre heitte Sky 2, og jammen heitte det tredje albumet Sky 3.
Sky var eit britisk/australsk progrockband som i 1980 kom ut med dette dobbelalbumet på ca. 80 minuttar fordelt på 17 kutt. Side to er eigentleg ein melodi, så i grunn kan vi sei at det er berre 13 kutt....Side to blir da eit verk på 16 minuttar.
Sky 2 er eit instrumentalalbum. Vi snakkar her om eit band beståande av nokre av dei dyktigaste musikarane innan sine fagfelt, som fant ut at dei skulle spele inn nokre plater, nærast for gøy. Deira første album gjorde det såpass bra at dei følgde det opp med eit dobbeltalbum, og det gjekk merkeleg nok heilt til topps på dei britiske hitlistene. Ikkje verst for eit band med klassisk og jazzinspirert bakgrunn. Sky 2 oppnådde platinastatus og var det dobbeltalbum som brukte kortast tid på å oppnå det.

Så. Kva er det som gjer at Sky2 er ein av mine favorittalbum?
Jo, det er alltid befriande å høyre dyktige musikarar slå seg laus. Ein god miks av klassisk gitar, rock med innslag av jazz.... Utruleg bra.
Her har dei endatil med ein coverversjon av Toccata, eit verk av Bach (!), som avsluttar heile albumet.
Det beste sporet er Scipio, det nestsiste. Dette varer i over 12 minuttar, og er både lyttarvenleg og ein illustrasjon på kva slags musikarar vi har med å gjere. Scipio er såpass lett i tonen at eg har brukt det som oppvarmingsmelodi på spinning, utan at forsamlinga klaga. Iallfall ikkje der og da....
Ellers har eg stor sans for spor nr. 1, Hotta. Dette varer i underkant av 8 minuttar, og er kanskje litt tyngre å fordøye for den gemene hop, men dersom ein har ein smule interesse for prog, så er dette eit svært godt kutt.
Vel, kven prøver ein å lure: Er du progrockfan, så kjøper du denne på CD, eller stremar på Spotify. Det er eigentleg ikkje så mykje å lure på.

Nr. 4:
Metallica, Kill `em all.

Sommar 1983. Tidenes største metalband kjem med sitt debutalbum, iallfall i full lengde. Rett nok hadde bandet komme med nokre EP`ar og slikt, men det er altså dette som er Metallica sitt ordentlege debutalbum.
Litt uvant for eit trashband på den tid, så varer dette albumet over 51 minutt. Speed og trash skulle liksom gå fort-fort, og låtane skulle gjerne vare berre to minuttar. Metallica gjekk også da sine eigne vegar, og gav altså ut eit genrealbum som var nesten dobbelt så langt som normen på den tid. Ikkje nok med det, blant dei 10 spora har vi eitt på over sju minuttar, og to på over seks. Dette er lysår fra å være vanleg innan trash i 1983.
Kill `em all vart spelt inn på eit par veker i mai 1983, og var langt fra nokon salgssukess det første året. Det var ikkje før i 1986 at albumet kom blant dei 200 mest solgte i USA (Billboard), og det var såklart Master of Puppets som gav debuten eit ekstra kick.
Sidan den gang har plata solgt jamnt og trutt og i 1999 vart det trippel platina i USA, dvs. Tre millionar solgte. Det er jo langt mindre enn "Black Album", men likevel høgst brukbart.

Kva i all verda er det som gjer Kill `em all så mykje bedre enn Metallica sine seinare album?
Bandmedlemmane var i byrjinga av 20-åra, og ikkje spesielt dyktige. Det er kun trommis Ullrich som høyres bedre ut i 1983 enn i alle år seinare (For vi må innrømme at han har aldri vore verdas beste trommeslagar).
Jo, det er musikken som er vesentleg enklare og meir energisk enn t.d. på Some kind of Monster.
Vi treng faktisk ikkje 30 taktskifter i løpet av ein melodi.
Vi treng ikkje nødvendigvis dystre tekstar om James Hetfields barndom og depresjonar.
Det eg likar med Kill `em all er det sjarmerande, skranglete produksjonen, den uferdige stemma til Hetfield, den sagbladaktige og kjappe gitarlyden fra Hammett/Hetfield, og ein trommis som på den tid forstod at han ikkje var så innmari flink og avgrensa seg til det.
Melodiane er rå og enkle, tekstane gir seg ikkje ut for å redde verda eller å fortelje om mareritt fra barndommen.
Ergo: Det er det enle og det rå som gjer Kill `em all så utruleg bra.
Mitt favorittkutt er antaglegvis Seek and destroy. Knappe sju minuttar energisk gitar i eit passe tempo. For all del; Metallcia kunne verkeleg spele fort-fort, men dei er gjerne best når dei roar ned ein smule, slik som på dette kuttet.
Andre høgdepunkt er Whiplash, som Motorhead har covra på ein brukbar måte, samt opningskuttet Hit The lights.
Ein annan årsak til at Metallica var så bra her, var nok også bandets to nye medlemmar. Mustaine og McGovney var ute, og dei nye gav bandet ein boost, utan tvil.
Det høyrer med til historia at Metallica la ut på turne saman med Raven etter deira All for One album samme år. Turneen gjekk under namnet Kill `em all for one, og det var i utgangspunktet Raven som skulle headline. Dog vart det slik at Metallica fekk så mykje bedre respons at banda bytta rekkefølge...Så medan Metallica no er det største metallbandet ever, så forsvant Raven ut i periferien. Du har aldri høyrt om Raven? Nei, der ser du.
Kill `em all har alle trash/speedfans i hylla.

Nr. 3:
Saga, Images at Twilight

Saga sitt beste album var deira andre, Images at twilight.
Utgitt i 1979, 8 spor, 38 minuttar med reint vellyd.
Til å være 1979 er lyden fantastisk. Klokkeklar med luftige synhar, kvasse gitarar og fyldige trommer.
Dette albumet er berre såååå utruleg bra. Det var denne plata som gjorde at eg oppdaga Saga nokre år seinare, og det var ein av dei aller første CD`ar eg kjøpte da CD-spelarane gjorde sitt inntog ca. 1986.
Saga hadde på fleire av sine første album ein melodiserie som inngikk i deira "Chapter-konsept", og det er her vi finn det første av desse såkalla "kapittel". I utgangspunktet hadde Saga 8 slike kapittel, det vart seinare utvida til 16.
Denne historien handlar av alle ting om Albert Einstein, men det vart eg ikkje klar over før mange år etter at forteljinga vart avslutta.
I ungdommen lurte vi alltid på kva desse "Chapters" skulle bety, men at det skulle omhandle ein vitenskapsmann var ikkje i våre tankar.
Det fortel meg at Saga kanskje er litt meir oppegåande i topplokket enn mange av dei andre artistane eg har med på lista mi...
Her er det ikkje lett å finne høgdepunkt, for dette er ei plate som manglar nedturar. Det er eit svært jamnt og godt album på alle måtar, men hvis eg MÅ velge eit favorittkutt, så går eg for avslutningssporet på side 1, You`re not alone.
Denne sangen varer i 5:22, og burde eigentleg vart mykje lenger, da vi snakkar om progrock i toppklassen. Vi får nøye oss med det vi får.
Coveret ser kanskje fint og fargerikt ut med første augekast. Men ved nærare gransking så ser ein at dette er meir destruktivt enn ein kunne ane: Den bevinga figuren som er Saga sin gjennomgangsfigur på dei første albuma, tek med seg ein skyskrapar, og i bakgrunnen kjem det fleire vesen av samme type. Fine fargar, javel, men med dystre utsikter.
Ein konspitulling kunne sikkert funne tegn på diverse kommande katastrofer her.
Er det forresten tilfeldig at lengda på albumet kan tolkast slik:
Albumet er nemleg 37 minuttar og 55 sekundar langt. Det kan vi omskrive til 37:55. 3+7 = 10. 5+5=10. 10+10=20.
Og kva anna blir 20? Jo, 11+9. 11. september...med tvillingtårn i bakgrunnen av coveret.... Saga gav oss alt i 1979 eit varsel om kva som skulle skje....

Vås til side:
Images at Twilight er eit stråande album fra eit fantastisk band.

Nr. 2:
Status Quo, Live

Hausten 1976 hadde Status Quo nokre konsertar i Glasgow. Resultatet av desse kveldane vart redigert til eit fantastisk dobbelt live album, som merkeleg nok har tittelen "Live."
Det er 12 spor fordelt på heile 92 minuttar, noko som fortel oss at her kan det være rom for nokre kutt av den litt lengre sorten....
Mange av oss forbind Status Quo med lett boogierock, nynnbar i bakgrunnen på ein heis kanskje.
Låtar som In the army now, Whatever you want, Rockin all over the world og andre fine låtar, men som er lettverktarmelodiar samanlikna med dette tungrockmeisterverket som vart utgitt våren 1977.

I åra før Live, så hadde bandet komme med soldie rockalbum i fleire år. Alt i 1977 hadde bandet holdt på i 15 år, sjølv om dei ikkje fikk satt seg skikkeleg før albumet Piledriver i 1972. derfra og utover kom Quo med sterke boogierockalbum på rekke og rad: Hellom, Quo, On the Level, Blue for you....
Denne svært gode perioden toppa seg med Live. Her er Status Quo eit drivande godt tungrockband, rett nok med boogierytme her og der, men dette er heavyrock av klasse, til tross for at dei ikkje har med keyboard i særleg grad. "Hjelpemedlem" Andy Bown spelar bokstavleg talt andrefiolin her.
Det er gitar, bass, trommer og vokal fra tre forskjellige struper. Enkelt, rått, men også tungt nok til å danke ut mange av datidas store namn.
Dessutan: Ingen kan nekte for at Francis Rossi er ein habil gitarist. Lange, intense soloparti....
Plata startar med den tøffast intro på eit livealbum nokon gang. Den som har albumet forstår kva eg meiner, og dersom du ikkje har plata, så finn du denne på Spotify.
Introen går over i ein av bandets litt meir ukjende melodiar, Junior`s Wailing, men den er ein av dei aller beste på heile albumet. Deretter går det i schlagers fra bandets tidlegare album, og den siste på side 1 (CD-format) er den beste på heile albumet. Dette er ein aldeles forrykande versjon av Forty-Five Hundred Times, originalt gitt ut på albumet Hello!
Forty Five Hundred Times varer i denne versjonen i heile 16 minuttar og 42 sekundar. Berre avslutningssekvensen varer eit par minuttar.

Side 2, eller CD2 rettare sagt, har også sterke kutt. Ein av Quos beste låtar nokon gang, Rain, er med, men det er kutt tre, ein samanfletta versjon av Caroline og Bye Bye Johnny som er det beste på denne sida. Inklusiv ein trommesolo så varer denne versjonen nesten 13 minuttar.

Plata vert avslutta med ein coverlåt av The Doors, Roadhouse Blues, for øvrig også gjort av Blue Oyster Cult på deira doble live fra 1982, Extra Terrestrial Live. Men det er ein anna historie.

Status Quo live fra 1977 er ein dokumentasjon på kor bra Quo kunne være på sitt beste. Eit tungt boogierockband som var mykje meir enn dei tre grepa som alle går og trur er det einaste dei kan.
Dette doble livealbumet høyrer med i klassa over dei aller beste livealbum som er utgitt.

Nr. 1:
Rush, Moving Pictures

Da er vi omsider komne til mitt personlege favorittalbum gjennom alle tider.
Dei som kjenner meg ein smule veit jo at dette var berre slik det måtte være, Rush sitt beste og mest kritikarroste album nokon gang må sjølvsagt toppe mi eiga liste.
Moving Pictures er Rush sitt niande album, innspela hausten 1980, og utgitt våren 1981.
Sju spor på 40 minuttar, den lengste skal eg komme tilbake til.
Dette albumet gjekk heilt opp til nr. 3 på Billboardlista, og er framleis bandets mestselgande album. I dag har albumet solgt til fire ganger platina, og det er rosa opp i skyene som ein milepæl innan prog og tungrock.
Opningskutt: Tom Sawyer. Det er framleis ein av bandets desidert mest populære låtar. Ein fantasisk stilig låt på ca. 4 og eit halv minutt.
Deretter følgjer det på: Limelight. Red Barchetta og ikkje minst YYZ, bandets mektige instrumental som i fleire år inneholdt ein trommesolo når dei spelte denne live.
Side 2 byrjar med bandets aller, aller beste kutt nokon gang: The Camera Eye. Ein progrocklåt delt i to, New Tork og London. Her bygger det seg opp litt etter litt, før Lifeson dreg i gang med ein tung-tung gitar og Peart følgjer opp med trommer, og så får vi Lee med bass..... herrefred kor bra denne låten er. 34 år etter at den kom ut er det framleis min favorittmelodi nr. 1.
11 minuttar, ikkje eitt sekund for lite.

Side 2 fortset med Witch Hunt, som er del tre av bandets "Fear"-seria, dvs. noko ala Sagas "Chapters".
Til slutt har vi Vital Signs, og vi er i mål.
Rush er eit av desse litt spesielle banda som alltid har hatt ein svært lojal fanbase, men som gjerne vert for sært og tungt for dei som ikkje likar "tenkemusikk".
Bandet lever i beste velgåande, og leverer framleis lange konsertar, og kritikarroste album.
Bandmedlemmene er no komne opp i byrjinga av 60-åra, men i motsetning til mange andre lengelevande band, så framstår dei (iallfall ikkje enno) som ein parodi på seg sjølv. Vi får håpe dei klarer å unngå det.
Rush vart i 2013 innlemma i Rock`n Roll Hall of fame, og introen av Dave Grohl denne kvelden viser kva status Rush har hatt på yngre band og musikarar.

Når det gjeld Moving Pictures, så er dette det beste album som er utgitt. Det fins sjølvsagt andre som meiner noko anna, men dei tek feil. Vi treng ikkje diskutere fakta.
Forresten: Sjekk coveret. Berre det gjer det jo verdt å kjøpe dette albumet.