lørdag 24. januar 2015

Snåle folk i hus og hytte

For nokre dagar sidan kom ein mykje omtala framandkrigar tilbake til Norge. Dessverre.
Denne mannen har visstnok vore geriljakrigar i Pakistan eller noko slikt, og har tidlegare gitt uttrykk for at han ikkje ville tilbake til Norge.

Men nå dukka han nå opp likevel, kanskje var ikkje tilværet i dei svært tøffe fjellområda mellom Afghanistan og Pakistan så mykje å trakte etter??

Reaksjonane når han kom til Norge var imidlertid eit kapittel for seg sjølv....
"Send han tilbake" var omkvedet.
Men det er eit vesentleg problem: Han er norsk.

Vi sender ikkje ut norske statsborgarar berre fordi dei har vore tulling i utlandet, det ville ha vore ein underleg politikk.



Når ein snakkar om underleg politikk....
Eit av dei mest underlege utslag av politisk paranoia må være alt snakket om ein slags mullah som har vore fengsla i eit par år nå.
Mannen er uønska i landet, og det er vedtak på at han skal sendast tilbake til sitt heimland, Irak.
Problemet melder seg når vi veit at Irak ikkje er ein demokratisk rettsstat. Der risikerer mullahen visstnok å bli både torturert og henretta, og som eit sivilisert samfunn sender vi ikkje folk dit.
Det skulle berre mangle.

Men mannen var ein gang i tida ein fare for "Rikets sikkerhet", så kva gjer ein da? Jo, sender han til ei lita bygd oppi Trøndelag. Nå er han rett nok ikkje hamna der enda, men det høyres heilt latterleg ut. Sende mannen til Kyrksæterøra, for da er han ikkje til nokon risiko lenger....?
Kanskje ikkje noko fare for at han finn på styggedom i Oslo lenger, men han får sikkert eit nabolag i trøndelagsbygda også.
Dog: Skal ein tru fagfolk, så er han neppe til nokon fare uansett.


Så har vi ein minister som er villig til å bryte både grunnlov og internasjonale menneskerettar for at vi skal bli kvitt mullahen....


Wow. Berre WOW.


Korleis finansministaren kan beholde jobben etter slike uttaler er meg ei gåte.
Her snakkar vi verkeleg om "snåle folk".
Og opposisjonen er bortimot fraværande: Til tross for at fisken har slukt både agn, sluk og snøre, så klarar dei ikkje å få han på land.


Ein annan smarting kom med forslag om å sende mannen til Bjørnøya.
Jah.... Dei ni som jobbar på den metereologiske stasjonen hadde sikkert blitt kjempeglade for det....
I praksis ville forslaget medført utbygging av eit slags fengsel, med tilhøyrande personale.
Kostnaden med dette? Heh.
Det er ubegripleg at det går an å bli så dum.
Skjønt fra den kanten (Minipartiet Demokratene) kjem det stort sett berre dumme ting.
Og var det ikkje slik at på Bjørnøya må ein gå bevæpna grunna isbjørnfare? I såfall er det neppe noko sjakktrekk å sende ein potensielt farleg mann dit, for så å utruste han med rifle.

Kanskje det ikkje er snåle, men heller "lite gjennomtenkte" for å være veeeldig diplomatisk.

Forresten: Det hadde vore behagleg å bli kvitt han. Mullahen altså. Men på ein måte som er ein rettsstat verdig. Dette er ikkje Saudi-Arabia.

lørdag 17. januar 2015

This is the end

Nei, det er ingen frykt for at verda skal gå under.
Sjølv om det er akkurat det som skjer i denne heilville katastrofekomedien fra 2013.
Kom over denne filmen for eit par dagar sidan, og det må være ei stund sidan eg har sett ein så vill film.

Six worried-looking men stand on a suspended part of a street over a fiery pit. The primary cast members are listed across the top, and the tagline "Nothing ruins a party like the end of the world" is at the bottom.

Plot:
Jay Baruchel, som spelar ein slags versjon av seg sjølv, kjem til Los Angeles for å besøke sin gode venn Seth Rogen, som også spelar ein versjon av seg sjølv.
Forresten, alle i filmen spelar seg sjølv, forhåpentlegvis grovt karikerte.
Jay og Seth hamnar på fest hos James Franco som har eit haraball av ein innflyttingsfest i den nye millionvillaen sin. Her er det drøssevis av kjendisar, så som Rihanna og Emma Watson. Dei har rett nok ikkje så store rollar i filmen, men det er nå likevel litt morsomt med kjendisar som latar som dei er i tåka. (Noko dei kanskje også er?)
Etter ei stund på festen reiser våre to heltar avgarde for å kjøpe sigarettar, og medan dei er i butikken så ser dei at nokre personar vert henta fra oven  med ein slags blå stråle. Samstundes er det eit enormt jordskjelv, og dei kjem seg etter litt slit attende til Franco sin villa.
Den eine kjendisen etter den andre forsvinn, bl.a. i eit digert synkehol, vulkanar eksploderar, jordskjelva fortset....Ulykker, død og forderving.....

Til slutt er dei berre fem tilbake i huset, og dei bestemmer seg for å bli der fram til dei vert redda.
Neste morgon får dei besøk av Danny McBride som lagar frokost og sløser enormt med dei ressursane dei har att. Han har sjølvsagt ikkje fått med seg katastrofene på utsida av huset, sidan han var så full og dopa kvelden før.

Og så vert det berre verre..... Det ER verkeleg endetida som er komen, på slutten manifisert i form av ein tohundre meter høg djevel.


Ein heilvill komedie er det blitt. Dopet flyt, drikkinga er sanselaus (så lenge det varer), og dersom det er slik kjendisane lever, så er det neimen ikkje rart dei dauar før dei ser 30-års dagen.

Det er rett nok ein komedie, men det er definitivt ingen humorfilm for kven som helst. Humoren er av det grove slaget, banninga er nonstop og dei medverkande verkar blåst for alt som minner om sunn fornuft. Noko som sjølvsagt er heile poenget.


Det er ikkje til å komme fra at eg lo både høgt og masse undervegs. Alt er ikkje like morsomt, t.d. er Danny McBride slitsom, men totalt sett var dette ein artig film, med eit originalt plot. Seth Rogen var, i tillegg til ein av hovedrolleinnehavarane, også regissør, og filmen var ein suksess både hos pblikum og hos kritikarane.
Dersom ein har sans for rølpehumor og katastrofefilmar, så må dette være eit lite gulkorn.

Lavmål: James Franco og Danny McBride i ein altfor lang scene om kvifor Danny ikkje skal "jerking off" i huset.

Høgdepunkt: Det å høyre Hermine Grang sei "shut the fuck up" var magisk....(!)

Eg likte filmen såpass godt at eg gjerne hadde gitt ein femmar, men sidan eg ikkje kan utstå Danny McBride, så vert det kun ein .


Filmen vart som sagt ein suksess da den kom for halvanna år sidan. Av eit budsjett på 32 mill USD, så har den no drege inn 126 mill. USD. Det må seiast å være svært bra.
Alt i alt 106 minuttar grei tidtrøyte ein januarkveld.

lørdag 10. januar 2015

Religiøs fanatisme

Religion gjev seg innimellom ekstreme utslag, nå sist manifisert i Frankrike.

Unge menn (og ei kvinne som pr. nå iallfall, ikkje er pågrepen), tek livet av 17 personar. Og årsaka?
Fordi dei vissnok skulle hevne profeten....
Vel. Det er iallfall det som blir sagt, men kanskje det heller er meir eller mindre mislykka individ som må få utløp for års oppbygd frustrasjon. Kanskje dei har funne "meininga med livet" i islam?

Uansett: Horrible handlingar som ikkje kan unnskuldast.

Det hjelper heller ikkje på inntrykket av muslimar at ein gjøk står fram på TV2 og, om ikkje forsvarar handlingane, så i det minste forstår han dei.

Det er da ein tenker : WHAT THE FUCK??
(Eller den norske varianten: MEN I HELVETE DA??)

Same fugl, dvs. gjøk, dreg fram det faktum at det i 17 land, deriblant Frankrike, er forbode ved lov å benekte holocaust.
Han meiner, og dette er seriøst, at sidan jødane var "beskytta"(?) på denne måten, så burde det også være rom for å forby hatefulle ytringar mot muslimar, t.d. i form av å tegne profeten.
Som om det å tegne karikaturar og utryddinga av seks millionar jødar liksom var det samme.

Altså....heldigvis bur vi i Norge, og her er det uaktuelt å forby noko slikt. Blasfemiparagrafen er sovande, sist brukt for 100 år sidan eller noko sånt. Fjern heile paragrafen først som sist. Vi kan ikkje forby alle utsagn fordi det tilfeldigvis skulle trakke nokon på tåa.

Eit av kjenneteikna på eit demokrati er nettopp dei utålelege ytringane. Ytringsfridom er ikkje laga for dei vanlege ytringane, men nettopp for å verne utsagn som vi normalt ikkje liker.
(Dog: Ytringsfridomen har sine grenser her i landet også. Rein løgn og sjikanerande utsagn mot einskildpersonar er det reagert mot dei siste år, t.d i denne saka)


Men dette med blasfemi er noko heilt anna enn å skulde navngitte personar for å være pedofile nazisugger.
Det er faktisk slik at ein av "ulempene" med å bu i Vesten er at da må ein finne seg i å bli karikert, uansett om ein er  muslim, jøde, buddist, ateist, katolikk eller you name it. Dette er ein av dei verdiane som vi skal sette høgast. Hvis du, som innflyttar ikkje kan tåle dette; Vel, da får du heller reise herfra.

Vi har det ikkje slik som i Saudi Arabia, dette landet som i etikk og moral framleis lever i den mørkaste middelalderen. At vi som nasjon kan drive handel med dette despotiet av ein nasjon får meg til å undrast over kva ryggrad våre folkevalde har. Nei, forresten: Saudi Arabia har olje...



Men det er ikkje berre muslimar som gjer totalt latterlege ting. Eller ikkje berre latterlege; direkte skadlege kan dei faktisk være. Slik som denne historia fra Myanmar, eller Burma som landet heitte tidlegare.
Kva gale dei hadde gjort? Jo, dei hadde manipulert eit bilde av Buddha, laga litt psykedeliske fargar og (O SJOKK!!), putta på han eit headset.
For dette risikerer folka bak fire års fengsel....
Det kunne vore til å le av, men det har jo tragiske følger for dei det gjeld. Fire år i eit burmesisk fengsel høyres lite fristande ut.


Men jødane, dette folket som får skulda for omtrent alt som smakar av komplott og konspirasjonar, dei har vel ikkje slike ekstreme fjols som buddistane og muslimane??
Nei, kanskje dei ikkje slaktar ned uskuldige grunna ein tegning, men einskilde også blant jødane lever i middelalderen. Seinast godt illustrert ved dette høvet: Ein gjeng såkalla "ultraortodokse" forsinka flyet fra New York til Tel Aviv med 11 timar. Årsak: Dei kan ikkje sitte ved sidan av kvinner...
Eit godt råd: TA ROBÅTEN NESTE GANG, IDIOTAR. Nei, forresten, dei ultraortodokse kan ikkje ro. Det vil jo medføre fysisk aktivitet, det er fy-fy.

Har kristendommen nokre utslag av galskap? You bet! Som den største verdsreligionen er det eigentleg heller eit spørsmål om kva ein skal velge. Så la oss hoppe til USA, og ei av dei mest usmaklege kyrkjene vi finn der borte, nemleg Westboro Baptist Church. Dette særs motbydlege kyrkjesamfunnet har gjort det til ein vane å demonstrere ved gravferder til nær sagt kven det skulle være, og håne og trakke på den døde mest mogleg. Årsaka er eit intenst homohat. Det er homoane sin feil at USA sine soldatar døyr på slagmarka. Eller enda verre: 22. juli var guds straff for at Norge hadde liberale homolover...

Det er så ein ikkje trur det ein høyrer. Men ekstremistar er eit forunderleg folkeslag. Undrar meg på om dei rett og slett er svake sjeler, utan nevneverdig mange hjerneceller?
Mange hjerneceller er det heller neppe blant ungjordkreasjonistane. Dei meiner seriøst at Bibelen sin skapelsesberetning skal tolkast bokstavleg. Jorda er 6000 år gamal seier dei. Vel. Det fins tre som er eldre enn det.
Endatil paven (i den ikkje alltid like nytenkande katolske kyrkja) har nå krope til korset (tog du `an?), og innrømma at evolusjonsteorien er eit faktum.
Bill Maher seier det så utruleg bra i denne monologen fra i fjor vår.
Religion har nokre mildt sagt pussige problemstillingar som alle med eit snev av logisk og kritisk sans burde forstå.


Men til slutt skal vi sjå på noko av det mest groteske innan religiøst vanvidd eg har høyrt om. Vi skal til Nepal. Og her er det hinduane som er, ja rett og slett, gale.
Det er anslått at 500 000 dyr og fuglar skal ofrast til ein eller annan guddom, dette for å bringe hell og lykke. Blant dyra er det eit såpass stort dyr som vannbøffel, og 5000 slike vart slakta ned i løpet av ein dag.
"Vi kan ikkje stoppe dette, det vil fornærme folk si tru", vert det uttalt fra offisielt hold.
Jo, visst FAEN bør du det.
Dette er, utan samanlikning, noko av det mest barbariske eg har høyrt om i heile mitt liv. Ein halv million dyr skal ofrast til Skybert???





OK, dette vart masse avsindige einskildhendelsar, men alle religionar har det til felles at dei meiner akkurat deira religion er den rette.

Ein slik slutning fortel meg berre at sannsynlegvis har dei alle feil.





lørdag 3. januar 2015

På Idrettsgalla

Det har vore sterke reaksjonar på nomineringa til Idrettsgallaen som skal være nå i januar.

Det er ikkje så rart.

I kategoriane for "årets kvinnelige/mannlige utøver" så er ni av ti fra tildels marginale vinteridrettar.
Rett nok er vi ein vinteridrettsnasjon, og rett nok har det vore eit milliardsluk av eit OL borti Russland ein stad.

Det synes likevel meir enn uforståeleg, som så mange har påpeika, at to av våre aller største mannlege utøvarar ikkje er nominert.
Korleis ein kan komme utanom Zuccarello og Kristoff, ja det er ufatteleg.

Eg forstår godt at Jansrud er med, han er tross alt stor i ein av dei største vinteridrettane.
Eg ser også kvifor Bjørndalen er med, sjølv om dette antaglegvis er eit utslag av heder og ære ovanfor ein makelaus utøvar gjennom mange år. OK, han vant i Sochi, men ellers var det heller langt imellom triumfane.
Hegle Svendsen er også med. Åpenbart at OL betyr ein del, og at pussige stunt ikkje betyr noko. Når det er sagt: Hegle Svendsen er ein vinnartype eg har sans for.
Graabak er kombinertutøvar. Som ein nabo sa ein gang: Det fins antaglegvis fleire homofile rugbyspelarar enn det er langrennsløparar her i verda. Kva skal ein da sei om kombinert?
Til sist har vi Sandbech, som kjem fra brettmiljøet, dei som for berre nokre OL sidan ikkje ville være med der, fordi det var så ukult og gammaldags....

Hadde det stått til meg så hadde vi kutta ut ein skiskyttar, kombinertutøvaren og brettkøyraren. Inn hadde vi putta Kristoff, Zucca og kvifor ikkje Johnsrud Sundby, som vart den første norske mannlege utøvaren til å vinne Tour de Ski, samt at han hadde eit lass med andre gode resultat.
Dessutan ville han ha vore ein flott representant fra vår nasjonalidrett.
Eller kva er gale med Henrik Ingebritsen?
Han er i europatoppen i ein kjempestor idrett, mellomdistanseløping.


Når det gjeld damene, så burde alt anna enn ein knusande siger til Suzann Pettersen være ei bombe. Golf er megastort, og når vi har ein verdseinar, så burde svaret gi seg sjølv.
Her har juryen putta inn ikkje mindre enn tre langrennsutøvarar, det vert for mykje av det gode.
Ei handballdame måtte da vel fått plass.

Eg stussar også veldig på klassa "årets gjennombrudd".
Korleis ein kan komme utanom Sven Erik Bystrøm her er ei komplett gåte.
Dessutan vinn jo Martin Ødegård uansett, så det er ikkje det. Han har vore på turne til storklubbar ute i fotballeuropa heile hausten, så alt anna enn gevinst til han er ei bombe. Til tross for at han ikkje har spela fast på eit middels bra fotballag i den ikkje altfor gode Tippeligaen (Europacupfotball anyone??)


Vi har til sist årets trenar.
Her er sykkeltrenaren utelatt. Trenar Ørn har ført Kristoff fram til siger i Milano-San Remo, til topps i Vattenfall Cyclassics, to etappar i Tour de France (verdas største årlege idrettsarrangement), samt at han trena Bystrøm til VM-tittel i U23.



Det er ikkje rart at folk reagerer på desse utelatte utøvarane og trenaren.
Det er knapt så ein tek Idrettsgallaen seriøst.