torsdag 28. mai 2015

Det er valg til hausten

Oppdatert 15.9.2015:
Resultatet synes klart.
Men det viktigaste er at vi slepp å ha noko som liknar eit ekstremistparti i kommunestyret.
*************************************


Kommunevalg.
Noko som er mykje meir skøy enn Stortingsvalg, for ikkje å snakke om dette Fylkestingvalet som nokre snakkar om.

Ja, og så har vi "Kyrkjeval" slik innimellom, men sidan eg ikkje har stemmerett der, så brukar eg ikkje tid på det.


I Luster er det heile åtte parti som stiller opp i år.
Partifloraen veks og veks, og det siste bidraget er Partiet De Kristne, heretter betegna PDK.
Det er (normalt iallfall) hyggeleg med fleire alternativ å stemme på.
For nokre periodar sidan fekk vi jo både FRP og SV på plass så nå er det mange gode folk på listene.



Det er totalt 170 kandidatar på dei åtte listene.
AP og SP har 31 namn på listene sine, medan KRF (nei, det er framleis ikkje Knut Røneids Folkeparti) har 30. Høgre stiller med 28, Venstre har 21. SV og FRP har skrapa saman 11 personar, medan PDK har funne fram sju salige sjeler.

Eg har sett litt meir på dei ti første kandidatane på kvar liste, samt da alle på PDK si liste. Det blir 77 kandidatar.

Snittalderen for alle desse 77 er 51 år. Det er 35 kvinner og 42 menn.
Hafslo har flest kandidatar med 21 stk, og Gaupne er nr. 2 med 14.
Tilsaman har altså desse to bygdene nesten halvparten av alle, og hvis vi tek med Jostedalen sine heile 12, så blir det berre 30 personar att til resten av kommunen.
Skjolden har 8, Marifjøra 4, Solvorn 2, Høyheimsvik 4, Fortun 4, Luster 5 og Veitastrond 3.

Av ordførarkandidatane så kjem fire fra Hafslo, ein fra Indre Hafslo, ein fra Strondi, og to fra Gaupne. Altså ikkje ein einaste ordførarkandidat innafor Hotla eller frammafor Skarpamo.


Litt meir om dei forskjellige partia, og eg byrjar tilfeldigvis med FRP:
Dei har som nemnt 11 kandidatar, men eg tek berre dei 10 første.
Halvparten kjem fra Hafslo, deriblant ordførarkandidaten, som ikkje blir ordførar att denne gang heller. Og ja, det er ein HAN.
Deretter kjem det 2 fra Gaupne, 2 fra Skjolden og sistemann blant topp-10 er fra Marifjøra.
Det er seks menn og fire kvinner.
Snittalder er den nesthøgaste av alle listene, 58 år.
Skal vi stemme på denne gjengen?

Det vil forbause meg mykje. Partiprogammet er ikkje sett enda, men eg reknar med mange svulstige ord og ynskjer, samt uttrykk som "støtte, utvikle, satse, styrke". You know, shit voters like to hear.



Neste i bunken er Venstre. 21 flotte kandidatar??
Iallfall er ordførarkandidaten ein erfaren lokalpolitikar fra Hafslo, mann, og med seg blant topp-10 har han fått personar fra heile kommunen omtrent, det er jo bra. Unntatt Gaupne da....
Det er fordelt slik: Hafslo 2, Skjolden 2, Høyheimsvik 1, Marifjøra 1, Jostedal 3, Marifjøra 1.
Det er også her fire kvinner og seks menn.
Snittalder er 53 år.
Gudane må vite kvifor det ikkje er gåpningar med på topp-10 lista, men ein skal vel helst tenke parti og ikkje geografi.... hø-hø....
Lista ser uansett ganske sterk ut. Vel, vel, sterk og sterk....
Venstre er ikkje noko dumt alternativ kanskje? Får sjå valgprogrammet først. Reknar med det er mange svulstige ord og ynskjer, samt uttrykk som "støtte, utvikle, satse, styrke". You know osv.


Neste parti eg har i bunken min er KRF. Det kunne ikkje falle meg inn å stemme på noko parti som har ein form for religiøs tilknytning, til tross for at dei har mange hyggelege folk på lista.
Dei har fått eit sterkt namn på topplass, og han kjem garantert til å dra ein del stemmer sidan han gjorde ein god jobb som ordførar eit par periodar sist gang han var der.
Kva slags salige sjeler har han fått med seg? Vel, det er fifty-fifty kvinner og menn på topp-ti lista. Geografisk er dei spreidde fra omtrent heile kommunen: Hafslo 3, Fortun 2, Indre Hafslo 1, Høyheimsvik 1, Luster 1, Veitastrond 1 og sanneleg, sanneleg seier eg dykk: Dei har fått med ein frelst fra Gaupne også.
Snittalder er 50 år.
Totalt stiller KRF med heile 30 kandidatar. Tør nesten vedde på at dei kjem til å gjere det bedre enn for fire år sidan, det skal kanskje ikkje så mykje til.
Har ikkje sett noko program enda, men går ut fra at vil være mange svulstige ord og ynskjer, samt uttrykk som "støtte, utvikle, satse, styrke".
Du leste det her først.


AP er next. Eller Partiet (med stor P) som noken av dei likar å kalle seg. 31 namn, og topp-ti har fire kvinner og seks menn. Ordførarkandidat er den ikkje ukjende lensmannen i Sogndal, og han er garantert ein av dei to store favorittane til å okkupere ordførarkontoret på Rådhuset dei neste fire åra.
Partiet stiller med ei sterk liste, men det er helst gåpningar og hafslobygdingar det går i. Tre fra kvar av bygdene blant dei ti toppane, og to fra Skjolden. Det gir att to fattige plassar, som begge hamnar i Jostedalen.
Ikkje nokon fra dei mindre bygdelaga ellers altså. Det var nesten litt rart.
Det kryr av kjentfolk på lista, mange flotte personar som burde funne seg ein ein bedre hobby enn å være lokalpolitikar?? Næ. Godt nokon vil.
Snittalderen på dei ti øverste er kun 44 år, nesten eit ungdomsparti i denne samanheng altså.
Partiet var tidleg ute med valprogrammet sitt. Kva det inneheldt? Ja, dei vil t.d. bygge veg mellom Espe og Gjerde i Jostedalen, men det hadde dei med for fire år sidan utan at det har skjedd noko som helst. Det var nesten useriøst å ta med dette punktet i år og.
Eller var det mange svulstige ord og ynskjer, samt uttrykk som "støtte, utvikle, satse, styrke".
Bombe det der altså.


Høgre, de dannedes parti...For fire år sidan ligna dette mest på ei bygdeliste fra Gåpnabøgdi, men heldigvis har dette roa seg ein smule sidan da.
Dei stiller med 28 kandidatar, og blant dei ti øverste finn vi berre to kvinner og følgeleg åtte menn. Ikkje noko kjønnskvotering blant dei danna tydlegvis. Ordførarkandidaten er så ivrig i politikken at ein unnar han nesten å flytte inn i jobben berre grunna det gode engasjementet. Vi skulle hatt fleire slike.
Ellers har han han fått med seg tre til fra kommunesenteret, tre fra Jøsstedalen, og ein fra både Hafslo, Marifjøra og Luster.
Snittalderen på dei danna er 48 år, ikkje så langt unna snittet for alle topp-10 i på alle listene altså.
Høgre har gjort det rimeleg greit dei par siste periodane. Dei får neppe ordføraren denne gang heller, men kjem kanskje inn att med tre-fire personar i kommunestyret? Det må dei være nøgde med.
Ikkje noko partiprogram er observert, men eg går ut fra at det vil innehalde mange svulstige ord og ynskjer, samt uttrykk som "støtte, utvikle, satse, styrke".
Gjesp.

SV prøver til att, etter at dei vart sopa vekk for fire år sidan. Det kan neppe gå verre enn da, og dei går på med ny frisk, og med 11 sprelske personar på lista, så lovar det bra. Får vi håpe. For deira del.
Kvinnedominansen er total her. Her har vi omsider ein kvinneleg ordførarkandidat, endatil fra ein såkalla utkant i kommunen. Med seg på laget, dvs. topp 10, er det åtte kvinner til, samt broderen på sjuande plass. Altså, eg har ingenting imot kvinner, men dette har nesten bikka over i det parodiske. For deira skuld satsar vi på at dette var eit sjakktrekk.
Kandidatane er spreidd utover mykje av kongeriket, iallfall kommunen. Toppkandidat fra Strondi, samt to jostedøler, to gåpningar, ein fra Høyheimsvik, ein fra Solvorn og tre fra Hafslo.
Snittalderen er usle 41 år, så det dreg muligens nokre "ungdomsstemmer"???
Etter katastrofevalet i 2011 så kan det berre gå bedre. Kanskje får dei ein mann (Forresten; Kvinne) inn i kommunestyret, og da bør dei være godt nøgde. Ordføraren får dei aldri i Luster. iallfall ikkje i overskueleg framtid som det så fint heiter.
Har heller ikkje her sett noko partiprogram eller valmanifest (Det heiter sikkert manifest når vi snakkar om sosialistar), men det vil nok innehelde mange svulstige ord og ynskjer, samt uttrykk som "støtte, utvikle, satse, styrke".
Ikkje noko nytt under sola altså.


Så kjem vi til SP. Dette er eit stort parti i Luster, med rette. Dei har no hatt ordføraren i fire år, og eg må sei han har gitt eit svært godt inntrykk. Hadde det ikkje vore for at Sp på riksplan er såpass usmaklege (dei trur at våre næraste handelspartnarar og allierte er hindmannen sjølv), så kunne eg nesten ha funne på å stemt på dei lokalt.
Det er 31 namn på lista, og på topp ti finn vi mange staute og flotte personar. Dei kjem fra store deler av kommunen, to fra Hafslo, ein fra Gåpn, ein fra Luster, to fra Jostedalen, to fra Fortun, og ein fra både Strondi og Høyheimsvik.
Dei stiller med fire kvinner og seks menn, snittalderen på desse er kun 37 år, det desidert lågaste av alle partia i Luster 2015. Det bør dei utnytte.
Saman med Partiet sin kandidat har vi her den klare favoritten til fire (nye) år som ordførar. Hvis det blir nokon andre, så må eg bite i meg orda og innsjå at eg tok feil, noko som jo blir UTRULEG bittert.
Ei utan tvil sterk liste som bør dra inn lassevis med stemmer.
Valprogram? Nei, har heller ikkje komen noko propaganda fra SP i postkassen enda. Men NÅR det kjem, så kan eg nesten garantere at det vil være mange svulstige ord og ynskjer, samt uttrykk som "støtte, utvikle, satse, styrke".
Ja.


Til sist må vi sjå på det nyaste partiet i kommunen, Partiet De Kristne. Dette er eit nytt skot på partitreet i kommunen, og vi må ynskje dei velkomne. PDK er også på riksplan eit nytt parti, stifta i 2011, og ved valet i 2013 fekk dei av ein eller annan merkeleg grunn over 17000 stemmer.
PDK meiner at KRF er vorte for liberale, og at vi må få kristendommen inn att i samfunnet. Nå er vi så heldige at vi lever i ein sterkt sekulær stat, så det slepp vi heldigvis.
I Luster stiller PDK no liste for første gang. Dei har samla sju personar til å stå på lista, og dei er fordelt med ein fra Gaupne, samt to stk. fra kvar av bygdene Luster, Hafslo og Skjolden.
Det er fire kvinner og tre menn, snittalderen er 76 år. Rekruttering bør nok såleis være 1. prioritet framover.
Dette partiet har sjølvsagt ikkje nubbesjans til å bli representert i kommunestyret. Tek eg feil, så skal eg gå til nattverd. Nei, forresten, det vil bli hyklersk, så det droppar eg uansett. Inga vits i å gjere noko slikt, eg som knapt nok likar vin.
Ei anbefaling: Sjekk FB-sidene til einskilde av kandidatane. Det er ustyrteleg lesning til tider. Muslimar, sosialistar og homoar står ikkje like høgt i kurs hos alle. Ispedd litt konspiranoia, så vert det reint morsomt. Hvis det ikkje var for at det var alvor. Latteren set seg liksom litt fast i halsen når ein forstår at dette faktisk er alvorleg meint.
Forresten: Det å true med helvete duger lite.

Programmet vil du kanskje spørre etter?
Har ikkje sett noko enda. Noko seier meg imidlertid at det vil være mange svulstige ord og ynskjer, samt uttrykk som "støtte, utvikle, satse, styrke".   Kem kunne vel ha gjetta det?