torsdag 19. februar 2015

Vaksinemotstand

Dei siste par vekene har vaksiner vorte aktuelt att.
I USA har det nemleg brote ut meslingar, ein sjukdom som var utrydda i landet for 10-15 år sidan.

Men meslingar er jo ikkje farleg?
Nei, kanskje ikkje for friske, vaksne folk i den vestlege verda.
På verdsbasis derimot er dette ein sjukdom som tek livet av mange tusen menneske kvart år, spesielt barn i fattige land.

Det er heller ikkje risikofritt å få meslingar i vesten heller, da det kan oppstå komplikasjonar i høve sjukdommen.

Eg er så gammal at eg har hatt meslingar, ein gang rundt 1970 trur eg det var. Og eg kan iallfall erindre at det var ikkje spesielt moro. Eg var kanskje ikkje så veldig sjuk, men hadde eg kunne valgt, så ville eg helst ha sluppe heile greia.


Vaksinedekninga i Norge er svært høg.
Faktisk så høg at vaksiner er vorten sin eigen verste fiende.
Vaksineringa er i dag så god og effektiv at vi antaglegvis har gløymt korleis det var med eit meslingutbrot her i landet.

I dag veks det fram ein generasjon med vaksinemotstandarar som meiner at t.d. meslingar er med på "å styrke immunforsvaret", og at "dette er noko barna bør igjennom".
Det er sjølvsagt foreldra som meiner dette. Barna deira har jo ikkje noko dei skulle ha sagt.

Problemet vart sist illustrert på denne måten:  B-kjendis Sølje Bergman vil ikkje vaksinere sine barn mot t.d. meslingar "fordi det ikkje er forska godt nok".


Altså.... idiotien kjenner ingen grenser. Kunnskapen er totalt fraværande, sjølv om nevnte Bergman ikkje er av dei verste. Dei meir konspiratoriske vaksinemotstandarane er verre.

MYKJE, MYKJE verre....

Dei skal eg ikkje bruke tid og energi på nå. Dei er uansett så langt ute i ko-ko land at det ikkje er håp. Vi kan berre konstatere at helsevesenet ikkje har fanga opp alle med grove vrangforestillingar.

Bergman er redd for alle kjemikaliane vi trykker i oss.
Sølje får antaglegvis i seg langt meir kjemikaliar ved å ete fisk til middag og å skylle tennene i fluor. Mengden kjemiske stoff ein får i seg ved vaksiner er mikroskopisk i høve til all den maten vi stappar i oss kvar dag.

Eg undrar meg også over påstanden om at MMR-vaksinen ikkje er godt nok utprøvd.
Iflg. Wiki (som ein rett nok ikkje skal stole 100% på, men det er uansett eit godt verktøy), så er denne typen vaksine brukt i ei eller anna form i 500 millionar doser. Sidan byrjinga av 1970-talet.

Dvs. over 40 års bruk, og over ein halv milliard dosar, og Sølje seier at vaksinen ikkje er utprøvd??
Eg må gjenta meg sjølv: Idiotien kjenner ingen grenser.


På ein måte er det nesten bra at vi har fått eit lite utbrot av meslingar. Det har ført til auka fokus på dette med vaksinar, og har fått ein del av dei mest ekstreme motstandarane fram i lyset.
Der er dei møtt med sakleg fakta fra folk som kan sitt fag, for omtrent alt som finst av antivaksinestoff er basert på løgn, konspirasjonsteoriar og manglande kunnskap og vilje til å sette seg inn i faget.
Den heilsprø FB-gruppa "Vaksineaksjon" er dei siste dagane omgjort til hemmeleg. Galskapen tålte vel ikkje lenger dagens lys.

Når Sølje og mange andre meiner å vite at dei sjølv kjenner seg og sine barns sjukdommar best, så er svaret: Det er feil.
Kva skal ein skodespelar vite om vaksiner og bivirkningane av desse, kontra all verdas fagkunnskap om virus, bakteriar og sjukdom?
Dessverre, utdanning på "Livets Skole", "Livets Knallharde Skole", og intense studiar på YouTube-universitetet og Google-akademiet er ikkje fagutdanning.
Det fortel meg berre at her er det mislykka individ som ikkje har klart å tilegne seg kunnskap på anna vis enn å surfe på nett.



Det einaste argument ein vaksinemotstandar kan hevde som har ein viss sannferdig bakgrunn, var hysteriet om svineinfluensaen.
Men det har jo ingenting med barnevaksinasjonsprogrammet å gjere.


Kva skuldast motstanden, forutan manglande eigenkunnskap, og manglande tiltru på "myndigheitene" (Alt her er vi på veg ut i konspiland)?
Nokre av dei mest intense vaksisnemotstandarane her til lands kjem fra alternativbransjen, you know....kiropraktorar, akupunktørar, healarar og ikkje minst homøopatar.
I den samanheng kan vi minne om dette berykta utsagnet fra den daværande leiaren for homøopatane her i landet, Gro Lystad, (forøvrig ein grotesk påstand) i 2010:

- Jeg er helt sikker på at det er positivt for et barn som er friskt. Det kan tenkes at enkelte vil dø, men dette gjelder barn som er svekket på forhånd, sier hun til NRK.




Eit slikt kynisk utsagn seier i grunn alt.