lørdag 20. september 2014

Ein sykkeltur til Judassvingen

Da har eg laga ei testrute til Judassvingen.

Nå til dags har jo alle ein eller annan treningsapp, Strava, Endomono, Runkeeper.....
Og da er det passande å legge inn einskilde bakkar som kvar og ein kan få teste seg i.

På Strava ligg det inne fleire klatresoner oppover Engadalsvegen. Den kortaste av desse er til Judassvingen, og startpunkt er i krysset Engadalsvegen/Gardavegen.
Denne strekninga er på ca. 900 meter, og stig i snitt 10%.
Det er altså ikkje så langt, men det kan være slitsomt nok for det....


Eg har laga ei rute på 1400 meter. Startpunkt er her.

Som alle lokalkjende jo kjenner til, så er det flatt dei første parhundre metrane. Deretter ein slakk stigning i 100 meter, før det brattaste partiet opp til Tandla. Deretter stig det jamnt.



Her er mållinja. Den går mellom dei to skilta vi ser på bildet.


Som ei ekstra gulrot kan det nemnast at helselaget har laga til ein trimpost her oppe. Dermed kan vi ta med kortet som ein ekstra inspirasjon.



To klypp nå....


Kva sykkel ein brukar får være opp til kvar og ein. Eg brukte terrengsykkelen i dag, men her går det med racer også, sjølv om det er grus på deler av vegen. Grusen er såpass tettpakka at det går heilt fint.
Iallfall før snøen kjem....

Dersom det er interesse for det, så kan vi jo lage ei FB-gruppe, "Vi som syklar til Judassvingen", nå er det jo grupper for ALT.


Her er turen nedatt.


Lukke til.




mandag 15. september 2014

På tur.

Ein liten oppdatering pr. 16.9.2014:


Ein treng ikkje gå så langt for å ha ein hyggeleg og fin tur. Ein kan faktisk berre gå ut døra, og så er ein i gang.

Det lokale helselaget har satt opp nokre trimpostar oppover Engadalsvegen, og laga til nokre klippekort og bok til å skrive seg inn i.
Ein boks med tang er plassert i Judassvingen, noko som kanskje kan få med nokre fleire barn?

På den vesle redskapsbua v/brua er det også satt opp ein post. Her er boka plassert.
Og når ein først er komen så langt, så kan ein jo gå nedatt Gåpnaberget.

Dette er ein fin, liten rundtur, og no om hausten er det kanskje ekstra fint.



Så det er berre å ta turen. Helselaget deler sikkert ut enda fleire kort.

I can see my house from here!!!


No om hausten er det fint i skogen.

Høgspenten pyntar opp i naturen.... 

Arbeidet i Storpreikaren er kanskje ikkje heilt ferdig...? Forhåpentlegvis kjem det opp eit rekkverk her. Flott utsyn er det imidlertid!!

Og det ser ut til at  vi må ta oss ein runde for å finne fram namneskilta i svingane...


Og da har vi vore oppi ein snue. Litt av vitsen med skilta er liksom at folk skal kunne sjå og lese dei.
Til vinteren er det seks år sidan vi hadde den store "utsiktsoppryddinga" og eg ser at det er snart på tide med ei ny økt. Stay tuned....


Her er boksen ved brua! 

Akkurat da vi skulle gå ned Gåpnaberget kom det tre utforsyklistar forbi. Dei hadde komen fra Vorfjellet, etter å ha sykla ned Molden før på dagen. Dei lurde på om det gjekk an å sykle ned dit, og eg anbefalte dei turen....

Akkurat her ramla den eine syklisten, noko som kanskje ikkje var så rart, terrenget tatt i betraktning.

Kveldsstemning. 
















Panorama over bøgdi.

Folkeopplysningen, "stråling"

Dette var eit adskillig bedre program enn det litt "snille" som var forrige søndag.

Liff røffare i kantane, litt meir konfronterande, litt mindre kose-kose.


Kveldens program var om stråling og spesielt om "Folkets Strålevern".
Iflg. leiaren av denne organisasjonen vart den stifta fordi dei ikkje stolte på Statens Strålevern.
Jahhh, og vi er med ein gang ute i konspiland.

Kva plager kunne dei strålefølsomme bli ramma av?
Og der kom det ei heil lekse av dei vanlegaste plager i verda. Det var vel greit å gardere seg ein smule.

Det var ellers ein sekvens om vår tidlegare landsmoder Gro Harlem Brundtland, utdanna lege, eksstatsminister og internasjonal helsetopp. Ho skapte rabalder for 10-12 år sidan da ho meinte ho kunne føle mobiltelefonar i rommet ho var i. Ho ville sjølvsagt ikkje stille opp i ein test i "Folkeopplysningen", men da burde det jo være mulig å finne nokon fra "Folkets Strålevern" til å gjennomgå ein test, endatil på deira vilkår?


Neida. Etter fleire veker så var det ingen som kunne. Det er vel lett å tenke seg årsaka, for lets face it: Det er dritflaut å dumme seg ut på TV ein søndagskveld.
Folkets strålevern har i underkant av 1700 medlemmer på si FB-side. Lite tyder på at dette programmet vil skape altfor mange nye tilhengarar.


Vi fekk også møte ein Stortingsrepresentant fra Frp (partiet for lause kanoner, samt lause skruar). Han ville heller være i eit rom med røykarar enn folk med mobiltelefonar.

Ok, når du er så j***a korka, så fortjener du ikkje å bli innvalgt att om tre år.
Og "landsmoderen" er heldigvis ute av politikken for lenge sidan. Får berre håpe ho ikkje forsvinn i samme tåke som Berit Ås.

Vi møtte også ein ansatt ved SINTEF(!!) som var elfølsom. Altså..... er det arbeidsgivaren som har sørga for sølvgardiner og liksominnbilt strålingsbeskyttelse av ymse slag???


Men respekt til forskaren som måtte endre sitt standpunkt etter at han oppdaga at det ikkje fantes noko slikt som stråling fra mobiltelefonar, trådlaust nettverk o.l.
I ti år hadde han gått og trudd at han kunne merke slik stråling, og så var alt saman rein innbilning, eller "nocebo", som det så fint heiter.
Nocebo er placebo med negativt forteikn. Når hjerna seier at du blir sjuk, eller at ting ikkje verkar, så blir du faktisk sjuk. Fiffig illustrert med frivillige som trudde dei vart utsatt for stråling, men som ikkje vart det likevel. Men, forventninga var planta der, noko som jo var heile poenget.




Tilslutt må det jo nemnast at dei personane som meiner seg utsatt for diverse strålingsplager, dei bør få seriøs hjelp. Om det er det eine eller det andre som er årsaka, det får være utan betydning.


Og for å kritisere programmet litt til slutt: Kanskje eit auka fokus på dei som sel "strålingsbeskyttelse"? Sjekk t.d. denne nettsida til landets største svadabutikk.
Eit døme er eit smykke, som også kan tjene som beskyttelse mot romvesen(!!!!!)
Idiotiet kjenner ingen grenser.


Brukt som romvesenbeskyttelse.
Nå kan du være en av de mange skeptikere som "humrer litt i skjegget" så snart noen nevner romvesener. Men disse vesnene er svært godt kjent i afrikansk folklore og har vært avbildet konsekvent i en svært lik måte som i tegninger og skisser av "vestlige" nybyggere og ufologister. Historier om bortføringer av disse skapningene er også utbredt i Afrika og Credo Mutwa, en synsk åndelig healer, har ikke bare opplevd en slik bortføring selv (med genetiske og medisinske eksperimenter utført på seg selv i 1960 i Zimbabwe), men også hjulpet mange bortførte som en åndelig healer til å overvinne sine traumer. Det er i tillegg en vakker pendant om ikke annet.






fredag 12. september 2014

Topptrimmen 2014-2016, Spefjell

Klart for årets siste topptur.
Har tatt seks av ti, og må ha att nokre til dei to siste sesongane også.
Rett nok er det dei seks lettaste som er tatt, med eit mogleg unntak av Dugurdskulen, men ellers har det vore greie turar.

Denne onsdag ettermiddagen i midten av september var det altså Spefjell som stod for tur. Spefjell ligg på 1103 m.o.h.
Iflg. topptrimkortet er startpunkt anten fra Soget på Hafslo eller "Sogndalsdalen", men det er ikkje nemnt kor i Sogndalsdalen, som er eit par mil lang....

Eg valde å starte fra Svedal, eller Svidal som dei gjerne seier i Sogndal. Ein kan også starte fra Kleiv, heilt i byrjinga av vatnet, og det er også komen ein heller ny sti rett opp til Spe. Sistnemnde sti er kanskje den kortaste.
Årsaka til at eg starta fra Svedal er kort og godt at da kjem ein noko høgare opp, samt at her hadde eg vore før. Brukte nemleg dette som utgangspunkt den gangen vi var på Torstadnakken for fire år sidan.
Til Spefjell er det kanskje noko lenger dersom ein går fra Svedal, men pytt-pytt. Det er uansett kun snakk om nokre hundremeter i differanse anten ein går fra Kleiv eller Svedal.

Det er merka sti fra Svedal og heilt opp til den fine stølen Navarsete. Her var det ein del sau, og dei går beleileg nok i den merka turstien. Dette gjer at stien er lett å følge opp til Navarsete.

Spefjell er ikkje noko markert topp. Faktisk er varden plassert midt på ei lita slette.
Men før ein kjem så langt skal ein komme seg fra Navarsete og opp, og det KAN være litt tricky. Her er det nemleg ikkje eitt merke, ikkje ein varde. Terrenget er greit å gå, og det som sikkert har vore myrar tidlegare, var no for det meste tørka ut.

Eg sjekka med kartet når eg var på Navarsete, og peika ut ein kurs. Etter ca. ein kilometers gange i gras og lyng, så tok eg ein ny sjekk med kartet, og fant ut at toppunktet måtte være berre eit parhundre meters gange derfra. Da var eg komen nesten heilt opp fant eg ut.
Vel oppe på sletta, så var det som nemnt bortimot heilt flatt, og ca. 200 lenger mot kommunegrensa stod varden. Ein kan også komme borti ein mykje mindre og delvis samanrasa varde, alt etter kor ein kjem opp på høgsletta, men dette er altså feil toppunkt. Posten er plassert på ein ganske så stor varde, og den raude kassen omternt lyser imot dei som kjem opp.

Det er også nokre små sjarmerande vatn heilt her oppe på nesten 1100 m.o.h. Dei var tørka mykje inn etter ein tørr og varm sommar, men her er det sikkert ikkje umogleg å bade på ein fin sommardag.

Da eg kom opp, så var det sol fra skyfri himmel, men noko dis ned mot dei omliggande fjella. Det hindra nok litt for den mest fantastiske utsikta, men skapte eit spesielt lys.
Det var også godt og varmt, og nesten ikkje vind. Kontrasten til laurdagens tur til Steinsdalsnosi var mildt sagt himmelropande.
Det var så fint å være på toppen at eg tok meg god tid til både mat og drikke, samt skifte av klede.
totalt satt eg på toppen i ein halvtime berre å slappa av i finværet. det må ha vore ein av dei finaste fjellturane eg har hatt nokon gang.


Da klokka byrja å nærme seg 1800 om ettermiddagen var det likevel på tide å komme seg nedatt. Eg gjekk i nokolunde samme spor nedatt mot Navarsete, men sidan det ikkje er merka opp, så er det heller ikkje merka ned. Det er uansett ikkje lange biten, men ein skal være obs på nokre hamrar her og der som kan være litt vansklege å få auge på når ein kjem ovanfra.

Når ein er komen nedatt på Navarsete så er det imidlertid greit å gå, for da er det jo merka sti. Det går for øvrig merka sti fra Navarsete og nedatt til Kleiv, så her kan ein få ein fin rundtur.

På Navarsete gjekk det tre hestar, og sidan hestar jo er dei nestfarlegaste dyra på kloden (etter edderkoppar), så gikk eg ein liten omveg slik at dei ikkje skulle komme å tygge på meg. Hestar er som kjent farlege rovdyr som overfaller alle tobeinte dei ser ute i skogen.

Turen nedatt til Svedal gjekk utan problem, og generelt sett kan eg nok seg at dette antaglegvis er det lettaste Topptrimtur eg har gått sidan eg var på Vorfjellet for tre år sidan. Dessutan var eg så superheldig med været, så dette var verkeleg ein strålande dag!!

Stravaopplysningar:
Totalt 8,3 km. dvs. nesten det samme som til Steindalsnosi.
Høgdemeter vart 675, Steindalsnosi var 751.
Total tid: To timar og 22 minutt. Turen opp tok 1 time og 18 minutt, og da stoppa eg her og der for litt bilder,samt for å orientere meg ein smule.
Til Steindalsnosi brukte eg totalt 2 timar og 53 minutt.

Turen kan anbefalast på det sterkaste som ein ettermiddagstur nå i finværet. Det er heller ikkje umogleg å få med barna opp hit, hvis dei ikkje er for små da.
Utsynet må seiast å være av det bedre. No gjorde rett nok den lågtliggande disen sitt til at eg ikkje kunne sjå heilt inn i Jotunheimen, men det var uansett fin utsikt fra toppen.


Her er fra turen opp. Bildet er tatt ca. midt mellom Svedal (dei næraste husa som vi ser) og stølen Navarsete. 


 På det første selet ein kjem til på Navarsete, så finn ein desse skilta. Greit hvis ein skal ta dette som ein rundtur nedatt i Kleiv.


 Her er eg komen nesten heilt opp, og vi ser toppvarden i bakgrunnen.





Her er toppunktet, og eg måtte berre ta eit bilde med Torstadnakken i bakgrunnen.

Ein smule tørke i sommar???





Navarsete ein flott september ettermiddag.
Det var forresten 24 grader her på dette tidspunkt.

tirsdag 9. september 2014

Folkeopplysningen, "supermat"

Sesong 2 av underholdning/opplysningsserien(!!) Folkeopplysningen hadde premiere på NRK søndag kveld.

For to år sidan tok dei ein nærare kikk på diverse kvakksalvarmetodar, også kjent som "alternativ behandling".
Det var mildt sagt artig å sjå "synske", "healarar", homøopatar og andre liksommedisinarar dumme seg ut.

I år skal programmet ta for seg litt andre tema, og første program handla om supermat. Eller "supermat".
For kva er så veldig supert med å tygge i seg dritdyrt pulver med pussige navn?

Andreas Wahl besøkte forfattar av boka "Supermat", samt grunder av ein slik supermatbutikk.
(kor mange ganger blir det nevnt super???)
Vi fekk også møte to superentusiastiske damer som fortalde om alle fordelane med denne fantastiske maten som antaglegvis kan forlenge livet til Metusalemske dimensjonar.

Dernest fekk vi møte to som veit kva dei pratar om, nemleg fagfolk innan ernæring og helse. Skal eg velge kven eg finn truverdig, så foretrekk eg fagfolka anytime, men det er ein annan sak.

Programmet gikk over til Pute-TV da eit knippe bloggarar fekk utfolde seg. Oh.My.God.
Dei gjorde akkurat det som psykolog Hesselberg hadde føresett (kanskje HAN er synsk??)


Som i sesong 1 fekk dei involverte tilbydarane av supermat sjå igjennom programmet, og dei verka til å ta det rimeleg bra. Dei to damene framstod heller anonyme, men muskelmann Opsahl hadde "blitt underholdt", og hadde heller ikkje lagt skjul på at han i boka si plukka ut akkurat dei resultata som passa han best. Dvs. resultat som kun var synsing, og ikkje hadde vitenskaplig backup i det heile.

Men han hadde ikkje blitt meir underholdt enn at han i ettertid har klaga programmet inn for PFU. Det var forutsigbart til dei grader, sidan kvakksalvarne fra sesong 1 hadde reagert på samme måten.


Konklusjonen vart eigentleg at "supermat" neppe er meir supert enn å forsyne seg godt i frukt og grønnsaksdisken neste gang eg er på Spar. Det kostar ein brøkdel av Opsahls supermat, og smakar antaglegvis mykje bedre også.


Personleg syntes eg programmet var litt for snilt. Grei underholdning, bevares, men det er tydleg at dette er meir eit familieprogram enn vitenskapsprogram, noko som sikkert er intensjonen også.
Eg kjem sikkert til å følge med vidare utover hausten og nå skal eg komme med ein spådom: Program tre skal nemleg ta for seg svindel i legemiddelindustrien. Eg spår derfor at alle "alternative" som har slakta Folkeopplysningen så langt, kjem til å hylle akkurat det programmet.
I alternativ logikk er det nemleg  heilt ok å plukke ut akkurat det du synes er bra sjølv.


Er eg synsk da?





Topptrimmen 2014-2016, Steindalsnosi

Tid for hausttur og topp. nr. 5.
Og, skulle det vise seg, ein topp som har vore så mykje besøkt at det knapt er vits i å skrive noko da "alle" topptrimmarane alt har vore der.
Eg var nr. 199 som skreiv meg inn i topptrimboka.

Men da kan eg i det minste skrive litt om mine eigne opplevingar fra denne turen.

Steindalsnosi er denne topptrimutgåvas nest høgaste, faktisk heilt opp på 2025 m.o.h. og det er alltid litt spesielt å passere 2000 m.
Men til tross for høgda, så er det ein av dei heller lettare toppane (trudde eg), da vi jo køyrer heilt opp på Galgeberg på Sognefjellsvegen. Iflg. Strava var eg da komen opp på over 1300 m. noko som gjer startpunktet til høgare enn fire av dei andre toppane.

Eg tok dette som ein ettermiddagstur, og været var brukbart. Tørt og fint, 13 grader i lufta, og endatil litt blå himmel innimellom.
Steindalsnosi er kanskje ein av dei toppane som det bør være lettast å finne fram til, enda det mest ikkje er merking før ein nærmar seg toppen.

Her oppe på 1300 m. er det sjølvsagt ikkje ein busk, og det er såleis lett å ta seg fram. Til å byrje med går ein på noko lyng og typisk høgfjellsfauna, før ein vert møtt av stein og ur. MYKJE stein og ur.
I første omgang kan ein sleppe unna ein del av dette, dersom ein tek til høgre for det øverste vatnet ein kjem til. Derfra kan ein halde til høgre opp mot det aller brattaste partiet, og da kan ein gå på svaberg og lyng, istaden for å rote omkring i ura.
Eg stoppa derfor litt innimellom for å finne ei best mogleg rute, ur er nemleg lite gøy å gå i.

Men det kjem til eit stykke da ein ikkje har noko valg: Ura må forserast. Og det er opp mot det brattaste partiet det verkeleg er steinete. Her har folk satt opp nokre enkle vardar her og der, og grunna alle topptrimbesøka i sommar, så har det her og der danna seg noko sti. Aberet med det, er at her er det danna område med småstein som gir dårleg feste. Så det beste var faktisk å gå litt utanfor der alle andre hadde gått.

Det er ca. tre km. fra vegen at det brattar til skikkeleg. Her stig det ca. 200 høgdemeter på 500 meters gange, det er ganske heftig. Trøysta får være at det ikkje er så langt.
Når ein kjem over verste kneika, så fortset det i ur og stein heilt til ein kjem på toppen. Posten er, utruleg nok, på den første varden ein kjem til, det må være første gang i historia.

Når eg kom opp, eg gjekk forresten åleine, så var det god sikt til flotte fjelltoppar rundt om. Ca. ein kilometer borte såg eg Fanaråkhytta tydeleg. Der var det sikkert folk, så eg vinka bort.

Det var ellers ganske så vindfullt, så det var berre til å skifte til tørt, klippe kortet, skriva namnet i turboka og rusle nedover att. Fekk tatt nokre bilder på toppen, og såg at regnbygene kom sigande innover Lustrafjorden. Iflg. Yr skulle det ha vore opphald heile dagen, men som sagt, bygevær....

Sidan det ikkje er smart å gå i brattura på regnvåte steinar, så var det berre å komme seg ned dei verste partia så fort ein kunne. Det gjekk eigentleg heilt greit, og eg kunne slappe av litt etter å ha komen trygt ned mot vatna att. Der kunne eg sette meg ned litt for ein matbit og ein Red Bull.

Vinden kom og gjekk alt etter korleis terrenget var. Det kunne være heilt vindstille, før det berre femti meter seinare bles ganske så bra.
Da eg var berre ein km. fra vegen, så var det vått i lyngen, og her hadde det regna godt medan eg var på toppen. Steinane var glatte, så det var ingen vits i å ta sjansar. Det gjorde sitt til at eg gjekk litt meir i sikksakk nedatt, berre for å unngå mogleg glatte parti. Her oppe var det heller inga mobildekning, og eg ser inga glede i å ligge hjelpelaus med broten fot 500 meter fra vegen.

Steindalsnosi er ein grei topp å nå. Heile turen var på knappe 8,5 km. og det vart tilsaman ca. 750 høgdemeter. Dei første tre kilometrane er meir småkuperte enn ein skulle tru, før det da vert skikkeleg bratt. Den siste kilometeren stig med berre 130 meter, og er såleis ganske lett i samanlikning.
Utfordringa på denne turen er det utruleg steinete terrenget. Det er ufatteleg kor mykje stein vi har i dette landet, og det verka som om alle steinane var plassert på Steindalsnosi denne laurdag ettermiddagen.
Det er ikkje ein spesielt slitsom tur, heller tvert om, men ein skal følge med på kor ein går. Det fins lause steinar i ei ur, og på sett og vis var det veldig OK å være åleine. Da slapp eg i det minste være redd for ras fra andre, eller å lage ras sjølv.

Belønninga er eit flott utsyn til Sognefjellsvegen og inn mot Lom den eine vegen, medan ein ser langt ut mot Lustrafjorden i motsatt retning. Hadde det ikkje vore så kald vind på toppen, så hadde eg sikkert nytt utsikta litt meir.

Dei tørre tal fra turen viser at eg gjekk i totalt 2 timar og 52 minutt. Men det er bevegelsestid. Eg stoppa innimellom for klesbytte, fotografering og drikkepausar. Totalt brukte eg 3,5 timar fra eg reiste fra bilen til eg var nede att. Det var ikkje spesielt fort gange, meir som ein gamal dieselbåt;
Når ein først kjem i siget, så er det berre til å halde det gåande....


Bilder:































Dette bildet er tatt ca. halvanna kilometer fra vegen, og toppen er lett synleg. På turen opp gjekk eg til høgre for snøfonna. Nedatturen gjekk rett over snøen.
































Her er eg komen ein del nærare toppen, ca. 2,5 km. fra vegen. Eg holdt til høgre for den vesle snøfonna vi ser omlagt midt på bildet, dette for å unngå ein del ur. Her var det greit å gå.



 Her kan vi sjå Sognefjellsvegen og Prestesteinsvatnet.








 Desse små hengebreane har nok minka mykje i sommar...



 Der som det brattaste partiet byrjar, er det satt opp ein og annan varde. Ein kan med fordel gå i nærleiken av dei, for mot Prestesteinsvatnet er det høgt og bratt.



 Her var eg komen over det brattaste pariet, og ein ser sjølv at dette kun er ei ur. Stor av arten. Og ein skal ikkje for langt ut mot kanten....
Det er Hervavatnet vi ser der nede.




 Ah.... utsikt fra toppen.....Nabovarden er også lett synleg.



 FOR ei utsikt!!!
Og her ser ein også kor bratt og høgt det er.



Fanaraaken med hytta.

































Og til slutt: Kor mykje stein har vi i Norge???