torsdag 1. oktober 2015

Ei helsing

Sidan 21. august har eg ikkje lagt ut noko om fjellturar, sykkelturar eller noko som helst anna for den saks skuld.

Årsaka er opplagt.



Men eg skriv framleis. Tildels masse, nærast som eigenterapi.
Med tid og stunder får vi sjå kva alle skriveria blir til.


Forutan terapi for meg sjølv er det eit håp om at andre kan dra lærdom av det vi har vore (og er) igjennom.
Det er da også mykje derfor vi har vore opne om det som skjedde; Vi vil ikkje at andre skal gjennomgå det samme.

Ta gjerne ein kikk på den nye linken til venstre i margen her, LEVE.


Ein gang i framtida kan eg kanskje klare å skrive om kvardagslege ting att.

Ein gang.

Men det vil ta tid.


Lang tid.



Knut R.

lørdag 15. august 2015

Topptrimmen 2014-2016, Nordre Dyrhaugstind

Oppdatert 28.8.2016:

Da har eg gått ein tur til opp her.
Og i den samanheng kan det være greit å komme med nokre opplysningar som gjorde god nytte for seg.
Vi køyrde fram i Ringsdalen, ein noko sjaber anleggsveg, og parkerte like før bekkeinntaket der. Der kan ein krysse elva ved å gå på nedsida av den vesle demningen. Sidan elva jo går i røyr herifra, så er det nemleg tørt. På heimattvegen prøvde vi å krysse elva lenger inne i dalen, men det gjekk ikkje.

Etter dammen er det sti, og eg vil anbefale å følgje denne til ein er komen forbi dei verste vidjekratta ein kan sjå oppe i dalsida. Da kan ein bryte rett opp, og ein kjem opp på Nedre Dyrhaug ganske så kjapt. Deretter er det berre å følgje ryggen oppover til Øvre Dyrhaug, og vidare til sjølve posten.

Kvifor er det ein god ide å gå fra Ringsdalen?
Næ, det er totalt over fire kilometer kortare enn å gå fra Turtagrø, og startpunkt er på godt over 1000 m.o.h. dvs. vi får ca. 120 høgdemeter mindre å gå enn fra Turtagrø.
Rett nok har sikkert dei aller fleste som er med på Topptrimmen denne perioden allereie vore på denne toppen, men hvis det framleis er nokon att: Gå fra Ringsdalen. Vi brukte nøyaktig to og ein halv time opp, på ein heller tung dag, og totalt vart det 1062 høgdemeter. Distanse 10,4 km, og det er inklusiv litt surr med å krysse elva på veg nedatt.
Vi traff andre fjellfolk denne dagen som gjekk fra Turtagrø. Deira Stravaspor viser ein tur på 14,4 km. og over 1200 høgdemeter. Det er jo ein forskjell som kan være verdt å merke seg.
På veg nedatt til bilen.


Her ser vi inn Ringsdalen, og sjølve bekkeinntaket til venstre. Fortset inn stien på motsatt side, og forbi småkratta, så sparer du deg ein del bal.

Tørrlagd elv. Vi ser brua på "Tindevegen".

Ein liten pust i bakken før den siste biten ned til bilen.

Ringsdalen.

Dyrhaugsryggen gir fin utsikt.

Men på toppen var det skodde denne søndagen i slutten av august 2016. Kontrasten var rimeleg stor til det flotte utsynet fra i fjor sommar.



Stravaspor pr. 28.8.2016.


*******************************************************





Klart for tur nr. 8, og det var ingen ringare enn denne utgåvas høgste topp, Nordre Dyrhaugstind, høgde oppgitt til heile 2100 m.o.h.
Eg tviler kanskje litt på om den høgda stemmer, men det høyres nå litt imponerande ut.

Startpunkt er oppgitt til anten Turtagrø eller i Ringsdalen.
Eg valde ingen av delene, men sjekka med kartet og kjentfolk på førehand, og gjekk opp fra det som heiter Skagastølen.
Det var eigentleg heilt OK, for det er merka sti, på kartet vel og merke. I terrenget var det verre, så eg kasta bort eit par minuttar på å velge dette startpunktet. Ein gamal og lite brukt sti i terrenget er tegna inn som sti på kartet.
Vel, terrenget var såpass greit at det gjekk fint å finne fram utanfor stien også, og eg kom opp til eit vatn på det som heiter Nedre Dyrhaug. Her ser ein laaaangt opp mot toppen, og tru meg: Det er MYKJE lenger enn det ser ut til. Dyrhaugstind er ein av desse store fjella der ein blir som ein mygg. Ein kilometeres gange til, og eg kom opp til eit par nye små vatn oppi fjellet, nemleg på Øvre Dyrhaug. Originaliteten kjenner ingen grenser i Jotunheimen. Her traff eg fire unge spreke individ, som hadde vore på toppen. Dei kunne melde om fint vær og lite vind.

Etter nokre hundre meter til, så traff eg enda eit par personar. Dei viste meg litt til høgre oppover ryggen, der var det visstnok satt opp nokre vardar her og der, og ein kunne sjå noko som likna ein sti oppover.

På førehand hadde eg høyrt at denne turen skulle være mykje lik Steindalsnosi, med masse stein og greier, men no var eg alt komen opp på 1500 m.o.h. utan å ha særlege problem, så det var nå uansett bedre.

Det låg og att store snøfenner. Eg kryssa eit par av dei oppover, men dei skulle komme til langt meir nytte når eg skulle ned att....
Snøen var heilt grei å gå på, iallfall bedre enn å stavre seg omkring i ei samanhengande røys ala Steindalsnosi.

Men det var utruleg kor drygt det var oppover. I avstand er det rett nok ikkje så langt, men det stig jamnt og trutt heile vegen. Først når ein nærmar seg 2000 m.o.h. så flatar det ut, og Dyrhaugsryggen vert smalare og smalare. Rett før det vert så smalt at det sikkert kan være litt ubehagleg for nokon kvar å gå, så er posten plassert.
Når eg snakkar om ubehagleg, så tenker eg på høgder.
For her er det høgt ned. VELDIG høgt. På begge sider. Ikkje slik at ein treng å utpå dei verste plassane, men hvis ein vil, så kan ein omtrent flyge ned att på begge sider, både mot Skagastølstindane og mot Soleitindane/Ringstind.

Utsikta her oppe er noko av det mest storslagne ein kan oppleve som vanleg turgjengar i dette området. Det er eit makelaust utsyn, og i dag var det strålande sol, noko som jo var heile årsaka til at eg var der. Det å reise opp hit i dårleg vær er heilt meiningslaust. Bli heime dersom det er skodde. Ikkje berre fordi at ein ikkje skal gå i skodda, men da ser ein jo ingenting, og da synes eg heile hensikta med turen er borte.

I dag altså: Klart og sol i 360 grader. Fantastisk. Hadde det ikkje vore for dei litt barske vindkasta som kom innimellom, så kunne eg blitt der enda lenger enn eg var.

Medan eg var på toppen, så høyrde eg stemmer. Ikkje inni hovudet, men av folk eg ikkje kunne sjå. Så, borte på sjølve Store Dyrhaugstind, såg eg tre personar. Dette var tre klatrarar som hadde kome fra Bandet. Det var no blitt godt utpå ettermiddagen, og dei hadde starta på morgonkvisten. Klatring er ikkje for stressa folk.
Desse tre var openbart i langt bedre form enn meg, men eg slo nå følge med dei nedover. Vi sklei på dei lange snøfennene nedover, og det er garantert dei kjappaste 600 høgdemetrane eg har kome ned nokon gong. Trur ikkje vi brukte meir enn eit kvarter, det gjekk så det kosta nedover. Fin passe fast snø i eit par kilometer..... Skulle hatt med eit lite akebrett. Dei tre klatrarane skulle nedatt på Turtagrø via Skagadalen, så da takka vi for følget, og skilde lag nede på ca. 1500 m.o.h. Da var eg komen ned att på Øvre Dyrhaug, og det var tid for litt mat, dessert og belønningsdrikke.

Medan eg satt der åleine oppi fjellet, så fant eg ut at eg kunne gå ein litt annan veg ned til bilvegen. Det var framelis ingen sti, men eg tok det med ro, og tok det heile som ein rusletur i høgfjellet. Fint vær, og inga grunn til å kave seg ned att i full fart.
På kartet er det tegna inn ein sti inn Ringsdalen heilt nede fra vegen før ein kryssar brua når ein kjem fra Turtagrø.
Men påny var dette berre ein lite brukt og svært dårleg sti. Det betydde at eg for andre gang på samme tur hadde følgt kartet, og berre funne to ubruklege stiar, ikkje bra.

Uansett kom eg velberga ned att utan problem, og ikkje minst utan å ha så jekla vondt i knea som etter turen til Tussen i forrige månad. Den kjappe turen på snøen hjalp nok godt til i så måte.
Dessutan hadde eg støtte på begge knea, og gjekk også for første gang topptur med gangstavar. Det burde eg ha gjort for lenge sidan.

Hvis eg kan få komme med velmeinte tips, så må det være å starte fra Turtagrø. Der skal det være skilta innover mot Skagadalen. Ein får litt lenger å gå, men det var altså ikkje noko sjakktrekk å starte på Skagastølen, til tross for at det er merka sti der. Inni Ringsdalen kan sikkert også gå an. Hadde eg fått gå turen ein gang til, så hadde eg starta der. Da er ein alt komen opp på over 1000 m.o.h. i bil...

Turen er på langt nær så steinete og fæl som opp på Steindalsnosi. Rett nok er det ein del ur, men det er ikkje fullt så bratt, og som nevnt er det mange store snøfenner som ein kan gå på. Det kan sikkert være ein god ide å reise no i haust, for det er slett ikkje sikkert at det blir så fine tilhøve neste sommar.

Det var uansett ein veldig flott tur. Det er omtrent umogleg å gå feil. Dyrhaugsryggen smalnar gradvis til oppover, og når det er så smalt at du ikkje vil gå lenger, så er du på posten.
Utsikta er som nemnt aldeles utruleg. Kor mange mil eg såg i dag har eg inga aning om, med det totale arealet eg kunne sjå var kjempedigert. Lodalskåpa, Hest, Bleia, Tundredalskyrkja, drøssevis med kjente og flotte toppar i einkvarretning. Som sagt: Inga vits i å gå her i drittvær.

Litt tall: Heile turen var 11,6 km. Eg fekk 1178 høgdemeter, noko som seier at her stig det jamnt heile vegen. Ikkje mykje opp og ned her!
Fra bilen og opp brukte eg nøyaktig to timar og 39 minutt. Det inkluderer surret i byrjinga, og alle stopp for å finne vegen.
Heile turen tok fire og ein halv time, inklusiv matpause, klesskifte, fotosession.... Total "moving time"var på tre timar og 33 minuttar. Det er såleis ikkje ein spesielt lang tur, og eg kan garantere at eg ikkje går spesielt fort.

Konklusjon: Den desidert flottaste utsiktstoppen eg har vore på EVER, og vel verdt bryderiet.
Du kan glede deg til du kjem opp. Men eg gjentek: Gå i finvær. Hvis du absolutt skal gå i dårleg sikt, så er det nesten vekkasta å gå hit.

Ellers: Når eg var komen nesten ned att, så møtte eg fleire personar på veg opp/inn i fjellheimen. Forhåpentlegvis skulle dei ikkje så langt, eller dei hadde telt med. Det var byrja å bli kveld, og neppe gunstig å legge ut på altfor lang tur. Jotunheimen er ikkje til å leike med.

Og nå: Bilder.

Her er eg da komen opp på det som er kalla Nordre Dyrhaugstind. Posten er lett å sjå, ein kan ikkje gå meir enn fem meter på kvar side, så denne kan ein ikkje unngå å finne. Og rett bakom erdet veldig smalt.

Obligatorisk med eit bilde av posten og Storen i bakgrunnen.

Skagastølstindane. Hvis eg ikkje hugsar heilt feil så har toppen lengst nord, dvs. til venstre på bildet vore med på ein topptrim ein gang.

Altså....eg har nesten ikkje ord for kor fint det var denne dagen...

Ser du klatrarane?

No er det nok lettare. Det seier litt om dimensjonane. Dette er altså Store Dyrhaugstind, 2142 m.o.h. men det er for dei meir klatrevante og neppe anbefalt for oss vanlege fjellturfolk.

Eg gjekk opp til høgre på ryggen, men kryssa eit par snøfenner likevel. På veg nedatt sklei vi samanhengande omtrent heilt fra så langt oppe ein ser snø og heilt ned.

Startpunktet. Eg gjekk opp den vesle grusvegen. Og eit godt råd: Ikkje gå der.

Her er Stravaspora for heile turen. Som ein ser kom eg nedatt på ein heilt annan plass enn eg gjekk opp, og eg følgde kartet begge vegar, for det skulle liksom være stiar der. Men altså: Det var det ikkje. Vi snakkar da om dei første fem-seks hundre metrane, samt dei siste fire-fem hundre.

Og her er sjølve toppen. Som ein ser smalnar  det veldig inn på slutten, og høgdekurvene fortel atdet er bratt og høgt ned på begge sider. Vis aktsemd!!

torsdag 13. august 2015

Sykkelturar på uvante vegar


Oppdatert 2.10.2015:
Legg inn nokre bilder fra turen fra Anda til Skei onsdag 19.8.2015. Ein flott seinsommardag, men med ein del motvind. Gjekk i sneglefart i Våtedalen, men detvarvarmt og fint i været, så da fekk eg heller tåle litt vind.

Eit tips: Dersom ein skal sykle denne turen, så ta av fra  Riksvegen (eller er det Europaveg?) på Anda, og køyr denne idylliske og rolege vegen inn mot Sandane. Den ligg godt oppe i landskapet, slik at ein har fin utsikt ned til Gloppefjorden her og der. Den gamle riksvegen nede langs fjorden er litt meir trafikkert.

Utsikt mot Rygg.


Sandane.

Langs Breimsvatnet tok eg ein stopp berre fordi det var så fint og varmt.

Her er eg komen forbi Byrkjelo, og grunna den ganske tettetrafikken (for ikkje å snakke om farten) så er det ein god ide å sykle på gang/sykkelvegen så langt ein kan.

Ein ser kanskje ikkje vinden på bilda, men den var ganske heftig. Gangvegen kan ein følgje eit par kilometer fra Byrkjelo.






























Og her er eg komen til kommunegrensa. Kun nokre kilometer att i lettare terreng fra Klakegg og ned til Skei. Ein flott tur var det på knappe fem mil.

***************************************************************************



Ingenting er så artig som å sykle i nytt og variert terreng, eller på nye  vegar rettare sagt.

Var til Kvinnherad forrige veke, og fekk der gleda av å trille på stader der eg aldri har fått sykle før.

Vi pleier å ta oss ein tur eller to til Kvinnherad kvart år, men først no fekk eg somla meg til å ta med tohjulingen. Det er eigentleg ei stor skam.
Kvinnherad kommune er ganske vidstrakt og har ein del vegar å velge mellom for oss som likar å trille. Det er også høve til å ta ein fin rundtur som inkluderer ein liten ferjetur. Aberet da er at ein havnar på meir trafikkert veg mellom Husnes og Rosendal, samt at ferja ikkje går kvart minutt for å sei det slik. Kommunen er i areal over 1100 km2 og har eit folketal på ca. 13200.

Eg valde å sykle fra Matre, over "fjellet" som dei kallar det lokalt, og ned til Omvikdalen og inn til Rosendal. Der er det obligatorisk med ein snue opp til Baroniet før eg for min del valde å trille heimover att.

Vegen over "fjellet" er ganske lite trafikkert, og av heilt grei standard. Toppen ligg på ca. 380 m.o.h. Vegen vart utbetra for nokre år sidan, og siste åra er det lagt ny asfalt her og der. Ein kan også køyre langt innover mot Folgefonna på gode anleggsvegar etter kraftutbyggingar på1950 og -60 talet. Alternativt kan ein køyre til Åkra i stikk motsatt retning. Der er det nokre små tunnellar, og vegen er meir "variert"...
Generelt sett kan ein sei at det er eit veldig fint sykkelterreng, med kortare bakkar enn våre lokale fjell her i Sogn.

Det er i grunn berre ein einaste ulempe, og det er eit svært uforutsigbart vær, som inneber mykje regn.
Matre har Norgesrekorden i nedbørsmengde, 227 mm. nedbør på eitt døgn. Ikkje berre det: Det er målt meir enn 200 mm nedbør i løpet av eitt døgn berre seks gonger her i landet. Fire av dei seks gangene er i Matre....

Så da eg la avgårde torsdag 6. august var det brukbart vær (merkeleg nok). Da eg var komen ein kilometer oppi "fjellsida" (Det er rett inn i ein stigning på ca. 3 km. og 250 høgdemeter) så såg eg det var ei regnsky uti fjorden bak meg. Det var langt ut dit, så eg tenkte at dette gjekk sikkert greit.
Så feil kan ein ta.
To minuttar seinare så bøtta det ned. I mengder.
Ned att fjellet, dvs. mot Rosendal, så plaska det. Her er det ei fin rettstrekke nedover, men grunna mykje vatn på asfalten måtte eg ta det litt med ro. La så vegen utom til Dimmelsvik trur eg det heiter, før eg trilla riksvegen inn mot Rosendal.
Regnet hølja ned like hjarteleg, så eg køyrde opp til Baroniet, fant nokre tre å stå under, og åt ei banan. Det var uråd å sjå over fjorden, ikkje grunna tåke, men tett regn.
Vel, været kan ein ikkje styre, så det var berre å komme seg heim att. Tenkte at det vart uansett fire mil og ei fin bakkeøkt, eg måtte jo over "fjellet" att også, og no var det fra havnivå. Svippa innom ein bensinstasjon, mest for å unngå to minuttar plaskregn, kjøpte ein Red Bull og ein Hobby, før eg byrja på bakkane.

Og så: Like brått som regnet hadde kome, så slutta det. Ikkje så mykje at det vart sol, men iallfall såpass at skydekket heva seg og eg kunne sjå fjelltoppane. Ein time styrtregn var over, greit nok det. Ein mengde regn som vi har svært sjeldan her i Sogn.
No var det å sykle rett inn i bakken fra motsatt side, og det var tyngre herfra. Ca. 2,8 km. og 270 høgdemeter og nesten berre rett fram.

Oppe på platået var det nå opphaldsvær, og sidan det nærma seg kveld vart lyset heilt spesielt.
Eg tok anleggsvegen opp mot Blåfalli, her kan ein sykle nesten to mil innover på vegar omtrent utan trafikk, og på nylagd asfalt iallfall dei fire kilometrane som eg tok turen. Veldig fint!
Stoppa oppi hogget og såg utover eit regulert vatn og beundra lyset i horisonten.
No var eg komen opp på ca. 450 m.o.h. men sidan dette er lenger ute ved kysten, så verkar det omtrent som å være oppe på 700-800 m.o.h her heime.
Utan det intense regnet var utsikta nesten malerisk. Eit underleg lys fylte dalføra og eigentleg skulle eg  ha vore der oppi fjellheimen til det vart mørkt, berre for å sjå.

Det var likevel berre til å trille heimatt. Tørr var det uråd å bli etter det kraftige regnet, og det var lite fristande å stå oppi fjellet til ein vart kald.
Til slutt vart det eigentleg ein veldig fin tur på rett nok berre knappe fem mil, men med i alt tre stigningar på i alt ca. 850 høgdemeter fordelt på under mila. Det er merkeleg kor mykje greiare det er med tre kortare stigningar enn med ein lang ala Turtagrø....

Ein ting er iallfall sikkert: Sykkelen blir med til Kvinnherad kvart år heretter. Fantastisk flott sykkelterreng! (Hvis ein tåler regn i bøttemengder som kjem omtrent fra klår himmel)



Vendepunktet ved Baroniet. 

Her er eg komen ca. 450 m.o.h. og det er såleis eit regulert vatn vi ser, ikkje noko fjord eller liknande.

Det går kanskje ikkje så godt fram av bildet, men det plaskregna akkurat her.

Dette er fra toppen av den seige bakken opp fra Omvikdalen, 2,8 km. og 270 høgdemeter.






Ein annan morsom sykkeltur var mandag 10. august.
Etter å ha vore til Dalsdalen tre-fire ganger i år, så fekk eg ideen om å prøve å sykle opp til Kolstad. Rett nok har eg sykla opp dit før, og heilt opp bomvegen  innpå fjellet, men det var på terrengsykkel.
No ville eg prøve med crossykkelen, og eg var klar over at dette kunne bli veldig tungt. Men det var jo heile vitsen.
Lettaste utveksling på crossen er 34 på krank og 28 på kassetten, altså heilt noko anna enn på ein terrengsykkel. Dekka er også heilt noko anna, kun 35 mm, og med crossmønster, ikkje knastedekk som på ein terrengdoning
Ein vanleg terrengsykkel har gjerne krank på 24 som det minste samt opptil 36 på kassetten. Med slik utveksling kan ein omtrent sykle opp Feigefossen.
Dekka er ofte 2,2 tommar, eller iallfall 1,75.


Først innover fjorden, og kun ei vatnflaske. Inga vits i å dra med seg meir enn ein må. Skrotten er uansett tung nok....
Opp fra Luster"sentrum" og til avkøyrsla opp Åsen er det Stravaopplysningar, og her har eg sykla tre ganger før i år. Bakken er ca. 1,5 km. og stig 137 høgdemeter, ein ganske så seig sak altså. Strava opplyser at det er i snitt 9,2% stigning. Eg tok det heilt piano opp her, for eg visste kva som skulle komme.

Men denne bakken er likevel lett samanlikna med det å komme seg opp fra Tadlagjerdet og til Kolstad. Rett nok er det ikkje så langt, berre ca. 1,3 km. før ein kjem opp til snuplassen før sjølve garden. Heilt opp til bruket er det for øvrig ca. 1,6 km. men det er altså dei første 1,3 km. at ein får testa seg. Her stig det ca. 170 høgdemeter, altså eit snitt på 13-14%.
Svingane er svinbratte, og det er mange av dei, faktisk 11 hårnålssvingar i alt. Veldig gøy men også utruleg hardt. Vegdekket er grus, stort sett fast og ok, men med einskilde lausare parti der ein MÅ sitte for å unngå å spinne.
Når ein sit og syklar opp her så kjenner ein at framhjulet er i ferd med å lette, og når ein står så er ein i fare for å spinne. Det var faktisk akkurat på håret at eg klarte å komme opp med crossdoningen. Måtte stoppe å trekke litt ekstra luft etter ca. 700 meter, da hadde det gått på makspuls heile vegen.
Det å komme i gang att var også eit kapittel for seg sjølv.


Da eg kom opp på snuplassen så møtte eg utruleg nok kjentfolk, det var enda bra, for da kunne nokon stadfeste at eg hadde komen meg opp. Neppe mange syklar med bukkestyre som har vore opp her før.

Trilla så over brua og bort til sjølve gardsbruket, måtte jo sjå litt på utsikta.

Deretter var det berre å komme seg nedover att, og ned her var ei oppleving også.
Vel nede i dalføret var det berre til å skifte klede. Inga vits i å gjere det på toppen da ein må sykle så forsiktig ned at ein ikkje vert kald uansett.


Turen opp til Kolstad er å anbefale. Det er bratt og tungt, men på terrengsykkel går det eigentleg greit. Med cross vart det tungt, men det var nå mest for å teste seg sjølv og doningen, og eg prøver nok til fleire ganger også, berre for moro.
På skogsykkel så kan ein komme heilt opp på den lokale anleggsvegen, men her vert det enda brattare enn dei 13-14 prosenta opp til Kolstad. No er det mange år sidan eg sykla opp der, men eg meiner å hugse at her kjem ein opp i ein snittstigning på nærare 20 prosent, og med parti på over 25. Det skal eg love ikkje er å leike med.
Trur sanneleg at eg må skaffe meg ein terrengsykkel å prøve....



Utsiktsbilde ned att Dalsdalen. Rett ved sidan av bjørka kan ein skimte vegen svinge seg opp.

Flott utsyn!

Her er krysset der ein kan ta av opp anleggsvegen. Skal ein sykle opp der så er terrengsykkel einaste alternativet.

...og her er turen opp....



lørdag 18. juli 2015

Ein tur på Børesteinen.

Børesteinen ovanfor Luster er vorte eit populært mål for mange hobbytrimmarar.
Det er ikkje rart.
Flott utsikt og akkurat passe langt.
Langt og bratt nok til å bli heit hvis ein vil, kort og lett nok til å ta det som ein familietur.
Iflg. Strava så var heile turen på ei dryg mil.

Vi brukte ein fin sommardag til å ta turen opp. For min del var det andre gangen eg var der ettersom eg gikk forbi der i høve topptrimturen til Kinnfokfjellet for nokre år sidan.
Børesteinen ligg ca. 1000 m.o.h.  og hvis du ikkje alt har vore der, så bør turen takast så snart som mogleg.
Det er sannsynlegvis få stader som har ei slik utsikt etter så kort tur.

Enjoy!!
(Turen altså)

Midtveges mellom Berge og Børestein finn vi merkeleg nok eit nesten flatt parti. Her var det ein støl i si tid, Ferestad. I dag er det kun att ei hytte av heller ny dato.




Ein kan ikkje fri seg fra tanken om kor tungt livet må ha vore i gamle dagar når dei satte opp hus på denne måten.


Steingjerda på Ferestad har neppe kome av seg sjølv...

Her er vi nesten komne opp, og det ligg framleis ei lita snøfonn att.

Ein fin liten foss kjem vi for forbi nesten på toppen.


Mykje grov og gamal skog.

Litt eventyrstemning:
"Det var en gang...."

På toppen, og vi ser inn mot Dalsdalen.

Grønn fjord, m/båt. Det passa jo bra.


Velkjende fjell i horisonten.

Storslagent utsyn mot Molden, og vi kan sjå heilt til fjellet Bleia ovanfor Frønningen i Lærdal.

søndag 12. juli 2015

Topptrimmen 2014 - 2016, Tussen.

Da var omsider topptrimsesongen i gang!

Ein vinter med masse snø, samt ein kjølig vår og sein sommar har medført sein sesongstart, så da var det berre å prøve på den lågaste av dei toppar som står att, nemleg Tussen, eit fjell beliggande over Fortun.
Toppen ligg på 1232 m.o.h. så det høyres jo ikkje så veldig avansert ut å labbe opp her.
Når ein i tillegg kan starte fraYttri i Fortun, ca. 100 m.o.h. så kunne ein tru at dette var som ein tur ala Molden.

Så feil kan ein kan.

Medan Molden er ein heller lett topp som endatil mindreårige kan komme seg opp på ein grei måte, så var Tussen noko heilt anna. Dette var definitivt inga rute for ungar.
Det var bratt, kronglete og det var berre opp....


Litt meir detaljert om startpunkt:
Eg valde å starte fra Yttri, da dette er ganske så mykje kortare enn å gå fra Heltne i Skjolden.
Det er på Luster kommune sitt fine kart, tegna inn ein raudmerka sti fra Yttri og opp til ein støl som heiter Lønningane, denne ligg  i underkant av 700 m.o.h.
Det å finne stien opp var litt krøkkete.
Heldigvis hadde eg lese litt på Topptrimmen si FB-gruppe, og eg fekk nyttige opplysningar der.
Vi skal nemleg starte rett ovanfor den einaste ferista som er på denne vegen, og der går det ein umerka sti ovanfor eit fraflytta hus. Etter nokre titals meter står det eit skilt med "Lønningane" på, og da er ein på rett veg. Men kvar er raudmerkinga??? Den er verre å finne, så eg tråkla litt fram og tilbake, før eg såg at her hadde det gått folk før. Eg rusla litt oppover, og etter ca. 100 meter, så kom eg inn på stien. Det var ein tydeleg sti oppover, men merkinga var gamal og ikkje vedlikehaldt. Grunna mykje snø i fjellet, så rann det og ein del vatn her, iallfall i dei nedre delane avstien. Det bratta gradvis til, og stien gjekk stadig nærare ei lita elv. Dette er sikkert berre ein bekk på seinsommaren, men no var det faktisk trøblete å komme over. Det medførte at eg måtte gå på feil side langt oppover, i eit skikkeleg dårleg terreng, bratt og mykje tilvokst med småskog, lite gøy. Omsider kom eg over elva, og kom bort til kraftlinja. Her såg eg det øverste selet på Lønningane, og såg opp mot siste bratte parti. Iflg. FB-innlegget skulle det være mogleg å gå langs kraftlinja, så da gjorde eg det, men dei siste parhundre metrane var veldig bratte, og prega av grov ur og særs lite gåvennleg. Eit skikkeleg tungt terreng var det. Eg var sjeleglad for å komme velberga opp på slette fjellet. Det å gå ned att her ville være med fare for liv og helse, og eg måtte vurdere andre ruter. Ned att samme ruta var iallfall heilt uaktuelt.

Eg gjekk under kraftlinja, og mot sjølve toppen ca. to kilometer bortover. Her var det lett å gå, men det er svinhøgt utover nedatt mot Fortun. Gikk derfor litt inpå....
Men fin utsikt da!!
Det ein skal være obs på her, er ei rekkje sprekker i fjellet, og det er på flate marka. Nokre av dei er små, medan andre er store, gjerne svært store, dei kjem ein kanskje borti dersom ein kjem fra Rebni. Fjellet her må være ustabilt, og det vil ikkje forbause meg om det ein gang i framtida kjem til å gå eit kjemperas her. Reknar med at fjellet er overvåka.
Som sagt: Vær obs på sprekkene når du går bortover, nokre av dei er så djupe at du ser ikkje botnen, og hamnar du nedi her, så er det finito.

Det var ein heil del snø att, endatil her nede på mellom 1000 og 1100 m.o.h. Rett nok i fenner, men sidan eg aldri tek sjansar når eg går solotur, så måtte eg ta ein og annan snue for å være på den trygge sida. Hadde lite lyst til å ramle gjennom ei fonn.....

Det var lett å finne toppen. Varden er plassert heilt utpå kanten, og når ein kjem via Rebni er kontrasten enorm. Fra nesten flat slette, og rett ned att mot Fortun. Her er det verkeleg høgt ned!!

Flott utsikt mot kjente fjell i Jotunheimen, sjølv om vi berre er dryge 1200 m.o.h.

Det var mildt og fint denne dagen, og bortimot vindstille. Eg henta posen med bok og tang, og fekk notert namn og klypt i kortet. Satte meg litt innpå, da avgrunnen på andre sida er nesten uhyggeleg stor.... Hoi, kor høgt det var!!
Eg var nr. 95 i boka totalt, og nr. 4 i år.


Men aberet no: Kvar skulle eg gå ned att?
Eg bestemte meg for å få tak i hjelp, dvs. sjåfør fra Heltne, og dermed gå den antaglegvis langt tryggare ruta ned att i Skjolden.
Det å gamble med å gå nedatt der eg kom fra var som nevnt uaktuelt.

Eg avtalte med sjåfør, men såg at eg også kunne gått forbi eit vatn som heiter Skurvenosvatnet, og ned att på stølane Smolo og Bruhaugstølen. Iflg. kartet var det sti herfra og ned til Yttri, men dette ville bli eit par kilometer lengre enn å gå ned att på Heltne.

Det måtte bli Rebni og Heltne.
Men før den tid måtte eg ned til ein gamal fjellstøl som heiter Myrasete. Derfra var det sti ned til enda ein støl, Skori, ca. 850 m.o.h.
Stien fra Myrasete og til Skori var også eit kapittel for seg sjølv, for også her var det veldig langt ned nokre stader, men var det i det minste greit å gå.
Snøsmeltinga hadde gjort ein bekk om til lita elv også, og det hadde danna seg ein foss over stien som eg måtte gå igjennom. Det var ikkje spesielt trivleg, for nedanfor stien, naturleg nok glatt av vatnet, så var det påny rett utover....langt....
Heldigvis var det greit å gå.

Nede på Skori var problemet å finne stien ned til Rebnisli, enda ein støl, antaglegvis ein vårstøl fra gammalt av for bruka Skori og Rebni for alt eg veit. Her kom eg tilfeldigvis over ny raudmerka sti, gamal og heller ikkje her vedlikehaldt. Dessverre gjekk stien i ein heilt anna retning, så etter ein konferanse med kartet, så snudde eg, og etter litt leiting fant eg endeleg stien ned til Rebnisli.

No var knea byrje å verke noko infernalsk, og verre og verre vart det. Nedanfor Rebnisli var det faktisk ein slags ATV-veg ned til det no fraflytta bruket Rebni. Der var eg på skuletur i tredjeklassen. Derfra og ned til Heltne var det greit å gå. Hvis det berre ikkje hadde vore for knea som no verka som ville helsike. Av og til gjekk eg baklengs nedover, berre for å unngå kor vondt det var.
Det gjekk såleis veldig seint ned fra Rebnisli og til Heltne. Det var tre svært vonde kilometer.....

Omsider kom eg nå ned i vegen, og vart henta av sjåføren. Han køyrde meg inn att på Yttri der bilen stod like trygt.

Konklusjon: Ein skikkeleg vond og tung tur. Knea verka som F dei siste fire km, det positive får være at det er kun i unnabakke....

Turen opp gjekk forsåvidt OK, men det å gå fra Yttri var ein dum ide. Kortare, javel, men snøsmeltinga gjorde at eg måtte ta omvegar da elva var for stor til å krysse der eg skulle. Det å komme seg opp fra Lønningane og opp på sjølve platået var krevjande. Du må for all del ikkje gå med ungar her, og du skal ha litt trening for i det heile tatt å komme deg opp. Det å gå ned att her er for dei fjellvande og godt trena. Mine bein er ikkje bygd for noko slikt, og sidan det var så krøkkete å gå, så tok eg altså ikkje sjansen grunna fare for fall og skade. Eg gjekk jo åleine.

Fra Heltne og opp må være det beste, evt. via den andre ruta som eg har skissert. Men det veit eg jo ikkje sikkert, gikk jo ikkje der. Dog såg eg store deler av ruta fra toppen, og det kunne nok vore eit alternativ.

Eg skal uansett ikkje oppatt her, flott utsikt til tross.
Eg vil også anbefale å vente nokre veker til før ein tek turen til Tussen. Det er framleis ein heil del snø i fjellet, og kven veit kva som skjuler seg under?? Eg gjekk fleire omvegar, berre for å unngå moglege farlege parti.


Litt data:

Heile turen var 16,2 km. Det var 1246 høgdemeter.
Turen tok seks timar og 13 minuttar. Det inkluderer fotopausar, laaang pause på toppen, og tråkling for å finne stiar fram og tilbake.
"Moving time"var  4 timar og 50 minuttar, så da seier det seg sjølv at det har blitt mykje stopp undervegs....
Fra Yttri og opp var det ca. 6,5 km. noko som betyr at det var nesten ei mil nedatt til Heltne. Dette er inklusiv dei snuane ekstra eg måtte ta, samt at eg gjekk feil nede ved Skori. Dette ser ein på kartutsnittet nedanfor.


 Her er Stravaspora. Opp fra Fortun, ned i Skjolden.
 Eg byrja å gå herfra.
 Her står skiltet, men herfra og i 100 meter vidare fant eg ikkje merking i det heile, før tilfeldigvis stien dukka opp att...
 Det var kjentfolk i skogen også....
Mykje grov og gamal skog oppover fra Yttri.
 Eg hadde ikkje gått så veldig langt før det var fint utsyn til Skagastølstindane.
 Som ein ser var det litt kroglete å gå til tider. Mykje skog som låg velta.
 Her var eg endeleg komen opp på platået. Eg kom opp ca. 100 meter bortanfor masta, og terrenget nedanfor er som ein ser, ikkje av det lettaste. Og tru meg, det er brattare enn det ser ut.
 Ah.... Sognefjellsvegen... der vi sykla forrige laurdag....
 Varden på toppen. Vi er her inne i eit landskapsvernområde, jfr. det vesle skiltet framfor. Ellers ser det fint og flatt ut her, men på andre sida av varden er det fuglane som herskar...
 Nedatt i Fortun, det er toppunktet vi ser eit utsnitt av.
 Høgt ja....
 Her får ein inntrykk av kor rett utover det er.
 Utover Lustrafjorden, og i framgrunnen ser vi der eg gjekk fra kraftlinja og bort til toppen.
 Her var eg komen ned att på den øverste stølen.
 Fra stien ned mot Skori, stølen altså.
 Her er den omtala fossen, og såleis må ein ikkje være redd vatn. Kanskje like greit å vente nokre veker?
 Rebnisli.



Fra Rebni, og ned mot Skjolden.