tirsdag 24. mars 2015

Gåturar 2015, ein billedkavalkade



24.5.2015:
Det er sju månader til jul, og det markerte vi med ein liten kveldstur oppover Engadalsvegen, samt å få siste viktige klypp i korta fra Helselaget.

Utsikt.


11.5.2015:
Ein tur for å gjere litt dugnadsarbeid. Litt ruskevær, men det lever vi godt med.


Skodde gir alltid litt ekstra god stemning i skogen.








Mellom Sandvikberget og Engadalsvegen fekk vi laga til ein sti for eit par år sidan. Her eit utsynsbilde derfra.




3.5.2015:
Ein tur fra Engadalen og heim, om Lø.

 I byrjinga av mai er det framleis snø langs vegen.



























Utsikt fra Lø. Her gikk eg ned ein gang, men holdt på å ramle utfor, så det vart med den eine gangen.



20.4.2015: Ein liten rusletur oppover Engadalsvegen.


































3.4.2015:
På skitur, Nigardsgrandane. Ferdige løyper etter Bjønnarennet dagen før.

Flotte løyper, brukbart føre. Vi ser mot Nigardsbreen.





























Ein liten pause er eit must, og da kan vi sjå opp mot Fagredalen.



2.4.2015:
For ein del år sidan vart det merka ein tursti fra Råadn og inn til Nes.
Denne skulle vi prøve å utforske i påska, men det vart ikkje akkurat noko storsuksess, sjølv om utsynet var fint. Litt kronglete, og ikkje vedlikeholdt merking gjorde det problematisk å finne fram. Det vert sikkert lettare neste gang.


Før det vert altfor grønt i skogen, er det til dels fint utsyn.

Her ser ein noko merking, men denne er nok nokre år gamal.


Ein fin og varm aprildag!




27.3.2015:
Helselaget har satt opp ein boks med tang i Judassvingen, og med eit dertil egna klippekort, så er det berre å ta turen. For oss som bur i nabolaget er det ein fin liten ettermiddagstur for store og små.
Desse tre bilda er fra 26.3.2015.

I vinter har det vore opprensking i elva. Det var sikkert på tide, med tanke på at vatnet sist haust nådde heilt opp i gangstien. 




Elveforbygninga ovanfor Tandla vart også utbetra i vinter.
 
 

Svart/kvittbilde. Alltid like gøy. Spesielt når ein får med høgspenten.



24.3.2015:
Sidan det er ein eigen post om sykkelturar, så kan eg like godt lage ein om små turar i nærområdet.
Det treng ikkje være så store greiene for at det skal være verdt å hugse.


Ein liten fottur ca. 1. mars. 

Masse regn dei siste dagane hadde tæra hardt på snøen (ju-huuu!) da dette bildet vart tatt ca. 1.3.2015


På sjølvaste kvinnedagen (ja, det er 8.mars), så markerte vi støtte til deira kamp ved å gå årets første tur opp Gåpnaberget....


Eit ynda fotomotiv nå om våren, foto 8.3.2015


Vi treng ingen langtur for å ha det hyggeleg. Ein svipptur opp i Judassvingen for å klyppe i trimkortet er i mange tilfeller godt for sjel og kropp. Foto pr. 17.3.2015.


22.3.2015 var vi i Bergen, og etter øspøs dagen før, så var det fint vær og blå himmel med "grei" utsikt fra Fløien.


Sykkelturar 2015, ein bildekavalkade





Oppdatert 11.11.2015:
Det er slett ikkje kvart år ein kan sykle i november og oktober, men sidan 1.10. har det blitt 35 mil i haustværet. Får sjå kor lenge vi held ut....

Kveldssykling til Brui, midten av november 2015.
Hugs lys!!




Ein tur med den gamle, men langtfra gode terrengsykkelen 10.11. Det einaste som var brukbart med den nå 16 år gamle doningen var dekka. Heretter vert det kun butikkturar med denne.









Ein tur på Eikjastrondi i finværet pr. 3.11. Når det er 10-12 raude grader så er det ingen problem å ta seg ut. I mars/april er det ofte adskillig verre tilhøve ute.



Alltid skøy å komme seg avgårde på nye og ukjende vegar, og torsdag ettermiddag, 5.11. gjekk turen opp til Åsen i Jostedal. Ein fin bakkeavslutning på ca. halvannan kilometer krydra turen.
Litt spesielt med ein femmilstur i november, det skal seiast.




Vegen er farbar med alle typar sykkel. Rett nok er det grus, men her skulle eg fint komme opp med racer også.


Nyevegen (som no er 20-30 år gamal), er ikkje så bratt at det blir ille. Tippar i snitt 8%, overkommeleg for dei fleste av oss.


Ein snue fra Jostedalen og heim søndag 8.11. La turen fram på Gjerde først for å få nokre km. ekstra, samt ein svipp borti Marifjøra. Det gav ca. 45 km. totalt i temperaturar på mellom 7,7 og 5,8 grader. Det var problemfritt, OK vær og greier.


Fint utsyn mot Vangsen og Myrhyrna, med litt melis på toppane.





***************************************************************


Oppdatert 1.11.2015:
Har ikkje hatt motivasjon til å skrive (her) sidan august, men har tatt nokre turar på to hjul innimellom.
Her er noken bilder fra haustens turar.

Ein tur i crossterreng 16.9.

Fra Jostedalen og heim, solnedgang på Alsmo pr. 20.9.

Fra Jostedalen og heim 27.9.

Bratte bakkar opp til Skildheim pr. 3.10.

Til Mytagrindi på crossdoningen pr. 13.10.

Rekordforsøket mitt til Brui 16.10.

Nedtrapping og testav den nye asfalten borti Marifjøra pr. 16.10.

Ein tur til Alsmo i småregn pr. 22.10.

Til "Toppen av Engadalen" som Strava kallar det, 23.10. med K sin gamle sykkel.

På anleggsvegen nesten til Golt pr. 20.10. med K sin gamle sykkel og ryggsekk.

Utsikt fra Brunen pr. 20.10.

Framover Jostedalen 27.10. Ikkje så kaldt som det ser ut til. 

Ein tenketur til Brui med K sin gamle sykkel 30.10.



****************************************************************



10.8.2015:
Det er tid for litt crosskøyring!
Men det vart mest for mykje av det gode da eg fant ut ein sykkeltur til Kolstad var passande. Det passar bedre med terrengsykkel opp dit.
Men opp kom eg da, om enn etter ein del slit.
Det er kanskje ikkje så langt opp hit, knappe halvannan km. fra Tadlagjerdet. Men det er bratt!

Ingen skal kunne klage på utsynet her oppe fra.

Her er vi eigentleg komen opp. Bomvegen opp til venstre er reservert terrengsyklar, og personar som likar å plage seg sjølv på to hjul. Som ein ser er vegen brukbar her. Den er dårlegare lenger nede, og spesielt i svingane er det litt laus grus.

Greit at denne brua var her!


Utgangspunktet. Ein ser ikkje sjølve vegen herfra, anna enn nokre få meter før det brattar skikkeleg til. Men det er nå litt moro og da....





6.8.2015:
Tok omsider med sykkelen på den årlege turen til Kvinnherad. Det burde eg ha gjort for mange år sidan, for det var eit veldig fint sykkelterreng.
Denne flotte fossen finn vi inn mot Mauranger. Vegen går på ei smal bru rett under, og når vassføringa er stor, så vert ein godt dusja over her.

Ein kan ikkje være i Kvinnherad utan å besøke Baroniet. Heldigvis var grunnlovsmennene på Eidsvoll så framsynte at dei avskaffa adelen alt den gang.

Så eit bilde fra sykkelturen. Eigentleg stoppa eg her helst for å komme litt i ly av alt regnet.

Flott utsikt ned Omvikdalen over mot Rosendal.

Nylagd asfalt oppi fjellheimen. Vi er ikkje bortskjemt med det opp til Fagredalen og Styggevatnet t.d.

Måtte berre ta med eit stemningsbilde fra Matre.... Merkeleg nok regna det ikkje akkurat her.

Dette er meir normalen. Tåke og regn.
*******************************************************************


2.8.2015:
Blir det Voss-Geilo i år også?
Vi prøver på det, men sidan det er opna for at vi kan melde oss på heilt fram til 14.august, så ser vi værmeldingane an....
Som eit ledd i "oppkøyringa" tok vi ein Fjorden Rundt i dag, søndag 2. august. Nå også i motsatt retning.... Dvs. mot Skjolden og Ornes først. Det er fleire år sidan vi køyrde den vegen, så det var artig å prøve dette att.


Ein del småregn innover fjorden, men opphold og litt sol fra noko før Feiga. Ein fin tur.

Her var det på tide å kaste regnjakke/vest, og da kunne vi nytte høvet til eit bilde over mot Nes.

Vi hadde litt god tid til ferja, og sykla derfor opp til kyrkja. (Opp dit er ganske bratt, og etter 55 km. samanhengande merkast den kneika) Der kjøpte vi oss god eplekake og vaffel med heimelaga bringebærsyltetøy, samt kortreist drikke på plastflaske. Veldig godt, og til ein vettug pris. 
Kan anbefalast!

Småkjølig på overfarten, gikk likså godt ned i salongen på ferja. 

Og vi nærmar oss Solvorn. Opp derfra gjekk forbausande greit, ikkje fort, men dog. Verre vart det fra Galden av, for da byrja blodsukkeret å dale.... Da var det berre å glefse i seg det som var att av mat i lommen.

************************************

30.7.2015:
Ein ny sykkeltur framover Dalsdalen eit stykke. No var vi to, så vi køyrde ikkje heilt fram. Ein snue inn på Skjolden etterpå.
Litt opplysningar om bakken opp fra Luster. Den er ikkje så lang, kun 1,4 km, og det skal klatrast 137 høgdemeter. På Strava er denne klassifisert som ein kategori 4 stigning.
Det som ikkje kjem så tydeleg fram er at bakken stig etappevis, og det er første knappe kilometeren som er verst. Tippar det ligg på 12-13% oppover her, nok til å få opp pulsen altså.
 Måtte berre ta eit bilde opp mot Kolstad..... Opp der er det også mogleg å sykle, men da må ein nok ha terrengsykkel. Vegen er såpass laus og bratt at eg skulle ha slitt veldig endatil med crossen. Men eg kjem kanskje til å prøve ein dag....
 På veg heim att fra Skjolden passa det bra med eit bilde fra krysset oppi Dalsdalen.

Og her er dagens rute.
Det er brukt mykje stein i diverse bygningar i Dalsdalen. I dag kan vi vel knapt forestille oss kva slit som ligg bak eit slikt hus.
**********************************


28.7.2015:
Ein tur til Kilen, lengst framme i Dalsdalen.
Dalsdalen er nesten litt oversett for oss som syklar. Det er nok ulike årsaker til det, men det er uansett ein svært fin sykkeltur fram til Kilen, lengst frammi. Det er ein avstikkar på ca. 8 km. å komme seg heilt fram, og følgeleg 16 km. tur/retrur. Det er asfaltert ca. halve vegen, og fram til Tadlagjerdet er det god og fast grusveg. Her kan ein fint sykle med racer. Vidare framover må ein ha grovare dekk.
Fin natur framover. Dette bildet tok eg noko etter Tadlagjerdet.

Solnedgang.

Her var eg komen nesten fram, og da passa det bra med eit bilde for å vise vegen.

 Så langt som dette kjem ein. Herfra er det ikkje langt over til Vigdalen. I Bakgrunnen ser vi dei fråflytta husa i Kilen. Iflg. Lustrabøkene vart desse fråflytta grunna rasfare, og det har ikkje budd folk her sidan 1959. Men store fine marker vert tekne hand om, det er bra.
 Dette bildet tok eg fra samme stad som det forrige, men da sjølvsagt i motsatt retning. Som ein ser er det ingen motorveg akkurat.
 På veg heim måtte eg berre stoppe å ta eit bilde nedover dalen. Fantastisk vakkert landskap!! Og sjekk dei store dyrkbare areala!
 Vel nede att til fjorden var det for ein gangs skuld bortimot spegelblank. Det har ikkje vore mange slike i år.


Her var ruta eg sykla framover. Den vesle avstikkaren midt oppe i dalen er opp mot Kolstad. Sykla kun til første svingen, det var bratt og litt laust, dessutan litt seint på kveld. Prøver kanskje ein annan gang.

******************************


7.7.2015:
Nokre bilder fra helgas tur over Sognefjellet, ein meir utfyllande rapport kan finnast her.


Ein fin dag opp mot Bøvertun.

Fint vær, mildt, sommar og sykling....


Nokre skiløparar har sitt vesle eldorado på slike dagar. I bakgrunnen ser vi kjende fjell.

 I fjor var været så elendig at vi ikkje kunne ta bilder på fjellet. Kontrasten til årets utgåve kunne knapt blitt større. Ein dårleg vår har gitt oss i det minste ein bra tur i år. I fjor var det motsatt.





Her byrjar det snart å bli moro....


*************************
30.6.2015:
Siste tur før Sognefjellsrittet. Ein tur til Sørheim, med innlagt punktering. Greit å øve på det også.

Bedre å punktere på eigentrening enn under ritt.

 Ein roleg fjord. Det er ikkje til å tru etter denne våren/"sommaren" som vi har hatt.
Det er fint på Sørheim, men all driten etter måsane gjer at det ikkje fristar så veldig å sette seg ned på benkane.


*****************************************




28.6.2015:
Ein tur til Turtagrø.
Ein gang i løpet av året tek eg kanskje ein tur til Turtagrø. Det er ei hard stigning, med ca. 850 høgdemeter fordelt på ca. 10 km. Med tanke på at vi har eit par bortimot flate parti, så er det ikkje så rart det er ein tøff tur for ein gamal halvfeit sak.
Men opp kom vi. Til slutt.



Ein flott dag, men her oppe i fjellet er det framleis ikkje spesielt varmt.







Skagastøstindane, med eit vakkert skur i framgrunnen.







Ein rast på Eldhus Kafe høyrer med. Litt inntak av næring må til.
*******************************


24.6.2015:
Det er seks månader til julafta.
Det vart markert med ein tur til julenissens land, dvs. Veitastrondi. Vegen fram dit er eit kapittel for seg sjølv, da det er smalt og svingete, noko som er svært artig å sykle. Lite trafikk er det også. Aberet er eit pågåande vegarbeid, og eit vegdekke av til dels dårleg kvalitet. Det er mengder med sår i asfalten, og grusdekke i nokre meter når vi er komne ganske så langt fram.
Men det er ein fin tur på knappe ni mil. Ikkje verst på ein onsdag ettermiddag.

 Fram mot Moane gjekk det, ikkje så uventa, i kollosal fart.
 På veg heim att mot Hafslo. Det er alltid ein viss trekk imot når vi køyrer framover, og følgeleg medvind heimover.
Naturen skal ein iallfall ikkje klage på.
************************************************

21.6.2015:
Ein grei måte å markere midtsommar på er å sykle rundt fjorden.
Tok ein ekstrasnue opp til Berge, noko som faktisk var både tungt, og for ein gangs skuld, også varmt. Første gangen i år.

På ferja har dei nå fått eigne hjelmoppheng. Ei flott oppfinning!

Etter å ha sykla raka vegen fra Urnes til Berge var det greit å slappe av ein smule med cola og lefsekling.


Måtte ta nokre bilder fra utsiktsplassen.
Ja forresten: Det er no lagt asfalt på vegarbeidet rett ovanfor Fortun.
*************************************


18.6.2015:
Ein heller dårleg tur til Jostedalen.
Tung, treg....i det heile ikkje særleg moro.
Men fekk i det minste tatt eit bilde av ein flott Ryfoss. Ein foss som nokon har funne ut at det er ein god ide å bygge ut.

****************************

14.6.2015:
Søndagstur innover til Fortun. Det bles som ville f, men medvind innover kan aldri kompensere for den tunge motvinden heimatt. Generelt kan ein sei at det har vore ein vår med dårlege sykkelforhold.
Ein ser kanskje ikkje så mykje til vinden på bildet, men bølgene på fjorden fortel litt.
Veldig tungt.


12.6.2015:
Ein snue til Skjolden og ut mot Sørheim. Denne fredagen var det merkeleg nok eit nesten brukbart vær, og bortimot ingen vind, det var jo heilt utruleg.

 Rett før tunnell nr. 2 er det satt opp ei informasjonstavle om vegbygginga på Sørsida. Den er det neppe mange som har lagt merke til, og enda færre som har lese.
Men når ein er på solotur så kan ein unne seg slike godbitar.
 På veg heimatt sykla eg innom Wittgenstein, vår lokale kjendisfilosof, som av ein eller annan grunn bygde seg ei hytte på Skjolden.
***************************




8.6.2015: Ein tur til Fortun, og det var såpass varmt at det gjekk an å sykle i kort bukse!! Heile 13-14 grader var det til tider, reine tropevarmen altså.


Det gjekk ganske så radig innover, iallfall til å være tre halvgamle menn. Det må ha vore medvind.
Rakk i det minste å ta eit bilde av kyrkja i Fortun, og med flott natur som ramme.


Ein "natures-break" utanfor Gullringtunnellen høyrer liksom med....

*********************************************************************

5. juni reiste vi innover fjorden, og sleit oss opp til Berge. Der kom vi over ein nyopna liten, men hyggeleg, kafe. Eit ypparleg stoppunkt for einkvar syklist!



Innover fjorden, her ved Gullringtunnellen. Vi sykla som vanleg utanfor.

Det er nok ikkje så mange kafeear som kan by på ein slik natur....

Og her er vi på veg heimatt. Lustrafjorden er liksom så lang da....


****************************************************


31.5.2015:
Tour de Fjord nr. 2 dette året. Alltid like fint. I utgangspunktet skulle vi køyre innover først, for så å slite opp til Heggmyrane til slutt. Men så kom ein smart sjel på at det var kulturdagadn på Skjolden, så da passa det bra med ein pitstop der.
Og slik vart det.


Ornes ventar der borte....Veldig fint å ha denne vesle ferja. Det er tross alt einaste rundturen vi kan ta utanom å reise på turar over 16-17 mil.


 "The sea was wild that day, my friend!"
 Inn Gåpnafjorden.



























Lustrafjorden er kanskje djup og lang, men også brei akkurat her.



29.5.2015:
Ein tur midtfjords....

Var ute på sjøgåaren på Skjolden. Det måtte forevigast. Samt at ruta vart litt spesiell.
 Ikkje kvar dag ein syklar eit parhundremeter uti fjorden...


 Dei som brukar sjøgåaren mest ser ut til å være måsane....


 Det kom ei skur innover fjorden. Slapp unna noko av det, men da vi runda Nes var det faktisk sol og tørr veg! Utruleg skiftande vær denne våren.



























Her ser vi opp Mørkridsdalen. Ingen mystiske flygande farkostar der denne dagen.



26.5.2015:
Fellestur framover Jostedalen.
12 mann møtte ved Pyramiden (dessverre ingen damer som hadde høve til å være med denne dagen).
Etter ein roleg start gjekk det berre fortare og fortare, og i Fossøyane gadd eg ikkje være med på hardkøyret meir.
Ein roleg tur fram til Nigardsbreen og heim gjorde at det vart fine 77 km. til sist. Som vanleg vind og kjølig. Temperaturen låg på ca. 10 grader fra Nigardsbreen til Gaupne.




25.5.2015:
Solotur fra Jostedalen til Luster og heimatt. Som vanleg har vore heile denne våren, så var det kjølig og motvind.

 På veg innover fjorden kom eg tilfeldigvis årets første krosbaot i møte. Eit slik staseleg fartøy må sjølvsagt forevigast, og da passa det bra at Feigefossen kom med i bakgrunnen.




























Eit cruiseship med 3500 passasjerar er kanskje stort, men det vert likevel lite innimellom fjord og fjell.


23.5.2015:
Solotur til Nigardsbreen.

 Det er ei veke til juni, men det er langt fra sommar her under breen. Kjølig var det også, men til alt hell noko sol.




























Ein liten pit-stop ved Breheimsenteret for å fylle opp motoren ein smule.



21.5.2015:
Ein kveldstur fram på Nesalandet.
Det var kjølig, vått og vindfullt. Akkurat slik vi likar det.


Har aldri sykla bort her før, men ein gang må jo være den første. Det er mange fine småvegar rundt om som vi med fordel burde utforske meir.


 Våren i Jøsstedalen er ikkje komen så godt i gang som i fjor. Kalendaren nærmar seg juni, og det ser slik ut....
8,9 grader på Nesalandet. På Alsmo var det nede i 7,9. Saman med regn og vind vart det fem fine mil.




18.5.2015:
Ein kort-kort tur opp Dalsdalen. Bakken opp hit er på Strava som ein kat. 4 sak. Ca. halvannan km. og 137 høgdemeter.
No er det lagt asfalt eit par kilometer ekstra framover sjølve dalføret, men med cross eller terreng er det fullt mogleg å trille vidare inn til Kilen. Ja, så sant snøen er vekke da.  Opp til Kolstad er ei utfordring, for ikkje å snakke om sidevegen opp til kraftanlegga lenger oppi. Men da MÅ ein ha terrengsykkel.

 Det ser alltid ut som det er fint vær på desse turane våre. Og det er jo difor vi driv med dette; Komme seg ut i naturen ein smule. Men denne våren har vore så helsikes kald....



























Her går det i kollosal fart mot Høyheimsviki.


15.5.2015:
Ein kjapp kveldstur til Gullringen.

 På ny ein fin, men kjølig kveld.



























Som ein ser er ikkje snøsmeltinga komen skikkeleg i gang enda. Feigefossen på andre sida av fjorden er framleis beskjeden. Men dette kjem til å forandre seg når det omsider vert varmare i været.


14.5.2015:
Årets første "Fjorden Rundt". Ca. 75 km. og ein av dei flottaste sykkelturar ein kan ta her i distriktet.
Men det er eit must med skikkeleg lykt i tunellane!
 Vi pleier alltid å ta Gamlevegen opp Indre Hafslo. Det synes vi nemleg at indrebøgdingane fortjener, slik at dei får sjå at vi syklar opp her i kollosal fart.
 Ved Munthehuset er det utsikt inn Gåpnafjorden og fjellet "Horse".
 Dessverre får ikkje bildet fram motvinden som vi måtte slite med inn til Skjolden. Men sol var det iallfall, om enn kjølig likevel.



























Rett nedanfor Feigefossen. Gadd ikkje ta bilde av sjølve fossen denne gang, lita vassføring.



10.5.2015:

Til Jøsstedalen. Krekadn og heim. Litt småkjølig, ned mot 9 grader, men vi har opplevd verre.


Det nærmar seg midten av mai, men sommaren er likevel noko fjern akkurat her.





























I sola er det brukbar temperatur, men her i skuggen, er det langtfra like behagleg.


2.5.2015:

Laurdag. Kva er vel meir naturleg enn å bruke ein slik strålande vårkveld til å sykle om Skjolden og til Sørheim?

Dei gamle fjell i syningom.... I mai får ein gjerne gode kontrastar.






































Sjarmerande veg på Sørsida.




1.5.2015:
I solidaritet med alle undertrykte fra arbeidarklassen, i heile verda no less, så sykla vi til Vassbakken denne fine vårdagen. Der fekk eg kjøpe rabattert Pepsi fra i fjor, samt ein velsmakande is.
 Is og brus høyrer med på arbeidarane sin internasjonale kampdag.
 Gamlevegen utanfor Gullringen er befriande bilfri, og asfalten er høgst grei å sykle på. Ja, og så slepp vi den nifse tunnellen.
 Like greit at det kom tunnell her for berre nokre få år sidan.



























Her har vi hovedgrunnen til at tunellen kom. Vi rydda bort nokre av desse steinane, og nå har ein eller anna ansvarleg etat fjerna dei største som vi ikkje klarte å ta oss av.
Men det kjem vel snart meir.



27.4.2015:
Ein solotur til Skjoldabøgdi. Fint vær. Men som vanleg på denne årstid; Vind.
 FOR ein dag! Vegen er smal og svingete, jammen bra det er skilta.

Ahh....Skjolden.... med Gode Gamle Fanaråken i bakgrunn. Fjellet altså, ikkje ferja.


Motsol, på denne fine dagen.





























Lustrafjorden. Iallfall dei første to-tre mila.




21.4.2015:

Kveldstur til Myklemyr. Framleis ingen sommarvarme.

Solotur. Få andre som trives ute i fem-seks grader på kvelden. Men det var nå kun ein kort snue da.


For ca. 1000 år sidan arbeidde eg her. Da såg det litt anleis ut.




























5,7 varme grader. Men kvifor vart det opp/ned? Antaglegvis grunna farten.



18.4.2015:
Med seniortrimmen til Skjolden.

Skjolden er eit naturleg mål i dei tidlegaste vekene av sesongen.




























Farten?   Kollosal, såklart. Her igjennom Lustrabøgdi.



17.4.2015:


Ein ettermiddagstur til Skjolden, fint vær var det og.


Det var både heitare og finare i midten av april enn det har vore nå i mai. Ingen krosbåtar denne dagen.



























Enden av Sognefjorden, verdas tredje lengste, men den einaste der det bur folk langs vatnet heile  vegen inn til fjordbotnen. Ja, og så er det stort sett isfritt her.



14.4.2015:

Ein heller kjølig kveldstur i går, fram til Haukåsgjelet og heim.
På det minste viste gradestokken 1,4 grader, men med rett bekledning så går det greit. Det var berre dei siste ti minuttane det var litt kaldt på beina. Hadde det regna derimot....













Om ikkje anna, så er det iallfall vill natur rett utanfor døra, knappe 15 km. sykkeltur framover Jøsstedalen.


1,4 grader på Leirmo.



Som ein ser av kartet så tok eg turen om skytebana og Hagasanden på veg heimatt. Det var ikkje noko sjakktrekk. Her er det ei form for utbetring av vegen på gang, og det var såvidt eg kom over med crossdoningen. Denne strekka passar best for terrengsyklar.
Men det vert vel bedre i løpet av våren:-)


****************************************

6.4.2015:
Fire mann på ein heller kjølig tur til Skjolden.
Fikk tid til å ta nokre bilder, sjølv om vi på dette tidspunkt sykla i kollosal fart.
 Sidan vi sykla kollosalt fort, så var det nesten slik at eg ikkje fekk med dette skiltet....





























I det minste er vi ikkje plaga med fjordisen i år.



30.3.2015:


Årets første tur opp Engadalsvegen er alltid like seig. Skulle teste ein oppgradert terrengsykkel, dvs. det er ein heilt vanleg "familiesykkel", som eg har fiffa opp ein smule.
Ikkje noko toppsykkel, men grei nok til mitt avgrensa terrengbehov.
Opp til Judassvingen er ein ok testtur, og derfra opp traktorvegen opp mot Sandvikberget. Det var bratt, men kom opp utan å velte på ein ny doning.
Konklusjon: Heilt grei billigsykkel til kvardagsbruk.





*****************************************************

24.3.2015:

Sesongen er så smått i gang.
Sykkelen er nyvaska, nysmurt og klar til å brukast.
Skjønt: Det blir vel for lite bruk i år også.
Årets første trilletur fant stad forrige laurdag, på ein aldeles fantastisk marsdag, men dessverre litt for seint på ettermiddagen til at ein kunne nyte det i fulle drag.

Nokre bilder fekk eg likevel tid til.
Ikkje var det langt, og ikkje var det fort. Den første halvtimen var omtrent som å sykle i nylagd sement, til tross for at var tørt og fint, og berre litt sidevind fra Høyheimsvik og innover.
33,5 km på 1 time og 17 minutt er ok som første tur i midten av mars. Det gav eit snitt på 26 km/t.




























Som nemnt er det viktig at sykkelen er nyoverhala før ein legg ut på vegen.
































Ein laurdag ettermiddagi midten av mars er ikkje akkurat varm, til tross for at det var sol. I skuggen var det som om nokon hadde slått av ein stor varmeomn med effekt fra første sekund.
Da eg reiste heimefra ca. kl. 1515 var det 11 grader i sola. Vel heime att var temperaturen dalt til fire. Det merkast.