mandag 2. juni 2014

Sykkelturar 2014, ein billedkavalkade.

15.9.2014:
Har ikkje fått lagt inn bilder fra Voss-Geilo før nå, men det er litt her.
Meir detaljert også her.

 Kvelden før. Det er viktig å stille på ritt med nyvaska sykkel. Nesten like viktig som å fjerne ventilhettene.

 Her er vi komne på startstreken, og det var eigentleg ingen veg tilbake.

Hardangerbrua er eit makelaust byggverk.


Opp fra Hardangerbrua er det ein bratt gang/sykkelveg. Ikkje så lang, men ganske så bratt, og etter fem mil, så merker ein denne. Men været var nå fint.


 Matstasjonen i Eidfjord etter sju mil var første stopp. Litt påfyll av mat og drikke.


Her er vi langs Eidfjordsvatnet. I dag går hovedvegen inne i ein lang tunnell, men vi er så heldige at vi kan sykle på dennespesielle vegstubben utanfor.







Da var vi omsider komne opp, nesten til Vøringfossen. Nå var det langtfra kaldt, faktisk veldig
varmt.

Dei første kilometrane ned fra Dyranut baud på eit skikkeleg regnskyll, iblanda hagl. Her som dette bildet er tatt var det avsindig kaldt. Heldigvis gav det seg etter berre nokre få minuttar.

 På Haugastøl tok vi ein siste stopp for påfyll av drikke til dei siste tre mila inn til Geilo.
Regnet fra Dyranut var no erstatta med litt sol.

Og her er vi endeleg i mål komne. 16 mil unnagjort.



19.8.2014:
Ein skikkeleg bakketur. Opp The Brownladder (Brunestegen) med crossykkel.
Det var sinnssjukt tungt til tider, men opp kom eg nå da, om enn det gjekk så sakte at sykkelen nesten velta til tider.




 Iflg. Strava er det 6,1 km. opp hit, og det stig 641 høgdemeter. Det gjev pene 11% i snitt, og (stadig iflg. Strava), opp mot 20% på det verste. Da var det kanskje ikkje så rart at det var tungt. Med ein terrengsykkel hadde det nok gått greiare, men nå er turen tatt for i år...
 Til neste år kan vi sikkert sykle heilt inn på Skår. Det kunne kanskje gått no og, men opp hit var nok.

Det gror til att, slik at utsikta byrjar å minke...
*************************************************************************


14.8.2014:
Oppkøyring til Voss-Geilo. Sort of.

Turen gjekk til Mørkridsdalen om Bolstad både fram og tilbake. På heimvegen svippa vi oppom Steinabakken. Opp Nesbakken til slutt vart...tungt....

 Vegen utanfor Gullringtunnellen er grei å sykle, dersom ein ikkje absolutt skal stresse med å bruke kortast mogleg tid.

 Det er ikkje mange år sidan det køyrde bussar, vogntog og bubilar her.

 Fint utsyn inn mot Skjolden.

 Og da ser vi enden på Sognefjorden. Over 20 mil ut til havet....

Mørkridsdalen er ein grei avstikkar. Ein får ei mil ekstra, samt litt småbakkar dersom ein velgjer å køyre om Bolstad. Vegen er smal, men det er oversiktleg og lite trafikk.

********************************************************************************

8.8.2014:
Vigdalen, så langt som det gjekk an med racer/cross.




 Har ikkje så mange bilder fra denne turen, da det var ein impulstur fra Haukåsgjelet og opp. Når vi syklar opp, så er det såpass tungt at eg ikkje tenkte på å ta bilder. På vegen ned, så går det såpass fort at eg ikkje tør....
Men det hadde nå gått an å stoppe.


Det er no ein form for oljegrus heilt fram til parkeringsplassen. Her er det fullt mogleg å trille. Bomvegen er brattast i byrjinga, med eit knallbratt parti omlag midtveges. Utan at eg har målt, så vil eg tru det bikkar 25% på det verste.
Heile turen, dvs. fra Husøy og opp, er ca. fem km. og det stig ca. 600 høgdemeter. Det gir ein heftig snittprosent, oppl. i.flg. Strava.

Men fin trening da.

Nedatturen er forresten eit kapittel for seg. Og hugs at tunnellen er mildt sagt minneverdig den og, spesielt ned...

************************************************************************





5.8.2014:
Ein ettermiddagstur til The Valley. (Berre vent til eg skal til Dalsdalen....)

 Ah... ein kveldstur.....fint vær, ingen vind.....


Litt nærare tunnellen....

***************************************************************************



4.8.2014: Er sommaren over alt??
Iallfall var det lite som minna om forrige vekers flotte vær denne søndagen. Det var tvertimot regn, vind og kjølig, dvs. eit perfekt vær for å sykle litt cross!


 Gamlevegen forbi Alsmo har neppe sett bilhjul på ei stund... Sykkelhjul av denne typen derimot, det gjekk OK.


 Regn på denne årstid medfører alltid litt dis i den kalde Jostedøla



Eiga type stemning.....

************************************************************************





31.7.2014:
Fra dagens crosstur.


Tenkte eg skulle prøve ein tur opp på Brunen i dag, men det viser seg at da må ein ta det litt meir med ro til å begynne med. Da eg var komen hit, så hadde eg mest lyst å sove.

 På eit eller anna forunderleg vis kom eg meg heilt opp til dette fine utsiktspunktet. Crossykkelen er OK, men har litt for tung utveksling. Eller rettare sagt: Det er litt for mange kilo som skal fraktast mot tyngdekrafta.
Men fin utsikt da.
 Eg fant ut at ein tur inn mot Mytagrindi kunne være eit greit alternativ. Der viste det seg å være vegarbeid på gang, så her gjekk det over tunnellmasse og det som verre var. Blir sikkert bra når det er ferdig. Crossen klarte dette greit.
Dette er heilt inne ved grinda, og som ein ser er vegen ikkje heeeilt ferdig. Det var grovare vegdekke lenger nede, men det å køyre på slike vegar er veldig god teknikktrening. Eg kom som nevnt heilt inn hit utan vesentlege problem.

************************************************************************




29.7.2014
Turen gjekk til Strondi, eller The Beach som det vil bli heitande no framover.
Tre mann fra Gåpnabøgdi, traff den fjerde på Hafslo, samt ein etternølar da vi var komne på tur heim att.
Alt i alt ein flott tur på knappe ti mil.

På veg framover langs vatnet. Vegen er som ein ser eit kapittel for seg sjølv, og det er totalt fire tunnellar av varierande lengde. Røyrtunnelen MÅ ein sykle igjennom, medan dei tre andre kan ein sykle utanfor. Skal du på død og liv sykle tunnellane, så MÅ du ha godt lys!! 


Her har vi akkurat komne forbi tunnell nr. to rekna fra Hafslo. Dette er den med dårlegaste veg.
Vi fekk sjølvsagt ein punktering i dag og, denne gang utanfor tunnell nr. fire, rekna fra Hafslo. Dette er den lengste tunnellen, men og den med best veg på utsida. Uflaks. 

Vel framme på Strondi, eller The Beach, så er det fin og rett veg. 


Når ein er komen hit, så kan ein snu. 

 Ein liten stopp på Strondi Kafe høyrer med.


Altså, eg har faktisk inga aning om kva dei peikar på.... 

Vegen er som nevnt av heller dårleg standard, og det pågår vegarbeid her også.
Og kvifor det ikkje vert laga tunnell til Leirdalen istaden, er for meg ei gåte. Kortare veg til Gaupne, kortare veg til Sogndal, med bedre vegstandard....Vi blir forhåpentlegvis klokare i framtida.

****************************************************************************

26.7.2014:
Så smått i gang med oppladinga til Voss-Geilo.
Tok ein trilletur rundt The Fjord i dag, enormt varmt, spesielt opp Indre Hafslo.
Torever og plaskregn på Skjolden.
Medvind/motvind/sidevind fra Luster til Neshøgdi.

Slik kan det gå når ein tek bilde på ferja.... 


Fra Ornes og innover var det kokvarme, spesielt opp til Munthehuset. 


I Kroken har ein eller annan vore så smart å sette opp denne vesle sjølvbetjeningsbua. Der kan ein få nyte velsmakande drikke, samt sjå opp på dei gamle fjell i syningom... 

Vegen er ikkje av dei breiaste alle stader, men det er liksom heile vitsen. Litt meir trafikk nå midt i fellesferien, men ikkje noko plagsomt akkurat. 


Vel heime i Gåpnabøgdi, etter ca. 85 km. Da er det tid for analyse om turen. Vi kom fram til at dette hadde vore ein gild tur, så neste gang trillar vi til Veitastrondi.


21.7.2014:
Ein liten crosstur....

 Det er lite som er finare enn ein kveldstur i godværet....


Utover mot Eikjastrondi er det veldig fint å trille. Den einaste feilen er at vegen skulle gått til Solvorn. 

 For min del kunne det godt vore slik heile året.

Og nå; Eit fartsbilde.



19.7.2014:
Sykkelen har fått stå i ro i to veker, men denne laurdagen var det på tide å trille litt att. Nytta terrengdoningen i samband med ein topptrimtur.
 Fra traktorvegen inn mot Skoganipa som vi ser i bakgrunnen.



Rupheim ovanfor Hafslo, dvs. startpunkt.




7.7.2014:
Litt fra Sognefjellsrittet. Meir detaljert her.

 Kart og profil.


 Småguffent på fjellet i år...

Den høgste fjellovergangen nord for Alpane, 1434 m.o.h.
*************************************************************************




2.7.2014:
Jammen rakk eg ein liten snue i dag og. Grunna litt tidspress så vart det ikkje så lenge, men rakk iallfall knappe 700 høgdemeter fordelt fire stigningar. Dessutan fekk eg trille på litt grusveg, noko som er alltid like artig.

Dagens rute gjekk fra Gåpnabøgdi, opp Indre Hafslo og oppom grusvegen forbi Sønnesyn. Ny krankutveksling også, 50/34 noko som utgjorde ein større forskjell enn eg trudde på førehand.






Har lagt inn bilde av denne bakken før i vår, men nå er det blitt sommar....Dei siste tre-fire hundre metrane her vil få opp pulsen på dei fleste av oss. 

Grusvegen borti Morki er fin å sykle med litt grovare dekk. Men det var nygrusa ned forbi Li, så der var det litt teknisk og utfordrande. Gjekk greit. 

Denne fine gang/sykkelvegen utanfor Røneidstunnellen er nesten idyllisk på slike dagar. 

Det burde sjølvsagt gått gang/sykkelveg heilt til Gaupne herfra, og det kjem kanskje før eg vert pensjonist. Kanskje. Utruleg kor lang tid ting kan ta.
********************************************************


29.6.2014:
Gaupne-Uglywater-Gaupne. 11 mil tur/retur, fra 0 til 1200 m.o.h. Ei verkeleg utfordring på ein søndag.





Det er ingen leik å komme seg hit. Som vanleg var eg av dei siste som karra meg til topps, og opp Krokabakken (Bakken før Fåberg) var hard nok.  

Aldri ein tur til Styggevatnet utan ei punktering eller to. I dekkskiftpausen, så nytta eg høvet til å ta dette bildet nedover mot Viva. Det ser kanskje ikkje så bratt ut, men er seigt nok oppover. Vegbana er tildels dårleg, så vær varsom når du skal nedatt. Og forresten: Crossdekka var ca. 10 ganger bedre nedover enn racerdekka som eg brukte i fjor. 

 For første gang i mitt sykkelliv kunne eg nå stoppe og vente på folk, og nede att på Øy tok eg dette bildet. I bakgrunnen ser vi Lodalskåpa, så herfra er det ikkje lange biten over til Stryn.
Nede på Myklemyr var beina mine rimeleg kokte, og etter eit "natures break" fekk eg tatt dette blinkskotet....



24.6.2014:
Solotur rundt "The Fjord. Etter denne turen kjøpte eg meg ei bedre framlykt....


 Fra ferja over til Ornes. Eit fint vær, og nesten vindstille. Lustrafjorden er 40 km. lang, og det er ein av finaste sykkelturane ein kan ta er altså å sykle rundt her.
Borte fra Munthehuset stoppa eg for å ta dette bildet, mest for å irritere meg over at det aldri kjem veg mellom Solvorn og Eikjastrondi. Det hadde blitt ein fin liten rundtur på to hjul. 

 Sidan eg var åleine, så kunne eg også unne meg ein liten ekstrastopp. Her i denne vesle bua spanderte eg på meg ei flaske velsmakande eplesaft. Veldig godt, og god næring til turen vidare inn mot Skjolden. Her hadde eg sykla omlag ei mil fra Ornes.
 Det er obligatorisk å ta bilde av Feigefossen.
Eg tok snuen opp i Fortun for å bunkre på med litt næring. Der var det byggearbeid på gang, så noko særs vakkert å ta bilde av var det ikkje. Her derimot, på utsida av Gullringtunnellen, var det grunn god nok for ein stopp. Dei som absolutt skal sykle gjennom tunnellen går glipp av halvannan km. bilfri veg. Samt fin utsikt.




22.6.2014:
Til Vigdalen.
Veldig slitsom dei første tre kilometrane, deretter vert det gradvis lettare.
4,5 km og 455 høgdemeter iflg Strava.
Orka ikkje sykle den siste kilometeren opp den private bomvegen. Opp hit var nok.
Vegen opp hit er av ok standard.
Ca. halvveges i bakken har det vore noko gravarbeid, slik at det er noko grus i vegen.

Ja, og ta det med ro i tunnelen når du kjem nedover... Den første tunnellampen virkar ikkje, og har vel ikkje gjort det på nokre år heller...

Rart å tenke på at dette var arbeidsplassen min for snart 30 år sidan..
Da stod det ein brakkerigg her, og arbeidet med Breheimutbygginga var i full gang.
I fjellveggen i bakgrunnen var tunnellinnslaget.





21.6.2014:

På kveldstur.
Noken synes det er best å sykle om morgonen, men for meg er det rein tortur. Ut kl. 2030 om kvelden derimot, i lyse sommarnetter.... da snakkar vi.
Det var rett nok berre ein liten luftetur, men lys og stemning på denne tid av døgnet er noko heilt anna.




Vegen ut mot Eikjastrondi er noko smal, og går dessverre ikkje så langt som ein kunne ynskje (Solvorn), og kjem heller aldri til å gå lenger. Men det er ein fin liten tur berre for å sjå Lustrafjorden, iallfall ein del av den. 

 Det som slo meg er at fjorden her er brei. Veldig brei. Det er tre kilometer over til Kroken.

I tillegg til å være brei er Lustrafjorden også ganske djup her. Iflg kartet er fjordbotnen nesten paddeflat på ca. 375 m. under overflata. Dette er rett nok adskillig grunnare enn hovedfjorden nokre kilometer lenger utover, men dog... 

 Måtte ta eit bilde innover Gåpnafjorden også....
Ja, og vegen vert faktisk smalare.
Da eg kom tilbake til heimbygda, så trilla eg ein tur forbi dynamittlageret og vidare framover. Tenkte eg skulle prøve meg på "Den Bratte Bakken", men forstod at det ikkje gjekk. Det er tross alt ein crossykkel, og ingen terrengdoning.

Her er forresten ein videosnutt fra turen....


******************************************************




17.6.2014:

Til Skjolden i går. Ein flott dag, iallfall ser det slik ut på bildet. Det som ikkje kjem fram er at det var sterk motvind innover, og faktisk litt kjølig. Brukte lause armar heile turen.
Men det gjekk lett heim att, det var da noke.


Fra dei siste par vekene....
Forrige søndag rakk vi ein fin liten tur rundt fjorden, eller The Fjord, som det heiter internasjonalt. Dette bildet er tatt rett nedanfor Munthehuset i Kroken. Som ein ser er ikkje vegen spesielt brei, men svært lite biltrafikk gjer dette til ein fin veg å sykle. 


Når ein har sykla fra Ornes og innover, så passar det godt med ein stopp på Vassbakken. Fossen i bakgrunnen ser så flott ut at ein skulle tru den var kunstig, men den er altså naturskapt.
**************************************************************************


4.6.2014:
Jammen rakk eg å ta nokre bilder i dag og...




Kveldens tur gjekk på asfalt, grus og gras, dvs. ein skikkeleg crosstur! det hadde aldri gått med vanleg racer, men med rette dekk og sykkel så vart dette ein retteleg flott tur. Her fra vegen borti Morki, og det er vel husa i Li vi ser der nærmast. Bakken ned derfra var forøvrig ei oppleving :-) 



Dette er i krysset mellom vegen til Mollandsmarki og vegen borti Morki. Eg tok med framhjulet for å illustrere forskjellen på desse dekka kontra vanlege racerdekk.  Breidde: 35 mm.

Etter å ha karra meg opp att på Høgi, så møtte eg ha ein liten drikkepause, og fant ut at eit bilde av vegen vidare passa bra...Oppover her var det akkurat grusa, så det var langt fra ideelt å sykle opp, anbefaler å komme motsatt veg. 


Måtte berre ta eit bilde av utsikta.... 



Dette er turens høgaste punkt, ca. 455 m.o.h. i følg. GPS`en. 


Nedatt fra Jørongo og Opheim gjekk det som ei kule. Sykkelen tålte farten godt, og eg følte meg mykje stødigare enn på terrengsykkelen. Fant ut at eg skulle prøve meg ned att om Marheim, og det gjekk heilt OK. 










Ja, åsso måtte eg berre sykle ned her da.... nabolaget...

*******************************************************************


2.6.2014:
Har ein fri, så har ein fri...
Rakk ein liten snue til Skjolden i dag.





 Å, for ein fæl dag....



 Eg likar helst å trille utanfor tunnellane, så sant det er mogleg.
Årsaker: Vi slepp å irritere bilistane meir enn vi absolutt må.
Det er vesentleg tryggare å sykle her.
Utsynet må seiast å være ca. 1000 ganger bedre og finare enn inne i tunnellen...
Og forresten: Vi brukar kanskje 30 sekundar lenger tid, men er det noko problem??






























På kroskaien var det ingen båtar i dag, slik at eg kunne nyte otsikta heilt ot att til Loster.

******************************************************************

01.06.2014





Med Giroen på Eurosport, og Fjords på TV2, så har eg latt meg inspirere til å ta nokre bilder fra diverse trilleturar sidan forrige søndag.



Fra årets første "Fjorden Rundt". Dette er normalt ein fin tur, men dårleg helse og altfor tidleg starttid (etter min smak) gjorde det til ein av mine verste dagar på to hjul. 

Da vi var komne nesten til Sørheim, så punkterte heldigvis vår kvinnelege representant denne dagen. "Heldigvis" fordi eg på dette tidspunkt var heilt kaputt, og på denne måten fekk ein pust i bakken. Turen enda med at eg sykla åleine fra Vassbakken og heim, ein tur som gjekk svææææært seint. Brukte 1 time og 10 minutt, har aldri sykla så seint denne strekninga før. Nesbakken var som eit fjell.

Helgetorsdag brukte eg på ein solotur til Nigardsbreen. Nå var helsa noko bedre, og eg fekk ein fin, omenn sakte tur framover. Heimover var det medvind og greier, så da gjekk det fint.

Nye Breheimsenteret måtte eg berre besøke denne dagen. Der hadde dei både brus og sjokolade, noko som jo alltid smakar snadder. 

Siste maidagen brukte vi til ein ny Jostedalstur, den tredje samme veka (har ikkje bilder fra tysdagsturen til Gjerde). Det var ein strålande dag med start kl. 1600, dvs. ideelt etter min smak. 

Etter ein pitstop på Gjerde, med inntak av diverse drikke og mat, så trilla vi heimatt. Det gjekk faktisk passe fort, utruleg nok. Normalt slit eg som ein hund for å henge med dei verste ulvane i flokken.

Da vi kom nedatt til Myklemyr, så måtte eg berre få med litt motsol....

I dag sykla 11-åringen heimatt fra Jostedalen for første gang. Det var som ein liten treningstur for han, klassen skal nemleg sykle Sørsida neste veke. Noko så artig hadde vi aldri på skulen i våre dagar.

Ved utgangen av denne minitunnellen på 65 meter rakk eg å knipse dette.

Har sagt det før, og seier det igjen: Luster kommune er eit fosseeldorado i verdsmålestokk. Dessverre vert det knapt gjort ein døyt for å marknadsføre oss som det ute i den store verda. Kven veit t.d. at dei fossefalla vi ser på dette bildet er ein av verdas høgaste??

Ryfossen er veldig fin no om våren/tidleg sommar. Men står det noko skilt som markerer denne flotte fossen? Ikkje den ting, ikkje ein gang ei skikkeleg utkøyrsle.


Velvel. Eg supplerer med fleire bilder utover sommaren.