søndag 21. desember 2014

Sistelitenjulegavetips!!

Kun få dagar att til jul, og dersom du ikkje har fåt handla inn gåve til konekrone enno, så er det jammen på tide.

Og sanneleg, sanneleg seier eg dykk: Dette er Gåva med STOR G.

Hvis ho ikkje vert fornøgd med dette, så vil ho ikkje bli fornøgd med noko.




Eit nytt strykebrett i moderne design, til den moderne kvinne.


Bedre blir det ikkje.




søndag 14. desember 2014

Sykkelåret 2014, fra A til Å

A for april.
Månad av året da alle lokale syklistar finn ut at dei skal ut å trille. Forøvrig ein veldig god ide.

B for Boasson Hagen.
Norsk syklist som har dalt i prestasjonar siste åra. Nå på eit sørafrikansk lag saman med lassevis av andre nye ryttarar som har nesten samme eigenskapar.

C for cyclocross. Den desidert kulaste vinteridretten! Langrenn og hopp? Boooring.....
Ta ein kikk på eit cyclocrossritt fra Belgia.

D for drittvær. Noko vi opplevde på både Sognefjellet og Hardangervidda i år. Og det til dei grader.

E for Eidfjord. Tettstad i Hardanger der ein kan kvile litt før ein skal sykle Måbødalen.

F for Fanaråken. Fjell i Jotunheimen som vi knapt kunne brydd oss mindre om medan vi sykla forbi der i eit episk vær.

G for Grusveg. Vegdekke som er artig å sykle på, spesielt hvis ein sjølv har cross, og dei andre har racer...

H for Hushovd, med Thor til fornamn. Norsk supersyklist som burde og skulle vunne mykje meir dersom han hadde valgt dei rette laga. Nå legg han opp, men du verden kor mange gode stunder han har gitt oss.

I for infernalsk vær på fjellovergangane, hagl og storm i vindkasta. Kjem ikkje over dette. Sjå ellers D.

J for Jostedalen. Fint dalføre der ein kan sykle heilt opp til nesten 1200 m.o.h. og i over 10 mil.

K for kilo. Noko ein har altfor mykje av.

L for lettvektar. Noko ein drøymer om å bli, sjå ellers K.

M for morgonstund. Tidspunkt på døgnet da ein absolutt ikkje skal sykle. Heretter blir det ikkje mange turane ut før kl. 1200 om dagen. Gi meg kl. 2100 om kvelden ein fin sommardag istaden.

N for natt. Tidspunkt på døgnet ein må stå opp for å rekke starten på Voss-Geilo.

O for Oscarshaug. Punkt på Sognefjellet der ein var glad for å ha litt for mange K under årets Sognefjellritt.

P for Paris-Roubaix. Sesongens mest spesielle sykkelritt. Med brustein i over 50 km.

Q for Quintana, Nairo til fornamn. Superklatrar fra Colombia som garantert vil vinne Tour de France i løpet av eit par år. Giroen i år....

R for rot. Tilstanden i internasjonal sykkelsport. Eit forbund som er i utakt med det meste.

S for Sykkel.

T for tøffing. Eller Adam Hansen om du vil. Australsk syklist som for andre år på rad fullførde alle dei tre Grand Tours. Legg så til Vuelta 2012, og han har fullført 10 GT på rad.

U for uhell. Noko som skjedde med Contador og Froome i Touren, og som la vegen heilt open for Nibali. Han var suveren.

V for Valverde. Sleip ål av ein spansk syklist som har vunne lassevis med ritt, og som er like god etter dopingsoning som før.

W for Wevelgem. Belgisk by som er mål i sykkelrittet Gent-Wevelgem....

X for AleXander Kristoff. Første nordmann som vinn eit av dei fem Monument, samt at han vant tonnevis med andre ritt også. Fantastisk!

Y for ynkeleg. Tilstand ein kan føle seg i når ein står under bakluka på bilen sin i haglvær på Dyranut og ventar på å sykle dei siste fem mila til Geilo.

Z for zebrastriper. Dei nye draktene til Luster SK f.o.m. 2016...

Æ for ære. Noko som gjer at ein kjem til mål uansett kor Y ein måtte føle seg.

Ø for øl. Såklart. Drikk som er særs godt etter ritt.

Å for "Å, skal du på spinning no atte?" Uttrykk som ein gjerne høyrer no om vinteren.

Julegavetips 2014, del VI

Lei av julemat lenge før julafta?
Ribbe er ekkelt, pinnekjøtt er smaklaust og lutefisken stinkar sjøldaua hyse?

Benn there, done that...

Vi har heller ikkje tradisjon for juletorsk her i innlandet, så kva skal ein da finne på 1. juledag?

Dette er den dagen i året vi er mest matlei. Da har vi alt tygd i oss umåtlege mengder med "god" mat, sjølv om vi alle veit kva vi eigentleg vil ha...

Kvifor ikkje overraske mor i huset med denne hendige gåva/matpakken?

Ein fempakning Grandiosa!!



Hvis du er litt raffinert, så kan du sjølvsagt variere med kjøttdeig og løk, nachos, kebab, pepperoni og andre avanserte greier, men personleg går eg for den gode gamle originale saken..

Dessutan: Du har vel alt pakka inn kassen med Cola som eg tipsa om tidlegare...?
Ein perfekt kombinasjon: Ein kasse cola og fem grandis, 1. juledag er sikra!

(Tips: Kjøp inn alt saman på formiddagen julafta, da er alle godt opptint til neste morgon)

tirsdag 9. desember 2014

Julegavetips 2014, del V

Mangt og mykje er å få i butikkane nå om dagen.
Og rett over nyttår skal alle kaloriane vi har stappa i oss, ja, dei skal da slankast bort.

I ei hektisk tid er det derfor lett å gløyme kvardagens plikter for den moderne husmor.

Så vi går rett på sak: Når kjøpte du ei ny skittentøyskorg til din kjære sist?

Ved tusenårsskiftet?


Med denne revolusjonerande gåva vil du garantert bli samtalens midtpunkt neste gang dameklubben treffes til enda eit Tuppervareparty eller kva dei nå heiter alle desse samankomstane.



Tenk kor glad ho blir for ein slik stor og fin gave!!

Julegavetips 2014, del IV

Ingenting er som harde pakker.
Spesielt hvis det er ein DVD eller BlueRay inni.

Alle blir glade når dei får ein DVD til jul, spesielt når ein først har fått knappe ni timar Tour de France i hende.
Kva kan vel toppe dette?
Ikkje mykje, men denne DVD`en høyrer heime i hylla til eikvar husmor.
Risikoen er at ho vert sittande å sjå på den flotte togreisa fra Trondheim til Bodø istaden for å klargjere middagen til deg.

Nordlandsbanen minutt for minutt!!

Men litt må ein jo ofre for at konen skal bli glad på julekvelden.

Knappe ti timar med spektakulær togreise vil antagleg få fram tårene i augekroken hennar.

Tre DVD`ar! Enjoy!




(Bonustips: Ikkje gløym Bergensbanen minutt for minutt. Den er kun sju timar, men pytt la gå)

Julegavetips 2014, del III

Framleis ikkje kjøpt noko til din kjære?
Ikkje noko moppesett, spylevæske, badevekt eller kasse med brus?

Da må det være fordi ho er sportsinteressert.
Og det fins eigentleg kun ein einaste sport det går an å sjå omatt og omatt og omatt og omatt.....

Landevegssykling!

Kva får vel den bedre halvdelen i bedre humør enn når ho kan sette seg ned i godstolen, og sette på den første av tre DVD`ar fra årets Tour de France?

525 minuttar, det er nesten ni timar sammanhengane underholdning. Sett på denne til ho når paven har sprudla seg ferdig ved midnattstider, og ho vert sittande til neste morgon.

Da kan ho få prøve den nye oppvaskbørsten sin. Kan ikkje berre være skøy i jula heller.





Kanskje du får lov til ein sniktitt innimellom??

søndag 7. desember 2014

Julegavetips 2014, del II

Når julemiddagen er fortært, og alt som kan vaskast i oppvaskmaskina er stabla på plass, er vi alle fornøgde.
Og kva blir vel prikken over det berømte "I`en"?

Jo, eit nytteredskap til konemor som ho vil sette enormt pris på.

Denne gåva har fleire fordelar: Ikkje berre er det til nytte for husholdninga, men det er også billig.

Ein uslåeleg kombinasjon.

Faktisk ein så uslåeleg kombinasjon at ho kan få ein slik til bursdagen sin også, spesielt hvis ho har bursdag i juni.

Mrk. forøvrig den hendige skrapekanten som akkurat dette eksemplaret har!!




Og, tenk den reaksjonen du får på julafta når ho opnar gåva si, og ser at ho har fått denne!!
Priceless.....

Julegavetips 2014, del I

Etter fjorårets knallsuksess, og etter tallause oppfordringar, så vil eg også i år glede mine MILLIONAR av lesarar med nyttige julegavetips.

Veit du ikkje kva du skal kjøpe til kjære kone seier du?
Frykt ikkje, hjelpa er her!


Som kjent er jula tida for god mat og drikke, og lite smakar vel bedre enn dette tipset.
Som eit bonustips nemner eg at gåva gjerne kan stå i ein kjølig kjellar, slik at gåva kan nytast slik som gåver av denne typen skal: Nemleg avkjølt.

Årets første julegavetips er altså:



Ein kasse med brus, fortrinnsvis av type Cola, og aller helst med glassflasker.

Kjem du med denne pent innpakka på julafta, så er julehyggen sikra.



lørdag 6. desember 2014

"Funnen av klarsynt"

To triste forsvinningssaker har fått mykje merksemd i lokalmedia dei siste dagane.

Og som alltid når det snakk om forsvunne personar så kjem dei klarsynte på bana.

Eller "klarsynte".


I Gloppen vart den sakna personen endatil funnen etter råd fra den klarsynte. Eller "klarsynte".


Forresten: Han vart ikkje funnen av den såkalla synske likevel. For i artikkelen kjem det fram at den "synske" hadde peika ut eit område, som det sjølvsagt ikkje var søkt i før (allereie her skurrar det).
Vedkommande hadde satt ring rundt eit område på ca. 300x300 meter, noko som er innihelsike vagt i seg sjølv.
Og kven veit om dette var det første området han ringa inn? Det seier artikkelen ingenting om.


Og så, prikken over I`en: Den sakna vart ikkje eingang funnen i det avringa området, men eit parhundre meter utanfor....

Vel: Da HAR jo ikkje den synske funne han i det heile teke.
Likevel presterer NRK Sogn og Fjordane å vri det dithen at den sakna vart funnen etter råd fra den "synske". Altså: Les ikkje journalisten kva han sjølv skriv? Det var jo akkurat det som ikkje skjedde, han vart IKKJE funnen i det (Langtfra) avgrensa området.
Han vart nemleg funnen i eit område på 500x500 meter, Eit areal på 250 000 kvadratmeter...

Og dette kallar dei "funnen etter råd fra klarsynt"....


Dårleg journalistikk blotta for kritisk sans.



Vi får også håpe at inititivtagaren som takkar "klarsynte" Michael Winger for hjelpa ikkje representerer det offisielle synet til Gloppen Røde Kors.
Dersom Luster Røde Kors benyttar seg av humbugnissar på dette viset, så er iallfall støttemedlemskapet mitt ein saga blott.


Så må det seiast at dersom Michael Winger viser seg å inneha desse overnaturlege evnene, så skal eg bøyge meg i støvet og endre meining. Alt tyder imidlertid på at han, som alle andre sjølverklærte "synske" før han, berre er enda ein juksemakar.
Han vil ikkje la seg teste, enda dette kunne vore ein verdssensasjon av dimensjonar.
Og hvis han går med på ein test, så kan eg neste garantere at det er ei eller anna dum orsaking som dukkar opp.
Alt han kjem med er dei vanlege vage frasene basert på kvalifisert gjetning.

Han er antagleg like klarsynt som alle oss andre, dvs. ikkje i det heile tatt.

fredag 5. desember 2014

Vegbygging

Oppdatert 23.1.2015:
Planlegging utover nasetippen er problematisk?
Iallfall er det vanskeleg med langsiktig planlegging når ein nå ser at 2,3 mrd. i Hardanger medfører at det er ynskjeleg med enda ei ny bru, fire mil vekke.
Denne veka vart det lagt fram prioriteringsvegane mellom aust/vest, og der vart Hardangervidda nedprioritert.
Det er for så vidt ein fornuftig prioritering å gå for Hemsedal og Haukeli, men før den tid er det altså brukt mellom anna 2,3 mrd. på ei bru i Hardanger, pluss hundrevis av millionar (og sikkert også ein mrd. her og der) på Filefjell.
Langsiktig planlegging anyone??

Ellers så merkar ein seg at det var ynskjeleg med bru fra Mannhiller til Fodnes. Vi må åpenbart ha veldig mykje pengar her i landet som brenn etter å brukast opp.
Som tidlegare nemnt er fjorden her tre kilometer brei, noko som vil medføre ei bru dobbelt så lang som 2,3 mrd. prosjektet i Hardanger. Og sannsynlegvis med ein heilt annan skipstrafikk.
Og Sognefjorden er ikkje berre brei, den er også djup, faktisk like djup som fjella rundt.
Fjorden er over 800 meter djup. Til samanlikning er vegen over Gaularfjell 748 m.o.h.


















 
 
Utfra eit blikk på sjøkartet, så forstår alle (?) at tunnel under fjorden er uaktuelt.
Kostnaden med å bygge bru her, må også bli enorme, ser ikkje noko grunn til å juble over det.
Det fins andre ting å bruke ørti milliardar på.
 
Var det ikkje slik at vikjene skulle få seg ein tunnel til Voss snart??





Oppdatert 6.12.2014:
Og i dag har NRK S/Fj. dette oppslaget.
Det er vel noko av det beste som er sagt i denne saka.
Hotelldirektøren i Stryn er skuffa over sine fylkespolitikarar, og det har han nok all mogleg grunn til.


***********************************



Det er ikkje lett å bygge veg.
Eller rettare sagt: Det er ikkje lett å velge kva veg som skal byggast.

Det må være konklusjonen utfra dette oppslaget.

Staten vil ikkje bidra med midlar til dei få kilometrane som står att, og fylket har ikkje pengar.
Iallfall hvis vi skal tru fylkesordføraren.

Det korrekte er jo at fylket heller brukar kroner (masse kroner) på heilt andre vegstrekningar.

Utbetringa av "landets verste veg" har pågått i årevis, og har vore avhengig av stadig nye bevilgningar. Det har medført stegvis utbygging, og nå kan ein altså risikere det typisk norske vegbyggarfenomenet: Fin veg i eit par mil, før ein får tilnærma geitesti.

"Landets verste veg" er sterkt trafikkert (iallfall til å være her i fylket), og her hopar det seg fort opp med endelause køar når t.d. den danske Skodaen med polsk campingvogn møter den latviske trailerkolonna.


Men la oss sjå på dette med midlar: Fylket har jo ikkje pengar påstår fylkesordføraren?
Jo, fylket har masse pengar til å bygge veg. Dei har berre valgt å bruke pengane på heilt andre vegar, så enkelt er det.
Det mest famøse eksempelet er såklart bygginga av Dalsfjordbrua.
Ein milliard vart nytta til å få ferdig skandalevegen som stod halvferdig i over 30 år, og som gjorde ferjeleiet Dale-Eikenes overflødig.
Ei flott bru, bevares, og vi unner alle i Askvoll ein bedre veg enn den livsfarlege strekka inn mot Stongfjorden. Det var altså viktigare å avløyse ferja med sine 75 daglege bilar, framfor å bygge ferdig "landets verste veg".

OK, Dalsfjordbrua har stått ferdig i eitt år no, så ein kan kanskje ikkje laste den for framtidige manglande bevilgningar til Olden-Innvik.

Istaden kan vi sjå på eit nyare døme, nemleg i vår eigen kommune, Veitastrondsvegen. Her vart det i april i år signert ein kontrakt på knappe 150 millionar.
Eg er ingen vegekspert, men eg vil tru at ein hadde komen langt med 150 mill på dei få kilometrane som står att mellom Olden og Innvik.
Men skal ikkje strendingane ha trygg veg?
Jo, så klart skal dei det. Men er det nokon som verkeleg trur at denne svært rasutsatte vegen vert heilt trygg grunna denne eine tunnellen? Skal det bli trygg veg til Hafslo, så må ein vel legge heile strekka i i fjell.
Og kvifor det ikkje er bygd ein lang tunnell under breen til Leirdalen er meg ei komplett gåte. Kortare veg til Gaupne, endatil kortare veg til Sogndal, og med unntak av snuen fra Leirdalen og ned til fylkesvegen fram Jostedalen, også betydleg bedre standard.
Sikker veg hadde vi fått også.
Som sagt: Uforståeleg.

Men uansett: Der vart det iallfall bevilga 150 mill, som Olden-Innvik ikkje fekk, så da hadde fylket pengar likevel. I år.

I framtida da, da har vel ikkje fylket pengar? Ja, sidan dei ikkje kan sette av kroner til ferdigstilling av denne svært viktige vegstubben i Nordfjord?

Vi tek ein kikk på fylkeskommunens eige investeringsliste for vegane i fylket. Det burde være tomt, skal ein tru uttalen fra fylkesordføraren, men nei.
Det er faktisk satt av 210 millionar til "Førdepakken" dei neste tre åra. Og som ikkje det var nok; Dei tre åra deretter er det satt av 350 mill til samme pakke. Det betyr 660 mill, og så vert det påstått at det ikkje er pengar?


Politikk er kunsten å prioritere. Denne kunsten ser det ut som om våre vegbevilgande fylkespolitikarar ikkje kan.





Men når tastaturet nå er varmt....

Vegdirektoratet har nå bedt om vurdering av bru mellom Mannheller-Fodnes.
Det er så ein kan byrje å lure: Det er 20 år sidan dette sambandet opna, og i dag er det ein kjempesuksess, med gode ferjeovergangar omtrent døgnet rundt.
20 år etter bygginga av det neppe heilt billige veganlegget. vert det altså kasta fram eit innspel om bru...

Vi tek ein kikk på dei faktiske tilhøva: Det er knappe tre kilometer over fjorden her. Kva slags bru kan vi rekne med skal gå over her?
Det har vi fagfolk til å finne ut av, men det kan jo nemnast at landets noværande lengste hengebru, Hardangerbrua, er knapt halvparten så lang. Med tilhøyrande tilførselsvegar, så kom den på 2,3 milliardar kroner. Noko seier meg at dersom ein skulle velge ei hengebru her, så vil det kreve ein heilt ny og revolusjonerande byggemåte, evt. nokre tårn  ala Eiffeltårnet. (Monstermaster, hallo?)
Tunnell under fjorden? Neppe. Fjorden er over 800 meter djup skal vi tru sjøkartet. Det hadde blitt ein alvorleg bratt tunnell.

Uansett: Kostnaden med ei slik unødvendig fjordkryssing vil antaglegvis bli astronomisk. Kanskje like dyr som å bygge begge Sognefjellstunnelane, som i motsetning til ferjefri strekning Mannheller-Fodnes, er eit nasjonalt kupp, og som det nesten er ufattleg ikkje er høgare oppe på dagsordnen.
Med tunnell fra Årdal til Skjolden, og deretter fra Fortun til Leirdalen i Lom, så hadde vi fått eit vegprosjekt av stort nasjonalt format. Vi hadde bunde saman landets nest største og tredje største by, og vekstsentra i Stavanger/Sandnes hadde fått ein vesentleg kortare (og ferjefri) veg til Trøndelag og Mjøstraktene. Og det utan ein einaste fjellovergang.
Og attpåtil: Sikkert til ein brøkdel av prisen av det ein ferjefri (og mykje lengre) kyststamveg vil koste.
Kva er forresten problemet med ferjer? Det er openbart populært å bygge bruer, men når tilførselsvegane på begge sider er hinsides elendige, så hjelper jo det lite. Bygge heller skikkeleg vegar først, så kan vi snakke bruer.


Vegdirektoratet som kasta fram denne absurde fjordkryssingsideen, kunne heller sendt nokre kroner over til bygginga av eit ekstra løp i Ulrikstunnellen, ein av Europas travlaste, og overbelasta togtunnellar. Eller kanskje til jernbanesambandet mellom Gjøvik og Lillehammer, sist vedteke bygd under krigen, men som kjent har ingeting skjedd på dei 70 åra....


Slike snåle eksempel som vist her, underbygger ikkje akkurat tilliten til våre folkevalde.
Forresten har eg inga tru på at det eine eller det andre partiet er i stand til å få gjort noko med det, Beslutningsvegring er ikkje greit, men som tidlegare nevnt: Politikk er kunsten å prioritere.