fredag 16. mai 2014

På sykkeltur til Strondi.

Oppdatert 19.5.2014:
I går tok vi heile turen, og vel så det.
Ein strålande forsommardag, der det for første gang gjekk an å sykle i kort-kort.
Hadde med lause armar, men dei tok eg av opp Indre Hafslo.

Da vi var to som la av garde denne gang, så gjekk det sjølvsagt mykje lettare.
Heilt fram til der asfalten slutta kom vi, og da var det over 45 km. heimatt.
Ein kjapp stopp, før vi snudde og etter berre ein km. eller to, så møtte vi den tredje lokale syklisten. Vi vart einige om å stoppe på ein open kafe lenger nede i bygda.
Der sat det fire godt vaksne, turistar eller noko slikt, og tok seg kvar sin halvliter. Det såg sjukt behagleg ut, men vi lot fornuften sigre, og tok heller ei cola.

Veldig bra at det var ein slik liten oase der!


På veg heimatt, så køyrde vi utanfor den  fremste lengst tunnellen. Den er såpass lang, at den uansett ikkje er fristande å sykle igjennom. Vegen var også brukbar. Røyrtunnellen er vi NØDt til å sykle igjennom, men den er så kort at det byr ikkje på problem.

Da stod det att to tunnellar, og utanfor den lengste av dei, så klarde eg sjølvsagt å punktere. Det er alltid like irriterande, men det er ikkje akkurat første gang da....
Slangeskiftet gjekk greit, litt lite luft kanskje, men greit nok. Iallfall så greit at vi av ein, no i ettertrid iallfall, uforståeleg grunn, fant ut at vi skulle ned i Solvorn også.

Det var ikkje noko sjakktrekk.
Ned var greit, men oppatt vart eit slit. For ikkje å snakke om fra Stolpen og opp til Heggmyrane. Eller enda meir konkret; Fra Hillestad og den snaue siste km. til toppen.
Vi hadde på dette tidspunkt køyrt over ni mil, og nærma oss 1400 høgdemeter. Heile turen hadde no vart i over fire timar, så det skulle  berre mangle at det ikkje merkast ein smule.


Sliten. Ohoi.
Men fra Heggmyrane og heim, så gjekk det iallfall greit.
Fin trening, men det merkast i beina dagen derpå.

Fordelar med å sykle her:
Lite trafikk. Vi traff totalt 11 bilar.
Naturen. Det har sin eigen sjarm å sykle i slike storslåtte omgjevnader.
Medvind heim att. Alltid.

Ulemper:
Asfalten er tildels svært dårleg.
Tunnellane er svarte som natta. Skal du på død og liv sykle igjennom dei, så ha for all del eit skikkeleg godt lys!! Vegen utanfor er farbar, men spesielt tunnell nr. to på veg framover har ei dårleg vegbane på utsida.
Motvind på vegen framover. Alltid.


Data fra turen:
Total distanse: 106,2 km.
Totale høgdemeter: 1378
Snittfart: 24,23
Toppfart: 67,86 km/t
Snittpuls: 145 (79%)
Makspuls: 174 (95%)

Reiseruta denne søndagen.



 På veg framover. Veitastrond kapell.

På veg ned mot Veitastrond Kafe for ein velfortjent brus. 



Vendepunkt. Når du er komen så langt fram som dette, så vil eg anbefale å snu.


På veg heim langs vatnet.


****************************************************************************






Forrige laurdag fant eg ut at ein sykkeltur var tingen. Kveldsturar er alltid fint.

Men kor skulle turen gå?
Tenkte først på ein tur framover Jøsstedalen, men der har eg sykla såpass mange ganger, at det var på tide med litt variasjon. Så kvifor ikkje ein tur til Solvorn, og kanskje opp att Gamlevegen på Hafslo?

Men da eg var komen på Heggmyrane, så var været så fint, og stemninga så god, at eg fant ut at ein tur mot Veitastrondi var ein god ide. Kanskje ikkje så langt, nett forbi Moane kanskje??
Men framover langs vatnet, så var det så fint å sykle at eg satte meg som mål å trille til den første tunnellen. Der kunne eg finne ut om det gjekk an å sykle utanfor, på den gamle asfalterte stripa langs med vatnet.

Det gjekk såpass greit, at eg fant ut at eg kunne sykle til neste tunnell nokre kilometer lenger oppe langs vatnet.
Og sidan været framleis var strålande, så sykla eg utanfor den tunnellen også.

No var det byrja å bli litt kveld, og ikkje fullt så varmt og fint lenger, så eg valde og stoppe ved noko vegarbeid som pågjekk. No kunne eg faktisk sjå inn på sjølve Strondi, det var knapt ei mil dit.
Dessverre hadde eg ikkje med meg noko særleg mat og drikke, så eg tok ikkje sjansen på å sykle lenger. Ein skulle tross alt komme seg heim...

På ein snuplass der framme stoppa eg for å tygge i meg dei to små Bixitkjeksa eg hadde i baklommen, samt å drikke den halve RedBull flaska som var med. Vannflaska på 0,7 l. var byrja å få faretruande lite innhald...

Det fine med å sykle mot Veitastrondi er at det er nesten alltid trekk heimatt. Så også denne gang.
Dernest er det veldig artig å sykle på stader der ein skjeldan køyrer. Vegen langs vatnet går opp og ned heile tida, og kvaliteten på vegen er mildt sagt varierande. Asfalten er tildels skral, og det er smalt og svingete. Derimot er er det omtrent ikkje bilar, og såleis midt i blinken for oss som er på to hjul.

Naturen er storslagen. Sjølve vatnet er eit av dei største i fylket, med høge snøkledde fjell på begge sider. Med sol som er i ferd med å gå ned, så vert dette ei flott oppleving.
På "andre sida" ser vi fraflytta gardar, og eg tenkte at det hadde vore artig å vore der ein gang.
Men det kjem jo aldri til å skje.

Da eg var komen til Moane att, så drakk eg siste skvetten med Red Bull, og for verkeleg å plage meg sjølv: Gamlevegen fra Hafslo og til Heggmyrane.
Her er det spesielt to bratte bakkar. Ikkje så lange, den siste er ikkje på meir enn 400 meter. Men denne siste er oppmot 15%, så etter seks mil åleine, så merkar ein slikt...

Oppe på Heggmyrane, der no var berre ti grader, tok eg på meg vindvesten og trilla  heimover.


Eg hadde ikkje møtt ein einaste anna sjel på to hjul, men hadde likevel hatt årets flottaste tur så langt.
Flott vær, storslagen natur, nesten ikkje biltrafikk....  kan ein be om meir som syklist?

Eg sykla ikkje fort. Det var turen som var heile vitsen. Eg kunne stoppe å ta bilder her og der... ein svane kunne eg sjå... eit andepar.....
Vi stressar altfor mykje når vi trenar på sykkel. Det skal gå så innihelsike fort, opp mot makspuls til tider.
Vi har altfor få turar, for turens eigen del. Det gir meg mykje meir å sykle sju mil i makeleg fart til Veitastrondi, enn å køyre som ein villmann til Skjolden og tilbake.
Saman med å sykle rundt fjorden, er ein tur til Veitastronden den finaste sykkelturen ein kan ha i kommunen. Fram til "sentrum" og heim, så vert det ein tur på over ni mil, og dersom ein absolutt vil køyre villmann, så værsågod.
Det er fullt mogleg å sykle på racer utanfor dei to tunnellane som eg var forbi. Litt dårleg veg her og der, javel, men eg slapp å gå av ein einaste gang. Det var faktisk problemfritt å sykle der, og eg kan anbefale turen på det sterkaste.
Neste gang skal eg ta med meg litt meir mat og drikke, så eg kan sykle heilt fram. Folk er velkomne til å bli med, men da skal det være som ein tur og ikkje noko sprengkøyring.

Litt data:
Totalt: 3 timar og 17 minutt.
Distanse: 75 km.
Snittfart: 22,7 km/t.
Høgdemeter: 980
Snittpuls: 133 (73%)
Makspuls: 168 (92%)


Bilder:

Reiseruta denne laurdagen.



Vendepunkt kl. 2000. Da var det kanskje på tide.



Utsyn heimover.


Tunnell nr. to rekna fra Hafslo, tunnellinngangen på bildet er på Veitastrondsida.
Denne tunnellen er ganske lang, så eit godt lys er eit must. Dette er også tunnellen med den klart dårlegaste vegen på utsida.




Dette er den første tunnellen du kjem til, dersom du syklar fra Hafslo. Denne er heller kort, men det går fint an å sykle på utsida også. Hugs eit godt lys hvis du skal sykle igjennom.



Over mot Yngsdalen, og den forlengst nedlagde skulen på andre sida av vatnet.


Opp gamlevegen på Hafslo... for å plage seg sjølv litt ekstra.



Det ser kanhende ikkje så bratt ut på bildet, men her er det 15% i 400 meter, noko som merkast etter 6-7 mil på sykkel åleine.



Etter ei god treningsøkt, er det tid for åndeleg og kroppsleg påfyll...








torsdag 15. mai 2014

Kommunesamanslåing

Det pågår ein debatt om å slå i saman kommunar.

Det er ein god ide, mykje har endra seg sidan den siste store samanslåingstrenden på byrjinga av 60-talet.
Det er ikkje til å komme fra at transport og kommunikasjon, samt mykje anna, har endra seg siste 50 åra.


Derfor er det på høg tid at Luster må sjå til sine naboar i Sogndal og Leikanger, meiner nokon, for det meste sogndøler :-)
Det må være eit gode for lustringar også, det å slå seg saman med Sogndal og Leikanger.

Årsak: Gaupne og Hafslo vert da liggande i sentrum av den evt. nye store kommunen.
På Hafslo, som jo er den mest naturskjønne bygda i Indre Sogn, er det framleis god plass til bustadbygging.
I tillegg har vi sommarperla Solvorn rett i nærleiken.
Ergo: Nye bustadfelt må komme på Hafslo, istaden for å stappe enda meir ned i Fjøra.

Administrasjonen for kommunen plasserer vi sjølvsagt i Gaupne. Dette fordi det vert  midt i den nye storkommunen, med omtrent lik geografisk avstand til alle deler av kommunen.
Ein knapp time til Hella?
Ingen problem.
Iallfall ikkje større enn det vil være for skjoldingane, jostedølene og fortunsdølene  og måtte reise til Sogndal i ein time.
Ein forsterka (eller rettare sagt: Forstørra) kommuneadministrasjon i Gaupne, vil også medføre ei utbygging av helsetilbodet her. Ja, for det er vel ingen vits i å ha eit helsesenter i Sogndal også, berre knappe halvtimen vekke?
Skal ein først spare pengar, og ikkje minst; "få meir kompetanse",  med å slå saman kommunar, så må ein jo gjere grep som  monnar.
Og med helsesenteret på plass, så bør jo Sogn Brann og Redning også plasserast her.
På den måten får utrykningsetatane omtrent like kort (eller lang, alt ettersom ein ser det) til heile den nye storkommunen:
35 min til Kaupanger, Fortun, Leikanger og Fåberg.
Knappe timen til Hella, Veitastrond, Ornes og Fjærland.


Så der har vi det:
Alle byråkratane i Stat og Fylke kan fortsette på Leikanger.
Fotball, vidaregåande skular og handel i Sogndal.
Bustadutbygging på Hafslo.
Kommuneadministrasjon, helse og brann/redning i Gaupne.

Eit fantastisk godt forslag.
Berre sjå på kartet, så ser vi at Hafslo og Gaupne passar perfekt til dei nemnde formåla.


Og brått var ikkje kommunesamanslåinga så populær likevel?

onsdag 7. mai 2014

Kommuneøkonomien

Ein leiar i lokalavisa var bekymra for økonomien til Luster kommune for ei tid tilbake.
Årsaka til bekymringa var at Lustrabadet måtte få nesten ein mill i kommunale tilskot ekstra, grunna høgare driftsutgifter enn venta.

Så kva utgjer ein million ekstra i det totale budsjettet?


Egt har derfor brukt Luster Kommune sin årsrapport for 2013 som greie tal å forhalde seg til.
Regnskapet for 2013 viser at kommunen hadde driftsinntekter på 475 110 512,-
Vi brukar 475 mill for å være enkle.

Utgifter i 2013 var 464 mill, dvs. eit overskot på ca. 11 mill.

Dei totale tilskota fra kommunen, til det kommunale foretaket Lustrabadet KF er såvidt eg hugsar ca. 3 mill, inkl. den siste millionen, give or take nokre hundretusen opp/ned.
Vi brukar 3 mill for å gjere det enkelt.

Kva blir 3 mill av 475 mill?
Jo, det blir under 0,65% av kommunens totalbudsjett.

Men avisa bekymrer seg helst over den ekstra millionen.
Så kva er ein mill av 475 mill?
Jo, det er 0,21% av kommunens totale driftsinntekter i 2013.

Og dette skal liksom øydelegge kommunens økonomi, og være grunn til bekymring?
Dette er useriøs synsing fra redaktøren, som i si tid syntes det var ein god ide at Lustrabadet skulle leggast til Heggmyrane.


Hvis ein nå endeleg skal finne noko å bekymre seg for innanfor kommunale budsjett, så heiter det "pensjon".
Kommunalt ansatte sit på ein ordning som alle private bedrifter anten har avskaffa, eller kjem til å avskaffe så fort dei kan sei "pensjonskapitalbevis".

Dei offentlege pensjonsutgiftene i Luster kjem til å eksplodere i løpet av nokre år, og det burde være ein laaangt større årsak til å bekymre seg, enn ein ekstra millon til besøkssuksessen Lustrabadet. Alt i dag er pensjonsutgiftene det mangedoble av det Lustrabadet må få i tilskot.

Men det er nok sikkert ikkje så interessant å kritisere.


Ellers: Avisa lurer på kvifor det vert større driftsutgifter når det er så mange besøkande? Må det verkeleg vaskast og ryddast oftare når det kjem meir folk? Det lurer faktisk avisa på.
Svaret er: Ja.

Akkurat som t.d. i ein bil, eller eit hus. Kjem det fleire folk inn i bilen eller huset, så må det vaskast oftare.
Avansert? Nei. Faktisk veldig enkelt. Hvis ein vil. Og det vil ikkje redaktøren.

10 km. tempo

Etter eit lengre tidsrom utan skriving, så er det på tide å ta tastaturet fatt....

Og ingenting er bedre enn å bruke det til å fortelje litt om gårsdagens vesle sykkeltur.


For det var ein historisk dag, på fleire vis:
For det første så kom OMSIDER, draktene til Luster SK. Det var forresten på tide, med tanke på at bestillinga fant stad i slutten av januar var det vel.
Om draktene fungerte? Skal komme tilbake til det i ein oppdatert post.

Det andre historiske var at vi hadde det første arrangementet vårt. OK, det var kun fire stk. og det var uformelt, men dog.

Eit eller anna lyst hovud hadde funne ut at vi skulle trimme i form av 10 km. tempo, dvs. enkeltstart. Det høyres kanskje ikkje så ille ut, men tru meg: 10 km. sykkel kan være grusomt.

Men først: Oppvarming. Ein roleg tur inn til Høyheimsvik. Dette er ein fin liten oppvarmingstur på ca. 17 km. Været var langt fra optimalt, termometeret viste 10 grader, og det regna. Og, skulle det vise seg, det regna berre meir og meir utover ettermiddagen. I tillegg var det vind av den kalde typen fra nord.
Når det er kaldt så må ein kle seg ekstra mykje, og det er heller ikkje ideelt når ein skal sykle tempo.


Nå er det mange år sidan vi sykla slike små temporitt, men det er nå alltids litt gøy. Det var ikkje nokon konkurranse, anna enn mot seg sjølv, og det er liksom heile poenget: Vert det noko framgang i løpet av sommaren? Ei skikkeleg tempoløype skal forresten ha eit vendepunkt, og det hadde denne.

Det er ikkje den lettaste tempoløypa akkurat: Det går opp og ned heile vegen, sjølv om det ikkje er nokre lange bratte bakkar. Høgste punkt i løypa skal iflg. Strava være 31 m.o.h. og start/mål er 6 m.o.h.
Totalt vart det 157 høgdemeter, framleis iflg. Strava, noko som høyres ut til å være altfor mykje.

Vi var litt usikre på kor startpunktet skulle være for at løypa skulle bli akkurat 10 km, det var tross alt mange år sidan sist. Men vi veit det iallfall nøyaktig til neste gang....


Så om sjølve turen: 10 km. er ikkje så langt, faktisk skal det ta ein plass mellom 15 min og 20 min for dei fleste av oss å sykle denne mila.
Det er berre det at ein syklar det ein orkar....
Det betyr opp mot makspuls heile vegen. Det er omtrent berre nokre hundre meter i starten, og ved vendepunkt at ein går litt ned i puls, samt at ein kan snike seg til ein liten kvil i ein unnabakke, t.d. ned fra Skarpamo på veg heim.

Etter kun 600 meter var eg oppe på over 90% i puls, og vart liggande der omtrent heile vegen.
Etter ein km. så hadde rømmegrauten som vart fortært til middag lyst å komme opp att.
Etter 4,7 km. nådde eg vendemålet, noko som jo fortalde at startpunktet var feil. Men i det minste var det ikkje så mykje motvind heim att....

Fra sandtaket og til mål, dvs. ca. 2,5 km, så gjekk det rimeleg greit. Men årsaka var sjølvsagt at det her er meir nedover, samt at vi no hadde brukbar medvind. Det gjorde at det gjekk an å trakke på skikkeleg, iallfall så mykje ein kunne. Det regna nå ganske så bra, og pulsen var framleis bortimot maks. Dvs. at det var like seigt nå, berre med den forskjell at det gjekk litt fortare.
Eg flytta den tenkte mållinja eit par hundre meter nedover, slik at eg enda opp med ein distanse på ca. 9,7 km. Tida vart eigentleg veldig dårleg, 18:50, men det var ikkje så nøye. Vær, temperatur og to veker utan sykling i det heile teke grunna sjukdom gjer at det er stooort forbetringspotensiale her.

Andre "tørre" tall: (Forøvrig det einaste som var tørt denne kvelden)
Toppfart - 46,1 km/t
Snittfart - 29,8 km/t (På Strava som inkluderer start og stopp med diverse fomling i lommer, noko som gjorde at totaltida var 20:11. Gløymde å nullstille sykkelcomputeren. Amatør)
Makspuls - 165, dvs. 96%
Snittpuls - 159, dvs. 87%, (Pulsmålaren vart stoppa samstundes med Strava, dvs. 1:20 etter at målstreken vart passert)

Alt i alt: Veldig gøy, men også grusomt hardt. Det å sykle ei mil så fort ein klarer er beintøft, men trøsta er jo at det tross alt ikkje varer så lenge. Det bør være mogleg å komme godt ned mot 17 minutt i løpet av våren.

Oppfordring: Møt opp på tysdagane og ta dette som ein test, og observer framgangen i løpet av våren. Du konkurrerer med deg sjølv, ikkje mot andre.

Traseen: 
Startpunkt nede ved krysset til RV 55.

Vendepunktet v/Fonndøla.