onsdag 1. april 2015

Skavlan snakkar med ein svensk politikar, og får beng for det.

Da har eg omsider somla meg til å sjå opptil fleire minuttar med vår ukrona snakkekonge Fredrik Skavlan.
Slike talkshow er ikkje min kopp te, men sidan akkurat dette innslaget fekk så stor merksemd, så MÅTTE eg berre ta ein kikk.

Klagene skal visstnok ha hagla inn til Kringkastingsrådet (eit råd som i seg sjølv er gått ut på dato, men det er ein annan historie).
Tybring-Gjedde rasar mot Skavlan, og på diverse FB-veggar, så er det personar som har reagert på det dei meiner er "hets, mobbing og trakassering".


Vel.
Etter nå å ha sett programmet, så ser eg ingen grunn til å reagere slik. Skavlan var tvert imot ganske så grei. Han var, etter mi meining, FOR snill, mot ein leiar fra eit parti som står langt til høgre for vårt heimlege FRP.
Vi kan sjå på kva Sverigedemokratane er, og ikkje minst historikken deira.
Partiet vart danna i 1988, og hadde da bakgrunn fra nynazistiske miljø. I innleiingsfasen kunne dei tilby bøker fra antisemittiske forfattarar.
Utover på 90-talet fekk dei aldri den heilt store oppslutninga, og etter ei rekkje indre kranglar (det er alltid det i dei meir ekstreme miljøa), så vart partiet meir strigla da Jimmie Åkesson overtok leiarvervet i 2005.

Åkesson har gjort det tidlegare halvnazipartiet ganske så stovereint i nabolandet vårt, det er unektleg ein stor prestasjon. Og ved det seinaste riksdagsvalget, så fekk dei over 800 000 stemmer, og 49 representantar inn i nasjonalforsamlinga.
Partiet er såleis ein maktfaktor.

Kva er pressa sin jobb?
Jo, det er bl.a. å avsløre maktmisbruk og få fram i lyset saker som t.d. politikarar ikkje ynskjer fokus på. Det er såleis berre rett og rimeleg at Skavlan, når han først har ein maktperson som gjest, at han grillar han (på for svak varme).
Når Åkesson vert konfrontert med sine partimedlemmers tidlegare utsagn om at innvandrarar er kakerlakkar og jødesvin, så gjer Skavlan berre jobben sin.
Partileiaren vrir seg kanskje litt i stolen, og svarer for så vidt OK, men det var tydeleg at han må finne det plagsomt å styre eit parti med rasistiske medlemmar.

Det er prisverdig at Sverigedemokratane har ekskludert ein del av dei verste tullingane. Det skulle forresten berre mangle.
Det er nok slike grep, blant fleire, som har gjort at partiet no er mat for ein stor andel svenske velgarar. Før, når dei var eit reindyrka rasistparti, så hadde dei marginal oppslutnad.


Åkesson framstod i Skavlanintervjuet som ganske sympatisk, om enn noko plaga av alle sine lause kanoner på dekk. Åkesson er sikkert ein velmeint mann, men han har mykje å slite med. "Kakerlakk og jødesvin" utsagna må slite voldsomt på ein mann som ynskjer å framstå som ein seriøs politikar.



Men var Skavlan for hard og ufølsom mot ein mann som har slite med helsa?

Nei. Han var for snill. Dei innleiande minuttane om Åkesson sin helsetilstand var faktisk dei mest følsomme. Eg synes ikkje noko om å stille ein person spørsmål om hans mentale helse og behandlinga deretter.
Men, så vidt ein har fått med seg, så var det politikken til Sverigedemokratane som har skapt reaksjonar. Skavlan er framstilt nærast som ein demon som skal nagle ein stakkars politikar, men han stilte berre berettiga spørsmål om partiets tidlegare utsagn, og om dette er noko leiaren kunne stå inne for. Og til alt hell: Han tok avstand fra mykje av det.
Eg synes Skavlan skulle køyrt han mykje hardare. Vi snakkar om leiaren i eit parti som berre for 25-30 år sidan hadde openbare nazisympatiar, og som heilt fram til våre dagar reknar innvandrarar som "rotter".

Det er dette som er pressa sin jobb. Dei skal avdekke maktpersonar, og Åkesson er i høgste grad ein maktperson. Det å synes synd på han der og da, berre fordi han får eit og anna kritisk spørsmål, er skivebom. Ein må sjå kva partiet står for, kva utsagn medlemmane kjem med, og om dette er noko leiaren kan stå inne for. Som tidlegare nemnt: Det gjorde han ikkje og det tener Åkesson til ære. Han klarte seg bra, og han framstod ikkje som svak eller som eit offer. Han innga eit heller godt inntrykk, og kan sikkert skaffe mange stemmer framover. Korleis det går med Sverigedemokratane når Åkesson ein dag takkar av, ja det er også ein heilt annan historie.


Mobbing, hets og trakassering?
Da har du antaglegvis ingen aning om kva som rører seg på nett.
Skavlan er ein pus i forhold.
Og det var jo ikkje slik at Åkesson vart tvinga inn i studio. Han er no ferdig med sjukdomsperioden sin og klar for "nye oppdrag". Han har til og med bedt om å få komme i studioet til Skavlan.

Vil du sjå eit eksempel på ekte mobbing, hets og trakassering? Ta ein kikk her, også fra NRK.