lørdag 3. januar 2015

På Idrettsgalla

Det har vore sterke reaksjonar på nomineringa til Idrettsgallaen som skal være nå i januar.

Det er ikkje så rart.

I kategoriane for "årets kvinnelige/mannlige utøver" så er ni av ti fra tildels marginale vinteridrettar.
Rett nok er vi ein vinteridrettsnasjon, og rett nok har det vore eit milliardsluk av eit OL borti Russland ein stad.

Det synes likevel meir enn uforståeleg, som så mange har påpeika, at to av våre aller største mannlege utøvarar ikkje er nominert.
Korleis ein kan komme utanom Zuccarello og Kristoff, ja det er ufatteleg.

Eg forstår godt at Jansrud er med, han er tross alt stor i ein av dei største vinteridrettane.
Eg ser også kvifor Bjørndalen er med, sjølv om dette antaglegvis er eit utslag av heder og ære ovanfor ein makelaus utøvar gjennom mange år. OK, han vant i Sochi, men ellers var det heller langt imellom triumfane.
Hegle Svendsen er også med. Åpenbart at OL betyr ein del, og at pussige stunt ikkje betyr noko. Når det er sagt: Hegle Svendsen er ein vinnartype eg har sans for.
Graabak er kombinertutøvar. Som ein nabo sa ein gang: Det fins antaglegvis fleire homofile rugbyspelarar enn det er langrennsløparar her i verda. Kva skal ein da sei om kombinert?
Til sist har vi Sandbech, som kjem fra brettmiljøet, dei som for berre nokre OL sidan ikkje ville være med der, fordi det var så ukult og gammaldags....

Hadde det stått til meg så hadde vi kutta ut ein skiskyttar, kombinertutøvaren og brettkøyraren. Inn hadde vi putta Kristoff, Zucca og kvifor ikkje Johnsrud Sundby, som vart den første norske mannlege utøvaren til å vinne Tour de Ski, samt at han hadde eit lass med andre gode resultat.
Dessutan ville han ha vore ein flott representant fra vår nasjonalidrett.
Eller kva er gale med Henrik Ingebritsen?
Han er i europatoppen i ein kjempestor idrett, mellomdistanseløping.


Når det gjeld damene, så burde alt anna enn ein knusande siger til Suzann Pettersen være ei bombe. Golf er megastort, og når vi har ein verdseinar, så burde svaret gi seg sjølv.
Her har juryen putta inn ikkje mindre enn tre langrennsutøvarar, det vert for mykje av det gode.
Ei handballdame måtte da vel fått plass.

Eg stussar også veldig på klassa "årets gjennombrudd".
Korleis ein kan komme utanom Sven Erik Bystrøm her er ei komplett gåte.
Dessutan vinn jo Martin Ødegård uansett, så det er ikkje det. Han har vore på turne til storklubbar ute i fotballeuropa heile hausten, så alt anna enn gevinst til han er ei bombe. Til tross for at han ikkje har spela fast på eit middels bra fotballag i den ikkje altfor gode Tippeligaen (Europacupfotball anyone??)


Vi har til sist årets trenar.
Her er sykkeltrenaren utelatt. Trenar Ørn har ført Kristoff fram til siger i Milano-San Remo, til topps i Vattenfall Cyclassics, to etappar i Tour de France (verdas største årlege idrettsarrangement), samt at han trena Bystrøm til VM-tittel i U23.



Det er ikkje rart at folk reagerer på desse utelatte utøvarane og trenaren.
Det er knapt så ein tek Idrettsgallaen seriøst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar