søndag 2. mars 2014

Vårens viktigaste arbeid!!

Det er første vårdagen, iallfall etter kalendaren.
Eigentleg har det vore vårklima sidan 5. desember omtrent, men takk som byr.
Lurde på om eg skulle stresse avgarde på ein spinningtime i ettermiddag, men fant ut at det kunne være bedre med ein time eller to utandørs i morgon.

Men før ein kan sykle ute, så må vårstellet på plass. Ja, av syklane altså.
Inspirert av denne geniale Tommy og Tigern-stripa, så var det berre å gå i gang.

















Det fins individ som meiner at vi syklistar finn det viktigare å vaske sykkelen enn bilen. Det har dei heilt rett i. Det er mykje viktigare. Slike individ synes også det er viktigare å vaske inni huset (!), og kallar seg gjerne for "koner".





Det er ein del som må planleggast når eit så viktig arbeid skal utførast.
Vaskemiddel, svamp(ar), hageslange, avfeittingsmiddel, arbeidsstativ.....

















I tillegg måtte eg ordne med litt ekstra godt lys til ei slik storhending.

Og så det viktigaste: Syklane.
For det går jo ikkje an å vaske berre ein sykkel. Det blir som å ete ei drue, eller ei peanøtt. Eller eit potetgullflak.

Ned fra garasjeloftet kom racaren fra i fjor, samt den nye fine crossykkelen som eg ikkje har fått testa enda. Ikkje fordi eg ikkje har villa, men fordi at den ikkje skal bli gjørmete... er jo ny og greier....
Fant også fram den gamle terrengdoningen, som er blitt brukt ein smule i vinter, og som såg ut deretter.

















Her er alle dei tre vennene mine på plass. Framme fra venstre har vi den som har trilla lengst, eg kallar han for "resaren". Framme til høgre (fin og blank i den ubrukte lakken) står min nye venn "kråssen".
Bakerst står den gamle kameraten min, "terrengen".

Terrengsykkelen såg ikkje ut. Var heilt skamfull over å ha latt han står eit par veker utan vask, ikkje ein gang ein spylings hadde han fått. Men han vart avfeitta og såpa inn, så eg kan garantere at han søv godt i natt.
Raceren vaska eg rett før Voss-Geilo i fjor sommar, og sidan eg trilla i mål på Geilo 23. august så har han vel omtrent ikkje vorte brukt. Den var såleis nesten like rein. Litt klissete etter noko sportsdrikkgreier var det einaste. Samt litt støv, dakar....

Crossen var berre litt støvete. Den har eg ikkje trilla ein meter enda, men eg fukta varsamt ein klut, og tørka av litt støv som hadde lagt seg. Så kom eg på at klokka nærma seg 2000, og at eg hadde tre Pepsi som måtte hentast på Spar. Så kvifor ikkje prøve den nye???
Fekk etter litt om og men i litt luft, og kasta meg på som den reine Sven Nys (Belgisk crosstjerne).

Altså..... etter tre meter kjende eg at dette var ein god sykkel. Cannondale kan lage gode syklar til ein rimeleg penge, i motsetnad til mange europeiske sykkelmerker som lagar fantastiske gode, men dyre syklar. Men når europearane skal lage billige syklar, så er det skrammel.
(Kva er billig sykkel? Alt under 20 000,- er akseptabelt. Hvis du kjøper dyrare syklar, så har du anten god råd, eller er litt dum).
OK, tilbake til saken. Crossen var som ei seng å sitte på. Fantastisk behagleg. Den passa perfekt.
Shimano 105 er godt nok for min del. Girsystemet er annleis på ein cross enn ein racer, men eg vil nå prøve det før eg evt. byttar krankhjul. Det er påmontert 46/36 framme og 11-28 bak. Det er også anna bremsesystem, og ramma er noko sterkare, men sykkelen er faktisk litt lettare enn den gamle racaren.
Dekka er crossdekk. 35 mm, dvs. litt grovare enn vanlege treningsdekk på racaren, og med litt knastemønster. Med desse dekka skal eg klare å sykle inn på Navarsete. Iallfall nesten.

















Mrk forøvrig plasseringa av dekklogoen, den var der den skulle være, dvs. rett over ventilen.
Det var forresten ventilhette på bakhjulet, men den vart kasta rimeleg kjapt, fysj.







Sjølv om det berre vart ein liten snue, så merka eg iallfall at dette var noko heilt anna enn racersykkelen. ALT passa bedre. Må berre få montere på litt lys, samt kjøpe ein bakskjerm og ei lita utstyrsveske.


Så nå får vi berre håpe på brukbart vær framover. Nå som syklane er klargjorde så kjem det vel snø i morgon den dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar